Transcript
Page 1: Medium og kommunikasjon Mo og Jølster

Medium og kommunikasjon på Mo og Jølser vgs.

– Ein skule for utvikling og skaparglede!

Hefte om vidaregåande opplæring for deg som vil vite

meir om ei framtid innanfor mediebransjen.mojo.vgs.no

Page 2: Medium og kommunikasjon Mo og Jølster

Dersom du er usikker på om ei mediekarriere er noko for deg før du tek til på Medium og kommunkasjon, så vil du vite det når du er ferdig – og med generell studiekompetanse, kan du halde fram med dei studiane du måtte ønskje.

Etter to eller tre år har du ei unik innsikt i fleire yrke innan media og ein verdifull allsidig kompetanse – noko som gjer deg verdifull på arbeidsmarknaden. Du vil og vere i stand til å lage spennande medie-produkt for deg sjølv og andre.

Du kan bli journalist eller fotograf, grafisk designar eller filmskapar –

moglegheitene er mange, og fleire av våre tidlegare elevar er i dag i lære eller utdanna til spennande yrke innan media. Noko som du vil få vite meir om i denne brosjyra.

Moglegheitene er mange, men vi håpar å sjå deg hos oss til hausten! Uansett kva du enn vil bli, så er det relevant å ha kunnskap om medieverda vi lever i.

HAR DU LYST: SØK! Fleire søkjarar kan føre til fleire skuleplassar – kanskje til nettopp deg!

mvh;) oss på Mo & Jølster vgs.

Ei framtid innan media?For mange er medielinja på Mo og Jølster vgs. det første steget ut i ei stor medieverd, med mange spennande moglegheiter til jobb eller studieplass.

Page 3: Medium og kommunikasjon Mo og Jølster

>>> På dei neste sidene kan du lese om nokre fagområde du lærer om på medielinja på Mo og Jølster vgs. Du kan også lese om unge talent som idag jobbar i bransjen – og deira tips til unge mediestudentar. >>>

– Kva kan eg bli etter to eller tre år med mediefag?

Kva må eg kunne?Du treng ikkje å kunne spesielt mykje om media eller medieproduksjon. Det viktigaste er at du likar utfordringar og har lyst til å lære og utvikle dine kreative evner.

Du bør kunne kommunisere med andre både skriftleg og munnleg, og du kan godt vere interessert i IKT og digital teknologi.

Gode samarbeidsevner, fleksibilitet og evne til kritisk tenking og analyse er òg viktig.

Du får fullverdig opplæring i alle program og alt utstyr som du vil nytte til produksjon og oppgåver. Litt grunnleggande kunnskap kjem godt med, men er ikkje naudsynt.

Lærling eller student?Tre år på medium og kommunikasjon kvalifiserer for opptak på høgskular og universitet (generell studiekompetanse). Men du kan også velje å ta fag-utdanning. Etter fullført VG1 og VG2, kan du gå i lære som fotograf eller mediegrafikar (avis eller trykkeri) og avslutte med fagbrev.

Felles programfagMedium og kommunikasjon inneheld tre programfag: Mediekommunikasjon, Mediedesign og medieuttrykk og Medieproduksjon. I tillegg er det også eit eige fag innan Prosjekt til fordjuping der eleven arbeider med eigne prosjekt – eller oppgåver, som fører til høgare kompetanse innanfor ulike fagområde.

Ei framtid innan media?

Page 4: Medium og kommunikasjon Mo og Jølster

En webutviklar jobbar med å designe og utvikle nettsidar, program, databasar – og i nyare tid applikasjonar for mobiltelefon og nettbrett.

Ein jobbar mykje på data, men også med planlegging i meir tradisjonelle medie. Webut-vikling kan vere ein variert kvardag med nye og forskjellige oppdrag heile tida. Som web-

utviklar jobbar du med å finne betre løysningar og nye måtar å optimalisere produkt for deg sjølv og kundane dine. Det er mykje teknologisk arbeid.

Etter tre år på medielinja på Mo og Jølster vgs. kan ein m.a. gå vidare på høgskule. Dersom ein vil raskare ut i arbeidslivet kan ein etter to år på medielinja, gå ut i lære hos eit firma, og få mykje praktisk erfaring.

Mange bedrifter samarbeider internasjonalt, og det er derfor mogeleg å jobbe i utlandet.

Eigenskapar det er lurt å ha:• Samarbeidsvilje • Kreativitet • Teknisk• Vere interessert i teknologi • Oppfinnsam

Webutviklar

ELEVARBEID: Caroline, 2mk 2011

Page 5: Medium og kommunikasjon Mo og Jølster

Kva er bra med yrket ditt?– Eg likar å jobbe med ny teknologi, innovative prosjekt og spennande kundar. Det er veldig variert frå prosjekt til prosjekt, så ein må vere litt frampå når det gjeld ny teknologi og idéar. Vi jobbar ofte tett med andre folk, både kundar og kollegaer.

Korleis er ein vanleg arbeids-dag for deg?– Begynnelsen av dagen er som regel litt prega av møter og e-post-oppfølging av kunder og prosjekter. Ellers så er det vel-dig prosjektavhengig. Det kan være alt fra å skrive spesifikasjoner, kontrakter og tilbud til å lage konsept og komme opp med nye ideér til løysinger for kundene

våre. Når vi er midt i eit pros-jekt, så blir det for min del ofte en del teknisk utvikling, og møter sammen med kunder.

Kva råd har du til unge som vil satse på ei framtid innan webutvikling?– Ta vare på alt du produserer på skule og fritid. Lag egne prosjekt som ikkje nødeven-digvis er til ein kunde eller

skuleoppgave. Husk at det du produserer – arbeidet som du kan vise til – skal sikre deg jobb i framtida!

Vil du vite meir om MottiMotti: mottimotti.com

Ørjan Bruland

I BRANSJEN: Etter å vere ferdig med vidaregåande og høgskule, er Ørjan Bruland no tilsett i MottiMotti. Det er eit lite firma som driv med blant anna webutvikling.

WEBUTVIKLAR

Page 6: Medium og kommunikasjon Mo og Jølster

Kva er bra med yrket ditt?– Ein får utrykke seg kreativt på ein visuell måte. Arbeids-dagen er veldig variert. Ein er med å skape spennande forteljingar gjennom film- mediumet, med ny og spen-nande teknologi. Dette gjer kvardagen morosam og inspirerande. Ein blir alltid kjend med nye menneske i jobben, og ein knyter fort kontaktar i det kreative miljøet.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag?– Min dag består stort sett av arbeid med bilete. Eg er ein del ute på opptak, jobbar med lys og bildekomponering og har av og til rolle som regissør. Eg jobbar også mykje med etterarbeid av

film: Klipp, fargebehandling og spesialeffektar. Det er alltid kjekt å gå nye vegar for å få gode resultat, og eg ser ulike typar filmar på nettet for å få inspirasjon.

Kva råd har du til framtidige filmfotografar?– LAG FILM! Kom dykk ut og lag kva som helst, skriv en-kle manus og skap så mykje

film som mogleg. Det kan vere noko så enkelt som ei historie om lille Klaus som skal gå til butikken for å kjøpe bananer, men sklir på eit bananskal. Så lenge de får øvd på visuell historiefortelling, visu-ell komponering – og gjort dykk kjend med det tekniske utstyret ein brukar for å lage film, er de langt på veg.

Stig Indrebø

I BRANSJEN: Etter å ha fullført 3. klasse på vidaregåande hos oss byrja Stig Indrebø på Folkehøgskule. Deretter vart han praktikant som filmfotograf hos eit selskap i Oslo.

FILMFOTOGRAF

Page 7: Medium og kommunikasjon Mo og Jølster

Å vere ein filmfotograf vil sei at ein har ansvaret for kameraet. Ein er bokstavleg talt mannen eller dama bak kameraet. Medan regissøren har tenkt ut korleis ei scene skal sjå ut, er det filmfotografen som har ansvar for at scena skal bli slik på film. Ein må ha visuell kunnskap for at bodskapen skal komme fram.

Dersom du går Medium og Kommunikasjon på vgs., får du eit godt grunnlag for å bli filmfoto-graf. Etter vidaregåande finns det mange ulike vegar for vidare utdanning. Mange institutt, høgskular og folkehøgskular rundt om i landet, og i utlandet tilbyr filmutdanning, mellom andre Norges Kreative Fagskole og Universitetet i Bergen eller Oslo.

Det er i dag mange norske filmskaparar, og TV-stasjonane er alltid på jakt etter kommande talent. Det viktigaste for å få jobb er stort sett ferdigheitane dine, men det er òg lurt å skaffe seg kontaktar i bransjen. Utplassering i VG2 er ein moglegheit for å skaffe seg eit framtidig kontaktnett innanfor filmmiljøet i Norge.

Eigenskapar det er lurt å ha:• Kreativitet • Visuell kunnskap• Samarbeidsvilje • «Stå på»-vilje

Filmfotograf

FILMOPPDRAG: Elevar kan fordjupe seg i filmfaget med tverrfaglege filmprosjekt, eller eigne prosjekt.

Page 8: Medium og kommunikasjon Mo og Jølster

En grafisk designar jobbar med å utforme og designe bodskap i form av tekst og bilete. Vanlege arbeids-oppgåver er å utforme plakatar, magasin, bøker og aviser – eller designe logoar til ulike firma. Ein får bruke dei kreative eigenskapane sine til å skape spennande produkt i kvardagen.

Om ein vil ta høgare utdanning innanfor grafisk design, finns det mange skular som har dei rette faga for det. Nokre eksempel er Norges Kreative Fagskole med skule i Bergen, Trondheim, Stavanger og Oslo. Av andre tilbod finst til dømes Westerdals i Oslo.

Som grafisk designar jobbar ein i reklame og kommunikasjonsbyrå, i avis/magasin- eller TV-redaksjon.

Nokre jobbar også freelance og får oppdrag frå ulike oppdragsgivere utan å jobbe fast for ei bedrift.

Eigenskapar det er lurt å ha:• Kreativitet og fantasi • Estetisk sans • God farge- og form sans • Auge for detaljar

DESIGNUNDERVISNING: Det å la elevane få utfordre sin eigen kreativitet og skaparglede, er ein viktig del av vår mediesatsing.

KALENDER 2012

ELEVARBEID: Caroline, 1mk 2011

ELEVARBEID: Mariell, 1mk 2010

Grafisk designar

Page 9: Medium og kommunikasjon Mo og Jølster

Kva er bra med yrket ditt?Det som er bra er at det er variert og morosamt. Ein dag kan du jobbe med annonse til avis eller til ei nettside, ein an-nan dag må ein reinteikne ein logo eller lage ein illustrasjon. Her eg jobbar lagar vi mykje aviser og magasin, og vi utfor-mar annonsar. «Akkurat no» held eg på med ein animert Flash-annonse til firda.no. Det er ganske fritt, ein får styre på med pros-jekta sjølv. Ein må like design og kunne det. Det er kjekt at ein ofte har friheit til å gjere det ein sjølv vil.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag?Ein set seg ned og ser om ein har fått mailar og svarar på dei, og held fram

der ein slapp. Av og til har ein møte med kundar for å disku-tere kva ein skal gjere. Om eg har hatt kontakt med kundane før, kontaktar dei meg direkte.

Kva råd har du til framtidige grafiske designerar?Følg med på designbloggar på nett og kva som skjer. Korleis trendar bevegar seg, i alt i frå form til fargar. Det er lurt å

rett og slett leike seg litt i Photoshop og Illustrator. Det er nyttig å lære seg å bruke dei mange verktøya ein treng i dei ulike programma for å jobbe med tekst, bilete og illustrasjonar.

Meir info: www.inform-media.no

Rune Steinsland

I BRANSJEN: Rune Steinsland var ein av dei fyrste som gjekk medium og kommunikasjon ved Mo og Jølster vgs. No job-bar han som grafisk designar hos Inform Media i Førde.

DESIGNAR

Page 10: Medium og kommunikasjon Mo og Jølster

Kva er bra med yrket ditt?Å jobbe i radio er utruleg spennande. Ingen dagar er like og der er uendelege med moglegheiter for kva ein kan finne på. Radiomediet er også ekstremt umiddelbart.

Korleis er ein vanleg arbeids-dag for deg?Eg står opp i fem-tida, og møter på jobb rundt klokka seks. «P3morgen» startar sendinga halv sju, og går heile vegen fram til klokka ti. Når dagens sending er unnagjort, startar arbeidet med å planlegge neste dags sending. Det første eg deltek på er redaksjonsmøte med evaluering og planlegging, deretter vidare arbeid på

kontoret. Arbeidsdagen min sluttar rundt klokka halv to.

Har du råd eller tips til unge som vurderar å utdanne seg til det same som deg?Få erfaring! Massevis av radio-erfaring. Oppsøk lokalradio og studentradio. Jobb med mediet. Det er slik ein blir god, meiner eg.

NB! Etter at vi snakka med Ronny vart han kåra til «ÅRETS RADIONAMN 2011», noko vi på Mo og Jølster er veldig stolte over.

Meir om radiosendinga «P3-morgen»: p3.no/p3morgen/

Ronny «P3-Ronny» Aase

I BRANSJEN: Ronny Aase var fast bestemt på å jobbe i P3 i framtida då han byrja på medium og kommunikasjon ved Mo og Jølster vgs. Draumen vart verkeleg, og han er no ein av radiovertane i P3morgen.

RADIOVERT

Page 11: Medium og kommunikasjon Mo og Jølster

Om lag alle program som går på radio har ein vert. Verten er den som leier programmet og som har ansvaret for noko av teknologien som blir brukt når ein lagar radio.

Radioverten er den som intervjuar gjestene og som presenterar reportasjane som blir sendt. Gjennom jobben vil ein møte mange nye mennesker, og det er eit sosialt arbeid. Ved å gå medielinja på Mo og Jølster vgs. vil ein få eit godt grunnlag til å jobbe med radio seinare. Vi tilbyr arbeid i lydstudio og elevane får lage sine eigne radioreportasjar med profesjonelt utstyr.

Stader ein kan finne jobb når den tid kjem, er i radio- kanalane som finns i Norge. NRK, Radio Norge og P4 er nokre dømer som kan vere mogelege arbeidsgjevarar.

Nokre av våre elevar har vore utplassert i P4 og i lydstudio for musikk- og lydproduksjon.

Eigenskapar det er lurt å ha:• Kunne ta ting på sparket • Pratsom• God radiostemme • Utadvendt • Presis

Radiovert

RADIOUNDERVISNING: Medieelev held radio-sending på Mo og Jølster vgs.

Page 12: Medium og kommunikasjon Mo og Jølster

Kvifor Mo og Jølster?– Ein

skule for

utvikling

og skapar-

glede!

• Mo og Jølster har hatt medielinje i fleire år og vi har opparbeid solid kompetanse på området.

• Lærarane våre har brei kompetanse innanfor mediefagområda Mediedesign, Medieproduksjon og Mediekommunikasjon. Område som foto, journalistikk, design, film og grafisk produksjon står sterkt – noko som elevane dreg nytte av når dei skal velje fordjupningsfag.

• Skulen har eit god samarbeid med lokale medieaktørar som NRK, Firda og Inform Media, m. fl. Elevane får eit nært møte med mediefylket vårt gjennom m.a. stuideturar.

• Vi har eit stabilt skulemiljøet som er «akkurat passe stort» til at trivsel og fagleg utvikling går hand i hand.

• Mo og Jølster vgs. er opptatt av at elevane skal få oppleve fagleg utvikling utanfor skulen. Kvart år arrangerer vi studieturar til mediebedrifter der elevane får møte fram-tidige arbeidsplassar i Bergen, Oslo, m.m.

• På VG2 kan elevane danne ungdomsbedrift og få praktisk erfaring, under veiledning av lærar med yrkesbakgrunn. Skulen har hatt fleire premierte ungdomsbedrifter.

Infohefte om programfaget Medium og kommunikasjon v/Mo og Jølster vgs.

DESIGN/PRODUKSJON: Medium og kommunikasjon på Mo og Jølster vgs.

TEKST: Andrea K. Natland Ingrid B. Hage

FOTO: Marte Aleksandra Djupvik Torbjørn Frøysland Espen B. Nyttingnes Ingrid B. Hage Andrea K. Natland Asbjørn Lote


Recommended