12
ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 01 - 2013 Herren velsigne deg og vare deg! Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig! Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred! 4. Mos. 6, 24-26

Venen nr. 1 2013

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Indremisjonsvenen

Citation preview

Page 1: Venen nr. 1 2013

1Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2013

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN01 - 2013

Herren velsigne deg og vare deg!Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig!Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred!

4. Mos. 6, 24-26

Page 2: Venen nr. 1 2013

Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.

Me har passert nyttår, og er allereie godt inne i år 2013 etter Kristi fødsel. Ved eit slikt årsskifte er det naturleg for dei fleste å sjå både bakover og framover; kva har me gjort, kva har skjedd, korleis har året vore, kva ynskjer me i det nye året, kva har me bestemt oss for å gjere, osv. Ei slik filosofering kan gjere oss glade, eller kanskje me vert triste for noko me har opplevd i året som ligg bak. Vår Herre har ikkje lova oss berre solskinsdagar, men han har lova å vera med oss gjennom alt me møter på vår ferd. Me skal sleppe å bekymra oss for morgondagen. Ser me på utviklinga rundt oss, i vårt moderne velferdssamfunn, er det grunn til både glede og sorg. Me kan gle oss over store framsteg på mange områder. Samstundes er det viktige forhold i vår samfunnsutvikling som etter mi meining går i feil retning.

Tidleg i januar la regjeringa sitt trus- og livssynsutval fram si innstilling. Utvalet sitt mandat var å gjennomgå staten sin trus- og livssynspolitikk, og fremja forslag som kan bidra til å skapa ein meir heilskapleg politikk på området. Innstillinga har fleire dramatiske og kon-troversielle forslag som vil fjerna kristendomen og vår kristne arv sin plass i det offentlege rom. Det er leit å registrera dei mange forslaga som med eit pennestrøk vil endra det som er bygd opp gjennom generasjonar.

Kvar er så Indremisjonssamskipnaden, som fri og sjølvstendig organisasjon, sin plass i eit sekularisert og verdinøytralt samfunn? Vil ein snart 150 år gamal organisasjon ha ein funksjon i eit moderne samfunn? Vil Indremisjonssamskipnaden klare seg gjennom nye tiår, og oppleva å bli 175 år? Ja, Indremisjonen vil ha ein funksjon i eit moderne samfunn! Ja, Indremisjonen vil klare seg gjennom nye tiår! Kvifor? Jau, fordi me formidlar ordet om det urgamle kors! Me formidlar det ordet som skal bestå til evig tid, me formidlar Jesu ord om tilgivelse, om frelse, og om frihet.

Regjeringer blir innsett og regjeringer går av. Politikarar vert stemt inn og politikarar vert stemt ut. Utval blir oppretta og utval vert nedlagde. Vårt framtidige samfunn, vårt fram- tidige Norge vert ikkje berre til av vedtak, det vert til av korleis du og eg formar det, korleis du og eg påverkar våre omgjevnader med Jesu sinnelag. Og så kjenner me samstundes Jesu ord til Pilatus; “Mitt rike er ikkje av denne verda.”

Om du forkynner Guds ord, om du er leiar eller medarbeidar i lokalforeining eller ung-domsforeining, deltek du som leirarbeidar , om du har din plass i benkeradene på bede-huset, eller kanskje no er forhindra frå å gå på bedehuset; du er viktig i Guds rike! Du er viktig for Jesu ords plass i vårt samfunn! Ordet om det urgamle kors.

”Jag vill älska det urgamla kors. I dess kraft skall jag segrande gå. Jag omfamnar det heliga kors tills jag segrarens krona skall få.”

Layout: Jan-Ove FagerheimTrykk: Haugesund Bok og Offset A/SRed.: Guri BjørnevikIndremisjonssamskipnadenPostboks 150, 5401 STORDTlf.: 53 41 07 04Fax: 53 41 27 40Postgiro: 7877.08.43366Bankgiro: 8220.02.80454Kontortid: 09.00 – 15.00Heimeside: www.indremisjonen.noE-post: [email protected]

Samskipnadsstyret:Edmund Thormodsæter, formannHalvard Wiik Hans Arne BørsheimBirgit M. Hjelmeland Marit Lindekleiv Kristoffer TjelleTorunn TvedtVaramedlemmar: Kåre Stautland Anne Marie SolsvikAnfinn Økland

Helgatun5713 VOSSESTRANDTelefon: 56 51 98 98Telefax: 56 51 98 99Bankgiro: 8220.02.80497Styrar: Solveig NorheimHeimeside: www.helgatun.no

Brandøy5584 BJOATelefon: 53 76 98 81Bankgiro: 8220.02.80470Husmor: Sigrun Thormodsæter

Framnes KVGS5600 NORHEIMSUNDTelefon: 56 55 05 00Telefax: 56 55 13 92Bankgiro: 8220.02.80292Rektor: Harald VosterHeimeside: www.framnes.vgs.no

SunnBokPostboks 23, 5401 StordTelefon: 53 41 20 01 www.sunnbok.no

Leiar“Jag vill älska det urgamla kors”

Hans Arne BørsheimStyremedlem IMS

Indremisjonssamskipnaden

Ynskjer du å gi ei gåve til Indremisjons-samskipnaden, kan du senda den til konto 8220.02.80454. Då går gåva direkte til Samskipnaden.

Dersom du ynskjer skattefrådrag på gåva må den sendast til konto 8220.02.80632 og merkast med ditt personnummer og ”Gåve til Samskipnaden”.

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar

og gjevarteneste pr. 31. desember

Hittil 2012

4 202 459

Hittil 2011

3 896 766

Bu

dsjett 2012

4 015 000

0

500 000

1 000 000

1 500 000

2 000 000

2 500 000

3 000 000

3 500 000

4 000 000

4 500 000

Page 3: Venen nr. 1 2013

3Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2013

Styrkt ved nåden”Det er godt at hjarta vert styrkt ved nåden” Hebr 13.9

Eg høyrde nyleg ein som fortalde følgjande: I gutedagane skulle han sjå til veslebroren medan dei hadde misjonsforeining heime. Dei to gutane vart plasserte på eit anna rom for ikkje å uroa. Veslebroren vakna fleire gonger. Det var mørkt og rommet ukjent, så når han såg seg ikring, vart han redd og byrja å gråta. Men når han feste augo på storebroren sitt kjende andlet, vart han roleg att. Slik skifte det fleire gonger.

Kanskje kjenner du òg deg att i dette. Vi ser på oss sjølve og prøver å døma om vår eigen tilstand – og hjarta vert redd og uroleg. Snart er det synder og forsøming som melder seg – og i neste augneblink kjenner ein på sjølvros og eigenrettferd.

Å styrkja hjarta ved nåden trur eg handlar om dette: Å gripa tak i lovnadene i evangeliet. Kor mange gonger har eg ikkje opplevt at eit ord frå Bibelen gav trøyst og mot, fordi trua på nytt fekk kvila i nåden.

I boka ”Steingrunnen” av Bo Giertz seier presten Lindér til ein embetsbror: ”Og mitt eget stakkars hjerte styrker jeg hver dag ved forsoningens kilde”. Er ikkje det eit flott program!

”Så ver då sterk, son min, ved nåden i Kristus Jesus”. 2. Tim 2.1

Av Kåre Johan Hamre

Andakt

BØNE SPALTA BE FOR:- Ny dagleg leiar i IMS- Skiweekendane på Helgatun- Barneleirane på Brandøy- Damehelga på Brandøy - Vintermøta på Bremnes og Horneland- Arbeidarane i IMS, på Brandøy, Helgatun og Framnes- Økonomien i IMS- Sommarens storsamling: Årsmøtet i juni

Vårtreff på Brandøy! ....for oss over 60Du er hjarteleg velkommen til Vårtreff på Brandøy frå måndag 29. april til torsdag 2. mai. Brandøy er ei perle som ligg midt i Guds store skaparverk, omgitt av fjord, fjell og skogkledde lier. Her finn ein fred og ro, og ein finn kvile for kropp og sjel. Vi har samlingar om Guds ord, forbøn og vitnemål, det vert blåtur og gode stunder i matsalen. Dette året òg vert Det norske Misjons-selskap i Karmsundområdet med oss. Vi håpar mange ynskjer å vera med til Brandøy desse dagane.

Prisar (alle får oppreidd seng):Enkeltrom………. kr. 2.300,-Dobbeltrom…….. kr. 1.900,- pr. person

Påmelding til: Indremisjonskontoret - Tlf. 534 10704

Page 4: Venen nr. 1 2013

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 20134

Foto

: ww

w.st

ordn

ytt.

Julemessa på Bremnes 2012

Dette var Julemesse nr. 29, så neste år blir det jubileum!

Lovsangsbrørne frå Stord var med og song på fredagskvelden. Talar var Nils Håkon Urangsæter som også tala på bibeltimen lørdag. Etter bibeltimen var det åpna for salg av varer og graut.På familiemøtet lørdag tala Linn Merete Urangsæter Peducassè. Her song Decor frå Gilje. På matsalg, varesalg, åresalg og hovedtrekking kom det inn til saman over kr. 150.000,-. I tillegg kjem salget til SunnBok.

Takk til alle som bidrog med lodd og varer.

Margit Fure til minne Eg fekk ein telefon frå Bømlo no ein dag. Det var Aud Lønning som kunne fortelja at Margit Fure var flytta heim til Gud, 87 år gamal. Dagen var 21. desember.

Ikkje så rart at det var Aud som ringte. Ho og Margit var det me i dag ville kalla eit ”radarpar” i Indremisjonssamskipnaden i heile 37 år. I denne tida reiste dei mange år som sangevangelistar, fekk oppleva å leia mange, både unge og eldre, til Jesus. Dei var og saman på indremisjonen sitt hotell på Stord, Grand, og på Brandøy Ungdomsheim i pionertida.

No har altså Margit nått sitt store mål, og det er underleg å tenkja på for oss som var medarbeidarar i mange år.

Margit var frå Fure på det forblåste Stadlandet. Storm og uvær hadde nok lært ho å ha føtene godt planta på jorda, også i overført åndeleg meining. Margit var stø og myndig, og ho var ikkje redd for å heisa flagg i alle situasjonar. Men det var ikkje alltid så langt til tårene heller. Ho hadde nød for folket, både unge og eldre, og brann for at dei alle måtte verta frelst.

Etter tida i Samskipnaden, flytta Margit attende til heimtraktene sine, og dreiv pensjonat i Leikanger på Stadlandet.

Dei siste åra har ho vore svært aktiv med hjelpesendingar til Russland. Ho fekk reisa dit og oppleva ein ufatteleg nød og fattigdom. Dette løyste ut ein stor trong hos Margit til å hjelpa. Like til dei siste dagane pakka ho julegåver og nødhjelp til folket der aust.

Men no var arbeidsdagen slutt. Ein trufast slitar er komen heim til kvila hos Gud. Me takkar for venskap og kjennskap, og lyser fred over Margit sitt minne. Kåre Steinsund

Page 5: Venen nr. 1 2013

5Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2013

Foto

: ww

w.st

ordn

ytt.

Alt var nyttig og relevant

Me er komne til siste måltidet under BULK, og eg tar ein prat med Inger-Elin Nesheim om hennar oppleving av BULK.

Kva sit du igjen med etter helga? - Følelse av samhold. Det er ein styrke at me som held på med det same får treffast. Mest av alt er eg blitt utfordra på å utvikla meg og arbeidet. Alt var nyttig og relevant. Det er utfordrande å gå inn i rommet der eg skal tenkja nytt og kreativt, og der eg også skal sjå på min eigen praksis utanfrå med eit overordna blikk. Kva held eg på med? Det er bra for ein barne- og ungdomsarbeidar å reisa på BULK for å bli inspirert og motivert, fortel Inger-Elin. Det er bra å læra noko nytt og bli oppmuntra til vidare innsats. Kva kan du gjera for at helga ikkje berre skal bli eit «blaff», altså halda det du har lært ved like? - Eg kan snakka med dei andre som var her. Vidare kan eg kikka på notater, og friska opp det eg lærte. Eg ynskjer også å setja meg konkrete mål. Til dømes ynskjer eg å bruka tid i bønn før kvar gong eg skal dela Guds ord. Eg ynskjer å vera hundre prosent sikker på at eg har noko å gi, og eg ynskjer å vera fokusert på oppgåva, avsluttar Inger-Elin.

«Me var der liksom»Marit Hårklau Ådnanes

Me er på forteljarkurs på Barne- og ungdomsleiarkonferansen (BULK) på Brandøy 19.-20. januar. Latteren sit laust, og mange blir utfordra på å overstiga sine comfortsoner. Her skal me ut på golvet å fortelja. Rundt 70 ungdomar og vaksne er med på forteljarkurset. No skal me setja oss godt inn i ei bibelforteljing. Fortel den på eitt minutt! På eit halvt minutt! Finn ut kva som er det viktigaste i forteljinga, utfordrar kursleiar Birgitte Bjørnstad Sæbø oss på. Deretter skal me vera ein av hovudpersonane i bibelhistoria. Fortel med eigne ord korleis du trur Peter opplevde å gå på vatnet, kva kvinna som vaska Jesu sine føter med tårer følte… Fleire uttrykte etterpå at det var bra å setja seg inn i historia på denne måten. «Me var der liksom».

Thore Søvik hadde bibeltimane med temaet «ditt potensiale i Gud». Ditt potensiale ligg ikkje hos deg, men hos Gud, seier Thore. Ditt potensiale i Gud er fridom. Kanskje må du også slutta med ting for å nå ditt potensiale i Gud; leva meir nær til Han og Hans Ord. Hugs at ditt potensiale er så utruleg mykje større enn du trur. Gud vil at ditt bedehus skal voksa – meir enn du vil. Gud vil at dine venner skal bli frelst – meir enn du ynskjer det.

Søvik hadde også eit tema som heitte «Dødskjedelege møter eller ikkje?». Statistikk seier at 60 % av barn mellom 10-12 år misser trua si. Deretter er det 60 % som misser trua si i 18-19 års alderen. 90 % av engasjerte kristne blir kristne før fylte 19 år. Mange opplever det kjedeleg å gå på møte. Me kan unnskylda oss med å seia at «me skal ikkje underhalda på bedehuset heller», og dermed ikkje leggja vårt beste ned i møta. Dersom me vil ha eit anna resultat i morgon, må me gjera noko anna i dag, utfordrar Søvik. Dessutan tyder «kjedeleg» ofte at møta og forkynninga opplevest lite livsnær. I FRIK, ungdomsarbeidet Søvik sjølv er med og driv, har dei fem verdiar: - Me vil vera radikale i det me gjer. - Me skal vera brukarvennlege og livsnære. - Me skal vera ungdommelege. - Me skal vera stolte. Det skal aldri vera flaut å invitera med seg ein venn. - Det skal vera ein ærekultur. Me vil æra Gud med det beste.

Praten gjekk livleg i pausane under BULK. Laurdag kveld fekk me eit uformelt møte med Thore Søvik der han fortalte frå oppveksten og livet sitt. Etterpå vart det ei flott delestund, før det var klart for kake- og dessertbord. Både ungdomar og vaksne spelte volleyball til langt på natt i gymsalen, medan andre kosa seg i peisestova.

Barne- og UngdomsLeiarKonferanse

Lansering av Guttogjente.no - Ny kristen seksualveiledningsside for ungdommer“Det er et behov for en veiledningstjeneste for kristne ungdommer i Norge i dag. Vi tror at GuttogJente.no vil svare på dette behovet. I dagens mylder av seksualveiledning tror vi at mange ungdommer kommer til å oppleve at GuttogJente.no vil hjelpe dem på en avgjørende måte i deres valg og holdninger rundt sex og samliv,” sier Anders Mellingen, daglig leder i GuttogJente.no.

Inger-Elin bur på Halsnøy, og er på BULK for fyrste gong.

Page 6: Venen nr. 1 2013

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 20136

Lise MarieJohannes MaritAdventsleirar på Brandøy

Det vart avvikla to adventsleirar på Brandøy like i inngangen til adventsida. 24.-25. november var det Miniadventshelg for 2.-4. klasse og helga etter var det Adventshelg for 5.-7. klasse. Begge leirane var nær fullteikna, og det var stort engasjement frå morgon til kveld! Me hadde trivelege måltid saman, leik og aktivitetar, juleverkstad og fine samlingar der me fekk læra meir frå Bibelen. Det var godt å få fokuset retta mot Jesus på veg inn i advent, slik at små og store vart minna om kvifor me eigentleg feirar jul.

På Miniadventshelga fortalde Olaug Fagerheim om fleire av symbola me brukar i jula, om julestjerna og lysestaken, og me fekk òg høyra om julehjarta. På Adventshelga fekk me høyra om korleis det å sjå på Jesus, og høyra om han, gjer at me kan ”sjå oss frelst og høyre oss frelst”. Dette vart fortalt gjennom forteljinga om Israelsfolket og koparslangen, og det som står i Johannes 3.

Sidan det nærma seg jul hadde me juleverkstad med høg presang-faktor. Det var nok mange heldige foreldre og besteforeldre som fekk heimelaga julegåver. Det vart mellom anna produsert fine bilete, vesker, fyrstikk- esker, peparkaker, krus og kort i mengder.

Alt i alt to flotte leirar! Flotte deltakarar! Og flotte leiarar! Takk, og velkommen igjen!

Page 7: Venen nr. 1 2013

7Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2013

Johannes

IngfridMarit Kjetil

«Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!» - Matt 11,28 -

David Holm Grasdal15 år, Stord

Mitt bibelvers!

Ungdomshelg på Helgatun

Andre helga i advent var det klart for Ungdomshelg på Helgatun. 33 deltakarar, pluss seks leiarar fekk ei fantastisk helg saman. Me fekk god tid til å boltra oss med leikar, juleverkstad og anna kos. Mange syntes også det var godt å berre sitja stille (og lenge) rundt lyskorset me hadde laga til laurdag kveld då det var tid for andakt og delestund.

Vegard Soltveit frå ImF-ung var med som bibeltimehaldar med temaet «YOLO», som er forkortinga for «You Only Live Once» - du lever berre ein gong. Kva ynskjer du å bruka tida på medan du er her på jorda? Me vart spesielt oppfordra til å tenkja «I DAG». Ikkje utset bibellesinga eller andre ting til i morgon – gjer det i dag!

På Helgatun for fyrste gongMarit Hårklau Ådnanes

Me er på Halhjemsferja søndag 9. desember. Ein glad, men litt søvnig gjeng sit benka rundt borda. Me er på veg heim frå Ungdomshelg på Helgatun. Her får eg ein liten prat med søstrene Esther Andrea (t.v.) og Linda Sophie Babunga Johnsen (t.h.) som har vore på Helgatun for fyrste gong. Her har dei hatt det «koselig, gøy og spennande». Det var spesielt kjekt å treffa nye vener. - Me hadde kjekke og sosiale leikar, - og så var det fantastiske senger, fortel dei.

Kva sit de igjen med etter leiren då? - At me skal leva i dag, seier Linda kontant; ikkje for i går eller i morgon. I morgon finst ikkje og i går finst ikkje lenger, seier Esther.

Kva betyr det for deg?- Å lesa i Bibelen litt oftare, og søkja Gud litt meir, fortel Linda. – Eg prøve å lesa i Bibelen om kvelden, viss eg ikkje legg meg veldig seint då.

Vil de reisa til Helgatun igjen?- Eg har i alle fall tenkt det, seier Esther. Eg har lyst å reisa på skiweekend.- Ja, så absolutt, kjem det frå Linda.- Eg gler meg litt til å koma heim og sjå mamma og pappa igjen, seier Esther. - Eg hadde hatt lyst til å vore på Helgatun litt len-ger, avsluttar Linda.

Page 8: Venen nr. 1 2013

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 20138

Bygda er Eiken og me er samla i bede- huset, eit praktfullt og romsleg bede-hus av nyare dato. Bedehuset er ein viktig samlingsplass for barn, unge og eldre, og det er mykje i bruk.

Ei gruppe unge elevar frå Bildøy bibel-skole med Edvard Foss i spissen er på den årlege sørlandsturneen, og me i styret for Bibelskulelaget får servera dei litt mat, og vera saman med dei ei stund før ungdomsmøtet tek til. Berre dette er til å gråta nokre gledestårer for, at bibelskulen vår fyllest med ung-dom anno 2012!

Det nærmar seg møtetid, og ein og annan ungdom finn seg ein plass inne. Etter kvart strøymer det på! Dørene til neste sal må opp og fleire stolar må hentast. Det er nesten så eg måpar der eg sit bakerst ved veggen. Veit at det er lenge sidan eg har opplevd det slik. Ca 200 unge på bedehuset! Ikkje bråk, ikkje politi eller dørvakter, berre ei stille forventning om det som kjem. Me i styret er berre med på starten av møtet for å overrekka ein sjekk til Bibelskolen, og for å presentera laget. Men når eg står der på podiet og ser denne fine ungdomsflokken, då kjenner eg at tårene pressar på! Takk Gud at dette verkeleg er sant i 2012!

Vandring i bedehusland

Ofte spør me, og med rette: Kvar er dei unge? Mange stader må dei oppleva at flokken på bedehuset vert eldre og eldre, og dei unge går andre vegar. Difor er det så stort å oppleva slike stunder av håp. Og for all del: Ta godt i mot dei unge når dei kjem, og vis at de er glade i dei!

Og til deg som har teke i mot kallet til å vera leiar for barna og dei unge: Må Gud velsigna og styrkja deg i ei stor og viktig teneste!

v/ Kare Steinsund

Då kom tårene...

o

Velkommen til SOMMARENS STORSAMLING - ÅRSMØTE i Norheimsund/Framnes 21.-23. juni

Vi vil minna om og ynskja alle velkomen til Som- marens Storsamling - Årsmøte 21.-23. juni. Dette året er det indremisjonsforeiningane i Norheimsund, Øystese og Tørvikbygd, i tillegg til Framnes, som har tatt på seg arbeidet med å leggja til rette for samlin-gane. Gunnar Elstad vil vera med som hovudtalar og Tore Tomassen vert med og har barneopplegget.

Set av helga allereie no og legg turen til flotte sam-lingar i Norheimsund! Detaljert program vil koma seinare.

Velkommen på FAMILIELEIRAR - Helgatun og Brandøy Frå 5. - 9. juli vert det familieleirar på Helgatun og Brandøy. Vi ynskjer alle velkomen til å vera med å dela rike dagar saman. Her vert det bibelsamlingar og barnesamlingar, god mat og god prat, song og leik, aktivitetar og fritid.

Ta med deg heile familien og kom!

Påmelding til: IndremisjonskontoretTlf. 534 [email protected]

Page 9: Venen nr. 1 2013

9Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2013

BRANDØY JANUAR: 18. Leirleiarfest 19.-20. BULK Barne- og ungdomsleiarkonferanse

FEBRUAR: 08.-10. Brandøytreff leir tilrettelagt for vaksne utviklingshemma 15.-17. Damehelg 25.-28. Vinterleir 5.-7. klasse

MARS: 08.-10. Yngsteshelg 2.-5. klasse 23.-25. 22.-26. Påskefestival 8. klasse og oppover

APRIL: 12.-14. Juniorhelg 4 – 9 år m/følge 29.-02. Vårtreff …for oss over 60….. MAI: 31.-02. Dugnadshelg for heile familien

JUNI: 25.-27. Minileir 2.-5. klasse 28.-01. Sommarleir 5.-7. klasse

JULI: 05.-09. Familieleir

AUGUST: 08.-11. Active-ten 8. klasse og oppover 18. Brandøydagen

SEPTEMBER: 06.-08. Kvinnehelg

OKTOBER: 25.-27. Yngsteshelg 3.-5. klasse

NOVEMBER: 01.-03. Ten-helg 8.-10. klasse 08.-10. Dugnadshelg for heile familein 15.-17. Hausttreff 10.klasse og oppover 30.-01. Miniadventshelg 2.-4. klasse

DESEMBER: 06.-08. Adventshelg 5.-7. klasse

HELGATUN FEBRUAR: 08.-10. Skiweekend 1. vg. og oppover 15.-17. Skiweekend 8. klasse – 1. vidaregåande 22.-03. Vinterferieopphald

MARS: 22.-26. Kombileir 27.-01. Påskeopphald

MAI: 16.-20. Pinsetreff 31.-02. Superhelg 0-9 år med følge

JUNI: 25.-27. Sommarleir 2.-4.klasse 25.-27 Sommarleir 5.-7.klasse

JULI: 05.-09. Familieleir AUGUST: 09.-11. 40-års jubileumsfeiring 18.-22. Sunnhordlandstreff Helgatuntreff m/busstur

SEPTEMBER: 06.-08. Bibel- og fjelldagar (tidlegare 45-66) OKTOBER: 11.-13. Kvinnehelg

NOVEMBER: 01.-03. Haustkonferanse Inspirasjonssamling 22.-24. Førjulshelg 2.-4. klasse 22.-24. Førjulshelg 5.-7. klasse

DESEMBER: 06.-08. Ungdomshelg 8. klasse og oppover 23.-27. Juleopphald

Vintermøte: 03. februar Bremnes Kyrkje 10. februar Horneland Bedehus 16. juni: Sommarstemne Moster Amfi 21.-23. juni: Sommarens storsamling Årsmøte Norheimsund 04.-06. juli: Evangelisering Bluesfestivalen Skånevik 11.-13. juli: Evangelisering Tysnesfest 04.-06. okt: Haustmøte Stord 10.-12. okt: PIT STOP Leirvik

Aktivitetskalender 2013 INDREMISJONSSAMSKIPNADEN

Page 10: Venen nr. 1 2013

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 201310

Kjære framnesvenner og alle andre lesarar! Me skriv no 2013, og eg vonar at de har hatt eit godt nytt år så langt. Me er no godt og vel halvvegs i skuleåret 2012/2013. Då høver det også å nemne at det er 100 år sidan Sunnhordland, Hardan-ger og Voss indremisjonssamskipn-ad overtok drifta av Framnes. Eg er stolt av å vere rektor på ein skule med så lange historiske røter. Framnes har i lang tid betydd mykje for mange. Eg kjenner på ei stor takk til indremisjonen for dei forkynnarane me får. Guds ord vert forkynt, og mange får god kon-takt med elevane både i møta og utanom. Når me så får forkynnarar og team som er her i fleire veker, og som ein merkar er oppteken av at Guds ord skal få makt i livet, då er det grunn til å vere glad!

Opp gjennom historia har mange fått både livsballast og kurs for livsvegen i den perioden dei gjekk ved skulen. Mykje er anleis no når me er ein vidaregåande skule, enn då skulen var ein folkehøgskule, men det er også mange likskapar. Folkehøgskulen hadde som mål å formidla både kunnskap og hold-ningar, og mange søkte til vidare høgskulestudier etter tida ved folke-høgskulen. Slik er det i dag også, men skulen driv no med eit formelt mandat for dette. Folkehøgskulen bygde på kristen tru og lære, og slik er det også med den vidaregåande skulen. Og Framnes har vore ein internatskule, nesten gjennom heile historia si. Ser me slik på det, er det fleire likskapar mellom folkehøg-skulen og den vidaregåande skulen.

Me har hatt ein svært god søknad til førsteklassane for inneverande skuleår. Her er det fulle klassar, og det ser ut til at elevane trivest og opplever å ha det godt saman. Det vert spennande å følgje med på søknaden til neste skuleår. Mange har allereie begynt å søkje så det ser lovande ut! Det var også mange

potensielle nye elevar som var med på Open helg i desember. 120 møtte fram til samvær av ulike slag denne helga. Viss du går inn på nett-sidene til Framnes (www.framnes.vgs.no) og blar litt i Nyhende-grup-pa, vil du kunne lese meir om dette og mange andre ting som har hendt i haust.

Det er mange elevar ved skulen som i tillegg til å vere sosiale og lage godt miljø kring seg på interna-tet, jobbar flittig og målbevisst med skule og lekser. Det er også im- ponerande å sjå kva elevane klarer å samle inn til misjonsprosjektet. Til no har dei samla inn over 800 000 kr. I år er det MAF som får dei inn-samla midlane frå elevane. Pengane kjem godt med når organisasjonen skal flyge misjonærar og helse- personell i Afrika til mange område som er utan moderne infrastruktur.

Det er mange ting som skal gjerast på ein internatskule. Ein ting er den daglege skuledrifta og oppfølgjing av elevar på skule og internat. Ein annan ting er at skulen også skal ut-vikle seg for å vere budd til å møte morgondagen best muleg. Derfor arbeider me med å utvikle det peda-gogiske tilbudet. Me arbeider også med planar om idrettshall, slik det har vore snakk om i fleire år. No har me sett i gong eit planarbeid for å søkje om omregulering av Vikøyevja til skuledrift. Me vonar då at me kan byggje ein hall der når tida kjem.

Til slutt vil eg sende ei takk til alle som følgjer med Framnes, både i kva som skjer på skulen og i bøn. Me treng at mange vil følgje med oss, og me treng at mange ber for skulen. Me har mange møte ved skulen, og det er mi bøn at Gud får nå både elevar og personale gjen-nom møta. Når det skjer, oppfyller me skulens djupaste målsetjing!

Beste helsingHarald Voster, rektor

Helsing frå Framnes

Page 11: Venen nr. 1 2013

Marit Ådnanes 01.02 Leirvik UKS01.02 Fredagsklubben Leirvik02.02 Gilje IUF15.-17.02 Skiweekend Helgatun19.02 Gilje Yngstes05.-07.03 Framnes05.03 Jondal Ving08.03 Stikk Innom Jondal15.03 Drop-In22.-26.03 Påskefestival Brandøy

Liv Rolfsnes 08.-10.03 Odda Indremisjon16.-17.03 Varaldsøy Misjonsforening I tillegg oppgåver som områdesekretær for Odda/Ullensvang

Svein Bjarne Aase 23.02 Si-treff Stemnestaden

Lise Marie Th. Litlabø04.02 Hobbyklubben Uskedalen05.02 Tirsdagsklubben Horneland09.02 Tofte Indremisjon 12.02 Bømlo Minimax15.-17.02 Damehelg Brandøy20.02 Småbarnstreff Uskedalen05.03 Uggdal YA06.03 Moster Ving10.03 Horneland Indremisjon14.03 Torsdagsope Sagvåg 15.03 Tenkafèen Samnanger16.03 Osterneset Indremisjon18.03 Huglo Ving20.03 Vingklubben Vines21.03 Sprell Levande Odda

Johannes Olsen 08.-10.03 Yngsteshelg Brandøy24.03 Bømlo Indremisjon

Kåre Johan Hamre 31.01.-03.02 Nordtveit Misjonsforening08.-10.02 Brandøy-treff11.-14.02 Granvin19.02 Gravdal krins20.-21.02 Tveit Indremisjonslag25.02 Granvin25.-28.02 Vinterleir Brandøy06.-10.03 Børsheim krins11.-14.03 Granvin22.-26.03 Kombileir Helgatun

Reiseruta februar og marsLeif Nesheim 06.-03 Meling Indremisjon07.-10.03 Øvrebygda Indremisjon

Ingebrigt Sørfonn 08.-10.03 Tofte Indremisjon (Zoar)

Roald Evensen 01.-03.03 Øvrebygda Indremisjon16.-17.02 Bogøy Indremisjon06.03 Neset Indremisjon07.-10.03 Uggdal Indremisjon13.-17.03 Bømlo Indremisjon

Erik Furnes 03.02 Vintermøte Bremnes kyrkje

Andreas Evensen 13.-14.02 Husnes Indremisjonsforening15.-17.02 Samnanger Misjonsforsamling

Johan Halsne 30.01.-03.02 Bømlo Indremisjon

Aud Karin Kjølvik 15.-17.02 Damehelg Brandøy

Klaus Muff 10.02 Vintermøte Horneland

Ola Malvin Lomheim 06.03 Utbjoa Indremisjon31.03 Håvik Indremisjon

Halvard Sveen 17.02 Gilje og Thormodsæter Indremisjon03.03 Meling Indremisjon17.03 Sagvåg Indremisjon

Marit Dahl Hollund 10.02 Sagvåg Indremisjon07.03 Eid Indremisjon, Sætre17.03 Husnes Indremisjonsforening

Jostein Angeltveit 12.03 Bømlo Minimax

Nina Agnethe Aase Larsen 07.03 Leirvik Junior-Ving

Norvald Ådnanes 14.03 Klubben Fitjar

Jens-Petter Jørgensen 14.-17.03 Øystese Indremisjon

Aksel Ingvard Johanessen 12.02 Husnes Indremisjonsforening17.02 Sagvåg Indremisjon20.-21.02 Huglo Indremisjon27.02 Sveio Indremisjon08.-10.03 Sunde Indremisjon15.-17.03 Laurhammer Indremisjon

Marit A. Røen 08.02 Gilje og Thormodsæter Indremisjon09.02 Meling Indremisjon10.02 Gilje og Thormodsæter Indremisjon13.-14.02 Bogøy Indremisjon17.02 Børsheim krins20.-21.02 Stranda Indremisjon06.-10.03 Fitjar Indremisjon14.03 Auklandshamn Indremisjon15.03 Basar Buavåg22.-26.03 Kombileir Helgatun

Toralf Steinsland 13.02 Meling Indremisjon21.02 Vikebygd krins

Jens Tveit 31.01.-03.02 Håvik Indremisjon17.02 Horneland Indremisjon08.-10.03 Odda Indremisjon

Ingfrid Byrkja Hystad 01.02 Horneland Indremisjon14.02 Klubben Fitjar18.02 Tofte Ving25.-28.02 Vinterleir Brandøy05.03 Samnanger Barnekor- og King Sing13.03 Ølensvåg Kvinneforening14.03 Ølensvåg Yngres

Kjetil Fyllingen 08.-10.02 Skiweekend Helgatun05.-07.03 Framnes08.03 Origo Ungdomsklubb12.03 Laurhammer, U-Alpha14.03 Eikelandsosen Indremisjon15.03 Ungdomsmøte Eikelandsosen20.03 Ope Hus Valen

Tor Ingvald Lauvrak 05.03 Laurhammer YA06.03 Valen Ope Hus08.03 Leirvik UKS09.03 Leirvik IUF10.03 Gilje og Thormodsæter Indremisjon13.-17.03 Moster Indremisjon

Dagleg leiar i IMSSom dei fleste kjenner til er IMS på leit etter ein person som kan gå inn i den ledige stillinga som dagleg leiar. Mange spør og lurer på korleis det går. Fram til no har det diverre ikkje lukkast å finna denne personen. Fleire har vorte utfordra, men ingen av dei har så langt fått ro for at dette er deira oppgåve no.

Den daglege drifta ved kontoret vert ivareteken, men det seier seg sjølv at det i noverande situasjon er lite kapasitet til å ta nye initiativ og å utvikla arbeidet. Difor er det stort behov for å finna den personen som kan sjå det som si oppgåve og sitt kall å gå inn i tenesta som dagleg leiar. Arbeidet vil verta både spanande, utfordrande og variert. I IMS er det mange velkvalifiserte med- arbeidarar. Det betyr at dagleg leiar ikkje må vera spesialist på alt. Han må sjølvsagt ta på seg, og trivast med leiaransvar og leiaroppgåver, men utover det kan nok arbeidet i betydeleg grad tilpassast vedkomande sin bakgrunn, utrustning og ynskje. Mange kjekke kollegaer ved Indremisjonskontoret berre gler seg til å kunna gå vidare i oppgåvene saman med ein ny leiar som brenn for misjonen.

Vi håpar at mange er med oss og ber om at kallet snart må verta utløyst i den personen som Herren har tenkt til oppgåva.

Page 12: Venen nr. 1 2013

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 201312

Avesnder: Her settes fullstendige returadr på en linje

B

min

st 6 cm avstan

d

Portomerke

settes inn i 1:1 str

Returadr på en linje

Annonser, bilder, red. sto� o.l.

Vi anbefaler minimum 13 cm lengde pga lange adresser

VINTERMØTE 2013 Bremnes, 3. februar Talar: Erik FurnesHorneland, 10. februarTalar: Klaus Muff

Indremisjonssamskipnaden

Avsender: Indremisjonskontoret, Pb 150, 5401 STORD

Sendingar

kvar sundag kl. 09.00 - 10.00 DU FINN OSS PÅ

RADIO SUNNHORDLAND

Stord 104,7 MhZ - Bømlo 107,9 MhZ Kvinnherad: 106,2 MhZ

Os: 103,7 MhZ

BE FOR SENDINGANE

RADIO SAMSON

Hugs bokhandelen vår!

Stord - Tlf.: 53 41 20 01 www.sunnbok.no

.

Kontakt oss: tlf.: 56550500,

INTERNATSKULE! Vg 1 Studiespes. utdanningsprogram Vg 1 Idrettsfag Vi tek også inn elevar på Vg 2 og Vg 3.Søknad til Framnes pr. post el. internett

www.framnes.vgs.no

Tlf.:56 55 05 00

LIK OSS PÅ