20

Sider fra Alle vil hjem. Ingen vil tilbake 2korr

Embed Size (px)

DESCRIPTION

31 TYPE-ITAS,15.08.2011 ORDRE:23491 32 TYPE-ITAS,15.08.2011 ORDRE:23491 33 TYPE-ITAS,15.08.2011 ORDRE:23491 34 TYPE-ITAS,15.08.2011 ORDRE:23491 35 TYPE-ITAS,15.08.2011 ORDRE:23491 36 TYPE-ITAS,15.08.2011 ORDRE:23491 37 TYPE-ITAS,15.08.2011 ORDRE:23491 38 TYPE-ITAS,15.08.2011 ORDRE:23491 39 TYPE-ITAS,15.08.2011 ORDRE:23491 40 TYPE-ITAS,15.08.2011 ORDRE:23491 41 TYPE-ITAS,15.08.2011 ORDRE:23491 42 TYPE-ITAS,15.08.2011 ORDRE:23491 43 TYPE-ITAS,15.08.2011 ORDRE:23491 44 TYPE-ITAS,15.08.2011 ORDRE:23491

Citation preview

Page 1: Sider fra Alle vil hjem. Ingen vil tilbake 2korr
Page 2: Sider fra Alle vil hjem. Ingen vil tilbake 2korr

Sigurd

Eg vaknar av sola mot augo, ho brenn på innsida av auge-lokka og sender strålar av smerte bakover i hovudet. Detkjennes som om nervetrådane er raudglødande, dei etsarog svir, og eg klarer ikkje å skilje kva som er smerte, ogkva som er tankar.

Lydar av kvardag frå utsida av vindauget blandar segmed lyden av pusten til ho som ligg ved sida av meg, ogeg prøver å hugse kva for ein dag det er. Det er sikkertonsdag, det er nesten alltid onsdag. Det er i alle fall okto-ber, i alle fall 2008. Ho snur seg og strekker ut armen forå halde rundt meg. Eg opnar augo av lyden og vrir megunna i siste liten, så armen hennar blir liggande litt hjelpe-laus og naken på mi side av senga. Det er forresten miseng, begge sidene er mine, tenker eg og legg dyna mi overarmen hennar. Så blir ho ikkje kald, og eg slepp å sjå påden tynne kvite armen som minner meg om alt anna.

Eg står opp og finn mobilen i bukselomma frå i går. Sjutapte anrop, fem av dei er mamma, to av dei er skjultenummer og garantert mamma, det også. Eg legg den til-bake i lomma, frys i trekken frå det opne vindauget. Går idusjen og øydelegg den fordi vatnet ikkje blir varmt nok,og eg vrir så hardt på krana at den sprekk. Eg veit at egaldri kjem til å få reparert det. Eg bryr meg ikkje heller, sålenge vatnet er varmt.

31

T YPE-IT AS, 15.08.2011ORDRE: 23491

Page 3: Sider fra Alle vil hjem. Ingen vil tilbake 2korr

Eg vaskar meg fort, mykje såpe, ikkje tenke, og sveittenfrå i natt forsvinn i sluket saman med lukta av henne ogden evige kjensla av Trygve, og huda blir raud av det varmevatnet og av kloremerke der eg ikkje blir rein nok, aldriblir rein nok.

– Sigurd, det er mamma. Nå har eg ringt deg fleire gon-ger, du må skjønne at eg blir uroleg for deg når du ikkjetek telefonen. Ring meg når du høyrer dette, seier mammasstemme på telefonsvararen. Ho høyres nesten sint ut påslutten og er alltid modigare på telefonsvararen enn når egtek telefonen. Eg orkar ikkje å ringe henne, orkar ikkje åseie at eg ikkje kjem heim denne helga heller og høyre atho tek seg saman for ikkje å bli lei seg. Eg skulle lage nokogodt, da, veit du, seier ho alltid. Så me kunne kose oss litt,du og eg og pappa.

Mammas stemme på svararen minner om heime, og egvil aldri meir tilbake dit. Der står alt stille, alle har øyroog augo på stilk over gjerdet til naboen og trur dei veit alt.Eg høyrer ikkje heime der, har aldri gjort det. Aldri i verdaom eg skal tilbake dit, tenker eg, og ho vaknar i senga mi.Eg blir brått irritert og vil helst bare kaste henne ut av detopne vindauget. Det er mi seng, og ho skal ikkje vere der.Ingen andre skal vere der. Ho smiler litt, strekker liksom påseg for å vise at ho nettopp vakna. Eg blir flau på hennarvegner, håpar ho reiser fort.

– Vil du ikkje komme og legge deg litt att, spør ho.Eg vrir meg litt av stemma hennar, tilgjort jentestemme.

Ho har ikkje så lys stemme, det hugsar eg frå i går.Eg ristar på hovudet. Smiler og slår ut med hendene.– Skulle ynskje eg kunne det, men eg må på jobb, seier

eg.Håpar eg ikkje sa at eg ikkje hadde jobb. Ho nikkar, tek

det ikkje som ei avvising. Ho står opp, usjenert naken, egser bort til eg høyrer henne dra opp glidelåsen i jeansen.

32

T YPE-IT AS, 15.08.2011ORDRE: 23491

Page 4: Sider fra Alle vil hjem. Ingen vil tilbake 2korr

Idet eg snur meg, rufsar ho til håret sitt med store bevegel-sar, og eg tenker at det hjelper ikkje.

– Når ser eg deg att, da? spør ho og lener seg mot denopne døra eg kriblar etter å smelle igjen, før ho reiser.

Eg smiler, musklane i kjeven verker av alle desse smila.– Kan me ikkje meldast, da? Du fekk nummeret mitt,

sant, seier eg og vil lukke igjen døra og vere aleine. Heiltaleine.

Ho nikkar og gjev meg ein klem. Det luktar parfyme ogsjampo og alt anna som jenter luktar. Eg set opp alle vin-dauga når ho har reist, skiftar på senga, sprayar gammalOdeur Neutralizer frå den tida eg smugrøykte, over heileleilegheita, så legg eg meg på sofaen og dreg teppet overhovudet. Har ikkje fleire tankar att, bare bilde. Og bilda avTrygve står på repeat og vil aldri forsvinne bak augelokka,kjem framleis i kvart blunk, i kvar tanke, i kvar søvn og ikvar draum.

Og han byrja med ein draum ei uroleg natt, heile Trygve.Eg vakna og blei redd, men draumane slutta ikkje. Så eintanke, så ei handling, ei til og fleire hundre klapp og strykog kyss og ord og skam og vondt og godt og alt. Og så vardet mi skuld at han døydde. Heilt udiskutabelt og skrive istein min feil, mi skuld.

Det verste er nesten at ingen veit det, eller kjem til å fåvite. Faren hans helsar framleis like blidt på meg, morahans nikkar til meg på butikken. Til og med Sondre ogEirik, tvillingbrørne hans, gryntar til meg viss me møtest.Og kvar gong verker det i magen, for dei veit ikkje at detvar mi skuld. At eg pressa han vekk, så langt vekk frå megsom eg kunne, at eg hata han så inderleg at han følte at hanmåtte reise, om ikkje for anna så for å straffe meg, eller forå bevise noko for meg. Og så døydde han.

Alt i livet, og alt i meg, var bare feil fram til Trygve forfyrste gong la handa si bak nakken min og såg meg og

33

T YPE-IT AS, 15.08.2011ORDRE: 23491

Page 5: Sider fra Alle vil hjem. Ingen vil tilbake 2korr

gjennom meg, andre året på vidaregåande. Og så blei altsom kjentes heilt riktig, så feil likevel, og alt var hans feil.Heile tida var alt hans feil, for han øydela meg og gjordemeg ekkel og rar, og samtidig var alt eg ville, å vere samanmed han, og eg klarte ikkje å halde meg unna enda så mykjeeg hata han. Og Trygve, snille, vakre, gode Trygve, komtilbake gong på gong. Enda så sint eg var, enda så slem egvar. Enda så mykje eg ropa, enda så mykje eg håna han.Og meg og oss. Enda så mykje eg nekta.

Nå veit eg ikkje kva me var. Eg veit ikkje kva eg var. Er.Veit ikkje kva som er Trygve, og kva som er meg, for haner framleis overalt. Han vil faen ikkje reise, og eg veit at egikkje er normal. Dette er hans hemn, drøymer eg ofte, ogvaknar sveitt og redd. Det er eitt år og fire månader sidanTrygve døydde. Og to dagar og sju timar, eg klyp meg iarmen for at eg ikkje veit minutta, for dei minutta har blittviktigare enn alt anna. Og så kan eg ikkje spørje nokon,for ingen må vite.

Trygve døydde i Afghanistan. Vesle, redde Trygve. I kri-gen, med våpen og uniform. Eg har sett bildet, det somstod i alle aviser, der Trygve, Tarjei og Kristian står fram-for ein bil, i uniformene sine. Alle tre ser i kameraet, ogTrygve smiler med kvite tenner, og freknene gjer at han serenda yngre ut enn vanleg. Mamma og pappa hadde bil-det liggande på stuebordet i fleire veker, det gjekk igjen pånyheitene, stod øvst i hjørnet mens nokon sa nyheita – omdei tre norske gutane som døydde i Afghanistan. Og denufattelege tragedien som blei enda større av at dei var fråden same bygda. Heime. Eg skjønte aldri kvifor det varmeir tragisk, kvifor det var verre at dei alle var frå bygda.Som om det hadde vore betre for nokon ein annan stad åfå heim sonen, broren, kjærasten, vennen, i kiste.

Trygve kom heim i kiste, og eg hugsar ingenting. Eg hug-sar ikkje dagen, hugsar ikkje timane etterpå. Bare at eg var

34

T YPE-IT AS, 15.08.2011ORDRE: 23491

Page 6: Sider fra Alle vil hjem. Ingen vil tilbake 2korr

heilt kvit på innsida, at det var så tomt. Som om nokonhadde tømt meg for innvolar, for hjerne og tankar, og egvar eit skal som ikkje romma nokon ting. Alt i meg bleiforandra, og ingenting likevel, for ingen visste at Trygvesat fast i ryggmergen min og ikkje ville reise sjølv om hanvar død.

Eg hugsar gravferda, der alle hadde meir rett til å sørgjeenn meg. Der eg satt bakarst og ikkje eingong kunne sjåkista til Trygve. Julie las frå ei barnebok, for Tarjei somogså var død, som hadde fått bli med Trygve. Og Julie verkaså trygg, så roleg at alt eg hadde lyst til, var å fortelje alt,og at ho skulle seie til meg at det går bra. Ho skulle seieat ingenting var slik eg trudde.

Tidlegare den same dagen, tidleg på morgonen, hadde egmøtt Julie ved den store steinen, og eg var nær ved å for-telje henne alt. Eg hadde vakna tidleg, eller kanskje ikkjesove i det heile teke, måtte ut og hadde sprunge gjennomskogen, forbi hytta i trea der Trygve sat og vinka ned tilmeg, svinga utover mot dalen og opp til den store steinender eg kunne sjå utover bygda. Eg såg rett over mot husettil Trygve på andre sida av dalen, og eg kasta store steinarutover, før eg klatra opp på steinen og sette meg utan åvite kva eg skulle gjere. Så kom plutseleg Julie, og alt varså rart. For klokka var seks på morgonen, det var regn ilufta og tåke under oss i dalen, og Julie kom springandemed små ferske sår i ansiktet. Eg har nesten ikkje snakkamed Julie sidan me var ti år, sidan ho framleis var systerami.

Fram til me byrja saman i fyrste klasse på skulen stod egi timevis i vindauget og såg på at Julie og Tarjei leika påtunet deira, på låvebrua, i hagen, ved gjerdet, langs stienpå veg for å bade, i snøen, og eg ynskte meg så ei syster ateg til slutt innbilte meg at det var eg som leika med Julie.At det var eg som var broren hennar. Eg torde aldri å gå

35

T YPE-IT AS, 15.08.2011ORDRE: 23491

Page 7: Sider fra Alle vil hjem. Ingen vil tilbake 2korr

bort til dei og spørje om eg fekk vere med, og dei spurtealdri heller, dei hadde kvarandre. Men dei to fyrste åra påbarneskulen, da Tarjei framleis gjekk i barnehagen, gjekkJulie og eg saman til skulen kvar dag, hadde hemmelegeteikn gjennom vindauga heime og blinka tre gonger godnatt med lysa kvar kveld. Så byrja Tarjei på skulen, måtteta fylgje på vegen og øydela, og den vonde følelsen i magenda ho valde Tarjei, verkte i fleire år. Eg blir flau når eg ten-ker på det nå, men samtidig er det ein liten, barnsleg delav meg som framleis tenker at Julie eigentleg er mi syster.

Og ved den store steinen, same dag som Trygve skullened i jorda, stod Julie med våt T-skjorte, regndropar i håretog i augebryna, med små sår i ansiktet, og var plutseleg deneinaste som kunne redde meg. Men så fekk eg ikkje sagtnoko, som vanleg kunne eg ikkje snakke. Noko sette seg ihalsen og gjorde at stemma forsvann og kinna raudna, detstoppa alt eg ville seie. Eg hugsar ikkje kva ho sa, for deteinaste eg ville, var at ho skulle sette seg ned, halde rundtmeg og seie at alt kom til å bli bra. Men Julie reiste att,sprang tilbake i tåka, som ein alv, tenkte eg, og etterpå vardet som om eg hadde drøymt alt saman. Men i gravferdahadde Julie framleis små sår i ansiktet, og ho var framleisden einaste som kunne redde meg.

Heile året etter gravferda til Trygve gjekk utan at egmerka dagane og tida. Eg hugsar bare brotstykke, små situa-sjonar. Ein kveld i den gamle leikehytta til Trygve i treet,eg hugsar ikkje korleis eg kom meg dit, men eg sat bare oglukta og sovna med hovudet mot treet der Trygve haddesete. Pappa som sit på ein hoggestabbe i låven og græt. Einsamtale med psykologen mamma ordna, der han spør omulykka med Tarjei, Kristian og Trygve fekk meg til å tvilepå meg sjølv, min eigen verdi, og eg rista på hovudet, ogTrygve sa «hæ» frå ryggmergen. Det evige suget mot å sjågrava hans som gjorde at eg ei natt stod opp og sneik meg

36

T YPE-IT AS, 15.08.2011ORDRE: 23491

Page 8: Sider fra Alle vil hjem. Ingen vil tilbake 2korr

ut på kyrkjegarden, der alt var så lyst og eg måtte stå fleiremeter unna grava hans for å ikkje bli fanga av det oran-sje lyset, men eg såg likevel, og eg kasta ein liten stein pågrava hans bare for å ha vore litt nærare. Ein draum om ateg drap Trygve, der eg kvelte han med hendene mine, ogdet var så verkeleg at eg kjente halsmusklane hans strammeseg, kjente lukta av pusten hans, av frykta hans, og dereg vakna av at eg skreik og at mamma kom inn og villeskjønne, men ikkje skjønte nokon ting. Ein dag der Julieset noko på trappa vår, og eg står i vindauget og ser påhenne og trur framleis at ho kan redde meg, men ho ler littog vinkar og viser ikkje teikn til å forstå, og eg blir sint,orkar ikkje å sjå på henne.

Eg reiste frå bygda, frå blikka og stemmene, frå mammaog pappa, litt over eitt år etter at Trygve døde. Eitt år medkonstant vondt i magen, konstant dårleg samvit, konstantsint, konstant redd. Eg klamra meg til mamma i eitt år, detvar som eg var fire år igjen og gøymte meg bak beina hen-nar. Men ho skjønte ingenting, og eg ville ikkje seie noko.Eg låg stort sett på gjesterommet utan utsikt til anna ennveggen til Hallvard og Karin. Og Julie – som eg låg og sågetter heile dagane, ventande på noko eg ikkje visste kvavar, ventande på at ho skulle redde meg, ventande på at hoskulle sjå meg. Men Julie gjekk rundt i si eiga verd, framog tilbake over tunet, Solveig på armen, Solveig diltandeetter, svarte ringar under augo, slitne blikk mot fjella, motfjøset, mot huset, aldri mot meg.

Eg jobba litt hos Johan, men hata å måtte drive med alldriten, hata å måtte køyre den stinkande traktoren, og detvar alltid noko feil med eitt eller anna. Nei, i dag får vi velfikse traktoren, i dag får vi vel fikse fôrutleggaren, i dag fårvi vel fikse gjerdet. Eg ville ikkje fikse, men Johan meinteeg hadde teknisk talent og bad meg om å reparere alt mo-geleg til slutt. Han klappa meg alltid på skuldra når lysa

37

T YPE-IT AS, 15.08.2011ORDRE: 23491

Page 9: Sider fra Alle vil hjem. Ingen vil tilbake 2korr

kom på, når traktoren gjekk, når det dirra i det elektriskegjerdet. Fy faen, det er det villaste eg har sett. Du treng jobare å ta i det, du, sa han ofte. Eg såg i bakken. Gjekk heimatt og la meg.

Så reiste Julie. Eg stod i vindauget og såg på at ho pakkadet vesle flyttelasset inn i bilen. Like før ho reiste, sprangho over tunet, mot meg, såg rett på meg og smilte – ogeg snudde meg og gjekk. Som på refleks. Idet eg såg bilenhennar forsvinne, skjønte eg at eg hadde hatt denne einesjansen, denne eine augeblinken, dette vesle glimtet av tidtil å la Julie redde meg. Og eg snudde meg og gjekk, endadet einaste eg ville i heile verda, var at ho skulle skjønne,at ho skulle sjå meg i augo og seie at alt kom til å bli bra.

Utan Julie på tunet utanfor vindauget var eg bare megsjølv, aleine på gjesterommet. Pappa køyrte meg til slutttil byen, og det svei i magen av at ingen av oss kunne seienokon ting. For pappa, som sjølv hadde sagt at han villekøyre meg, satt med begge hendene på rattet, svelgde ogsvelgde dei orda som eg såg at han ville seie, og eg fekkheller ikkje sagt noko, for pappa kunne aldri forstå. Og hantrong ikkje heller, eg ville seie at han ikkje trong å prøveså hardt. Men alt var bare stille i to timar, og eg orkarikkje å tenke på når me sa ha det eingong. Stille. Pappasom svelgde. Eg kjem snart heim att, sa eg og skulle aldri,aldri heim att. Hadde sagt til han og mamma at eg skullebyrje på skulen att etter permisjonen som mamma haddeordna i fjor. Eg veit ikkje kva ho sa til skulen, kva ho gavdei som grunn. Ho må ha skjønt noko for å sende meg tilpsykolog. Eg høyrte henne snakke med han på telefonen,og lausrivne ord som matlyst, depresjon, fortvila, stille ogøl rakk opp til meg.

Eg skal byrje på skulen. Men fyrst må Trygve vekk, ogda kan eg ikkje bu heime i bygda, der han er overalt. Derhan er i alle eg møter, i alle eg ser, og der han har vore alle

38

T YPE-IT AS, 15.08.2011ORDRE: 23491

Page 10: Sider fra Alle vil hjem. Ingen vil tilbake 2korr

plassar eg går. Eg går i fotspora hans gjennom skogen ogpå vegen, eller tek på dørhandtaka der hendene hans harvore, klemt rundt, og eg måtte vekk for å få han vekk.

Nå er det altså oktober, og skulen har byrja, men eg harikkje. Eg ligg på sofaen med teppet over hovudet etter ateg har fått ho eg ikkje hugsar namnet på, ut av leilegheita,eg har augo opne og vil ikkje blunke, krøker meg saman såingen del av kroppen stikk utanfor teppet. Er ganske sik-ker på at ho som reiste og lurte på når ho såg meg igjen,heitte Cecilie, men det kan ha vore Celine eller Cathrineogså. Eg skjønner ikkje kvifor ho ville sjå meg igjen, kan-skje det var noko ho bare sa, noko ho seier til alle ho blirmed heim, slik at det ikkje skal bli så kleint når ho dreg.At ho eigentlig ikkje har nokon planar om å melde meg,om å sjå meg igjen.

Eg møtte henne rett etter at eg hadde sagt ha det til Lin-nea, som eg hadde vore med heim kvelden før, og som in-sisterte på å følgje meg heilt heim sjølv om eg sa nei. Eghadde eigentleg tenkt å komme meg på den brune, bort-gøymte puben på hjørnet der ingen såg rart på meg om egkom aleine, for å drikke meg opp igjen. Linnea kyssa megutanfor leilegheita mi, strauk meg over håret og ville sjåmeg att. Eg haldt på å brekke meg idet tunga hennar pressaseg mellom leppene mine. Sa ha det, venta til ho kom segrundt hjørnet, måtte ha øl nå for å skylje vekk den eklesmaken av henne i kjeften og sprang inn på puben. Drakktre øl på ti minutt og blei sint på meg sjølv att. Så kom detinn ei jente, spurte bartenderen etter vegen til Blå. Eg sågat ho ikkje høyrte svaret hans, for da hadde ho fått augepå meg. Ho var over gjennomsnittet fin, var ei sånn jentesom brørne til Trygve ville snudd seg etter. Ho festa blik-ket i meg, var sikkert litt full, for det lukta søtt av sprit avmunnen hennar idet ho presenterte seg, og eg orka ikkje åvere aleine, enda det var det einaste eg ville, aldri aleine,

39

T YPE-IT AS, 15.08.2011ORDRE: 23491

Page 11: Sider fra Alle vil hjem. Ingen vil tilbake 2korr

alltid ny jente, nytt forsøk, ny straff. Ho verka trygg påseg sjølv, ei slik jente som har rett til å vere der ho er, uan-sett kor det er. Eg bestilte meir øl og ein Jäger for å blikvitt sperra i halsen og avskyen i magen. Er det greitt fordeg om eg tek ein øl med deg, eller? spurte ho og sette seg.Ein vegg av parfyme slo mot meg, det regnar så jævlig ute,og eg har ikkje vassfast maskara på, fortsette ho og lo. Egnikka, tømte jägershoten, bestilte ein ny og hugsar ikkjemeir enn at ho på veg heim frå puben lo av alt det vesle egsa, og at ho kviskra ein gong i løpet av kvelden at eg varså mystisk, og at eg tenkte at det kan eg vere. Mystisk.

Nå skjelv eg under teppet, kjenner at alkoholen frå i gårherjar med nervane, og eg må sove. Sove bort denne dagen,så skal det bli betre i morgon, eg lovar for meg sjølv. Baresov nå, sov nå, ikkje tenke, ikkje sjå, ikkje drøyme, ikkje,ikkje, ikkje …

Eg bråvaknar av sirener på utsida av vindauget og ten-ker med eitt at dei har komme for å hente meg. Eg set megopp, det er mørkt i leilegheita, eg strekker meg for å skrupå lyset. Klokka er åtte, og eg har ikkje ete heile dagen.Går på kjøkkenet og finn ein Rett-i-koppen-boks med pastaog kjøtt som mamma kjøpte då ho var her og fylte oppskapa og kjøleskapet. Eg skjelv på hendene, sjekkar mobi-len mens eg et. Så har ho sendt melding, klem frå Carina,står det. Carina, da, altså. Ho lurer på om ho har gløymtVISA-kortet sitt hos meg. Eg sukkar. Finn på noko betre,tenker eg. Er det dialekten min som gjer at ho trur at eger dum? Ikkje ver så innbilsk, seier eg etter kvart til megsjølv og sjekkar nattbordet og golvet på soverommet. Hoer sikkert vant til å få hyggelegare svar, men eg orkar ikkjeå finne på anna enn ’nei’, og ’håpar du finn det’.

Det var ikkje dette du lova deg sjølv, seier tankane. Detvar ikkje slik du skulle vere. Neste gong, neste jente, tenker

40

T YPE-IT AS, 15.08.2011ORDRE: 23491

Page 12: Sider fra Alle vil hjem. Ingen vil tilbake 2korr

eg og opnar ein øl. Drikk store slurkar, eg orkar jo uan-sett ikkje ei som er dum. Eg sluttar å skjelve på hendene ogsender ei melding til Ulrik, som gjekk i klassa mi, og somer den einaste som sendte ei melding i fjor haust og lurtepå kor det blei av meg. Eg spør om han skal på quizen,for det er torsdag, ikkje onsdag, og da er det jo quiz og øl,det var i alle fall det i fjor. Eg sat alltid bare i eit hjørne ogvar stille. Sjølv om eg kunne mange av svara, var sperrai halsen og dei raude kinna aldri langt unna. Trygve fekkalt til å lausne, han gjorde alt varmt og trygt, og eg kunneprate. Men bare der, bare med han. Ingen andre fekk sjå,fekk høyre.

Ulrik skal på quiz. Vil eg vere med? Ja, eg vil vere med.For ølen har ein del av den same verknaden som Trygve.Litt trygt, litt varmt, litt enklare å prate. Litt enklare ågløyme. Og så lenge ein drikk med andre, er det ikkje far-leg. Det er når ein byrjar å drikke aleine, at det blir krøll,sa Ragnhild ein eller annan gong i fjor. Mamma ringtelegenabo Ragnhild fordi eg kasta opp og kasta opp, og detville ikkje ta slutt fordi det var Trygve som ikkje ville ut, ogRagnhild kom. Kasta eit lite blikk på ølflaskene ved sengaog spurte om eg drakk litt mykje for tida. Det er i så fallikkje så rart, sa ho og såg på meg, og eg skjønte ingen-ting. Men eg møtte blikket hennar og stirte det bort meddet harde blikket Trygve hadde vore så redd for. Du fårseie ifrå viss eg kan hjelpe deg med noko, sa Ragnhild, ogmamma sa at ho måtte gje meg noko for å slutte å kasteopp. Eg trur ikkje det er medisinar som hjelper best motdette, sa Ragnhild til mamma. Det går over etter kvart. Passpå å drikke mykje vatn, ikkje øl og ikkje røyk. Og et detdu kan, sjølv om det kjem opp att, sa ho og spurte til sluttom eg hadde mobilnummeret hennar. Eg nikka, sjølv omeg ikkje hadde det. Ville bare at ho skulle komme seg ut.

Eg opnar ein øl til, to øl aleine er ikkje farleg, og drikk i

41

T YPE-IT AS, 15.08.2011ORDRE: 23491

Page 13: Sider fra Alle vil hjem. Ingen vil tilbake 2korr

store slurkar. Vil ha den til å verke fort, så eg kan kommemeg ut av leilegheita, som framleis luktar av Carina. Eg gårinn på badet, kjenner meg litt lettare i hovudet. Burde ringemamma, men skal gjere det i morgon. Orkar ikkje å høyrestemma hennar nå, orkar ikkje å lengte heim og samtidigikkje. Høyre at ho er engsteleg og aleine. Eg møter mitteige blikk i spegelen, dreg handa gjennom håret, rettar påT-skjorta og dreg litt buksa. Så tek eg på meg skinnjakkaog dei svarte joggeskoa og går ut i oktoberkvelden medTrygve to meter bak meg som vanleg. Eg motstår trongentil å snu meg heilt til eg står i døra ved quizen og må kasteeit blikk over skuldra, men bit meg hardt i tunga somstraff.

Lokalet er mørkt med små bord og stolar spreidde utovergolvet og med sittebåsar langs kanten. Som eit fjøs, tenkereg. Det er folk overalt, og eg angrar på at eg kom, for egser ikkje Ulrik og dei andre, og nå blir eg ståande aleine, ogkanskje dei ser meg stå slik og søke etter dei med blikket,eg dreg fram mobilen og held den mot øyret. Smiler breitt.Nå kan eg sjå meg rundt, liksom litt distré, meir opptekenav den eg snakkar med. Eg får auge på Ulrik, han ser megikkje, og eg går mot bordet der han og dei andre sit menseg framleis snakkar til telefonen.

– Kult, men da snakkas me, seier eg like ved bordet, ogUlrik ser meg og smiler og nikkar. Eg hevar litt på auge-bryna for å helse og seier ha det og lèt som eg legg på.

– Hei. Slå deg ned, seier Ulrik og smiler. – Eg haldt avplass til deg, seier han og peiker på stolen ved sida av seg.

– Men gidd du å kjøpe eit par øl først, sidan du alt er påbeina, spør han.

Eg nikkar. Kremtar.– Ja, klart, seier eg og snur meg og går mot baren idet

Ulrik byrjar å grave etter pengar i lomma si, og eg lèt someg ikkje høyrer at han ropar etter meg. Mykje betre å bare

42

T YPE-IT AS, 15.08.2011ORDRE: 23491

Page 14: Sider fra Alle vil hjem. Ingen vil tilbake 2korr

spandere ein øl enn å måtte seie at eg er glad for å vereher, at eg er glad for at han svarte nå og sendte melding ifjor.

Det sit tre gutar og ei jente til rundt bordet. Ein av gu-tane og jenta har eg sett før, kanskje på skulen. Dei rekkerfram hendene for å helse når eg kjem tilbake med ølen, eger våt på handa, tørker meg fort på buksa. Jenta ler litt.

– Håpar det bare er øl du tørkar av, ler ho og presente-rer seg som Silje. Eg vil seie noko morosamt tilbake, menmå få i meg meir øl før sperra i halsen er borte. Så eg baresmiler og nikker, ser henne ikkje i augo. Mumlar namnetmitt.

– Er det sant? Heiter du Sigurd? nesten ropar ho.Eg blir nervøs. Hatar namnet mitt. Gammalmannsnamn,

ein som høyrer heime i ei gammal hytte med kaffi på skåla,luktande av sukkerbit under leppa og gammal sveitte.

– Det heiter jo han også, seier ho og peiker på guten somsit ved sida av henne, ho smiler ivrig og forventningsfullttil meg.

Eg veit ikkje kva eg skal seie, sveittar i nakken, alle serpå meg. Namnebroren min reddar meg.

– Heilt vilt, tenk at me begge heiter Sigurd, seier han ogser på Silje og smiler litt ertande. – Hei, seier han og rek-ker fram handa til meg.

– Sigurd, seier eg utan å tenke meg om idet eg tek handahans.

Alle ler, trur at eg tullar, og eg må le, eg også. På ordent-leg.

Eg har ikkje ledd ordentleg på uendeleg lenge. Det kjen-nes godt, trygt, og eg ler høgare og høgare heilt til det bareer eg som ler, og det blir dumt, for dei trur jo det er mineigen vits eg ler så høgt av. Eg må slutte å le, men klarer detikkje, det er som om magen har hengt seg opp og ler av segsjølv. Eg knip igjen leppene for å stoppe pusten, kutte av

43

T YPE-IT AS, 15.08.2011ORDRE: 23491

Page 15: Sider fra Alle vil hjem. Ingen vil tilbake 2korr

latterstraumen, men må gispe etter luft. Dei andre byrjarå fikle litt med quizarket og sjå seg litt rundt. Eg blir stå-ande, må skjerpe meg. Kjenner at eg er blodraud og varmi ansiktet idet eg fiskar opp mobilen igjen, lèt som det rin-ger. Det er så bråkete i lokalet at ingen høyrer at det ikkjeringer. Eg nikkar med telefonen mot dei andre, Ulrik nik-kar, og eg går fort forbi borda og baren, ut i gangen og uti kvelden. Lener meg mot murveggen utanfor og slår ho-vudet hardt bakover, kjenner det ikkje, prøver igjen. Slårbakhovudet rett inn kanten på ein murstein, og det byrjarå verke. Faen ta deg, seier tankane. Om att og om att. Såringer faktisk telefonen eg held mot øyret, eg har glømt åskru den på lydlaus og eg ser meg fort rundt for å sjå omnokon ser meg. Ingen er der. Det er Ragnhild som ringer,og eg blir kald innvending. Korleis kan ho ringe akkuratnå?

Trur du på skjebnen? spurte Trygve ein kveld i hytta. Mesatt tett inntil kvarandre med hendene rundt knea, over-arm mot overarm, legg mot legg, varme mot varme. Nei,sa eg. Så du trur ikkje at det var skjebnen som gjorde atme blei kjent? spurte Trygve. Nei, eg trur det var det atdu forfølgde meg i ei evigheit og klengte så jævlig at eg tilslutt gav opp, sa eg. Eg tulla, men Trygve blei stille. Egtulla, sa eg og dulta litt borti han med heile kroppen. Egtrur ikkje på overnaturlege ting, ingenting av det, sa eg forå svare alvorleg på spørsmålet hans, for å rette opp igjenfeilen. Trygve beit seg i leppa. Eg trur på intuisjon, sa hanog kasta eit blikk på meg for å sjå om eg forstod ordet. Egmåtte le litt. Eg veit kva intuisjon er, Trygve, sa eg og dultatil han igjen. Han lo litt sjølv. Du er jo bare ein bonde-knøl, sa han. Men seriøst, eg trur at folk som er veldig nærkvarandre, kan kjenne på seg om det er noko, sjølv om deier langt frå kvarandre. Han tok ein pause. Så viss du varlangt borte, så kunne eg kjenne det på meg viss du hadde

44

T YPE-IT AS, 15.08.2011ORDRE: 23491

Page 16: Sider fra Alle vil hjem. Ingen vil tilbake 2korr

det veldig vondt, sa han litt lågare og torde ikkje sjå påmeg.

Den morgonen Trygve blei drepen av ei bombe på einveg 4651 kilometer unna meg, bråvakna eg av ei frykt såoverveldande at eg trudde eg skulle svime av. Eg skalv ogfraus, var sikker på at eg hadde feber, men kunne ikkjefinne kva eg var så redd for. Huda nuppa seg, lungene bleitunge, noko knytte seg i halsen. Så ringte telefonen.

Ingen visste kva slags forhold eg hadde til Trygve. Ås-mund, ein fjern kamerat frå barneskulen, som framleis buri bygda og aldri har reist, visste ikkje kven han faktiskringte da han ringte meg den morgonen. Med dårleg skjultiver over å vere den fyrste til å fortelje det til nokon, ramladet ut ord etter ord frå den stygge munnen hans gjennomtelefonrøyret. Kva bryr det meg, kvifor ringer du meg ogfortel dette? sa eg med ukjent stemme inn i mobilen til sist,og Åsmund blei stille, og eg la på og alt blei borte.

Ragnhild er ikkje nær meg. Ho er ikkje nær nokon, såvidt eg har skjønt, og ho kan ikkje kjenne på seg at eg stårutanfor ein utestad i Oslo og slår hovudet hardt mot mur-steinen bak meg. Men idet eg ser namnet hennar på mo-bilskjermen er det som om ho veit alt likevel. Eg vurdererein augeblink å ta den, men slår det fort frå meg. Skrurmobilen på lydlaus og lar Ragnhild blinke i uvissa. Mel-ding om beskjed på telefonsvararen kjem to minutt etter.Eg ringer fort og nervøst.

– Hei, Sigurd, dette er Ragnhild. Eg kom bare til å tenkepå deg, og lurte på korleis du hadde det. Og så lurte eg påom du kunne gjere meg ei stor teneste. Eg har ei søster i Oslosom gjerne vil sende meg ei pakke med noko porselen inni.Og ho er så veldig nervøs for å sende den i posten, da, veitdu. Så om du kanskje kunne teke med deg den neste gongdu skal heim? Du treng ikkje ringe opp att, eg prøver igjenseinare, eg. Ha det, da, Sigurd, seier Ragnhilds stemme på

45

T YPE-IT AS, 15.08.2011ORDRE: 23491

Page 17: Sider fra Alle vil hjem. Ingen vil tilbake 2korr

telefonsvararen, og eg blir litt forvirra. Men ho har dregemeg ut av knuse-hovudet-mot-murveggen-prosjektet, og egkjenner meg litt betre. Løftar telefonen til øyret og går innigjen til dei andre.

– Da seier me det, seier eg. – Ringer deg i morgon, eg,så planlegg me nærare da, seier eg til mobilen min og setmeg ned på plassen Ulrik har teke av.

– Voldsomt så populær du er i dag, da, seier Ulrik til meg.Eg smiler.– Er hovudstaden i Afghanistan Kabul eller Islamabad,

spør Ulrik, og eg blir kald i magen att. Han nikkar motarket. Quizen har begynt.

Eg trekker på skuldrene.– Men er ikkje du frå bygda der alle dei soldatane som

døydde var frå? spør Silje, og eg registrerer bare så vidt atUlrik sparkar henne i leggen under bordet, for det pip sliki øyrene.

– Kabul, høyrer eg meg sjølv seie med tjukk stemme forå få slutt på stiringa.

Ulrik klappar meg på skuldra og skriv det ned på arket,så kjem neste spørsmål, og eg ser Trygve i alle ansikt i heilelokalet, og eg hatar kvar enkelt av dei.

Eg vaknar av at håret til Silje kilar meg i nasen. Ho liggheilt inntil meg med nasen ned mot skuldra mi og har kastapå hovudet så håret hennar dekker ansiktet mitt. Ho liggmed armen rundt magen min, det er sveitt og klamt derhuda hennar klistrar seg til mi. Eg ligg med armane i korsover brystet og burde naturleg ha hatt armen under hovu-det hennar, halde rundt henne. Men i søvne har eg knyttarmane så hardt rundt meg sjølv at det er vondt å løyse pådei. Eg prøver å ikkje vekke henne idet eg smett unna. Deter eit raudt merke på magen min der armen hennar har lege.Eg gnir litt på det for å få det bort. Silje snur seg, søv vi-

46

T YPE-IT AS, 15.08.2011ORDRE: 23491

Page 18: Sider fra Alle vil hjem. Ingen vil tilbake 2korr

dare, tung pust. Eg senkar skuldrene, står opp, blir ståandemidt i rommet og sjå på henne sove. Ho har raudleg hår,nesten brunt, som dekker heile puta, eit ansikt som liknarpå ei dokke. Ho er framleis brun etter sommaren og harskilje på nakken etter bikinien. Ho er kanskje den finastejenta eg har sett. Ho er den finaste jenta du har sett, rettareg meg sjølv. Men eg klarer ikkje å få med meg kroppen,kjenslene. Eg kjenner det ikkje med heile kroppen. Det egkjenner med heile kroppen, er kvalme og ein trong til å fåhenne vekk og ut. Som alle andre. Skjerp deg, hald ut tiletter frukost. Det er målet. Dersom du held ut til etter fru-kost, er det håp. Eg går i dusjen, klorer meg rein. Ho ervaken når eg kjem inn att. Smiler litt til meg.

– Hei, seier ho.– Hei, seier eg.Ta deg saman, skjerp deg.– Vil du ha frukost? spør eg.– Hæ?– Frukost, seier eg med vekt på kvar staving. Ho skjøn-

ner ikkje dialekten.– Åja, sorry. Ja takk, gjerne, seier ho og blir litt flau.Eg går på kjøkkenet og har sjølvsagt ikkje frukost. Eg

har ikkje brød eingong. Nå blir det kleint.– Eg tenkte, kanskje me kan ete ute? Eg veit om ein bra

stad med skikkeleg amerikansk frukost. Pannekaker oggreier, seier Silje når ho kjem inn på kjøkkenet og ser megsitte og sjå ut vindauget.

Eg nikkar, sperra i halsen, eg må ha ein øl eller nokodersom eg skal halde ut heile formiddagen.

– Eg kjem snart, seier eg og lèt som eg har gløymt nokoidet me går ut av leilegheita. Spurtar inn på kjøkkenet ogheller i meg tre slurkar sprit frå ei vodkaflaske som står iskapet. Ikkje meir. Bare for å kunne snakke. Så tek eg eintyggegummi og rullar den rundt i munnen. Tenker at dette

47

T YPE-IT AS, 15.08.2011ORDRE: 23491

Page 19: Sider fra Alle vil hjem. Ingen vil tilbake 2korr

er på grensa, men samtidig er det for ei god sak. Dennejenta, dette er verkeleg. Nå skal eg få det til.

– Sorry viss eg var litt ufølsam i går, seier Silje med mati munnen.

– Hæ, seier eg, angrar, da må ho seie det på nytt, eg veitjo kva ho meiner.

– Det med dei som døydde frå bygda di og sånn … Kjentedu dei godt eller? spør ho, framleis med pannekaker i mun-nen.

– Nei da. Eigentleg ikkje i det heile teke. Dei var to åryngre enn meg alle saman, seier eg og strekker litt på meg.Ser meg rundt.

– Likevel, da …Ho ser på meg, tygg, tygg deg i tunga, tenker eg.– Ja da, seier eg. Er fanga. Eg kan ikkje gå på do, for da

skjønner ho at det er noko som er feil. Men eg kan ikkjeseie noko meir heller, for da veit eg ikkje kva som vil skje,har aldri prata om det med nokon, veit ikkje kva eg kjemtil å seie.

– Det er lenge sidan nå, da, seier eg.Silje ser på meg. Det var tydelegvis rart å seie. Kan ho

ikkje bare gje seg?– Var det ikkje i fjor, da, seier ho, tek ein bit av panne-

kaka samtidig.– Jo da. Eg meinte bare at det er litt meir på avstand for

alle nå, seier eg og tenker på bygda, og det stikk i magen,for eg ser for meg mamma og pappa.

– Hm. Eg veit ikkje eingong kva eg meiner om krigen,eg … er ikkje så politisk av meg. Men slike ting får ein jotil å tenke, seier Silje.

Vil ho diskutere politikk nå? Eg har ikkje tenkt på deteingong, skjønner ingenting av det. Dette er ikkje politikk,sa Ragnhild på eittårsdagen for ulykka, da ho la ned blo-mar på kyrkjegarden. Eg veit ikkje, eg veit bare at uansett

48

T YPE-IT AS, 15.08.2011ORDRE: 23491

Page 20: Sider fra Alle vil hjem. Ingen vil tilbake 2korr

så er det mi skuld at Trygve er død, og Silje vil faen ikkjegje seg.

– Ja, ein byrjar jo å tenke, seier eg.Kva kan eg seie som ikkje blir ufølsamt og rart for å byte

samtaleemne?– Var det godt? spør eg og nikkar mot pannekakene

hennar. Bit meg litt i leppa.– Dritgodt, var så svolten, eg nå. Blir alltid det dagen

derpå, seier ho.Eg ler litt.– Eg er så fyllesjuk, eg, seier eg, pirkar litt i baconet mitt.

Er ikkje svolten i det heile teke, bare kvalm og desperatetter å komme meg unna.

– Dialekten din er så utruleg fin, seier Silje.Eg blir overraska.– Synes du?– Ja, herregud. Du syng jo når du snakkar, seier ho og

prøvar å etterlikne meg.Eg må le litt. Kanskje eg klarer litt til likevel.– Takk, seier eg. Det blir litt lettare å puste, sjølv om

Trygve går forbi vindauget minst hundre gonger på dentimen me sit der.

T YPE-IT AS, 15.08.2011ORDRE: 23491