27
1 Arnt Øyvind Siem Gjerdsetbygda 6320 Isfjorden SEMESTEROPPGÅVE I NORSK (NORDISK) FORDJUPINGSSTUDIUM PÅ NETT VED HØGSKULEN I VOLDA NRK Nynorsk mediesenter Bakgrunn og erfaringar INNLEIING, METODE OG PROBLEMSTILLING: For ei tid tilbake kom eg over eit kortfatta informasjonshefte frå NRK Nynorsk mediesenter (NRK-NM) i Førde. Dette gjorde meg nysgjerrig. Visjonen til senteret er STOLT NYNORSK, og ei viktig målsetting er at senteret ”skal medverke til at nynorskfolk vert stolte og glade i språket sitt”. Visjonen om stolt nynorsk blir underbygd slik i informasjonsheftet til NRK-NM: Gode nynorskbrukarar i radio, fjernsyn og på Internett gjer oss stolte av språket vårt og røtene våre. Vi skal ale opp fleire gode nynorskbrukande føredøme i etermedia. Det finst ikkje meir eigna kanalar for spreiing av nynorsk identitet og språkleg godtaking enn radio og fjernsyn. NRK Nynorsk mediesenter skal òg medverke til at nynorskbrukarar flest blir trygge nok til å bruke språket sitt. På den måten vil vi auke det språklege og kulturelle mangfaldet i medie- og samfunnsdebatten.

NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Av Arnt Øyvind Siem. Semesteroppgåve i norsk (nordisk) fordjupingsstudium på nett ved Høgskulen i Volda.

Citation preview

Page 1: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

1

Arnt Øyvind Siem Gjerdsetbygda 6320 Isfjorden

SEMESTEROPPGÅVE I NORSK (NORDISK) FORDJUPINGSSTUDIUM PÅ NETT VED HØGSKULEN I VOLDA

NRK Nynorsk mediesenter Bakgrunn og erfaringar

INNLEIING, METODE OG PROBLEMSTILLING:

For ei tid tilbake kom eg over eit kortfatta informasjonshefte frå NRK Nynorsk mediesenter

(NRK-NM) i Førde. Dette gjorde meg nysgjerrig. Visjonen til senteret er STOLT NYNORSK, og ei viktig

målsetting er at senteret ”skal medverke til at nynorskfolk vert stolte og glade i språket sitt”.

Visjonen om stolt nynorsk blir underbygd slik i informasjonsheftet til NRK-NM:

Gode nynorskbrukarar i radio, fjernsyn og på Internett gjer oss stolte av språket vårt og

røtene våre.

Vi skal ale opp fleire gode nynorskbrukande føredøme i etermedia. Det finst ikkje meir eigna

kanalar for spreiing av nynorsk identitet og språkleg godtaking enn radio og fjernsyn.

NRK Nynorsk mediesenter skal òg medverke til at nynorskbrukarar flest blir trygge nok til å

bruke språket sitt. På den måten vil vi auke det språklege og kulturelle mangfaldet i medie-

og samfunnsdebatten.

Page 2: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

2

I informasjonsheftet står også dette:

Dyktig, frodig, framfus.

Dette er verdiane NRK Nynorsk mediesenter byggjer på. Dei skal prege både dei som arbeider her, og

dei som får opplæringa si ved senteret. Nynorsk er meir enn eit språk; det er ein identitet, ein kultur

og ei historie. Ein trygg språkleg og kulturell ståstad er viktig for å vere open for nye impulsar og for

å ta sjølvstendige val.

Dette gjorde meg endå meir nysgjerrig.

Og på nettsida til NRK Nynorsk mediesenter kunne eg lese at sidan dåverande kulturminister

Valgerd Svarstad Haugland opna senteret 2. september 2004, har nærare 100 praktikantar

gjennomført det som dagleg leiar ved NRK-NM, Magni Øvrebotten, kallar ein seks månader lang

hestekur i nynorsk og journalistikk.

Svein Ove Hansli var ein av fem praktikantar i det aller første kullet ved NRK Nynorsk mediesenter

hausten 2004. – Eg drog frå Førde som ein stolt og rakrygga nynorskbrukar, er Hansli sitert med i det

omtalte informasjonsheftet frå NRK-NM, og han formidla det same synet i intervjuet eg gjorde med

han i samband med semesteroppgåva. Hansli er i dag fast tilsett vaktsjef ved redaksjonen i NRK

Dagsrevyen.

Som nemnt, dette emnet ville eg gjerne vite meir om: Kva var motivet og bakgrunnen for

etableringa av NRK Nynorsk mediesenter? Kvifor kom dette initiativet i gang, og kven stod bak

arbeidet i startfasen? Kor mykje var etableringa av senteret språkleg motivert for å styrke

nynorsken, og kor mykje var journalistisk eller mediepolitisk motivert?

Ein annan viktig del i arbeidet med denne oppgåva har vore erfaringane ulike NRK-redaksjonar har

med NRK-NM og praktikantane derifrå, og ikkje minst kvar det har vorte av praktikantane etter endt

praksisperiode. Har senteret lukkast i målsettinga si om å bidra til å «utdanne» dyktige

nynorskjournalistar og spreie dei ut i NRK og andre redaksjonar rundt om i landet?

Page 3: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

3

Eg har i stor grad nytta meg av intervju som metode i arbeidet med denne semesteroppgåva. I

tillegg har eg brukt fagbøker og artiklar frå pensum som grunnlag og bakgrunnsstoff, og artiklar,

utgreiingar og rapportar som er utarbeidd og nytta i forarbeidet med etableringa av NRK Nynorsk

mediesenter. Eg har også brukt informasjonsbrosjyrar, statusrapportar og nettartiklar som

omhandlar NRK-NM, dette også i innhentinga av opplysningar om praktikantane.

I informasjonen om kvar dei 100 praktikantane frå NRK Nynorsk mediesenter kjem ifrå geografisk

(fylkesvis) og kvar dei arbeider i dag, har eg først og fremst fått god hjelp frå leiinga ved NRK-NM, i

tillegg til at eg sjølv har intervjua ein del av praktikantane i arbeidet med oppgåva.

BAKGRUNN OG HISTORIKK

Det er mange personar som har vore både sentrale og avgjerande i arbeidet som til slutt førte fram

til etableringa av NRK Nynorsk mediesenter i 2004. Men den personen som peikar seg mest ut, er

nok Magni Øvrebotten.

Øvrebotten starta sin journalistiske karriere i 1971, som 17 år gammal sommarvikar i nynorskavisa

Gula Tidend. Ho arbeidde seinare som journalist både i Bergens Arbeiderblad, Firda, Nationen og

Dølaposten, og ho tok journalistutdanninga si ved Norsk Journalisthøgskole frå 1976 til 1978. I 1980

byrja ho i NRK Sogn og Fjordane, der ho fem år seinare vart redaksjonssjef. I 1990 vart ho tilsett som

distriktssjef i Sogn og Fjordane, og ho var leiar ved distriktskontoret heilt fram til ho tok til som leiar

ved NRK Nynorsk mediesenter 14 år seinare, hausten 2004.

I festskriftet Med hjartet på rette staden i samband med 50-årsjubileet til Kringkastingsringen i 2005,

skriv Magni Øvrebotten:

NRK Sogn og Fjordane eksporterte vel 50 nynorskbrukande journalistar frå 1990 til 2000,

som drog vidare til andre riks- og lokalredaksjonar i NRK, TV2 og fleire aviser.

Distriktskontoret satsa medvite på nyhende og folk som snakka lokale dialektar og nynorsk.

Det vart eit kvalitetsstempel å ha vore ved kontoret i Førde, og det var rift om gode

nyhendejournalistar som brukte nynorsk. (Kringom 3/2005: 124)

Page 4: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

4

Å rekruttere dyktige nynorskjournalistar har vore ei utfordring heilt sidan oppstarten av Norsk

rikskringkasting i 1933. I dei fleste redaksjonar har det ikkje vore sett på som ein god karriereveg å

bruke nynorsk. Også i NRK vart det gjerne trekt fram at det ikkje var lett å få tak i nynorskbrukarar.

Mange meinte at tilfanget av dyktige folk var for lite.

Likevel hadde nynorskbruken i NRK auka jamt og trutt heilt sidan oppstarten i 1933 og utover mot

starten av 60-talet.

Rett før krigen hadde nynorsken mindre enn 10 prosent av sendetida i NRK. I midten av 50-

åra byrja prosenten å nærme seg 14-15, og i siste delen av 50-åra auka han vidare til 16-17,

skriv Ola Normann Nedrelid i Noregs Mållag si jubileumsbok i samband med laget sitt

75-årsjubileum (Målreising i 75 år. Oslo 1981: 458).

Saman med dyktige programmedarbeidarar var dei to nynorskbrukande kringkastingssjefane Olav

Midttun og Kaare Fostervoll sentrale personar i arbeidet med å styrke nynorskbruken i NRK i mest

heile perioden frå 1933 til 1962, med unnatak av krigsåra frå 1940 til 1945.

Pendelen byrjar å snu

Trass i ein del usemje om kvaliteten på språkstatistikken i NRK og kor påliteleg han var, vart det

likevel meir og meir tydeleg at nynorskbruken i Norsk rikskringkasting gjekk ganske kraftig tilbake

utover på 60-talet.

I 1960, same året som fjernsynet vart innført i Noreg, bad kyrkje- og undervisingsnemnda på

Stortinget om at NRK måtte ta tak i situasjonen for å få ei jamnare fordeling mellom dei to

målformene i sendingane sine.

I første halvdelen av 60-talet kom Kringkastingsringen, som vart oppretta i 1955 for å ”hjelpe

nynorsken til å få sitt rettkomne rom i Norsk rikskringskasting”, og Noregs Mållag med fleire målkrav

overfor NRK. Dette hang mellom anna saman med at bruken av nynorsk i kringkastinga hadde byrja

å gå kraftig tilbake etter at bokmålsmannen Hans Jacob Ustvedt tok over som kringkastingssjef i

1962.

Page 5: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

5

I ein artikkel i ei særutgåve av Norsk Tidend i 1963, kravde Magne Rommetveit i Kringkastingsringen

at NRK måtte tenkje nytt og leggje om måten institusjonen rekrutterte medarbeidarar på.

Rommetveit var ei sentral drivkraft i skipinga av Kringkastingsringen i 1955, og var sekretær i

organisasjonen fram til 1969.

Den 1. januar 1972 vart han tilsett som NRK sin første konsulent for nynorske programspørsmål,

dette omfatta også rekrutteringa av nynorskbrukande programfolk.

Etter at nynorskbruken i NRK byrja å gå kraftig nedover i første halvdelen av 60-talet, påpeikte

Kringkastingsringen og Rommetveit at hovudgrunnen til at NRK brukte lite nynorsk, var kort og godt

at det var for få tilsette som var nynorskbrukarar, og Rommetveit lanserte ein idé som har mange

likskapar med mediesenteret som vart starta opp i Førde litt over 40 år seinare:

For å bøte på dette kan NRK til dømes oppretta eit aspirantkurs, der folk kan få prøva seg.

For nynorskfolk er det vanskelegare å få foten innanfor i NRK, skreiv Rommetveit i artikkelen

i Norsk Tidend, der han også hevda at Kringkastingsringen hadde tipsa NRK om flinke

nynorskbrukarar, men at desse ikkje hadde vorte kalla inn (Kringom 3/2005: 34).

Det var altså ikkje berre mangel på flinke nynorskfolk som var problemet, men minst like mykje

viljen til å bruke dei, hevda Kringkastingsringen.

Register over flinke nynorskfolk

Frå 1965 førte Kringkastingsringen eit register over unge, flinke nynorskfolk som kunne tenkje seg å

arbeide i NRK, og opplysningar om ledige stillingar og vikariat vart formidla ut i dette nettverket.

Dette hadde ein viss positiv effekt, men framleis var det langt igjen for at nynorskbruken i NRK var i

samsvar med den faktiske måltilstanden her i landet, meinte Kringkastingsringen og stilte seg bak

kravet om klårare retningsliner for målbruk og rekruttering av nynorskfolk til NRK.

Page 6: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

6

I 1969 vedtok årsmøta både i Noregs Mållag og Kringkastingsringen fråsegner som vart oversendt til

kringkastingssjef Ustvedt der det vart vist til at nynorskprosenten i radioen hadde gått ned frå 16,5

prosent i 1962 til 10 prosent i 1969! Noregs Mållag meinte at nedgangen hang tett saman med

måten NRK rekrutterte medarbeidarane sine på, og haldningane bak dette arbeidet. Mållaget

utfordra NRK til å ta tak i dette mishøvet.

”Den viktigaste hendinga i målrørsla den siste mannsalderen”

I mai 1970 vedtok Stortinget det som filmregissøren, nynorskforkjemparen og samfunnsdebattanten

Olav Dalgard meinte var kanskje den aller viktigaste hendinga i målrørsla den siste mannsalderen.

I tilrådinga frå kyrkje- og undervisningsnemnda hadde Kringkastingsringen og målrørsla fått

gjennomslag for at NRK måtte få ei språkfordeling i samsvar med den faktiske språksituasjonen i

Noreg, altså ei meir rettferdig deling mellom nynorsk og bokmål i tekst og sendetid i NRK.

Fleirtalet i kyrkje- og undervisningsnemnda meinte at språkstatistikkane talte for seg, og dei slo fast

at nynorsken hadde for liten del av den samla sendetida i rikskringskastinga. Nemnda ville i

tilrådinga ha tiltak som skulle ”styrke nynorskens stilling både i radio og fjernsyn slik at nynorsk kan

få en sendetid som svarer til den stilling denne språkform har i samfunnet” (Målreising i 75 år, Oslo

1981: 460).

Minst 25 prosent av ordsendingane

Og dermed var det duka for eit endeleg gjennomslag for nynorsk i Norsk rikskringkasting, gjennom

eit formalisert og talfesta vedtak i Stortinget frå mai 1970: ”Hovedregelen må være å gi nynorsken

en plass som i det minste svarer til en fjerdedel av ordsendingene” (Målreising i 75 år, Oslo 1981:

460).

Vedtaket vart omfatta med stor interesse, ikkje minst i språkkrinsar og fagmiljø. I målrørsla vart det

stor jubel, og Olav Dalgard meinte som nemnt at dette kanskje var den aller viktigaste hendinga i

målrørsla ”den siste mannsalderen”.

Page 7: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

7

Forsiktig framgang på 70-talet

Etter at Magne Rommetveit i 1972 kom i gang med arbeidet som den første programkonsulenten

for nynorsk i NRK, vart det meir orden og system både i føringa av språkstatistikken i NRK og i

rekrutteringa av nynorskbrukande programfolk. Etter ein ganske kraftig nedgang i store delar av

60-talet, byrja nynorskprosenten i NRK å gå noko framover igjen på 70-talet.

25-prosentregelen tryggja stillinga til nynorsken innanfor NRK-systemet. Å sikra nynorsken i

allmennkringkastinga, var viktig for stillinga til nynorsken som eit jamstelt nasjonalspråk.

Nynorsken vart ikkje berre eit språk for dei som kom frå nynorskstrok, eit språk folk frå

bokmålsområde berre møtte i norskundervisninga på skulen. Nynorsken vart også eit språk

alle fekk møta i tidas mest populær medium, i tv- og radiosendingane, skriv leiaren i Norsk

Målungdom frå 2000 til 2002, Astrid Sverresdotter Dypvik, i Kringkastingsringens festskrift

Med hjartet på rette staden (Kringom 3/2005: 37).

Regelverk åleine er ikkje nok

25-prosentregelen i etermonopolet NRK sette den nasjonale medieinstitusjonen overfor nye krav,

målsettingar og vedtekter. Men ettertida har likevel vist at eit regelverk åleine ikkje er nok for å

sikra auka bruk av nynorsk. NRK har aldri klart å oppfylle prosentkravet sidan vedtaket i mai 1970.

NRK sette i gang ei større utbygging av distriktskontora og distriktssendingane på 70-talet. Og

bruken av normert nynorsk i NRK var på sitt aller høgaste på denne tida, med ei ”bestenotering” på

18,5 prosent normert nynorsk i radioen i 1977, ifølgje Nynorsk faktabok 2005 (Grepstad 2005: Tabell

15.1).

Dialektaksjonar og meir dialekt i NRK

Snakk dialekt – skriv nynorsk var eit slagord som gjekk igjen i nesten alle dialektaksjonane utover på

70-talet, der kampen for norsk talemål stod sentralt i heile målrørsla. Dette fekk gradvis også

innverknad på Norsk rikskringkasting.

Page 8: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

8

Dialektane har teke over meir av sendetida i radio og fjernsyn dei siste par tiåra. Det er her

dialektaksjonane frå 1970-åra kanskje har sett dei djupaste spora. Den posisjonen nynorsk

hadde fått som nyheitsspråk i NRK, rydda veg for liknande redaksjonell profil i både TV2 og

TV Norge, trass i utsegner frå riksaviser om at nynorsk høver dårleg som tabloid

nyheitsspråk. Men NRK har no vesentleg færre nynorskbrukande medarbeidarar enn på

slutten av 1980-talet, skreiv Ottar Grepstad i Nynorsk faktabok i 2005 (Grepstad 2005: 557).

I 1988 hadde NRK 116 nynorskbrukande programmedarbeidarar. På distriktskontora utgjorde dette

19 prosent av alle redaksjonelt tilsette, i riksredaksjonane var fordelinga nesten den same. I 2003

var dette talet stabilt på distriktskontora; 19 prosent av alle tilsette brukte nynorsk. Men i

riksredaksjonane utgjorde nynorskbrukarane berre 10 prosent av dei tilsette i 2003.

Negativt tal i sentralredaksjonane

I 2003 arbeidde godt og vel 430 personar i redaksjonane på distriktskontora i NRK. I

riksredaksjonane arbeidde det over 870 personar i 2003. Og den språklege delinga var slik at over

halvparten av nynorskbrukarane i NRK arbeidde på distriktskontora.

Det var i sentralredaksjonane dei negative tala skjulte seg. For sjølv om det samla talet på

nynorskbrukarar i NRK hadde auka med 35 prosent frå 1988 til 2003, frå 65 til 88, har talet på

bokmålsbrukarar i sentralredaksjonane vorte meir enn dobla i det same tidsrommet. Ottar Grepstad

meinte dette viste at NRK i 2003 var på veg tilbake til der institusjonen var før utbygginga av

distriktskontora på 1970-talet.

Samstundes stod bruken av nynorsk i NRK generelt i fare for å bli innsnevra til nyheiter og

det regionale. Heile ni av 33 redaksjonseiningar var fri for nynorsk. Særleg kritisk var det i

barne- og ungdomsredaksjonane, og i underhaldningsavdelinga (Grepstad 2005: 560).

Frustrasjon, draum og oppstart

Det språkhistoriske bakteppet var også mykje av bakgrunnen og inspirasjonen for ei gruppe NRK-folk

i Førde, midt i nynorskens kjerneområde. Utover på 90-talet følte dei meir og meir på frustrasjonen.

Page 9: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

9

At noko måtte skje. Og dei visste at ingenting gjer seg sjølv. Seinhausten 2001 vart draumen lansert

som idé: eit nynorsk kompetansesenter ved NRK i Førde.

Mannen bak ideen var avtroppande redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane, Arve Sandal.

Eg er veldig glad i nynorsken og kanskje minst like glad i NRK Sogn og Fjordane, desse to

tinga heng vel naturleg i hop. Nynorsken er meir enn eit språk, det er historie og identitet

også. Me som har identiteten vår i distrikta har mykje å slåss for, og nynorsken blir ein del av

motmakta, det kjennest både rett og naturleg å gå på barrikadane for nynorsken, seier Arve

Sandal, som slutta som redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane i 2001 etter åtte-ni år i

stillinga.

På den tida var det mange omstillingsdiskusjonar i NRK, og dei små distriktskontora var heile

tida under press. Me såg utover på 90-talet kva som kunne skje, og visste at me heile tida

måtte fornye oss, utvikle oss til noko meir.

Distriktskontoret i Førde fekk ord på seg for å vere dyktige på nyhende, samtidig som

journalistane som kom derifrå var skarpe og stødige i nynorsk. Me utvikla vel nærmast ein

mal på korleis våre folk skulle bli dyktige både språkleg og journalistisk, fortel Arve Sandal.

NRK Sogn og Fjordane vart stadig dyktigare innanfor dei felta kontoret hadde sine sterkaste fortrinn.

NRK i Førde fekk også ord på seg for å vere dyktig til å velje ut dei rette folka, dei med rett bakgrunn

og naudsynte kvalitetar for nynorsk journalistikk i etermedia.

For kvar ein som reiste, starta rekrutteringa og opplæringa av nye talent, ofte frå grunnen av.

Det var eit slit, for den faste kjernen av tilsette måtte i tillegg til å vere journalistar i radio,

fjernsyn og internett, også vere lærarar for nye kollegaer. Enkelte i NRK kalla det Førde-

skulen, skreiv Magni Øvrebotten i 2005 i Kringkastingsringens festskrift Med hjartet på rette

staden (Kringom 3/2005: 124).

Page 10: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

10

Allereie på 90-talet hadde NRK Sogn og Fjordane tatt fleire initiativ for å styrke opplæringa av

nynorske journalistar, og for at Førde-kontoret kunne ha eit utvida ansvar for opplæring av

nynorskpraktikantar. Også overfor medieutdanninga ved Høgskulen i Volda vart det tatt initiativ om

eit samarbeid rundt dette.

Då me tok kontakt med medielina ved Høgskulen i Volda med spørsmål om hjelp til å

rekruttere nynorskbrukande journalistar, fekk me som svar at dei ikkje ville profilere seg på

fisk og nynorsk. Då skjønte me at me måtte gjere denne jobben sjølve i Førde, seier Magni

Øvrebotten.

NRK hadde tidlegare oppretta ei ordning med praktikantkurs for nynorskjournalistar. Ordninga låg til

hovudkontoret på Marienlyst i Oslo, men vart lagt ned på midten av 1980-talet.

I 1992 la leiinga ved NRK-kontoret i Førde fram eit forslag om å opprette to nynorskpraktikantar ved

NRK Sogn og Fjordane, men dåverande kringkastingssjef Einar Førde var redd for at dette kunne bli

tolka slik at alt skulle leggast til Førde. Dette mellom anna med bakgrunn i at NRK Sogn og Fjordane

og NRK Hordaland nett hadde vorte prøvekontor for nysatsinga med distriktsfjernsyn

(Vestlandsrevyen). Dermed vart praktikantstillingane i første omgang lagt til Ålesund.

Fleire bein å stå på

Dei små distriktskontora i NRK hadde mørke skyer hengande over seg. I avskilstalen sin på

seinhausten i 2001 lanserte redaksjonssjef Arve Sandal ideen om eit nynorsk kompetansekontor lagt

til distriktskontoret i Førde. Posisjonen var ledig, meinte Sandal.

Det var dette som var hovudmotivet bak ideen. Koplinga mellom nynorsk og nyhende var

berebjelken i dette, dette var det største fortrinnet og den tyngste kompetansen NRK Sogn

og Fjordane hadde. Det måtte plukkast ut ekstra dyktige folk som hadde bakgrunn i lokale

dialektar og nynorsk, folk som hadde talent til også å kunne bli dyktige nynorskbrukande

nyhendejournalistar, seier Sandal.

Page 11: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

11

Folkeopprør mot samanslåing

Så kom forslaget som mange hadde frykta. Dåverande distriktsdirektør Anne Aasheim i NRK ville at

distriktskontoret i Førde skulle leggjast inn under NRK Hordaland, med redaktør og administrasjon

lagt til Bergen.

Dette førte til eit stort folkeleg opprør i heile Sogn og Fjordane. Nær 12.000 personar

signerte på protestlistene mot samanslåinga. Politikarane i fylket engasjerte seg også sterkt,

og det vart starta ulike former for protestmarkeringar som fekk stor merksemd både i NRK

og andre riksmedia, fortel Magni Øvrebotten.

I tillegg vakna nynorskfolket. Dåverande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland fekk mange

innspel og gjorde seg godt kjend med saka. Sommaren 2002 vart ho for første gong presentert for

ideen om å etablere eit nynorsk kompetansesenter ved NRK Sogn og Fjordane i Førde.

Nei til distriktskontor, ja til nynorsk kompetansesenter

Den 26. august 2002 vedtok styret i NRK at sju distriktskontor skulle slåast saman til tre. Sogn og

Fjordane skulle underleggjast Bergen, men det skulle samtidig opprettast eit Nynorsk

kompetansesenter i Førde, ”som ivaretar de særlige oppgavene som Førde har i forhold til nynorsk

språk og kultur”.

Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland gjekk same dag inn og mellombels stoppa styrevedtaket i

NRK, og understreka at ho ville ha meir kunnskap om følgjene av samanslåinga av distriktskontora i

trøndelagsfylka og Hedmark/Oppland før ei eventuell samanslåing av Troms/Finnmark og

Hordaland/Sogn og Fjordane kunne skje.

Som kulturminister skal ein vere varsam med å gripe inn i styringa av NRK, slik eg valde å

gjere i 2002. Men reaksjonane spesielt i Sogn og Fjordane og Hordaland var veldig sterke på

vedtaket i NRK-styret, og i tillegg hadde eg vorte kjend med ideen om eit nynorsk

kompetansesenter i Førde, seier tidlegare kulturminister Valgerd Svarstad Haugland i

intervjuet me gjorde med henne i samband med semesteroppgåva.

Page 12: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

12

Nynorsken var viktig for standpunktet mitt, og eg kunne også bruke argumenta og planane

for eit nynorsk kompetansesenter som argumentasjon mot å leggje ned distriktskontoret i

Sogn og Fjordane. Det er ein særs viktig føresetnad for nynorsken at ein har dyktige

nynorskbrukarar i etermedia, seier Svarstad Haugland.

Frå mange hald, ikkje minst ifrå NRK Sogn og Fjordane, vart det understreka at om det skulle vere

grunnlag for eit nynorsk kompetansesenter, så måtte dette liggje til eit sjølvstendig distriktskontor

med eigen redaktør og eigen administrasjon.

I tillegg vart det lagt vekt på at eit nynorsk kompetansesenter naturleg nok måtte liggje i det

nynorske kjerneområdet. Bergen kunne vel neppe reknast som ein del av det nynorske

kjerneområdet, vart det påpeika.

Ikkje samanslåing i Sogn og Fjordane

På møte den 9. januar 2003 vedtok styret i NRK å halde fast på vedtaket om samanslåinga av

distriktskontora. Dette var i tråd med vedtaket frå august året før, men det var eitt unntak:

”Sammenslåing av distriktskontorene i Sogn og Fjordane og Hordaland gjennomføres ikke. Styret

finner at en sammenslåing av disse redaksjonene vil kunne virke som et hinder for opprettelsen og

utviklingen av et nynorsk kompetansesenter i Førde.”

Valgerd Svarstad Haugland legg ikkje skjul på at ho er glad for at ho som kulturminister kunne bidra

til etableringa av NRK Nynorsk mediesenter, og det var naturleg at kulturministeren stod for den

offisielle opninga av senteret 2. september 2002.

Eg hugsar opningsdagen veldig godt, han er ein viktig dag for meg frå den tida eg var

kulturminister. Eg er stolt og glad for det eg fekk vere med på, og eg meiner også at NRK

Nynorsk mediesenter har vorte det eg håpa senteret skulle bli.

Utan NRK Nynorsk mediesenter i Førde hadde me ikkje hatt så mange dyktige og markante

nynorskbrukarar i media som me har i dag, det er eg overtydd om, seier Valgerd Svarstad

Haugland.

Page 13: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

13

Magni Øvrebotten skreiv i festskriftet i samband med Kringkastingsringen sitt

50-årsjubileum i 2005 at det var ein openberr kandidat til å opne NRK Nynorsk mediesenter:

dåverande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland.

Ho ivra for idéen frå fyrste gong ho høyrde om han, og utan hennar engasjement hadde det

ikkje vorte noko Nynorsk mediesenter (Kringom 3/2005: 125).

Vedtak, utgreiing, oppstart

Våren 2003 nemnde NRK opp ei styringsgruppe og ei prosjektgruppe som fekk i oppdrag å greie ut

plattform, organisering, oppgåver og føremål for eit nynorsk kompetansesenter som skulle vere lagt

til NRK-kontoret i Førde.

Prosjektgruppa var samansett av Magni Øvrebotten (leiar), Gry Molvær, Ottar Grepstad, Jan Olav

Fretland, Jon-Peder Vestad og Arve Sandal. Dei signerte den ferdige rapporten 28. november 2003,

og framsida hadde ein kort og konkret tittel: Nynorsk mediesenter.

Gruppa som har utgreidd tiltaket, meiner senteret skal heite Nynorsk mediesenter og vere

ein sentral lærestad for nynorskbrukarar i radio, fjernsyn og på internett. Senteret vert ei

vidareutvikling av ulike ordningar i NRK for å rekruttere og ale opp gode journalistar som

brukar nynorsk, skreiv prosjektgruppa i innleiinga (Nynorsk mediesenter, rapport 2003: 8).

Rapporten viste vidare til regjeringa si ferske kulturmelding frå hausten 2003, der det vart

understreka at det nye senteret vart omtalt som eit viktig tiltak for å fremje det som framleis var

hovudspråket for 600 000 nordmenn.

Nynorsk mediesenter kjem i rett tid fordi nynorsken er på vikande front både i NRK og andre

medium, vart det påpeika i prosjektrapporten. Og det vart vidare vist til at

For kvar nynorskbrukande medarbeidar tilsette NRK 10 nye bokmålsbrukarar.

For kvar nynorskbrukar i barne- og ungdomsprogramma er det 20 bokmålsbrukarar.

For kvar nynorskbrukande leiar er det over 30 som har bokmål som hovudspråk.

Page 14: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

14

Rapporten la vidare vekt på at NRK på ulike måtar ville få betalt tilbake igjen gjennom satsinga på eit

nynorsk mediesenter.

Fyrst og fremst ved betre tilgang på og rekruttering av nynorskbrukande journalistar som er

skreddarsydde for etermedia. Dermed aukar både det språklege, kulturelle og geografiske

mangfaldet i redaksjonane. Senteret vil også medverke til auka medvit om nynorsk og godt

språk. Og ikkje minst vil satsinga gje NRK ekstra velvilje både i Stortinget, kulturlivet,

målorganisasjonane og hjå alle som er opptekne av språk – og vere eit godt argument for

allmennkringkastaren NRK, stod det under mellomtittelen Til nytte for NRK i

prosjektrapporten.

Trongt nålauge

Hausten 2004 var det klart for oppstart for det aller første praktikantkullet ved NRK Nynorsk

mediesenter i Førde. Og det var høge mål og harde krav som låg på skuldrene til både tilsette og

praktikantar.

Berre dei beste og mest motiverte søkjarane skulle sleppe igjennom nålauget, etter intervju og

opptaksprøve. Målet var å gjere praktikantane så dyktige at det nærmast vart konkurranse mellom

redaksjonane om å få tak i dei.

Det særmerkte med desse praktikantane må vere at dei har ein nynorsknær dialekt, som det

er naturleg for dei å normalisere til nynorsk normaltalemål. Motivasjonen for det må vere

god, og viljen til å bruke nynorsk i media etterpå må vere sterk, vart det understreka frå

leiinga ved NRK-NM.

Igjen ser ein kor sterkt og sentralt det språkpolitiske engasjementet for nynorsken har stått i

arbeidet med etableringa av NRK Nynorsk mediesenter. Dette har vore drivkrafta, motivet og

energien i arbeidet med senteret: kampen for språket, for identiteten og sjølvkjensla som er knytt til

språket og den norske språkhistoria.

Page 15: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

15

Utfyllande oversikt over 100 nynorskpraktikantar

Me skal i intervjusekvensen seinare i oppgåva sjå nærare på kva ulike personar meiner om korleis

det har gått med NRK Nynorsk mediesenter sidan oppstarten for snart ti år sidan. Har senteret

greidd å leve opp til målsettingane sine og til forventningane som vart skapt ved oppstarten i 2004?

Har senteret vore til nytte for NRK, og har det greidd å leve opp til målsettingane sine om godt

omdøme, godt språk og praktikantar med høgt fagleg og journalistisk nivå? Kvar kjem praktikantane

ifrå, og kvar har dei fått seg arbeid etter praktikantperioden i Førde?

Her følgjer ei utfyllande oversikt over alle 90 praktikantane som har vore gjennom praktikantkurset

ved NRK Nynorsk mediesenter sidan oppstarten hausten 2004, og i tillegg dei fem praktikantane

som går i kull 19 hausten 2013 og dei fem praktikantane som skal starte opp i kull 20 i 2014.

KULL 1 - 2004/2005

Svein Ove Hansli: Vinje i Telemark. Vaktsjef i NRK Dagsrevyen. Fast tilsett. Maria Rivedal: Naustdal i Sogn og

Fjordane/Oslo. Produsent i NRK P3. Fast tilsett. Eli Bjelland: Stord i Hordaland. Journalist og produsent i NRK

Dagsnytt. Fast tilsett. Knut Åge Teigen: Årdal i Sogn og Fjordane. Prosjektleiar i Snøball Film. Fast tilsett.

Inger Johanne Sæterbakk: Bodø i Nordland. Leiar for Språkåret 2013.

KULL 2 - 2005

Solveig Hareide: Florø i Sogn og Fjordane. Programleiar i barne- og ungdomsprogram i NRK. Fast tilsett.

Janne Marit Myklebust Falch: Ørsta i Møre og Romsdal. Journalist i Møre-Nytt. Fast tilsett.

Birte Njøsen Horne: Florø i Sogn og Fjordane. Programleiar i Nitimen. Fast tilsett. Ingebjørg Bø: Bø i

Telemark. Journalist i Telemarksavisa. Fast tilsett. Eli Fossdal Våge: Lindås i Hordaland. Tilkallingsvikar i NRK

Hordaland.

KULL 3 – 2005/2006

Sølve Rydland: Knarvik i Hordaland. Journalist i NRK Hordaland. Fast tilsett. Gisle Forland: Mosjøen i

Nordland. Vaktsjef i NRK Nordland. Fast tilsett. Marit Haugo Røkeberg: Nesbyen i Buskerud. Journalist i

Drammens Tidende. Fast tilsett. Karoline Kalstveit: Skjold i Rogaland. Arkitektpraktikant i Origo Arkitekter.

Håvard Hamnaberg: Vågsvåg i Sogn og Fjordane. Seksjonssjef i NVE. Fast tilsett.

Page 16: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

16

KULL 4 – 2006

Erlend Blaalid Oldeide: Raudeberg i Sogn og Fjordane. Journalist og programleiar i NRK Sogn og Fjordane.

Fast tilsett. Ingrid Z. Aanestad: Bryne i Rogaland. Forfattar/lærar ved forfattarstudiet ved Universitetet i

Göteborg. Asgeir Reksnes: Eid i Sogn og Fjordane. Journalist i NRK Sogn og Fjordane. Fast tilsett.

Bergit Sønstebø Svendseid: Drangedal i Telemark. Frilansjournalist i Sør-Afrika. Øystein Windstad: Aukra i

Møre og Romsdal. Journalist i P5 og P4. Fast tilsett.

KULL 5 – 2006/2007

Vidar Eidhammer: Haugesund i Rogaland. Journalist/produsent i NRK. Vikar. Gøril Furu: Sunndalsøra i Møre

og Romsdal. Fotoredigerar i NRK Trøndelag. Fast tilsett. Marianne Feste: Seim i Hordaland.

Informasjonsrådgjevar i Skatt Vest. Fast tilsett. Ingrid Hognaland: Nedre Vats i Rogaland. Tilkallingsvikar i NRK

Hordaland, student ved Norges Handelshøgskole i Bergen. Bjarte Vik Myklebust: Ålfoten i Sogn og Fjordane.

Lærar og gardbrukar.

KULL 6 - 2007

Ragnhild Bjørge: Klokkarvik i Hordaland. Nytilsett som NRK sin første språksjef, etter fleire år i NRK Dagsnytt.

Fast tilsett. Yngvil Kolset Haga: Verdal i Nord-Trøndelag. Arbeider med casting i Maipo Film.

Mona Vetrhus: Uskedalen i Hordaland. Forfattar/frilansjournalist. Gunhild Sølberg: Førde i Sogn og Fjordane.

Språklærar ved vidaregåande skule i Oslo. Fast tilsett. Inger Synnøve Tveito: Kviteseid i Telemark. Ingen

informasjon.

KULL 7 – 2007/2008

Håvard Tvedte: Stord i Hordaland. Fungerande leiar for Stortingsbiblioteket.

Eline Buvarp Aardal: Namdalseid i Nord Trøndelag. Journalist i NRK Dagsrevyen. Vikar. Ivar Folkedal: Ål i

Buskerud. Vaktsjef forbrukarstoff i Egmont. Fast tilsett. Eva Marie Felde: Breim i Sogn og Fjordane. Journalist

i NRK Sogn og Fjordane. Vikar. Ingunn Viken: Ona i Møre og Romsdal. Frilansjournalist i København.

Page 17: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

17

KULL 8 - 2008

Roger Severin Bruland: Utvik i Sogn og Fjordane. Journalist i NRK utanriks. Fast tilsett.

Marit Holmqvist Fenne: Elnesvågen i Møre og Romsdal. Journalist i Torget, intranettet til NRK. Fast tilsett.

Eivor Brandseth: Skogn i Nord-Trøndelag. Student i USA. Elin Thingvoll Berge: Vik i Sogn og Fjordane.

Medielærar ved vidaregåande skule i Stavanger. Fast tilsett. Olav Arne Nedrelid: Fjørtofta i Møre og Romsdal.

Medielærar ved vidaregåande skule i Ålesund. Fast tilsett.

KULL 9 – 2008/2009

Samina Bruket: Bryne i Rogaland. Journalist i NRK Rogaland. Fast tilsett. Magnus Stokka: Hebnes i Rogaland.

Journalist og programleiar i NRK Rogaland. Fast tilsett. Ann-Iren Finstad: Sandane i Sogn og Fjordane.

Journalist i NRK Dagsrevyen. Fast tilsett. Erling Molt Korsnes: Brattvåg i Møre og Romsdal.

Programmedarbeidar i trafikkredaksjonen i NRK. Fast tilsett. Steinarr Sommerset: Vanylven i Møre og

Romsdal. Omsetjar og student ved Høgskolen i Oslo.

KULL 10 – 2009

Siri Kleiven Strøm: Årdal i Sogn og Fjordane. Journalist og programleiar i Vestlandsrevyen og Norge i dag. Fast

tilsett. Ingunn Thon: Ål i Buskerud. Programmedarbeidar i NRK Super. Fast tilsett. Ingvild Ryssdal: Sandane i

Sogn og Fjordane. Journalist i NRK Dagsnytt. Fast tilsett. Anna Gytri: Førde i Sogn og Fjordane. Journalist i

NRK Sogn og Fjordane. Fast tilsett. Malin Olivia Dahlberg: Valldal i Møre og Romsdal.

Informasjonsmedarbeidar i Norske Kunstforeninger. Fast tilsett.

KULL 11 – 2009/2010

Mathias Oppedal: Nærbø i Rogaland. Journalist og videojournalist i NRK Rogaland. Fast tilsett.

Simon Solheim: Florø i Sogn og Fjordane. Journalist i NRK Dagsrevyen. Fast tilsett.

Aleksander Vallestad: Stord i Hordaland. Musikkprodusent i NRK P1 og P1+. Fast tilsett.

Sara Myhren Kornberg: Volda i Møre og Romsdal. Kommunikasjonsrådgjevar i Statens pensjonskasse.

Bjørn Ivar Voll: Nedstrand i Rogaland. Masterstudent ved Universitetet i Oslo og informasjonsrådgjevar i

Nasjonalt pilgrimsenter.

Page 18: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

18

KULL 12 – 2010

Astrid Marie Grov: Hovin i Telemark. Mållovskonsulent i Språkrådet. Fast tilsett.

Kristin Vestrheim: Kaupanger i Sogn og Fjordane. Vaktsjef for ettermiddagen i TV2. Vikar.

Ingvil Aaen Torpe: Voss i Hordaland. Produsent og redigerar i NRK Hordaland. Fast tilsett.

Gunn Evy Auestad: Karmøy i Rogaland. Journalist i NRK.no. Fast tilsett.

Mari Langva: Volda i Møre og Romsdal. Journalist og videojournalist i Schrødingers katt i NRK. Vikar.

KULL 13 – 2010/2011

Hans Henrik Løken: Odda i Hordaland. Journalist nett, radio og tv, NRK sporten. Vikar.

Karl Kristian Langeland: Hellesylt i Møre og Romsdal. Programleiar i NRK Sogn og Fjordane. Vikar.

Hilde Zahl: Bryne i Rogaland. Programleiar og journalist i Kveldsåpent og Norgesglasset. Vikar.

Vegard Troøyen Foseide: Fræna i Møre og Romsdal. Infomedarbeidar i Changemaker. Fast tilsett.

Hans Kristian Hyrve: Skjåk i Oppland. Frilansar og komponist.

KULL 14 – 2011

Christian Wiik Gjerde: Tjørvåg i Møre og Romsdal. Programleiar i Superblokka i NRK P1. Vikar.

Jonas Sætre: Stord i Hordaland. Nyhendejournalist i NRK.no. Vikar. Ingrid Brandal Myklebust: Fosnavåg i

Møre og Romsdal. Tilkallingsvikar i NRK Dagsrevyen. Ingvild Nave: Bryggja i Sogn og Fjordane. Student ved

UiB og tilkallingsvikar i NRK Hordaland. Gry Brekke Hustveit: Sola i Rogaland. Frilansfotograf på fleirkamera.

KULL 15 – 2011/2012

Maria Pile Svåsand: Strandebarm i Hordaland. Journalist i Kulturnytt og Dagsnytt 18. Vikar.

Lars Erik Andreassen: Sandnes i Rogaland. Student ved NTNU og tilkallingsvikar i NRK på Tyholt.

Susanne Egset: Ørsta i Møre og Romsdal. Student ved UiO og tilkallingsvikar ved NRK.no og Dagsnytt.

Agnes Bremere: Luster i Sogn og Fjordane. Masterstudent ved Universitetet i Oslo.

Sondre Dalaker: Kaupanger i Sogn og Fjordane. Mediestudent ved Universitetet i Stavanger.

KULL 16 – 2012

Katrine Nybø: Ørsta i Møre og Romsdal. Journalist i NRK Dagsnytt. Vikar. Wilhelm Støylen: Kvamsøya i Møre

og Romsdal. Journalist i Norgesglasset. Vikar. Ingunn Rauk: Grendi i Aust-Agder. Tilkallingsvikar i Kulturhuset

Page 19: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

19

og Dagsnytt i NRK. Hans-Olav Rise: Ulsteinvik i Møre og Romsdal. Mediestudent og tilkallingsvikar i NRK

Sporten. Raymond Lidal: Bømlo i Hordaland. Frilansjournalist og masterstudent i Jemen.

KULL 17 – 2012/2013

Jon Bolstad: Sogndal i Sogn og Fjordane. Vikar i NRK Hordaland. Stine Kyrkjebø Johansen: Kyrkjebø i Sogn og

Fjordane. Vikar i NRK Sogn og Fjordane. Kjersti Hetland: Bryne i Rogaland. Tilkallingsvikar i NRK Dagsrevyen.

Marte Halsør: Halsør i Sogn og Fjordane. Vikar i NRK Dagsnytt. Tale Høyem: Os i Hordaland. Student.

KULL 18 – 2013

Vegard Tjørhom: Sirdal i Vest-Agder. Student ved UiO og tilkallingsvikar i NRK Utanriks.

Adalheidur Oldeide: Holvik i Sogn og Fjordane. Vikar i NRK Hordaland. Hanne Våge: Stord i Hordaland.

Student ved NTNU og tilkallingsvikar i Her og Nå og P3-nyhenda i NRK på Tyholt.

Trond Espen Bjoland: Ågotnes i Hordaland. Student ved UiB og tilkallingsvikar i NRK Hordaland.

Inger Johanne Ruset: Linge i Møre og Romsdal. Vikar i NRK Møre og Romsdal.

KULL 19 – 2013/2014

Tale Hauso: Odda i Hordaland. Praktikant ved NRK Nynorsk mediesenter. Britt Kristin Ese: Jostedalen i Sogn

og Fjordane. Praktikant ved NRK Nynorsk mediesenter. Eirik Hildal: Stord i Hordaland. Praktikant ved NRK

Nynorsk mediesenter. Idun Fivelstad: Rindal i Møre og Romsdal. Praktikant ved NRK Nynorsk mediesenter.

Lars Ivar Nordal: Volda i Møre og Romsdal. Praktikant ved NRK Nynorsk mediesenter.

KULL 20 – 2014

Liv Ragnhild Holdhus Sjursen: Fusa i Hordaland. Praktikant i 2014 ved NRK Nynorsk mediesenter.

Halvor Farsund Storvik: Sogndal i Sogn og Fjordane. Praktikant i 2014 ved NRK Nynorsk mediesenter.

Guro Kvalnes: Ullensvang i Hordaland. Praktikant i 2014 ved NRK Nynorsk mediesenter.

Oddbjørn Myklebust Opsal: Vegsund i Møre og Romsdal. Praktikant i 2014 ved NRK Nynorsk mediesenter.

Silje Steinnes Bjerknes: Volda i Møre og Romsdal. Praktikant i 2014 ved NRK Nynorsk mediesenter.

Page 20: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

20

Snart praktikant nr. 100!

Kull 19 er det noverande kullet ved NRK Nynorsk mediesenter. Praktikantplassane til kull 20 er som

nemnt tildelt, og dette kullet vil representere ein milepæl for NRK-NM når praktikant nummer 100

har gjennomgått den nynorsk-journalistiske hestekuren ved NRK Sogn og Fjordane i Førde.

Eit anna viktig tal i statistikken er at av dei 90 praktikantane som NRK Nynorsk mediesenter har lært

opp, har 72 prosent ei aller anna rolle innanfor media og journalistikk – dei fleste av dei i NRK.

Av alle 100 praktikantar ved NRK Nynorsk mediesenter, inkludert det noverande kull 19 og det

komande kull 20 i 2014, så kjem 27 frå Sogn og Fjordane. 24 av praktikantane kjem frå Møre og

Romsdal, 20 er frå Hordaland og 13 frå Rogaland.

Det betyr at 84 prosent av praktikantane, 84 av 100, kjem frå dei fire vestlandsfylka, som utgjer det

ein kan kalle kjerneområdet for nynorsk, først og fremst Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

I tillegg er følgjande fylke representert i statistikken over den geografiske fordelinga av praktikantar

ved NRK Nynorsk mediesenter: Telemark (5), Buskerud (3), Nord-Trøndelag (3) og Nordland (2).

Aust-Agder, Vest-Agder og Oppland er representert med éin praktikant kvar.

Sterk karakter

I arbeidet med denne semesteroppgåva har det vore interessant å sjå nærare på historikken og

bakteppet for etableringa av det nynorske mediesenteret i Førde.

I tillegg har det vore interessant å intervjue ein del personar om deira synspunkt og erfaringar med

NRK Nynorsk mediesenter; nokre av dei både noverande og tidlegare praktikantar ved senteret,

andre i redaksjonelle leiarposisjonar, og nokre også frå ein meir språkpolitisk ståstad.

Den raude tråden i desse intervjua er at NRK Nynorsk mediesenter får veldig god karakter for den

jobben som er gjort i Førde sidan oppstarten for snart ti år sidan, at senteret langt på veg har levd

opp til målsettingane sine om fagleg tyngde og ei stram prioritering av kven som skulle få sleppe

igjennom nålauget.

Page 21: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

21

Ragnhild Bjørge har nyleg teke til i ei ettertrakta stilling som NRK sin første språksjef. Bjørge var

praktikant i kull 6 ved NRK Nynorsk mediesenter i 2007.

Det er viktig for NRK å ha dei gode nynorske stemmene og dei gode nynorske journalistane.

Senteret i Førde gjev praktikantane språkleg sjølvtillit. Og for nynorsken sin del er det viktig

med gode språklege føredøme, seier Bjørge, som også vektlegg at praktikantane frå NRK-NM

ofte kan settast rett inn i redaksjonelt arbeid etter praktikantperioden.

Dei er ”gryteklare” når dei kjem ut i redaksjonane, spesielt til redaksjonelt arbeid i NRK-

systemet. Språket er det viktigaste verktøyet ein journalist har, og det er tid for å sette ekstra

fokus på godt språk i journalistikken. Her er NRK Nynorsk mediesenter ein god og viktig

medspelar, seier Bjørge.

Chris Carlsen er redaksjonssjef ved Dagsnytt-redaksjonen på Marienlyst i Oslo, og han har i fleire

år tatt imot praktikantar frå NRK-NM.

Dei held jamt over eit høgt fagleg nivå, både språkleg og journalistisk, og omtrent alle får

tilbod om å vere tilkallingsvikar. Dette er gjerne første steg, og i neste runde får mange tilbod

som sommarvikar. Konkurransen er knallhard, det er strengt på bemanningssida, likevel har

me tilsett fleire praktikantar frå NRK-NM, seier Chris Carlsen.

Redaksjonssjef Ingebjørg Berdal i Dagrevyen meiner NRK Nynorsk mediesenter har eit sterkt

omdøme i NRK-systemet.

Det er mange frå NRK-NM som har sterke posisjonar i NRK-redaksjonane, det er kanskje det

beste provet på den journalistiske kvaliteten som kjem derifrå. Me har utelukkande gode

erfaringar med folka som kjem frå NRK-NM, og dei går raskt inn i rollene og oppgåvene dei

blir tildelt, seier Berdal.

Page 22: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

22

Sigrid Gjellan er nyleg tilsett som regionredaktør ved NRK Trøndelag, men har lang erfaring i NRK,

også i samarbeidet med NRK Nynorsk mediesenter.

Det er stort spenn i bakgrunn og kompetanse hos kandidatane før dei byrjar ved NRK-NM, og

det blir gjort ein god og grundig utsilingsjobb i opptaket til praktikantkurset i Førde. Me føler

oss trygge på kvaliteten hos dei som kjem til oss derifrå, seier Gjellan.

I tillegg er det viktig med godt språk og god nynorsk for omdømet til NRK, og for at me skal

strekke oss i retning målet om minst 25 prosent nynorsk i sendingane våre, seier Gjellan.

Distriktsredaktør Ragnar Christensen ved NRK Rogaland deler synet til Gjellan:

Mitt inntrykk er at senteret er profesjonelt drive, at det er praktisk retta i høve til vår bruk og

vår kvardag i NRK. NRK Nynorsk mediesenter er viktig for oss også når det gjeld kvaliteten på

språket og på framføringa av språket. Dei som har gått igjennom ”skulen” i Førde, er

medvitne i høve til språket sitt, og det treng me, seier Christensen.

Svein Ove Hansli er fast tilsett vaktsjef i NRK Dagsrevyen. Han var ein av fem praktikantar i det

aller første kullet ved NRK-NM hausten 2004.

Nynorsk er på ingen måte eit hinder for å bli rekruttert til redaksjonane i NRK, heller tvert

imot. Viss du er ein god nynorskbrukar og ein god journalist, er du veldig etterspurd, meiner

Svein Ove Hansli.

Christian Wiik Gjerde er programleiar for barnetimen på NRK P1, Superblokka. Wiik Gjerde fekk i

2013 Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, og han har mange lovord om perioden

ved NRK-NM i Førde.

Me vart kasta ut i det. Det var beinhard jobbing, og det gjorde også godt at det var eit sterkt

fokus på nyhendejobbing. Det har vore ei fantastisk reise å kome inn i NRK via

praktikantperioden i Førde.

Page 23: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

23

Det som er den største utfordringa no, er at det er tilsettingsstopp i NRK. Tilsettingsstoppen

gjer at mange dyktige folk dessverre må finne seg andre jobbar, seier Christian Wiik Gjerde.

NRK innførde tilsettingsstopp i 2008, og då vart det bestemt at praktikantane frå NRK-NM skulle

reknast som interne søkjarar, fordi dette er eit strategisk rekrutteringstiltak i NRK. Det gjeld også

systertiltaket NRK FleRe, som lærer opp fleirkulturelle journalistar. Ordninga har vorte kalla positiv

særbehandling og fortrinnsrett.

Praktikantar frå NRK-NM skal vurderast som interne søkjarar i tre år etter avslutta

praktikantperiode, ”og de skal gis fortrinn til ansettelse i stillinger de er fullt ut kvalifisert for”.

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen meiner NRK Nynorsk mediesenter kombinerer to ting:

folk som er språkleg dyktige, og som har journalistisk talent.

Det er ein viktig del av NRK sitt samfunnsoppdrag at me skal spegle det norske samfunnet,

også språkleg. I tillegg har me eit krav på oss om at minst 25 prosent av sendingane skal vere

på nynorsk. Og det har eg eit klart mål om at me skal nå.

På nokre område har me vorte gode når det gjeld nynorskprosenten i NRK, på andre område

slit me meir. Men dette handlar om fokus. Me var for eksempel langt bak når det gjeld

barne- og ungdomsprogram på nynorsk, men her har NRK Super vist at det går an å gjere

noko med dette viss ein har fokus på det.

NRK Nynorsk mediesenter er viktig for oss og for at me skal kunne nå måla våre som Noregs

viktigaste mediebedrift, også våre språklege målsettingar, seier kringkastingssjef Thor

Gjermund Eriksen.

Page 24: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

24

Direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet meiner nynorsken har ein ganske stabil og

respektert posisjon i det norske samfunnet, og for å kunne halde på denne posisjonen er det

spesielt viktig å eksponere folk for god nynorsk i etermedia.

Dei negative haldningane til nynorsken har ikkje forsterka seg dei siste åra, det er vel heller

slik at den generelle haldninga til nynorsk er romslegare no enn før, meiner Vonen.

Nynorsken står relativt stabilt som skriftspråk til godt og vel ein halv million nordmenn, men

samtidig er det ein sakte, men sikker nedgang i den totale prosenten i Noreg som brukar

nynorsk som hovudmål.

Det er mange ting som kan og bør gjerast for å styrke nynorsken sin posisjon i Noreg, og

kanskje det viktigaste ein kan gjere er nettopp å eksponere folk for god nynorsk i etermedia.

Spesielt i etermedia. Dette er utruleg viktig for nynorsken sin status og posisjon i det norske

samfunnet, meiner direktøren i Språkrådet.

Ingunn Solheim har vore ein markant programmedarbeidar i NRK, kanskje spesielt hausten 2013 i

samband med NRK sine valkampsendingar.

Solheim har ikkje vore praktikant ved NRK Nynorsk mediesenter, men ho var nynorskpraktikant ved

NRK-kontoret i Førde i åtte månader, og ho er dermed ein del av erfaringsgrunnlaget for oppstarten

av NRK-NM. I september mottok ho Kringkastingsprisen 2013 for framføringa av god nynorsk i

fjernsynet. I takketalen i samband med prisutdelinga uttalte Ingunn Solheim følgjande:

Det var utruleg kjekt å få høyre at eg har eit klart og forståeleg språk. Det er det eg i min jobb

skal bruke språket til. Det har aldri vore noko alternativ til det å bruke nynorsk for meg. Eg

trur språket heile tida må utvikle seg for å bli likt, forstått og brukt. Eg sender ein stor takk til

NRK der det både blir sett stor pris på nynorsken og blir gjort eit målretta arbeid for å få fram

språket. Der er vi som nynorskbrukarar privilegerte.

Page 25: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

25

”Lovande tal frå NRK”

Medietilsynet viser i Allmennkringkastingsrapporten for 2012 til at bruken av nynorsk og dialekt i

NRK har hatt ein klar auke i 2012, og Kringkastingsringen viser til ei utvikling frå nedslåande lesnad i

2010 til lovande tal for 2011.

NRK innfrir nå kravet til 25 prosent nynorsk i P1, NRK2 og NRK Super. Ettersom det fremdeles

er underleveranser for flere av kanalene, oppfyller ikke NRK kravet om 25 prosent nynorsk

på plattformene. Medietilsynet ønsker likevel å fremheve positivt at NRK har tatt viktige

skritt i retning av å innfri nynorskandelen, skriv Medietilsynet i

Allmennkringkastingsrapporten for 2012.

Då Magni Øvrebotten som dagleg leiar for NRK Nynorsk mediesenter vart tildelt Nynorsk

redaktørpris for 2013 ”for framifrå innsats for nynorsk som mediespråk”, uttalde ho dette i eit

intervju med medlemsbladet for Noregs Mållag, Norsk Tidend:

Vi har sendt ifrå oss 90 journalistar, og 66 av desse har fått jobb i NRK. Dette må ha noko å

seie for den auka nynorskprosenten i NRK. Det som står att er at redaktørane og

redaksjonane vert meir medvitne om at dei treng journalistar som er gode i nynorsk, og at

det er viktig at dei har fleire journalistar i redaksjonen som brukar nynorsk i det daglege.

(Norsk Tidend 5/2013: 5)

OPPSUMMERING

Eg ville med denne semesteroppgåva finne ut meir om bakgrunnen og erfaringane med NRK

Nynorsk mediesenter. Korleis var historikken og bakteppet for det heile? I kor stor grad var

etableringa av NRK-NM språkpolitisk motivert for å styrke nynorsken, og kor mykje var dette

arbeidet tufta på eit mediepolitisk engasjement for å styrke journalistikken, NRK Sogn og Fjordane

og rekrutteringa av nynorske journalistar?

Page 26: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

26

I tillegg har det vore eit viktig mål med oppgåva å finne ut meir om praktikantane ved NRK Nynorsk

mediesenter, kvar dei kjem ifrå geografisk og ikkje minst kvar dei har fått seg arbeid etter at

praktikantperioden var avslutta.

Tidlegare redaksjonssjef ved NRK Sogn og Fjordane, Arve Sandal, lanserte hausten 2001 ideen om eit

nynorsk kompetansesenter ved NRK Sogn og Fjordane i Førde, og han gjev nok ei presis

oppsummering av bakgrunnen for det heile.

Eg er veldig glad i nynorsken, og kanskje minst like glad i NRK Sogn og Fjordane. Nynorsken

er meir enn eit språk, det er historie og identitet også. NRK trong fleire nynorskbrukande

journalistar som var skreddarsydde for etermedia, og NRK Sogn og Fjordane trong fleire bein

å stå på. Hovudkompetansen ved kontoret i Førde låg i koplinga mellom nynorsk og

nyhende. Dette var vårt største fortrinn, og posisjonen for eit nynorsk kompetansesenter var

ledig, seier Arve Sandal.

Meir enn denne oppgåva gjer, kan det nok settast kritisk lys på om ein seks månader lang

praktikantperiode er lenge nok til å lære opp dyktige nynorskjournalistar som nynorskbrukande

føredøme i etermedia.

Magni Øvrebotten understrekar at NRK Nynorsk mediesenter ikkje reknar seg som ei «utdanning».

Vi tilbyr eit halvår med ei svært praktisk opplæring etter ”lære-med-å-gjere-det-metoden”.

Faglærarane og kollegaer i redaksjonen er journalistar og fotografar, og vi nyttar oss av

gjesteførelesarar med spisskompetanse om nynorsk og journalistikk. Praktikantane arbeider

som journalistar for nett, radio og fjernsyn i redaksjonen, og sakene deira kjem på.

Mange av nynorskpraktikantane er svært godt utdanna, dei færraste har medieutdanning,

men vi tek også inn dei purunge som ”alltid har visst” at dei ville bli journalistar. Vilje og lyst

er viktige drivkrefter for å bli gode journalistar, seier Øvrebotten.

Page 27: NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

27

Det er ein gjennomgåande raud tråd i alle intervjua me har gjort i denne oppgåva. Og det er at NRK

Nynorsk mediesenter får god karakter for den jobben som er gjort sidan oppstarten for snart ti år

sidan, både frå den nynorskspråklege og den journalistiske innfallsvinkelen.

Tala som er henta inn, viser at 72 prosent av dei 90 som har avslutta praktikantperioden ved NRK

Nynorsk mediesenter, har ei eller anna rolle innan media og journalistikk, dei fleste innanfor NRK-

systemet. Dette er sterke tal.

Litteratur

Grepstad, Ottar: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. 2. opplag. Oslo 2006.

Grepstad, Ottar: 15. Radio og fjernsyn. Grepstad 2005.

Grepstad, Ottar: Nynorsk faktabok 2005. Oslo 2005.

Målreising gjennom 75 år. Noregs Mållag 1906 - 1981. Oslo 1981.

Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 50 år. Kringom 3/2005.

Statusrapportar frå NRK Nynorsk mediesenter 2004–2013.

Nynorsk mediesenter. Rapport 2003. Prosjektgruppa ved NRK-NM.

Norsk Tidend 5/2013.

Allmennkringkastingsrapporten 2012. Medietilsynet.