Upload
others
View
5
Download
0
Embed Size (px)
Citation preview
ÅrsplanHaramsøy barnehage
Barnehageåret 2020/2021
Open, engasjert og modig
2 3
InnhaldFørmålet med barnehagen sin årsplan 4Årsplanen sin funksjon 4Barnehagen sitt samfunnsmandat 5Organisering av dei kommunale barnehagane i Ålesund 6Haramsøy barnehage 7Visjon 8Verdiar 9Barnehagen sitt innhald 10Våre satsingsområder 12Barns medverknad 13Samarbeid 14Samarbeid mellom heimen og barnehagen 14Samarbeid mellom barnehagen og andre aktørar 15Teieplikt, opplysningsplikt og avvergeplikt 16Overgongar 16Overgongar i barnehagen 17 Overgongen mellom barnehage og skule 18Barnehagen som pedagogisk verksemd 19Planlegging 19Vurdering 20Dokumentasjon 21Tilrettelegging av det allmennpedagogiske tilbodet for barn som treng ekstra støtte 22 Arbeidsmåtane til barnehagen 22 Fagområda i Rammeplanen 23 Progresjon 23 Haramsøy Barnehage sin Progresjonsplan etter fagområda 24 årshjul over våre faste tema og tradisjonar 25Barnehageruta: 2020/2021 26Kjelder 27
4 5
Førmålet med barnehagen sin årsplan
Årsplanen er eit arbeidsreiskap for barnehagepersonalet og
dokumenterer vala og grunngivingane til barnehagen.
(Rammeplan for barnehagen - innhald og oppgåver, 2017, s. 37)
Barnehagen er ei pedagogisk verksemd der innhaldet skal planleggast og vurderast. Barnehagen sitt pedagogiske arbeid skal vere grunngjeven i Barnehagelova og i Rammeplanen. Med utgangspunkt i Rammeplanen skal barnehagen sitt samarbeidsutval fastsetje ein årsplan for den pedagogiske verksemda.
Det vert utarbeidd ein årsplan for kvart barnehageår i kvar barnehage. Årsplanen vert publisert på nett og sendt ut på e-post til alle foreldre og føresette når den er fastsett. Årsplanen ligg til grunn for vidare arbeid med planar for kortare og lengre tidsrom, og for ulike barnegrupper ved behov.
Årsplanen sin funksjonÅrsplanen skal synleggjere korleis barnehagen omsett barnehagelova i praksis, og arbeider målretta for å sikre det pedagogiske arbeidet. Ifølgje rammeplanen har planlegging av barnehagen sitt innhald og arbeid fleire funksjonar: • Personalet får grunnlag til å tenke og handle systematisk i det
pedagogiske arbeidet• Det gjev kontinuitet og progresjon for enkeltbarn og barnegruppa• Synleggjer barnehagen si tolking og realisering av rammeplanen• Gjev utgangspunkt for refleksjon og utvikling av verksemda
Barnehagen sin årsplan er også eit viktig dokument for eigar og myndigheitene si oppfølging og tilsyn med barnehagen. Den er nyttig å bruke i samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar.
Barnehagen sitt samfunnsmandat
Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ta vare på barna sine behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for
allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk
arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier
som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene.
Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De skal ha rett til medvirkning tilpasset alder og
forutsetninger.Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne
barndommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen
skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering
(Barnehagelova, 2005, §1.Formål)
6 7
Organisering av dei kommunale barnehagane
Kommunal-område Opplæring
Haramsøy barnehageHaramsøy barnehage består dette barnehageåret av; avdeling Haramsøy og avdeling Longva. Longva barnehage la ned si barnehagedrift 31 juli-20, og barn/tilsette vart lagt under Haramsøy Barnehage. For å få plass til alle barn, vart det bestemt at avdeling Longva skal vere i lokala til «Longva Barnehage.»
Opningstider: Barnehagen har ope frå kl 07.15 til kl 16.45 . Adressa vår er: Haramsøy Barnehage, Barnehagevegen 66, 6290 HaramsøyE-post adresse: [email protected] Haramsøy: 469 20 044, mobil 901 93 550Telefon Longva: 909 20 817e-post styrar: [email protected]
Det er kort veg til fjell og fjøre, og nærområdet blir ofte brukt til turer, leik og læring. Vi har ei stabil personalgruppe, med utdanna pedagoger og assistenter/fagarbeidera.
KVITVEIS SOLSIKKE/BLÅKLOKKE TIGERGUT NASSENØFFPersonalJulianne MarionAnita
PersonalKari D.LoneGunnKarin
PersonalReidunnBerit
PersonalBeateBenedicte
Barn f. 2018NikolaiAndreaLeviBarn f.2019NoahSelmaHans KristianMatheoMarie
Barn f.2015EliasTeoKasperVildeBarn f.2016JonahBillieHannaHåkonOlavMelissaMarcoSverre
Barn f. 2017MartinusStinaTheodorTobias LeonJakobBirk
Barn f. 2015NikolaiEnriqueLillySaraMelineMagnus
Barn f. 2016Jan ErykMarkusLukas
Barn f. 2017PernilleAlvaEmma
Barn f. 2018Bendik
Barn f. 2019Aurora
8 9
Visjon
Visjon for kommunalområde opplæring: Robuste menneske med evne, vilje og mot til samskaping.
Visjonen i Haramsøy barnehage:«I BARNEHAGEN VÅR SKAL ALLE BLOMSTRE»
For oss betyr det;• Vi viser omsorg for kvarandre• Vi får lære nye ting• Vi ser utvikling• Alle skal ha nokon å leike med• Alle skal ha nokon å snakke med• Vi hjelper kvarandre og gjer kvarandre gode• Vi har det kjekt i lag• Vi meistrer medgang og motgang• Vi roser kvarandre• Jenter og gutar skal ha like muligheiter• I barnehagen vår ser vi blide barn og vaksne
Verdiar
PEDAGOGISK GRUNNSYN
Med pedagogisk grunnsyn meiner ein dei kunnskapar, verdiar og haldningar som ligg til grunn for ei pedagogisk verksemd.
Barnehages innhald skal bygge på eit heilskapleg læringssyn, der omsorg, leik, læring og danning er sentrale begrep. I tillegg er sosial og språkleg kompetanse og dei sju fagområda i Rammeplanen viktige i barnehagens læringsmiljø.
Læring er knytt saman med omsorg, leik og danning. Barn lærer gjennom alt dei opplever og erfarer på alle områder. Måla i barnehagen rettast difor mot prosessane som fremmar barns læring og utvikling.
For oss betyr det: • Vi skal ha ein anerkjennande veremåte i arbeidet vårt• Vi viser respekt for kvarandre• Vi tek vare på gleda i kvardagen• Ein barnehage der vennskap og leik er viktig• Ein barnehage der vi lyttar til kvarandre og undrar oss i lag• Ein barnehage der alle opplever å høyre til• Ein barnehage der foreldra er ein viktig samarbeidsparttnar• Ein barnehage der turar og friluftsliv er viktig• Ein barnehage som er miljøbevisst.
10 11
Barnehagen sitt innhald
Innhaldet i barnehagen skal vere allsidig, variert og tilpassa enkeltbarnet og
barnegruppa. Ein skal sjå arbeidet med omsorg, danning, leik, læring, sosial
kompetanse og kommunikasjon og språk i samanheng og samla bidra til den
allsidige utviklinga til barna.
(Rammeplanen kap. 3)
DANNING GJENNOM OMSORG , LEIK OG LÆRINGLeiken har ein stor plass i barnehagen vår. Å leike er eit mål i seg sjølv og den viktigaste vegen til læring. Born som ikkje sjølv kjem inn i leiken får hjelp og støtte frå ein vaksen slik at barnet opplever å få leikevenner. I eit leikefellesskap vert grunnlaget for vennskap med kvarandre lagt. Leiken rommar alle former for læring, den utviklar språket, fantasien, opplevingar blir bearbeidd og meistring utprøvd. Gjennom leiken utviklar barnet sin sosiale kompetanse kor evna til å forstå seg sjølv og andre sine tankar og følelsar modnast. Å delta i leik og få vener er grunnlaget for at barnet trivst og opplever barnehagen som meiningsfull.I leiken lærer barnet å samarbeide, lytte til andre, gjere avtaler om roller og ta eigne valg. Dei lærer å dele, forhandle og tilpasse seg andre sitt framlegg. Sjølvbilde vert danna og grunnlaget for læring og omsorg vert skapt i samspel med andre.
OMSORG: Rammeplanen «I barnehagen skal alle born oppleve at dei blir sett, forstått og
respektert, og få den hjelpa og støtta dei har behov for»For oss betyr det:At barnet får den omsorg det treng, fysisk og psykiskStøtte og oppmuntre til at barnet viser omsorg for andreJobbe for eit inkluderande miljø i barnegruppa
TRIVSEL FOR LÆRING: Rammeplanen «I barnehagen skal borna oppleve eit stimulerande miljø som
støttar opp om lysta til å leike, utforske, lære og meistre»For oss betyr det:Vi ser kva borna er opptatt av og følger opp detteVi utvider barnets erfaringar og sørger for progresjon og utviklingVi sørger for at alle barn får varierte opplevingar og oppleve meistring
TRIVSEL FOR LEIK: Rammeplan «Barnehagen skal gi gode vilkår for leik,vennskap og borna sin
eigen kultur. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling»
For oss betyr det:Vi ser og anerkjenner barnet for den det er i fellesskapet.Vaksne som legg til rette for gode relasjonar mellom alle i barnehagen.Vi gir plass for leik og beriker leiken med innspel til enkeltbarn og barnegruppe.Vaksne som lærer barn å respektere kvarandre uavhengig av alder og kjønn i eit fleirkulturellt samfunn.Barnehagen skal skape eit barnehagemiljø med nulltoleranse for mobbing.
Handlingsplan mot mobbing for Barnehage
12 13
Våre satsingsområder
Eit inkluderande miljø i barnehagen
Det psykososiale miljøet handlar om korleis kvart individ i barnehagen har det saman med andre. Barn si emosjonelle og kognitive utvikling er knytt til dei relasjonelle erfaringane som barna gjer seg. Derfor er det svært viktig for oss å ha eit inkluderande miljø som er prega av gode samhandlingsmønster. Barn si utvikling skjer gjennom kontinuerleg og gjensidig påverknad mellom barna og det miljøet dei er ein del av.
R.pl.: Barnehagen skal ha ein helsefremjande og førebyggande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale skilnadar
• Visjonen vår skal ligge i botn for arbeidet vårt• Vi er nær og observerer samspelet mellom borna• Vi etterlever det pedagogiske grunnsynet• Vi legg til rette for eit godt språkmiljø• Vi ynskjer eit nært samarbeid med føresette
«Det viktigaste eit barn kan lære i barnehagen er å skaffe seg ein venn, vere ein venn og halde på ein venn»
(Tidlegare kunnskapsminister Kristin Halvorsen /-læringsmiljøsenteret)
Kommunikasjon og språkAlle barn skal delta i eit stimulerande språkmiljø i barnehagen vår. Det påverkar barnet her og no, men også i framtida. Eit godt språk er ein føresetnad for å lykkast med skriftspråket, noko som påverkar barnet resten av livet. Arbeidet med språk kan vere planlagde aktivitetar eller her og no situasjonar i kvardagen.
Vi legg vekt på å bruke alle høve vi har til å samtale med barna, setje ord på ting og følelsar, leike med språket og ha språkutviklande samtaler. Vi legg opp til faste samlingsstunder kvar dag kor vi samtaler, les og syng saman med barna. Vi har også lesestunder og bruker dikt,rim og regler og leikar med språket. Dette er aktiviteter vi veit har stor verdi.
Måltid og garderobesituasjonen gjev også rom for gode samtaler med barna og sette ord på ting, kjensler ol.
Leiken er kanskje den beste språklege arenaen vi har. Her kan barna gå inn i andre roller og dei får lære seg nye ord og setje namn på ting dei elles ikkje hadde fått erfaring med.
«OPP OG FRAM»– eit kompetanseløftAlle barnehagane i Ålesund kommune har kompetanseheving innanfor ulike tema, som ein implementering av den nye rammeplanen.Sist barnehageår hadde vi Livsmesting og Helse som tema og hadde fokus på «dans». No tek vi «dansen» med vidare inn i vårt nye tema som er vurdering og progresjon.
Barnehagen skal ivareta barna sin rett til medverknad ved å legge til rette for, og oppmuntre til at barna kan få uttrykke sitt syn på barnehagen sitt daglege innhald, jmf. Barnehagelova kap II- §3, grunnloven §104 og FNs
barnekonvensjon artikkel 12 nr.1
I følge rammeplanen kapittel 4 skal barnehagen vere bevisst på dei ulike uttrykksformene til barna og leggje til rette for medverknad på måtar som er
tilpassa alder, erfaring, dei individuelle føresetnadene og behova til barna.
Alle barn skal kunne erfare å få påverke det som skjer i barnehagen. Dette skjer ved at personalet observerer og følgjer opp dei ulike uttrykkja og behova hos borna. Ein vektlegg synspunkta til borna i samsvar med alder og modning. Borna skal ikkje få meir ansvar enn dei er rusta til å meistre.
For oss betyr det:• At tilsette har kompetanse om barns behov på ulike alderstrinn• At barnet opplever å bli sett og lytta til• At barnet får tenkje sjølv før eg svarer• At barnet får hjelpe til• At vi framhever barnet slik at det opplever å høyre til
Barns medverknad
14 15
Samarbeid Samarbeid mellom heimen og barnehagen
Samarbeidet mellom heimen og barnehagen skal alltid ha barnet sitt beste som mål. Foreldra og barnehagepersonalet har eit felles ansvar for at barnet
skal trivast og utvikle seg.(Rammeplanen kap. 5)
For å sikre samarbeid med heimen, skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval.
Foreldrerådet bestend av foreldre/føresette til alle barna og skal fremje deira fellesinteresser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø.
Samarbeidsutvalet (SU) skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Samarbeidsutvalet bestend av foreldre/føresette og tilsette i barnehagen, slik at kvar gruppe er likt representert. Barnehagen sin eigar kan delta etter eige ønske, men ikkje med fleire representantar enn i kvar av dei andre gruppene.
Barnehageeigar skal syte for at saker av viktigheit vert lagt føre for foreldrerådet og samarbeidsutvalet.
TILTAK TID ANSVARUtveksle informasjon ved levering og henting
Dagleg ForeldrePersonal
Årsplan Sept./okt StyrarMånadsbrev Kvar månad Styrar/ped.leiarNytte facebook sida vår til ref, frå aktiviteter som skjer i bhg
Veke/Månad Pedagogisk leiarPersonalet
Startsamtale /oppstart nye barn
4-6 veker ca etter oppstart
Pedagogisk leiar
Foreldresamtaler Okt. og Mars/April Pedagogisk leiarSU Ca 2-3 g i året (v/behov) Leiar i SU/StyrarForeldremøte Haust-Vår Styrar/Ped.leiarForeldrearrangement; påskefrukost, foreldrekaffi, sommerfest m.m
VariererMnd/årstid
Personalet
Dugnad Vår/sommer SU
PLAN OVER VÅRT FORELDRESAMARBEID
Samarbeid mellom barnehagen og andre aktørar
Regjeringen forventar – at kommunar og fylkeskommunar arbeider målretta
for ein felles kultur for samarbeid på tvers av tenestene for å gi barn og unge
som treng det, eit helskapeleg tilbod. Godt tverrfagleg samarbeid handlar om
at ulike fagmiljø arbeid saman, og ser tilboda til barn og unge i samanheng.
(Meld.St. 6, 2019-2020, s. 6)
I Ålesund kommune samarbeidar barnehagane tverrfagleg med: Barnevern, PPT og Helsestasjon.I tillegg har vi eit nært samarbeid med:• Verksemnd /Barnehagane Nordøyane; felles møter• Høgskulen i Volda; Opp og Fram prosjektet, studentpraksis• Haramsøy og Flem skule; utveksle informasjon/besøk• Aktørar i nærmiljøet vårt; butikk, brannstasjon, bibliotek, kyrkje, bedrifter,
garder m.fl
16 17
Teieplikt, opplysningsplikt og avvergepliktBarnehagelova § 20 pålegg teieplikt om forhold dei tilsette i barnehagen blir kjent med gjennom si stilling (jf. Fvl. § 13). Teieplikta er ein viktig føresetnad for at barnehagen skal bli informert om opplysingar i høve familieforholda til barn som kan vere avgjerande for opphald, trivsel og utvikling i barnehagen. Barnehagelova § 22 pålegg tilsette i barnehagen, utan hinder av teieplikt, å gi opplysingar til barnevernstenesta når det er grunn til å tru at det fins mishandling av barn i heimen eller andre formar for alvorleg omsorgssvikt, også kalt meldeplikt. I tillegg skal ein gi opplysingar til barneverntenesta når ein bli bedd om det.
Ifølge straffelovens generelle bestemming om avverge, §196, er einkvar forplikta til å søke å avverge ei straffbar handling eller følgjene av den, på eit tidspunkt då det fremdeles er mogleg, og det framstår som sikkert eller mest truleg at handlinga er eller vil bli begått. Den generelle avvergingsplikta gjeld også tilsette i barnehagen.
Alle tilsette i barnehagen har godkjent politiattest.
OvergongarNår barnet byrjar i barnehagen
Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggje til rette for at barnet kan
få ein trygg og godt start i barnehagen. Barnehagen skal tilpasse rutinar og
organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjonar og
knyte seg til personalet og til andre barn
(Rammeplanen kap. 6)
Alle nye barn som skal begynne i Haramsøy Barnehage,blir invitert til eit besøk i barnehagen. Målet for besøket er ein samtale om oppstarten og gjensidig informasjonsutveksling. Ein blir vist rundt i barnehagen, på uteområdet og får møte barn og tilsette.
Barn er forskjellege. Nokon treng lang tid til å gjere seg kjend, andre finn seg til rette frå første dag. Det er ofte vanleg at foreldre er med dei tre første dagane med tilvenning , og vi oppmodar om at barnet ikkje har altfor lange dagar den første veka.
Ved oppstart får barnet ein primærkontakt, som vil vere nær barnet og yte omsorg for å oppnå god tilknytning og tryggleik.
I starten prøver barnehagen å tilpasse seg heimen sine rutiner når det gjeld mat og stell. Søving føregår i vogner.
Første vekene er det viktig med tett kontakt mellom ped.leiar og foreldre om korleis dagen har vore for barnet i barnehagetida og utanom barnehagtid.
Om lag 4-6 veker etter oppstart, inviterar barnehagen til «startsamtale» om korleis det går med barnet i barnehagen. Ein snakkar og om barnet sitt liv utanom barnehagen.
Overgongar i barnehagen
Personalet skal sørgje for at barnet og foreldra får tid og rom til å bli kjende med andre barn og anna personale når eit barn byter gruppe
(Rammeplanen kap. 6)
Dei fleste barn i Haramsøy barnehage kjenner kvarandre godt, uavhengig av grupper. Men overgong frå småbarn til stor barn gruppe kan likevel vere «litt skummelt». Så gjennom eit barnehageår har vi nokre felles aktiviteter slik at overgongen ikkje skal bli så stor. Når nye grupper skal gå seg til, må vi tenkje på alder,utvikling og modning når vi planlegg aktiviteter.
Det vert utveksla informasjon om barnet mellom pedagogane, der pedagogen ikkje skal fylgje barnet vidare.
18 19
Overgongen mellom barnehage og skule
Barnehagen skal i samarbeid med foreldra og skulen leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god overgang frå barnehage til skule, og eventuelt
til skulefritidsordninga (Rammeplanen kap. 6)
Dei eldste barna i barnehagen har fast «uglegruppe» kvar veke. Uglegruppe er det same som førskulegruppe, og her gjer ein forskjellege oppgåver som skal førebu barna til skulestart ; lære å lytte, øve på merksemnd, ta i mot beskjed, samarbeid, glede og vennskap m.m.
Rammeplan legg føringar om at barnehage og skule skal utveksle både kunnskap og informasjon som utgangspunkt for samarbeid om tilbodet til dei eldste borna i barnehagen.
Haramsøy barnehage har eit tett samarbeid med Haramsøy skule og Flem skule, og der vi arbeider etter eit årshjul som sikrar fellesaktivitetar/treffstader både i barnehagen og på skulen og forventingar til kvarandre blir avklart.
Eit tett samarbeid med skulen skaper tryggleik og mestring for barna, og bidreg til å skape samanheng og kontinuitet fagleg og sosialt.
Barn skal oppleve overgongen til skulestart med glede.
Barnehagen som pedagogisk verksemd
Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som skal planleggast og vurderast. Barn og foreldre har rett til å medverke i desse prosessane.
(Rammeplan kap. 7)
Planlegging
Barnehagen skal tenke og handle langsiktig og systematisk, og planlegginga må basere seg på kunnskap om barn sin trivsel og allsidige utvikling, individuelt og i gruppe.
(Rammeplan kap. 7)
Årsplan er utarbeidd av dei tilsette i Haramsøy Barnehage og er eit arbeidsreiskap for personalet og eit informasjonsdokument for foreldre. Årsplanen gir ei oversikt over målsetjingane og aktivitetane i barnehagen, og den viser korleis vi prioriterar arbeidet i vår barnehage. I tillegg har vi utarbeidd eit Verdi dokument som skal synleggjere våre verdier, haldningar, mål og pedagogikk.
Dei overordna dokumenta ; Barnehagelov, Rammeplan, Årsplan og Verdidokuemnt skal ligge til grunn når vi planlegger kvardagen og som eit reiskap for å sikre progresjon og kvalitet i barnehagen sitt innhald.
Kvar base-gruppe set opp sine månadlege periodeplaner, som syner tema,mål, arbeidsmåter vi skal arbeide etter, og her kan det også kome inn viktige mål for barne gruppene.
Vi bruker planleggingsdagar,personalmøter, pedagogmøter og avdelingsmøter til å planlegge og vurdere.Observasjon er ei viktig kjelde til informasjon om kvart enkelt barn. Å observere tyder å undersøkje systematisk, å kartlegge eller å skaffe seg grundig forståing av og om barnet. Dette er naturleg tema i ulike møter.• Observasjon er utgangspunkt for foreldresamtalar 2 gongar i året. • Startsamtaler for alle nye barn, oppfølgingssamtale når barnet er 3 år.I dette arbeidet nytter vi eit observasjonsskjema som heiter «ALLE MED» (Sirkel) .
20 21
Vurdering
Hovudformålet med vurderingsarbeidet er å sikre at alle barn får eit tilbod som er i tråd med lov og forskrift
(Rammeplan kap. 7)
Barnehagen skal regelmessig vurdere det pedagogiske arbeidet. Det betyr at det pedagogiske arbeidet skal beskrivast,analyserast og tolkast utfrå barnehageplanane,barnehagelova og rammeplan. Hovudformålet med vurderingsarbeidet er å sikre at alle barn får eit tilbod som er i tråd med lovverket.
• Vi evaluerar periodeplanen vår på slutten av kvar månad. Då ser vi på periodeplanen – har vi nådd måla gjennom vårt tema arbeid og våre kvardagsaktivitetar?
• Månadsreferat via innblikk på facebooksida vår over aktiviteter som skjer• Vi har halvårsevaluering på innhald og oppgåver
Felles refleksjonar over det pedagogiske arbeidet kan gi personalet eit utgangspunkt for vidare planlegging og gjennomføring. Det kan og bidra til ein open diskusjon om formål,innhald og oppgåver.Faglege og etiske problemstillingar skal inngå i vurderingsarbeidet. På denne måten kan personalet lære av eigen praksis og bidra til å utvikle barnehagen som pedagogisk verksemnd.
Medverknad frå Barn i Vurderingsarbeidet:Gjennom våre observasjonar av barna får vi viktig informasjon, som medfører at vi kan justere vårt arbeid med barna – for at alle skal ha eit godt tilbod.Barn med eit godt verbal språk seier ofte ifrå om kva dei meiner, og dei minste barna kan vise med tydleg kroppsspråk kva dei meiner, desse signala tek vi på alvor.
Medverknad frå Foreldre i Vurderingsarbeidet:Det er viktig for oss å innhente tilbakemeldingar frå foreldregruppa, det gjer oss gjennom• Dagleg kontakt ved levering og henting / viktig med god diaolg i
kvardagen• Foreldresamtaler• Foreldremøter• Brukarundersøking
Dokumentasjon
Dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet skal inngå i arbeidet med å planlegge, vurdere og utvikle den pedagogiske verksemda. Vurderingar i høve trivsel og allsidig utvikling skal dokumenterast når det er naudsynt for å gi eit
tilrettelagt tilbod. Barn har rett til vern om sin personlige integritet. Foreldre har rett til å sjå og få utlevert dokumentasjon om eigne barn, og til å få sletta eller
korrigert opplysingar som er feilaktige eller misvisande. (Rammeplan kap. 7)
Verdidokument, Årsplan og periodeplan er reiskap for å sikre progresjon og kvalitet i barnehagen sitt innhald. Desse gir rettleiing og informasjon om barnehagen sitt pedagogiske arbeid.
På bakgrunn av overordna planar og dokument organiserar vi kvardagen til dei ulike aldersgruppene.
Pedagogisk dokumentasjon er å dokumentere kva barna opplever, korleis dei trivst og kva dei lærer i barnehagen.
Barnehagen er ein lærande organisasjon som har rutiner som sikrer at ein lærer av eigen praksis:• Dokumentasjon; bilder og aktiviteter frå periodeplanen• Dagleg dokumentasjon: informasjon til foreldre ved levering/henting, evt
skriving på tavla• Vi bruker observasjonssirkelen ALLE MED, der vi dokumenterar barnets
utvikling innanfor dei seks utviklingsområda , og det er denne som er utg.punktet i foreldresamtalane vår/haust i barnehagen.
• I dei tilfelle der vi vurderar behov for tilrettelagt tilbod, bruker vi i tillegg TRAS. Dette er i samråd med foreldra.
22 23
Tilrettelegging av det allmennpedagogiske tilbodet for barn som treng ekstra støtte
Barnehagen skal tilpasse det allmennpedagogiske tilbodet etter barna sine behov og føresetnadar, også ved behov for ekstra støtte i kortare eller lengre
periodar. Barnehagen skal arbeide målretta og systematisk for at barn som treng
ekstra støtte får eit inkluderande og likeverdig tilbod, og slik vere ein del av eit meiningsfullt fellesskap.
Om det er grunn til å tru at barnet sitt behov ikkje kan dekkast innanfor det allmennpedagogiske tilbodet, skal barnehagen opplyse foreldra om retten til
å krevje ei sakkyndig vurdering av om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp. Barnehagen skal sørge for at barn som mottek spesialpedagogisk hjelp,
inkluderast i barnegruppa og i det allmennpedagogiske tilbodet. (Rammeplan kap. 7)
Det er viktig med eit tett samarbeid med foreldre, når vi snakkar om barna sine behov.
Arbeidsmåtane til barnehagenNår vi set opp periodeplanane så tek vi utg.punkt i barna sine interesser,synspunk og initiativ i det daglege arbeidet i barnehagen.Barna skal utvikle kunnskapar og ferdigheiter innanfor alle fagområde i Rammeplanen gjennom
UNDRING – UTFORSKING - AKTIVITETDet inneber at vi :• Byggjer på kreativitet og leik• Vere open for improvisasjon og medverknad frå barna• Veksle mellom spontane og planlagte aktiviteter• Stimulere barnas undring og evne til å stille spørsmål• Søkje opplevingar, ta initiativ og meistre nye ting• Inkludere nærmiljø og lokale forhold ved planlegging og gjennomføring av
aktiviteter• Bruker digitale verktyDIGITALE VERKTY:Barn bør få oppleve at digitale verktøy kan vere ei kjelde til leik,kommunikasjon og innhenting av kunnskap R.plan• Bli kjent med Ipad og PC• Digitale verktøy kan vere ei støtte i arbeid med f.eks. språkutvikling
(Språkapper ol)
• Lage dokumentasjonar med bruk av bilder • Tema i periodplanen – der vi googler etter fakta/bilder m.m
Fagområda i RammeplanenDet er sjeldan fagområda opptre isolert, og mange fag kan vere representert på same tid når ein arbeider med tema i ein periodeplanen• Kommunikasjon, språk og tekst• Kropp, rørsle, mat og helse• Kunst, kultur, og kreativitet• Natur, miljø og teknologi• Mengd, rom og form• Etikkreligion og filosofi• Nærmiljø og samfunn
Progresjon
Barnehagen skal legge til rette for progresjon gjennom val av pedagogisk innhald, arbeidsmåtar, leiker, materiale og utforming av fysisk miljø
(Rammeplan kap. 8)
Progresjon i barnehagen inneber at alle barn skal utvikle seg, lære og oppleve framgang. Alle barn skal kunne oppleve progresjon i barnehageinnhaldet, og barnehagen skal leggje til rette for at barna i alle aldersgrupper får variert høve til leik, aktiviteter og læring.
Personalet skal utvide og byggje vidare på barnas interesse og gi barna varierte erfaringar og opplevingar. Når basegruppene set opp periodeplanane prøver ein å legge til rette for progresjon gjennom val av pedagogisk innhald, arbeidsmåtar, leiker,materiale og utforming av fysisk miljø.
24 25
Haramsøy Barnehage sin Progresjonsplan etter fagområda
ÅRSHJUL OVER VÅRE FASTE TEMA OG TRADISJONAR
R.pl : «Fagområda spegler område som har interesse og eigenverdi for barn i barnehagealder, og skal bidra til å fremje trivsel,allsidig utvikling og helse».
Fagområda 0-2 åringar skal oppleve
3-5 åringane skal oppleve
5-6 åringane skal oppleve
Kommunikasjon, språk og tekst
Møte anerkjennan-de vaksneFå uttrykkje seg å bli tatt på alvor
Få utvide sin be-grepsforståelse og aktivt bruke språket
Bli kjent med ulike kommunikasjons-former og lære å telle,sortere og skape
Kropp, rørsle, mat og helse
Få positive opple-velser knytt til eigen kropp,mestring og bevegelse
Ete sunt og skaffe seg erfaring gjennom leik og aktivitet
Utvikle respekt for eigne grenser og kunnskap om seg sjølv mat, og kosthald
Kunst, kultur og krativitet
Gjere seg erfaring med musikk,song og forming
Ta i bruk fantasien, vere kreativ og opp-leve skaparglede
Få erfare detaljer i møte med natur og ulike uttrykksmåter
Natur, miljø og teknologi
Ta i bruk sansane i møte med naturen og nærmiljøet
Utvikle nysgjerrig-heit i møte med naturen og eksperi-mentere
Få grunnleggande innsikt i og undre seg over natu-ren,miljøvern og samspelet der
Mengd, rom og form
Leike med form, farger og bøker
Sortering av ulike matematiske begrep som stor-liten,tung-lett
Oppleve gleda ved å utforske tal,bok-staver,former og system
Etikk, religion og filosofi
Oppleve å bli møtt med respekt og omsorg
At det skapast rom for undring, forstå-else av ulikskap
Utvikle tolererande og interesse for kvarandre og få eit innblikk i tradisjon og høgtid
Nærmiljø og sam-funn
Oppleve glede i fellesskapet
Oppleve at eigen deltakelse påverkar fellesskapet og får lov å vere med å utforske
Få ein betre forstå-else av seg sjølv i eit større perspek-tiv.
Barnehageåret starter 01. august
August Oppstart nye barn, Tilvenning og bli kjent månadSeptember Nasjonal brannvernveke, v. 38
Fast tema «Brannvern» ; besøk av brannbil, tester brannalarm, og har brannøving m.m
Oktober Trafikk vekeNovemberDesember Innsamling av julegåver til barn i Ukraina
Advent og førjulsaktiviteterJulevandring (kyrkja/bedehuset)LuciafeiringNissemarsj og NissefestHAUSTVURDERING frå Foreldre
JanuarFebruar KarnevalMars Førstehjelp for barn og personal
BrannvernPåskevandringPåskefrukost
April PåskeferieMai Ryddeaksjon/Avfallog kildesortering
Barnehagen sin eigen 17 mai feiringVÅR VURDERING frå Foreldre
Juni Sommarfest og karnevalJuli Sommerferie
Månadsfest: siste torsdag/fredag i månaden, med program og middag
Bursdagsfeiring: Dette skal vere ei positiv oppleving for barnet, så vi inkluderar heile gruppa i markeringa. Barnet er med å lager si krone og feiringa skjer ved måltidet. Vi pynter bordet med bursdagsduk og lys og barnet er midtpunktet.Vi syng bursdagssong og gjer stas på den som skal feirast. Dei andre borna seier fine ord til bursdagsbarnet om kva dei har sett barnet er flink til, eller liker å gjere. I skattekista er 3 gåver der barnet kan velje ei gåve som kan takast med heim. På bursdagsfatet serverar vi frukt og grønt, litt andre smaker enn det vi har til vanleg. Personalet lager eit ark med bilder og fine ord som er blitt sagt som minne frå feiringa i barnehagen. Dette settast i permen til barnet.
26 27
KjelderRammeplan for barnehagen: https://bit.ly/2RIoJJp
Barnehagelova: https://bit.ly/2yd6svp
Stortingsmelding nr 6: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.st.-6-20192020/id2677025/
FN’s berekraftsmål: https://www.fn.no/Om-FN/FNs-baerekraftsmaal
Barnekonvensjonen: https://www.fn.no/om-fn/avtaler/menneskerettigheter/barnekon-vensjonen
BARNEHAGERUTA: 2020/2021HARAMSØY BARNEHAGE
Månad Barnehageruta DatoAugust Nytt barnehageår starter
Oppstart etter ferienPlanleggingsdag/Bhg stengt
Mån 03 Fre 14
SeptemberOktober Planleggingsdag/Bhg stengt Ons 14
NovemberDesember Siste opningsdag før jul
Planleggingsdag/ bhg stengtKartlegging om behov for å halde ope i romjula
Tys 22Ons 23
Januar Mån 04Tys 05
FebruarMars Siste dag før påske
Kartlegging om behov for å halde ope påskedagane før påskehøgtida dvs mån-tysdag og halve onsdag.
Fre 26
April Oppstart etter påskeferien Tys 6Mai Høgtidsdag /Bhg stengt
Planleggingsdag/Bhg stengtGrunnlovsdag /Bhg stengtHøgtidsdag/2.pinsedag- Bhg stengt
Tor 13Fre 14Mån 17Mån 24
JuniJuli Barnehagen stengt i veke 29-30
Kartlegging på avvikling av ferieBarnehageåret slutter 31 juli
Alle barn skal ta fire veker ferie i løpet av eit barnehage år, der minimum tre av vekene skal trakast samanhengande på sommaren. Desse veken kjem i tillegg til planleggingsdagar, juleaftan og nyttårsaftan. Jfr. Vedtekter for kommunale barnehagar.
Kontaktinformasjon:
Haramsøy barnehage
Adresse: Haramsøy Barnehage, Barnehagevegen 66,
6290 Haramsøy
E-post adresse: [email protected]
Telefon Haramsøy: 469 20 044, mobil 901 93 550
Telefon Longva: 909 20 817
e-post styrar: [email protected]
www.alesund.kommune.no