12
1 Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2012 ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 05 - 2012 Sjå, eg sender ein engel framføre deg! Han skal vakta deg på vegen og føra deg til den staden som eg har sett ut. - 2. Mos 23,20 - Sjå, eg sender ein engel framføre deg! Han skal vakta deg på vegen og føra deg til den staden som eg har sett ut. - 2. Mos 23,20 -

Venen nr. 5 2012

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Indremisjonsvenen

Citation preview

Page 1: Venen nr. 5 2012

1Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2012

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN05 - 2012

Sjå, eg sender ein engel framføre deg! Han skal vakta deg på vegen og føra deg til den staden som eg har sett ut. - 2. Mos 23,20 -

Sjå, eg sender ein engel framføre deg! Han skal vakta deg på vegen og føra deg til den staden som eg har sett ut. - 2. Mos 23,20 -

Page 2: Venen nr. 5 2012

Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.

I IMS har me 189 foreiningar og kontaktpersonar rundt om i Sunnhordland, Hardanger og Voss. No veit me at det er ulike størrelsar på foreiningane, og oppslutnaden om møtene kan variera mykje frå bygd til bygd. Likevel utgjer alle desse foreningane ei betydeleg kraft i misjonsarbeidet! Når me har Jesus Kristus som Herre i vårt liv, står samla og løftar fram ei felles målsetjing, ja, då har me ei stor kraft å setja inn i misjonsstrategisk arbeid. Oppslutnaden om stormøtene våre vitnar om at me verkeleg står saman og vil noko. Det er viktig! Me må føra misjonsarven vidare og utvikla misjonsarbeidet på ein positiv og byggjande måte. Stagnasjon over ei tid fører til tilbakegong. Her må vera framdrift og utvikling skal me bryta nytt land og nå folket vårt med evangeliet. Der det er liv er det også utvikling og framdrift.

Bjarne Eide snakka ofte om at Indremisjonssamskipnaden er så stor at me alltid burde hatt eit byggjeprosjekt. Draumane er mange. Både på Brandøy, Framnes og Helgatun har me styre og leiing som ber på prosjekt som me ynskjer å realisera. Til neste år er det Helgatun sitt jubileums- år. Då fyller dei 40 år, og behovet for å modernisera og byggja ut kjøkkenavdelingen er stor. Framnes drøymer om ny idrettshall for å vidareutvikla skulen, og Brandøy er i gong med planar for å utvikla uteområde til å verta enno meir tenleg for misjonsoppdraget dei har fått.

Det som er svært gledeleg, er å merka den store entusiasmen som er i styra og leiinga for institu- sjonane våre. Vidareutvikling og målretta arbeid for å nå målet med å nå folket vårt med Guds ord, står i sentrum. Dette må me støtta opp om. I Indremisjonssamskipnaden har me ei ibuande kraft i misjonsforeiningane til å løfta og bera nye prosjekt fram for å verta eit enno meir tenleg reiskap for å byggja Guds rike.

Så står me i ein tusenårig lang tradisjon. Det var i vårt område kristendommen fyrst kom til landet og slo rot. Me har ein sterk Haugiansk arv, noko som me framleis haustar frukter frå. Og me har ein rik misjonsarv i områda våre. Her er mange svært dyktige og handlekraftige bedriftseigarar som byggjer livskraftige bedrifter, er samfunnbyggjarar og aktive i si støtta til misjonsarbeidet. Desse bedriftene må me som indremisjon vera med å oppmuntra og be for. Dei har ein svært viktig funksjon i det lokale bygdelivet og er ein svært viktig medspelar i å utvikla eit berekraftig misjonsarbeid. Deira samfunnsmessige, økonomiske og åndelege kraft har stor betydning for Guds rike.

Til slutt vil eg oppmuntra misjonsfolket til å be fram leiarar til dei ulike oppgåvene i misjonen. Me treng leiarar med åndskraft og strategiske gåver som kan leia misjonsfolket i felles retning mot eit felles mål; Å nå folket med Guds ord! For det er dette levande ordet som har kraft i seg til å skapa det nye livet og leggja trua på Jesus Kristus som frelsar inn i hjarto våre.

Når eg no sluttar av som dagleg leiar i IMS vil eg takka for rikt felleskap og godt samarbeid med styra våre, alle gode medarbeidarar, med Brandøy, Helgatun, Framnes og SunnBok, og med alle dykk i lag og foreiningar. Lukke til og Guds rike signing! Og hugs: Her ligg ei enorm kraft i eit samla misjonsfolk som har Jesus Kristus som Herre i sitt liv!

Layout: Jan-Ove FagerheimTrykk: Haugesund Bok og Offset A/SRed.: Svein Bjarne AaseIndremisjonssamskipnadenPostboks 150, 5401 STORDTlf.: 53 41 07 04Fax: 53 41 27 40Postgiro: 7877.08.43366Bankgiro: 8220.02.80454Kontortid: 09.00 – 15.00Heimeside: www.indremisjonen.noE-post: [email protected]

Samskipnadsstyret:Edmund Thormodsæter, formannHalvard Wiik Hans Arne BørsheimBirgit M. Hjelmeland Marit Lindekleiv Kristoffer TjelleTorunn TvedtVaramedlemmar: Kåre Stautland Anne Marie SolsvikAnfinn Økland

Dagleg leiar:Svein Bjarne AaseTelefon 47 26 13 40

Helgatun5713 VOSSESTRANDTelefon: 56 51 98 98Telefax: 56 51 98 99Bankgiro: 8220.02.80497Styrar: Solveig NorheimHeimeside: www.helgatun.no

Brandøy5584 BJOATelefon: 53 76 98 81Bankgiro: 8220.02.80470Husmor: Sigrun Thormodsæter

Framnes KVGS5600 NORHEIMSUNDTelefon: 56 55 05 00Telefax: 56 55 13 92Bankgiro: 8220.02.80292Rektor: Harald VosterHeimeside: www.framnes.vgs.no

SunnBokPostboks 23, 5401 StordTelefon: 53 41 20 01 www.sunnbok.no

LeiarKrafta i eit samla misjonsfolk!

Svein Bjarne AaseDagleg leiar

Indremisjonssamskipnaden

Ynskjer du å gi ei gåve til Indremisjons-samskipnaden, kan du senda den til konto 8220.02.80454. Då går gåva direkte til Samskipnaden.

Dersom du ynskjer skattefrådrag på gåva må den sendast til konto 8220.02.80632 og merkast med ditt personnummer og ”Gåve til Samskipnaden”.

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar

og gjevarteneste pr. 30. september

Hittil 2012

2 545 839

Hittil 2011

2 499 058

Bu

dsjett 2012

4 015 000

0

500 000

1 000 000

1 500 000

2 000 000

2 500 000

3 000 000

3 500 000

4 000 000

4 500 000

0 10 20 30 40 50 60 70 80 90 100

71

Aksjon 100 nye faste gjevarar Nye gjevarar:

Page 3: Venen nr. 5 2012

3Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2012

Dette nye livet har vi i troen på Jesus. Det er ikke noe vi skal gjøre oss fortjent eller streve etter. Dere ER jordens salt! Dere ER verdens lys! Med utropstegn! Ikke ” dere burde være (jordens salt og lys)”, eller ” kom igjen og bli (jordens salt og lys).”Et helt nytt liv som setter spor i oss. Paulus sier noe om å kle seg i det nye menneske, det som er skapt etter Guds bilde. (Efeserne 4.24)

Når Gud arbeider i våre liv, begynner Han innenfra. Han begynner med et under: ”Jeg vil gi dere et nytt hjerte, og la dere få en ny ånd inni dere. Jeg vil ta stein hjerte ut av kroppen deres og gi dere et kjøtthjerte i stedet. (Esekiel 36.26)

Nytt livJeg er en blandt dem som liker å surfe på nettet. Her om dagen kom jeg over en annonse som reklamerte for et selv-utviklingskurs i Syden. Jeg leste med interesse om muligheter til : ”å få en ny start på livet mitt ved å lage nye spor i sinnet”. Budskapet var klart; ved å jobbe med deg selv kan du komme deg ut av gamle spor, finne nye spor som fører frem. Ta deg selv i nakken å bli et bedre menneske!

Selvutvikling- og kommunikasjonskurs er vel og bra, en kan oppnå en bedre hverdag for seg selv og sine nære. Men vi mennesker glemmer ofte å søke til

kilden, til Han som har skapt oss til fellesskap med seg selv. Til Han som har skapermakt til å skape et nytt liv, et nytt liv på innsiden som skal vokse og spire frem. For Gud er den som virker i dere både å ville og å virke til hans gode behag. (Fil 2,13)

For meg personlig er Bibelen fullstappet av ”levende ord”, visdomsord, som gjør noe med mitt indre. Ord som lager nye spor i sinnet. Bibelen, sier noe om dette å få en ny start: - derfor, hvis noen er i Kristus er han en ny skapning. Det gamle er borte, se det nye er blitt til” (2. Korinter 5,17)

Av Lisbeth Fredheim Oma (Faglærar på Framnes)

Andakt

BØNE SPALTATAKKA FOR: - Eit flott Haustmøte- Ungd.arrangementet Pit Stop- Alle som skal på leir- Alle elevane på Framnes- Alle trufaste misjonsvener som står på

BE FOR:- At Herren må kalla ein til å gå inn som dagleg leiar i IMS- At folk må bli frelst i bygdene våre- Arbeidarane våre- Haustkonferansen på Helgatun- Haustweekendane på Helgatun og Brandøy- Julemessene- SunnBok- For alle leiarane i laga våre

Program på plass for BULK 2013 19.-20. januar blir det på ny Barne- og ungdomsleiarkonferanse (BULK) på Brandøy. Årets konferanse samla rundt 80 leiarar i barne- og ungdomslag, leirleiarar og andre interesserte. - Det gir inspirasjon for oss som arrangerer BULK at mange ynskjer denne konferansen, seier barne- og ungdomssekretær Marit Ådnanes. – Å koma saman og oppleva det gode fellesskapet, flott undervisning og god mat er nyttig, både for oss arbeidarar og leiarar rundt om i bygdene. Fleire har gitt uttrykk for at årets BULK var veldig bra, men også altfor travel. Det har me tatt omsyn til under neste BULK. Me legg difor opp til eit ledigare program, i alle fall laurdagen, fortel Marit.

Forteljarkurs og bibeltimar med Thore SøvikBirgitte Bjørnstad Sæbø er ei allsidig dame som tar freelance-oppdrag som forteljar, kurshaldar, musikar, songar, komponist og tekstforfattar. No vert ho med på BULK og har forteljarkurs. Målet er å inspirera og skapa Bibel-leseglede, og samtidig gi praktiske verktøy til å arbeida med ein tekst. Her vil me læra å leva oss inn i ein tekst, om å gjenfortelja, om stemmebruk og kommunikasjon med mykje meir. Det vil bli eit praktisk kurs der me får øvd oss. Kurset vil vera aktuelt for alle, enten du skal ut å halda andaktar, eller motivasjonen din er å få meir ut av bibellesinga, forsikrar Marit. - Me er også glade for at Thore Søvik blir med som bibeltimehaldar, fortset Marit. Han er for mange eit kjent ansikt frå gruppa SUM. Tidlegare har han også jobba i ImF-ung. No er han FriBu-pastor i Lyngdal Frikirke. Temaet for bibeltimane er «Ditt potensiale i Gud». Søvik vil dessutan halda seminar i løpet av helga. Kjetil Fyllingen vil også ha eit seminar om «ressursar på nett».

Bibelskulen Bildøy vert med og leier i lovsong. - Me er svært glade for at det er blitt ein tradisjon at elevar og lærarar frå Bildøy er med denne helga. Brosjyre vert snart sendt ut, og då er det berre å melda seg på, avsluttar Ådnanes.

Page 4: Venen nr. 5 2012

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 20124

Haustmøte Prega av song og musikk på høgt nivåDet var sterk og innhaldsrik forkynning og strålade song og musikk som preg Haustmøte i år. Gunnar Elstad, leiar av NLM sitt sjelesorg- og vegleiingskontor i Oslo var talar dette året. Tema han tok opp i forkynninga var: ”Eit liv i Guds nåde”, ”Når livet blir vondt og uforståelig” og ”Sakkeus for vaksne”. Det som særleg særprega forkynninga var den utradisjonelle måten han tilnærma seg bibeltekstane på. Det er tydeleg at Gunnar har lang erfaring innan sjelesorg, og dei mange samtalane han har hatt med menneske i ulike livs- situasjonar har nok vore med å prega hans måte å formidla evangeliet på. Livsnært, Kristussentrert, grundig og innhaldsmetta er ord som beskriv Gunnar si forkynning. Og folket tok imot. Det var mange lovord etter møta, og mange fekk mykje for sit eige liv denne helga.

Det var godt med folk samla både fredag og laurdag i bedehuset, men den største forsamlinga var nok i Kulturhuset laurdag kveld. For fleire er denne kvelden eit høgdepunkt. Forutan eit flott husorkester med lokale musikk-krefter og forsong- arar, fekk me denne kvelden vitjing av Frøydis Grorud frå Skien. Frøydis

er vaksen opp i ein pinsemenighet i Skien og fortalde at ho som 14-åring tok eit standpunkt om at ho ville fylgja Jesus. Dette har prega livet og vegvala vidare. Frøydis kom frå ein musikkglad familie og i opp- veksten vart det lagt eit grunnlag som seinare skulle føra ho inn i ein profesjonell musikktilvære. Då far hennar døydde, fekk salmane ei ny og sterkare betyding for Frøydis. Det var god sorgterapi å spela dei kjende, kjære salmane som har djupne i seg, og melodiar som trengjer inn i sjela. På møte i Kultur-huset fekk ho formidla fem salmar frå salmeplata si, Himmeldryss. Dette rørte ved folket i salen. Det gjorde og den flott songen og musikken som husorkesteret og for-songargruppa stod for. Dei har spelt og sunge seg godt saman og har ei formidlingsglede som berikar til-høyrarane. Det er god å merka den glød og musikalitet dei ber i seg, og når dei då formidlar evangeliet med varm innleving går det rett til hjarta på folket som lyttar.

På møte i Kulturhuset hadde styret i IMS, med formann Edmund Thor-modsæter i spissen, ei markering av at Svein Bjarne Aase no går mot avslutning av tenesta si som dagleg

leiar i IMS. Edmund formidla gode og varme ord som takk for innsatsen til både Svein Bjarne og kona hans, Åstrid, og han overrekte blom og gåve.

Også dei andre møta vart prega av gode songkrefter. Både Heidi Rolfsnes, Tone Synneve Myklebust Hellesøy og Karsten Nesse er svært dyktige songarar som var med og løfta arrangementet. Under bibel-timen laurdag ettermiddag hadde borna si eiga samling i bedehus- kjellaren. Noko som både borna og foreldra sette stor pris på.

Sundagen var det gudsteneste både i Stord kyrkje og Moster kyrkje der talarar frå IMS deltok, og haustmøte vart avslutta med tolv lokale møter rundt om i området vårt. I IMS er me svært glade for den gode oppslut-ninga om haustmøte. Det er tydeleg at dette er eit arrangement som misjonsfolket set pris på og som betyr mykje til inspirasjon og opp- muntring. Me er takksame for den flotte forkynninga, og gler oss over unge menneske som stig fram med sterke gåver til å formidla evangeliet gjennom song og musikk.

Foto

: ww

w.s

tord

nytt

.no

Sendingar kvar sundag kl. 09.00 - 10.00 * DU FINN OSS PÅ RADIO SUNNHORDLAND

Stord 104,7 MhZ - Bømlo 107,9 MhZ - Kvinnherad: 106,2 MhZ - Os: 103,7 MhZBE FOR SENDINGANE

RADIO SAMSON RADIO SAMSON

Page 5: Venen nr. 5 2012

Invasjon i SkånevikBåtar, bilar, campingvogner, motorsyklar og folk i tusental på veg til vår vesle bygd, Skånevik…. Spennande? Ja, men og litt nifst, men tenk for ein mulighet for oss menneskefiskarar….

Me installerte oss i Katinkasvingen på torsdagen der me snakka om korleis me skulle leggja til rette dette prosjektet vårt. Også i år var det hjelp å få for oss nybegynnarar. To som arbeider som gateevangelistar og ballongkunstnarar i Oslo (dei pumpa opp ballongar i ulike variantar, og til mange!), var med oss og sjølvsagt dei som eig huset i Katin-kasvingen. Me hadde òg fleire gode stunder saman i samtale og under-visning. Forventninga var stor, redselen ikkje så stor som i fjor, men ---- me kjende jo på den.

Men du kan tru det var store muligheter. Fiskeredskapen var varme vafler og kaffi og hjerter med: ”Må Gud velsigna deg” på, ….med handskrift, ….ikkje på data må du tru, her var det handlaga og med bibelord frå Joh. 3,16, …og ikkje få ballongar….. Tenk Gud brukar ballon-gar for å få folk til å stansa opp ei lita stund, lenge nok til at fiskarane får fart på vaffelsteikinga så lukta av nysteikt vaffel pirra luktesansen og smakssansen slik at dei går ned ei trapp og vil kjøpa. ”Kor mykje skal me betala?” ”Nei, det er gratis” Gratis? Går det an? Oslofolk, Bergensarar ja, folk frå så og seia heile landet, ja, til og med verdensstjerner

frå Amerika smaka på vafler, -gratis? ”Utuleg”, er kommentaren ”kvifor gjer de dette, utan betaling?” Omsorg for dåke! Omsorg og kjærleik, slik at de kan setja dåke ned i nokre minuttar og kjen-na, ….ja, tenk ro og fred midt i eit ”kaos” av musikk frå båtar, vogner og blues- telta. ”Herleg” er svaret. Dei trekkjer pusten djupt inn og fortel kor dei kjem frå og kor fint det er her og kor godt det var å setja seg ned og berre nyta. Me bed dei ta vare på hjartene med bibelorda og ynskjer Guds velsigning til dei. Mange er det som tek med seg hjartene. La dei innanfor blusekanten eller i lomma og tenk, mange vart glade for dei og.

Mange gode og vanskelege samtalar vart der og. Eitt ord frå Bibelen opp- muntra kakebakarane, kom og kjøp, utan pengar utan betaling…..

Me skal gi, gi, gi og gi, og så…. Vatna og gi vokster til frøet er det gartnaren, vak-taren som elskar alle like høgt som tek seg av. Me vil visa dei at me og er glad i dei og vil dei vel. Visa til ein annan veg, ein veg som fører til livet hos Gud.

Folk går og går. Den gata me har i Skånevik er stappfull av folk. –Me føler oss som fiskarar som er komen opp i ein stor stim. Mykje me ser skaper nød hos oss, folk går og går, nokon har eit mål, andre fylgjer berre stimen. Kvifor er det så vanskeleg å finna vegen som fører til livet. Eg er vegen sier Jesus. Me bør kanskje laga eit vegskilt.

Me har ein plakat oppe med vegen der det står at det er Indremisjonen som står for denne standen. Plassen ”vår”, (takk til eigarane for den) ligg heilt i smørauga i Skånevik. Heilt i sjøkanten, berre ei trapp ned frå vegen. Båtane ligg tett i tett heilt inn til oss. Campingplass for bilar tett i tett. Frå desse høyrer me musikk og song. Ulik musikk, …og frå Blueshuset, ….og frå teltet. Heile Skånevik er full av musikk. Eit eventyr. Ei tusen og ei natt, men og ei stor sorg ---eller nød hos oss som vil visa omsorg for sjelene og vil hjelpa folk inn på den rette vegen. Den vegen som utruleg noko fører til livet. Der skal me høyra musikk og nydeleg, så samstemd og så herleg, lovsong til Gud og Lammet. Der får alle ta del, ikkje berre høyra på.

Kjære alle truande som les dette, me har ei framtid med takk og jubelsong. Vert det ikkje fantastisk for deg som elskar å syngja og for deg som berre syng på badet, å byrja forbereda dag på lovson-gen i himmelen!

Helsing oss i Skånevik

Dagny Ness

Foto

: ww

w.s

tord

nytt

.no

Page 6: Venen nr. 5 2012

Olaug Fagerheim Utåker Vald til leiar under vårt første BUR-møte.

Jakob Saghaug Stord Nestleiar

Frode Solås Mosterhamn

Morten Habbestad Urangsvåg

SolveigHøyland Stord

AudunVedøyFitjar Varamedlem

GunnMælandMosterhamn Varamedlem

SiljeHallaråkerBremnes Varamedlem

Eit drivande BURAv Marit Hårklau Ådnanes

Me ynskjer i dette nummeret å skriva litt om BUR, barne- og ungdomsrådet vårt; deira oppgåver og draumar. BUR blir kvart år valt av årsmøtet. Eit medlem sit for to år, varamedlemer for eitt år.

Gi råd og vera med å gjennomføra arrangementI instruksen til BUR står det at BUR skal vera eit rådgivande organ for barne- og ungdomsarbeidet. Dette gjeld i høve leirar, leiartrening og andre arrangement. Men medlemene ynskjer ikkje berre å sitja i eit styre som gir råd. Dei ynskjer også å hjelpa til med gjennomføringa av desse arrangementa. I haust skal medlemene vera leiarar på adventshelga på Brandøy for 5.-7. klasse, og fleire av medlemene blir med som leiarar under BULK, barne- og ungdomsleiarkonferansen 19.-20. januar.

Noko du ynskjer at BUR skal arbeida med?BUR skal vera eit bindeledd mellom IMS sitt barne- og ungdomsarbeid sentralt og dei lokale laga i distriktet. BUR skal vera med å gi inspirasjon og leggja til rette for fornying og trekkja opp linjene for arbeidet framover. Kanskje har du som er med i eit barne- eller ungdomslag saker som du synest BUR og IMS skal arbeida for? Send oss gjerne tips om det.

Draumetid!Under sist møte 27. september, hadde BUR-medlemene draumetid saman. Kva drøymer me om for barne- og ungdomsarbeidet vårt? Dette var noko av det som då vart sagt:- At alle barn og unge skal vera kristne

- At mangel på leiarar ikkje stoppar arbeidet, og at dei som er med i arbeidet er med fordi det er kjekt - ikkje fordi dei må

- At alle kristne tar sitt ansvar og oppdrag alvorleg

- At barne- og ungdomsarbeidet er ein del av noko større (forsamlinga på bedehuset og elles i IMS)

- At eldre ungdomar kan gå inn som førebilete for sine unge Me snakka også om kor me ynskjer å satsa (dette er medlemene sine draumar for korleis me ynskjer å satsa, meir enn vedtak på at slik blir det):

- Satsning på arbeid for 15 år og oppover (dette gjeld mange grupper)

- Danna fleire ungdomslag

- Ressursgruppe for leiarar i ungdomsarbeid

- Grupper for jenter på 15 år og oppover med fokus på leiartrening og deira førebilete for andre unge (draumejente!)

- Starta opp bibelgrupper for ungdomar i fleire bygder

Medlemene i BURMe er glade for at me har eit drivande BUR, som ynskjer noko for arbeidet, og som prioriterer BUR-møta. BUR har seks møter i året. Til venstre ser du dei som vart valt inn i BUR under årsmøtet i juni.

Page 7: Venen nr. 5 2012

Johannes

Kjetil IngfridLise MarieMarit Barne- og Ungdomssidene!

«Eg vil gjera deg vis og læra deg den vegen du skal gå, eg vil la mitt auge kvila på deg og gje deg råd.»

- Salme 32, 8 - Ragnhild Kjellevold Steinsland, 14 år, Leirvik

Mitt bibelvers!

Page 8: Venen nr. 5 2012

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 20128

Når du vandrar i bedehusland, er du nesten nøydd til å oppleva basaren. Hadde me sett summen av alle kronene som dei siste hundre år er samla inn på basarane i bedehusland ville det bli astronomiske tal.

Eldsjeler strikka, hekla og sydde gjen-nom heile året og klimaks var basaren. Då skulle nota halast i land med god misjonsfangst. Eg tenkjer på mitt barndoms bedehus igjen. Basaren starta kanskje tysdag eller onsdag, men hovudtrekning laurdag. Konene sat ved langbordet og skreiv til krampa tok dei. 10 øre loddet!

No er det laurdag som er basardagen, og bedehuset har vorte ein møteplass for bygdefolket. Her kan dei kjøpa seg rimeleg kaffi og kaker, og kjøpa lodd. Når eg er positiv til basaren, så er det først og fremst fordi eg har fått så mange gylne høve til å vitna for dei som ikkje elles kjem på bedehuset. For an- dakt og song har fast plass på basaren. Eg trur og det er til stor velsignelse for dei som arbeider og står på for misjon- en. Eg vonar dei ikkje vil gå seg trøytte!

Me tek til samla kl. 9.30 og så sit ein så lenge ein ynskjer eller har tid. Mange går vidare til kyrkja, eller på tur. Kafeen er ansvarlege for maten mens ei nemnd ordnar med lokale og opplegget som stort sett er det same som i starten.

Frammøte har siste åra vore i snitt tett under 30 og etter ”summinga” rundt borda er stemninga god og folk finn seg til rette.

Vandring i bedehusland

Basar er ”kollekt med spenning” høyrde eg dei sa borte i Farsund. Ja, ja, du kan kalla det kva du vil, og ha ulikt syn på denne måten å samla inn til misjonen på. Eg gler meg til neste basar.

Bileta er frå sundagsfrukosten 30. sept 2012 og er nr. 79 i rekkja. Her var me 37 stk.

Etter frammøte og attendemeldin-gane me får er det eit populært, kontaktskapande og godt sosialt tiltak som samlar folk på tvers av lag og organisasjonar.

v/ Kare Steinsund

Basaren

Sundagsfrukost på VossHer kan de sjå bilete frå Sundags- frukosten hjå Smaosedlena, tidligare Indremisjonskafeen på Voss. Me tok til med Sundagsfrukosten i 2004 i regi av Indremisjonskafeen og har sidan hatt han 1 gong i månaden haust, vinter og vår.

Opplegget er enkelt: Litt dagsak- tuelt, sol-observasjonar, historiske hendingar knytta til dagen eller gamle ord og uttrykk. Så er det sundagens tekst og musikk før me får ta til oss frå frukostbufeen.

o

Page 9: Venen nr. 5 2012

9Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2012

Det er søndag 9. september, og det er duka til fest på Borgundøy Bedehus! Bedehuset her har nådd å bli 100 år, og det må sjølvsagt feirast!

Festpynta bord møter «ferjefolket». Vi blir fortalt at små og halvstore hen-der har vore på plass og laga nydeleg bordpynt og bretta serviettar etter alle kunstens reglar! To eldsjeler, Karianne og Trond Strand, har sidan fredagen samla alle ungane på øya, og førebudd festen! Nokon har til og med sove på Bedehuset!

På det vesle kjøkenet er det stor aktivi- tet! Vi erkjenner at ingen ting gjer seg sjølv, set oss ned ved eit bord, og anar at det er nok noko av det desse 100 år gamle veggene kunne fortalt oss, der-som dei kunne snakka. Og optimismen rår i dette huset. Alle pådekningane røpar det! Og Borgundøybuen skuffar ikkje! Når klokka nærmar seg, nærast ramlar det inn med smått og stort. Kjekt å sjå dei aller nyaste innflyttarfamiliane på øya finna sin plass her! Dette blir skikkeleg stas!

Edith Brekke tek ordet, og festen er i gang. Ho representerer truskap og tenestevilje, og er ein verdig leiar ved ei 100 års-markering. Ho gir oss alle ein varm velkomst, og deler også historia om Borgundøy Bedehus som er sirleg skriven ned med hand. Ei historie som vitnar om nokon få som brann for Guds

sak nettopp på Borgundøy! Det mest synlege resultatet av det, er 100-årsjubilanten!

Strofa « gjør det lille du kan, der hvor Gud har deg satt», blir levandegjort! På forunderlig vis, får Karianne plassert alle ungane bakerst i salen (der er det plass) for å vise dramastykke om korleis bedehuset vart bygd! Verkelig kreativ formidling!

Jubilanten har elles fått besøk heilt frå Samnanger! Marit og Knut Inge Røen vil med kvar sine evner vera med å æra Gud for det han har gjort for alle på Borgundøy, og oss andre! Gjennom Knut Inge si varme røyst, kjennest det nesten ut som Jim Reeves sjølv er til stades på øya. Og dei som ikkje får med seg Marit si engasjerte formidling av at Bibelen er like viktig som mat -ja, dei må vera veldig kaffitørste!

Og det ordnar seg for dei også! Kaffien kjem på bordet, men maten må kvar einskild henta. Der oppstår problemet. Det er nemleg hårfint berekna avstand mellom borda. Men det går bra! Alle dei 50 frammøtte, får nyta herlege kaker og frukt og brus og kaffi, i mengder som ein ikkje ante fanst for 100 år sidan!

100-års jubilant på Borgundøy!

Tre timar går fort i godt lag, slik også i dag. Ei verdig markering er over. At den yngre generasjonen har vore så engas-jert tilstades, gir ekstra håp for dei neste hundre åra! Må Gud velsigne kvar og ein som i framtida finn sin plass i dette huset! Marit Lindekleiv

Stord - Tlf.: 53 41 20 01

www.sunnbok.no

I samtale med...Ei reise inn i Klaus Muff si

innhaldsrike misjonsteneste

gjennom 50 år.

Kr. 198,-

Til familien...Produkt med fokus på

korleis ein i familien kan

hjelpa barna til å veksa i

trua, og bli bevart hos Jesus.

Bordkalender kr: 198,- Bok: kr 249,-

Doktor BjørgaasDen fantastiske historia om ein legemisjonær. Pioner for Misjonsallianen. - Over 30 år på Taiwan.

Kr. 298,-

Tilfeldighet...? Endeleg får vi vitenskaplege argument som viser oss det vi har trudd lenge - at evulusjonsteorien ikkje er ein vitenskapleg teori.

Kr. 249,-

Det vakresteVakker roman frå den dyktige forfattaren Elisabeth Musser.Ei varm historie om venn-skap prøvd av sjalusi og svik.

Kr. 329,-

Det er haust og det ‘ruskar’ ute,

då er det det godt å kosa seg

med god litteratur inne i varmen!

Page 10: Venen nr. 5 2012

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 201210

Eit festpynta Brandøy møtte oss!Innkvartering er alltid ei utfordring, men etter kvart hadde alle fått kvar si seng. Hyttene og underetasjen på tenestebustaden vart òg teken i bruk. Dei fleste hadde vore på Brandøy før, men nokre var der for første gong. Kjekt å treffa kjende, men spennande å bli kjend med nye òg.

Tema for helga og temasongen var ”Herre du gir oss kraft”, og talar var Haldis Reigstad. Ho hadde song- og tematimar. Med oss var òg mannen hen-nar Asle Reigstad. Han hadde med seg kornett, og ut frå den kom det mange flotte tonar.

”Hagaviktrioen” som mange kjenner frå før, gledde oss med fin song. Dei song både til oss og med oss.

Leiarar dette året var: Marit A. Røen, Marit Tislavoll, Gunvor Feed, Kjellaug Holtermann, Marit Lindekleiv og Liv Rolfsnes. Dei stod på både før og under helga og gjorde den til ei festhelg med rikt åndeleg påfyll.

God mat er også viktig når damene er på kvinnehelg. Det sytte Sigrunn og Anne Gro for. Stor takk til dei for det arbeidet dei gjer.

Det var ikkje heilt ”kvinnehelgvær”, men ein del fann det godt nok til å gå tur likevel. Den sosiale delen i peisestova er veldig viktig. Me kosa oss med handar-beid og drøsen gjekk flittig rundt borda.

I tillegg til møter og bibeltimar er bøn og forbøn ein del som får stor plass. Godt å få leggja fram for Gud i lag ting som er tungt og vanskeleg. Dagane gjekk fort og etter middag søndag var det tid for heimtur. Takk for ei flott helg, og eit godt fellesskap! Men mest; takk til Gud for ei flott helg på Brandøy! Olaug, Palma, Elin og Ella

Fredag ettermiddag 7. september. Eit jamt sig av bilar på veg til Brandøy. Det var jo starten på kvinnehelg! I alt 60 kvinner (og ein mann) var samla denne helga.

Kvinnehelg på Brandøy

“En sommer er over,” syng dei i radioen. Då får me tru det då. Den er over på Brandøy òg. Det viser i naturen. Eit og anna gult blad viser seg på trea. Når sola er framme, er skuggane lange. Kveldane er mørkare. Det merkast når ein går frå hovudhuset og opp til bustadhuset på regnfulle kveldar. Då er paddene òg ute og går. Ein må gå forsiktig om ein skal unngå å trakka på dei. Det er ikkje nokon god følelse når det hender i alle fall.

Eit anna haustteikn er at jentene som had-de sommarjobb her, er reist. Nå må me sjå om me hugsar korleis det var å vaska opp, eller dekka på i matsalen og mange andre ting. Jammen vart me bra bortskjemde. Til og med “altmulegmannen”, Kåre Johan har forlate oss. Reiseruta hans for hausten er klar. Det merkast på utvaskingsdagane. Dei store fellesromma var “hans avdeling.”

Sjølv om sommaren er over, er det mange fine minner etter den. Leir i solskinsdagar

med bading og leiking ute. Med vann-sklie i bakken laga av plast og grønsåpe. Regnværsdagar med tørkerommet fullt av dryppande våte klede. Flott familieleir. Ein kveld “åt dei ute”. Bord og stolar vart kjørt ned på basketballbanen. Det skulle vera skalldyr-aften. 90 personar sat ved langbor-det og reinska reker og krabbe. På grillen låg pølsene for dei som heller ville ha det. Det var vel den varmaste og finaste dagen som har vore i sommar. Ingen måtte vaska golv den kvelden. Fuglane tok reingjeringsjob-ben etterpå.

Det vart mykje regn på den fyrste engelske gruppa som var her. Likevel tok dei turane sine. Kanoane var flittig i bruk. Nokon padla til Bjoa ein dag, og kom ein time for seint tilbake til lunsj. Den andre gruppa fekk my-kje fint vær. Siste morgonen sat to damer i vestibylen då me kom ned. Kvifor set de her så tidleg? Me sto opp 5.30 for å sjå solopp- gangen, svara dei. Sola kom den, og bileta sine fekk dei ta.

Det er så fint at flokkane som kjem til Brandøy er ulike. Sume gonger er det borna og ungdomane som kjem. Andre gonger er det familiar med små born. Babyar som skal ha graut. Det kan vera eldre som kjem. Staven er med. Eller rullatoren. Kanskje høyrer dei ikkje så godt lenger, og spør om teleslynga er på.

Det er og to helger i året med berre damer. Den eine var nå i haust. Det var så fint på delestunda laurdagskvelden. Det er mange vitnemål om korleis Gud har hjelpt, og gjeve styrke i tunge tider. “Alle har sitt, stort eller litt. Himlen åleine for sorger er kvitt.” Kanskje noko av dette kjem fram slike kveldar.Elles er her mange ting på programmet utover hausten. Blant anna skal Samskip-naden ha fem helger for ulike aldersgrupper. Her er det berre å melda seg på til Indremis-jonskontoret.

Helsing oss på Brandøy

Brandøyhelsing

Page 11: Venen nr. 5 2012

Marit Ådnanes 02.-04.11 Ten-helg Brandøy08.11 Eikelandsosen Indremisjon16.11 Husnes IUF Nattkafè17.11 Gilje IUF20.11 Laurhammer, U-Alpha27.11 Auklandshamn Yngreslag07.-09.12 Adventshelg Helgatun

Lise Marie Th. Litlabø01.11 Baugstranda og Åkra Ving06.11 Tito - Valen06.11 Hobbyklubben07.11 Sagvåg B:KIDS08.11 Torsdagsope Sagvåg13.11 Uggdal YA14.11 Tørvikbygd YA17.11 Høylandsbygd Indremisjon18.11 Bømlo Indremisjon20.11 Meling Indremisjon23.-24.11 Meling Indremisjon03.12 Eikelandsosen04.12 Osterneset YA05.12 Moster Ving08.12 Øvrebygda Indremisjon29.12 Auklandshamn Yngreslag

Kåre Johan Hamre 02.-04.11 Haustkonferanse Helgatun07.-11.11 Tørvikbygd Indremisjon15.11 Granvin Misjonslag22.11 Eikelandsosen Indremisjon26.11 Granvin Misjonslag30.11-02.12 Adventshelg Brandøy05.-06.12 Granvin Misjonslag10.-14.12 Vaktmeister Helgatun27.12 Jondal Indremisjon

Reiseruta november og desember02.12 Meling Indremisjon28.12 Fitjar Indremisjon

Jens Tveit 07.-11.11 Sagvåg Indremisjon14.11 Sveio Indremisjon23.-25.11 Guddalsdalen Indremisjon16.12 Horneland Indremisjon

Tor Ingvald Lauvrak 02.-04.11 Rejoice Norheimsund

Marit Stokken 24.10.-04.11 Uskedalen Indremisjon

Karl Einar Tvedt 18.11 Gilje og Thormodsæter IM

Ingebrigt Sørfonn 02.-04.11 Ølen og Ølensvåg IM

Irene K. Alnes 24.10.-04.11 Uskedalen Indremisjon

Kjetil Fyllingen 02.11 Tysnes Ope Hus03.11 AKTIV Moster16.-18.11 Hausttreff Brandøy22.11 Torsdagsope Sagvåg 28.11 Ope Hus Valen07.12 Ekstremt Gøy Halsnøy07.12 100 Klubben Halsnøy

Ola Malvin Lomheim 04.11 Os Indremisjon21.11 Bømlo Indremisjon

Halvard Sveen 25.11 Horneland Indremisjon09.12 Moster Indremisjon

Marit Dahl Hollund 18.11 Meling Indremisjon16.12 Rubbestadneset Indremisjon

Ragnar Ringvoll 31.10.-04.11 Fitjar Indremisjon

Knut Kvamme 02.-04.11 Haustkonferanse Helgatun

Harald Rydland 09.12 Os Indremisjon

Eli Kolstad 22.11 Vikebygd krins

Jostein Angeltveit 16.11 Foldrøy Fredagskafe

Rannveig Petterteig 22.11 Klubben Fitjar

Toril Langeland14.11 Småbarnstreff Uskedalen

Nils Håkon Urangsæter 30.11.-01.12 Julemesse Bremnes

Johannes Olsen 09.-11.11 Førjulshelg Brandøy30.11.-02.12 Adventshelg Brandøy

Ingfrid Byrkja Hystad 08.11 Ølensvåg Yngres 09.-11.11 Førjulshelg Brandøy15.11 BUR-møte20.11 Bømlo Minimax24.-25.11 Miniadventshelg Brandøy04.12 King Sing Samnanger

Liv Rolfsnes 09.-11.11 Odda Indremisjon24.11 Jondal Indremisjon25.11 Lofthus krins26.11 Odda Indremisjon28.12 Hiskjo Indremisjon

Marit A. Røen 09.-11.11 Førjulshelg Helgatun16.-18.11 Laurhammer Indremisjon21.-22.11 Huglo Indremisjon24.11 Sandvoll Indremisjon25.11 Høylandsbygd Indremisjon28.-29.11 Åkra Indremisjon30.11 Moster Indremisjon01.12 Ølen og Ølensvåg Indremisjon06.12 Eikelandsosen Indremisjon08.12 Bømlo Indremisjon13.12 Husnes Indremisjonsforening23.12 Fitjar Indremisjon28.12 Samnanger Misjonsforsamling

Knut Inge Røen 25.11 Høylandsbygd Indremisjon30.11 Moster Indremisjon06.12 Eikelandsosen Indremisjon08.12 Bømlo Indremisjon13.12 Husnes Indremisjonsforening23.12 Fitjar Indremisjon

Aksel Ingvard Johanessen 09.-11.11 Odda Indremisjon16.12 Fitjar Indremisjon28.12 Huglo Indremisjon

Toralf Steinsland 06.-08.11 Husnes IM15.-18.11 Møteveke Vigrestad

Page 12: Venen nr. 5 2012

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 201212

Avesnder: Her settes fullstendige returadr på en linje

B

min

st 6 cm avstan

d

Portomerke

settes inn i 1:1 str

Returadr på en linje

Annonser, bilder, red. sto� o.l.

Vi anbefaler minimum 13 cm lengde pga lange adresserAvsender: Indremisjonskontoret, Pb 150, 5401 STORD

Varer og gevinstar til julemessene?Fredag 30. november og laurdag 1. desember er det julemesse på Bremnes. Fredag 23. og laurdag 24. november er det førjuls-

messe på Tysnes.Har de noko å bidra med, t.d. gåver til varesalet eller gevinstar til loddbøker, ta kontakt med:

Bremnes: Bjørg Meling Mæland, tlf. 53 42 04 23 eller Liljan Innvær, tlf. 53 42 01 82Tysnes: Harald Heie, tlf. 53 43 22 09 / 90 97 24 65

DU er

verdifull!

<3<3<3

:-)

LIK OSS PÅ