Upload
marion-federl
View
475
Download
3
Embed Size (px)
DESCRIPTION
PPT om navigasjon og ressursar på norsksidene til NDLA (ndla.no)
Citation preview
NDLA norsk
Fylkessamling Oppland - Lillehammer, 14. mars 2011Marion Federl, fagredaktør norsk, NDLA
Program
12.00 – 13.30 Korleis finn du fram på NDLA-sidene?Kva for norskressursar finst på NDLA?
13.30 – 13.45 Pause med kaffi og kake
13.45 – 15.00 Nokre større enkeltressursarKorleis bruke NDLA som tilleggsressurs?Forslag til emne der NDLA norsk kan vere hovudressurs
Slik finn du fram på ndla.no
NDLA-framsida
Vel målform: Nb = bokmål, Nn = nynorsk
(En = engelsk; berre aktuelt for engelsksidene)
1. Tilpass til brei eller smal skjerm2. Hent fram eller skjul venstremeny
Innlogging
Mogleg, ikkje nødvendig
Fordelar:KommentarfunksjonTilgang til DelingsArena
Arkiv
Tidlegare versjonar av NDLA
Når eit skoleår er over, blir årets versjon av fagsidene lagd i arkivet.
Arkiv-versjonane blir ikkje oppdaterte.
Arkivet er tilgjengeleg for alle.
Du møter alltid den nyaste versjonen når du går inn på NDLA gjennom den vanlege fagmenyen.
Du kan gå rett på søkjefunksjonen om du vil, og skrive inn eit søkjeord.
Søkjefunksjonen finn du på alle NDLA-sidene.
Du kan derfor godt gå til eit fag først og sidan gjere eit søk derfrå om du har behov for det.
Nyttig informasjon nedst på framsida:
Kontakt NDLADu kan kontakte NDLA (ansvarleg redaktør, webredaktør, teknisk ansvarlege, fagredaktørar) enkelt og direkte ved å sende e-post. Vi garanterer raskt svar!
HjelpHer finn du korte interaktive brukarrettleiingar (om navigasjon, struktur, opplesing, lyd, nettlesarar osv.
Om NDLAInformasjon om kva som skjer i NDLA; for den nyfikne: dagens brukarstatistikk.
ArkivTilgang til alle tidlegare (års)versjonane av faga
ndla.no > Fag > Fellesfag > Norsk
NDLA på Twitter
Alle redaktørar ”kvitrar” om nyheiter på sidene.
Norsk: to ”tweets” per veke, med lenkje direkte til den aktuelle sida
Har du ikkje Twitter-konto, kan du alltid sjå dei tre nyaste meldingane på fagframsida.
Du kan òg klikke på ndla_norsk, da får du opp alle Twitter-meldingane redaktøren har sendt ut, med mange gode tips om fagressursar.
Klikkar du på ”Norsk”, kjem du alltid tilbake til fagforsida for norsk.
Her finn du lærestoffet inndelt i kapittel, med fagstoff, lyd, video og med oppgåver
I løpet av hausten 2011 legg vi også temaopplegga som no finst under ”Tema” inn her, slik at alle faglege opplegga blir samla under éi fane.
Her finn du alle nettsidene våre i alfabetisk rekkjefølgje. Du kan sortere dei etter ressurstype, for eksempel videoar, lyd, fagstoff osv.
Her finn du mykje du og elevane dine kan ha glede av!
Her finn nokre tematiske arbeidsopplegg. Her ligg dessutan det gamle ressursarkivet vårt.
Hausten 2011 fjernar vi ”Tema” frå norsksidene. Temaopplegga finn du da i ”Meny” som eigne kapittel.
”Ressursar” fungerer som arkiv.
Vel du denne fana, kan søkje på ressursar som er merkte med eit bestemt kompetansemål i læreplanen.
Alle NDLA-ressursane er merkte med aktuelle kompetansemål.
To digitale verktøySamskrive (fleire kan skrive i same dokument)Annotate (digitale ”gule lappar”)
DelingsArena
Nytt verktøy som kjem sommaren 2011:Skrivomaten (ei skrivehjelp for den som skal skrive strukturerte saktekstar i tråd med ”Flyums femavsnittsmetode”)
Relasjonsfeltet ytst til høgre på sidakan utvidast og skjulast etter behov.
Det er berre å klikke på titlane.
Også innhaldet under ”Fag” og ”Meny” kan anten liggje synleg eller vere skjult.
Vel du utvida skjermbilete, vil menyen alltid vere synleg så lenge du jobbar i ”Meny”.
Norsknettstaden er lagd opp som eitt gjennomgåande fag.
Ein kan skilje ut ressursane som er berekna på eitt bestemt årssteg.
Førebels er ikkje systemet heilt gjennomført, men avgrensinga vil vere klarare når alle tre årsstega er komplette.
Mange av ressursane vil komme til nytte gjennom alle tre åra.
Sist, men ikkje minst:
Oppgåver finn du i relasjonsfeltet under ”Oppgåver” …
… eller i venstremenyen i slutten av kvart kapittel. Og av og til begge stader!
Hausten 2011 begynner vi med ein gjennomgang av ressursane. Målet er at oppgåvene skal finnast i relasjonsfeltet til fagsida dei høyrer saman med. I tillegg skal dei liggje samla i slutten av kapitlet.
Da er det berre å gå i gang!
Tre større enkeltressursar
1.Galleri K&K
2.Lyrikktidslinja
3.Språk- og litteraturhistorisk tidslinje
NDLA som tilleggsressurs
Varierte ressursar til dei fleste kompetansemåla!
Lett å lenke opp mot enkeltsider på NDLA
Tema: modernisme3 korte introduksjonsvideoar
Fordjuping
Enkle periodeomtalar, kommenterte eksempel
Grundigare periodeomtalar og forfattarportrett
Elevtekst (svar på eksamensoppgåve)
Interaktive oppgåver
Skriving av fagtekstar
Kommentert elevtekst
Fagstoff om sjangeren
Eksempeltekstar
Oppgåver
NDLA som hovudressurs:
tre forslag
Vg1: Tekstanalyse
Vg2: Omsetjing
Vg3: Norsk talemål i dag
Eg håper du fann noko du kan ha lysttil å prøve ut. Takk for meg!