12
Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2010 1 ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 01 - 2010 indremisjons ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 04 - 2010 Foto: Lauritz Eide

Venen nr.4 2010

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Indremisjonsvenen

Citation preview

Page 1: Venen nr.4 2010

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2010 1

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN01 - 2010

indremisjonsindremisjonsindremisjons

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN04 - 2010

Foto: Lauritz Eide

Page 2: Venen nr.4 2010

Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap,

“I broderkjærleiken - kjærleik til alle”

Det var stor glede då Brandøystyret mottok meldinga frå Slottet om at Kong Harald hadde tildelt Sigrun Thor-modsæter Kongens fortenstmedalje i sølv for sin store innsats på Brandøy gjennom 40 år. Det er oppmuntrande at Kongen på denne måten verdset personar som med stor iver og glød har stått i kallet sitt og utført tenesta si på ein framifrå måte, til beste for folket og Guds rike. Sigrun har aldri løfta fram sin eigen person. Ho har tent i det stille. I bøn og arbeid. Fyrst og fremst for dei mange tusen born og unge som har vore på leir på Brandøy gjennom alle desse åra. Men også for alle dei andre som har nytta leirstaden anten det er til bryllaup, konfi rmasjons-festar, slektsstemne, lagshelger, kvinnehelger, eldreleirar o.s.v.

I historieboka vår ”Haugiansk frukt” kan me lesa om då styret i Samskipnaden var inne på Haugsgjerde for å sjå på eigedommen til Amanda Hauge. Brandøy var ein stor og vakker eigedom, men denne ”perla” hadde ikkje Samskipnaden økonomi til å kjøpa. Då var det som himmelen opna seg. Her var det ikkje snakk om å kjøpa, dette var ei gåve!!! Amanda Hauge hadde eit ynskje om at indremisjonen skulle byggja ein leirstad slik at borna og dei unge kunne vinnast for Kristus. Eg trur det er rett å seia at heilt sidan fyrste spadetaket vart teke på Brandøy, har det vore ein open himmel over denne staden.

Det er under denne opne himmelen Sigrun, saman med sine medarbeidarar, har hatt si teneste. Her har beina vore godt planta på jorda der dei mange kvardagslege gjeremål skulle utførast. Som koking og baking, vasking av rom og sengeklede, oppvask og støvtørking, luking, plenklypping, maling m.m. Men i alt har hjarta og sinn vore vendt mot himmelens Gud. Han som er rik nok for alle som kallar på han. Dei mange bønene og andaktane rundt kjøk-kenbordet på Brandøy, saman med heile misjonfolket sine bøner og offer har bore Brandøy og Guds rike fram.

Så er historien og livet på Brandøy eit sterkt kall til oss alle om at me skal få vera trufaste tenarar kvar på vår plass. Samstundes er det eit sterkt vitnemål om at me skal få rekna med ein open himmel over vår kvardag, liv og teneste. For Herren er rik nok for alle som kallar på han. Og kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst. Rom.10.12b-13.Gud signe ditt liv og din kvardag, under ein open himmel...

Layout: Jan-Ove FagerheimTrykk: Haugesund Bok og Offset A/SRed.: Svein Bjarne AaseIndremisjonssamskipnadenPostboks 150, 5401 STORDTlf.: 53 41 07 04Fax: 53 41 27 40Postgiro: 7877.08.43366Bankgiro: 8220.02.80454Kontortid: 09.00 – 15.00Heimeside: www.indremisjonen.noE-post: [email protected]

Samskipnadsstyret:Edmund Thormodsæter, formannBirgit M. HjelmelandHalvard WiikIren Sævik MælandTorunn TvedtBjørn SaghaugKristoffer TjelleVaramedlemmar:Kåre StautlandKnut O. DaleAndreas R. Evensen

Dagleg leiar:Svein Bjarne AaseTelefon 47 26 13 40

Helgatun5713 VOSSESTRANDTelefon: 56 51 98 98Telefax: 56 51 98 99Bankgiro: 8220.02.80497Styrar: Solveig NorheimHeimeside: www.helgatun.no

Brandøy5584 BJOATelefon: 53 76 98 81Bankgiro: 8220.02.80470Husmor: Sigrun Thormodsæter

Framnes KVS5600 NORHEIMSUNDTelefon: 56 55 05 00Telefax: 56 55 13 92Bankgiro: 8220.02.80292Rektor: Harald VosterHeimeside: www.framnes.vgs.no

SunnBokPostboks 23, 5401 StordTelefon: 53 41 20 01www.sunnbok.no

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar

og gjevarteneste pr. 31. juli 2010

Hittil 2010

kr. 1 738 481

Hittil 2009

kr. 1 691 007

Budsjett 2010

kr. 3 650 000

0

500 000

1 000 000

1 500 000

2 000 000

2 500 000

3 000 000

3 500 000

4 000 000

Leiar

UNDER EIN OPEN HIMMEL!

Svein Bjarne Aase

Ynskjer du å gi ei gåve til Indremisjons-samskipnaden, kan du senda den til konto 8220.02.80454. Då går gåva direkte til Samskipnaden.

Dersom du ynskjer skattefrådrag på gåva må den sendast til konto 8220.02.80632 og merkast med ditt personnummer og ”Gåve til Samskipnaden”.

Page 3: Venen nr.4 2010

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2010 3

Salme 19,8-10 fortel kva som skjer med det mennesket som tar til seg Herrens ord. ”Herrens lov er fullkomen, ho gjev sjela nye krefter. Herrens lovbod er å lita på, det gjer den urøynde vis. Herrens fø-resegner er rette, dei gjev glede i hjarta. Herrens bodord er reint, det får augo til å stråla.” Det er ingen som kan få det til å gnistra i sjela di som Jesus. Han gjev deg kjærleik utan grenser. Han gjev deg omsorg og er trufast hos deg når livet er vanskeleg. Han vil gje deg djupare innsikt i kven han er og kva han har gjort for deg. Til sist skal du få møta han og fryda deg over eit fullkome fellesskap i Guds himmel.

Kven vil du gå til?Joh.6,66-69: ”Etter dette drog mange av disiplane hans seg unna og gjekk ik-kje omkring med han lenger. Då spurde Jesus dei tolv: «Vil de òg gå bort?» Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, og vi trur og veit at du er Guds Heilage.”

Det var krise i den store disippelfl ok-ken. Splitting. Tilbaketrekking for mange av dei som ei tid hadde fylgt Jesus. Dei syntes Jesus var for streng. Tenk å framstilla seg som den einaste vegen til Gud! Dette var det mange som ikke kunne godta. Då stiller Jesus spørsmålet. Eit spørs-mål - aktuelt no - som den gongen. Vil de óg gå bort? Teksten bær ikkje preg av dramatikk. Jesus er ikkje kriseramma. Han har ikkje panikk. Han er førebudd og veit alt om det som ventar han. Likevel trur eg Peter sitt svar varma Jesus sitt hjarta. ”Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, og vi trur og veit at du er Guds Heilage.”

Peter svarer ikkje: Klart vi blir! Ingenting skræme oss! Korleis kan du vel tru at vi går! Peter sitt svar bær preg av at han ikkje har noko alternativ.

Det har ikkje du og eg heller. Finnes det vel nokon annan som kan frelsa deg enn Jesus? Veit du om nokon annan veg til Gud? ”Nei, for all den ting jeg visste kan jeg ei min Jesus miste”. Slik seier songforfatteren det. Slik har ein Jesu disippel det. Jesus er hoved-saken! Jesus er veien, sannheten og livet! Eit liv eg ikkje vil mista. Eit liv eg dagleg får leva over ein open bibel kor Gud talar til meg og heile tida viser meg noko nytt. Guds Ord er ikkje eit ”helsekost-produkt”, men eit ”frelse-kost-produkt”. Det siste ordet står ikkje i ordlista, men tenk over det likevel.

Av Randi Marie Solbakken

Andakt

BØNESPALTA Toralf Steinsland og Svein Bjarne Aase

innviterer til

Påsketur til Israel15.-25.april 2011

For meir info. ta kontakt medSi-reiser eller reiseleiarane.

BE FOR:- Arbeidarane og reiseruta for Haustsemesteret.

- Haustens Storsamling, Haustmøte på Stord.

- Haustfestivalen på Stord.

- Elevane og personalet på Framnes og Bildøy.

- Staben på Helgatun og Brandøy.

”Jeg må ha min Frelser med meg. Gå alene kan jeg ei. Jeg må ha min Frelser nær meg så han lede kan min vei.

Jeg må ha min Frelser med meg. Selv min beste tro er svak.Midt i mørket er han hos meg, vender natten om til dag.”

Page 4: Venen nr.4 2010

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 20104 Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 20104

STORSAMLING FOR HEILE FAMILIEN!

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2010

135 påmeldte barn og unge, konsertar, møter, sommarparty i bassenget, forhandlingsmøte, sosialt samvær, grilling og barne-gospel. Ja, det var eit variert program som stod på plakaten då den årlege storsamlinga til Indremisjonssamskipnaden gjekk av stabelen på Framnes 25.- 27. juni.

Sommarens storsamling starta fredag kveld med konsert i idretts-hallen i Norheimsund. ”Minnest du songen” stod på programmet, og lokale song- og musikkrefter starta årets storsamling på ein fl ott måte. Det var ikkje berre denne kvelden dei dyktige musikarane fekk vist seg fram, for mange av dei var med heile helga og fekk lyfta musikken på ein god måte.

Laurdag var det duka for eit variert program, både for store og små. Dei vaksne starta dagen med opningsmøte. Generalsekretær i ImF, Erik Furnes, var med og hadde bibeltime. Han talte over temaet ”Guds familie”. Deretter var det tid for årsmøte, og dei 114 utsend-ingane fekk ei god oppdatering på korleis det gjekk i arbeidet til Indremisjonssamskipnaden. Nye styrerepresentantar vart også valde, og det nye styret består no av: Edmund Thormodsæter (formann), Bjørn Saghaug, Halvard Wiik, Iren S. Mæland, Kristoffer Tjelle, Birgit Hjelmeland og Torunn Tvedt. Vararepresentantar er: Kåre Stautland, Knut O. Dale og Andreas R. Evensen.

Medan dei vaksne var på forhan-dlingsmøte, var det også dette året duka for eit spanande program for borna og dei unge. Dei alle minste hadde leik og aktivitetar på Framnes. Gjengen i 5.- 7. klasse fekk prøva seg både med bading, tube, ballspel og pil og bue. Ungdommane var for seg sjølv og spelte volleyball og prøvde seg på rollerblades. Seinare på dagen blei dei delt inn i lag og utfordra kvarandre i teambuilding. Bading etterfylgd av ein is og to var det også tid til.

Page 5: Venen nr.4 2010

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2010 5Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2010 5

STORSAMLING FOR HEILE FAMILIEN!

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2010 5

Barneevangelist Jarle Waldemar var også med som forkynnar på stor-samlinga, og var hovudsakleg med på barna sitt program. Laurdag et-termiddag var det barnegospelfest, og Waldemar krydra samlinga med andakt, spanande forteljingar, leikar, trylling og songleikar. Litt tid til øving vart det også, før det var tid for familiekonsert på ettermiddagen. Borna som hadde vore på gospel-fest, pryda no scena med sine fl otte smil. Dei hadde lært songane godt og song for full hals. Jarle Walde-mar trylla, song og heldt andakt. Med sin energi og kreative måte å formidla evangeliet på, klarte han å fenga både store og små.

Programmet heldt fram utover kvelden, og på stormøte var det ikkje mange ledige sete i Idrettshal-len. Også her fekk Erik Furnes gje mykje gjennom si gode forkyn-ning. På programmet stod også eit gjensyn etter 21 år med SSSS-koret under leiing av Olav Skeie Lid og Audun Galtung. Dette vart eit stort høgdepunkt både for dei som fekk vera med i koret og oss som fekk lytta til den fl otte songen. Etter ein lang dag med mykje på plakaten var det mange som etter kvart begynte å sjå fram til nokre timar under dyna. Dette gjaldt sjølvklart

ikkje alle. Ungdommane hadde nemleg meir program igjen. Ung-domskonserten på kvelden vart nok eit høgdepunkt. Arne Opsahl-Engen hadde appell og unge songkrefter fylde hallen med fi ne tonar. Kvelden vart avslutta ute i dei seine nat-tetimar med bålkos og grilling på ”Verdens Ende”. Søndag kom med strålande sol og varme temperaturar i lufta. Dagen starta med bønemøte i bedehusetmed påfylgjande festmøte i Idretts-hallen. Også denne dagen var det mykje folk som hadde teke turen til Norheimsund. Sunnhord-landsmusikken og SSSS- koret var med òg song, og gledde dei mange frammøtte med fi n musikk. Sokneprest Knutsen hadde ei tankevekkande opning, medan Erik Furnes var med å forkynte Guds Ord ut frå sundagens tekst. Jarle Waldemar hadde borna med seg på søndagsskule i bedehuset. Festmøte vart ei sterk samling med ransakande og djuptgripande forkynning, inspirerande og strå-lande song og musikk, masse glade born og foreldre som prega årsmøteforsamlinga. Ja, dette var sanneleg eit festmøte som løfta Sommarens Storsamling til det me

ynskjer det skal vera. Ei storsamling til inspirasjon og glede for alle aldrar.

Etter ein god middag på Framnes var det klart for den siste samlinga denne helga. No var det tid for stor-familiemøte, og både store og små, gamle og unge var samla. Jarle Waldemar var med også her. Han trylla og song, og fekk forkynt Guds Ord på ein engasjerande og levande måte. På dei største samlingane var det om lag 600 samla i Idrettshallen i Norheimsund. I alt kom det inn kr. 180 000,- i offer.

TAKKMe vil takka alle indremisjonslaga i Kvam, og Framnes KVG, hovud-komiteen og alle underkomiteear for fantastisk innsats under Sommarens Storsamling, Årsmøte 25. - 27. juni. Me opplevde det svært godt å koma til Norheimsund og Framnes denne helga. De hadde lagt det fantastisk godt til rette på alle måtar. Tusen takk!

SOMMARENS STORSAMLINGÅrsmøte 2011, vert i Ølen24. - 26. juni. Merk dykk denne helga!

Tekst: Ingrid Heie Foto: Oddvar Pedersen og David Hsu

Page 6: Venen nr.4 2010
Page 7: Venen nr.4 2010

Ragnhild, Marit og Lise Marie Barne- og

Ungdomssida!iee Barne- Ungdomssida!Ungdomssida!

Mitt bibelvers!

Anna Lindahl, Stord,

10. klasse

Salme 188,6Herren er ved min side.

Jeg skal ikke frykte.

Hva kan et menneske gjøre meg?

NY T2-STUDENT / ETTÅRING

Miriam Sakseid har starta opp som T2-student på Bildøy og skal ha praksis i Indremisjonssamskipnaden. Ho er engasjert i barne- og ungdomsarbeidet, mest ungdom, og vil bli å treffa på mange lag, og leirar framover. Me gler oss over å ha Miriam med oss, og bed om Guds rike signing i tenesta. VELKOMEN MIRIAM!!!

LEIRGLIMT

”Tøff nok til å møte mobberne med ett smil!” Sommarleir Brandøy

På Helgatun er det aking heile åretKven tapte? Sommarleir Brandøy

”Fartsfantomet” og ”Kanon med kano!” Active-ten Brandøy

Klarar de å få tusenbeinet opp å gå? Ten-sommar Helgatun

Kveldssamling i hallen, Active-ten Brandøy 1,2,3,4,5 sekund! Minileir Brandøy

Page 8: Venen nr.4 2010

Talar: Rektor på høgskulen Staffelsgate Jan Gossner

Fredag kl.19.30 Møte i Leirvik bedehus Tale: Jan Gossner Husorkester og forsongarar

Laurdag kl.16.30 Møte i Leirvik bedehus Tale: Jan Gossner Tema: For eit djup av rikdom og visdom hjå Gud (Rom 11,33) Song: Praise Him kl.18.00 Kveldsmat i Leirvik bedehus kl.19.30 FESTMØTE i Kulturhuset - Leirvik Leia: Svein Bjarne Aase Tale: Jan Gossner Song: Kjersti Østang Valvatne, Silje og Tore Alvsvåg, Camilla Hallerakar Piano: Tor Østang, Bass: Kjell Magne Fauskanger, Trommer: Tor Helge Valvatne Kveldens gjest: Ragnar Ringvoll Allsongsavdelingar - solosong - intervju m.m.

Sundag kl.11.00 Gudsteneste i Stord kyrkje v/ sokneprest Egil Larsen og Jan Gossner Gudsteneste i Bremnes kyrkje v/ skuleprest Arne Opsahl-Engen

Vidare utover ettermiddagen/kvelden vert det Haustmøte på desse bedehusa: Kl.15.30 Herand bedehus Tale: Solveig Norheim (fellesmøte Herand, Vines, Jondal)

Kl.16.00 Håvik bedehus Tale: Jens Tveit Song: Kristbjørg og Ove Geir Solsvik

Kl.16.30 Jensvoll bedehus Tale: Kåre Johan Hamre Song: Jette Marie og Bjarne Steinsund

Sveio bedehus Tale: Arne Lindekleiv Song: Marit Lindekleiv og Kjellaug Holtermann

Kl.17.00 Fitjar bedehus Tale: Arne Opsahl-Engen Song: Karsten Nesse

Kl.18.00 Husnes bedehus Tale: Liv Rolfsnes og Marit A. Røen

Kl.19.00 Moster bedehus Tale: Ingebrigt Sørfonn Song: Hanne Synnøve Tislavoll

Meling bedehus Tale og song: Aksel Lygre (fellesmøte Meling, Laurhammer, Gilje)

Zoar bedehus Tale: Marit Aadnanes og Ragnhild Nesse Song: Halsnøyrøystene og Ragnhild Nesse

Kl.19.30 Leirvik bedehus Tale: Aksel I. Johannessen Song: Lovsongsbrødrene

Horneland bedehus Tale: Svein Bjarne Aase Song: Heidi Rolfsnes

HAUSTENS STORSAMLINGHAUSTMØTE PÅ STORD

8. - 10. oktober

Tor Østang

Det vert høve til å gi ei gåve til Samskipnaden på alle samlingane.

Song: Kjersti Østang Valvatne, Silje og Tore Alvsvåg, Camilla Hallerakar

Praise Him

Tale: Marit Aadnanes og Ragnhild Nesse Song: Halsnøyrøystene og Ragnhild Nesse

Tor ØstangTor Østang

Kjersti Østang ValvatneKjersti Østang Kjersti Østang Kjersti Østang Kjersti Østang

SiljeAlvsvåg

ToreAlvsvåg

Camilla Hallaråker

Jan Gossner

Page 9: Venen nr.4 2010

HAUSTENS STORSAMLINGHAUSTMØTE PÅ STORD

8. - 10. oktober

Tor Østang

Det vert høve til å gi ei gåve til Samskipnaden på alle samlingane.

TEL STJERNENE, OM DU KAN…

Eg trur det vert nokre nattetimer på oss før me er i mål! Eg trur sant og seia ikkje at Abraham prøvde på det heller. Men han undra seg over det Gud sa meir: ”Slik skal ætta di verta”. (1.Mos.15, ). Var det rart at han undra seg, og drog tanke-full fi ngrane gjennom skjegget? Abraham var gamal, og hadde ingen arvinger. Sara var gamal, og kunne ikkje få born. Abra-ham kasta seg på bakken og lo. Sara lo ”med seg sjølv”, står det skrive. Det vart rett og slett komisk, og utruleg!

Men. Utruleg nok, Abraham trudde det utrulege! Han kjende Gud for godt til å liggja for lenge på bakken! Abraham er då mest kjend for dette skriftordet: ”Abraham trudde Gud, og det vart rekna han til rettferd”.

Så ein vakker dag stod han der med vesle Isak i armane sine, kanskje litt skamfull, men mest jublande glad. Når kvelden kom, tulla han kanskje guten sin inn i eit varmt teppe, gjekk ut og såg opp mot stjernehimmelen igjen.

Tankar under stjernehimmelen

Du forunderlige Gud! Ingenting er for vanskeleg for deg!

”Gjør du som Abraham gjorde, sku blott mot himlen opp!

Mens du da stjernene teller, vokser din tro, ditt håp”.

stjernehimmelen stjernehimmelen stjernehimmelen stjernehimmelenv/ Kåre Steinsund

VARER OG GEVINSTAR TIL JULEMESSENE?Helga 19. - 21. november er det julemesse til inntekt for Indremisjonssamskipnadenpå Bremnes og Tysnes.Dei som planlegg desse viktige julemesse er svært glade for gåver til varesalet og gevinstar til loddbøkene.

Har de noko å bidra med, ta kontakt med:BREMNES:Bjørg Mæland tlf. 53 42 04 23 Liljan Innvær tlf. 53 42 01 82TYSNES:Harald Heie tlf. 53 43 22 09 / 90 97 24 65

VARER OG GEVINSTAR TIL JULEMESSENE?Helga 19. - 21. november er det julemesse til inntekt for Indremisjonssamskipnaden

Jan Gossner

Page 10: Venen nr.4 2010

Reiseruta september og oktober

Den årlege Brandøydagen vart ein stor festdag, og aldri før har så mykje folk vore samla på Brandøy. Nær 400 menneske var på plass då dagleg leiar i Samskipnaden, Svein Bjarne Aase, ynskte vel møtt.

Spesielt helsa han heidersgjesten Sigrun Thormodsæter og varaordføraren i Vindafjord kommune velkomne, og forsamlinga song jublande: ”Dette er dagen som Herren har gjort”. Ragnhild Fagerheim las frå salme 40 før ein stor fl okk born gjekk til eiga samling i aktivitetshallen saman med Lise Marie Litlabø og Ragnhild Nesse.

Soknepresten i Etne, Per Hjemdal, talte over teksten for dagen om ”Ordets makt og kraft”. Inspirert peika han m.a. på at utan ord ville menneska vore som dyr. Ord gjer at me kommuniserer, tenkjer og forstår, men me brukar diverre orda på mange måtar som ikkje er berre til glede. - Gjennom heile livet er det ein kamp om kommandoen over roret som styrer skipet, vår vilje - og kvar og ein er sjølv kaptein på det skipet. Han slutta med å peika på at det er nåden som skal seia oss rettferdige. - ”Jesus er Ordet! Lev i samfunn med Jesus!” Songgruppa ”Decor” frå Bømlo gav vakker song fl eire gonger i løpet av dagen, og ”husorkesteret” for dagen vart leia av Simon Madsen.

MedaljeutdelingaSvein Bjarne Aase sa at å ”beskriva” Sigrun med ord er uråd. ”Du betyr så uendeleg mykje. Du er ein stor tenar i Guds rike - du kjem så stilt og oppof-rande med alt!” Før sjølve utdelinga av medaljen, vart det synt ein biletkaval-kade om Sigrun frå lita jente og fram til i dag. Varaordføraren i Vindafjord, Marit Aga Hustveit tok seg så av den høgtidelege handlinga,

og bar fram varme og gode ord til Sigrun. Ho las statuttane som må oppfyllast for utdeling av kongens fortenstmedalje, og Sigrun fyller krava.

Varaordføraren drog fram kjennskap til Brandøy og Sigrun gjennom alle dei gongene kommunen hadde nytta staden til kommunale konferansar og møte. Ho kunne også sjå tilbake til eigne leiropplevingar ho hadde fått med seg som barn, og peika på den ”ramma” Sigrun la rundt det heile med måten ho var på. Varaordføraren over-rekte så diplomen frå kongen, og festa medaljen på Sigrun. Det var ei mektig og gripande stund for heile forsamlinga, og det vart avslutta med at represen-tantar for leirdeltakarar kom i lang rekke og gav Sigrun roser.

Sigrun var overvelda, og takka med velvalde ord der ho m.a. sa ”Det er berre så alt for mykje, eg synest ikkje at eg fortener dette!” Ho tok vidare fram glimt frå dagar på Brandøy, og skildra utfordringar i muntre ordlag.Harald Innvær, medlem i Brandøy-styret i 20 år, helsa Sigrun, og sa m.a.: ”Det er fantastisk å sjå kva som har skjedd på Brandøy dei åra du har vore her. Det har ikkje berre vore eit arbeid for deg, men eit kall!” Sven Bjarne Aase sa til heidersgjesten:” Du er ei gåve frå himmelen!” Arbeidar i Samskipnaden i mange år, Kåre Steinsund og kona Berit, hadde sendt ei fi n helsing til høg-tida. I pausen før ettermiddagsmøtet vart det servert betasuppe, pølser, kaffi og kaker til den store forsamlinga.

FamiliemøteLeirlivet er ein stor og viktig del av Sam-skipnaden sitt arbeid, og ettermiddags-møtet tok til med ein biletkavalkade frå leirar på Helgatun og Brandøy gjennom heile året. Barnekoret ”Shine” frå Leirvik deltok med fi n song. I tillegg song og ei stor gruppe born. Liv Rolfsnes tala om Peters fi skefangst. - Utstyrt med fi ske-stong og caps, ”bak fram for å vera tøff” - som ho sa, så engasjerte ho både store og små. Ho understreka Jesu ord: ”Fylg meg, så skal eg gjera dykk til men-neskefi skarar!” Og ho tala om rett agn på kroken og om å invitera andre til å vera med å fi ska menneske. Etter song-en ”Min båt er så liten” sa ho at Jesus skal styra oss til himmelen, men og til plassar for menneskefi ske her i livet.

Per Kjerpeseth og John Morten Espevik vart takka med blomar for stor innsats i mange år i Brandøystyret. Marit Ådnanes som leia ettermiddagsmøtet introduserte Miriam Sakseid som skal vera 1-åring i Samskipnaden dette året. Miriam er student på Bildøy, og har Samskipnaden som praksisplass. Miriam helsa med ord frå Ef. 6,12, og sa at me var medsoldat-ar, og at det var viktig å vera på rett side i striden.

På Brandøydagen kom det inn i kollekt: kr. 35.000 til Indremisjonssamskip-naden, og kr. 24.000 til Brandøy.

Jens Tveit

Kongens fortenstmedalje i sølv til Sigrun Thormodsæter

Sjå fl eire bilete påwww.indremisjonen.no!

Sjå fl eire bilete påSjå fl eire bilete påSjå fl eire bilete påwww.indremisjonen.no!www.indremisjonen.no!

Page 11: Venen nr.4 2010

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2010 11

Svein Bjarne Aase 01.-03.09. Sunnhordlandstreff, Helgatun05.09. Borgundøy05.09. Tofte22.09. Brandøy, leirstedskurs29.09. Bømlo01.-03.10. Med Moster IM til Brandøy08.-10.10. Haustmøte, Stord10.10. Horneland13.10. Høylandsbygd20.10. Sveio22.10. IMS styremøte27.10. Stranda29.-31.10. Haustkonferanse, Helgatun

Kåre Johan Hamre 03.09. Samnanger07.-09.09. Bjoa11.09. Herand12.09. Lothe og Alvsaker15.09. Neset16.-19.09. Sunde20.-23.09. Granvin29.-30.09. Børsheim01.10. Samnanger02.-03.10. Fosse04.10. Granvin05.-07.10. Sandvoll09.-10.10. Haustmøte, Stord10.10. Uggdal13.-17.10. Nordtveitgrend17.10. Os18.-21.10. Granvin27.-28.10. Bogøy29.-31.10. Haustkonferanse, Helgatun

Liv Rolfsnes 03.-5.09. Kvinnehelg, Brandøy12.09. Framnes24.-26.09. Utåker26.09. Uskedalen01.-03.10. Omvikdalen09.-10.10. Haustmøte, Stord10.10. Husnes22.-24.10. Tofte24.10. Borgundøy

Marit A. Røen 03.-05.09. Kvinnehelg, Brandøy05.09. Fitjar12.09. Norheimsund24.-26.09. Gilje09.-10.10. Haustmøte, Stord10.10. Husnes16.-17.10. Varaldsøy31.10. Stord

Marit Ådnanes 10.09. Basar, Gilje11.09. Gilje12.09. Laurhammer17.-19.09. LIS-weekend, Solgry22.09. Norheimsund23.-24.09. Voss30.09. Ølensvåg Yngstes04.-10. Laurhammer06.10 BUR08.10. Husnes Nattcafè09.-10.10. Haustmøte, Stord10.10. Tofte19.10. Jondal19.-21.10. Framnes27.10. Sagvåg Ope Hus29.10. Tysnes Ope Hus

10.10. Sveio16.10. Skånevik, basar21.10. Husnes24.10. Husnes27.-28.10. Åkra

Solveig Norheim 10.10. Jondal

Aksel Ingvard Johannessen 19.-19.09. Ølensvåg01.-03.10. Uggdal09.-10.10. Haustmøte, Stord10.10. Stord22.-24.10. Jondal23.10. Herand

Nils M. Rydland 22.-23.09. Børtveit og Mehammer24.10. Gilje

Jostein Skutlaberg 05.09. Os21.09. Auklandshamn22.09. Sveio23.-26.09. Sagvåg

Andreas Evensen 17.-19.09. Håvik

Tor Ingv. Lauvrak 21.-23.09. Huglo24.-26.09. Stord

Karl Johan Halleråker 24.09. Samnanger26.09. Norheimsund

Leiv Nesheim 29.09.-03.10 Rubbestadneset

Helga Hausken 03.-05.09. Kvinnehelg, Brandøy

Kjetil Fyllingen 12.09. Horneland

Aud Karin Kjølvik 29.-31.10. Haustkonferanse, Helgatun

Roald Evensen 26.-27.10. Omvikdalen28.-31.10. Uskedalen

Karl Einar Tvedt 03.10. Horneland31.10. Håvik

Aksel Lygre 10.10. Meling21.10. Husnes

Edvard Thormodsæter 22.-24.10. Laurhammer

Ingebrigt Sørfonn 10.10. Moster

Jostein Angeltveit 21.09. Minimax, Bømlo20.10. Gilje Yngstes

Merete Solås 23.09. Leirvik Juniorving

Nina A. Larsen 14.09. Uggdal YA

Norvald Ådnanes 21.09. Laurhammer Yngstes23.10. Dåfjord

Reiseruta september og oktoberLise Marie Th. Litlabø 07.09. Huglo ving21.09. Auklandshamn YA22.09. Leirvik24.09. Fredagskafe Foldrøy26.09. Langevåg09.10. Haustmøte19.10. Åkra Ving20.10. Uskedalen20.10. Vines21.10. Odda26.10. Sagvåg27.10. Sagvåg B:Kids28.10. Sagvåg Torsdagsklubb

Ragnhild Nesse 02.-03.09. Eikelandsosen05.09. Framnes10.09. Ekstremt Gøy10.09. Tofte, I 100 klubben11.09. Moster17.-19.09. LIS-weekend, Solgry22.09. Norheimsund 23.-24.09. Voss03.10. Jondal Ving06.10. BUR08.10. Langevåg UFO09.-10.10. Haustmøte, Stord10.10. Tofte 15.10. Odda Ichtys16.10. Gilje IUF17.10. Hiskjo19.10. Jondal19.-21.10. Framnes

Miriam Sakseid 01.-02.09 Helgatun03.09. Leirvik UKS04.09. Leirvik IUF07.09. Huglo Ving10.09. Halsnøy11.09. Huglo 30.09. Klubben Fitjar14.-16.10. Haustfestival Leirvik19.-21.10. Framnes27.10. Sagvåg29.10. Odda Ichtys30.10. Fitjar Ten Treff

Toralf Steinsland 19.09. Etne23.-26.09. Øvrebygda

Arne Opsahl-Engen 23.09. Husnes09.-10.10. Haustmøte, Stord10.10. Gudsteneste Bremnes10.10. Fitjar29.-31.10. Haustkonferanse, Helgatun

Jens Tveit 05.09. Uggdal23.-26.09. Bømlo09.-10.10. Haustmøte, Stord10.10. Håvik21.-24.10. Osterneset29.-31.10. Moster

Arne Lindekleiv 05.09. Husnes23.09. Husnes26.09. Moster02.10. Husnes06.10. Sætre

Page 12: Venen nr.4 2010

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 201012

B-BLADReturadresse:

Indremisjonskontoret

Postboks 150 - 5401 STORD

Returadresse:

Indremisjonskontoret

Postboks 150 - 5401 STORDPostboks 150 - 5401 STORDPostboks 150 - 5401 STORDPostboks 150 - 5401 STORD

www.indremisjonen.no

KVINNEHELG15. - 17. oktoberTalar og leiarar: Annbjørg Barane, Birgit Hjelmeland, Solveig Norheim og Anny Berge.Påmelding: HelgatunTlf. 56 51 98 98 eller [email protected]

HELGATUN

KVINNEHELG

LIS-WEEKEND for leiarar i ungdomslag

17. - 19. september på Solgry

Marit Ådnanes, Ole Thommas Fidjeland, Roald Kvam,

Odd Arild Sævik, Kjetil Fyllingen, Ragnhild Nesse

og VKU Lovsongsteam.

Arr: IMS og NLM

Påmelding: Indremisjonskontoret tlf.53 41 07 04

eller [email protected]

HAUSTFESTIVAL FOR UNGDOMLeirvik bedehus, torsd.14. - laurd. 16. oktober8. klasse til unge vaksneDagtid: Aktivitetar, seminar, lovsong- og bønesamling.Kveldstid: Ungdomsmøter, kafe, konsert m.m.For meir info. ring Miriam Sakseid på 97 01 44 35, eller søk på facebook: ”Haustfestival 2010”

Talar og leiarar: Annbjørg Barane, Birgit Hjelmeland, Solveig Norheim og Anny Berge.Påmelding: HelgatunTlf. 56 51 98 98 eller [email protected]

DUGNADSHELG PÅ BRANDØY!

15. - 17. oktober

Påmelding: Indremisjonskontoret

Tlf. 53 41 07 04 eller [email protected]

DUGNADSHELG PÅ BRANDØY!DUGNADSHELG PÅ BRANDØY!

Din lokale kristne forhandlar

www.sunnbok.noTlf.: 53 41 20 01

GÅVE TIL JULEMESSENEHar du gåver/varer tilJulemessene? Sjå annonse side 9 og ta kontakt.

GÅVE TIL JULEMESSENE

"Det er songen om Jesus

som har vore min song

så og seia heile livet........”

Kåre Steinsund

Alt overskot frå salet går til "Åpne Dører" sitt arbeide for forfulgte kristne i mange land.

GÅVE TIL JULEMESSENE

SJÅ VÅRT FANTASTISKE LEIRTILBOD PÅ HELGATUN OG BRANDØY PÅ SIDE 7

HUSK DAMEHELGPÅ BRANDØY

11. - 13. FEBR 2011

HUSK DAMEHELG

SJÅ VÅRT FANTASTISKE