12
Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2011 ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 06 - 2011 indremisjons Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! - Fil 4,4 -

Venen nr.6 2011

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Indremisjonsvenen

Citation preview

Page 1: Venen nr.6 2011

Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2011

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN06 - 2011

indremisjons

Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! - Fil 4,4 -

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN

indremisjonsindremisjons

Page 2: Venen nr.6 2011

Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap,

Når me les misjonshistoria er det mykje å læra av misjonsfolket i tidlegare tider. Sjå den tillitsfulle trua dei hadde på ein levande Gud, det store pågangsmotet dei bar på og gåva til strategisk tenking som mange hadde. I denne utgåva av Venen markerer me at det er 100 år sidan Indremisjonssamskipnaden kjøpte Framnes Ungdomsskule. Det endelege vedtaket om kjøp vart teke på eit ekstraordinert årsmøte på Framnes midt i romjula, 29. des. i 1911. Frå ordskiftet på dette årsmøte vart det sagt fylgjande: ”Man må ikke se på alle detaljene i det økonomiske, men lade hjerte tale”. ”Det var en stor høytid her i dag. Det ser ut som Gud har lagt skolen i vår hånd, tar vi ikke skolen gir vi Indremisjonen en knekk.” I tru til Gud, at han hadde lagt skulen i Indremisjonssamskipnaden sine hender, gjorde dei vedtak om kjøp. Og Framnes har sett djupe spor i misjonshistoria, både i bygdene i Sunnhordland, Hardanger og Voss, men også langt utover. Det er gripande å tenkja på kva betydning dette vedtaket i 1911 skulle ha for Guds rike og for den enkelte elev som har gått på skulen.

Arne Prøys skriv i boka ”Til samme himmel går vår vei” om indremisjonsfolket på Vest-landet. ”Hvilken kulturell fremvekst kan en så vente av et slikt folk (indremisjonsfolket). Ja, rett sett blir det ikke meget igjen av den mørke kyststripe da. For det har grodd forunderlig grøderikt i deres vekkelsesspor. Størst og best i denne jord der fremtiden slumrer. Jeg tenker på ungdommen. En rekker et langt stykke på vei bare med å nemne Framnes - folkehøyskolens mekka i Norge, med klang av Haslev og Askov i Danmark. Den er så visst ikke den eneste. Langt etter ligger verken Borgund eller Frekhaug, men en gjør ingen urett når en sier at Framnes hviler i overlys.”

Me har høyrt om markante lærarar og personale som hadde både menneskeleg og åndeleg omsorg for ungdommane som kom til skulen. Me har høyrt om vekkingane som gjekk over elevfl okken vinter etter vinter, og me veit noko om at det som vart sådd av kunnskap og åndelege verdiar sette djupe og gode spor i mang ein ungdom. I dag takkar me Gud for Framnes, og det skulen har fått vore gjennom 100 år i Indremisjons-samskipnaden si eige, og me bed om at skulen framleis skal få stå i ei rik teneste i tida som kjem.

Det som er verd å merka seg er den store satsinga Indremisjonssamskipnaden opp gjennom åra har hatt på born og ungdom. Det har vore ei hjartesak for misjonsfolket at borna og dei unge måtte få bli kjent med Jesus og møta han som sin Frelsar. Difor gjorde misjonsfolket vedtak og kjøpte Framnes, og difor gjorde dei vedtak og bygde Brandøy og Helgatun. Dette er vår hjartesak også i dag! Me må nå borna og ungdom-men med evangeliet om Jesus Kristus. Kvar ny generasjon må få møta Han! Dette kallet har Gud lagt i Indremisjonssamskipnaden sine hender...

Layout: Jan-Ove FagerheimTrykk: Haugesund Bok og Offset A/SRed.: Svein Bjarne AaseIndremisjonssamskipnadenPostboks 150, 5401 STORDTlf.: 53 41 07 04Fax: 53 41 27 40Postgiro: 7877.08.43366Bankgiro: 8220.02.80454Kontortid: 09.00 – 15.00Heimeside: www.indremisjonen.noE-post: [email protected]

Samskipnadsstyret:Edmund Thormodsæter, formannHalvard WiikBjørn SaghaugBirgit M. HjelmelandIren Sævik MælandKristoffer TjelleTorunn TvedtVaramedlemmar:Knut O. DaleKåre StautlandAnfi nn Økland

Dagleg leiar:Svein Bjarne AaseTelefon 47 26 13 40

Helgatun5713 VOSSESTRANDTelefon: 56 51 98 98Telefax: 56 51 98 99Bankgiro: 8220.02.80497Styrar: Solveig NorheimHeimeside: www.helgatun.no

Brandøy5584 BJOATelefon: 53 76 98 81Bankgiro: 8220.02.80470Husmor: Sigrun Thormodsæter

Framnes KVGS5600 NORHEIMSUNDTelefon: 56 55 05 00Telefax: 56 55 13 92Bankgiro: 8220.02.80292Rektor: Harald VosterHeimeside: www.framnes.vgs.no

SunnBokPostboks 23, 5401 StordTelefon: 53 41 20 01www.sunnbok.no

LeiarGud har lagt skulen i vår hand...

Svein Bjarne AaseDagleg leiar

dei bar på og gåva til strategisk tenking som mange hadde. I denne utgåva av Venen markerer me at det er 100 år sidan

Indremisjonssamskipnaden

Ynskjer du å gi ei gåve til Indremisjons-samskipnaden, kan du senda den til konto 8220.02.80454. Då går gåva direkte til Samskipnaden.

Dersom du ynskjer skattefrådrag på gåva må den sendast til konto 8220.02.80632 og merkast med ditt personnummer og ”Gåve til Samskipnaden”.

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar

og gjevarteneste pr. 30. september

Hittil 2011

2 499 058,-

Hittil 2010

2 192 327,-

Bu

dsjett 2011

3 870 000,-

0

500 000

1 000 000

1 500 000

2 000 000

2 500 000

3 000 000

3 500 000

4 000 000

4 500 000

Page 3: Venen nr.6 2011

3Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2011

Spørsmålet kjem i koret: ”Men har du sett Jesus som lider på korset, som soner for din skyld og lindrer din nød; og har du sett Jesus som står opp av graven, gir håp om ett nytt liv, og seier over død.”

Ja, dei fl este godtek barnet i krybba, men at han lei på krossen kan nok vere verre å akseptere for mange. Ja, så høgt elska Gud verda. Ser me inn i kor stort dette er kan me seie: Takk at du gjorde det for oss! Òg denne jula vil den glade bodskapen om Jesus bli forkynt i kyrkje og bede-hus. Måtte bodskapen bli til hjelp for mange.

Vil med dette ynskje alle ei God Jul!

Jesus, verdens lysDet nærmar seg jul, jula har mykje fi nt med seg. Familiar samlast og folk er eigentleg spesielt gode med kvarandre. Trass dette kan jula vere ei tung tid for mange. Alle har det ikkje like lett i jula. ”Jesus verdens lys” står det på ein fjellvegg på Bømlo og er lett synleg for alle dei som kjem forbi. Ja, Jesus kom til verda på den mørkaste årstida og då kom han med lyset. Joh. 8:12. Gud hadde heilt frå syndefallet plan-lagd ein redningsaksjon for oss. Han sende difor Jesus, Joh. 3:16. Dei som levde då venta på at det skulle bli fødd ein konge, men at han skulle verta fødd i ein stall var vel ikkje slik dei hadde tenkt. Det var ikkje rom åt dei i Herberget. Hadde han blitt fødd i dag, ville nok lokala

vore betre. Plassen han hadde fått blant folk, ville nok vore den same, Joh. 1:12. Jesus kom med frelse til alle menneske, frelsa er ferdig, men me må alle ta i mot. Alle i Noreg har det så godt, og Jesus blir då for mange overfl ødig. Likevel er det berre Jesus som gjev fred, det er han som kan fylle tomleiken som mange kjenner på i dag. Alle har me vel gjort oss eit bilete av Jesus. Ein song seier dette så fi nt:

”Du ser kanskje Jesus som barnet i krybben, og hyrde på marken og vismenn på kne. Med stjerner som stråler og engler som synger, gir stemningsfull glede og budskap om fred.”

Av Edmund Thormodsæter

Andakt

BØNESPALTATAKKA FOR:- Framnes, Helgatun, Brandøy og SunnBok.- Alle som har vore på weekend i haust.- Alle leirleiarane og alle trufaste medarbeidarar rundt om på bedehusa.

BE FOR:- Alle advent- og julesamlingar i kyrkjer og bedehus.- Reiseruta som er lagt for våren og alle forkynnarane.- Styret i IMS og alle på IMS-kontoret. - Julehøgtida, at folket må ta imot Frelsaren, Jesus Kristus.

Kongens fortenstmedalje i gull til Karl Johan Hallaråker!Laurdag 5. nov. vart Karl Johan Hallaråker tildelt Kongens fortenstmedalje i gull under ei festsam-kome på Bibelskolen Bildøy. Det var assisterande fylkesmann Rune Fjeld som føretok tildelinga. “Du har hatt ei teneste som har hatt preg av ei total livs-form med eit engasjement som strekker seg langt ut over det nasjonale. Både i nordisk og europeisk indremisjonssamanhang har du satt spor. Du har vore, og er, ein uredd samfunnsdebatant som syner eit bredt samfunnsengasjement. Du er vel kjent og høgt respektert, også langt ut over dei miljø der du har utført ditt daglege virke. Du har til fulle oppfylt kriteria og det er ei ære og glede for meg å dekorera deg med H.M. Kongens fortenst-medalje i gull med tilhøyrande diplom”, sa mellom anna Fjeld før han festa medaljen på jakkeslaget.

Indremisjonssamskipnaden vil gratulera Karl Johan Hallaråker med Kongens fortenstmedalje i gull. Me gler oss saman med deg og heile familien, og ynskjer Guds rike signing.

Du kan lesa meir på www.imf.no

Page 4: Venen nr.6 2011

Indremisjonsvenen - Nr. 06- 20114

Framnes! Dette namnet har ein spesiell klang i mange sine øyro. Tusenvis av elevar har gått på denne skulen eit år eller meir. Mange er dei som etter opphaldet på Framnes reiste heim med ein ny livskurs – dei hadde møtt Frelsaren! Ikkje få ser tilbake på Framnestida som året der dei vart stille for kva dei skulle gjera seinare i livet. Mange fann seg ektemake der, medan andre fekk gode venner.

elevane. Her gjekk sterke vekkingar over elevfl okken vinter etter vinter. Og det er mange som har kome til tru på Jesus Kristus i dei 100 åra Indremisjonssamskipnaden har drive Framnes.

Ein del tidlegare elevar, og andre med godhug for ungdomssku-len, tykte noko gjekk tapt då styresmaktene tok bort namnet ungdomsskule, og la dei kristne ungdomsskulane under same lov og ordningar som dei verdslege folke-høgskulane.

I 1994 var det stor brann på sku-len. Mykje gjekk tapt i fl ammane, men etter berre eit par veker kom elevane tilbake og fekk fullføra skuleåret. På imponerande kort tid vart skulen bygd oppatt. Ein fekk ny stor gymnastikksal, auditorium, stor peisstove og mange andre rom. Framnes var blitt ein meir tids-messig skule som passa godt for oppgåvene som venta.

Utover i 80-åra var det mykje arbeid på folkehøgskulane med pålegg om nye planar og forskjellige kurs, og på denne tida dukka det opp spørsmål om ein burde gå over

Framnes dei første åra, for mange måtte bu på gardane kring skulen. Standarden på husroma ymsa, og nokre kunne ha ganske lang skule-veg. Difor vart det bygt internat, og skulen fekk då plass til 110 elevar. – Det neste som kom var ein kom-binert gymnastikksal / festsal med plass til 800 personar.

Skulestyrar Fottland sette merke et-ter seg på fl eire måtar. Han var du-gande og framsynt, og hadde med seg Hans Sandvoll og andre dyktige medarbeidarar. Tidleg vart det arbeidd ut planar for praktiske liner. Det vart reist nye bygningar og kostbart utstyr vart kjøpt inn. Frå vinteren 1925-26 var det i tillegg til teorilinje, metall- og tresløyd for gutar, og for jenter matstell, sying og veving. (Dette vart seinare møn-ster for dei fl este ungdomsskulane i landet!)

Også i Hans Sandvoll si styrartid opplevde skulen ei rik vokster og utvikling. Sandvoll hadde ei særleg omsut for det heilage samfunnet in-nan lærar og tenarfl okken, og blant

Indremisjonssamskipnaden har nå vore eigar av denne skulen i 100 år, men me må ta med at det hadde vore ungdomsskule på Framnes alt frå 1897. Det var Johannes Brandtzeg og kona Tina som la til rette for at skulen vart plassert på den vakre staden, men etter berre få år fl ytte Brandtzeg med kinamis-jonen til Bergen, og skulen vart for sal.

Sunnhordland, Hardanger og Voss Indremisjonssamskipnad hadde årsmøtet sitt i Strandvik i 1911, og der vart det vedteke – på visse vilkår – å kjøpa skulen. Ei nemnd arbeidde med saka, og det vart kal-la inn til ekstra årsmøte. Sjølv om det var midt i julehelga, 29. desem-ber, møtte 85 utsendingar på Fram-nes, og det vart gjort samrøystes vedtak om å overta skulen.

Første elevane var 33 jenter på praktisk vårkurs. Desse vårkursa heldt fram i 50 år, men måtte slutta p.g.a at vinterkursa vart lengre. Det var ikkje berre enkelt å vera elev på

NB! Dersom du ynskjer å få tilsendt ”Ljosglytt -100 års skriftet for Framnes” som vart skrive til jubileet i 1997, kan de ta kontakt med Framnes på tlf. 56 55 05 00.

Framnes - 100 år i Indremisjonssamskipnaden si eige!

Page 5: Venen nr.6 2011

5Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2011

til vidaregåande skule. Ikkje alle syntest det var kjekt med eit så radikalt skifte, men på årsmøtet i Ølen i 1993 vart det vedteke. Første klassane i Vidaregåande skule tok til i 1996.

Ettertida har synt at ennå ein gong vart rett vedtak gjort, og skulen på Framnes står i dag igjen som eit fl aggskip mellom dei frie. Elevar som går der let vel, og er på den måten dei beste ambassadørane skulen kan ha. Elevar som har hatt ekstra utfordringar i grunnskulen/skulane fi nn seg vel til rette, og fortel at på Framnes er livet blitt godt å leva.

Alt i Fottland si tid var det nokon som etter utvidingar / nybygg syntest at nå fekk det vera nok, men då kom alltid svaret: ”Framnes vert aldri ferdig. Det er alltid noko usynleg som i si tid vert synleg.”

Mange som har lagt ned stort arbeid ved skulen skulle vore nemde, men det er med djup vørdnad me bøyer oss for dei som har vore tilsette i ein av dei mange funksjonane der. Dei har gjort Framnes til det skulen har vore og er: ”Skulen er ein heim - og heimen er ein skule.”

Jens Tveit

Framnes i dag

Framnes - 100 år i Indremisjonssamskipnaden si eige!

Page 6: Venen nr.6 2011

Indremisjonsvenen - Nr. 06- 20116

Lise Marie

LindaGunnhild

Barne- og Ungdomssidene!

TirsdagsklubbenAnnankvar tysdag i partalsveker er det yrande liv på Horneland bedehus. Då er det småbarnstreff for førskule-born 0-6 år med følgje av ein vaksen. Klubben har eksistert i mange år, men valde i haust å melda seg inn i IMS. Leiar Ingvild Herskedal seier at ho gjennom Torsdagsklubben i Sagvåg vart kjent med Indremisjons-samskipnaden. Dei siste gongane har det vore rundt 15 born, pluss ca like mange mødre. - Kva med fedrenedå, lurer eg. Jo, av og til er det nokre fedre med også, fortel Ingvild. Tidle-gare var det stort sett eitt- til to-årin-gar som kom, men no har me også fl eire fi re-åringar som går, og elles to- til tre-åringar. Ingvild driv klubben saman med Eldri Stautland Espeland. På tirsdagsklubben startar dei først med ei samling der dei syng om Je-sus, deretter forteljingar frå Bibelen. Så er det tid for niste og aktivitetar, der dei ofte lagar ein ting som går i tråd med det dei har høyrt i andak-ten. Til slutt er det tid til litt frileik.

Nysæter barnekorHausten 2010 starta Nysæther barne-kor opp. I Sagvåg har det også vore barnekor tidlegare, men no hadde det vore nokre års pause. Sommaren 2010 fl ytta ein ung familie til Sagvåg med tre born; familien Silje og Kjetil Fyllingen. Silje, som er leiar i Nysæter barnekor, fortel at ho vart kjent med fl eire leiarar som var positive til å starta opp kor. Då satte ho i gong. Me ynskte å høyra til ein plass, og då var det naturleg å velgja IMS (mannen Kjetil er jo nettkonsulent i ImF-ung). Også i Ålesund hadde ho og Kjetil drive barnekor, men då var det kun dei to som var leiarar. No har ho fem medleiarar. – Me er ikkje så mange i koret, fortel Silje, men det kjem stadig nye. På sist korøving kom ei av jen-tene som syng i koret og fortalde at ho også ynskte å vera leiar når ho vart stor. Det er kjekt å høyra! Medlemene er 5-12 år, mest jenter, men også tre-fi re gutar er med. Me bruker singback, har eit variert repertoar; Bjarte Leit-haug, Soul Children, Lisa & Sofi e, Alle mann på dekk og Regnbuelandet for å nevna noko. Kvar måndag er det øving i Nysæter kyrkje.

Drop-InAnnakvar fredag (oddetalsveker) er det Drop-In på Zoar bedehus, Hals-nøy. Allereie i vinter starta ivrige ildsjeler med å pussa opp i kjellaren. Det grøne golvbelegget vart byta ut med eit nytt. Det vart laga scene, ny kioskløysing, og elles fi ksa opp her og der. Mellom 10-30 ungdomar er innom desse kveldane, og me har ope frå 2000-2400, fortel leiar Per Gunnar Nordbø. Det verkar som om mange trivest. Me har fått kommentarar på at me kun spelar kristen musikk. Men me vil uansett halda på det. Det er mykje bra og brukbar kristen musikk, men for mange ungdomar er det ukjent. Fleire har høyrt noko av musikken på Skjærgårds. Opplegget på Drop In er open kafè, spela spel og andakt ca kl 2200, og musikk frå anlegget då. Seks leiarar byter på å ha ansvaret. På spørsmålet kvifor Per Gunnar ynskte å dra i gong dette, svarar han: - Eg hadde lyst! Eg ynskjer at ungdomen skal få eit meir positivt inntrykk av kva det vil seia å vera kristen. Det er viktig å ha kristne miljø der ungdomane kan få høyra om Jesus.

Nyinnmeldte lag80 barne- og ungdomslag er no tilslutta IMS. Fire av desse vart innmeldte etter nyttår. Veldig kjekt at nye lag vert starta opp, eller at lag som allereie eksisterer vel å melda seg inn i IMS. To barnelag/kor er innmeldte; Tirsdagsklubben og Nysæter barnekor, begge Stord. Ungdomslaga Drop In (Halsnøy) og UngdomsAlhpa på Laurhammer (Bømlo) er også nye av året. Me ynskjer dykk velkomne inn i IMS. Her kjem ein kort presentasjon av laga:

Leiar Silje Fyllingen

Tirsdagsklubben

Drop-In

Page 7: Venen nr.6 2011

7Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2011

Ope Hus på Valen

RagnhildMarit

Barne- og Ungdomssidene!Men Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.Rom 5,8

Marita Nordtun, 15 år, Meling

Mitt bibelvers!

UngdomsAlpha I Venen nr 2 i år kunne du lesa om oppstart av UngdomsAlpha på Laurhammer bedehus, Bøm-lo. Dette er eit tilbod for dei som er ferdige med konfi rmasjonstida, og som ynskjer å læra meir om livet som kristen og få veksa i trua. Anna-kvar tysdag (oddetalsveker) møter ungdomane til ca 45 minutts undervisning, song, samtale, varm mat, spel, leik og prat. Dette fortel Linda Aase frå sist UngdomsAlpha:«Kven seier at me ikkje kan ha det kjekt medan me høyrer om Jesus? UngdomsAlpha er eitt av dei laga eg er fast på, og eg er veldig glad for det. Ungdomane som kjem er veldig koselege og miljøet er bra. Alpha er der du går for å bli kjent med det grunnleggjande frå Bibelen. Ulike talarar kjem kvar gong og går gjennom eit tema. Tysdag 8. november var det John Morten Espevik som hadde undervisninga, og han snakka om Jesus som redningsmann. Her fekk me eit innblikk i kvifor Jesus er rednings-mannen vår, og kvifor me må ta imot redninga. Tida etter undervisninga går i prating, pilkasting, biljard (på eit mindre brukbart biljardbord), mat og is. Det er veldig kjekt å koma i kontakt med ungdomane og slappa av med samtalar som går på livet og Gud.» I skrivande stund har eg nett fått inn ein sms frå leiar Morten Habbestad. 11.-13. november var ungdomane frå Laurhammer UngdomsAlpha på tur til Kjølvik, og Morten fortel om ein fantastisk tur. Dei som ikkje var med på den gjekk glipp av ei oppleving for livet.

Marit Hårklau Ådnanes

UngdomsAlpha

Page 8: Venen nr.6 2011
Page 9: Venen nr.6 2011

Me lever nok ikkje i julefesten sin tidsalder i dag. Men det gjorde me før i tida!!! Då var julefestane på bedehuset høgdepunkt for svært mange, både unge og eldre. Det var ikkje så mykje anna som hende i bygda ved juletider, enn julefestane og juleselskapa! Det var ikkje mange festar me ikkje troppa opp på. Rekorden min er visst 9 (i ei lita bygd)! Indremisjonen, Ungdomsforein-inga, Søndagsskulen, Eldrefesten, Blå Kors-festen, Frelsesarmeen...

Programmet var enkelt: Song, tale, opplesing, mat og juletregang.Når det gjeld festmaten, så var den oftast enkel. Me fekk gjerne utdelt kvar vår pose, i den kunne det vera julebrød, bolle og julemenn, med kaffi eller kakao til. Det var heilt OK det.

Skulle eg ta fram ein fest frå minne-kransen, så må det vera ungdoms-foreininga sin fest etter vekkinga i 1953. Det eg minnest er ringen rundt juletreet. Etter nokre julesongar stod

Vandring i bedehusland

me stille rundt treet og fl eire av dei nyfrelste vitna om Jesus. Det var noko heilt nytt etter denne hausten, mange liv var heilt omskapte. Tindrande lys på eit fi nt pynta juletre, og strålande unge andlete. Kven kan gløyma slike minner?

I dag er det mistenkeleg langt mellom julefestane. Kanskje nokon kunne sjå det som ei oppgåve å ta opp tradisjo-nen igjen? Er ikkje juleevangeliet grunn til fest mellom Guds folk?

v/ Kåre Steinsund

bedehusland bedehusland bedehusland

Velkommen til julefest på Bedehuset!

Stord - Tlf.: 53 41 20 01www.sunnbok.no

Jarle WaldemarNy jule-cd i salg no.

“La det sne”.

Kr. 179,-

Team Sulebakk - JulelysStemningsfull jule-cd avfamilien Sulebakk frå Nordhordland.

Kr. 179,-

Årets juleplateOslo Gospel Choir saman med den dyktige sangerinna Maria Haukaas Mittet.Kr. 169,-

Det er GULLNy cd av den supre

jentegruppa Seven.

TILBUD!Kr. 149,-

Min heltEndelig ei barneplate for ”gutta”.Friske låter fra debutanten Mathias Fjalsett.

TILBUD!Kr. 149,-

Super ungdomsplate

Inneheld 12 ferske songar

på norsk av div. artister.

Innspelt på sommarens

”Skjærgårds”.

Kr. 149,-

Nyhet på DVD10 musikkvideoer frå dei siste utgivelsane med Lisa Børud.

IntroprisKr. 179,-

Julegåvene med meining fi nn du hos oss! Velkomen innom butikken på Leirvik til ein triveleg julehandel!

Kjem du deg ikkje hit? Ring oss, så sender vi deg det du ynskjer!

Page 10: Venen nr.6 2011

I haust har me 253 elevar ved Framnes kristne vidaregåande skule. Me tykkjer det er stort at elevar og foreldre vel Framnes som sin skule. Me veit at ikkje alle kjem til å gå her i tre år, men kanskje eitt eller to - og me vonar at me får lov til å prege denne tida på ein positiv måte, slik at ein kan tenkje tilbake med glede på den tida ein var elev på Framnes.

Det er kjekt å få gode tilbakemeldingar på det ein gjer. Det opplever me alle. Og det er kjekt å få gode karakterer. Men me veit også at alle får ikkje den same karakteren. Heller ikkje om ein jobbar mykje, er ein garantert ein toppkarakter. Noko lukkast ein med med, anna ikkje. Jesus talar også noko om dette: Ein fekk fem talent, ein annan to og ein tredje ein talent (Matt. 25). Ein fekk mykje ein annan mindre, men alle hadde fått ei gåve. Dette er viktig å vise elevane. Dei har ei gåve som dei kan få ta i bruk, enten det no må vere mykje eller lite.

Dette skuleåret er eit reiseår, og mange elevar og lærarar har allereie vore på tur. Ei gruppe for heilt til Tunisia. Landet byr på eit møte med muslimsk kultur slik den fram-står her. Men landet har også fortid som

romersk provins og har også mange innslag frå tidleg kristendom. Her er det mykje spanande å oppleve både i høve til historie-faget og religions- og kristendomsfaga!

Ein annan langtur har nokre få utvalde nettopp lagt ut på: skulepresten og to elevar. Målet er Sierra Leone. Her ligg eit misjonsskip, Mercy Ships, som vert støtta av elevane sitt misjonsprosjekt dette året. Ei viktig inntektskjelde til prosjektet er Misjons-løpet. Dette arrangementet vart i år lagt til foreldredagen i oktober, og elevar og nokre tilsette og foreldre sprang inn heile 660 000,- kroner! Fantastisk! Du kan lese meir om misjonsprosjektet på deira nettsider www.misjonsprosjektet.no.

Denne gongen vart det ikkje skrive så mykje om kva som har skjedd på Framnes-området, men tru meg: mykje har skjedd, og meir kjem til å skje! Dette kan du lese om på nettsidene våre. Oppfordringa er derfor at du følgjer med oss på www.framnes.vgs.no.

Harald Vosterrektor

Framneshelsing!

Misjonsløp

Kafé

Personal og elevar ved Framnes vil ynskja

alle lesarar av Venen God Jul og Godt Nytt År!

Personal og elevar ved Framnes vil ynskja

Personal og elevar ved Framnes vil ynskja

Personal og elevar ved

alle lesarar av Venen alle lesarar av Venen Framnes vil ynskja

alle lesarar av Venen Framnes vil ynskja

God Jul og Godt Nytt År! God Jul og Godt Nytt År! God Jul og Godt Nytt År!

Personal og elevar vedFramnes vil ynskja

alle lesarar av Venen God Jul og Godt Nytt År!

Page 11: Venen nr.6 2011

11Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2011

Svein Bjarne Aase 03.12 Styremøte IMS17.12 Leirvik IUF18.12 Stord Indremisjon03.-06.01 Arbeidarmøte Bildøy07.01 Meling Indremisjon13.01 Leirleiarfest Brandøy18.-29.01 Stord Indremisjon27.01 Sveio Mannsforening01.02 Vimi-treff Voss05.02 Vintermøte Bremnes kyrkje10.02 Mannskveld, Leirvik bedehus11.-12.02 Voss17.02 Styremøte IMS18.02 Si-treff Stemnestaden19.02 Vintermøte Leirvik bedehus26.02 Lothe og Alvsåker IM

Marit Ådnanes 11.12 Horneland Indremisjon29.12 Huglo Indremisjon03.-07.01 Arbeidarmøte Bildøy13.01 Leirleiarfest Brandøy14.-15.01 BULK Brandøy19.01 Eikelandsosen Indremisjon01.02 BUR-møte 05.02 Vintermøte Bremnes krk.19.02 Vintermøte Stord

Ragnhild Nesse 02.-04.12 Adventshelg Brandøy18.12 Søndagsskulen Håvik03.-07.01 Arbeidarmøte Bildøy13.01 Leirleiarfest Brandøy14.-15.01 BULK Brandøy26.01 Sætre bedehus s.m. Zoar10.-12.02 Skiweekend Helgatun12.02 Vintermøte Voss

Lise Marie Th. Litlabø 05.12 Barnekoret Songbuketten06.12 Osterneset Yngres09.12 Foldrøy Fredagskafe11.12 Samnanger Misjonsforsaml.27.12 Julefest Uskedalen28.12 Bømlo Indremisjon03.-07.01 Arbeidarmøte Bildøy13.01 Leirleiarfest Brandøy14.-15.01 BULK Brandøy22.01 Samnanger Misjonsforsaml.26.-29.01 Barneveke Meling 01.02 BUR-møte 10.-12.02 Damehelg Brandøy16.-19.02 Barneveke Bømlo

Linda Aase 02.12 UFO Bømlo03.12 Leirvik IUF06.12 Laurhammer, U-Alpha09.12 UFO Bømlo12.-16.12 Bildøy03.-07.01 Arbeidarmøte Bildøy13.01 Leirleiarfest Brandøy14.-15.01 BULK Brandøy

Gunnhild Olsen 02.-04.12 Førjulshelg Helgatun05.12 Decor06.12 Laurhammer, U-Alpha09.12 Husnes IUF12.-16.12 Bildøy13.01 Leirleiarfest Brandøy14.-15.01 BULK Brandøy

Tor Ingvald Lauvrak 06.-11.12 Meling Indremisjon17.-22.01 Skånevik Indremisjon24.-29.01 Omvikdalen Indremisjon

Ingebrigt Sørfonn 27.-29.01 Jondal Indremisjon

Roald Evensen 21.-23.02 Husnes IM24.-26.02 Uggdal Indremisjon

Erik Furnes 19.02 Vintermøte Stord

Andreas Evensen 10.-12.02 Håvik Indremisjon

Kenneth Foss 03.-05.02 Sagvåg Indremisjon

Muff, Klaus 18.-29.01 Møteaksjon Leirvik bedehus26.02. Gilje og Thormodsæter IM

Guri Bjørnevik 03.12 Styremøte IMS10.-12.02 Damehelg Brandøy17.02 Styremøte IMS

Kåre Johan Hamre 02.-04.12 Førjulshelg Helgatun07.-08.12 Granvin Misjonslag12.-16.12 Helgatun03.-07.01 Arbeidarmøte Bildøy10.-13.01 Indremisjonskontoret15.01 Os Indremisjon16.-19.01 Granvin Misjonslag25.01 Meling Indremisjon26.-27.01 Osterneset Indremisjon30.01 Granvin Misjonslag01.02 Neset Indremisjon05.02 Moster Indremisjon08.-12.02 Rubbestadneset IM13.-16.02 Granvin Misjonslag

Liv Rolfsnes 26.12 Meling Indremisjon28.12 Fitjar Indremisjon01.01 Kyrkjetunet Ølen03.-07.01 Arbeidarmøte Bildøy26.02 Lothe og Alvsåker IMI tillegg oppgåver som områdesekretær for Odda/Ullensvang

Marit A. Røen 04.-04.12 Førjulshelg Helgatun18.12 Horneland Indremisjon27.12 Jondal Indremisjon29.12 Julefest Tveit03.-07.01 Arbeidarmøte Bildøy15.01 Sagvåg Indremisjon18.-19.01 Borgundøy Indremisjon22.01 Gilje og Thormodsæter IM28.01 Laurhammer Indremisjon29.01 Hiskjo Indremisjon03.02 Horneland Indremisjon04.02 Meling Indremisjon15.02 Børsheim krins17.-19.02 Barneveke Moster22.02 Nordbygda Indremisjon

Aksel Ingvard Johanessen 11.12 Laurhammer Indremisjon06.01 Bømlo Indremisjon15.01 Gilje og Thormodsæter IM22.01 Meling Indremisjon08.-09.02 Bogøy Indremisjon26.02 Horneland Indremisjon

Toralf Steinsland 06.12 Norheimsund Indremisjon29.12 Sagvåg Indremisjon15.01 Laurhammer Indremisjon01.02 Bømlo Indremisjon08.-09.02 Huglo Indremisjon16.-17.02 Uskedalen Indremisjon18.02 Si-treff Stemnestaden19.02 Uskedalen Indremisjon

Edmund Thormodsæter 03.12 Styremøte IMS17.02 Styremøte IMS

Jens Tveit 15.01 Håvik Indremisjon03.-05.02 Odda Indremisjon17.-19.02 Sandvoll Indremisjon

Runar Landro 28.-29.01 Moster Indremisjon29.01 Horneland Indremisjon

Ola Malvin Lomheim 15.01 Samnanger Misjonsforsamling

Arne Lindekleiv 03.12 Odda Indremisjon04.12 Stord Indremisjon07.01 Horneland Indremisjon

Åstrid Aase 03.12 Osterneset m/boksal

Halvard Sveen 08.01 Stord Indremisjon19.01 Vikebygd krins22.02 Meling Indremisjon

Marit Dahl Hollund 19.02 Håvik Indremisjon

Erlend Hardang 10.02 Leirvik UKS11.02 Gilje IUF12.02 Gilje og Thormodsæter IM

Knut Kvamme 03.-07.01 Arbeidarmøte Bildøy

Olav Eikemo 14.-19.02 Tørvikbygd Indremisjon

Reiseruta desember, januar og februar

Heile arbeidarfl okken i IMS vil ynskja lesarane av Indremisjons-Venen ei velsigna god adventstid, ei fredfull julehøgtid og eit godt nytt år!Vi takkar for alle vi har fått vore saman med i året som snart er omme, og gled oss til godt samarbeid i året som ligg framom oss. En krybbe var vuggen som ventet ham her, Det lille barn Jesus, vår Frelser så kjær. Men stjernene lyste helt inn der han lå,Det lille barn Jesus, på leiet av strå. Så enkelt og stille kom Gud til vår jord.Så høyt er jeg elsket av Jesus, min bror.Han kom fra Guds himmel, Gud selv var han lik,Men Jesus ble fattig, og jeg er blitt rik.

Fra krybben til korset gikk veien for deg,Slik åpnet du porten til himlen for meg.

Velsign oss, vær med oss, gi lys på vår vei,Så alle kan samles i himlen hos deg.

Helsing frå arbeidarfl okken

i Indremisjonssamskipnaden!Gunnhild Olsen 02.-04.12 Førjulshelg Helgatun05.12 Decor06.12 Laurhammer, U-Alpha09.12 Husnes IUF12.-16.12 Bildøy13.01 Leirleiarfest Brandøy14.-15.01 BULK Brandøy

15.01 Håvik Indremisjon03.-05.02 Odda Indremisjon17.-19.02 Sandvoll Indremisjon

Runar Landro 28.-29.01 Moster Indremisjon29.01 Horneland Indremisjon

Helsing frå arbeidarfl okken i Indremisjonssamskipnaden!

Sendingar kvar sundag kl. 09.00 - 10.00 * DU FINN OSS PÅ RADIO SUNNHORDLAND Stord 104,7 MhZ - Bømlo 107,9 MhZ - Kvinnherad: 106,2 MhZ - Os: 103,7 MhZ

BE FOR SENDINGANERADIO SAMSON RADIO SAMSON

Personal og elevar ved Framnes vil ynskja

alle lesarar av Venen God Jul og Godt Nytt År!

Personal og elevar vedFramnes vil ynskja

alle lesarar av Venen God Jul og Godt Nytt År!

Reiseruta for Barne- og ungdomsavdelingaer under utarbeiding.

Page 12: Venen nr.6 2011

Indremisjonsvenen - Nr. 06- 201112

Indremisjons-samskipnaden inviterer tilVINTERMØTE!5. febr. Bremnes kyrkje kl. 19.00Marit Ådnanes, Svein Bjarne Aase m.fl .12. febr. Nain bedehus - Voss kl. 17.00Ragnhild Nesse, Svein Bjarne Aase m.fl .19. febr. Leirvik bedehus kl. 19.00Erik Furnes, Marit Ådnanes, Svein Bjarne Aase m.fl .

Avesnder: Her settes fullstendige returadr på en linje

B

min

st 6 cm avstan

d

Portomerkesettes inn i 1:1 str

Returadr på en linje

Annonser, bilder, red. stoff o.l.

Vi anbefaler minimum 13 cm lengde pga lange adresserAvsender: Indremisjonskontoret, Pb 150, 5401 STORD

KONSERTEN ARRANGERES AV ImF OG SAMSKIPNADEN

FRI ENTRÉ KOLLEKT UNDER KONSERTEN

FØ R J U L ST U RN É M ED MARIT & IRENE

FØ R J U L ST U RN É M ED FØ R J U L ST U RN É M ED

09.12 Meling bedehus kl 19:00 Gjest: Sveinung Andersen

ARRANGERES AV ImF OG SAMSKIPNADEN

M Å LFremsideBredde 246mm

Høyde 71mm (max)

HelsideBredde 246mm

– Et spennende

julehefte for deg

mellom 4 og 12 år– Et spennende

julehefte for deg – Et spennende

julehefte for deg – Et spennende

mellom 4 og 12 årjulehefte for deg

mellom 4 og 12 årjulehefte for deg

mellom 4 og 12 årjulehefte for deg

mellom 4 og 12 årjulehefte for deg

ImF M

EDIA 2011

julen 2011 Gode historier Reportasjer

Hobbyaktiviteter Julenøtter

Innsendingsoppgaver

Vil du være med å selge Barnehelg i ditt nabolag?

Ta kontakt med ImF på 56 31 4

2 40 eller mail [email protected]

Du beholder selv 20-30 % av salgssum

men

avhengig avhvor mange blad du

bestiller.

Svein Bjarne Aase m.fl .

Gjest: Gjest:

– Et spennende – Et spennende

Påmelding: Helgatun Tlf 56 51 98 98