44
program for Oslo MDG 2019-23

MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

  • Upload
    others

  • View
    2

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

program for Oslo MDG

2019-23

Page 2: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

INNLEIING «Tenk nytt – stem grønt!» var slagordet til Miljøpartiet Dei Grøne i 2015, då vi fekk vårt store gjennombrot i Oslo-politikken. Fire år med ei hand på rattet har vist kva som er mogleg å få til med eit nytenkande grønt parti i førarsetet. Oslo har blitt betre. Historia om Oslo med Miljøpartiet Dei Grøne i førarsetet er usedvanleg. Det er historia om eit lite parti som hamna på vippen, brukte makta til å få handa på rattet og endra kursen så Oslo fekk ein politikk i tråd med Parisavtalen. Stadig fleire parti kjempar om å vere grøne og ta miljøutfordringar på alvor. Det er bra – det har miljøet og naturen absolutt godt av. Det kjem sjølvsagt av at det blir stadig klårare at det hastar å handle, at vi treng byane til å gå føre når regjeringane i verda heng etter og ikkje vågar å gjere det som skal til for å sikre framleis godt liv for framtidige generasjonar. Men det kjem også av at Miljøpartiet Dei Grøne har sett klima og miljø høgt på dagsordenen og flytta debatten. Mykje står på spel i dette valet. Skal den positive utviklinga i Oslo halde fram med politikarar som vågar å tenke nytt, treng vi di stemme. Vi lovar å gje deg god valuta for ho. Med di stemme skal vi halde fram med å hale og dra i dei andre partia. Vi skal halde fram med å flytte debatten. Og vi skal halde fram med å ha handa på rattet.Å gjere Oslo meir berekraftig handlar ikkje berre om kutt i klimagassutslepp. Vi vil gjere det som skal til for å få eit Oslo som er bra for både menneske, økonomien og miljøet. Programmet vårt er inspirert av FNs 17 berekraftsmål. Vi har laga 17 Oslo-mål. Dette gjev ein ny og konstruktiv tilnærming til Oslo-politikken.Vi skal skape ein by der vi lever eit godt liv som ikkje øydelegg for andre. Ein by med levande nabolag, der færre er einsame og vi har meir tid til venner og familie. Der ungane kan leike trygt ute og gå og sykle til skolen med frisk luft i lungene. Ein by der vi framleis kan gå tur i vill natur i Oslomarka, bade i elver og hamnebasseng og fiske i fjorden. Ein by som tek sin del av ansvaret for ei verd der færre blir drivne på flukt, der vi reduserer klimagassutsleppa og sikrar sunne økosystem slik at også dei som kjem etter oss, kan få eit godt liv.Oslo skal bli verdas beste by for menneske og miljø.

2

Page 3: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

VÅRE KJERNESAKER 2019–2023 • Oslo skal vere ein nullutsleppsby i 2030, utan helsefarleg luft. Byen skal

styrast etter eit klimabudsjett med konkrete og forpliktande tiltak for å nå målet.

• Vi skal skape verdas beste fotgjengarby. Vi vil auke talet på kollektivavgangar og redusere prisane og bygge 100 km med ny sykkelveg i løpet av perioden.

• Markagrensa ligg fast. Naturen og det biologiske mangfaldet i Oslomarka, Oslofjorden og grøntområda i byane skal ikkje berre bevarast, men gjenopprettast og styrkast.

• Byutviklinga skal skje på innbyggarane sine premisser, ikkje utbyggarane sine. Vi vil ha sterk kommunal styring og god innbyggarmedverknad og støtte opp om lokale initiativ.

• Oslo skal etablere ein tredje bustadsektor, eit tilbod med rimelegare bustader og alternative buformer over heile byen.

• Leiken skal tilbake i første klasse, og vi vil gå imot heildagsskolen. Grunnskolen skal ha mindre testing, mindre lekser og meir aktivitet og kreativ læring.  

• Vi skal redusere reklametrykket i byen for å avgrense skjønnheits- og forbrukspress, og innføre reklamefrie soner rundt barnehagar og skolar.

• Oslo skal vere ein mangfaldig kulturhovudstad, med fleire og betre kulturtilbod over heile byen.

•Vi skal legge til rette for eit berekraftig, sunt og dyrevennleg forbruk, med kommunen som pådrivar.

•Vi skal legge til rette for bedrifter og gründerar som fremjar det grøne skiftet.

3

Page 4: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

17 BEREKRAFTSMÅL FOR OSLO

Oslomål 1: Redusere skilnader og kjempe mot fattigdom 5

Oslomål 2: Sunn og berekraftig mat 7

Oslomål 3: God helse og livskvalitet for alle 9

Oslomål 4: Ein god skole og kreativ oppvekst 11

Oslomål 5: Fridom og like rettar for alle 15

Oslomål 6: Meiningsfull fritid og mangfaldig kulturliv 17

Oslomål 7: Grøn og trygg transport for alle 20

Oslomål 8: Anstendig og berekraftig arbeidsliv 25

Oslomål 9: Innovativt næringsliv og solid infrastruktur 26

Oslomål 10: Levande nærmiljø og gode nabolag 29

Oslomål 11: Berekraftig forbruk og sirkulær økonomi 33

Oslomål 12: Ein klimarekneskap som går i pluss 35

Oslomål 13: Reint vatn og rein fjord 38

Oslomål 14: Respekt for dyr og natur 39

Oslomål 15: Naturen som kjelde til livskvalitet 41

Oslomål 16: Ein ny politisk kultur 43

Oslomål 17: Den beste byen for verda 44

4

Page 5: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Oslomål 1: Redusere skilnader og kjempe mot fattigdom Oslo er ein fantastisk by å bu i for dei aller fleste – men ikkje alle har dei same moglegheitene til eit godt liv. Oslo har dei største skilnadene i landet, og vi har område med mykje barnefattigdom. Det er vårt felles ansvar å sørgje for at alle Oslo-buarar har moglegheit til å leve eit godt liv, uavhengig av kvar dei har vakse opp, og kven som er foreldra deira.

Utprøving av borgarløn Ei sikra grunninntekt som borgarlønn fjernar økonomisk utryggleik og bidreg til betre helse. Med borgarløn kan tid og krefter som før blei brukte til å ligge vaken om nettene og lure på korleis ein skal betale husleiga, brukast til å betre eigen livssituasjon. Grunninntekta skal erstatte andre offentlege ytingar som blant anna dagpengar og arbeidsavklaringspengar. Vi vil ta initiativ overfor staten til å prøve ut borgarlønn i to bydelar i samarbeid med eit forskingsmiljø og NAV.  

Gje fleire grupper moglegheit til inntekt Vi vil jobbe for fleire arbeidsplassar for ungdom og andre som har falle utanfor arbeidslivet. Både kommunen og privat næringsliv må bidra til å få på plass lærlingplassar. Vi vil opprette støtteordningar for små og mellomstore bedrifter som ønskjer å inkludere nye arbeidstakarar. Vi vil utvide ordningane for sommarjobb til unge i bydelane og jobbe med lokalt næringsliv, burettslag og sameige for å få til «jobb for 1000», eit tiltak der lokal ungdom kan gjere nyttige småjobbar og tene litt pengar på dette.

Målretta innsats i utsette område Det er eit felles ansvar å sørgje for at alle i Oslo har dei same moglegheitene, uansett kvar i byen dei bur. Derfor vil vi føre vidare ein offensiv områdepolitikk i Oslo der kommunen går inn i utsette område og gjer ein særleg innsats for å løfte bu- og nærmiljøet. Områdeløfta skal vere faktabaserte, tilpassa dei spesifikke utfordringane i kvart område med involvering frå innbyggarane.  

Alle skal ha tilgang til aktivitetsskole og barnehage Manglande tilgang til barnehage og aktivitetsskole reproduserer skilnader. Innføringa av gratis kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer flest mogleg, framfor behovsprøving. I neste periode meiner vi at reduksjon i pris for barnehagen for alle familiar bør prioriterast, spesielt for dei eldre barna.

Kompetanse om informasjonssamfunnet Det er eit demokratisk problem at berre ein del av befolkninga har kompetanse om informasjonssamfunnet. Vi vil derfor at Oslo kommune støttar opp under tiltak som "La kidsa kode" og tilsvarande, også for den vaksne befolkninga.

Rimelege fritidsaktivitetar for barn og unge Den organiserte idretten inkluderer mange, likevel er for mange sette på sidelinja. Alle skal gjevast moglegheit til ein aktiv fritidsaktivitet, uavhengig av familieøkonomi eller bustad. Dette må sikrast på fleire måtar, både ved lik moglegheit til deltaking i byens idrettslag og ved at det finst fullgode alternativ til den organiserte idretten. Vi ønskjer å legge eit øvre tak på kostnadene for å delta i fritidsaktivitetar i byen, slik at alle får moglegheit til å vere med.

5

Page 6: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Ein tredje bustadsektor som gjev rimelegare bustader Oslo skal ha rom for alle – uansett lommebok. Dette får vi ikkje ved å berre auke takten på den kommersielle bustadbygginga, men ved å satse målretta på dei gruppene som treng det mest. Derfor vil vi etablere ein tredje bustadsektor i Oslo som kan supplere og skape ei motvekt til den stadig meir ekskluderande ordinære bustadmarknaden. Det må bli meir attraktivt både for kommersielle og ideelle aktørar å satse på modellar for rimelegare bustader over heile byen. Kommunen skal ha ei open og utprøvande tilnærming, med forskjellege pilotprosjekt for å finne ein modell tilpassa norske forhold. For eksempel vil vi ha forsøk med at 20 prosent av bustadene i nye utbyggingsprosjekt har redusert pris, og utleigebustader organisert i ikkje-kommersielle selskap med støtte frå kommunen, slik allmennbustad+ fungerer i København.

Ein tredje bustadsektor med rom for dei som vil bu annleis Bustadbygginga i Oslo er i dag dominert av ei handfull store utbyggarar og lite variasjon. Derfor vil vi støtte opp om initiativ til fleire bufellesskap og ikkje-kommersielle bustadbyggelag, slik vi har sett med forslag til kunstnarbustader i Hovinbyen og Ormsundveien Økogrend. Oslo treng at det blir utvikla andre og meir fleksible buformer enn i dag, med fleire bustader som er tilpassa alternative buformer, som kollektiv og generasjonsbustader. Vi vil feste bort kommunale tomter til gunstige vilkår for ikkje-kommersielle bustadstiftingar, og utarbeide ein finansieringsmodell for investering i eigen bustad med eigeninnsats. Ved å skape frisoner i reguleringsplanar kan vi skape fleire innovative sjølvbyggarprosjekt.

Mindre forskjellsbehandling på bustadmarknaden Mange låginntektsfamiliar opplever diskriminering på leigemarknaden. Blant mange utleigarar er det liten aksept for NAV-garanti som erstatning for depositum. Dette legg forholda til rette for at andre utleigarar kan spekulere i å setje ekstra høg leigepris for bustader der NAV-garanti blir akseptert. Vi vil ta initiativ til strengare tilsyn med den private utleigemarknaden og greie ut tiltak i dialog med Leigebuarforeininga og andre relevante aktørar.

Framleis moderat eigedomsskatt Innføringa av ein moderat eigedomsskatt har gjeve handlingsrom for viktige tiltak for å redusere skilnadene i byen. Eigedomsskatten kan vere eit nødvendig og effektivt tiltak. Forseinking i likningsverdien gjer at eigedomsskatten kan gå opp same år som bustadprisane går ned, derfor må ein halde fram å vurdere storleiken på botnfrådraget basert på prisutviklinga, og justere om nødvendig.

Fleire offentlege drikkefontener og toalett Alle som oppheld seg i Oslo, skal ha enkel tilgang til drikkevatn og toalett utan å måtte kjøpe noko samtidig. Vi vil ha fleire offentleg tilgjengelege vassfontener med gratis vatn. For å sikre tilstrekkelege og likeverdige toalettforhold for alle må vi også ha langt fleire lett tilgjengelege toalett rundt omkring i byen, på øyene og ved utfartsstader.

FNs berekraftsmål 1: Utrydde alle former for fattigdom i heile verda For å motarbeide fattigdom må den økonomiske veksten vere inkluderande og fordelast jamnare blant land og i befolkningar. Veksten må skape berekraftige jobbar og gje like moglegheiter for alle.

6

Page 7: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Oslomål 2: Sunn og berekraftig mat Oslo har eit yrande restaurantliv og eit stigande omdømme som gourmetdestinasjon. Samtidig opplever barnehagebarn og eldre å få servert uappetittleg og usunn mat. Produksjon av kjøt og animalske produkt er blant dei største bidragsytarane til klimaendringar, miljøøydelegging og tap av biologisk mangfald. Ved å endre måten vi forbrukar mat på, og redusere matsvinn, kan vi sikre betre folkehelse og betre dyrevelferd samtidig som vi reduserer fotavtrykket vårt.

Sunnare mat for betre folkehelse I 2017 åt nordmenn i gjennomsnitt omtrent dobbelt så mye raudt kjøt som Helsedirektoratet tilrår, og ny kunnskap tyder på at kjøtforbruket av både helse- og miljømessige årsaker bør ytterlegare ned. Høgt kjøtforbruk er eit problem for folkehelsa, dyrevelferda og klimaet. Derfor vil vi setje eit mål om å halvere kjøtforbruket i Oslo i løpet av neste bystyreperiode. Målet er eit forbruk innanfor jorda si toleevne.

Kommune og stat som pådrivar for sunnare mat For å legge til rette for eit berekraftig kosthald vil vi gå breitt til verks der kommunen har verkemiddel, og blant anna bruke kommunen si innkjøpsmakt, fremje plantebasert kosthald i barnehagar og skolar og halvere kjøtbruken. Vi vil sikre at det som minimum alltid er eitt velsmakande og fullverdig vegansk alternativ i kommunen sine kantiner og institusjonar, og avgrense reklame for kjøt og usunn mat på kommunale flater. Mattilbodet til eldre skal vere basert på den maten dei sjølv set pris på. Vi vil sikre at maten på sjukeheimar og eldresenter blir laga på institusjonane sine eigne kjøken, eller ein annan stad i nærmiljøet, framfor å bli transportert langveges ifrå. Ein føresetnad for å nå målet er eit tett samarbeid med statlege myndigheiter for å få fleire nasjonale tiltak, og vi vil blant anna jobbe for å fjerne moms på frukt og grønt, og avvikle dagens finansiering av opplysningskontora for animalske produkt.

Halvere matsvinnet Det er eit paradoks at vi lever i ei verd der mange svelt samtidig som det blir kasta meir mat enn nokon gong. Vi vil støtte aktørar som fordeler mat som elles ville blitt kasta, og støtte etablering av fleire folkekjøken der folk kan gå saman om å lage gode måltid av restemat. Matsvinnet i Oslo kommune sine eigne verksemder skal halverast innan 2030, og vi skal samarbeide med befolkninga, næringsliv og frivilligheita om å redusere matsvinn og sørgje for god bruk av overskotsmat.

Meir urbant landbruk Med urbant landbruk blir gode sosiale møteplassar skapte rundt omkring i byen, og dei bidreg til gode nabolag og integrering. Å dyrke mat midt i byen blir stadig meir populært, og det er lange ventelister på koloni- og parsellhagar. Mange bakgardar kan forvandlast til flotte grøne oasar der naboar møtest og deler opplevingar saman. Vi vil ha fleire parsell- og skolehagar, kjøkenhagar og kolonihagar, og vi vil støtte lokale initiativ til grøne møteplassar og matglede. Den grøne ringen i Hovinbyen, som blir den nye store grøntstrukturen i området, skal utviklast med ville nyttevekstar og innehalde tilbod om parsellhagar og skolehage for nærmiljøa langs ringen.

7

Page 8: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Stans byspreiinga Den pågåande byspreiinga er ein alvorleg trussel mot dyrka mark og natur rundt byar og tettstader. Vi ønskjer å legge til rette for at meir av befolkningsveksten i hovudstadsområdet skal komme i Oslo der det ikkje skjer på kostnad av matjord. Oslo og byane i Viken må vekse innover og oppover, ikkje utover. Vi ønskjer derfor at regional plan for areal og transport i Oslo og Akershus skal gjerast gjeldande for heile Viken, slik at vi sparer attverande dyrka mark rundt hovudstaden og samtidig bidreg til kompakte byar som er mindre bilavhengige. Den grøne transportmiksen er langt høgare i Oslo enn i resten av landet, og fleire busette i hovudstaden betyr at fleire kan bu og reise miljøvennleg.

Styrke det lokale landbruket Oslo er omringa av Noregs beste matjord, og byen vår bør vere eit naturleg førsteval som marknad for lokale bønder. All dyrka mark i Oslo skal vernast mot utbygging, og vi vil legge til rette for fleire arenaer der lokalprodusert mat kan komme Oslo si befolkning til gode. Vi vil styrke det tradisjonelle landbruket i nærområdet ved å satse på bønder både i Oslo og i Viken.

FNs berekraftsmål 2: Utrydde svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring og fremje berekraftig landbruk Det er på tide å tenke nytt om måten vi dyrkar, fordeler og brukar maten vår på. Dersom vi gjer det på riktig måte, kan jordbruk, skog og fisk sørgje for næringsrik mat til alle og samtidig vere ei viktig inntektskjelde for mange.

8

Page 9: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Oslomål 3: God helse og livskvalitet for alle God helse handlar om meir enn fråvær av sjukdom. Først og fremst handlar det om å meistre kvardagen i ulike livsfasar, gjennom sjukdom og utfordringar. For å få til dette må vi legge større vekt på førebygging og tilrettelegging, hjelp og støtte i trygge, føreseielege omgjevnader.

Aldri meir helsefarleg luft i Oslo Alle skal kunne puste rein og trygg luft. Privatbilen er den største kjelda til luftforureining, og tiår med bilbasert byutvikling har ført til at Oslo kommune blei dømd for dårleg luftkvalitet av ESA i 2015. I dag har mange av områda med dårlegast og helsefarleg luft også høgast barnefattigdom. Trafikktryggleiken, helsa og livskvaliteten til befolkninga og berekrafta til planeten må vege tyngre enn fridom for bilistar. Det viktigaste tiltaket er å halde fram med å prioritere gåing, sykkel og kollektivtransport. Vi vil også innføre miljøfartsgrense på fleire vegar og auke stønaden til reintbrennande omnar. Vi vil gå imot at det blir planlagt med følsam arealbruk som bustader, barnehagar og institusjonar i område der luftkvaliteten framleis ikkje er nede på eit trygt nivå, jf. kriteria frå helsemyndigheitene.

Seniorhus framfor sjukeheimar Det bør ikkje vere eit politisk mål å ha ei viss mengd sjukeheimsplassar, men derimot at dei med behov kan få sjukeheimsplass når dei treng det. Dei som ikkje treng sjukeheimsplass, skal kunne få bu heime eller i tilrettelagde bustader i trygge, heimevande rammer med god hjelp. Rehabilitering skal skje i rehabiliteringseiningar og ikkje på sjukeheimar. For å dekke behova på omsorgsnivåa som ligg under sjukeheimsplass, trengst det fleire omsorgsbustader og seniorhus med helseteknologi. Fleire nye bustader for eldre bør samlokaliserast med andre buformer og grupper, som eksempelvis studentar og barnefamiliar. Desse butilboda bør ha differensiert husleige, slik at einslege eldre med låg pensjon, som ikkje kvalifiserer til bustønad, kan klare seg betre økonomisk i kvardagen.

Helsetilbod av høg kvalitet Helsetilbod skal halde same høge standard i alle bydelar for å sikre lik kvalitet over heile byen. Bydelane må tilby faste team for kvar brukar for å auke tryggleiken og kontinuiteten i heimetenesta. Vi er for valfridom innan både heimeteneste og brukarstyrt personleg assistanse, og opne for både kommunale, ideelle og private leverandørar. Vi skal styrke samarbeidet med frivillige organisasjonar som jobbar med helseførebyggande og helsefremjande tiltak på tvers av ulike alders- og befolkningsgrupper. Tilstrekkeleg sjukehusdekning er ein føresetnad for at innbyggarane skal kunne få eit tilstrekkeleg helsetilbod. Vi vil sikre forsvarleg sjukehusdekning til innbyggarane i Oslo og er bekymra for sjukehuskapasiteten dersom Ullevål blir lagt ned. Vi går imot bygging av gigantsjukehus på Gaustad, som kjem i konflikt med natur og kulturminnevern. Vi vil heller bygge ut Aker sjukehus og gjere ei fullstendig utgreiing om framleis drift og vidare utbygging av Ullevål sjukehus før ein tek avgjerda om vidare sjukehusutbygging i Oslo.

Skeive seniorar skal ikkje diskriminerast Blant byens aldrande befolkning ber mange på minne om diskriminering i møte med helsevesenet. Mange skeive er bekymra for korleis dei vil bli møtte når dei etter kvart skal i kontakt med helsevesenet igjen. Oslo skal vere den beste byen å bu i for skeive seniorar. Vi vil legge til rette for at ein kan leve godt og trygt med den seksuelle identiteten sin også som aldrande, både ved å krevje god LHBTI-kompetanse generelt blant tilsette i eldreomsorga og ved å opprette eit butilbod for eldre LHBTI-personar. 9

Page 10: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Betre helsehjelp til ungdom Ungdom er lite opptatt av bydelsgrenser. Helsetilboda til unge må spegle dette. Vi støttar ei omlegging av helsestasjonane der dei blir utvikla til å bli færre helsestasjonar som samlar fleire tilbod. Ikkje alle unge har vaksne dei kan snakke med, og for nokre er dei føresette ein del av problemet. Derfor er det viktig at det er nok kompetanse i skolane og helsestasjonane til å tilby støtte og hjelp til barn og unge som har det vanskeleg.

Betre psykisk helsevern Vi vil betre helsetilbodet og senke terskelen for behandling for alle med psykiske lidingar ved å jobbe for auka grunnbemanning i helse- og omsorgssektoren, utviding av rask psykisk helsehjelp, ambulant akutteam og brukarstyrte innleggingar. Vi vil betre tilbodet om oppsøkande og heilskaplege tenester til menneske med alvorlege psykiske lidingar gjennom å støtte etablering av fleire ACT- og FACT-team. Vi vil også gjennomføre fleire heimebesøk hos småbarnsfamiliar som treng det.

Omsorg og helsehjelp for menneske med rusproblem Vi vil skape eit samfunn der rusrelatert skade og liding bli avgrensa, med politikk som førebygger og legg til rette for at menneske skal få eit så verdig liv som mogleg. Dei som ønskjer behandling, skal få det raskt. Gjennom eit godt samarbeid om Oslos lågterskeltilbod mellom kommunen og frivillig sektor kan vi avgrense opne russcener, overdosedødsfall og rekruttering av unge til rusmiljøa. Vi vil støtte pårørande i deira viktige roller og styrke tilbod for småbarnsfamiliar i ein utsett livssituasjon. Eigendelen for rehabiliteringstilbod som Exit-programmet i Oslo bør reduserast. LAR-systemet bør vere lettare tilgjengeleg for dei som ønskjer det, og legar må få bruke sitt faglege skjønn til å medisinere og substitusjonsbehandle. Vi vil utvide sprøyterommet og opne røykerommet, og søke om å bli forsøkskommune for heroinassistert behandling.

Avkriminalisering av rusmiddel Menneske med rusproblem skal ikkje jagast med bøter og fengselsstraff, men få tilbod om omsorg og helsehjelp. Dagens regulering av alkohol og tobakk er verknadsfull ved at bruken blir avgrensa og halden under offentleg kontroll, dette bør også gjelde andre rusmiddel. Derfor vil vi jobbe for å fjerne straff for bruk og innehaving av brukardoser av illegale rusmiddel.

Seksuell helse Seksuell helse handlar ikkje berre om reproduksjon, men også om at alle skal kunne oppleve gleda ved eigen seksualitet. Eit viktig tiltak for å nå likestillingsidealet er å tilsetje sexologiske rådgjevarar som ressurspersonar for bydelane som kan setje i gang gode førebyggande og antidiskriminerande tiltak i bydelen, drive folkeopplysning og drive rådgjeving for alle profesjonar i bydelen som arbeider med menneske. Alle unge i Oslo bør ha tilbod om gratis langtidsverkande prevensjon og naudprevensjon, også dei under 16 år.  

FNs berekraftsmål 3: Sikre god helse og fremje livskvalitet for alle, uansett alder At alle kan leve eit friskt og sunt liv, er ein føresetnad for å oppnå berekraftig utvikling. Det er gjort store framsteg i arbeidet med å auke forventa levealder og minske mødre- og barnedødelegheit i verda.

10

Page 11: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Oslomål 4: Ein god skole og kreativ oppvekst Grøn politikk har framtidige generasjonar i sentrum. Barna er vår viktigaste ressurs, og vårt samfunnsansvar er å skape eit godt liv for framtidige generasjonar. Ved å fokusere meir på ulike former for læring gjennom fagleg fordjuping, leik og aktivitetar – og mindre på målstyring i barnehage og skole – legg vi grunnlaget for god læring gjennom livet.

Nærbarnehagane Barn skal først og fremst gå i barnehage i eige nærmiljø, og søsken skal sikrast moglegheita til plass i same barnehage. Då kan barn både knyte band med nabobarna og bygge trygge vennskap. Dette har ein stor eigenverdi, men gjer også overgangen til å starte på nærskolen tryggare for barna. Alle barn i Oslo-barnehagane skal bli kjende med eige nærmiljø og moglegheitene for fritid og friluft der dei bur.

Tid til barna Barnehagane har store og viktige oppgåver. Dei skal gje omsorg og late barna leike, bidra til læring og danning. Samtidig spelar dei ei viktig rolle i å oppdage og førebygge mobbing, oppdage teikn til vald og seksuelt misbruk og setje i gang hjelpemekanismane som trengst i slike situasjonar. Desse oppgåvene krev tid og kompetanse frå dei tilsette. Derfor må bemanningsnorma gjelde i heile opningstida til barnehagen, og vil vi opprette vikarpool for bydelane. Kvar barnehage skal ha eigen stadleg styrar. Primæroppgåva til barnehagane er ikkje å førebu barna på skolen, men å ta hand om barna på deira eigne premissar, der leik og omsorg står i sentrum.

Læring og meistring i skolen gjennom leik og utfalding 6-årsreforma skulle gje ein mjuk overgang mellom barnehage og skole. Vi vil ha leiken tilbake i førarsetet i 1. klasse, slik at det første året på barneskolen blir brukt til leikbasert førskole. Stillesittande undervisning er krevjande for mange barn og unge. Skolane bør i større grad bruke alternative læringsformer og aktivitetsbasert undervisning på alle trinn i grunnskolen. Det bør bli enklare for foreldre å søke utsett skolestart for barn som har behov for meir tid før skolestart.

Skolemat for helse, læring og sosial utjamning Elevar i Oslo-skolen skal ha minimum 30 minutt matpause, måltid som fremjar matglede, sosialt samvær, trivsel og helse, og for elevar i barneskolen: tilsyn frå ein vaksen under måltidet. Mette elevar er ein føresetnad for konsentrasjon og læring. Ikkje alle har med matpakke heimanfrå, og det bidreg til å forsterke sosiale skilnader. Derfor vil vi innføre eit gratis og sunt måltid for elevane i grunnskolen.

Eit symjedyktig Oslo Oslo er ein kystby, og symjedugleikar kan utgjere skilnaden mellom liv og død. Alle barn bør gjennom grunnskoleløpet lære symjedugleikar ikkje berre i basseng, men også i innsjø eller fjord. Derfor vil vi ha eit massivt løft av symjeundervisninga i skolen gjennom auke av timetalet og tilbod om ekstraundervisning ved behov. I tillegg må det sikrast kapasitet og nærleik til badefasilitetar i bydelane, anten det er basseng, badevatn eller strender.

11

Page 12: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Lærarane skal ha meir tid til barna Tryggleik er avgjerande for å lære og for å ha det bra på skolen. Læraren må få tid og fridom til å vere lærar og tryggleiksperson i klasserommet.  Vi vil gje dei vaksne i skolen meir tid til å samarbeide og til å lytte til barna. Digitalisering og bruk av teknologi er i dag ein del av kvardagen. Skolen må sikre at lærarane har kompetanse gjennom etterutdanning og fagleg utvikling, og nettvett bør ligge til grunn for bruk av teknologi i alle fag. For å sikre klasserommet som ein arena for læring, samhald og undring vil vi jobbe for å auke lærartettleiken i klasserommet.

Barna skal ha meir fritid Vi vil ha leksefri skole i 1.–4. klasse. Alle elevar med ønske eller behov skal få leksehjelp gjennom heile grunnskolen frå 4. til 10. klasse. Vi vil gå imot heildagsskolen og vil at aktivitetsskolen skal vere ein arena for leik, sosialt samvær og fysisk og kulturell utfalding. Vi vil gje elevar i grunnskolen moglegheit til å ta inntil ti dagars permisjon etter søknad.

Barna skal få tilpassa opplæring Skolen skal vere stimulerande for alle elevar, anten dei føretrekker praktiske oppgåver, ligg på eit anna fagleg nivå enn jamaldringane eller treng særleg tilrettelegging av undervisninga. Då trengst ei styrking av lærarressursane i lesing, praktisk orienterte valfag frå 5. klasse, tilstrekkelege sosialpedagogiske ressursar og assistentar med naudsynt pedagogisk opplæring. Skolane skal i større grad ta vare på dei modne og evnerike barna og gje dei ein skolegang som er i tråd med deira utvikling og lærelyst. Dette krev differensiert undervisning og nytenking. Skolar som har psykososiale utfordringar og mange elevar som slit med skolearbeidet, skal få fleire lærarar. Vi vil også sikre at sjuke og funksjonshemma barn skal få moglegheit til å vere ein del av eit klassemiljø, blant anna ved å sjå på ein kostnadsdekkingsmodell der skolane får ein gitt sum per elev med vedtak om spesialundervisning.

Fleire vaksne med tid til barna Meistring, tilhøyrsle og tryggleik er viktige faktorar mot mobbing, psykisk uhelse, kriminalitet og rus. Auka vektlegging av psykisk helse i skolehelsetenesta er viktig, i tillegg til eit tettare samarbeid mellom skolehelsetenesta og eksterne tenester som BUP og barnevernet. Mange lærarar har det travelt og ikkje tid til den gode samtalen, derfor foreslår vi fleire miljøarbeidarar som har tid til barna, inn i skolen. Vi vil også styrke rådgjevartenesta. Alle skolar bør ha ein heiltidstilsett helsearbeidar eller tilgang på ambulant team. Vi vil vidareføre SaLTo sitt førebyggande arbeid gjennom å tilsetje fleire koordinatorar og styrke samarbeid mellom politi, skole, barnevernteneste og andre aktørar.

Slutt på stykkprisfinansiering av vidaregåande skole Karakterbasert inntak til vidaregåande opplæring gjev store moglegheiter til sosial mobilitet for den enkelte elev, men kan ha negative effektar for dei som allereie slit. Kombinasjonen av stykkprisfinansiering og fritt skoleval med karakterbasert inntak gjev negative utslag for dei minst tilsøkte skolane i byen. Finansiering bør derfor vere basert på klassetal uavhengig av elevtal i kvar klasse. Vi vil gå imot utviding og kapasitetsauke for høgt tilsøkte vidaregåande skolar dersom det er ledig kapasitet på andre skolar innanfor same studieprogram. Gjennom desse grepa blir også ressursar til spesialundervisning, estetiske fag og små yrkesfag styrkte.

12

Page 13: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Førebygging av fråfall Vi vil ha fleire praktiske og estetiske valfag og etablere fleire lærlingplassar i offentlege etatar. Vi vil ha ei større satsing på ungt entreprenørskap i alle vidaregåande skolar i Oslo. Fagskoletilbodet bør styrkast og utvidast. Retten til vidaregåande utdanning bør utvidast til fem år for alle. Forsøksgym var ei god ordning for mange unge vaksne som vi vil gjenopprette. Vi vil også gjere det mogleg å ta fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar i læringspraksis.

Fritid utan forbruk Unge i Oslo manglar stader der dei kan bruke fritida og vere saman med venner utan forbrukspress. Fritidsklubbar og fritidshus bidreg til mindre einsemd. Slike tilbod ønskjer vi meir av. For å styrke desse tilboda og sikre føreseielege rammer bør dei finansierast gjennom Oslo kommune, ikkje bydelane. Her kan det også leggast til rette for grøne aktivitetar som matdyrking, og deling og byting av sportsutstyr og klede.

Eit barnevern for alle Barnevernet har ein av dei viktigaste og mest krevjande jobbane i kommunen. For barn i ein utsett situasjon kan barnevernet vere redninga. Likevel er mange skeptiske eller redde for barnevernet. Det er derfor viktig at barnevernet har ressursar til tillitsskapande og oppsøkande arbeid, slik at folk opplever barnevernet som trygt og omsorgsfullt. Barnevernet skal ha tettare dialog og samarbeid med skole og barnehagar. Kommunen skal tilsetje fleire personar, og rekruttere fleire fosterfamiliar, med minoritetsbakgrunn i barnevernet. Vi vil ha meir bruk av familieråd og moglegheit for akuttplassering i storfamilien. Barna skal takast med i dialogen mellom Bufetat, foreldre og barnevern. Vi vil forsterke oppfølginga av fosterfamiliar og beredskapsfamiliar og skaffe fleire besøksheimar. Vi vil opprette og kvalitetssikre fleire barnevernsinstitusjonar, gjerne i samarbeid med privat og ideell sektor.

Meir regnbogekompetanse i det offentlege LHBTI-personar som oppsøker det offentlege i samband med seksualiteten sin eller kjønnsuttrykket sitt, er ofte i ein sårbar fase. Dei skal møtast med kompetanse og innsikt, slik at representantane for kommunen kan bidra konstruktivt og støttande. Barn og unge må lære om grensesetjing, grenseoverskridande åtferd og positive seksuelle relasjonar, men også kjønnsroller, likestillingsspørsmål og overgrepsproblematikk. Derfor vil vi at alle kommunetilsette som jobbar med innbyggarkontakt eller LHBTI-spørsmål, skal delta på kompetansehevande tiltak som Rosa Kompetanse, og at alle elevar skal delta på Skeiv Ungdoms Restart ein gong i løpet av skoleløpet.

13

Page 14: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Språkopplæring for barn, unge og vaksne innvandrarar Deltaking i skole og yrkesliv krev tilstrekkelege norskkunnskapar. Språklæring og integrering generelt skjer best i møte med andre innbyggarar. Barnehagar og skolar må ha fokus på språkopplæring. Ei betre rådgjevingsteneste og fleire yrkesretta språkkurs skal få fleire inn på arbeidsmarknaden. Nykomne flyktningar bør få tilbod om å hospitere i delar av den ordinære vidaregåande opplæringa som ein del av språkopplæringa dersom dei ønskjer det. Innvandrarar med høyrselshemmingar må sikrast tilstrekkeleg moglegheit til å lære både norsk og norsk teiknspråk.

Barnehagar og skolar skal ha fokus på språkutvikling og bruke heimespråka til barna som ein ressurs i arbeidet. Det må opprettast ei rolle som tolkekoordinator som sikrar kontakt mellom heim og barnehage/skole, og som har ansvar for å skaffe tolk når det trengst. Det skal finnast eit øyremerkt budsjett for tolk i bydelen som koordinatoren har tilgang til.

FNs berekraftmål 4: God utdanning Ei god utdanning er grunnlaget for å forbetre livet til menneska. Jenter og gutar skal ha lik tilgang til utdanning med god kvalitet, og den skal vere gratis.

14

Page 15: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Oslomål 5: Fridom og like rettar for alle Diskriminering, uansett art, er eit alvorleg demokratisk problem. Eit fleirkulturelt samfunn er eit grunnleggande gode, og Oslo skal vere ein by der alle føler seg velkomne og respekterte. Mangfald i kulturar, erfaringar og kunnskapar i byen er ein stor ressurs for byen vår. Vi vil kjempe mot alle former for diskriminering og føre ein normkritisk og feministisk politikk for å bygge ned fridomsrøvande maktstrukturar.

Ein meir feministisk by Dei Grøne har som mål eit samfunn der menneske har like rettar, plikter og moglegheiter uavhengig av kjønn. Vi er ikkje der enno! Å sikre likelønn er ikkje gjort i ei handvending, men likevel er det eit sentralt grep for å utjamne skilnader mellom kjønn. Derfor vil vi gradvis løfte lønnsnivået i kvinnedominerte yrke i kommunen. For å synleggjere kvinnene sin plass i byen og historia skal fleire gater og plassar i Oslo få kvinnenamn. For kvar ny gate eller plass oppkalla etter ein mann må ei eksisterande gate bli oppkalla etter ei kvinne.

Større innsats mot rasisme Talet på politimeldingar om hatkriminalitet basert på etnisitet i Oslo aukar. Opptil kvar fjerde elev med minoritetsbakgrunn har regelmessig opplevd rasisme og diskriminering på barneskolen, og mange lærarar er usikre på korleis dette kan handterast og førebyggast. Rasisme, antisemittisme og hatprat bidreg til vankunne, skapar utanforskap, frårøvar enkeltmenneske moglegheiter og samfunnet store ressursar. Innbyggarane sitt historiske medvit må sikrast gjennom samarbeid med viktige aktørar som Jødisk museum og Holocaustsenteret. Vi vil setje i gang haldningskampanjar, kjempe mot raseprofilering og jobbe saman med trussamfunn for å skape dialog med og aksept for LHBTI-miljøet. Kunnskapen om netthets og hatprat må aukast blant både lærarar og elevar for å trappe opp innsatsen mot dette i skolen. Vi må også støtte opp under dei mange frivillige og ideelle aktørane som deler desse måla, og sikre ressursar til organisasjonar som arbeider med å fremje toleranse og førebygge rasisme, for eksempel Antirasistisk senter, Skeiv Verden, Salam-سالم, Født Fri og Refugees Welcome Oslo.

Byen under regnbogen Oslo er ein norsk metropol for skeive. Skeive frå heile landet og utlandet har flytta hit anten for å komme bort frå snevre menneskesyn, finne seg ein kjærast, eller føle fellesskap. Oslo er regnbogehovudstaden! Her skal alle kunne leve ut si eiga seksuelle orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk utan fare for å bli diskriminerte eller trakasserte. Oslo skal bli ein by som feirar mangfaldet, fargene og nyansane blant innbyggarane. Oslo skal vere landsleiande innan LHBTI-kompetanse, så fleire føler seg tekne hand om gjennom skoleløpet, som skeiv senior eller i møte med andre kommunale tenester. Rådet for kjønns- og seksualitetsmangfald skal sikrast ressursar og vere føreseieleg, slik at rådet kan styrkast som ein sentral aktør i Oslos politiske arbeid.

15

Page 16: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Universell utforming gjer byen betre for alle Offentlege rom, digitale flater og kommunale tenester skal utformast slik at så mange som mogleg kan ta del i det uavhengig av funksjonsevne. Vi vil sikre at krav til tilgjengelegheit og universell utforming blir oppfylte i kommunen sine planer. Dette inneber alt frå universelt utforma kommunale nettsider til rullestolvennleg vegdekke og kollektivtrafikk som er enkel å nytte anten ein brukar barnevogn eller rullestol, er rørslehemma eller har nedsett syn eller høyrsel. For å mogleggjere at endå fleire som er dårlege til beins eller har avgrensa mobilitet, kan reise til sentrum utan privatbil, vil vi teste ut elektriske shuttlebusser mellom parkeringshusa og dei mest populære attraksjonane i sentrum. Alle nye kommunale bygg skal vere universelt utforma.

Fridom frå hindringar Strukturelle og sosiale hindringar avgrensar individa si deltaking, innverknad og livskvalitet. Vi vil ha eit samfunn der alle kan vere seg sjølve, og der det blir lagt til rette for at alle kan delta i samfunnet og i arbeidslivet. Alle kommunale dokument skal vere kjønnsnøytrale og ikkje-heteronormative, og alle toalett i kommunale verksemder skal vere kjønnsnøytrale. Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) gjev menneske med nedsett funksjonsevne praktisk bistand til å gjere ting som andre kan gjere sjølve, og er gjennom det eit fridoms- og likestillingsverktøy. Vi vil jobbe for utviding av tilbodet, slik at fleire enn dei med lovfesta rett får tilbod om BPA.

Mindre kommersiell reklame og kroppspress i byrommet Unge blir utsette for eit usunt venleikspress frå omgjevnadene. Prestasjonspress og urealistiske kroppsideal utfordrar moglegheitene kvar enkelt har til å vere seg sjølv. Derfor vil vi jobbe for å redusere forbruks- og reklamepress ved å ikkje tillate reklame som fremjar urealistiske kroppsideal på kommunen sine reklameflater, innføre reklamefrie soner rundt skolar og barnehagar og elles redusere reklametrykket i byen vår. Fleire av dagens reklameflater skal brukast til informasjon frå offentlege verksemder framfor reklame retta mot meir forbruk.

Legge til rette for alle religionar og livssyn Trusfridom er essensielt i eit mangfaldig og liberalt demokrati. Anten ein høyrer til ein minoritetsreligion, eit livssyn eller ingen religion, bør alle sikrast moglegheit til å motta åndelege eller eksistensielle samtaler i livskriser eller markere livets fasar i eigna lokale. Kommunen skal legge til rette for at alle har tilgang til bønne-/seremonirom etter behov og moglegheit for ein livssynsnøytral samtalepartnar, sjukeheimsprest eller andre religiøse leiarar i livets sluttfase.

FNs berekraftsmål 5: Oppnå likestilling og styrke jenters og kvinners stilling Likestilling er ein menneskerett. Det handlar om å gje begge kjønn like rettar og moglegheiter til å bestemme over eige liv. Kvinners tilgang til utdanning, helsetenester, arbeid og juridiske rettar er nødvendig for å skape utvikling i eit land.

FNs berekraftsmål 10: Redusere ulikskap i og mellom land Innan 2030 sørgje for å myndiggjere alle og fremje den sosiale, økonomiske og politiske inkluderinga deira, utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, rase, etnisitet, nasjonalt opphav, religion eller økonomisk eller annan status.

16

Page 17: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Oslomål 6: Meiningsfull fritid og mangfaldig kulturliv Kulturlivet og frivilligheita skal gje farge og meining til oslofolks kvardagsliv. Dei skal kvar på sin måte vere med på å sikre mangfaldet som må prege demokratiske og berekraftige byar.

Frivilligheit på eigne premissar Frivilligheita er aller best når ho får drive på sine eigne premissar, utan panisk jakt på prosjektstøtte. Derfor må det finnast romslege og føreseielege støtteordningar der driftsstøtte er normalen og prosjektstøtte unntaket. Kommunen skal spele på alle ressursar i byen vår, og samarbeid med frivilligheita kan også vere ei form for innovasjon i offentleg sektor. Det er ikkje gjeve at oppgåvene til kommunen i alle tilfelle blir best utførte av kommunalt tilsette. Vi vil involvere ideelle og frivillige aktørar i kommunale oppgåver, gjennom forpliktande samarbeid og gjerne fleirårige avtalar.

Fleire bibliotek Biblioteka, desse oasane der alle er velkomne og folk får fri frå konsum og kjøpepress, er blant Oslos store skattar. Biblioteka er ein grunnpilar i det grøne delingssamfunnet. Vi vil opne fleire bibliotek og Biblo-filialar, utvide opningstidene og fylle dei med ulike typar innhald for å gjere det relevant for endå fleire innbyggarar. Område med høg prosentdel familiar med vedvarande låginntekt skal prioriterast spesielt i vidare bibliotekutbygging. Biblioteka skal i endå større grad bli lokale møteplassar og kulturhus, og vi vil eksperimentere med profilbibliotek innanfor eksempelvis teikneseriar og grafiske kunstuttrykk, musikk, film og andre kulturuttrykk, og dessutan etablere fleire verktøysbibliotek, reparasjonskaféar og folkekjøken.

Ein gatekunstby i verdsklasse Gatekunsten rundt omkring i byen gjev glede og opplevingar i kvardagen og bygger lokal stadsidentitet. Dei Grøne har fått gjennomslag for ein handlingsplan for gatekunst, men det er framleis ein lang veg å gå før Oslo blir ein ekte gatekunstby. Vi vil etablere eit senter for gatekunst og legge til rette for fleire målevegger og gjerde i heile byen. Det skal realiserast minst 100 gatekunstprosjekt i løpet av bystyreperioden.

Vidareutvikling av Oslos historiske arv I 2024 kjem Oslo til å feire 400-årsjubileet for grunnlegginga av Kristiania. Kommunen bør vere ein aktiv part i dette arbeidet og legge til rette for at frivillige organisasjonar og Oslos eigne institusjonar på dette feltet får moglegheit til å bidra. Her må det leggast opp til at private aktørar får sjansen til å bidra på eit tidleg tidspunkt. Vi vil styrke dei institusjonane og frivillige organisasjonane som er med på å ta vare på og formidle byens rike lokalhistorie.

Fleire produksjons- og atelierlokale Oslo skal vere ein internasjonal kulturby med lokal forankring som gjev kunstnarane sine levelege vilkår og verdset arbeidet lokale kunstmiljø driv. Kultur må framstillast ein stad, og både skapande og utøvande kunstnarar må ha ein stad å jobbe. Derfor vil vi sikre fleire produksjons- og atelierlokale etter modell av Toftes gate 69, Fellesverkstedet og Hausmania. Desse skal vere for ulike typar kunst, til kunstnarar i alle aldrar og med langsiktige og føreseielege leigeforhold. Vidare ønskjer Dei Grøne kunst- og kulturproduksjon på Botsfengselet i Gamle Oslo. Dessutan vil vi bidra til å sikre atelierfellesskapet ved Kunstnernes Hus.

17

Page 18: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Statusløft for frivillig kompetanse Den uformelle læringa som frivillig kan vere vel så oppdragande og skolerande som arbeid og utdanning, likevel blir ikkje dette anerkjent som meir enn eit supplement til formell kompetanse. Frivilligheit har enormt potensial for å gje meistring og kvalifisering til menneske som fell mellom andre stolar, dersom erfaringane herifrå blir løfta på høgd med arbeid og utdanning. Vi vil derfor innføre ei forsøksordning med fagbrev for frivilligheit.

Eit mangfaldig kulturliv Musikk, scenekunst, film, festivalar og andre kulturuttrykk får menneske til å vekse og er ein viktig del av byutviklinga. Det må vere rom for både kunst og kultur som ikkje er økonomisk lønsam. Kultur har i seg sjølv ein eigenverdi som ikkje kan målast i pengar eller verdsetjast ut frå talet på selde billettar. Kommunens støtte og tilrettelegging skal garantere mangfald, nytenking og langsiktigheit i Oslos kulturliv, eksempelvis gjennom framleis styrking av midlane til allmenne kulturformål. Vi vil vidareutvikle kulturskolen i omfang og innhald.

Fleire scener og kulturelle leikeplassar Utøvande kunstnarar treng gode rammer for den kunstnariske utfaldinga. Vi vil arbeide for å få etablert eit ambulerande teater for barn, Tigerstadsteateret, på permanent basis. Vidare vil vi vidareutvikle dagens frie scener, som Black Box, Nordic Black Theatre og Vega Scene. Ei realisering av Kloden vil vere viktig for å gje nye scenekunstnarar øvingsarenaene dei treng. Oslo Nye Teater og Konserthuset vil framleis vere viktige kulturinstitusjonar for kommunen. Oslo Nye Teater skal framleis drivast i kommunal regi. Vi vil utarbeide ein plan for korleis byens mange mindre permanente musikkscener kan sikrast vidare drift.

Meir kunst i gaterommet Oslos utsmykkingsordning gjer byen leiande i Norden på kunst i offentlege rom. Denne fellesskatten som alle Oslo-innbyggarar har del i – anten dei går forbi ein skulptur i ein park eller ser på ein dekorasjon i eit offentleg bygg – vil vi vidareutvikle. Ordninga skal brukast til å auke kvaliteten på byens uterom og offentlege bygg, styrke posisjonen til Oslo som ein sentral europeisk kunstby og sikre oppdrag for profesjonelle kunstnarar. Vi ønskjer også å setje opp fleire mellombels installasjonar for kunstuttrykk i det offentlege rommet.

Ein sport for kvar smak Idrettsrørsla og dei tusentals frivillige i den gjer ein uvurderleg innsats for barn og unge i Oslo. Kommunen må støtte opp under arbeidet deira og gjere det enklare å skape aktivitet i nærmiljøet. Variasjon i tilboda er viktig for at alle skal kunne finne ei mosjonsform dei trivst med. Det skal finnast gode føresetnader for veletablerte idrettar som kampsport og turn, smalare idrettar med færre utøvarar, og uorganisert idrett, mosjon og leik. For å legge til rette for spontan og uorganisert fysisk aktivitet vil vi bygge fleire parkour- og, skateanlegg og klatrestativ. I neste periode ønskjer vi å halde fram den varierte satsinga på små og store anlegg i Oslo og sikre fleire areal til studentidretten. Vi vil følgje opp den nye reguleringsplanen for Huken med tilrettelegging for aktivitetar i friområdet i det nedlagde pukkverket. Det er viktig å tilby lågterskelaktivitetar ved markagrensa i det tett folkesette området nordaust i Oslo der dei fleste bur i blokk.

18

Page 19: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Breidd framfor elite i idretten Det viktigaste nedslagsfeltet for idretten er breiddefeltet. Vi prioriterer breiddeidrett framfor toppidrett og satsar på folkehelse i ei tid då fleire og fleire bevegar seg stadig mindre. Formålet med barneidrett er ikkje å skape framtidige landslagsutøvarar. Derfor vil vi halde fram med å gå imot kortvarige signalprosjekt for eliten, til fordel for å støtte aktørane som fyller kvardagslivet til Oslo-borgarane med aktivitet og glede. Barneidrett skal fremje idrettsglede framfor prestasjon. Det betyr å gå imot tidleg elitesatsing og topping av lag og prioritere aktivitet i nærmiljøet, mindre haller framfor store arenaer, og sikre at alle delar av byen har gode føresetnader for mosjon og idrett.

Den skeive kulturbyen Vi vil auke medvitet rundt LHBTI-kulturar, synleggjere LHBTI-perspektiv og støtte skeiv kunst og kultur. Det betyr for eksempel å støtte skeive organisasjonar, LHBTI-festivalar og kulturarrangement, prioritere skeiv kunst i kommunen sine tilskotsordningar, sikre at alle bibliotek har eit utval av skeiv litteratur, og fremje informasjon om skeive kulturtilbod i Oslo. Vi vil også etablere ein “regnboge-løpar” utanfor Oslo S for å ønskje besøkande velkomne til byen og vise fram Oslo som ein open og inkluderande by.

Sentrum som kunst- og kulturdestinasjon Vi er opptekne av å sikre og vidareutvikle byen sine største institusjonar innanfor kunst- og kulturfeltet. Munchmuseet må få utvikle seg vidare som internasjonal kunstinstitusjon. Samtidig skal det bidra til å løfte andre kunstscener i byen. Konserthuset med Røverstaden skal framleis vere Oslo kommunes viktigaste arena for musikkutøving. Oslo skal samarbeide godt med andre statlege kunst- og kulturinstitusjonar. I tillegg vil vi arbeide for å få ein plan for korleis Oslo kommune kan bidra til å styrke kunstnarstyrte institusjonar som Kunstnernes Hus, Kunstnerforbundet og Oslo Kunstforening. Vi vil bidra til at det blir realisert eit større fotosenter i Oslo.

I nye byggeprosjekt i urbane område ønskjer vi å jobbe for at fleire delar av utoverretta førsteetasjar blir sette av til kulturformål som atelier, galleri og utstillingslokale. Vi vil også vere restriktive til å omregulere eksisterande næringslokale i førsteetasjar.

FNs berekraftsmål 12: Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster Berekraftig forbruk og produksjon handlar om å gjere meir med mindre ressursar. I dag forbrukar vi meir enn det som er miljømessig berekraftig. For å sikre gode levekår for noverande og framtidige generasjonar må også kvar enkelt forbrukar endre livsstil.

19

Page 20: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Oslomål 7: Grøn og trygg transport for alleI altfor mange år har Oslo blitt bygd på bilen sine premissar. Det har ført til dårleg luft, mykje støy, høge klimagassutslepp, dårlege sykkelvegar, lange køar, fulle bussar og trafikkfarlege nærområde. Derfor vil vi halde fram med å prioritere fotgjengarar, syklistar og kollektivreisande og jobbe for redusert biltrafikk. Slik sikrar vi tryggare framkommelegheit for alle, god folkehelse og ein grønare og menneskevennleg by. Vår nullvisjon gjeld ikkje berre for utslepp, men også for dødsfall og hardt skadde i trafikken.

Ta gatene tilbake Grøn og inkluderande byplanlegging handlar om å utvikle byen for alle, ved å sikre demokratiske rettar og likeverd. Byar som blir bygde med særleg omsyn til barn, eldre og menneske med nedsett funksjonsevne, er gode for alle å bu og leve i. Privatbilen må i større grad vike plass for menneska, så det blir betre plass til å gå, sykle og opphalde seg trygt i byen. Vi vil sikre mjuke trafikantar betre plass, etablere eit samanhengande nettverk av bilfrie gater og gatetun over heile byen og prioritere tryggleikstiltak som betre belysning og betre vinterdrift av fortau og sykkelvegar.  

Verdas beste fotgjengarby Oslofolk går meir enn folk i andre byar. Likevel har fotgjengarar ofte måtta ta til takke med smale fortau og lite plass i byen. Derfor vil vi etablere ei eiga gå-satsing som skal forbetre forholda for fotgjengarar, blant anna gjennom breiare og trygge fortau, fleire snarvegar og prioritering av fotgjengarar i overgangar og kryss.

Vi vil også etablere ein “Oslo-standard” som skal ligge til grunn for planlegging og utbygging for å gjere det attraktivt å gå. Standarden skal inkludere krav til estetikk og meir vegetasjon i gatene. Vakrare, grønare og meir varierte gater vil gjere det trivelegare å gå. Asfalt på fortau, plassar og torg må gradvis – og i takt med graving og utbygging – erstattast med overflater av høgare kvalitet. Både private og offentlege utbyggarar skal påleggast å følgje standarden. I tillegg må standarden sørgje for betre og vakrare utforming av offentlege installasjonar som bilsperrer, tryggleiksbarrierar og miljøstasjonar.

Gangsamband skal etablerast slik at dei blir lagde langsmed aktive, grøne og interessante byrom. Fotgjengarar skal prioriterast framom andre trafikantgrupper, og fotgjengartraseane må brøytast kontinuerleg om vinteren. I ein by der det heile tida pågår omfattande anleggsarbeid, er det viktig å sikre at alle trafikantgrupper kjem fram. Derfor vil vi sørgje for at fortau, sykkelvegar, kryss og passasjar alltid er opne, oversiktlege og trygge.

Trygge skolevegar for barna i byen Barn er mest utsette i trafikken og blir hardast råka av helseskadeleg luft. Derfor vil vi halde fram arbeidet for ein trygg by for alle ved å etablere bilfrie hjartesoner rundt alle barneskolane i byen, setje ned fartsgrensene i gatene og satse kraftig på trafikktryggleikstiltak i heile byen. Vi vil at 30-sone skal bli ny standard fartsgrense i byen, og at Oslo skal bli pilotkommune for 20-sone rundt barneskolar.

20

Page 21: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

100 km ny sykkelveg på fire år Sykling er bra for folkehelsa og det mest effektive framkomstmiddelet for dei fleste reiser i byen. Talet på syklistar i Oslo aukar raskt, men det er mykje som står att før Oslo er ein ekte sykkelby. Det skal opplevast like trygt å sykle anten ein er 8 eller 80 år. Derfor vil vi bygge 100 km ny sykkelveg på fire år, og prioritere trygge sykkelvegar og kryss i heile byen. Vi vil også samarbeide med nabokommunar om å etablere firefelts supersykkelveg ut av byen. I tillegg skal ei rekke eksisterande sykkelvegar oppgraderast til høgare standard, som er separat frå bilveg.

Kvalitet i sykkelsatsinga Vegen til eit fullstendig sykkelvegnett går ofte gjennom etappevis utbygging. Parallelt med små og mellombels tiltak ønskjer Dei Grøne ei kraftfull satsing på kvalitet på sykkelvegane. Vårt mål er at flest mogleg sykkelvegar skal vere gjennomgåande, ha sykkelfelt på begge sider av vegen og ikkje minst vere opphøgde. Breiare og opphøgde sykkelfelt vil vere avgjerande for at fleire føler seg tryggare. Byrutene må fullførast og sykkelvegane heklast saman til eit samanhengande, lesbart og intuitivt nett.

Trygg sykkelparkering Trygg sykkelparkering er ofte ein terskel for å investere i elsykkel eller lastesykkel. Derfor vil vi ha fleire sykkelstativ og tilbod om sikker, innelåst sykkelparkering over heile byen, med skap med lås for lading av elsykkelbatteri. Vi vil etablere ei støtteordning for innelåst sykkelparkering i burettslag og sameige. Oslo skal etablere undergrunns sykkelparkeringshus ved knutepunkt og i sentrum, som mogleggjer trygg sykkelparkering utan at det tek stor plass.

Ei heilskapleg sykkelsatsing Vi vil jobbe for sykkelstativ på byens trikkar og sykkelvogn på T-bana, og gjere det gratis å ha med sykkel på kollektivtransporten utanom rushtida. Bysykkelordninga skal inngå i Ruter-billetten. Ordninga skal utvidast med elsyklar og fleire syklar, til fleire område og til å gjelde heile året og i større delar av døgnet. Dette skal gjerast utan å auke reklametrykket. Vi vil etablere fleire signallys for syklistar, prioritere dei i lyskryss og jobbe for prøveprosjekt med høgresving på raudt lys for syklistar. Vi vil også innføre avgrensingar på bruk av tunge køyretøy med store blindsoner, etter modell frå London. I tillegg vil vi styrke sykkelopplæringa i barneskolane og etablere fleire sykkeløvingsbaner. Vi vil også legge til rette for elsykkeltaxi.

Lastesykkel – for alle Lastesyklar kan gjere det attraktivt for fleire å byte ut bilen med sykkel for å frakte barn og varer i kvardagen. Derfor vil vi at alle nye bygg, både bustadbygg og næringsbygg, skal legge særleg til rette for lastesyklar. Oslos elsykkelstøtte og støtte til ellastesyklar for privatpersonar og bedrifter har vore ein stor suksess som har bidrege til ein eksplosjon i elsykkelmarknaden. Vi vil vidareføre støtteordninga for lastesyklar og legge til rette for utlån og deling av ellastesyklar.

Buss til trening for barna Det kan vere slitsamt for familiar når barna har lang reiseveg til trening og kampar. Derfor vil vi ha felles buss til trening-tilbod som gjer det mogleg for barn og unge å komme seg på trening og idrettsarrangement utan å måtte bli køyrde av foreldra. Det gjer kvardagen enklare for barnefamiliar, samtidig som biltrafikken blir redusert.

21

Page 22: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Aldersvennlege rosa bussar i heile byen Mange eldre har redusert mobilitet. Byen skal utformast slik at han blir lettare og tryggare å bevege seg i. Rosa bussar skal bli eit tilbod i alle bydelar, og vi vil jobbe for å utvide TT-ordninga med fleire reiser og opne for at ein kan få TT-støtte i kortare periodar ved behov.

Betre kollektivtilbod Talet på kollektivreisande har vakse kraftig dei siste åra. Vi vil halde fram opptrappinga av den rekordhøge satsinga på kollektivtransporten og ha avgangar kvart femte minutt på fleire ruter, slik at det blir hyppigare avgangar og mindre ventetid, både tidlegare på morgonen og seinare på kvelden. Vi vil jobbe for å styrke togtilbodet i Oslo-regionen og betre togsamband til andre storbyar, som Bergen, Trondheim, Stavanger, Stockholm og Göteborg. Sjølvkøyrande transport vil kunne gje betre trafikkflyt og framkommelegheit, trafikktryggleik og tilgang til mobilitet for alle. Vi vil integrere sjølvkøyrande køyretøy i byens kollektivtilbod for å tilgodesjå dei som treng eit betre mobilitetstilbod, og unngå at byen blir kvelt av ein ny massiv privatbilisme med sjølvkøyrande bilar.

Billegare kollektivtransport Vi vil redusere kollektivprisane med minst 20 prosent. Det skal lønne seg å gå eller sykle om ein har moglegheit til det. Samtidig skal det bli meir attraktivt å late bilen stå av og til, og vi vil derfor innføre eit pristak for enkeltbillettar per månad. Vi vil fjerne aldersgrensa for studentpris.

Prioritere kollektivprosjekt, ikkje motorvegar I forhandlingar om bompengar skal vi prioritere kollektivprosjekt og gå mot alle kapasitets- og trafikkaukande vegprosjekt. Vi vil prioritere sentrumstunnel for T-bana med fleire T-banestasjonar, nytt signalanlegg, ny T-banestasjon på Majorstua, Fornebu-bane, ny bussterminal på Bryn og Lysaker framfor Oslo S, nytt kollektivsamband gjennom Hovinbyen, nytt banesamband på tvers av Groruddalen og trikk på Ring 2. Vi vil bygge om motorvegar til byboulevardar på stader som Skøyen, Østre Aker vei og Trondheimsveien. På sikt vil vi gå inn for forlenging av T-bana til Ahus. Ring 1 og 2 skal oppgraderast for mjuke trafikantar. Farten for bilane må ned, og det skal etablerast langt fleire fotgjengarovergangar, særleg i samband med naturlege gang- og kryssingsaksar for gåande. Det blir etablert fleire kollektivruter på kostnad av privatbilisme.

Mobilitetspunkt og integrerte tenester Det skal vere enkelt å ha tilgang til og skifte mellom forskjellige transportmiddel som sykkel, buss, tog og bil. Derfor vil vi at det skal utviklast éi felles teneste der ein kan organisere alle delane av ei reise. Slik blir behovet for bileigarskap redusert samtidig som mobiliteten blir betra for alle. Vi vil også etablere mobilitetspunkt på sentrale knutepunkt i byen som kan tilby nye og kombinerte transporttenester for både personar og varer, med tilbod om samkøyring, utkøyring og leige av lastesyklar, bysyklar og delebilar og sanntidsinformasjon om kollektivtransport og kombinasjonsmoglegheiter.

22

Page 23: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Det skal blir enklare å dele på bilen Bildeling er i rask vekst fordi det gjev folk tilgjenge til å bruke bil når dei faktisk treng det, medan dei slepp ulempene og kostnadene med privat bileigarskap. Når fleire deler på bilane, blir det færre bilar i gatene og på vegane og mindre behov for parkeringsplassar. Derfor vil vi sikre god dekning av reserverte parkeringsplassar over heile byen, slik at det blir enklare og meir lønsamt å nytte seg av bildeling enn å eige bil. Vi vil integrere dette i bebuarparkeringsordninga og stille krav om bildelingsplassar i reguleringsplanar.

Utsleppsfri transport innan 2030 Oslo skal ha utsleppsfri transport innan 2030, og området innanfor Ring 3 skal vere fossilfritt innan 2024. Då er det viktig at det offentlege stiller med føreseielege rammevilkår som gjer det mogleg for næringslivet å satse på miljøvennlege løysingar. Vi vil legge til rette for at private aktørar investerer i ladeinfrastruktur for å sikre ei raskare utrulling av ladepunkt og frigjere plass på gateplan. Støtteordninga til ladepunkt i burettslag, sameige, garasjesameige og bedrifter skal vidareførast og utvidast til å inkludere delebilar. I takt med at elbilandelen aukar, vil vi innføre og gradvis auke avgiftene for elbilar, men sikre at det alltid løner seg å velje elbil framfor fossilbil. Vi vil også stille krav i reguleringsplanar om at bygg skal ha ladeinfrastruktur.

Biltrafikken skal reduserast Privatbilismen gjer at Oslo framleis har altfor mykje utslepp, mange køar, trafikkulykker og for mange inaktive i befolkninga. For å nå lågutsleppssamfunnet må kvardagsreisene bli grøne. Derfor vil vi stimulere til grønare reisevanar gjennom ulike støtteordningar, som lån av elsyklar og sykkelgodtgjersle, og fjerne gratis parkering på kommunale arbeidsplassar. Biltrafikken skal reduserast med ein tredjedel innan 2030. Mange års erfaring har vist at bompengar verkar. No er tida inne for sterkare satsing på miljø- og køprising, slik at ein betaler etter kor mye ein forureinar, og kor stor trengselen er. Når teknologien er på plass, vil vi innføre vegprising, slik at ein betaler etter kor mye ein køyrer.

Færre unødvendige parkeringsplassar Pris og tilgang på parkering er eit av dei viktigaste trafikkregulerande tiltaka. Parkeringsplassar tek opp mykje plass i ein tett by. Derfor vil vi utvide den vellykka ordninga med bebuarparkering til alle bydelar. Samtidig vil vi etablere ei minsteprisnorm og late bydelane sjølve bestemme prisen på bebuarparkeringa og få dei overskytande inntektene frå denne parkeringa til å finansiere lokale tiltak. Vi vil også fjerne minstenorma og redusere maksnorma for parkering i nybygg.

23

Page 24: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Meir effektiv næringstransport Godstrafikken er ei stor kjelde til både klimagassutslepp og luftforureining. Derfor vil vi jobbe for at meir gods går over frå veg til sjø og bane, for å avlaste vegnettet, og innføre avgift for tungtransport i indre by. Det skal vere tilrettelagt for transportkrevjande næring også i delar av byen der det er restriksjonar på privatbiltrafikk. Vi vil etablere fleire dedikerte næringsparkeringsplassar for handverkarar og andre som treng bilen i sitt daglege virke. Samtidig skal vi støtte opp om dei som vil prøve ut nye løysingar. Vi vil derfor vidareutvikle og etablere fleire omlastingssentralar for å redusere behovet for tungtransport i Oslo, og støtte varetransport med lastesyklar.

Større satsing på lokaltog Jernbana er ryggrada i kollektivsystemet i Oslo-regionen. Lokaltoga er heilt sentrale for å redusere vegtrafikken over Oslos grenser. Derfor vil vi jobbe for at staten følgjer opp utbygging av jernbana i Oslo-området og prioriterer lokaltrafikken på jernbanenettet høgare. Vi vil jobbe for ein ny sentrumstunnel for jernbana. Inntil den er på plass, vil vi at Oslotunnelen blir prioritert for lokalreiser. Kommunen skal jobbe med staten for å samlokalisere stasjonar på Gjøvikbana med T-banestasjonar på dei stadene der dei ikkje er så langt frå kvarandre. Vi vil jobbe for at strekninga mellom Asker og Lillestrøm skal ha 5 minutts frekvens, og for dobbeltspor for høgfartstog frå Oslo til Hønefoss, Lillehammer, Skien og Halden. I tillegg vil vi jobbe for betre tilrettelegging for sykkel på tog og at det blir innført gratis sykkel på regiontog utanom rushtida.

Realisering av S-bana Oslonavet legg opp til ein ny banetype i Oslo, S-bane, som eit mellomledd mellom T-bane og lokaltog. Når Follobana blir ferdigstilt, bør dagens Østfoldbane inngå i eit S-banesystem. Dagens Gjøvikbane bør også bli ein del av S-bana når den nye Gjøvikbana gjennom Groruddalen blir realisert, og Tøyen haldeplass for tog bør flyttast til Ensjø. Ei S-bane i tunnel frå Sinsen via Ullevål og Bislett til Nationaltheatret, som presentert i Oslonavet, bør planleggast.

FNs berekraftsmål 11: Berekraftige byar og samfunn 11.2) Innan 2030 sørgje for at alle har tilgang til trygge, lett tilgjengelege og berekraftige transportsystem til ein overkommeleg pris [...].

24

Page 25: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Oslomål 8: Anstendig og berekraftig arbeidsliv Økonomisk tryggleik og ryddig arbeidsliv er ein viktig føresetnad for eit berekraftig samfunn. Vi er opptekne av politikk som støttar opp under aktivitetar som gjev livsglede, tilfredsheit og meiningsfylt kvardag også på arbeidsplassen. I delar av næringslivet, og spesielt i Oslo, blir det brukt ufaglært arbeidskraft med arbeidsvilkår som er uhøyrt i arbeidslivet elles. Kompliserte selskapsstrukturar gjer det enkelt å lempe på sosiale krav og ta frå fellesskapet gjennom skatteunndraging.

Et seriøst arbeidsliv utan lausarbeidarar Oslo-modellen for kommunale innkjøpskrav for eit seriøst arbeidsliv må gjelde for alle delar av næringslivet. Dagens krav om 50 prosent dokumentert fagopplæring skal aukast, for å bygge opp under dei seriøse aktørane. Miljø- og berekraftsomsyn i fagopplæringa skal gjevast større fokus. Kommunen skal samarbeide aktivt med statens senter mot arbeidslivskriminalitet. Brot på lov og kontraktskrav undergrev heile samfunnsstrukturen vår, og Oslo skal som innkjøpar ha nulltoleranse for dette.

Kommunen som føregangsmodell Vi vil sikre gode og føreseielege lønns- og pensjonsvilkår for dei tilsette i kommunen og fjerne ufrivillig deltid i kommunen. Vi skal etablere fleire lærlingplassar, traineeordningar og ordningar der kommunen tilbyr sommarjobbar til ungdom. Det er eit problem i dag at mange ikkje får tilgang til arbeidslivet på grunn av bakgrunn eller funksjonsevne. Derfor vil vi legge til rette for at fleire med funksjonsnedsetjingar kan arbeide i kommunen, og sikre ein betre representativitet med tanke på kjønn, funksjonsevne og etnisitet ved rekruttering til leiarstillingar i kommunen. Vi vil også gjennomføre eit forsøksprosjekt med anonyme søknader ved offentlege tilsetjingar.

Forsøk med kortare arbeidstid I eit grønt samfunn har vi meir tid til kvarandre og auka fridom til å leve eit meiningsfullt, mangfaldig liv. I dag blir mange menneske stengde ute frå arbeidslivet, medan andre jobbar så mykje at dei opplever stress og tidsklemme. Ved å dele meir på arbeidet vil vi gje folk meir fritid samtidig som vi reduserer forbruksveksten og tidsklemma og skapar eit meir inkluderande arbeidsliv. Derfor vil vi gjennomføre eit prøveprosjekt med 6 timars arbeidsdag. I tillegg vil vi gje dei tilsette i kommunen tilbod om 2 timar gratis trening i veka.

Tillit til dei tilsette Tillit må ligge til grunn for all leiing i kommunen. Vi vil innføre fleksitid og moglegheit til å arbeide heimanfrå der det passar for arbeidssituasjonen. For oss handlar auka tillit til leiarar og tilsette om overføring av fagleg mynde og ansvar, tilstrekkeleg bemanning, openheit, dialog, kompetansehevingstiltak og forankring.

FNs berekraftsmål 8: Fremje varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetjing og anstendig arbeid for alle Til og med 2030 gradvis å betre utnyttinga av globale ressursar innanfor forbruk og produksjon, og arbeide for å oppheve koplinga mellom økonomisk vekst og miljøøydeleggingar […] der dei utvikla landa går føre.

25

Page 26: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Oslomål 9: Innovativt næringsliv og solid infrastruktur Næringslivet driv utvikling i Oslo framover og angår oss alle. Oslo skal ha eit næringsliv som er berekraftig økonomisk, sosialt og økologisk. Det inneber rettferdige og like vilkår og krav, og kontinuerleg kamp mot useriøse aktørar. Kommunens og næringslivets tilbod skal utviklast i samspel, og kommunen skal gå føre i å stille krav for å utvikle nye grøne løysingar.

Infrastruktur som gjev grobotn for næringsliv Kommunen sitt viktigaste bidrag til næringsutvikling og trygge arbeidsplassar er infrastrukturen alle får tilgang på. Det inneber meir enn veg, vatn og kloakk. Også sosial infrastruktur som utdanning og tilbod som gjer Oslo til ein attraktivt stad, bidreg til betre moglegheiter for å skape verdiar og arbeidsplassar. Kommunen skal sikre nødvendige investeringar for effektiv og miljøvennleg transport, berekraftig handtering av vassreservoar og overvatn. Vi vil satse på informasjonsteknologi og digitalisering av kommunale tenester, slik at det blir enklare å få den hjelpa ein har rett på både for innbyggarar og næringsdrivande.

Kommunen som pådrivar Oslo kommune er ein stor aktør som kan påverke utviklinga i fleire bransjar gjennom gode anskaffingar. Kommunen skal eksperimentere med nye former for samarbeid mellom det offentlege og private, med mål om å drive bedriftene i ei meir berekraftig og etisk retning. Kommunen skal vere pilotkunde for nye miljøretta tenester og løysingar gjennom innovasjonskontraktar. Uttak av utbytte frå selskap som Oslo kommune eig, skal følgje ei moderat linje. Oslo kommune skal utøve eit "aktivt eigarskap" i slike selskap, og som eigar følgje prinsippa om økonomisk, sosial og økologisk berekraft.

Prisen er berre ein del av kostnaden Innkjøpsprisen er ikkje den einaste kostnaden ved eit innkjøp. Det billegaste produktet kan vere det som til slutt kostar mest. Kvalitet, miljøbelastning og arbeidsforhold i produksjon og transport må også vere avgjerande ved alle kommunale innkjøp. Ved å stille krav til miljø, dyrevelferd og sosial berekraft ved alle innkjøp og ved utleige av kommunal grunn, kan kommunen gå føre i utviklinga av nye, grøne løysingar. Det skal ikkje vere mogleg å vinne anbod med løysingar som ikkje er sosialt eller økologisk berekraftige.

Bykuben – Oslos byøkologiske innovasjonssenter Oslo skal vere ein attraktiv miljøby der folk ønskjer å etablere seg og jobbe for eit meir berekraftig samfunn. Bykuben, Oslos byøkologiske innovasjonssenter plassert midt i sentrum, skal utviklast vidare som ein møteplass mellom det offentlege og innbyggarane, gründerar, næringsliv og frivillige. Det skal opprettast inkubatorar for nystarta bedrifter og for ungdomsbedrifter med utviklings- og etterutdanningsmoglegheiter.

Ei grøn byggenæring som kan eksportere løysingane sine Gjennom klare krav til berekraft kan byggenæringa i Oslo bli eit førebilde for verda og få eit konkurransefortrinn. Etterspurnaden etter løysingar som tek omsyn til heile livssyklusen for bygningar, kjem til å vekse. For eksempel vil massivtre kunne spele ei viktig rolle. Vi vil setje strenge 26

Page 27: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

krav til grøne byggemåtar i alle kommunale bygg, med sikte på at alle nye bygg skal ha ein netto positiv utsleppsrekneskap og minst mogleg brutto fotavtrykk. Oslo skal prioritere berekraftige prosjekt i byggesaksbehandlinga, og alle nye offentlege bygg skal vere miljøsertifiserte. Oslo skal i løpet av neste periode få sine første “BREEAM-NOR Outstanding”-sertifiserte bygg.

Frå vedlikehaldsetterslep til vedlikehaldsforsprang i kommunen Dei siste tiåra har nybygg vore øvst på agendaen for politikarane i byen. Vedlikehald og bevaring av eksisterande bygg har blitt nedprioritert. Derfor vil vi avgrense riving av velfungerande bygg og ha ein kommune som går frå å ha vedlikehaldsetterslep til å ha eit vedlikehaldsforsprang, ved å satse massivt på at alle kommunale bygg blir sette i topp stand. Vi vil også sikre finansiering av ny infrastruktur og fjerne vedlikehaldsetterslep for straumnettet og vass- og avløpsnettet.

Fleire sykkelarbeidsplassar Sykkelsatsinga i Oslo skapar også arbeidsplassar. Vi ser konturar av nye, både store og små bedrifter med vekt på berekraftige produkt, tenester, reparasjonslogistikk og berekraftig avfallshandtering. Dei Grøne vil arbeide for ei sertifisering av bedrifter som legg til rette for bilfri handel og verksemd, og som vil bruke sykkelen, transportsykkelen, elsykkelen og sykkeltaxi i virket sitt.

Ei berekraftig handelsnæring Verdas byar har vakse fram rundt handelen og marknadsplassane. Lokale butikkar møter aukande konkurranse frå store kjeder, kjøpesenter og netthandel. Lokalt næringsliv må omstille seg og tilby ei anna oppleving enn konkurrentane. Vi vil etablere ein bylivskoordinator i sentrum i samarbeid med handelsnæringa som kan samkøyre aktivitetar i gatene og vere felles kontaktpunkt mellom sentrumsnæringane og kommunen. Liknande bylivskoordinatorar kan etablerast i område utanfor sentrum der den lokale handelen har utfordringar. Vi vil etablere ein pilot for «Business Improvement District» i Kvadraturen for å sikre felles finansiering i gatene frå dei som held til der. Vi vil også gå imot oppretting av nye kjøpesenter, og vi vil at eksisterande kjøpesenter på sikt blir bygde om til bygater som bidreg til betre lokalmiljø.

Fleire aktivitetar i gatene Å gje gateareal til andre aktørar enn bilen er framtidsretta og inkluderande. Vi vil tilby faste areal der nye idear kan prøvast ut. Vi vil tilby gratis wifi og ladepunkt i sentrum, for at både innbyggarar og turistar skal kunne finne fram, kommunisere og dele opplevingar. For at gatene skal kunne brukast til fleire aktivitetar, er det viktig at utforming av møblar og infrastruktur er tilrettelagd for dette. Tilkoplingsmoglegheiter for straum og VVS vil bidra til at det er enklare å ha arrangement i gatene.

Ein digital kommune Den digitale utviklinga går raskare enn nokon gong. Det gjev uante moglegheiter. Oslo kommune sine tenester skal bli nyttigare, meir brukarvennlege og effektive. Kontakten mellom innbyggarar og det offentlege skal vere enkel og effektiv. Kommunen skal tilby eit felles digitalt kontaktpunkt. All nettrafikk til og frå offentlege nettsider og appar skal vere kryptert. Kommunen må stille krav til grunnleggande tryggleik og personvern ved innkjøp av IKT-tenester. Alle offentlege data skal gjerast fritt tilgjengelege i veldokumenterte og opne format, så lenge det ikkje går ut over personvern eller tryggleik. Oslo kommune skal vere ein føregangskommune i bruk av fri programvare, opne API-ar, og gjere programvare utvikla av eller på vegner av kommunen open under frie lisensar.

27

Page 28: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Når algoritmar blir brukte til å ta avgjerder, skal både det faktum og algoritmen i seg sjølv vere totalt gjennomsiktige for innbyggarane. Oslo kommune skal ikkje gje konsesjon til bruk av overvakingsutstyr med ansiktsgjenkjenning. Vi vil stille krav om at alle som samlar inn store mengder data om byen, for eksempel for å utvikle algoritmar for sjølvkøyrande køyretøy, må følgje strenge reglar for personvern og dele dei innsamla dataa fritt.

Servering og bevertning Dei Grøne ønskjer å styrke bevertnings- og serveringsbransjen i Oslo. At fleire et ute, gjer at vi brukar meir av pengane våre på tenester og mindre på forbruk av materiell. Dei Grøne ønskjer å styrke matkulturen gjennom å legge til rette for serveringsbransjen. Ei slik satsing vil også bidra til auka byliv som gjev sosiale og økonomiske synergiar for heile byen. Dei Grøne ønskjer derfor ei statleg prøveordning der Oslo får halv moms på mat også i serveringsbransjen.

FNs berekraftsmål 9: Innovasjon og infrastruktur Infrastruktur er den underliggande strukturen som må vere på plass for at eit samfunn skal fungere. Teknologi og innovasjon kan bidra til å løyse miljøutfordringar som følgjer utbygginga av infrastruktur.

28

Page 29: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Oslomål 10: Levande nærmiljø og gode nabolag Dei Grøne vil sikre at alle delar av Oslo skal vere gode stader å leve. Ein politikk for nærmiljø og nabolag må tilpassast skilnader i indre og ytre by. Utbygging må skje på lag med innbyggarane og med god kommunal styring.

Kompakte byar skapar befolkningsgrunnlag for eit godt kollektivtilbod og kortare avstandar mellom jobb, heim og fritid som gjer at fleire kan gå og sykle. Kompakte byar er også motsetnaden til byspreiing, der byane veks bilbasert utover på kostnad av natur og dyrka mark. Ein kompakt by treng ikkje vere ein dårleg by. Befolkningstettleiken er for eksempel dobbelt så høg i København som i Oslo, utan Marka. Ved å bygge hus og uterom med kvalitet kan vi sørgje for ein berekraftig gang- og sykkelvennleg by der korte avstandar, det sosiale livet og eit mangfald av kultur og tilbod utgjer gode for befolkninga i byen. Kompakt by gjev plass til fleire menneske som gjev yrande byliv og levande byar.

Nærmiljøpartiet Nærmiljøet og nabolaget er viktig for det gode livet i byen. Vi skal ta vare på småhusområda i byen, bygge vidare på særpreget i lokalmiljøa og bevare bygg som gjev områda karakter. Vi vil styrke småhusplanen slik at han sikrar at nye bustader passar godt inn i den eksisterande busetnaden og tek omsyn til det biologiske mangfaldet. Mange område i ytre by manglar funksjonar og tilbod som er viktige for lokalsamfunnet. Vi vil derfor stimulere til etablering av nærbutikkar, helsestasjonar og andre servicetilbod der folk bur. Når vi utviklar nye område, må vi sørgje for at dei blir planlagde med tanke på å bli gode nærmiljø frå første dag.

Avgjerder nærare folk flest Utbyggingsprosjekt i nærmiljøet påverkar og engasjerer nabolaget. Samtidig er prosessane rundt utbygging vanskelege å setje seg inn i. Vi vil etablere nye planretningslinjer som gjev befolkninga betre moglegheit for medverknad. Bydelane sine roller i byplanlegginga skal styrkast. Vi vil utgreie fleire moglegheiter for å gje bydelane større innverknad i arealplanlegginga.

Markagrensa som ramme for byveksten Oslo er ein by i vekst, og dette skapar både moglegheiter og utfordringar. Markagrensa skal ligge fast og Oslo har derfor avgrensa med nye areal å bygge på. Det er viktig at bustadbehovet blir dekt utan at det går på kostnad av eksisterande gode bumiljø eller grøntområde. Dei Grøne vil også ta vare på den grøne horisonten og dei grøne åsane som innbyggarane set pris på, og gå imot utbygging i desse.

Bustadvekst i industriområde og i sentrum Utbyggingstakten må vere basert på oppdaterte befolkningsprognosar. Bustadveksten i neste bystyreperiode bør primært takast gjennom knutepunktfortetting, utbygging av industriområde og fleire bustader i indre by, i tråd med «innanfrå og ut»-strategien og faggrunnlaget til klimastrategien i byen. Fleirkjerna byutvikling bør gjennomførast på ein måte som reduserer folk sine reisebehov i kvardagen. Vi vil gå imot utbygging på Gjersrud–Stensrud. Ved utbygging av område som grensar til fjorden, skal mogleg hamneanlegg for båtbuarar vere med i planarbeidet

29

Page 30: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Høghus for grøn mobilitet Dei Grøne er positive til høghus der det underbygger grøn mobilitet og gode lokalsamfunn. Det er avgjerande at veksten i bustader og arbeidsplassar skjer slik at folk kan gå, sykle eller reise kollektivt. Derfor ønskjer Dei Grøne ei revidering av høghusstrategien, som ikkje har vore endra på mange år. Eventuelle høghus må utformast med særskilt god arkitektur, uteområde av høg kvalitet og ei særs streng parkeringsnorm for bilar. Om vi tillèt fleire høghus i Oslo, kan fleire bu og jobbe i byen, noko som vil bremse byspreiinga og avlaste fulle motorvegar og pendlartog. Høghus skal følgje strenge miljøsertifiseringar og som hovudregel utformast i heiltre, for å binde opp mest mogleg CO2.

Kontroll med utbygginga Byutviklinga skal først og fremst tene innbyggarane, ikkje utbyggarane. Oslo skal ha sterkare kommunal styring av byutviklinga, samtidig som planprosessane skal kunne gjennomførast og avsluttast på ein akseptabel måte for alle som investerer og bygger i byen. Derfor vil vi styrke områdeplanlegginga for å løyse dei overordna utfordringane knytte til trafikk og miljø, fortetting og bevaring, naturforvaltning og berekraftig infrastruktur. Områdereguleringar skal vere robuste og bindande og forankra i opne, inkluderande planprosessar. Vi vil ikkje gje dispensasjonar til utbygging som skapar dårlegare bumiljø til fordel for auka lønsemd.

Berekraftig områdeutvikling Når vi utviklar nye område, må dei vere sosialt, miljømessig og økonomisk berekraftige. Nye område skal ha bustader som passer for folk i alle livssituasjonar, frå nyfødde til eldre, frå einslege til storfamiliar, og ein tredje bustadsektor skal inngå som ein del av planlegginga. Nye område skal planleggast for å bli gode nærmiljø frå første dag, med grøntområde og møteplassar i lokalmiljøet, og der det skal vere mogleg å bu utan å vere avhengig av bil. Skolar, barnehagar og kollektivtilbod skal stå klart frå dei første flyttar inn. I område der det er vanskeleg å få til utvikling, skal kommunen ta noko av risikoen ved å gå inn og etablere infrastruktur for å løfte attraktiviteten til området også før private utbyggarar er på plass.

Sosiale møteplassar som nøkkel til gode nærmiljø Fleire stader i ytre by er det mangel på gode møteplassar. Vi vil etablere og legge til rette for bibliotek, allbrukshus, fritidsklubbar, kafear, idrettsanlegg og kulturtilbod. Desse vil vi fylle med sosiale aktivitetar i samarbeid med frivillige organisasjonar, idrettslag og næringslivet. Mellombels tomme bygg skal kunne takast i bruk til ulike aktivitetar, for eksempel lokale oppstartsbedrifter, kulturliv eller møteplassar og aktivitetar drivne av frivillige organisasjonar. Oslos frivilligsentralar kan bli navet for frivillig sektor, igangsetjar av lokale initiativ og møteplass på tvers av generasjonar. Frivilligsentralane bør disponere lokale til utlån til bruk for både etablert organisasjonsliv og uorganiserte initiativ, og det skal vere tilbod om ei breidd av funksjonar i utlånslokala. Dei Grøne vil auke støtta til frivillige, både enkeltpersonar og organisasjonar, som vil setje i gang fysiske miljøtiltak i nærmiljøa.

30

Page 31: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Levande nabolag og trygge nærområde Bustadområda i byen er ikkje stader der folk berre søv, men stader der folk lever livet sitt. Tryggleik blir skapt gjennom å gjere byen til ein god stad å leve for alle, slik at gatene er levande og fylte med folk også om kveldane. Vi vil legge til rette for at innbyggarane tek nærområdet sitt i bruk. I tillegg trengst det betre belysning og politi som kjenner nærområda i byen. Derfor vil vi gjennomgå reguleringane av både offentleg og privat lyssetjing, med mål om å maksimere tryggleiken og minimere lysforureininga. Vi vil etablere ei prøveordning med “levande gater” der nabolag som ønskjer det, kan få stengt av gata si i ein periode, og der kommunen hjelper til med møblar og plantar slik nabolaget sjølv ønskjer det. Vi vil samarbeide med burettslag og sameige om å fremje godt naboskap, for eksempel gjennom nabolagsambassadørar som sørgjer for å ta godt imot nye innflyttarar.

Meir leik i byen Moglegheit til fysisk aktivitet bidreg til at byen blir opplevd som trygg og innbydande for alle aldersgrupper. Derfor ønskjer vi å få på plass minst 15 leikesoner av høg kvalitet i sentrum og sørgje for at alle område i byen har gode leikeområde – frå tradisjonelle leikeplassar til meir kreative boltreplassar og trafikkleikeplassar. Byens løkker skal haldast opne for frie aktivitetar og ballspel. Vi vil også etablere fleire aktivitetsgater med permanente installasjonar som sjakk, klatrestativ og liknande apparat. Det skal plasserast ut fleire sittemøblar på fortauet tilpassa alle typar brukarar. Vi vil også ha fleire fontenebasseng, vasspeglar og dyrevenlege småbad, slik at byens dyr kan kjøle seg ned på varme sommardagar. Dei Grøne ønskjer fleire hundelufteparkar.

Bilfritt byliv Byens rom, gater og vegar er kollektive gode som primært bør bli tilrettelagde for ferdsel og opphald, ikkje oppbevaring. Vi vil gje gatene tilbake til menneska, til innbyggarane, barna, næringslivet og gründerane, dei besøkande – til bylivet. Oslo sentrum skal vere tilnærma fritt for privatbilar. Målet er livskvalitet og opplevingar framfor stress og kjøpepress. Med redusert biltrafikk blir det meir plass til gåande, syklande, kollektivtrafikk og nyttetransport – og meir plass til å bruke gatene som dei byromma dei er: møteplassar og rom for aktivitetar. Vi vil etablere fleire permanente gågater og fotgjengarprioriterte gater, gjere fleire utvalde gater bilfrie om sommaren (sommargågater) eller på søndagar (“ciclovias”, "marknadsgater” ol.).

Nytt liv i Kvadraturen Kvadraturen er Oslos bykjerne og har stort potensial for å bli eit attraktivt område i hjartet av sentrum. For å få til det må området bli eit godt og trygt nabolag, med bebuarar og brukarar som føler eigarskap til omgjevnadene. Derfor må det bli fleire bustader i Kvadraturen, og bygatene må gjevast tilbake til folket. Bilfritt byliv er ein viktig faktor som gjer Kvadraturen meir attraktiv for næringsliv, men også for bustader.  Vi vil blant anna gjere Kirkegata om til ei gågate med høg standard som knyter nedre del av Grünerløkka saman med Kvadraturen. Kvadraturen er allereie ein stad der mange kunstnarar og gründerar har valt å etablere seg, og vi ønskjer å bygge opp om dette blant anna ved bruke delar av lokala i Myntgata 2 til kulturlokale og kontor for gründerar.

Frå festning til folkeliv Gamlebyen er gjerne noko av den mest attraktive delen i alle storbyar. I Oslo er gamlebyen heller blitt overlaten til militæret. Akershus festning og omkringliggande område er eit grønt og vakkert hjarte i byen som på ingen måte lever opp til potensialet sitt. Ved å gjere delar av festningsområdet om til ein levende bydel kan vi utnytte sentrum betre, få meir liv, minske behovet for transport og gjere byen endå betre for både innbyggarar og turistar.

31

Page 32: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Store arbeidsplassar er ein del av byen Dei store bedriftene flyttar tilbake til byen. Å lage eigne delbydelar basert på store verksemder i eigne område som på Fornebu, Rosenholm og Skullerud er ingen fordel verken for bedriftene, for arbeidstakarane eller for lokalmiljøet. Derfor vil vi legge til rette for at også større verksemder og kunnskapsinstitusjonar har moglegheit for å etablere seg i den tette delen av byen, spesielt ved kollektivknutepunkt. Når viktige institusjonar som Veterinærinstituttet og NRK med ikoniske bygg og store grøntområde flyttar frå ein bydel, skal kommunen alltid vurdere bruk av forkjøpsrett for å ha kontroll over byutviklinga.

FNs berekraftsmål 11: Berekraftige byar og samfunn Urbanisering skapar store moglegheiter og utfordringar – på sitt beste sørgjer byar for at menneske kan leve eit godt liv og utvikle seg både økonomisk og sosialt, men byar skapar også miljøproblem.

32

Page 33: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Oslomål 11: Berekraftig forbruk og sirkulær økonomi Eit stadig aukande forbruk av varer og stadig meir bruk-og-kast er ein viktig grunn til auka klimautslepp. Ein del av løysinga på klima- og miljøproblema er å vri forbruket mot tenester i staden for produkt og sørgje for at utgåtte produkt blir resirkulerte i staden for kasta. Det er også lange norske tradisjonar for at folk deler og byter og eig bustad og ting i fellesskap. No er tida inne for å finne tilbake til samvirke og deling, blant anna gjennom nye digitale løysingar. Då blir det materielle forbruket og miljøbelastinga reduserte.

Deling for redusert forbruk Gjenbruk og deling er kloke måtar å bruke avgrensa ressursar på. Gjennom verktøybibliotek, utlånsbuer og gjenbruk bidreg vi til betre ressursutnytting. Vi vil stimulere til byteringar, reiskapsutlån og utstyrssentralar i lokalmiljøa, gjerne i tilknyting til reparasjonsverkstader for syklar, klede, reiskapar og elektronikk. Det skal finnast minst ein delestasjon i kvar bydel. Drifta av fikse- og bytesentralar og bruktbutikkar kan gje grøne jobbar og verdifull arbeidstrening for utsette grupper på arbeidsmarknaden. Vi ønskjer å samarbeide med eksisterande miljø, som makerspaces, hackerspaces og bibliotek i dette arbeidet.

Ein sosialt berekraftig delingsøkonomi Oslo skal vise korleis ein kan utvikle nye løysingar gjennom samarbeid med relevante aktørar. Den ukontrollerte veksten i delingsøkonomien har førebels også gjeve nokre svært negative følgjer. For å handtere dette og for å unngå skattesmotthol, sosial dumping og gjennomtrekk i bumiljø, trengst det ny og sterkare regulering. Dette gjeld spesielt kommersielle aktørar som i dag utnyttar delingsøkonomiske løysingar til å kjøpe opp leilegheiter eller bilar til pirathotell eller piratutleige av biler.

Null ressursar på avvegar Ein stor del av både indirekte og direkte klimautslepp og annan forureining kjem av forbruket vårt. I dag blir berre ein liten del av alt vi kastar, resirkulert. Det betyr store mengder ressursar på avvegar. Derfor må vi etablere fleire større gjenbruks- og reparasjonshus som Vollebekk Fabrikker. Oslo kommune skal bidra med kartlegging, delfinansiering, tilrettelegging og samarbeidsordningar, og med tilskotsordningar for bedrifter som skapar berekraftige arbeidsplassar innan sirkulærøkonomien.

Restaurering framfor forfall og riving Kvalitetsbygg, anlegg og kulturminne må restaurerast på ein miljøvennleg måte og gjevast eit langt liv. Fagarbeidarar som har spesialkompetanse innan yrke som smed, låsesmed, murar, målar, tømrar, gjørtlar, verktøymakar, salmakar osv., er mangelvare. Vi ønskjer ein renessanse for desse handverkarane. I Oslo har vi eit stort potensial for mange nye arbeidsplassar på desse områda.

33

Page 34: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Vedlikehalds- og reparasjonsbransjen skal vekse Å reparere og vedlikehalde har blitt bytt ut med å bruke og kaste. Det er overveldande utfordringar i den elektroniske kvardagen med samansette utstyrskomponentar som ikkje har fått ei fullverdig reparasjons- og gjenvinningsklynge. For å fremje nyetableringar av bedrifter på gjenbruk og vedlikehald, skal kommunen opprette ein eigen inkubator for slike bedrifter, og satse kraftfullt på rekruttering til yrkesfag. Dette må også speglast i satsinga på handverksfag i den vidaregåande opplæringa.

FNs berekraftsmål 12: Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster Berekraftig produksjon inneber å minske ressursbruk, miljøøydelegging og klimagassutslepp når ein lagar ei vare. I dag forbrukar vi meir enn det som er miljømessig berekraftig. For å sikre gode levekår for noverande og framtidige generasjonar må også kvar enkelt forbrukar endre livsstil.

34

Page 35: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Oslomål 12: Ein klimarekneskap som går i pluss Verda står i ei klimakrise. Oslos politikk skal vere i tråd med Parisavtalen. Transport, anleggsarbeid, oppvarming og avfallsbehandling skal omstillast slik at vi blir ein nullutsleppsby i 2030. Etter det må vi gå i pluss. Avtrykket vårt stoppar ikkje ved bygrensa. Vi meiner Oslo må bli ein by der klimarekneskapen til innbyggarane går i pluss.

Vår tids viktigaste sak Klimautsleppa i Oslo har vore høge og stabile i fleire tiår. No går dei endeleg nedover. Gjennom klimabudsjett og utsleppstak i alle sektorar skal klimautsleppa frå Oslo ned til tilnærma null i 2030: Ein nullutsleppsby er ein by der dei faktiske utsleppa er reduserte frå over ein million til under 100 000 tonn CO2-ekvivalentar. Både restriktive tiltak, subsidiar, forsking og utvikling må til. Klimatiltak kan ikkje vike i prioriteringsdiskusjonar, men må stå øvst på blokka.

Ei byggenæring utan utslepp Bygg og anlegg står for ein stor del av klimagassutsleppa. Oslo var først i verda med fossilfri og utsleppsfri anleggsdrift i kommunal regi. Neste steg er fossilfri transport av anleggsmateriale, mindre riving, og gjenbruk av byggemateriale. No må staten og private aktørar følgje etter. Oslo skal bli ein by der bygg- og anleggsarbeid blir gjennomført utan utslepp i nokon ledd. Det får vi til gjennom infrastruktur, støtteordningar, prioritert saksbehandling og regulering.

Ein by som produserer meir energi enn han brukar Fornybar kraftproduksjon er mogleg, også i byar. Bruk av fossil energi skal fasast ut. Ved å redusere energibruken, få eit smartare energinett og bygge plusshus kan Oslo bli ein by som produserer meir energi enn han brukar. Solenergi bør takast i bruk på alle nybygg. Barrierar for utbygging av sol i eksisterande bygg må fjernast. Når bygningar blir pussa opp, skal energisparing og -produksjon alltid ligge til grunn.

10 000 solcelletak Oslo skal ha 10 000 tak med solceller innan 2023. Solceller er smittsamt! Vi veit at når éin husstand får solceller, så får ofte naboane det også. Vi ønskjer å opprette støtteordningar for burettslag som ønskjer å installere solceller. Dette senkar barrieren for privatpersonar, og prosjektet blir større og billegare, involverer fleire tak og blir lettare å dimensjonere riktig for forbruksmønsteret. Oslo kommune skal forvalte eigarskapen sin i vasskraftproduksjon med mål om best mogleg ivaretaking av natur, miljø- og friluftslivsverdiar.

Utsleppsfri transport Utsleppa frå transport skal vekk. Teknologiutviklinga i transport er enorm. Framtida er elektrisk. I Oslo skal ingen køyretøy bruke fossilt drivstoff i 2030. Det får vi til ved å stimulere til meir bruk av både ny og eksisterande grøn teknologi. Samtidig som vi skal greie ut, teste og ta i bruk ny teknologi som sjølvkøyrande bussar og bilar, skal vi satse kraftig på konvensjonell grøn teknologi som vi veit fungerer: trikk, bane og sykkel.

35

Page 36: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Avfallshandtering utan utslepp Avfallet vårt forsvinn ikkje av seg sjølv. Ressursane våre må gå i sirkel på mest mogleg effektiv måte. Før noko blir kasta, skal det helst ha blitt delt, brukt på nytt og reparert mange gonger. Flest mogleg av materiala som blir kasta, skal bli forsøkt resirkulert utan forbrenning. Avfall som endar med å bli brent, må forbrennast utan utslepp. Avfallshandteringa i Oslo må bli utsleppsfri gjennom fullskala karbonfangst og lagring. Karbonfangst bør finansierast av staten over skattesetelen, men dersom staten sviktar, må Oslo-borgarane og næringslivet ta rekninga.

Ingen fleire besøkande cruiseskip i Oslo Eit skip forureinar like mye som 7000 bilar medan det ligg i hamn, og skipa tek opp mykje av det beste arealet vi har langs fjorden. Vi meiner det er betre å bruke plassen til f.eks. grøntområde, badeplassar, leikeplassar, restaurantar og uteservering. Derfor vil vi ha slutt på cruiseskip i Oslo og heller prioritere utanlandsferjene på landstraum.

Den personlege klimarekneskapen vår skal kunne gå i pluss Av ein gjennomsnittsnordmanns karbonavtrykk står forbruket for over halvparten. Oslo må gjere det mogleg gå leve i balanse med klimaet på kloden. Vi vil kraftig redusere også det indirekte personlege fotavtrykket som strekker seg ut over Oslo. Kapasiteten på flyplassane i Oslo-regionen kan ikkje aukast, flybruken må reduserast. Vi vil legge til rette for gjenbruk, reparasjon og enklare tilgang til berekraftig plantebasert mat.  

Oslo skal bli den første klimanøytrale kommunen i Noreg Kommunale flyreiser skal reduserast sterkt. Bilparken til kommunen skal gjerast utsleppsfri innan 2020. Vi vil miljøsertifisere og innføre klimarekneskap for alle etatar, verksemder og bydelar i kommunen. Det skal vere lønsamt og enkelt for tilsette å gjere grøne val. Derfor skal alle kommunale arbeidsplassar vere sykkelvennlege, med sykkelparkering, lademoglegheit for elsyklar, garderobe og dusjanlegg. Vi vil også gje støtte på 10 kr per kilometer til tilsette som syklar i jobb. I tillegg skal alle arbeidsplassane til kommunen ha elsyklar og eltransportsyklar til bruk i tenestereiser.

36

Page 37: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Ti konkrete kommunale klimakuttforslag frå Dei Grøne: 1. Oppsøkande oljefyrpatrulje som varslar og følgjer opp oljefyrforbod

2. Opprette eigne parkeringsplassar for næringstransport på straum

3. Halvere kjøtforbruket i Oslo, blant anna gjennom innkjøpsmakta til kommunen og ved å

fremje plantebasert kosthald i barnehagar og skolar

4. Elektrifisere alle Ruters bussar og båtar innan 2023

5. Krevje landstraumtilkopling for alle ferjer i rute som kjem til Oslo

6. Etablere støtteordning til kjøp av transportsyklar for privatpersonar, organisasjonar og

bedrifter, og opprette utlånssentralar for transportsyklar

7. Krevje utsleppsfri anleggsverksemd for alle kommunale anlegg

8. Etablere fleire samlastesentralar i Oslo

9. Krevje at alle varer og tenester blir leverte utsleppsfritt for Oslo kommune

10. Tilby eit års gratis kollektivtransport og bildelingsmedlemskap til innbyggarar som kvittar

seg med fossilbilen

FNs berekraftsmål 13: Handle straks for å kjempe mot klimaendringane og konsekvensane av dei Forskarane i FNs klimapanel meiner at to graders temperaturauke er grensa for det naturen kan tole. Stig temperaturen meir enn det, vil klimaendringane bli ukontrollerbare. I tillegg til å kutte i utslepp og fange og lagre CO2 må det satsast langt meir på fornybar energi og annan rein energi.

37

Page 38: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Oslomål 13: Reint vatn og rein fjord Menneska si rovdrift på naturen gjer at økosystema i Oslofjorden er under press, og natur- og friluftsopplevingar står i fare for å bli svekte. Denne utviklinga kan vi ikkje akseptere. Vi vil ta vare på Oslofjorden og elvene i byen, samtidig som vi gjev innbyggarane fleire naturopplevingar.

Ein fjord utan plast Oslo må halde fram med å leie an i kampen mot plastforsøpling. Mesteparten av plasten i fjorden stammar frå personleg forbruk og byggenæringa. Derfor vil vi fase ut bruk av unødvendig eingongsplast i heile Oslo innan 2022 og føre strengare kontroll med byggeplassar. I tillegg vil vi trappe opp arbeidet med å kartlegge plastforsøpling i Oslofjorden og gjere Oslofjorden til eit pionerområde for utprøving av plastfangstteknologi. Bildekk og gummigranulat er dei to største landbaserte kjeldene til mikroplast i havet. Derfor vil vi redusere biltrafikken, teste ut alternativ til gummigranulat og fase ut bruk av gummigranulat på kunstgrasbaner innan 2023.

Elver opp frå røyra Elver i byen gjev innbyggarane fleire moglegheiter for frilufts- og naturopplevingar. Ein fjerdedel av elvene og vassdraga i Oslo ligg gøymde under bakken, og mange andre blir tekne for dårleg vare på. Derfor trengst det ein ambisiøs og heilskapleg forvaltningsplan for alle hovudvassdraga i byen, med mål om ei kraftig auke av vernegrenser, tilrettelegging av økosystem til ulike organismar og opning av det som no ligg i røyr under bakken. Kommunen må også samarbeide med nabokommunar om forvaltning og vern av artar, biotopar og naturområde.

Vern av Oslofjorden Økosystema i Oslofjorden er under press. Heile Oslofjorden skal gjerast til eit nasjonalmarint verneområde gjennom samarbeid med staten og alle kommunar og fylke langs fjorden. Verneområdet skal ha særleg fokus på å sikre den frie og ville naturen på havbotnen, og all råstoffutvinning skal ta slutt, medan berekraftig fiskeri med skånsame reiskapar kan halde fram. Vi vil gå imot all form for botntråling og skal jobbe for at det alltid skal vere berekraftige fiskebestandar i Oslofjorden.

Ta vare på vatnet Oslo har usedvanleg god tilgang på vatn, men når vêret blir varmare og vassforbruket aukar, fører det også hos oss til manko i vassreservoara. I byen vår blir drikkevatn brukt til å vaske tøy og spyle ned i do, samtidig som både drikkevatnet og avløpsvatnet lek frå gamle rør og ut i naturen. Derfor vil vi i løpet av neste periode gjennomføre minst éin pilot for vassgjenvinning i urbane kretsløp der regnvatn og hushaldningsvatn blir reinsa og gjenbrukt til for eksempel vaskevatn og toalett.

FNs berekraftsmål 6: Reint vatn og gode sanitærforhold Alle må ha tilgang til reint vatn dersom vi skal oppnå berekraftig utvikling. Det finst nok ferskvatn på planeten, men dårleg økonomi og manglande infrastruktur står ofte i vegen.

FNs berekraftsmål 14: Liv under vatn Det er verdshava – temperaturen, kjemien, straumane og livet - som driv dei globale systema som gjer det mogleg for menneske å leve på jorda.

38

Page 39: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Oslomål 14: Respekt for dyr og natur Menneska står ikkje heva over naturen, men er ein del av han. Vi har moralsk plikt til å behandle både kvart enkelt dyr og mangfaldet av liv og økosystem med respekt. I Oslo lever det rådyr, piggsvin og grevling i hagane, laks og bever i elva og rovfugl i Rådhustårnet. Både dyra og naturen skal respekterast for eigenverdien sin og for dei grunnleggande behova sine. Vi vil at Oslo skal ha ein nullvisjon for tap av biologisk mangfald.

Større ambisjonar for biologisk mangfald i bynaturen Grøne korridorar med gras, blomar og tre reinsar lufta, medan fuglar får plass til reir, humler og sommarfuglar virrar over gras og blomar, og piggsvin vaggar ut frå ein gøymestad. Biologisk mangfald skal støttast og utviklast i Oslos grøntområde, dei skal ikkje blir reduserte til monokulturar. Derfor vil vi utvikle mangfaldige utplantningsplanar for byens grøne område med mål om 100 000 nye nyttevekstar som frukttre og bærbuskar og bie- og humlevennlege plantar. Samanhengande grøntområde gjev etterlengta leveområde for plantar og dyr.

Ope rennande vatn er ein føresetnad for at dyrelivet kan finnast i Oslo. Med utgangspunkt i elvene og parkane er målet samanhengande blågrøne korridorar frå fjorden til Marka for å sikre biologisk mangfald. Vi skal hindre unødvendig kantslått for å bevare økologisk viktige pollinerande insekt, kjempe mot forbodne framande artar og greie ut korleis utelys kan utformast for å sikre omsyn til det biologiske mangfaldet. Kommuneplanlegginga må aktivt motverke insektdød.

Naturfornying i Marka Trass i at Marka er omfatta av markalova og nærnatur og rekreasjonsområde for over éin million menneske, er det vesentleg meir flatehogst og industriskog i Marka enn i landet elles. Industriell skogdrift truar det biologiske mangfaldet. Det er ikkje nok berre å ta vare på naturen vi har. Derfor vil vi gjere Oslomarka til eit pionerområde for fornying til villare natur, der industridrifta blir lagd om for å få tilbake variert, artsrik og fleiraldra skog.

Flatehogst av skogsområde som har preg av gamalskog, skal stoppast, og klageordningar for hogstmelding styrkast kraftig. Oslo skal verne om ynglande ulv i Marka. Vi vil aldri forhandle bort Marka og skal jobbe for å etablere nasjonalpark i Østmarka og Nordmarka. Oslo kommune skal sikre vern av viktige korridorar for biologisk mangfald i Nordmarka i kommuneplanens arealdel, som første steg i arbeidet for å få til ein nasjonalpark i Nordmarka.

Livet under vatn Når ein tuslar rundt i byen, er det lett å gløyme at berre nokre steinkast unna sym det spekkhoggarar, nysgjerrige selungar, laks som hoppar i Akerselva og urban hummar som bur i hummarhotell på Tjuvholmen. Ved å gjere fjorden leveleg for tare og ålegras legg vi grunnsteinen for at fisk og skaldyr skal kunne etablere seg og få berekraftige bestandar. Dessverre har vi i fleire hundreår behandla elvene og fjorden vår som ein avfallsplass. Det har gjort at indre Oslofjord hovudsakeleg er mudder, slik at lite og ingenting kan vekse der. Slik kan vi ikkje ha det, fjorden må setjast tilbake til god økologisk stand. Vi vil også legge til rette for meir vill aure og laks i elvene i Oslo ved å etablere fleire laksetrapper opp langs Akerselva.

39

Page 40: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

La insekta leve! Insekt, og særleg dei pollinerande, er heilt avgjerande for å halde opp økosystema og for å dyrke mat. Insektdøden er blant dei alvorlegaste truslane menneskeslekta står overfor. Oslo MDG ønskjer derfor ein handlingsplan for å bevare insekta i Oslo. Vi ønskjer ein rettleiar som på enkelt og konkret vis viser korleis ein kan bevare, utvikle og skape område og vegetasjon som er gunstig for insekt og samtidig tek omsyn til behovet for auka karbonfangst gjennom treplanting. Denne kan takast i bruk av innbyggarar, utbyggarar og planleggarar.

Marine nyttehagar Det finst store moglegheiter for berekraftig matproduksjon i fjorden. Vi vil etablere marine nyttehagar i fjorden med dyrking av nesledyr, blautdyr, kappedyr og mikroalgar. Desse kan også fungere som kunstige rev, som vil vere veldig gunstig for å gjenetablere ein sterkt trua kysttorskbestand og andre fiskeartar. I tillegg til matproduksjon og betre oppvekstvilkår for livet i fjorden kan nyttehagane vere ei spennande undervisningsplattform for Oslo-skolen og skape eit større engasjement for fjorden vår.

Ta vare på kattane og støtt hjelparane Svært mange skaffar seg katt, men ikkje alle tek ansvaret som ligg i det på alvor. Resultatet blir heimlause kattar og uønskte kattungar. Vi vil legge betre til rette for sterilisering/kastrering og ID-merking av kattar gjennom opplysningskampanjar og subsidiering. Det er mange frivillige som utrøytteleg arbeider for dyrevern i byen vår. Vi vil legge til rette for at desse dyrevennene kan halde fram og vidareutvikle dette viktige arbeidet.

Oslo som føregangskommune for god dyrevelferd Kommunen manglar ein dyrevernsplan, dette vil vi gjere noko med. Planen bør innehalde tiltak mot etablering av dyreparkar og andre former for framvising av dyr i fangenskap som sirkus og akvarium, mål om å gå imot etablering av hestedrosjer i sentrum og tiltak for å prioritere gardar og ridesenter med betre dyrevelferd ved tildeling av kommunale tilskot. Oslo kommune skal vere ein pådrivar for politietterforsking av dyrekrimsaker og halde fram med å jobbe for innføring av dyrepoliti i Oslo politidistrikt. Vi vil ha dyrevelferd og dyrs eigenverdi inn som tema i Oslo-skolen. Personar som treng dyr av helsegrunnar, bør få moglegheit til terapihund, slik at ein sikrar at dyret blir teke hand om også dersom personen har dårleg økonomi eller er innlagd.

FNs berekraftsmål 15: Liv på land Beskytte, gjenreise og fremje berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvaltning, kjempe mot ørkenspreiing, stoppe og reversere landeforringing og stoppe tap av artsmangfald.

40

Page 41: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Oslomål 15: Naturen som kjelde til livskvalitet Naturen i byen gjev fuglesong i parkane våre, summande bier i kolonihagane og moglegheit for å plukke blåbær i skogholta. Nærleik til naturen er viktig for at innbyggarane skal trivast. Naturen bidreg til rikt friluftsliv og god folkehelse, han gjev barna moglegheiter til utviklande leik og gjer Oslo til ein attraktiv by å bu i og besøke. Derfor skal alle innbyggarar ha god tilgang til grøntområde i nærmiljøet sitt.

Ta betre vare på parkar og grøntområde i byen Mange av parkane og grøntområda i byen har blitt tekne for dårleg vare på over lang tid, noko som fører til at dei blir lite brukte av innbyggarane. Derfor vil vi sikre at parkane og grøntareala i byen blir tekne vare på av kjærlege og kompetente hender ved å ta parkdrifta tilbake i kommunal regi og på den måten sikre erfaringsbasert kunnskap og kontinuitet. Vi vil gje frivillige verktøy til å vere med på å vedlikehalde parkar, etablere drivhus i dei største parkane for å sikre lokalbasert planting og legge til rette for kunnskapsutveksling med innbyggarane. Vi vil forby eingongsgrillar i alle parkar og grøntområde i byen. Utvalde område blir rusta opp med fasilitetar som toalett, benker, fellesgrillar og tak mot regn.

Dei viktigaste grøne lungene i Oslo skal vernast Nokre område i byen vår peiker seg ut som spesielt viktige, både av omsyn til biologisk mangfald og historisk tyding. Desse må bevarast og vernast, slik at også barnebarna til våre barnebarn kan få glede av dei. Akerselva er eit eksempel, dette viktige området for byens historiske utvikling som er nemnt allereie i Sverres saga. Viktige område som Maridalen, Akerselva miljøpark, Bygdøy, Hovedøya, Ravnkollen, Østensjøområdet miljøpark og Ekebergskrenten skal vernast mot all utbygging, inkludert omsynssoner og dei byggefrie belta på 20 meter langs hovudvassdraga.

Asfalt skal bytast ut med parkar og grøne korridorar Parkar og grøntområde sikrar innbyggarane moglegheit for eit sunt og godt liv i kontakt med naturen, men dei er – bit for bit – under press frå utbygging og manglande ivaretaking over tid. Vi vil snu denne trenden. Asfalt skal rivast opp for å lage fleire parkar og grøne korridorar. Ein av stadene vi vil gjere dette, er ved Tullinløkka, som vi vil binde saman med Slottsparken for å lage Oslo sentralpark. Vi vil også opne Bislettbekken, slik at denne blir ein del av parken.

Fleire grøne vegger og tak Meir grønt gjev ikkje berre betre luft – det bidreg også til å redusere faren for flaum, og til trivsel og biologisk mangfald. Fleire fellesareal på taka i byen gjev oss nye grøntområde, men også moglegheit for fleire til å ha eigne uteområde sjølv i den tette byen. Derfor vil vi bruke både tak og vegger i byen til utplanting og gje taka tilbake til folk ved å etablere felleshagar for bebuarar på fleire tak i byen. Vi vil stille krav om at det skal etablerast ein stor grøn park på taket av nye Oslo S. Vi vil også gjennomføre pilotprosjekt for open handtering av overvatn, med regnbed eller andre dreneringsløysingar i gater og byrom.

Naturperlene i fjorden Øyene i Oslofjorden er allereie mykje besøkte, men endå fleire bør bli kjende med desse fantastiske naturperlene. Øyene har unikt, spennande og sårbart planteliv, dyreliv og kulturminne. Samtidig vil vi synleggjere naturmangfaldet og kulturhistoria til øyene betre overfor besøkande. Derfor vil vi legge vatn og avløp til øyene i Indre Oslofjord, ruste opp fasilitetar som toalett, benker og

41

Page 42: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

fellesgrillar, forby eingongsgrillar og annan skadeleg bruk av øyene og skilte fleire naturverdiar og kulturminne for å legge til rette for rekreasjon, sikre unik natur og spreie kunnskap om naturverdiane som finst her.

Meir friluftsliv for folkehelse og livskvalitet Friluftslivet utgjer ein arena for fysisk aktivitet som er open for alle, som bidreg positivt til både fysisk og psykisk helse og er ein nøkkel til livskvalitet og folkehelse. Det organiserte friluftslivets innsats og arbeid er enormt viktig for å stimulere innbyggarane til friluftsaktivitet, og organisasjonane må sikrast ressursar til å halde fram dette arbeidet. Deleordningar for idretts- og friluftsutstyr er fantastiske ressursar som må utvidast og gjerast kjende i befolkninga. Naturen skal vere tilgjengeleg for alle, uansett bakgrunn eller inntektsnivå. Derfor vil vi ha fleire turtrasear og naturstiar langs elver og turområde i byen, og sørgje for at ingen bur meir enn 500 meter frå næraste merkte tursti. Vi vil også sikre enkelt tilgjenge til skog, mark og rekreasjon ved å utvide kollektivdekning til Marka og strender.

Fleire strender og sjøbad Strender, vatn og sjøbad gjev både oslofolk og turistar moglegheit til å bruke byen til rekreasjon. Spesielt om sommaren treng vi frisk luft og reint badevatn lett tilgjengeleg. Strandlinja skal opnast opp for befolkninga og privatisering av strandsona hindrast. Vi vil ha fleire sjøbad og strender for å gje endå meir badeglede til dei som oppheld seg i byen. Tilgangen til badeområda på Sørenga bør bevarast. Den nye Operaparken bør utviklast med strandlinje og halvøya Sukkerbiten behaldast som eit område med fritidsaktivitetar for alle. Vi ønskjer også fleire kaldbadhus og badstover for å auke bruken av fjorden i vinterhalvåret. Samtidig har altfor mange innbyggarar for dårlege symjedugleikar. Alle Oslos innbyggarar bør vere i stand til å berge seg sjølv. Derfor må det sikrast nærleik til badefasilitetar i bydelane, anten det er basseng, badevatn eller strender.

Skogens ro og bølgjeskvulp frå fjorden Stress, psykiske helseplager og inaktivitet plagar mange Oslo-buarar, og kvardagens kjas og mas kan vere ei belastning. Mange oppsøker naturen for å nyte ro og fred og vere i vakre omgjevnader. Det vil vi hegne om. For å sikre at ein framleis skal kunne nyte stille natur, vil vi avgrense motorisert ferdsel og anna støyforureining, og innføre ei støtteordning for utskifting til elmotor for småbåtar. Vi vil også utvide gjeldande 5-knopsgrense i Oslos bynære fjordområde, inkludert rundt byøyene og i andre pressa område.

Friluftslivsferie i eigen by Oslo har potensial som feriedestinasjon også for oslofolk sjølve. Vi vil gjere nærferie heime i eigen by til eit naturleg val. Oslo har mange sterke friluftslivs- og naturorganisasjonar som er svært gode på skape aktivitetar og introdusere folk for friluftslivet. Desse vil vi styrke samarbeidet med. Vi vil gjere det gratis for alle skolebarn i Oslo å reise kollektivt i skoleferiane ved å vise fram skolebevis, i kombinasjon med utviding av byens utlånsordningar for friluftsutstyr. Vi vil også ruste opp fleire kommunale hytter og bygningar på øyene og i Marka, legge til rette for aktivitetar i samarbeid med frivillige organisasjonar og sikre vidare drift av Hudøy feriekoloni.

FNs berekraftsmål 15: Liv på land Beskytte, gjenreise og fremje berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvaltning, kjempe mot ørkenspreiing, stoppe og reversere landeforringing og stoppe tap av artsmangfald.

42

Page 43: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Oslomål 16: Ein ny politisk kultur Det er for vanskeleg å engasjere seg i politiske prosessar, og innbyggarar og bydelspolitikarar har for liten innverknad på saker som påverkar nærmiljøet. Derfor vil vi styrke lokaldemokratiet og gjere det enklare å engasjere seg i politikk.

Gje bydelane meir innverknad Bydelane har ofte lite dei skulle sagt ved avgjerder av lokale saker som er viktige for nærmiljøet, som etablering av fortau, fartsgrenser, fartshumpar og bilfrie soner rundt skolane. Innbyggarane og bydelspolitikarar har ofte betre kjennskap til dei lokale sakene enn politikarane på rådhuset. Derfor vil vi gje bydelane meir innverknad i slike saker og prøve ut deltakande budsjettering i bydelane. Bydelsutvala skal få moglegheit til å bestille tenester og utgreiingar av kommunens etatar og rett til å sende vidare saker med to tredjedels fleirtal til behandling i Oslo bystyre.

Kommunen må vere open og demokratisk Det er for vanskeleg å engasjere seg eller setje seg inn i politiske prosessar, og det er tungvint å komme i kontakt med kommunen. Derfor vil vi styrke det deltakande demokratiet ved å opprette ei rettleiingsteneste for innbyggarar som vil ha hjelp til å fremje forslag og forstå saksgang og dokument. Det skal vere full openheit om kva for saker som ligg til politisk behandling. Saksdokument der offentlegheita har rett på innsyn, skal leggast ut med fulltekst med ein gong. Kommunen skal ha lågare terskel for å informere innbyggarar om viktige saker som påverkar dei.

Kortare avstand mellom politikarar og folk Det må bli enklare å følgje med på politiske prosessar. Derfor vil vi innføre lobbyregister for møte med politikarane og direktesende politiske møte på nett-tv og arkivere dei på kommunen sine nettsider, både i bydelsutval og i bystyret. Vi vil sikre at lokalavisene i Oslo har ei sterk og uavhengig rolle. Politikarar må ha eit forhold til arbeidsoppgåvene i kommunen. Derfor skal heiltidspolitikarar jobbe éi veke i praksis kvart år ved ein relevant arbeidsplass. Vi vil også gjennomgå lønnsnivåa til politikarar med mål om å redusere lønnskostnadene.

Unngå konsentrasjon av uformell makt i kommunen Kommunale toppleiarar har stor makt og forvaltar mykje tillit. Dei må tilsetjast på åremål, og kommunen må i større grad rekruttere leiarar med erfaring frå utanfor kommunen til toppstillingane sine, for å unngå potensial for korrupsjon og kameraderi.

Større innverknad for barn og unge Barn og unge blir påverka av politiske avgjerder og det er eit problem at dei ikkje får nok innverknad i demokratiske prosessar. Derfor vil vi styrke unge perspektiv i politiske prosessar, innføre stemmerett for 16-åringar ved lokalval og opprette eit eige barneråd etter modell frå ungdomsrådet.

FNs berekraftsmål 16: Fred og rettferd Fremje fredelege og inkluderande samfunn med sikte på berekraftig utvikling, sørgje for tilgang til rettsvern for alle og bygge velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå.

43

Page 44: MDG Oslo program 2019-2023 Nynorsk · kjernetid i barnehagen og AKS har vore vellykka tiltak som mange nyttar seg av. Oslo kommune bør satse på universelle og breie tiltak som treffer

Oslomål 17: Den beste byen for verda Oslo skal ikkje berre vere den beste byen i verda, men også den beste byen for verda. Dei siste åra har vi vist at Oslo kan vere ein rollemodell som går føre med radikal og nytenkande klima- og miljøpolitikk som gjer byane betre å bu og leve i. Det må vi halde fram med.

Oslo skal gje miljøbistand til andre byar Klima- og miljøkrisa er her. Der landa sviktar, går byar som Oslo, New York, Paris, Buenos Aires, Lagos og Hongkong føre. Oslos klima- og miljøsatsing har endå større verdi når våre løysingar blir delte med andre. Vi i Oslo skal derfor dele av vår kompetanse og prioritere å hjelpe andre byar med innføring av klimabudsjett, fossilfrie anleggsplassar og omlegging av transport.

Støtte grøne frivillige organisasjonar Frivillige organisasjonar spelar ei viktig rolle i klima- og miljøarbeidet. Unge og gamle samlar seg og står på for måla som politikarane set, men ikkje prioriterer. Oslo skal prioritere å styrke det grøne frivillige arbeidet, slik at den nødvendige utviklinga tvingar seg fram.

Oslo skal vere ein fredsby med rom for debatt Utviklinga av demokrati og fredeleg samarbeid er truga av radikalisering og nye former for propaganda og krigføring. Behovet for dialog og samarbeid er stort. Oslo har god tradisjon for å vere ein møteplass for dialog. Derfor vil vi at Oslo skal stille opp som vertskap for aktørar som ønskjer å diskutere fredelege løysingar på valdelege konfliktar. Vi vil støtte arrangement som bidreg til meir diskusjon på tvers av historiske, religiøse og ideologiske skiljelinjer.  

Reelt samarbeid med byar i heile verda Verda er meir enn New York, London og Silicon Valley, men i samarbeid ser Oslo oftast dit. Spesielt i byar i Afrika sør for Sahara og Aust-Asia ser vi no ei enorm utvikling, og dei opplever dei same problema og moglegheitene som vi har hatt. Oslo skal derfor inngå forpliktande partnarskap med ein by på kvart kontinent.

Betre samarbeid og samband med naboane våre Oslo har mykje felles med Göteborg og København, men likevel gløymer vi ofte naboane våre i aust og sør. Oslo skal vere ein pådrivar for enklare flyt av menneske, varer og kunnskap på tvers av nabobyar på den andre sida av landegrenser. Derfor vil vi ha eit felles samarbeid med naboane våre om kollektiv og næringslivspolitikk, og delta i alle relevante EU-program. Vi vil også jobbe for nattog mellom Oslo og Berlin og høgfartstog mellom Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Göteborg, København og Stockholm.

FNs berekraftsmål 17: Samarbeid for å nå måla For å lykkast med berekraftsmåla trengst det nye og sterke partnarskap. Myndigheiter, næringslivet og sivilsamfunnet må samarbeide for å oppnå berekraftig utvikling. Berekraftsmåla skal fungere som ei felles global retning og prioritert innsats dei neste 15 åra. Erfaring frå tusenårsmåla viser at denne typen målretta innsats verkar.

44