10
VURDERING FOR LÆRING

VURDERING - Hordaland...Vurdering er eit redskap for å fremme læring. Det betyr at du som elev skal få tilbakemeldingar frå læraren som du kan bruke for å bli betre i faget,

  • Upload
    others

  • View
    2

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: VURDERING - Hordaland...Vurdering er eit redskap for å fremme læring. Det betyr at du som elev skal få tilbakemeldingar frå læraren som du kan bruke for å bli betre i faget,

VURDERING FOR LÆRING

Page 2: VURDERING - Hordaland...Vurdering er eit redskap for å fremme læring. Det betyr at du som elev skal få tilbakemeldingar frå læraren som du kan bruke for å bli betre i faget,

Helsing frå rektor

Vurdering er eit redskap for å fremme læring. Det betyr at du som elev skal få tilbakemeldingar frå læraren som du kan bruke for å bli betre i faget, og du som er elev skal også involverast i vurderingsarbeidet, mellom anna gjennom eigenvurdering. Altså er vurdering langt meir enn berre ein talkarakter. I vurderingsarbeidet skal lærarane sjå den enkelte elev, og vere konstruktive slik at vurderinga verkar læringsfremjande. Du skal få vite kva som er bra, kvifor det er bra, kva som kan bli betre og korleis det kan bli betre i ditt elevarbeid. Dette skal du som elev kunne forvente av lærarane dine. Samstundes har du som elev ansvar for å setje deg inn i vurderinga og tenkje gjennom denne. Skjønar du ikkje kva læraren meiner eller er usamd, må du gå i dialog med læraren om dette. Med ynskje om ei lærerik tid på Austrheim vgs, Beste helsing, Frode Hervik, rektor

Page 3: VURDERING - Hordaland...Vurdering er eit redskap for å fremme læring. Det betyr at du som elev skal få tilbakemeldingar frå læraren som du kan bruke for å bli betre i faget,

ing i orden og åtferd

Vurdering handlar om

Me ser den enkelte elev

Vurdering handlar om

• Rettar og plikter

• Undervegsvurdering

• Sluttvurdering i fag

• Vurdering i orden og åtferd ng

Alle elevar er forskjellige, og har ulike behov. Skulen vår ser den enkelte elev:

Trivsel og elevmiljø står i fokus.

Konkrete framovermeldingar.

Tilpassa opplæring.

Tidleg innsats for elevar med særskilte behov.

Page 4: VURDERING - Hordaland...Vurdering er eit redskap for å fremme læring. Det betyr at du som elev skal få tilbakemeldingar frå læraren som du kan bruke for å bli betre i faget,

Dette har du som elev

plikt til

Delta på prøvar, levere

innleveringsoppgåver og delta aktivt i

andre vurderingssituasjonar i

undervisninga.

Bruke læraren sine tilbakemeldingar for å

forbetre seg i faget.

Gå i dialog med læraren dersom du ikkje

skjønar tilbakemeldinga.

Arbeide konstruktivt med eigenvurdering.

Forskrift til opplæringslova § 3-1 - 3-13.

Dette har du som elev

rett på

Lærarane skal forklare kompetansemåla, og

kva det blir lagt vekt på i vurderinga i faget.

Tilbakemeldingane frå lærarane skal seie

noko om:

- Kva som er bra

- Kvifor det er bra

- Kva som kan bli betre

- Korleis det kan bli betre

Delta aktivt i vurdering av eige arbeid,

eigen kompetanse og eiga utvikling.

Dialog om utvikling i faga gjennom

utviklingssamtalar/fagsamtalar.

Varsling ved fare for at ein ikkje får karakter

i fag, og fare for nedsett i orden og åtferd.

Forskrift til opplæringslova § 3-1 - 3-13.

Page 5: VURDERING - Hordaland...Vurdering er eit redskap for å fremme læring. Det betyr at du som elev skal få tilbakemeldingar frå læraren som du kan bruke for å bli betre i faget,

3-3

Eigenvurdering er at

• Undervegsvurdering som du

får gjennom heile skuleåret.

Eigenvurdering er ein del av

undervegsvurderinga.

Dette skal vere vurdering

for læring.

• Sluttvurdering som vert gitt når du er

ferdig med eit fag. Du får sluttvurdering

i fag, og i orden og åtferd.

Forskrift til opplæringslova § 3-2, 3-11, 3-12, 3-13, 3-16 og 3-17.

Forskrift til opplæringslova § 3-12

Vurdering omfattar

Du skal delta aktivt i vurderinga av eige arbeid, eigen kompetanse og eiga faglege utvikling. Du skal reflektere over kva du kan/har lært. Du skal reflektere over kva du må jobbe meir med.

Eigenvurderinga kan vere både munnleg og skriftleg.

Page 6: VURDERING - Hordaland...Vurdering er eit redskap for å fremme læring. Det betyr at du som elev skal få tilbakemeldingar frå læraren som du kan bruke for å bli betre i faget,

Undervegsvurdering = Vurdering for læring Tilbakemelding og framovermelding frå lærar som

skal hjelpe deg til å bli betre i faget: - Kva er bra? - Kvifor er det bra? - Kva kan bli betre? - Korleis kan det bli betre?

Til dømes kan dette vere ei konkretisering av kva

du treng å arbeide meir med for å få ein betre karakter.

Til dømes kan slike meldingar komme skriftleg i samband med prøvar og innleveringsoppgåver, eller munnleg i samband med t.d. framføringar og i fagsamtalar.

Vurdering for læring Prinsipp

Fokus på læringsstrategiar.

Læraren som “coach”.

Eleven som aktiv medspelar.

Fokus på elevane sin motivasjon.

Djupnelæring.

Page 7: VURDERING - Hordaland...Vurdering er eit redskap for å fremme læring. Det betyr at du som elev skal få tilbakemeldingar frå læraren som du kan bruke for å bli betre i faget,

rift §3-7

Sluttvurdering i fag Sluttvurdering i orden

og åtferd

Forskrift til oppæringslova

§3-2, §3-17, §3-18, §3-38, §3-39, §3-42

Er ein talkarakter.

Seier noko om ditt faglege nivå når du er ferdig med opplæringa i faget.

Er standpunktkarakter og/eller eksamenskarakter.

Kan du klage på (terminkarakter kan ikkje klagast på).

Ligg til grunn for opptak til vidare utdanning/lærekontrakt og utdanning på høgare nivå.

Page 8: VURDERING - Hordaland...Vurdering er eit redskap for å fremme læring. Det betyr at du som elev skal få tilbakemeldingar frå læraren som du kan bruke for å bli betre i faget,

ORDEN Elevane skal ha god orden.

Det er god orden å:

Møte presis til timane

Vere budd til undervisninga

Gjere arbeid som blir pålagt så godt som

mogleg, og levere i rett tid

Ha med nødvendige læremidlar og utstyr

ÅTFERD Vurdering i åtferd byggjer på

Korleis du oppfører deg overfor medelevar,

lærarar, og andre tilsette i og utanfor opplæringa

Om du viser omsorg og respekt for andre

Korleis du handsamar skulebygg og utstyr

Det er ikkje lov å røyke, snuse eller være

påverka av rusmidlar

Page 9: VURDERING - Hordaland...Vurdering er eit redskap for å fremme læring. Det betyr at du som elev skal få tilbakemeldingar frå læraren som du kan bruke for å bli betre i faget,

KONTAKT OSS

Mastrevikane 44, 5943 Austrheim http://auv.hfk.no

5616800 [email protected]

Page 10: VURDERING - Hordaland...Vurdering er eit redskap for å fremme læring. Det betyr at du som elev skal få tilbakemeldingar frå læraren som du kan bruke for å bli betre i faget,