6
Program 2015 – 2019 BREMANGER HØGRE heile BREMANGER Saman skal vi gjere Bremanger betre!

Bremanger høgre valprogram

Embed Size (px)

DESCRIPTION

 

Citation preview

Page 1: Bremanger høgre valprogram

Program 2015 – 2019BREMANGER HØGRE

heile

BREMANGER

Saman skal vi gjere Bremanger betre!

Page 2: Bremanger høgre valprogram

BREMANGER HØGRE VIL UTIFRÅ SINE GRUNNVERDIAR• Fremje personleg fridom og sosialt ansvar

• Respektere og lytte til den einskilde

• Yte tenester av god kvalitet i heile kommunen

• Tenke heilskap og stimulere til eit inkluderande fellesskap

Vi vil at Bremanger kommune skal vere eit godt val for etablerarar, reisandeog fastbuande!

INNBYGGJARANE ER VÅR STØRSTE RESSURSHØGRE sin politikk skal ha som mål å styrkje trua på framtida hos innbyggjarane i Bremanger kommune. Utan den enkelte si tru på «det gode liv» i bygdene våre, vil ein ikkje kunne bryte den negative trenden med fråflytting. Vi må ha noko å leve av, og noko å leve for. I tillegg må det verte lettare å reise, både i kommunen og mot omverda.

Å LEVE AV

HØGRE vil ha sterkt fokus på næringslivet sine vilkår i kommunen vår, både nyetablerarar og dei som allereie er her. Det kommunale næringsapparatet skal vere både støttespelar og tilrette-leggjar, samstundes som kommunen må syte for tenleg infrastruktur og gode tenester. Til dømes er ei liberal praktisering av strandsonelova (100 m beltet), etter HØGRE si meining naudsynt for vekst og utvikling i ei kystkommune som vår.

Å LEVE FOR

HØGRE vil at Bremanger kommune skal vere attraktiv for menneske som ønskjer ein livsstil der verdiar som naturrikdom, deltaking og mellommenneskeleg omsorg står sentralt. Dette er kvalitetar som kan vere mangelvare i byen, og som vi må hegne om og framelske. Som middel til å styrke samhald og identitet vil HØGRE særleg stimulere til mangfald og aktivitet i ulike delar av kulturlivet.

Å KUNNE DELTA

HØGRE meiner det er viktig at innbyggjarane får dekka dei fleste av dei daglege servicebehova sine der dei bur. Likevel vil det vere viktig for folk å kunne reise lettvint, både innan kommunen og mot omverda, anten dei skal på arbeid, utdanning, ferie eller shopping.

Den planlagde kystvegen mellom Bergen og Ålesund, der 45 min.regionen er ein viktig del, vil styrkje kysten som lokomotiv i næringsutviklinga på Vestlandet. Eit felles bu- og arbeidsområde på kysten av fylket vil lette samarbeidet mellom kommunane, samstundes som innbyggjarane i Bremanger vert knytt nærare til dei regionale sentra.

Page 3: Bremanger høgre valprogram

SAMFERDSLE«Ein skal kunne bu og arbeide kvar ein vil i kommunen»

Høgre vil arbeide for:

• Rask bygging av kystvegen Måløy – Florø• Utbetring av vegen mellom Isane og Kolset• Null hol – Betre vegdekke i heile kommunen• Rask utbetring av fylkesveg 616 Kalvåg – Klubben• Fleire avgangar for båtskyss mellom Florø, Smørhamn og Måløy• Oppretthalde ferja Stårheim – Isane• Realisering av kystvegen Ålesund – Bergen som riksveg• Bygging av gang- og sykkelstiar• Oppretthalde ferjekaiene Kjelkenes og Smørhamn som beredskapskaier

ØKONOMI OG KOMMUNALE TENESTER«Mangfald og valfridom»

Høgre ønskjer:

• Effektiviserte offentlege tenester gjennom auka konkurranseutsetjing• Vedlikehald som del av driftseiningane sine budsjett• God styring av personalressursar• Auke fagleg kompetanse og serviceerklæringar for alle tenesteområde• Ingen eigedomskatt på private eigedommar• Auke investeringane til IKT i alle sektorane

OPPVEKST«Bremanger skal ha den beste skulen i landet»

Høgre vil:

• Behalde ein desentralisert skulestruktur• Innføre to-pedagogordning i barnehagane• Stimulere til desentralisert skuletilbod for etterutdanning.• Rehabilitere og halde opne eksisterande badebasseng• Auke rammetimetalet til nivået før «Terra»• Aktiv rekruttering av fagfolk til oppvekstsektoren• Nok barnehageplassar i alle bygder• Ruste opp uteareala ved oppvekstsentra• Auke plantida for barnehagelærarane

Page 4: Bremanger høgre valprogram

MILJØ«Til HØGRE på grønt»

Høgre vil:

• Opprette miljøfond for å stimulere til miljøtiltak• Betre utnytting av miljøvennlege energikjelder i alle kommunale bygg• Bevisstgjere den einskilde sitt ansvar for miljøet• Utnytte potensialet vårt til fornybar energi • Plassere ut fleire offentlege søppelbøtter

UNGDOM«Det skal vere attraktivt for ungdom å vere i heimkommunen, også i feriar»

Høgre vil arbeide for:

• Heilårsopne idrettshallar• Kommunale sommarjobbar også for ungdom under 18 år• Fleire ungdomsklubbar med lengre opningstid• Aktivt samarbeid med ungdomsrådet

KULTUR«Kulturkommunen Bremanger»

Høgre vil:

• Støtte frivilleg lagsarbeid • Gjeninnføre kulturmidlane• Styrke kulturskulen• Utvikle kulturminna som reisemål • Ha møteplassar i alle bygdene

NÆRMILJØ«Levande bygder og trygge lokalmiljø»

Høgre arbeider for:• Fleire kommunale byggjefelt• Oppgradering av det visuelle inntrykket av bygdene• Utnytte varmtvatn fra Elkem til å varme bygg, vegar og fortau i Svelgen sentrum• Fullføring av ny gymsal ved Frøyen oppvekst• Betre vedlikehald av kommunale bygg, anlegg og uteområde• God standard på offentlege toalett og bossoppsamlingsplassar• Kommunale gjennomgangsbustadar • Vidare fornying av Svelgen sentrum

Page 5: Bremanger høgre valprogram

PLEIE OG OMSORG«Hjelpa må vere der når ein treng den»

Høgre vil ha:

• Nok institusjonsplassar• Samarbeid med frivillege organisasjonar• Betre legedekning med omsyn til lokal legevakt• Gode, heimebaserte tenester• Tilrettelagde omsorgsbustadar i bygdene• Valfridom innan pleie- og omsorgstilboda• Aktiv rekruttering av fagfolk til helsesektoren

NÆRINGSLIV«Vekst – Entrepenørskap – Kompetanse – Samarbeid – Trivsel»

Høgre går inn for:

• Aktivt og målretta arbeid for at Svelgen skal få del i ny industriell utvikling• Ein aktiv «Smørhamn Industripark» for ny næring• Kommunen som tilretteleggjar for næringslivet ved eit sterkt næringsapparat• «Vår del» av arbeidsplassar som vert skapte ved interkommunalt samarbeid• Ingen vindmøller på fiskefelta nær land• Sjølvråderett over eigne ressursar• Betre språkopplæring for arbeidsinnvandrarar• Full utbygging av fiskerihamna i Kalvåg• Avgrensing av område for taretråling• Fjerning av eigedomskatten for servicenæringane

Page 6: Bremanger høgre valprogram

1. Audun Åge RøysOrdførarkandidat

2. Evy Dombestein

3. Roger Mulelid

4. Ann Irene M. Gulestøl

5. Helge Bakke

Kandidatane våreBREMANGER

OrdførarkandidatAudun Åge RøysMobil: 91 58 65 [email protected]

GLØYM IKKJE Å BRUKE FYLKESTINGSLISTA!3. kandidatBJØRN HOLLEVIK, Flora

NA

TV

IK, F

LOR

Ø

1 Audun Åge Røys 1957 Kalvåg2 Evy Dombestein 1984 Dombestein3 Roger Mulelid 1967 Svelgen4 Ann Irene Myrheim Gulestøl 1968 Kalvåg5 Helge Bakke 1966 Davik6 Inger Rise Hallset 1960 Svelgen7 Per Røys 1960 Kalvåg8 Elisabeth Birkeland Hatlenes 1980 Davik9 Ståle Martin Dyrstad 1956 Svelgen

10 Bente Svanevik Frøyen 1955 Kalvåg 11 Knut Erlend Dombestein 1981 Davik12 Are Kjelkenes 1965 Svelgen13 Wenche Frimannslund 1972 Svelgen14 Ole-Bjørn Førde 1971 Davik15 Helene Hessvik 1981 Svelgen16 Karstein Bakke 1965 Davik17 Oddvar Hauge 1964 Bremanger 18 Martine Røys Fosse 1994 Kalvåg19 Per Gulestøl 1956 Kalvåg20 Bjørn Are Yttrehus 1948 Svelgen21 Jorunn Petrine Frøyen 1954 Kalvåg22 Jostein Clausen Mangerøy 1960 Svelgen23 Are Håkon Aarseth 1956 Davik24 Sindre Røys Pedersen 1995 Kalvåg25 Ilona Langeland 1970 Kalvåg26 Johnny Røys 1984 Svelgen27 Jan Andrè Bolset 1983 Kalvåg28 Roar Førde 1943 Davik29 Hans Bakke 1936 Davik