10
Målseng og fokusområde 2021 United Future Lab Norway Ålesund

Ålesund Målsetting og fokusområde 2021 - United Future Lab Koordinator Innovasjonsjegar Næringssjef i Ålesund kommune Koordinator for digital tvilling The North West v/daglig

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

  • Målsetting og fokusområde 2021

    United Future Lab Norway Ålesund

  • 2 3

    InnhaldKva er United Future Lab Norway ______________________________________ 4

    Hovudmål og strategiar ______________________________________________ 5

    Historia bak United Future Lab Norway ________________________________ 6

    Berekraft i ein smart by ______________________________________________ 7

    Frå ord til handling gjennom prosjekt _________________________________ 8

    Smarte berekraftsprosjekt ____________________________________ 8

    Fyrtårnprosjekt ______________________________________________ 8

    Korleis oppstår ein prosjektidé? _______________________________ 9

    Prosjekt i Framtidslaben ______________________________________ 9

    Kva er metoden? ____________________________________________________ 10

    Målinga av Ålesundsregionen ________________________________________ 10

    Organisering og lokasjon _______________________________________________ 11

    Teamet ved United Future Lab Norway ______________________________ 12

    Partnarane _______________________________________________________ 12

    Framtidsrådet ____________________________________________________ 13

    Ansvarsområde ______________________________________________________ 14

    Teamet i Framtidslabens ansvar __________________________________ 14

    Partnaranes sitt ansvar _________________________________________ 16

  • 54

    Kva er United Future Lab NorwayFramtidslaben er eit nettverk av partnarar frå privat næringsliv, akademia, organisasjonar og offentleg sektor.

    Framtidslaben si oppgåve er å legge til rette for at partnarane skal samarbeide om å realisere konkrete prosjekt. I Framtidslaben deler partnarane kunnskap, kompetanse og erfaring slik at dei kan finne felles løysingar på eigne utfordringar.

    Utgangspunktet for arbeidet i og rundt United Future Lab Norway, er FNs analysar av kor berekraftige og smarte samfunn er. Målet er å bidra til å nå FNs berekraftsmål innan 2030.

    United Future Lab Norway er ein del av FNs program for smarte og berekraftige byar – United for Smart and Sustainable Cities implementation program (U4SSCip).

    Framtidslabens kjerne er prosjekt og laben har partnarar som deler kunnskap, kompetanse og idear.

    Bruk av teknologi og simuleringsverktøy er viktig for prosjekta knytt til United Future Lab Norway.Ein viktig faktor som skil Framtidslaben frå andre smarte og bereraftige labar, er forskings- og utviklingsavtalen med Offshore Simulator Center (OSC) for å arbeide med utvikling av digitale tvillingar. Ålesund kommune var den første kommunen i verda som fekk laga ein digital tvilling ved hjelp av OSC og dotterselskapet Augment City.

    OSC har utvikla digitale tvillingar av fleire kommunar. Framtidslaben jobbar for å stimulere til at teknologi og simuleringsverktøy blir tatt i bruk der det er mogleg i prosjekt, og at dei som ønsker det, skal ha tilgang til slike verktøy.

    Framtidslaben er plassert på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK), rett utanfor Ålesund sentrum– i hjartet av kompetanseklynga på Sunnmøre. NMK er ein del av Campus Ålesund, Noregs mest næringsnære campus og knutepunktet i regionen for utdanning, forsking og næringsutvikling.

    Hovudmål og strategiarUnited Future Lab Norways hovudmål er stimulere til handling gjennom prosjekt:

    Gjennom prosjekt mellom partnarar skal United Future Lab Norway sørge for berekraftig by-, samfunns- og næringsutvikling.

    Prosjekta skal bidra til å nå FNs berekraftsmål innan 2030 samtidig som dei skapar verdiar og moglegheiter for dei involverte partnarane.

    For å nå hovudmålet skal Framtidslaben jobbe aktivt med desse strategiane:

    PARTNARSKAP – United Future Lab Norway er bygd opp av partnarar frå det private næringsliv, akademia, offenteg sektor, innbyggarar og frivillige organisasjonar. Partnarane skal samarbeide på tvers i prosjekt som skal bidra til å nå FNs berekraftsmål, basert på resultata av FNs KPI-analyser.

    PROSJEKTFASILITERING – United Future Lab Norway skal legge til rette for at partnarar kan dele kunnskap, kompetanse og erfaring gjennom handlingsorienterte prosjekt.

    MØTEPLASSAR – United Future Lab Norway skal vere den føretrekte møteplassen for å stimulere til - og gjennomføre, prosjekt med fokus på smart og berekraftig by-, samfunns- og næringsutvikling. The North West er ein viktig arena der Framtidslaben bygger relasjonar, deler erfaringar, hever kunn-

    skapen og utfordrar etablerte sanningar.

    RESSURSSENTER – United Future Lab og partnarar skal vere eit ressurssenter for smart og berekraftig utvikling lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt.

    FNs berekraftsmål 17 er hovdumålet til United Future Lab Norway. Berekraftsmålet undertrekar at kvar enkelt aktør ikkje kan nå berekraftsmåla åleine eller gjennom berre eigne enkelthandlingar. Aktørane i samfunnet må jobbe saman og samtidig.

  • 76

    Historia bak United Future Lab NorwayI prosessen der fem kommunar blei til Ålesund kommune 1. januar 2020, var det eit klart politisk initiativ at Ålesund kommune skal vere leiande innan teknologi og innovasjon. I intensjonsavtalen mellom dei fem kommunane står det at den nye kommunen skal ha ei tydeleg satsing på offentleg innovasjon og utvikling:

    Det skal etablerast ei avdeling/fagmiljø for dette i tilknyting til kunnskapsmiljøet på Norsk Maritimt kompetanse - senter (NMK) og NTNU. Avdelinga skal arbeide med å utvikle innovasjonskultur i heile den nye kommunen. Dette omfattar mellom anna å etablere ein kultur for samhandling mellom tenesteområde, mellom politikk og administrasjon, mellom kommune og næringsliv, og mellom kommune og frivillige. Avdelinga skal ta mål av seg til å vere eit nasjonalt ressurssenter for innovasjon i offentleg sektor.

    I tillegg hadde Kari Aina Eik, generalsekretær i OiER (FNs organisasjon for internasjonale økonomiske relasjoner) og leiar og initiativtaker til FN-programmet for smarte og berekraftige byar (U4SSC), ei nøkkelrolle i etableringa av Framtidslaben.

    I mai 2019 var ho i fødebyen Ålesund og snakka med tilsette i kommunen og ved Offshore Simulator Center (OSC). OSC er leiande i sitt felt på simulering for offshore- og skipsindustrien. I møtet med OSC, blei ideen sådd om at liknande simuleringar kan gjerast for byar i deira forsøk på å bli meir smarte og berekraftige.

    Desse møta førte til at Ålesund kommune blei den første norske kommunen som blei med i U4SSC-nettverket, saman med nabokommunane Sula og Giske - også kalla Ålesundregionen. I samband med at kommunane blei med, blei det gjennomført ei kartlegging/analyse av kor smart og berekraftig regionen er. Ålesund kommune blei utfordra av U4SSC til å etablere ein lab og tok utfordringa: Ålesund kommune etablerte United Future Lab Norway (tidlegare Ålesund framtidslab – U4SSC ip) saman med partnarar frå privat næringsliv, akademia og andre aktørar i offentleg sektor.

    7. november 2019 blei Framtidslaben offisielt opna med over 300 besøkande. Den var i drift frå 1. januar 2020.

    Berekraft i eit smart samfunn

    For å vere berekraftig må alle tre dimensjonane i FNs berekraftsmål vere ivaretatte:

    ØKONOMISK: Evna til å tilby inntekt og arbeid til alle

    SOSIAL: Evna til å ha velferdstilbod og like moglegheiter for alle (tryggleik, helse og utdanning)

    MILJØ: Evna til å ta vare på naturressursanes kvalitet og reproduksjonsevne

    GOVERNANCE/STYRESETT: Evna til å oppretthalde stabilitet, demokrati, deltaking og rettstryggleik

  • 98

    Frå ord til handling gjennom prosjektSmarte berekraftsprosjekt

    Framtidslabens kjerne, nav og drivkraft er smarte og berekraftige prosjekt. Laben ønsker at alle partnarar skal delta i minst eitt prosjekt til ei kvar tid. Det kan vere små eller store prosjekt der laben er fasilitator og legg til rette for gode samarbeid. Nokre av prosjekta kan ha bedrifter i førarsetet, medan andre kan være initierte av akademia eller offentlege instansar.

    Kva kjenneteiknar smarte berekraftsprosjekt ved United Future Lab Norway?

    • Prosjekta skal bidra til smart og berekraftig utvikling innan by-, samfunns- og næringsutvikling i alle tre dimensjonane i FNs berekraftsmål – klima og miljø, livskvalitet for innbyggarane og økonomisk

    berekraft. Det er tydeleg definert kva for berekraftsmål prosjektet er knytt opp mot.

    • Prosjektsamarbeidet i Framtidslaben innfrir forventingane frå samfunnet om at bedrifter og organisasjonar skal arbeide aktivt med berekraftstiltak og –rapportering.

    • Prosjekta skal vere økonomisk berekraftige og skape verdi og moglegheiter for den enkelte partnar, på kort eller lang sikt.

    • Fleire av partnarane i laben deltar i prosjektet.• Prosjekta tar utgangspunkt i resultat frå FNs KPI-målingar og må synleggjere forbetringspotensialet. • Prosjekta tar i bruk verktøy innan simulering og visualisering der det lar seg gjere.• Prosjekta er ei kjelde til felles læring og bidrar til kunnskap om beste praksis på berekraftsfeltet.

    Fyrtårnsprosjekt

    Framtidslaben vil arbeide for å dyrke fram nokre prosjekt, som i tillegg til kjenneteikna som skildrar smarte berekraftsprosjekt, har eit ekstra stort verdipotensiale nasjonalt og globalt - og involverer fleire partnarar.

    ØNSKE FRÅ INNBYGGARANE KPI-ANALYSEN

    EI FERDIG LØYSING PÅ EIT PROBLEM SAMHANDLINGSPLATTFORM

    POLITISKE INNSPEL GJENNOM EIT EKSISTERANDE PROSJEKT

    STUDENTOPPGÅVER HACKATHONS

    PARTNARTREFF UTFORDRINGAR I EIGEN ORGANISASJON

    Prosjekt i Framtidslaben

    Korleis oppstår ein prosjektidé?

    PROSJEKTIDÈ PARTNARREKRUTTERING Framtidslabens rolle: MøteplassarKommunikasjonKopling av partnarar, både frå laben og eksternt

    PROSJEKTDEFINERINGFramtidslabens rolle: Kopling til verkemiddel-apparatet

    PROSJEKT-GJENNOMFØRINGFramtidslaben er støtte-spelar og kan ha ulike roller, men er ikkje prosjekteigar og leiar

    Næringsliv

    Akademia

    PlanleggingRessurssettingProsjekteigarskap

    Sivil-samfunnet

    Offentleg sektor

    Prosjektet blir gjennomført med metodikken til prosjekteigar

  • 1110

    Perfomance to benchmarks - key performance indicators dimensions, categories & KPls 95 % + target 66-95 % of target 33-66 % of target Less than 33 % of target No data or no target

    Data reported, no targets yet available. Performance benchmark targets apply to all sections of the graphic.

    Organisering og lokasjon Ålesund kommune har ansvar for dagleg drift og organisering av Framtidslaben. Dette inneber mellom anna ansvar for lokalet ved NMK og stillingsressursar knytt til fasilitering og organisering av arbeidet i Framtidslaben.Framtidslaben disponerer 1300 m2 lokale som partnarane kan bruke fritt etter avtale. Lokalet er godt eigna til både store og små arrangement og er ein naturleg møteplass for relasjonsbygging og prosjektarbeid på tvers av aktørar og sektorar. Framtidslaben har óg sitt eige podkaststudio, og tilbyr drop-in kontorplassar som partnarane kan nytte.

    Kva er metoden?Utgangspunktet for arbeidet i Framtidslaben, er FNs analysar og resultat knytt til nøkkelindikatorar – KpI-ar, for berekraftsmåla. KPI står for det engelske Key Performance Indicator, noko vi kan oversette til viktige nøkkeltal.

    Analysen består av 92 indikatorar som dekker alle samfunnsområde og seier noko om kor stort gapet er mellom FNs berekraftsmål og kor smart og berekraftig samfunnet er no. 17 FN-organisasjonar, 300 bedrifter og organisasjonar står bak utviklinga av nøkkeltala.

    Alle byar og samfunn som gjennomfører analysen, blir målt på dei same nøkkeltala. Slik er det lettare å samanlikne resultata mellom byane og måle utviklinga i arbeidet for å nå FNs berekraftsmål innan 2030.

    Analysen skal hjelpe United Future Lab Norway og partnarane til å identifisere og prioritere nye prosjekt og måle resultata av desse.

    Målinga av Ålesundregionen

  • 1312

    Teamet ved United Future Lab NorwayI lokala til Framtidslaben finn du eit team tilsett av Ålesund kommune som har som mål å fasilitere ogkoordinere arbeidet i og rundt laben.

    Teamet har ansvar for å legge til rette for at partnarane i laben kan samhandle, bygge relasjonar og dele kompetanse. Teamet vil også aktivt jobbe for å spreie kunnskap om dei prosjekta som er på gang i og rundt Framtidslaben.

    Teamet har ansvaret for felles nettside og ei samhandlingsplattform. Hovudformålet med ei felles samhand-lingsplattform er å gi partnarane tilgang til prosjekta i laben. Her skal partnarane både finne informasjon om prosjekta og kunne samarbeide på tvers.

    Per i dag består teamet i framtidslaben av:

    Dagleg leiar

    Framtidsnavigatør

    Kommunikasjonsansvarleg

    Koordinator

    Innovasjonsjegar

    Næringssjef i Ålesund kommune

    Koordinator for digital tvilling

    The North West v/daglig leiar

    PartnaraneSamarbeid om prosjekt kan gje partnarane nye løysingar på eigne utfordringar. Arbeidet i United Future Lab Norway er prosjektbasert. Det er forventa at partnarane er med i minst eitt prosjekt til ei kvar tid. Det kan vere store eller små prosjekt på tvers av bransjar, aktørar og sektorar. Arbeidet som blir lagt ned i prosjekta, skal tilføre bade samfunnsverdi og skape moglegheiter for kvar enkelt partnar.

    Aktive partnarar er ein heilt sentral faktor for at arbeidet i Framtidslaben skal lukkast. Det krevst at partnarane sjølv aktivt bidrar med å bygge relasjonar med andre partnarar i laben og at dei deler av kompetansen og erfaringa si.

    Felles for partnarane er mellom anna at dei:

    Ønsker å bidra til utviklinga av berekraftige byar og samfunn.

    Har berekraft, samarbeid og bruk av teknologi implementert i strategien sin, eller jobbar aktivt for å få dette på plass.

    Har tru på at auka samarbeid mellom samfunnsaktørane vil gi nye forretningsmoglegheiter, auka innovasjonskraft, og betre moglegheiter til å nå berekraftsmåla.

    Er ambassadørar for berekraftig utvikling gjennom å påverke eigen organisasjon og samarbeidspartar til å bidra til å nå berekraftsmåla.

    Framtidsrådet

    Ei vald gruppe frå partnarane er representert i Framtidsrådet som møtast månadleg.

    Framtidsrådet er ei rådgivande gruppe som drøfter moglegheiter og utfordringar i samarbeid med teameti Framtidslaben. Framtidsrådet består av ti valde representantar frå partnarane. I tillegg deltar representantar frå Innovasjon Norge og Forskningsrådet som observatørar.

  • 14 15

    AnsvarsområdeFor å oppnå hovudmålet og gjennomføre strategiane ved United Future Lab Norway krevst det innsats og tett samarbeid mellom partnarane og teamet i laben og partnarane imellom.

    Her er nokre av ansvarsområda knytt til teamet og partnarane konkretisert:

    Teamet i Framtidslabens ansvarTeamet i laben har ansvaret for den daglege drifta og for å legge til rette for at samarbeidsprosjektet hargode føresetnader for å lukkast. Dei er bindeleddet til FN og U4SSC og andre aktørar med grenseflater som er tett opp mot Framtidslaben sine mål. Ut over dette har teamet eit særleg ansvar for det følgande for å bidra til at måla for nettverket blir ein realitet:

    • Stimulere til etablering og utvikling av smarte og berekraftige by-, samfunns- og næringstutviklings- prosjekt.

    • Kople partnarar der ein ser potensiale for samarbeid.• Stimulere til at partnarane samarbeider om innhenting av midlar frå verkemiddelapparatet,

    både nasjonalt og internasjonalt (særleg EU).

    • Spreie kunnskap om - og legge til rette for, bruk av simulerings- og visualiseringsverktøy der det er naturleg.

    • Spreie kunnskap om prosjekta og dele beste praksis innan smart- og berekraftig by-, samfunns- og næringstutvikling.

    • Fasilitere og organisere relevante møteplassar og arrangement.• Inspirere og skape ein kultur for samarbeid på tvers av aktørar og sektorar.• Sikre at den samla kompetansen om smart og berekraftig by-, samfunns- og næringstutvikling som

    partnarane representerer, også blir løfta fram og nytta i andre samanhengar enn i eige konsept.

    • Ta ei sentral og aktiv rolle i styringsgruppa for Det nasjonale bærekraftsløftet og arbeide for at dette blir sett i system og sikra finansiering.

    • Bygge ei sterk merkevare som partnarane opplever som ein konkret meirverdi å vere assosiert med.

  • 1716

    Partnarane sitt ansvarAktive partnarar er ein heilt sentral faktor for at arbeidet i Framtidslaben skal lukkast. Partnarane må bidraaktivt for å jobbe mot berekraftig by-, samfunns- og næringsutvikling saman med dei andre partnarane og teamet i laben.

    For å sikre at Framtidslaben når måla sine, er vi avhengige av at partnarane tar ansvar for å:

    • Aktivt søke samarbeid og samhandling med andre partnarar i nettverket.• Bidra til å skape ein aktiv delingskultur gjennom å dele kompetanse, kunnskap og idear knytt til smart og berekraftig by-, nærings- og samfunnsutvikling.

    • Dele erfaringar frå samarbeid i laben, for felles læring og inspirasjon - og for å bidra til å dele beste praksis knytt til smart og berekraftig by-, nærings- og samfunnsutvikling.

    • Jobbe aktivt for å innlemme innbyggardimensjonen i prosjekta sine.• Kommunisere og spreie informasjon i sine kanalar om aktivitetar og prosjekt som er eit resultat av arbeidet i og rundt Framtidslaben, både interne og eksterne.

  • 18