8
Valprogram 2015-2019 Ulvik SV

Ulvik SV valprogram 2015-2019

Embed Size (px)

DESCRIPTION

 

Citation preview

Page 1: Ulvik SV valprogram 2015-2019

Valprogram 2015-2019

Ulvik SV

Page 2: Ulvik SV valprogram 2015-2019

Dei neste åra vert ei spennande tid for Ulvik som lokalsamfunn og kommune. I samband med kommunereforma held Ulvik på med ei utgreiing om samanslåing med Ullensvang, Eidfjord og Granvin. Ulvik har planar om store investeringar i ny sjukeheim og arbeidet med fleirbrukshall er alt i gang. Dette vert planlagt i ei tid der kommuneøkonomien er svekka over fleire år og me står ovanfor tøffare prioriteringar i dei komande budsjetta. Framtida til Hjeltnes vidaregåande skule er uavklara. Som ein stor kompetansearbeidsplass vil utfallet her få mykje å seia for bygda. Ulvik har også valt å verta ein Cittaslow-kommune. Det inneber at me ynskjer å ta vare på mangfaldet og særtrekka ved lokalsamfunnet vårt, og møta framtida på bærekraftig vis.

SV har vore kritiske til premissane for kommunereforma. Før det var klart kva oppgåver dei nye kommunane skal overta, vart me pålagde å starta utgreiingsarbei-det. Tidsløpet som er lagt gjev ikkje rom for å finna fram til dei beste løysingane. Ulvik SV meiner at me må vita heilt klårt kva me seier ja eller nei til når me skal ta ei avgjerd om framtidig kommunestruktur. Kvar skal

dei ulike tenestene liggja, kva tenestetilbod vil framleis finnast i Ulvik? Føremonene med å slå seg saman må vera større enn ulempene. Det må vera eit reelt alternativ å seia nei til samanslåing om ein meiner det er det beste for kommunen, og Ulvik SV ynskjer ei rådgjevande folkerøysting.

Kommunereform

Ulvik - eit lokalsamfunn i utvikling

Page 3: Ulvik SV valprogram 2015-2019

I løpet av den førre valperioden har kommuneøkonomien gradvis vorte svekka. Inntektene har gått ned, og me har ikkje greidd å redusera kostnadane tilsvarande. Det økonomiske handlingsrommet vårt vert avgrensa. Eit auka låneopptak til ny sjuke-heim vil forsterka dette, og i valperioden som kjem vil politikarane verta nøydde til å

gjera hardare prioriteringar. Ulvik SV ynskjer å byggja ny sjukeheim på Skeie-tomta, men vil samstundes arbeida for å sikra gode tenester til innbyggjarane. Me opnar opp for innføring av eigedomsskatt i heile kommu-nen. Eigedomsskatten skal vera øyremerkt ny sjukeheim og vert slik eit spleiselag i eit avgrensa tidsrom.

Økonomi

Cittaslow

Ved å bli del av Cittaslow-nettverket har Ulvik fått eit spennande verktøy for utvikling som byggjer på dei sterke sidene i lokalsam-funnet vårt . Reiseliv, landbruk og kultur er viktige bærebjelkar i næringslivet i Ulvik og kan vidareutviklast i tråd med Cittaslow sine verdiar. Ulvik SV meiner at Hjeltnes vidaregåande skule kan spela ei nøkkelrolle her, og det er viktig at kommunen støt-tar skulen i den omstillingsfasen den er i. For at Cittaslow skal bli ein suksessfaktor

for Ulvik, er det viktig at denne tanke-gangen vert innarbeidd på dei ulike nivåa i kommuneorganisasjonen, og at kommunen samarbeider med aktørane på grasrotnivå: bønder, produsentar, næringsliv, lokale lag og organisasjonar. Ulvik SV ynskjer å arbeida for at Cittaslow vert eit stimuli for næring-slivet og lokalsamfunnet, og eit verktøy for bærekraftig utvikling.

Eg er 32 år og arbeider som formidlar ved Olav H. Hauge-senteret. Eg har vore med i heradstyret i valperioden 2011-2015, og ynskjer å gjera ein ny innsats for Ulvik i den spennande tida me no går inn i.

Eg brenn for å utvikla Ulvik som lokalsam-funn med fokus på landbruk, reiseliv og kultur. Eg trur me har mykje å tilby både tilflyttarar og gjester som ynskjer å leva det gode liv. Med dei store økonomiske oppgåvene me står ovanfor er eg opptek-en av å ha ei økonomistyring som sikrar at me framleis kan levera gode tenester til innbyggjarane. 1.

Guro Ljone

Page 4: Ulvik SV valprogram 2015-2019

Ein god stad å leva

Noko av det viktigaste me gjer som kommune er å levera gode tenester til innbyggjarane våre. Ulvik SV vil arbeida for å sikra gode tenester til dei som treng det mest, også i ei tid med tøffare økonomiske prioriteringar. Den viktigaste ressursen innanfor teneste-produksjon er den menneskelege. Me må sikra at dei tilsette innanfor oppvekst og helse og omsorg har gode råmer for å utføra arbeidet sitt. Ulvik SV vil prioritera tenestene ut mot brukarane framfor sentraladministrasjonen. Me vil også avgrensa kjøp av konsulent tenester der me meiner me kan nytta eigne tilsette.

Skule

• oppretthalda tilbodet om skulemåltid med større fokus på lokal mat• gjera forsøk med skulelekser framfor heimelekser• støtta skulen sitt arbeid med å fremja lokal kultur og tradisjon• støtta at Hjeltnes vidaregåande skule skal halda fram som ein utdanningsinstitusjon

Ulvik SV vil:

Page 5: Ulvik SV valprogram 2015-2019

Barnehage

• oppretthalda bemanningsnorma• sikra barnehagen budsjett til å ta inn vikarar • sikra kompetansen hjå dei tilsette• auka fokus på lokal mat og det sosiale fellesskapet rundt måltidet

• byggja ny sjukeheim på Skeie-tomta. Det må vurderast om det er tenleg å samla fleire helsetenester her i eit helsetun• nytta dei gode ressursane me har fått på plass i samband med mottak av flyktningar til å hjelpa fleire familiar• leggja til rette for språkpraksis for flyktningar på lokale arbeidsplassar

Eg er 36 år og jobbar som lærar ved Brakanes barne- og ungdomsskule.Eg har budd i Ulvik i fem år og ynskjer å arbeida for at bygda skal halda fram med å vera ein god stad å bu for nye og gamle innbyggjarar.

Eg er oppteken av oppvekstvilkår for born og unge og at Ulvik skal vere eit levande lokalsamfunn. Eg trur det er viktig å tryg-gja eit godt tenestetilbod lokalt og leggja til rette for ei miljøvenleg utvikling i Ulvik.

Hanne Li

Helse, sosial og omsorg

2.

Ulvik SV vil:

Ulvik SV vil:

helsetenester her i eit helsetun

til å hjelpa fleire familiar

Page 6: Ulvik SV valprogram 2015-2019

I spennet mellom tradisjon og fornying ynskjer me å utvikla Ulvik med fokus på landbruk, reiseliv og kultur. Det har skjedd mykje spennande på næringssida i Ulvik dei seinare åra, og me ser at gode idear og initiativ kjem frå folka som bur her. Kommunen må leggja til rette og vera støttespelar. Når me planlegg for framtida må miljøperspektivet vera med. Ulvik SV ynskjer å revidera miljøplanen.

Næring, reiseliv og landbruk

Næring og utvikling

• kjempa for eit sterkt jordvern, Il-flaten skal nyttast til landbruk • revidera landbruksplanen og gjera den til eit aktivt verktøy • at kommunen skal leggja til rette for økologisk landbruk og hagebruk • oppretthalda Ulvik campingplass der han ligg i dag

• stø opp om biblioteket sitt arbeid og skjerma tenesta frå framtidige kutt • oppretthalda stillinga som ungdomsarbeidar • stø opp om og vidareutvikla lokale kulturtilbod

Kultur

Ulvik SV vil:

Ulvik SV vil:

Page 7: Ulvik SV valprogram 2015-2019

Lars -Helge LjoneEg er 64 år og bonde. Fundamentet for Ulvik si utvikling, må vera Ulvik sine eigne ressursar. Difor meiner eg at jordvern er viktig, og vern av Il-flaten vil vera ein prøveklut på om politikarane meiner alvor når dei seier at dei ynskjer å ta vare på dyrka mark.

Kortreist mat og langsiktige løysingar kan vera viktige stikkord når me skal meisla ut ein politikk for framtidige generasjonar.

Sentrumsutvikling

• ha ei opprydding i visuelle element i sentrum, det bør utviklast retningsliner for reklame i sentrum som tek omsyn til Ulvik sine særtrekk • sikra tryggleiken for mjuke trafikantar frå sentrum til Prestegardskaien ved å senka farten og ta i bruk innsnevringar/fartsdumpar heller enn å byggja fortau

Bustadar og tomter

• ha 0 - konsesjon i kommunale byggjefelt. Me har private aktørar som tilbyr tomter for fritidsbustadar• bruka Bustadstiftinga aktivt som bustadpolitisk verkemiddel. Husbanken har no svært gunstige ordningar for å byggja flyktningbustadar som kommunen kan nytta seg av for å byggja kommunale utleigebustadar. Dette vil også gje arbeid for lokale entreprenørar.• ved utbygging av nye kommunale byggjefelt er Vombevika det mest aktuelle området å starta med.

3.

Ulvik SV vil:

Ulvik SV vil:

for fritidsbustadar

gunstige ordningar for å byggja flyktningbustadar som kommunen kan nytta seg av for å byggja kommunale utleigebustadar. Dette vil også gje arbeid for lokale entreprenørar.

å starta med.

i sentrum som tek omsyn til Ulvik sine særtrekk

farten og ta i bruk innsnevringar/fartsdumpar heller enn å byggja fortau

Page 8: Ulvik SV valprogram 2015-2019

Guro Ljone, f. 1982Formidlar

Hanne Li, f. 1978Adjunkt

Lars-Helge Ljone, f. 1951Bonde

Gunnbjørg Øyre, f. 1956Rektor

Theresa Wallevik, f. 1983Bibliotekssjef

6. Torunn Pedersen Polden, f. 1953 Einingsleiar, barnehage

7. Ingvild Seljeseth Winters, f. 1974 Ungdsomarbeidar og keramikar

8. Jenny Wright Johnsen, f. 1985 Sivilagronom

9. Jorid Lekve Eide, f. 1982 Salssekretær og kunstnar

10. Joakim Parelius Winters, f. 1946 Pensjonist

11. Wenche Opedal, f. 1956 SFO-leiar

12. Anita Lekve, f. 1967 Adjunkt

13. Bjørg Haukeland, f. 1954 Førskulelærar

14. Agnar Kleppe, f. 1946 Bonde

15. Torunn Hovland Ljone, f. 1952 Gartnar

1.

2.

3.

4.

5.

Ulvik SV si valliste:

Alle

foto

unn

tatt

side 4

er ve

d Jo

rid L

ekve

Eid

e.