View
359
Download
3
Embed Size (px)
Citation preview
Masterstudium i sjukepleiefaget?Ingunn Elstad, Institutt for helse- og omsorgsfag, Uit.
Konferansen ”Morgendagens helsearbeidere i nord”Det helsevitskaplege fakultetet, Uit,6.-7.april 2011.
Helsevesen i store endringar
For å yte kvalitet i helsetenestene er sjukepleiefagleg kompetanse avgjerande
Fagutvikling og forskning i sjukepleie
Fagutøving og fagleg leiing
Veiledning og undervisning
Akademisering av eit praktisk fag?
Faget har lenge vore akademisert
Lærarar ved sjukepleiestudiet må ha høgare akademisk kompetanseSjukepleiarar i fagutvikling treng forskningsmetodisk kompetanse
Valet står mellom fortsett akademisering utanfor sjukepleiefaget eller i sjukepleiefaget
Praksis er i stor grad fagspesifikk Kan masterstudiet legge til grunn studentane sine erfaringar frå sjukepleiepraksis?
Lågare grads studie 2008-2009, fullført på normert tid
0500
100015002000250030003500
sjuke
pleie
allmen
nlæra
r
samfun
nsfag
, jus
helse
fag
Stu
den
ttal
Serie1
Det største akademiske faget i Norge, i tal på studentar
(Statistisk Sentralbyrå)
Høgare studier
er ikkje lenger eit privilegium
for dei få
Ikkje eit forskningssvakt fag? Master i sjukepleie gir rom for sjukepleieforskninga
116 vitskaplege tidsskrift i sjukepleiefaget internasjonalt
… i tillegg bidrar sjukepleieforskarar i helsefaglege tidsskrift
Masteren vil kunne føre sjukepleieforskning ut i praksis og ut i utdanningane
Universitets
Universitets- og høyskoleloven 2005
§ 1-3: Universiteter og høyskoler skal
a) tilby høyere utdanning som er basertpå det fremste innen forskning, faglig og kunstnerisk arbeid og erfaringskunnskap…
d) bidra til å spre og formidle resultater fra forskning og faglig og kunstnerisk virksomhet…g) bidra til at norsk høyere utdanning og forskning følger den internasjonale forskningsfronten og utviklingen av høyere utdanningstilbud
Lågare grads studie 2008-2009, fullført på normert tid
0500
100015002000250030003500
sjuke
pleie
allm
ennlæ
rar
sam
funn
sfag,
jus
helse
fag
Stu
den
ttal
Serie1
Det største akademiske faget i Norge, i tal på studentar
(Statistisk Sentralbyrå)
Sjukepleiefaget omfattar
Praktisk sjukepleiekompetanse,
sjukepleieforskninga,
den internasjonale fagtradisjonen,
og sjukepleieteori.
Studieplan, uferdig utkast
• §3 -master: Gir grunnlag for evt. ph.d. studium
• 120 studiepoeng, inkludert masteroppgava på 45 studiepoeng
• Undervisningsemna fram til masteroppgava på halv tid
• Desentralisert, samlingsbasert, IKT-støtta
• Bygg på bachelorstudiet
• Søkarar kan få innpass for sjukepleiefagleg vidareutdanning
• Krav om klinisk praksis for opptak
Kunnskapsutvikling i sjukepleie kan ikkje bygge på generelle teoriar og begrep åleine, men må gå ut frå erfaringar frå forpliktande praksis. Samtidig er forskningskunnskap i dag uomgjengeleg nødvendig i utøving av sjukepleie. Både erfaringskunnskap, sjukepleieforskning og teoretiske perspektiv spelar inn i praktisk sjukepleie, og kunnskapsformene må perspektivere kvarandre i utviklinga av faget.
Mål:Studenten skal… kunne analysere og drøfte erfaringar frå eigen sjukepleiepraksis i lys av empirisk forskning og teori på eit sjølvstendig nivå, og kunne integrere praktisk erfaring, sjukepleieforskning og relevant teori i utvikling av kunnskap(Utkast til studieplan, april 2011)
Korleis integrere praktisk erfaring, sjukepleieforskning og relevant teori i utvikling av kunnskap?
Sjukepleiefordjupning gjennom studiet. Obligatoriske seminar. Studentaktive: ut frå basisgrupper.Framlegg til diskusjon i samla klasse med lærarar,
evt samarbeid med kliniske avd. og vidareutdanningar “studentane sine erfaringar frå praksis med pasientar/brukarar/nærståande er utgangspunkt for sjukepleiefordjupning i langsgåande tema
Studentane reflekterer over eigne erfaringar frå ulike praksisfelt og drøftar og analyserer dei i lys av sjukepleieforskning og teori….
Studiet legg opp til ein læringsprosess i vekselverknad mellom partikulære kliniske forløp og generelle resultat, begrep og teoriar.”
(Utkast til studieplan, april 2011)
Sentrale begrep:
Liv
Pasientsentrert sjukepleie
Kontinuitet
Liv
”Helse, sjukdom og alderdom går inn i livsløpet. Sjukepleien sitt felt er å yte kyndig hjelp til å leve gjennom krevande og usikre livsfaser.
Sjukepleiarar følgjer med den enkelte og sørgar for livsopphaldet på måtar som fremmer velværeog førebyggjer liding og forverring. God sjukepleie hjelper pasienten med sine næraste å leve gjennom sjukdom, helsemessige utfordringar, behandling og rehabilitering, kriser eller alderssvekking.
Sjukepleiarar og helsefagutøvarar innan diagnostikk og terapi samarbeider med det felles mål at menneske skal bli friske og meistre funksjonsvanskar. Men sjukepleiarane sitt primære ansvar for å understøtte og lette livet til pasienten gjeld både gjennom helse og sjukdom, og er minst like viktig når helsemål ikkje lar seg oppnå. (Utkast til studieplan, april 2011)
Liv
Ut frå praksiserfaringar: pasienten
Fagtradisjon og sjukepleieteori: grunnleggande sjukepleie, grunnleggande behov, understøtting av livsprosessar
Grunntenking: Liv meir fundamentalt enn sjukdom kontra helseTilnærming mellom biologi og fenomen, naturvitskap og humaniora
Pasienten i samfunnet: Pasientforløpet
Pasientsentrert sjukepleie(Dvs. pasient/brukar/beboar med sine nærståande)
Eit begrep frå fagtradisjonen: Fokus på pasienten sitt liv gjennom kritiske og usikre faser
Pasientsentrert sjukepleie. Sjukepleie som etisk praksis.Å ta seg av menneske gjennom alvorleg sjukdom, kriser og død:store og spesielle etiske utfordringar.
i sjukepleiefordjupninga… får studentane analysere etisk vanskelege situasjonar frå eigen praksis, og med innspel frå forskning og etisk teori drøfte korleis situasjonane kan handterast gjennom samhandling mellom dei involverte partane.
“pasient-, brukar-, og pårørandeerfaringar, - pasientnarrativar, patografiar, sjukdomsfenomenologiar og/eller disability studies – bidrag til eit pasientsentrert perspektiv og kritisk korrektiv til fagutøvinga
Omsorgsteoriar og etiske teoriar… belyst av empirisk sjukepleieforskning
Sentrale sjukepleieetiske begrep: ansvar og omsorg analysert og problematisert i forhold til pasientautonomi, brukarmedverknad og ut frå dynamikken i pasientforløpa.“Studenten skal1) kunne eksplisere og begrunne pasientsentrert sjukepleie gjennom korte og lengre forløp, 2) kunne begrunne kontinuerleg sjukepleieansvar på person-, organisasjons- og befolkningsnivå3) kunne analysere og drøfte handtering av etisk vanskelige situasjonar i sjukepleie (Utkast til studieplan, april 2011)
Kontinuitet
”Eit ope, kontinuerleg og praktisk ansvar for pasientar og nærståande karakteriserer sjukepleie som etisk praksis, og er føresetnad for å berge liv og skape tryggleik både for den enkelte og i befolkninga.
Dette ansvaret føreset sjukepleiefagleg leiing og organisering og kollektiv sjukepleiefagleg kunnskap.
Kontinuitet er eit fagleg, etisk og organisatorisk begrep, både i korte pasientmøte og i lengre forløp. Tid og prosess er viktige perspektiv i sjukepleiefaget.”
Fagprofil:
Liv
Pasientsentrert sjukepleie: Etisk praksis
Kontinuitet i utøving og organisering av sjukepleien
Bruke sjukepleieforskninga
Føre saman medisinske, humanististiske og samfunnsfaglege perspektiv
Allsidig forskningsmetodisk tilnærming
Befolkninga i nord og globalt
1. emne. Fagforståing i sjukepleien etablerer sjukepleiefaget som fokus for studiet.
Tema:e) Sjukepleiefordjupning. Eksplisering av faget.
b) Pasientsentrert sjukepleie. Sjukepleie som etisk praksis.
c) Sjukepleiehistorie, fagtradisjon og sjukepleieteori.
d) Kunnskap, læring og undervisning i sjukepleie.
Eksamen etter 1.emne: Veileda, skriftleg oppgave (essay). Studenten utviklar eit tema/ei problemstilling med utgangspunkt i eigne praksiserfaringar, ved å trekke inn relevant forskning og kunnskapsstoff frå innhaldet i emnet, inkludert pensum. Muntleg eksamen.
2. emne: Grunntenking, fagutvikling og forskning i sjukepleiefaget
fører vidare problemstillingar frå kunnskapsformer og fagtradisjon/sjukepleieteori. Grunnlag for fagutviklings-kompetanse og innleiande forskningskompetanse.
Tema:i) Sjukepleiefordjupning. Utvikling av spørsmål av relevans for fagutvikling og forskning
b) Sjukepleiefagleg grunntenking og vitskapsteori
c) Fagutvikling og forskning i sjukepleie: metodologi, metodar og forskningsetikkEksamen etter 2.emne:Prosjektbeskriving for mastergradsoppgava. Muntleg eksamen..
3. emne: Sjukepleien i befolkninga fører vidare tema pasientsentrert sjukepleie og kontinuitetpå leiings- og befolkningsnivå.
Tema: f) Sjukepleiefordjupning. Organisering av tenester gjennom pasientforløp
b) Sjukepleiefagleg leiing, samarbeid og veiledning
c) sjukepleien og behova i befolkninga
Eksamen etter 3.emne: Planlegge og gjennomføre undervisningsopplegg med tema knytt til leiing og/eller organisering av sjukepleie.
4. emne. Mastergradsoppgava (etter godkjent prosjektbeskriving).Eit avgrensa, sjølvstendig forskningsarbeid under veiledning, …. gir studentane høve til å fordjupe seg i sjukepleie til bestemte, sjølvvalte felt og/eller i sjukepleie til sjølvvalte pasient- eller brukargrupper.
…..kan vere ein monografi med eit omfang på 50-70 sider,eller ein vitskapleg artikkel med eit utdjupande vedlegg på ca. 30 s.
Obligatorisk masteroppgaveseminar
Dersom oppgava er vurdert til godkjent, held studenten ei open prøveførelesing over temaet, og det blir muntleg eksamen.
Yrkesmuligheiter/kompetanse
Studiet kvalifiserer til kliniske sjukepleiarstillingar i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta, der kompetanse i fagutvikling og fagleg leiing blir vektlagt og der fordjupa kompetanse i sjukepleiefagleg utøving er ønska.
Kombinert med pedagogisk tilleggsutdanning gir studiet lektorkompetanse i sjukepleiefaget. Generelt gir studiet fagleg grunnlag for undervisning, veiledning og leiing i sjukepleie.
Studiet vil kunne kvalifisere til opptak ved doktorgradsstudier.
Studiet omfattar ikkje særskilte emne i pedagogikk eller administrasjon.