12
Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2011 ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 01 - 2010 indremisjons ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 01 - 2011 Eg lyfter mine augo til fjella: Kvar kjem mi hjelp ifrå? Mi hjelp kjem frå Herren, han som skapte himmel og jord. Salme 121, 1-2

Venen nr.1 2011

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Indremisjonsvenen

Citation preview

Page 1: Venen nr.1 2011

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2011

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN01 - 2010

indremisjonsindremisjonsindremisjons

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN01 - 2011

Eg lyfter mine augo til fjella: Kvar kjem mi hjelp ifrå?Mi hjelp kjem frå Herren, han som skapte himmel og jord. Salme 121, 1-2

Page 2: Venen nr.1 2011

Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap,

I januar var me samla til Leirleiarfest og barne- og ungdomsleiarkonferanse på Brandøy. Det vart ei svært inspirerande og oppløftande samling. Aktuelle tema vart løfta fram og ein engasjert deltakarfl okk delte frå eigne liv og erfaringar med oss. Fokuset denne helga var å nå ut med evangeliet til dagens menneske. Gjennom bibeltimar og seminar blei me på ein enkel, jordnær og inspirerande måte utfordra til å snakka om trua og formidla bodskapen om Jesus Kristus på ein god måte.

Det er slike helger som gjev oss nytt mot, glede og inspirasjon i tenesta og som gjer at eg tenkjer: Sanneleg har me mykje å ta vare på og byggja på i Indremisjonssam-skipnaden. Me har svært engasjerte og ivrige arbeidarar i barne- og ungdomsarbeidet vårt, dei står på og brenn for evangeliet. Og det som er ekstra oppløftande å sjå, er at Gud reiser opp unge menneske som vil gje seg sjølv inn i tenesta i Guds rike. Me har sanneleg mykje å takka for.

Med oss denne helga var det også lærarar og elevar frå bibelskulen vår på Bildøy. Bibelskulen Bildøy er ein viktig reiskap i å utrusta unge menneske til teneste. Kjenner de ungdom som ber på eit ynskje om å bli grunnfesta i trua og utrusta til teneste, bør de tilskunda dei til å ta eit år på bibelskulen. Kanskje skal du vera med å investera i ein ungdom sitt liv ved å ”sponsa” eit bibelskuleår for nokon. Dette er ein skule for LIVET. Så er det viktig å tenkja på at når me snakkar om utrustning til teneste så gjeld det ikkje berre til ei teneste i misjonen, men like viktig er å bli utrusta til teneste for å bera trua med seg ut i kvardagen. Ut i folkestraumen og det daglege livet.

Denne helga har me også fått sett kor viktig reiskap leirstadane og skulen vår er. Eg kjenner på eit sterkt behov for enno ein gong å løfta fram Brandøy, Helgatun og Framnes, og kva betyding dei har i Guds rike. Dei er bygd opp av menneske som fekk eit kall frå Gud. Gjennom mange år har Brandøy, Helgatun og Framnes vore reiskapar i Guds rike på ein heilt spesiell måte. Her har mange teke imot frelsa i Jesus Kristus, her har mange fått kall til teneste både heime og ute, her har menneske fått opplevd at livet har vakse og modnast på fl eire plan. Så får me som står i tenesta i dag lov til å vera med å byggja vidare på det som våre tidlegare leiarar og misjonsvener har bygd opp. Dette gjer meg audmjuk.

Me har mykje å TAKKA for i Indremisjonssamskipnaden, me som får stå i ein så rik samanhang og ei så fl ott teneste. Og me bed om mykje nåde og åndeleg visdom til å bera misjonsarven vidare i møte med folket i 2011. Godt nytt år i tenesta for Jesus Kristus!

Layout: Jan-Ove FagerheimTrykk: Haugesund Bok og Offset A/SRed.: Svein Bjarne AaseIndremisjonssamskipnadenPostboks 150, 5401 STORDTlf.: 53 41 07 04Fax: 53 41 27 40Postgiro: 7877.08.43366Bankgiro: 8220.02.80454Kontortid: 09.00 – 15.00Heimeside: www.indremisjonen.noE-post: [email protected]

Samskipnadsstyret:Edmund Thormodsæter, formannBirgit M. HjelmelandHalvard WiikIren Sævik MælandTorunn TvedtBjørn SaghaugKristoffer TjelleVaramedlemmar:Kåre StautlandKnut O. DaleAndreas R. Evensen

Dagleg leiar:Svein Bjarne AaseTelefon 47 26 13 40

Helgatun5713 VOSSESTRANDTelefon: 56 51 98 98Telefax: 56 51 98 99Bankgiro: 8220.02.80497Styrar: Solveig NorheimHeimeside: www.helgatun.no

Brandøy5584 BJOATelefon: 53 76 98 81Bankgiro: 8220.02.80470Husmor: Sigrun Thormodsæter

Framnes KVS5600 NORHEIMSUNDTelefon: 56 55 05 00Telefax: 56 55 13 92Bankgiro: 8220.02.80292Rektor: Harald VosterHeimeside: www.framnes.vgs.no

SunnBokPostboks 23, 5401 StordTelefon: 53 41 20 01www.sunnbok.no

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar

og gjevarteneste pr. 31. desember 2010

Heile 2010

3 715 445,-Heile 2009

3 522 883,-

Budsjett 2010

3 650 000,-

0

500 000

1 000 000

1 500 000

2 000 000

2 500 000

3 000 000

3 500 000

4 000 000

LeiarI TENESTE FOR JESUS KRISTUS

Svein Bjarne AaseMisjonssekretær

inspirerande og oppløftande samling. Aktuelle tema vart løfta fram og ein engasjert deltakarfl okk delte frå eigne liv og erfaringar med oss. Fokuset denne

Indremisjonssamskipnaden

BLADGÅVA

Vedlagt i dette nummeret fi nn de giro for bladgåva. Vi håpar mange vil nytta anledningen til å gi ei frivillig gåva til IndremisjonsVenen.

Bladet kjem ut med 6 nummer i året og vert sendt til ca 4000 husstandar rundt om i landet.

Vi veit mange ser fram til bladet kjem ut, og les det frå perm til perm. Her er stoff for både liten og stor. Her ser ein kva som har skjedd i Samskipnaden, og kva som skal skje framover. IndremisjonsVenen er eit viktig ”talerøyr” ut i distriktet.

Vi takkar hjarteleg for gåva du ynskjer å vera med å gi til bladet!

Page 3: Venen nr.1 2011

3Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2011

å få avslutte livet på, enn når du med bøyde knær får takke Gud for tilgivelsen. Og for Jesus.

For noen skal livet fremdeles vare lenge. Mens andre kanskje har begynt på det siste leveåret. Hvordan dette ligger an for den enkelte av oss, det vet ingen. Heldigvis.

”I din bok ble de alle oppskrevet, de dagene som ble fastsatt da ikke èn av dem var kommet.” Slik står det i Salme 139,17. Men summen av våre dagers tall, kjenner bare Gud.

La oss derfor sørge for å ha vår sak med Gud i orden. Og leve som om dette er det siste året vi får leve. Men la oss samtidig tjene Herren, og arbeide for at enda fl ere skal bli frelst. Som om vi skal være her bestandig.

Et enkelt men viktig spørsmål, helt til slutt: Hvem er reiseklar? Hvem er rede til å møte Gud? Svar: Den som har lært å folde sine hender og bøye sine knær. Og som har begynt å takke Gud for Jesus.

Har du begynt med dette - å takke Gud for Jesus?

å få avslutte livet på, enn når du med

Hun takket Gud for JesusDet var søndag formiddag og guds-tjenestetid. Og det skjedde i Vår Frelser Kirke i Haugesund. Langt framme i kirken satt to kvinner. En eldre kvinne på 83 år og en litt yngre. Det var ikke første gang de var på gudstjeneste, disse to. Den eldste gikk til gudstjeneste så ofte hun kunne. Uansett vær og føre.

Det nærmet seg slutten av gudstje-nesten. Prekenen hadde lydt. Salmene var sunget og bønner bedt. Nå skulle siste salmen synges. Det hadde vært nattverd denne søndagen. Og begge de to kvinnene hadde vært ved nattverd-bordet. Den eldste hadde bøyd sine knær ved nattverdbordet, som hun alltid pleide å gjøre. Tatt imot de synlige ga-vene, brød og vin. Og så takket Gud for Jesus. Og for tilgivelsen. Med foldede hender og lukkede øyne.

Nå skulle altså siste salmen synges. Den yngste hadde allerede funnet fram salmenummeret. Men den eldste satt helt i ro, med øynene lukket og salme-boken i fanget. Hun som allerede hadde slått opp salmeboken dyttet i vennin-nen, som om hun ville si: Du må fi nne fram den siste salmen, du også. Men det eneste som skjedde var at hodet

falt framover. Da forsto hun at noe var skjedd. Den eldre kvinnen ble båret ut til sideveggen, og lagt ned på golvet. Men det var ikke råd å få kontakt med henne. Ambulanse ble tilkalt, men etter en liten time kom beskjeden: Gerd hadde fl yttet hjem til Gud. Den eneste kontakten de hadde hatt med henne, var da hun så vidt åpnet øynene og så opp på dem som sto omkring. Smi-lende. Så var det slutt.

Det er ikke mange årene siden dette skjedde. Det skjedde i januar 2006. Og for meg er det heller ingen ukjent kvinne dette handler om. Jeg skriver om svigermor. Opprinnelig fra Madla, men siden bosatt på Røvær og i Hauge-sund.

Vi hadde båreandakt i leiligheten hennes på mandagen. Med hele familien til stede, fra den minste til den største. Gerd lå der så fi nt i den åpne kisten. Med lukkede øyne og foldede hender. Akkurat som ved nattverdbordet i Vår Frelser Kirke. Det er et privilegium å holde båreandakt i en slik situasjon. Jeg tenkte det da, og har ofte tenkt det senere: Kan det fi nnes en fi nere måte

Av Johnn R. HardangRadiopastor

Andaktwww.p7.no--- Kristen riksradio ---

Brukt med tillatelse frå P7 – Kristen riksradio.

BØNESPALTABE FOR...- Skiweekendane på Helgatun.- Vinterferieopphaldet, Helgatun.- Vinterleiren og Minileiren på Brandøy.- Ny ettåring til skuleåret 2011/12.- Arbeidarane og reiseruta.- Bildøy Bibelskule og Framnes.- Økonomien og fast gjevarteneste.

Velkommen til fi ne vårdagar på Brandøy. Naturen her er ei perle av Guds store skapar-verk med fjord, fjell og skogkledde lier. Her kan du fi nna ro og kvile for kropp og sjel.Det blir samlingar om Guds ord, forbøn og vitnemål. Dette året har vi også invitert misjonsvener frå Det norske Misjonsselskap i Karmsund område til å vera med oss.Få gjerne andre med deg også.

Vi har med bøker m.m. frå SunnBok på Stord.

Prisar pr. person: (alle med oppreidd seng)Enkeltrom ..........kr. 1.700,-Dobbeltrom ........kr. 1.300,- pr. person

Page 4: Venen nr.1 2011

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 20114

Tankar under stjernehimmelen stjernehimmelen stjernehimmelen stjernehimmelen stjernehimmelen

v/ Kåre Steinsund

15.-16. januar var barne- og ungdomslagsleiarar, leirleiarar og andre interesserte samla til BULK, barne- og ungdomsleiarkonferanse på Brandøy. Stemninga undervegs, og evalueringsskjema i etterkant viser at deltakar-ane har hatt ei fl ott helg med mykje bra undervisning og fellesskapet i fokus. Mange av deltakarane var også med på leirleiarfesten fredagskvelden i forkant.

“møtte veggen”. Me vart minna om at me ikkje berre er Guds tenarar, men at me fyrst av alt er Hans barn.

Takk til Brandøy som varta oss opp med mykje god mat denne helga. Neste år til same tid satsar me på nytt igjen. Håpar du vert med oss då.

Marit Hårklau Ådnanes

BULK på Brandøy

ho blir oppglødd og vil at andre også skal møta denne mannen. Jesus seier sanninga i kjærleik. Menneske treng å høyra små vitnesbyrd frå vanlege menneske. Mange samaritanarar kom til tru då dei høyrde kvinna sitt vitnes-byrd. Gud har kalt kvar og ein av oss til å gå ut. Når du tener Jesus blir det som næring tilbake til di eiga tru, seier Hartvig.

Laurdag ettermiddag var det også to seminar: ”Kreativ formidling” ved Hartvig Kloster og ”Snakk om tro” ved Finn Olav Jøssang frå Damaris. Talen på Areopagos i Apg 17 er grunnlaget for Damaris. I denne talen vert det henvist til ting tilhøyrarane kjenner. Så same vis jobbar Damaris for at det er viktig at me forstår denne verda, om me i dag skal møta menneske med evangeliet.

Bildøyelevar, med musikklærarane Geir Dahle og Solveig Algrøy, leia oss fl ott i allsong. Laurdag kveld vart det kon-sert/lovsong. Seinare på kvelden delte Svein Bjarne Aase si historie om då han

Hartvig Kloster, dagleg leiar og evan-gelist i OAC, hadde bibeltimane denne helga. Laurdagen var temaet ”gå inn til Jesus”. Her såg me på teksten om systrene Marta og Maria (Luk 10). Hartvig minna oss om at det er mykje som er godt å vera med på. Men kva er viktigast? Kalenderen kan lett fyllast opp. Om eg skal gå inn til Jesus, må andre ting prioriterast bort. Det er ikkje berre viktig og godt å ta tid med Jesus, men som det står i teksten: ”nødvendig.” Hartvig, som eigentleg er utdanna bakar, illustrerte det heile med ein deig. Om me går i gong med å kna deigen og steikjer den med ein gong har me jo gløymt noko; hevinga! Slik må også me kvila/ta oss tid saman med Jesus for best mogleg resultat. ”Gå ut for Jesus” var temaet søndagen, og me vart møtt med teksten om den samari-tanske kvinna i Joh. 4. Korleis møter me menneske, var ein av utfordringane denne dagen. Jesus fordømte ikkje kvinna, v.16-18, men seier sanninga i kjærleik. Kvinna blir ikkje provosert, lei seg eller anna i møtet med Jesus, men

Hartvig Kloster har andakt

på sketchboard

Ein kan bli stiv i nakken av å sjå lenge opp mot stjernene! Eller… Me er vel kanskje ikkje for mykje himmelvendte me men-neskje av i dag? Jorda har sterkt tak i oss, ofte på ein negativ måte. Me må ikkje innretta oss som om me skulle vera her alltid. Difor,- eg vil stå her ei lita stund til, og grunna på noko heilt ubegripeleg som skal henda i framtida.

Me har altså erkjent at under Guds stjernehimmel, under universet si grense-løysa der vert me små! Der strekk ikkje tankar eller intellekt til. ” Nei, vesle vitet,

det strekk ikkje til, Ei tru må stydja opp-under” (Garborg)

Men ein gong: ”For herren sjølv skal koma ned frå Himmelen med eit bydande rop, med ein overengels røyst og med Guds basun, og dei døde i Kristus skal først stå opp. Deretter skal vi som lever, som har vorte att, saman med dei rykkjast opp i lufta, for å møta Herren. Og så skal vi for alltid vera med Herren. Trøysta kvarandre med desse orda. ” (1.Tess.4, 16-18)

Forsking, vitenskap, tvilarar og fornektarar må pakka saman og rydda kontora sine.Herren er komen. Guds barn er henta heim.

Page 5: Venen nr.1 2011

5Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2011

Pravina – på Brandøy og BULK for fyrste gong- Korleis har du opplevd helga Pravina?Eg trur det er viktig at folk som kjenner Jesus kjem i saman til ein slik kon-feranse og deler oppmuntringar med kvarandre. Eg har aldri vore på ein slik konferanse. Ofte har me møte for folk som ikkje kjenner Jesus. Kristne leiarar må gi og gi, og har mindre tid til å bli inspirert sjølv. Det er alltid noko me kan læra og få inspirasjon frå. Mange får det som dei treng ei slik helg. Gud ser våre behov. Det som spesielt var bra med helga var at den var:1. Involverande. Det var mange spørsmål til ettertanke.

2. Kjekt med ulike seminarhaldarar og leiarar i aksjon. Spesielt lærte eg mykje ut av gode vers Finn Olav tok frå Bibelen. Han viste oss også videoklipp som me kunne ta lærdom av. Ein av dei var at innstillinga vår utgjer ein stor forskjell. Me fekk spørsmål til å tenkja

på: Kva tenkjer eg om meg sjølv? Kven er eg? Korleis snakkar eg med andre? Kor mykje skal me fortelja andre? Det er viktig å tenkja på korleis me når folk.

3. Eg likte å laga ballongar, seminar med Hartvig. Eg har veldig tru på krea-tive verkemiddel for å nå folk.

- Er det noko som du spesielt vart opp-muntra til etter helga?1. Eg tok til hjarta det som vart sagt om kvinna ved brønnen. Det er viktig at me møter folk med kjærleik og ikkje fordøming. Me er alle syndarar (Rom 3,23) og har ingen rett til å døma an-dre. Det er måten me også bør nærma oss andre på.

2. Innstillinga vår utgjer ei verdsforskjell for oss og andre.

Marit Hårklau Ådnanes

Pravina Hiwale er frå India, bur på Foldrøyhamn, jobbar som ingeniør på Matre Maskin, og har budd i Noreg i tre år. Me tar ein liten prat saman mot slutten av BULK på Brandøy.

God stemning under leirleiarfesten

Hartvig Kloster har andakt

på sketchboard

Brandøy-songen høyrer med, også på BULK

Page 6: Venen nr.1 2011

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 20116

Barne- og Ungdomssida!

Det er i år ca 70 fyrsteårsstudentar på Bildøy. I tillegg er 21 elevar knytta opp mot Bildøy si T2-linje. Miriam Sakseid er ein av desse siste, og har praksisplass hos oss i IMS. Daniel Tislavoll, Linda Aase og Gunnhild Olsen går fyrste året på Bildøy. Dei var alle med i Bildøy sitt team under BULK på Brandøy, og me tok ein prat med dei om korleis dei opplever året på Bidløy. Daniel går på musikklinja, medan Gunnhild og Linda går KRIK-linja.

- Kva tid bestemte du deg for å gå på Bildøy Linda?Når eg visste eg hadde kome inn i vår ein gong. Eg kjenner mange i Bergen, og då var eg ikkje så åleine. Eg hadde også høyrt mange gode rykte om KRIK-linja.- Gunnhild, kva har året hatt å seia for deg så langt?Eg har blitt mykje tryggare på kva eg trur på. Før hadde eg vanskeleg for å seia kva eg trudde på. Me har fått mykje bra undervisning. Eg har blitt utfordra på trua mi, og fått testa grensene mine på KRIK-linja.

Livet på BILDØY

RagnhildLise Marie

MaritMiriam

- Kva hovudinstrument har du Daniel, og kva består ein Bildøydag i?Eg har song som hovudinstrument. På ein generell Bildøydag er det skule kl 08.45-15.00. Så er det middag og dersom det er møte om kvelden spelar eg trommer. Elles er eg innom trenings-studioet og er sosial i peisestova.- Kva har vore best for deg i haust?Linda: Å få høvet til å veksa ut frå barne-trua mi. Israelsturen hjalp veldig her.

INTERNATSKULE!

Vg 1 Studiespes. utdanningsprogramVg 1 Idrettsfag Vi tek også inn elevar på Vg 2 og Vg 3.

Søknad til Framnes pr. post: 5600 Norheimsund el. internett

Kontakt oss: www.framnes.vgs.no

tlf.: 56550500,

SØKNADSFRIST1. MARS 2011

Daniel: Å få reisa til Israel og få eit tet-tare forhold til Gud og Bibelen.Gunnhild: Å ha eit ”kvileår”, samtidig som eg lærer mykje og blir utfordra. Me diskuterer mykje på skulen og går inn på djupe spørsmål og det er til stor hjelp. Israel var eit stort høgdepunkt.

Marit Hårklau Ådnanes

Elevar 1. året på Bildøy frå IMS-området

Frå venstre Kjetil Lidal (Bømlo), Linda Aase (Stord), Daniel Tislavoll (Fitjar), Gunnhild Olsen (Bømlo), Lars Even Alfredsen (Bømlo) og Thomas Steinsland (Bømlo)

Page 7: Venen nr.1 2011

Barne- og Ungdomssida!

Eg treff Helene Randa ved juleavslutninga på Framnes, torsdag 17. desember. Helene kjem frå Radøy og går første året på Framnes, allmenn. Ho fortel at seint i kveld skal ho døypast under gudstenesta i Vikøy kyrkje. Det er ei eiga gudsteneste som vert skipa til for Framnes-elevane og personalet kl 22.00.

Dåp på FRAMNES

fullt!

Mitt bibelvers!

Henny Amalie Vikne Knutsen 14 år frå Odda”For han skal gje sine englar påbod at dei skal verna deg på alle dine vegar.”--- Salme 91,11 ---

- Eg tok imot Jesus i haust, fortel Helene. Bildøy-teamet hadde møteveke i oktober, og då Tor Ingvald Lauvrak spurte om eg ville følgja Jesus, bestemte eg meg. Eg hadde tenkt på det ei stund allereie.Merkar du noko forandring i livet ditt etterpå? - Ja, alt går litt lettare, seier Helene. Både skulearbeidet og elles. Eg er dessutan gladare. Eg har vore på alle møtene på skulen etter dette.

Under gudstenesta om kvelden fortel skuleprest Arne Opsahl-Engen at det er fyrste dåp av elev på Framnes han er med på. Det er ein stor dag, og sterkt å få vera med på dåpen av Helene.

Marit Hårklau Ådnanes

Helene saman med skuleprest Arne Opsahl-Engen like før dåpshandlinga

Helene Randa

vart døypt på Framnes like før jul

Page 8: Venen nr.1 2011

Kan du tenkja deg å vera med å hjelpa oss å nå målet om 100 nye gjevarar før årsmøte 2011? I så fall må du ta kontakt med oss på indremisjonskontoret så skal vi senda deg materiell slik at du kan verta registrert. Vi har allereie mottatt 24 nye gjevarar som ynskjer å få gjevartenesta si inn i ”faste” former. Dette er ein stor styrke for Indremisjonsarbeidet. Vi får ein betre oversikt over økonomien, og vi veit at folk står med oss og ynskjer løfta arbeidet gjennom faste gåver.

Du finn meir informasjon på internettsida vår www.indremisjonen.no eller ved å ringa til Indremisjonskontoret tlf. 534 10704

I 2005 sende Bibelselskapet ut eit framlegg til oppdatert tekst av NT. Eg tok meg tid med lesinga, samanlikna setning for setning med 1938-utgåva. Då stansa eg opp ved Betania-systrene.

Det var ingen sensasjon, men nok til at eg måtte lesa nøye om Jesus i Betania. I 38-utgåva les me: Marta hadde det so annsamt med å stella til mykje for han at ho ikkje hadde tankar for anna. (Luk. 10,40) Siste setninga er ikkje med i 2005-tek-sten. Det førde meg ut på leiting i andre bibelutgåver. Synva-besta si solide bryllaupsgåve, vossa-bibelen frå 1891, i gotisk skrift og med tillegg ti GT-apokryfar, var nærast for hand. Nei, den setninga var ikkje der. Heller ikkje i den mykje nyare Norsk Bibel.

Eg har vore interessert i ulike bibel-utgåver. Nå drog eg til familiehytta. På skatollet der står fem biblar i nærliggjande språk: Engelsk, tysk, svensk, islandsk, færøyisk. Eg har fl ytt dei dit med tanke på at saman-likning kan stimulera barneborna i bibellesing. Den omtala setninga fanst ikkje i nokon av desse.

Betania-systrene er nemnde tre gonger: Luk. 10, Joh. 11 og 12. Maria, som sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans, er – og det med rette – eit ynda tema i kyrkje og bedehus. Og me skal merka oss at to gonger skjerma Meisteren den fromme Maria for kritikk. Men les me nøye alle dei tre skriftstadene, ser me lett at dette er langt frå heile biletet av Betania-systrene.

Lasarus var død, og Jesus på veg dit. Så snart Marta fekk høyra at Jesus kom, gjekk ho og møtte han, men Maria vart sitjande heime. Det var Marta som hadde den store forventninga til Jesus. Begge syner tillit: Hadde du vore her, så hadde ikkje bror min døydd. For Marta vart denne mottakinga innleiing til ein samtale som kanskje berre kan samanliknast med Nikodemus sin nattsamtale med Jesus.

Og Marta var av dei aller fyrste me veit om, som vitna at Jesus var Messias, Guds Son, som skal koma til verda. Jesus-venene var lenge i uvisse. Jamvel Johannes døyparen kom i tvil, trass i hans store openber-ringar. Marta var trygg i sitt Messias-vitnemål. Dette kan ha vore før Peter sine kjende ord ved Cæsarea Filippi (Mat. 16). … Då ho hadde sagt dette, gjekk ho og kalla i løynd på Maria, syster si, og sa til henne: ”Meisteren er her og spør etter deg”.

Kor har det seg at Marta ikkje får den positive merksemda i våre for-samlingar som evangeliet teiknar av henne? Orheim sin stjernesong: Ved Jesu føter ei stille sund... kan kanskje vera med og tøya merksemda over til Maria. Sikkert er det at Marta er eit forsømt tema i vår forkynning.

Helsing til medarbeidarar, Framnes-elevar og andre vener frå

Halldor Sandvin

Betania-systera MartaEit forsømt tema

Sendingar kvar sundag kl. 09.00 - 10.00

DU FINN OSS PÅ RADIO SUNNHORDLAND

Stord 104,7 MhZBømlo 107,9 MhZ

Kvinnherad: 106,2 MhZ Os: 103,7 MhZ

BE FOR SENDINGANE

RADIO SAMSON

Page 9: Venen nr.1 2011

Vintermøte: 06. februar Bremnes Kyrkje 13. februar Bømlo Bedehus 20. februar Leirvik Bedehus 19. juni: Sommarstemne Moster Amfi 24.-26. juni: Sommarens storsamling Årsmøte Ølen 07.-09. okt: Haustmøte Stord

BRANDØY JANUAR: 14. Leirleiarfest 15.-16. BULK Barne- og ungdomsleiarkonferanse

FEBRUAR: 11.-13. Damehelg 28.-03. Vinterleir 5.-7. klasse

MARS: 04.-06. Minileir 2.-4. klasse 18.-20. Brandøytreff Leir tilrettelagt personar med utviklingshemming

APRIL: 08.-10. Familiedugnadshelg 15.-18. Påskefestival 8. klasse og oppover 29.-01. Juniorhelg 4 – 9 år m/følge

MAI: 02.-05. Vårtreff …for oss over 60…..

JUNI: 24.-26. Årsmøte i Ølen 28.-30. Minileir 2.-4. klasse

JULI: 01.-04. Sommarleir 5.-7. klasse 08.-12. Familieleir

AUGUST: 11.-14. Active-ten 8. klasse og oppover 21. Brandøydagen

SEPTEMBER: 02.-04. Kvinnehelg

OKTOBER: 21.-23. Yngsteshelg 3.-5. klasse

NOVEMBER: 04.-06. Hausttreff 1. vg. og oppover 11.-13. Familiedugnadshelg 18.-20. Ten-helg 8.-10. klasse 26.-27. Miniadventshelg 2.-4. klasse

DESEMBER: 02.-04. Adventshelg 5.-7. klasse

HELGATUN FEBRUAR: 04.-06. Skiweekend 1. vg. og oppover 11.-13. Skiweekend 8. klasse og oppover Veke 8 Vinterferieopphald

MARS: Veke 9 Vinterferieopphald

APRIL: 15.-19. Kombileir 20.-25. Påskeopphald

MAI: 27.-29. Superhelg 0 – 9 år m/følge

JUNI: 10.-14. Pinsetreff 28.-30. Sommarleir 2.-4.klasse 28.-30 Sommarleir 5.-7.klasse 30.-03. Ten-sommar 8. klasse og oppover JULI: 08.-12. Familieleir

AUGUST: 05.-10. Helgatuntreff m/busstur til Førde og Askvoll 15.-19. Sunnhordlandstreff - indre 29.-02. Sunnhordlandstreff – ytre

SEPTEMBER: 02.-04. Weekend 45-66 år

OKTOBER: 07.-09. Kvinnehelg 28.-30. Haustkonferanse Inspirasjonssamling

NOVEMBER: 25.-27. Adventshelg 8. klasse og oppover DESEMBER: 02.-04. Førjulshelg 2.-4. klasse 02.-04. Førjulshelg 5.-7. klasse 23.-27. Juleopphald (påmelding 1.okt. frå kl. 08.00)

Arrangement Barne- og Ungdomsavdelinga 17. mars Leirleiarkurs på Leirvik 16.-18. sept. LIS Weekend saman med NLM 13.-15. oktober PIT STOP – Haustfestival på Leirvik

Aktivitetskalender 2011 INDREMISJONSSAMSKIPNADEN

Page 10: Venen nr.1 2011

Din lokale kristne forhandlar

Livsglede 3frå Oslo Soul Children. No på DVD!

Kr. 199,-

Den doble gleden40 hjertegripande småstykkertil oppmuntring og glede.

Kr. 298,-

Gavene med meining fi nn du hos oss! Velkomen innom butikken på Leirvik til ein triveleg handel!

Kjem du deg ikkje hit? Ring oss, så sender vi deg det du ynskjer!

Verdens sterkeste pappaTX-Vikings - muskelevangelistane

Kr. 170,-

Som dagen erNy bok med sangvers fl ott illustrert av kunstnar Helge Bøe.

Kr. 175,-

www.sunnbok.no

Barn i BIBELENFlott serie for barn!

Kr. 98,- per bok

Kjære misjonsvener! Godt nyttår til kvar og ein! Eit nytt år med nye moglegheiter og utfordringar. 2010 vart eit bra år for Helgatun med heile 9200 gjestedøger, ein stigning på ca 1500 gjestedøger frå 2009. Det går meir og meir opp for meg at jammen ligg me “midt i smørauga” i vintersesongen. Så nær løypene og skianlegga, men likevel passeleg på avstand. Mest ikkje ein dag utan at nokon vil bestilla overnatting her. Så vente-listene er lange på nokre av arrangementa.

Noko av utfordringa vår er å ha nok bemanning så me kan takla alle top-pane som ligg i drifta her no. Grup-pene er ofte så store at dei treng kvar ei seng me har og matsalen er fylt opp til siste bordplass. Ved sida av prøver me så å ha open kafe laurdag, sundag, vinterferievekene, palme- og påskehelga. Så her trengst mange villige hender til å ta både oppvasken, støvsuginga og

snømåkinga. Dags dato har me 1,5 meter snø, ikkje rekord, men bra til å vera så tidleg på år!

“Huset i skogen” er og vorte pop-ulært. Nokon steller seg sjølve heile tida dei bur der, andre ynskjer å ha nokre av måltida saman med dei andre gjestene på huset.

Gled oss over fl otte grupper som brukar Helgatun. Fyrst ut i år var ei fantastisk gruppe med vaksne ungdomar frå Salem i Bergen. No er det konfi rmantar frå Voss som er her. Vidare går det slag i slag med studentar, skuleklassar, konfi rmantgrupper og familiegrup-per. Samskipnaden skal ha to helger i februar med ungdomar på leir. I overgangen februar - mars er det vinterferieopphald. Her er det fulle hus og lange ventelister. I vinter-ferieperioden har me tilbod til gjestene med familieandaktar om morgonen og hyggekveldar, barne-samlingar på kveldstid.

Bøna vår er at kvar gjest, liten og stor får oppleva gode, trygge, trivelege og innhaldsrike dagar til kveik og kvile. Ser nok fram til vintersesongen med både glede, forventning og spenning. Ver med å be for oss som står midt oppi dette, at me må få krefter og tolmod i tenesta me er sett til. Be om at me må få den hjelp me treng til dei ulike oppgåvene. Han som har kalla oss er trufast.

Takk for gåver og helsingar me har fått den siste tida, det varmar og gir inspirasjon, takk for omtanke. Måtte Guds rike velsigning kvila over deg og heimen din, over Helgatun og alle som går ut og inn her!

Varm helsingHelgatunfolket

Solveig Norheim

HelgatunHelsing

Page 11: Venen nr.1 2011

11Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2011

www.sunnbok.no

Svein Bjarne Aase 04.-05.02. Fjell-Ly 06.02. Vintermøte Bremnes17.02. Husnes Indremisjonsforening19.02. Si-reiser20.02. Vintermøte Stord23.02. Norheimsund Indremisjon25.02. Styremøte27.02. Moster Indremisjon08.-10.03. Sandvoll Indremisjon11. og 13.03. Åkra Indremisjon15.03. Arbeidermøte18.-20.03. Si-reiser

Liv Rolfsnes 11.-13.02. Odda Indremisjon03.-06.03 Sunde Indremisjon15.03. ArbeidermøteI tillegg oppgåver som område-sekretær i Odda/Ullensvang

Kåre Johan Hamre 02.-06.02. Uskedalen Indremisjon08.02. Førde krins09.02. Sveio Indremisjon11.-13.02. Uggdal Indremisjon14.-17.02. Granvin 18.02. Samnanger Indremisjon22.-24.02. Husnes Indremisjonsforening25.-26.02. 28.02-03.03. Vinterleir 5.-7.kl, Branødy09.-10.03. Stranda Indremisjon13.03. Evanger Krins14.-17.03. Granvin15.03. Arbeidermøte18.-20.03. Brandøytreff22.-23.03. Børtveit og Mehammer IM24.03. Vikebygd Krins28.03. Granvin30.03. Norheimsund Indremisjon31.03. Huglo Indremisjon

Marit Ådnanes 08.02. Gilje Yngstes11.-13.02. Skiweekend 8. kl++, Helgatun15.02. Valen, Hobbyklubb og Ti-To22.02. Uggdal Yngres25.02. Ope Hus, Tysnes28.02.-03.03. Vinterleir 5.-7. kl, Brandøy08.03. Fitjar Indremisjon14.03. BUR15.03. Arbeidermøte17.03. Leirvik, Leirleiarkurs18.03. Odda Ichtys19.03. Zoar22.03. Jondal22.-24.03. Framnes KVS

Ragnhild Nesse 01.02. Samnanger Barnekor- og King Sing04.-06.02. Skiweekend 1.vg+, Helgatun16.02. Framnes KVS25.02. 100 Klubben / Ekstremt Gøy26.02. AKTIV, Moster27.02. Stord Indremisjon04.-06.03. Minileir 2.-4. kl, Brandøy08.03. Gilje Yngstes09.-10.03. Fitjar Indremisjon13.03. Horneland Indremisjon15.03. Arbeidermøte17.03. Leirvik, Leirleiarkurs22.03. Jondal Ving22.-24.03. Framnes KVS25.03. Origo Ungdomsklubb/KRIK26.-27.03. Ungdomsleiarkonferanse Bildøy29.03. Laurhammer, U-Alpha

Reiseruta februar og marsLise Marie Th. Litlabø 01.02. Huglo Ving11.-13.02. Damehelg, Brandøy15.02. Moster Ving17.02. Gilje og Thormodsæter Indremisjon22.02. Meling Yngstes28.02.-03.03. Vinterleir 5.-7. kl, Brandøy11.-13.03. Fitjar Indremisjon14.03. BUR15.03. Arbeidermøte17.03. Leirvik, Leirleiarkurs20.02. Vintermøte, Stord21.03. Uskedalen Hobbyklubb22.03. Åkra Ving23.03. Småbarnstreff Uskedalen30.03. B: Kids Sagvåg31.03. Torsdagsklubben Sagvåg

Marit A. Røen 04.02. Horneland Indremisjon05.02. Laurhammer Indremisjon20.02. Hiskjo Indremisjon03.-06.03. Sunde Indremisjon15.03. Arbeidermøte16.03. Ølensvåg Kvinneforening19.-20.03. Varaldsøy Misjonsforening26.03. Osterneset Im. Kvinneforening27.03. Stord Indremisjon

Toralf Steinsland 15.03. Arbeidermøte25.-27.03. Jondal Indremisjon

Aksel I. Johannessen 11.-13.02. Odda Indremisjon16.02. Neset Indremisjon20.02. Osterneset Indremisjon03.03. Høylandsbygd Indremisjon06.03. Os Indremisjon15.03. Arbeidermøte27.03. Håvik Indremisjon

Jens Tveit 11.02. Rubbestadneset Indremisjon13.02. Moster Indremisjon18.-20.02. Sagvåg Indremisjon09.-13.03. Skånevik Indremisjon15.03. Arbeidermøte23.03. Bømlo Indremisjon

Tor Ingvald Lauvrak 01.-04.02. Voss Indremisjon05.-06.02. Skiweekend 1. vg++, Helgatun06.02. Voss Indremisjon

Marta og Edgar Paulsen 08.-13.03. Tysnes støtteforening for Im15.-20.03. Tofte Indremisjon (Zoar)15.03. Arbeidermøte

Miriam Sakseid 04.-06.02. Skiweekend 1. vg. ++, Helgatun09.02. Tofte Indremisjon (Zoar)10.02. Lovsong Gilje28.02.-03.03. Vinterleir 5.-7. kl, Brandøy15.03. Arbeidermøte18.03. UKS Leirvik19.03. Leirvik IUF22.03. Jondal22.-24.03. Framnes25.03. KRIK / Origo31.03. Ung Kafè

Jostein Skutlaberg 22.-27.02. Omvikdalen, Seimsfoss og Rosendal

Roald Evensen 14.02. 15.-20.02. Tørvikbygd Indremisjon21.-23.02. Tveit Indremisjonslag24.-27.02. Øvrebygda Indremisjon

Erik Furnes 15.03. Arbeidermøte

Karl Johan Hallaråker 16.03. Norheimsund Indremisjon

Kjølvik, Aud Karin 18.-20.02. Moster Indremisjon

Astrid Steinsland 11.-13.02. Damehelg på Brandøy

Manna 11.02. Fitjar Indremisjon12.02. Damehelg på Brandøy, konsert13.02. Vintermøte Bømlo

Jørgen Tønnessen 09.-13.02. Bømlo Indremisjon

Edvard Thormodsæter 18.-20.02. Laurhammer Indremisjon

Klaus Muff 08.-10.03. Sandvoll Indremisjon11.-13.03. Åkra Indremisjon

Anfi nn Skaaheim 20.02. Vintermøte Stord

Ola Malvin Lomheim 06.03. Håvik Indremisjon10.03. Sveio Indremisjon

Arne Lindekleiv 03.02. Eikelandsosen Indremisjon

Nils M. Rydland 13.02. Håvik Indremisjon13.03. Gilje og Thormodsæter Im22.-24.03. Innbjoa/Utbjoa Indremisjon

Marit Dahl Hollund 20.03. Gilje og Thormodsæter Im

Aksel Lygre 16.02. Bømlo Indremisjon

Olaug og Jan-Ove Fagerheim 26.02.-02.03. Helgatun

Dagny Ness 06.02. Kaldestad krins

Erlend Hardang 04.-06.02. Samnanger Indremisjon

Jostein Angeltveit 15.03. Huglo VING

Kjerstin Stokken 08.02. Laurhammer Yngres

Nina A. Aase Larsen 22.03. Auklandshamn Yngres

Norvald Ådnanes 22.03. Laruhammer Yngstes

Rannveig Petterteig 29.03. Moster Ving

Toril Langeland 21.02. Halsnøy Ving

Page 12: Venen nr.1 2011

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 201112

remember!Husk å meld deg

på leir!

Ring 534 10704 eller

på www.indremisjonen.no

B-BLADReturadresse:

Indremisjonskontoret

Postboks 150 - 5401 STORD

Returadresse:

Indremisjonskontoret

Postboks 150 - 5401 STORDPostboks 150 - 5401 STORDPostboks 150 - 5401 STORDPostboks 150 - 5401 STORD

Toralf Steinsland og Svein Bjarne Aase innviterer til

Påsketur til Israel16.-25. april 2011

Hjarteleg velkommen til

18. – 20. MARS 2011

Dette er ein leir som er tilrettelagt for vaksne med utviklingshemming

saman med ledsagar.

Her har vi det kjekt med: leik og moro – bibelforteljing –

song og musikk – god mat og nye vener.

Som leiarar har vi med oss bl.a.: Kåre Johan Hamre

Jan Ove Totland og Kjell Saue.

Denne helga kan du ta med deg heile familien – frå minstemann til oldemor – og vera med til BRANDØY. Då vert det FAMILIEDUGNADSHELG med arbeid og moro hand i hand. Her vert det skogrydding og bålbrenning, klypping av buskar og kratt, snekring og maling, vasking og rydding. Heile Brandøy vert som ein stor myldreplass. Her vert det arbeida frå morgon til kveld. Elles har vi familiesamlingar og hyggekveldar. Håpar mange har lyst å vera med å gjera ein innsats for BRANDØY denne helga. Påmelding til tlf. 53410704 eller www.indremisjonen.no

Sommarens Storsamling Årsmøte i Ølen 24. - 26. juni

Talar: Gunnar Ferstad

Song: 4U

Fredag: Konsert

Laurdag: Barnas sommerfest, bibeltime, forhandlingsmøte,

stor familiekonsert m/ barnekor og 4U, kveldsmøte,

ungdomstreff m.m.

Søndag: Festmøte m/Søndagsskule og storfamiliemøte

Det vert eige barne- og ungdomsopplegg!

For alle aldrar!

Denne helga kan du ta med deg heile familien

or vaksne med utviklingshemming

Indremisjonssamskipnaden inviterer til VINTERMØTE!6. febr. Bremnes kyrkje kl. 19.00 Tale: Svein Bjarne Aase Song: Decor Kveldens gjest: Jan Karsten Haukefær13. febr. Bømlo bedehus kl. 11.00 Tale: Jørgen Tønnessen Song: Manna

20. febr. Leirvik bedehus kl. 17.00 Tale: Anfi nn Skaaheim Barneandakt: Lise Marie Th. Litlabø Song: XtraLars (Mannskor frå Bergen Frikirke)

Barneandakt: Lise Marie Th. Litlabø Song: XtraLars Song: XtraLars

Barneandakt: Lise Marie Th. Litlabø Song: XtraLars Song: XtraLars