8
Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 2. Desember 2006 Vardefesten har ikkje vore heilt etter oppskrifta dei siste åra, då elevane har sett på Vardefesten som ein fyllefest. Særleg meiner lærarane og elevrådet at fjorårets Vardefest gjekk litt for langt over streken. I år er det sett i gang ekstra tiltak for å hindre fyll, og rektor Margaret Alme gler seg til årets Vardefest. Les meir side 2 Gamal silo - godt brukt Kvar mandag møter 15 elevar opp for å klatre under leiing av Stig Helset. Det er ikkje eit full- stendig klatrekurs, men heller ei smaksprøve på korleis klatring er. Les meir side 5 God jul til alle frå oss i SVAMPEN Elevane må ta ansvar for å gjere det kjekt - Vardefesten vert så kjekk som ein gjer det til sjølv, seier Oda Ørmen Vinjevoll. Ho er er med på å arrangere årets Vardefest. Meir side 3 SVAMPENredaksjonen: Ingeborg Leira, Tone Rekkedal, Mai-Elin Tran, Ingrid Brautaset, Henrik Faustino Vatnebakk, Pia Roald og Mariann Aurstad. Elevredaktør: Ida-Mari Mork Ansvarlege redaktørar: Jorid Vårdal og Synnøve Moltudal Kontakt oss gjerne på e-post: [email protected] Vil ha rusfri Vardefest SvaMpeN

Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 2. …...Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 2. Desember 2006 Vardefesten har ikkje vore heilt etter oppskrifta dei siste

  • Upload
    others

  • View
    13

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 2. …...Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 2. Desember 2006 Vardefesten har ikkje vore heilt etter oppskrifta dei siste

Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 2. Desember 2006

Vardefesten har ikkje vore heilt etter oppskrifta dei siste åra, då elevane har sett på Vardefesten som ein fyllefest. Særleg meiner lærarane og elevrådet at fjorårets Vardefest gjekk litt for langt over streken.

I år er det sett i gang ekstra tiltak for å hindre fyll, og rektor Margaret Alme gler seg til årets Vardefest. Les meir side 2

Gamal silo - godt bruktKvar mandag møter 15 elevar opp for å klatre under leiing av Stig Helset. Det er ikkje eit full-stendig klatrekurs, men heller ei smaksprøve på korleis klatring er.Les meir side 5

God jul til alle frå oss i SVAMPEN

Elevane må ta ansvar for å gjere det kjekt- Vardefesten vert så kjekk som ein gjer det til sjølv, seier Oda Ørmen Vinjevoll. Ho er er med på å arrangere årets Vardefest. Meir side 3

SVAMPENredaksjonen:Ingeborg Leira, Tone Rekkedal, Mai-Elin Tran, Ingrid Brautaset, Henrik Faustino Vatnebakk, Pia Roald og Mariann Aurstad.Elevredaktør: Ida-Mari MorkAnsvarlege redaktørar: Jorid Vårdal og Synnøve MoltudalKontakt oss gjerne på e-post: [email protected]

Vil ha rusfri VardefestSvaMpeN

Page 2: Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 2. …...Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 2. Desember 2006 Vardefesten har ikkje vore heilt etter oppskrifta dei siste

Nok ein gong er Vardefesten rett rundt hjørnet. Dette er eit hyggjeleg arrangement for elevar og lærarar på Volda vidaregåande skule. Elevane møter opp i finstasen, klare for god mat, flott program og godt sosialt samvære.

Dette har ikkje vore heilt etter oppskrifta dei siste åra, då elevane har sett på Vardefesten som ein fyllefest. Særleg meiner lærarane og elevrådet at fjorårets Vardefest gjekk litt for langt over streken. Det er sagt at det aldri før har vore så gale. Vardefesten på Volda vi-daregåande skule skal vere rusfri.

Margaret Alme, som er ny rektor for året, har sett seg som mål at dette ikkje skal hende i år og. I samråd med lærarane og elevrådet på skulen, har dei kome fram til at reglane skal skjerpast drastisk inn.Ho seier ho kan ikkje forsvare ein Vardefest på lik linje med den som var i fjor. Det var vanskeleg å tru lærarane på sine ord når dei fortalde om fjorårets fiasko. Betre blei det ikkje då ho høyrde ein meir detaljert versjon frå elevrå-det. Eg trudde ikkje at noko slikt kunne gå føre seg i regi av ein skule, sukkar ho.

Strengare reglar og vakthaldMargaret og avdelingsleiar Jørund Fet har saman gått rundt til alle klassene, og klart og tydeleg gjort greie for korleis Vardefesten skal vere i år. Før dette, var det ikkje alle elevar som hadde fått med seg alt, og rykta gjekk. Utvising, politianmelding og enda verre, kontakting av foreldre. Det er no bekrefta at ein kan bli anmeldt for politiet for å nyte alkohol på of-

fentleg område. Dei som er under 18 år, og blir tekne i berusa til-stand, kan og forvente seg at fore-ldra blir kontakta. Vidare kan ein bli utvist frå skulen for ein dag. Vardefesten skal heller ikkje vere eit vorspiel for fest eller nachspiel seinare, dette er fordi ein er redd for styr i etterkant.-Elevane har ikkje vore positive til dette heile vegen, men eg føler vi no har fått ein god dialog. Eg har store forventningar til Vardefesten i år, seier ho nøgd. Elevrådet er no positive og det ser ut til at fleire og fleire elevar meiner det same.

Saman med dei meir strenge reglane kjem det og betre vakthald på Vardefesten. Elevrådet med-deler til alle at det vil vere både mannlege og kvinnlege vakter. Alle elevar vil gå gjennom ein grundig kontroll før dei kjem inn. Ein vil unngå at enkelte elevar øydelegg for dei andre. Vardefesten kan nemleg bli stengt

av, dersom folk kjem inn i rusa tilstand eller har med seg alkohol inn.

Flott programDet er som vanleg gjort mykje ar-beid med å få til eit godt program og mange vil vere med. Også rek-tor gleder seg til dette og trur det vil verte fint og variert.Eg ønskjer likevel ikkje å sjå uthenging av personar eller såkalt «underbukse humor». Det meiner eg elevane skal vere for vaksne til.

Gler segRektor Margaret Alme ser fram til Vardefesten og trur det vert ein flott fest for alle, og ho håpar verkeleg at elevane forstår det som er blitt sagt. -Det er ikkje til å sjå vekk i frå at det vert ein flott kveld med fint program, god mat og mykje dans. Vardefesten skal vere noko alle gler seg til.

Av: Ingeborg Leira

* Rektor Margaret Alme ser fram til ein rusfri Vardefest

Vil ha rusfri Vardefest

Page 3: Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 2. …...Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 2. Desember 2006 Vardefesten har ikkje vore heilt etter oppskrifta dei siste

- Det blir ikkje kjekkare enn du gjer det til sjølvVi snakka med leiaren for Vardefesten, denne gangen er det Oda Birgitte Ørmen Vinjevoll som er leiar. Ho håper at festen kjem til å gå bra, men ho fryktar det verste.

- Det har ikkje vore så mykje snakk om drik-king i år, men eg føler at det er berre rundt meg, at dei er meir forsiktige med å snakka om akku-rat dettte, fortel ho. Det er strengt vakthold i år. Før ein skal sleppe inn nokon i salen skal alle bad, krikar og krokar sjekkast for alkohol, og når festen byrjar og ein skal inn døra vert ein møtt av 2 vakter, som skal undersøkjer deg og veska di om du tek med deg noko drikke. Deretter kjem ein inn til stempel vaktene. Her skal ein sjekke både namn og bilete, om det verkeleg er deg. Når ein trur ein er ferdig med all sjekkinga og skal gå inn i salen er der enda 2 vakter som skje sjekke om du no har fått med deg noko alkohol.

Kjekt å arrangere Var-defestOda synest det har vore kjekt å arrangere Varde-festen, fordi ho har hatt så mange flinke folk som har hjelpt til med alt, og det går veldig bra. Det ho synst er svært trasigt er at ho får “pepparen” frå elevane, ho er sjølv elev og tykkjer det er dumt at reglane må vere så strenge, men tiltak må til. Ho skjønar godt at tredjeklassingane er sure for det ikkje blir

nachspiel, det hadde ho sjølv blitt hadde ho vore tredjeklassing, men dette var det rektor og Jørund Fet som bestemte. - Førebuinga før festen går kjempe bra, seier ho. - Folk er kjempe flinke til å hjelpe til og ordne. Eg er stolte av dei som er med i komiten. No er nesten alt ordna og det er berre utføring av festen igjen. Eg trur det blir kjempe bra seier Oda og smiler.

Dårleg Vardefest?Svampen gjennomførte ein undersøkelse på kva folk meinte om Varde-festen denne gongen. Her fekk vi eit klart svar på at over halvparten meiner at Vardefesten kjem til å bli dårleg i år. Grunnen til dette var at reglane er alt for strenge. Mange av tredjeklass-ingane meinte at de var kjempedumt at dei ikkje fekk ha nachspiel i år fordi at då har dei ikkje noko å sjå fram til etterpå. Dei trudde at fleire kom til å drikke på Vardefesten sidan det ikkje blei nachspiel. Sidan folk synast det var dårleg, tok vi også med i undersøkelsen eit spørsmål om dei ville ha komt hadde nokre elevar arrangerte privat juleball, fleirtal var på veit ikkje/vil.

Bursdagar i desember:

Ingvil Håberg 02.12 1MU1 Idun Bakke Liaskar 03.12 1ST1 Lene Christine Drabløs 03.12 1MK1 Marit Bjørndalsbakke Skaar 04.12 3AF2 Cathrin Myrold 04.12 2AF2 Marita Aam 05.12 3AP1 Geir Brudevoll Selvåg 06.12 3AF2 Romina Angelica Lorca Mino 06.12 1ST3 Richard Patrick Haugen Olsen 07.12 3AF2 Ole Marius Farstad 08.12 3AP2 Marcus Lund Osdal 10.12 2ØA1 Ingrid Kalvatn 11.12 2AF3 Åsne Burgess Øyehaug 12.12 1ST2 Line Risholm Velle 12.12 2AF2 Christoffer Knotten Eikrem 12.12 1MK1 Ida Vartdal 13.12 1MK1 Amanda Sunita Heggen Bahl 13.12 3ØA1 Karoline Raftevold Mo 14.12 3AP2 Nikolai Brune Engeset 16.12 1ST1 Ivar Flugekvam Nordang 16.12 2AF3 Sindre Flø Hunnes 17.12 2AF3 Torstein Kvamme Holum 19.12 2MU1 Kenneth Gjersdal 19.12 3MK2 Elisabeth Brattli Tonheim 20.12 3ØA1 Trine Rekkedal 20.12 2MK2 Martin Welle Skaar 21.12 3ØA1 Ida Mari Mork 24.12 2MK1 Ole Martin Vik Dahle 25.12 1ST3 Guri Aksnes 26.12 2AF3 Khurshid Samimi 29.12 1ST1 Ståle Kristensen 30.12 3MK2 Malene Vågen Dimmen 30.12 3AF1

Noko måtte gjerastSom ein ser er reglane strenge i år, men noko måtte gjerast. -Det var heilt forferdelg i fjor, seier Oda.

- Eg vil tilføye at eg vil heller ha det strengt enn ikkje noko vardefest i det heile. Av: Pia Roald og Mariann Aurstad

Page 4: Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 2. …...Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 2. Desember 2006 Vardefesten har ikkje vore heilt etter oppskrifta dei siste

Designspire med cubanske anerHo heiter Natalie og er halvt cubansk. Bestefaren portretterte sjølvaste Che Guevara og bestemor hennar er nakenmodell og indianar. Natalie sjølv er Mac’ frelst og er ein klas-sisk datanerd.

- EG HAR EI VELDIG kort lunte og let ikkje folk tråkke på meg, er noko av det første Natalie seier.

Natalie Diaz Rakvåg hoppar opp på pulten med den høgst elska kvite Imac’en sin. Ho driv no fortida med å lage ein dokumen-tarfilm som skal visast på doku-mentarfilmfestivalen.

Natalie er ei 18 år gammal jente, født 4. april 1988. Ho er født og oppvekst på Vatne i Haram kom-mune. Ho er for tida singel, men legg ikkje skjul på at ho har eit godt auge til ein spesiell ein. Den utkåra er nærmare 30 og bur i Bergen.

SOSIAL ANGSTNatalie går medium og kommu-nikasjon, Vk1 her i Volda og har blitt ein einsam hybelbuar. Ho for-tel at ho lir av ein sjukdom, sosial angst som gjer at ho helst vil bu aleine. Sosial angst er redselen for å dumme seg ut eller bli audmyka når andre ser på. Redd for opp-merksomheit frå andre og redd for augekontakt. Det handlar om å vere redd for slike enkle situasjonar som det å møte på skulen og treffe andre menneske. Det er ein sjukdom du ikkje kan kontrollere, og tilføyer det at ho aldri har vore på kino aleine før. Det er som å gå på ein vegg fysisk. Men Natalie er heldigvis på betringens veg.

MAC ER TINGENKva interesserar deg, kva driv du med om dagane?Natalie klør seg i hovudet og ser fortrolig på Imacen sin. Det som interesserar meg er sjølvsagt Imacen. Det i grunn bak skjer-men eg held meg. Leikar meg i photoshop, redigerer bilder av meg sjølv og venner. Eg spelar også eindel spel og eg skal ikkje legge skjul på at eg er ein klassisk datanerd. Rollespel er også ein av favorittane. Da kan eg, evt. Saman med nokre få vener samlast og drive med skodespel, kanskje vi filmar litt òg seier ho smilande.

CUBANSKE ANERKan du beskrive deg sjølv med tre ord?Lita, sta og eg har ei veldig kort lunte, svarar ho kjapt. Dette har eg mest truelig arva etter mine foreldre og besteforeldre. Natalie er halvt cubansk og har bestefore-ldre i Cuba, der bestemor hennar er indianar av Sioux-stamma og bestefaren tok det berømte bildet av Che Guevara, ein argentinsk kommunist. Che brukte livet sitt på og sloss mot undertrykking og imperialisme. Mest kjent for si rolle i den cubanske revolusjonen i 1959.

GRAFISK DESIGNKva er planane dine for vidare utdanning?Planane er først og bli ferdig med

VK 2 her i Volda, så for å fortsette vidare på høgskule med ei studi-eretning retta mot grafisk design.Den store draumen er å starte eit firma for seg sjølv, eg og bror min i Kuba svarar ho kjapt.

Grafisk design er å designe firmal-ogoar, motekle og layout på blad. Ein grafisk designar lagar det designet du måtte ynskje deg seier ho medan ho stolt viser fram ein logo ho har designa heilt sjølv.

Vi runda av intervjuet med å ynskje henne lykke til vidare med kjærleiken, angsten og planane som grafisk designar i Cuba sa-man med bror hennar.

Av: Ida Mork

*Natalie drøymer om å reise til Cuba og starte eige firma innan grafisk design.

Page 5: Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 2. …...Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 2. Desember 2006 Vardefesten har ikkje vore heilt etter oppskrifta dei siste

Gamal silo godt bruktKvar mandag møter 15 elevar opp for å klatre under leiing av Stig Helset. Det er ikkje eit fullstendig klatrekurs, men heller ei smaksprøve på korleis klatring er.

Vi møter opp utanfor den 10 meter høge siloen. Stig Helset som er leder for klatregruppa kjem kjørande og låser opp for oss. Det er 30 elever som er fordelt på 2 grup-per. Vi er på måndags gruppa. Med ein gong vi

kjem inn i siloen byrjar elevane å ha på seg ut-styret og ordne til taua.

EI SMAKSPRØVEAlt utstyret får dei låne der, men dei fleste har kjøpt seg klatresko sjølv. Grunen til at dei får låne

utstyret er fordi dette berre er eit 2 timarskurs, og ikkje eit fullstendig klatrekurs. Det er meir ei smaksprøve på korleis klatring er og om dette er noko for dei. Dei er to og to når dei skal klatre. Ein står nede å held taue og den andre klatrar. Dette byttar dei på. Ein kan ta forskjel-lige «baner», dette gjer ein med å velje kva klosser ein vil klatre på. Dei har forskjellige fargar for kor vanskeleg det er.

KLATRETURARDet er kladt der inne så Stig sett på ovnen.- Vi brukar å arangere 2 klatreturar i året, men no til hausten vart det desverre ikkje noko av, difor skal vi få til ein tur før sommaren, fortel Stig Klatredagane tek dei som regel dei dagane skulen har skidag eller fjelldag.

FYSISK UTFORDRING Ein av elevane på kla-tregruppa er Webjeørn Yksnøy Bergmann. Han synest klatring er kjekt. - Det er ei fysisk ut-fordring, så då er det ekstra stas når eg når toppen! Seier han.

Kvifor valde du klatring?- Eg hadde lyst å lære meg å klatre, sidan eg synest det såg morsomt ut.

Kva utstyr har du ? - Eg har klatresele og klatresko. Viss ein skal ha klatresko må ein kjøpe dei sjølv, men det er sjølvsagt frivillig om ein vil kjøpe dei. Eg vil oppfordre alle som vil klatre å kjøpe seg klatresko sidan då er det lettare å klatre. Webjørn vart litt skuffa når klatreturen deira blei avlyst, men Stig har lova dei å fare på klatretur til Hjartåbygda snart.

Av: Pia Roald og Mariann Aurstad

* Her viser Webjørn oss korleis dei gjer det når dei klatrar.

Høyr på Radiohaud!

Fredagar kl. 19.00 på Bygderadio Vest sin frekvens (105,5/103,7/104,9).

Page 6: Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 2. …...Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 2. Desember 2006 Vardefesten har ikkje vore heilt etter oppskrifta dei siste

5 på skulen om kantina1. Handlar du i kantina?2. Kva synest du om kantineprisane?3. Kva synest du om utvalet i kantina?4. Kva synest du manglar?

Kristian Glomnes 1. Ja, eg brukar den av og til.2. Maten er altfor dyr, men drikka har greie prisar.3. Det e bra.4. Nei, eg synest der er det grunnleggjande.

Karen Røed1. Ja, ofte.2. Det er litt for dyrt.3. Det er bra, men dei burde selje graut mykje oftare.4. Tyggis!

Emilia Ragnarsdòttir 1. Ja, men eg kjøper kun sjokomelk.2. Prisen på sjokomelka er grei, maten er for dyr.3. Heilt greitt.4. Pepsi Max!

Rune Nyhammer1. Veldig sjeldan.2. Alt for dyrt. Dei bør senke prisane.3. Det er dårleg.4. Dei burde ha gratis plastkoppar!

Håvard Krøvel Velle1. Ja, av og til.2. Er ikkje særleg verre her enn andre plassar.3. Greitt nok. Eg er ikkje så fancy, så eg treng ikkje salatbar.4. Varme parfymerte våtserviettar. Sånne som vi får på fly!

P-pillarKva er og korleis verkar p-pillar?P-pillar kallast ofte kombinasjos-pillar fordi dei inneheld begge dei kvinnelege kjønnshormona østrogen og gestagen. Det finst forskjellege typar og alle verkar på same måte. P-pillar hindrar befruktning på fleire måtar ved å:• hindre egget i å modne og løsne frå eggstokken, slik at det ikkje kjem nokre egg som kan bli be-frukta.• gjere slimet i livmoråpninga seigt og vanskeleg for sædceller å trenge gjennom.• påverke innsida av livmora (livmorslimhinna) slik at det blir vansklegare for egget å feste seg der.Ikkje noko prevensjonsmiddel er 100% sikkert, men p-pillar er av dei sikraste midla vi har i dag, om du brukar det riktig.

Kan alle jenter bruke p-pillar?Alle unge friske jenter kan van-legvis bruke p-pillar.Dei som ikkje bør bruke p-pillar er:• kvinner over 35 år som røykjer.• kvinner med arveleg disposisjon for hjarte-karsykdommar.• kvinner med høgt blodtrykk.

Kva må eg gjere for å få p-pillar?Du må oppsøke lege som skriv ut ein resept til deg som kan vare i opptil tre år. P-pillar får du kun kjøpt på apotek. Legen må vite noko om helsa di og spør deg om forhold som angår di eiga og fa-milia si helse. Blodtrykket ditt blir også målt. Det er ikkje nødvendig med underlivsundersøkelse for å byrje med p-pillar. Legen vil kan-skje likevel foreslå ein slik under-

Om pre vensjon

Page 7: Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 2. …...Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 2. Desember 2006 Vardefesten har ikkje vore heilt etter oppskrifta dei siste

Om prevensjonsøkelse for å ta ein klamydiaprøve av deg. Det bestem du sjølv. Det er ingen bestemt aldersgrense.

Korleis skal eg bruke p-pillar?Du må bruke dei regelmessig. Dei fleste brukar dei på denne måten:• du tar ein pille kvar dag i 21 dagar (eit brett)• deretter sju dagar utan pillar (den pillefrie veka)• så 21 dagar med pillar (eit nytt brett) osv. Alternativt kan ein bruke p-pillar med 28 pillar på eit brett. Då tek ein pillar utan hormoner den siste veka på brettet i staden for å la være å ta piller denne veka. Dette er på grunn av at nokon jenter synest det er lettare å huske pil-lane når dei kan ta dei kvar dag. I den pillefrie veka (eller siste veka med pillar utan hormonar på brett med 28 pillar) brukar det å komme ei blødning. Den kan være noko mindre enn vanleg menstru-asjonsblødning. Dette er normalt.Bruksanvisning følger med i kvar pakning. Den kan variere noko frå merke til merke. Den må følgast.

Er p-pillar sikre frå første dag?Startar du med pillane den første eller andre dagen av ein menstru-asjon eller et abortinngrep er du sikker frå første pille. Ved oppstart utanom dette er du sikker først frå åttande pille, og du må difor bruke annan prevansjon i tillegg dei første sju dagane. Du er også sikker i den pillefrie veka. Om du gløymer å ta ein pille, så må du ta den så snart du oppdagar det, og fortsette som vanleg ut brettet.

OBS! Om det går meir enn 36 ti-mar mellom to pillar må du bruke kondom i tillegg i sju dagar. Det same gjeld om du kastar opp eller

har diaré i fleire dagar: Fortsett å ta pillane, men bruk kondom i tillegg. Gløymer du ein pille den første veka på eit nytt brett bør du også bruke nødprevansjon. Om du brukar medisinar for andre sjuk-dommar, er det lurt å spørre legen om desse verkar inn på sikkerheita til p-pillane. Det kan vere lurt å ta pillane på eit fast tidspunkt kvar dag, gjerne i samband med ei dagleg rutine.

Er det farleg å bruke p-pillar?P-pillar som brukast i dag, regnast ikkje som farlege. Derimot besky-ttar p-pillar mot visse krefttypar i underlivet. I svært sjeldne tilfelle kan bruk av p-pillar føre til blod-propp.

Kva gjer eg om det ikkje kjem noko blødning sjølv om eg tar pillen regelmessig?Om blødninga uteblir heilt, ein enkelt gong, skal du berre fortsette med pillane som vanleg. Om det same gjentek seg to gongar på rad, bør du oppsøkje lege. Legen vil da også undersøke om du kan være gravid.

Har p-pillar nokon bivirkningar?Enkelte kan få ein del plager:• uregelmessige blødningar• hovudverk• kvalme• vektauke• humørforandringar• nedsett lyst på sex

Dette er ikkje farlig. Som regel vil desse plagene forsvinne av seg sjølv etter eit par månader. Små-blødningar kan forekomme særleg i den første tida. Om det ikkje gir seg etter tre månader, bør du opp-søkje lege. Då kan du eventuelt bytte p-pille merke eller gå over

til anna type prevansjon. Diskuter dette med legen din.

Kan eg slutte med p-pillane midt i eit brett?Du bør ta heile brettet ut. Om du sluttar midt i brettet, kan du få uregelmessige blødningar ei tid framover. Om du skal slutte med pillane: Husk å ta pillar minst sju dagar etter siste samleie, om du ikkje ønsker å bli gravid.

P-ringKva er og korleis verker p-ringen? P-ringen er det nyaste prevans-jonsmiddelet på markedet. Den inneheld i likheit med p-pillar to kjønnshormon – østrogen og gestagen, men tilfører kroppen langt mindre hormonar enn p-pil-len. P-ringen verker ved at slimet i livmorhalsen blir tjukkare og den hindrar eggløysing. Ringen set du sjølv inn i skjeden. Den skal sitte i tre veker utan å fjernast, så ei veke opphald med blødning før ny ring settast inn. P-ringens nøyaktige plassering i skjeden er ikkje viktig. Når den er på plass, er den like sikker som p-pillar. Ringen skal helst settast inn frå første til femte dag av menstru-asjonen, men er ikkje sikker før etter sju dagar. P-ringen kan stort sett benyttast av alle unge, friske jenter.

Korleis får eg tak i p-ringen?Du må få resept av lege. Under-livsundersøkelse er ikkje nød-vendig, du bestem sjølv om du treng ein “sjekk”. P-ringen gir færre bivirkningar enn p-piller, og kostar ca 100 kr i månaden.

Av: Ingrid Brautaset

Om pre vensjon -

Page 8: Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 2. …...Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 2. Desember 2006 Vardefesten har ikkje vore heilt etter oppskrifta dei siste

Borat: Cultural Learnings Of America For Make Benefit Glorious Nation Of Kazakhstan

Sacha Baron Cohen, som blant anna er kjend for sin rollefigur: Ali G, lar endeleg sin kazakhstan-ske journalistfigur Borat Sagdiyev få sin eigen film. Vi følger Borat ut av Kazakhstan, til US and A, som han kallar landet, der han skal lage en dokumentarfilm om US and A. På sin ferd gjennom det amerikanske kontinentet møter Borat virkelege mennesker i virkelege situ-asjoner, og det fører til hysterisk morsomme kon-sekvensar. Hans usiviliserte og bissare oppførsel skapar sterke reaksjonar og avslører fordommar og hykleri blant den amerikanske kulturen.

Borat blei eit fenomen i England og resten av Europa gjennom Baron Cohens TV-show Da Ali G Show, der hans merkelige humor og sylskarpe satire på an-tisemittisme, kvinnehat og rasisme, kom til live gjen-nom denne figurens bisarre oppførsel og intervjuer. Borat-figuren har gått ut med støtte til skodespelar Mel Gibson, etter at hans utsagn om jødane då han blei tatt for fyllekjøring i sommar: - Vi er enige med ham i at jødene har startet alle kriger. Vi har også bevis for at jødene er ansvarlige for at alle dinosaurer er døde.

Men som Borat seier til publikum : - I hope you like the government of Kazakhstan,if film not success, I will be execute.Sjå den på kino.

Volda Filmteater:Fredag 22/12 2006 kl 22.00Tysdag 26/12 2006 kl 19.00Tysdag 26/12 2006 kl 21.00Torsdag 28/12 2006 kl 19.00Torsdag 28/12 2006 kl 21.00Måndag 01/01 2007 kl 19.00Måndag 01/01 2007 kl 21.00

-FILM - FILM - FILM - FILM - FILM - FILM- Flushed away

Roddy er ei bortskjemt rotte som bur i ei fancy leilighet i London. Ein dag blir han forstyrra i sitt vesle paradis av Sid, ei rånete kloakkrotte som kom seg opp fra undergrunnen gjennom røra i leiligheita. Sid tar seg raskt til rette i Roddys luk-seriøse leilegheit.

Roddy blir fortvila over situasjonen og bestemmer seg raskt for å lure Sid ned i toalettet, slik at ho kjem att til undergrunnen.Uheldigvis for Roddy har Sid opplevd dette før og Roddy blir sjølv offer for sin sleipe plan. Gjennom ei skikkeleg nedsusing havnar Roddy i Londons kloakk. Han befinn seg no i ein verden av desillusjonerte gnagara og innbitte gangs-terrotter, i tillegg til sangfulle snegler og ikkje minst den sveisne musa Rita.

Flushed Away er ein animert komedie fra Dream-Works Animation, som blant anna står bak: Shrek, Madagaskar og Wallace & Gromit - The Curse of the Were-Rabbit.

Sjå den på kino..

På Ørsta kino: 26. des kl. 18:3028. des kl. 18:3022. des kl. 17:00

Kjelde: Filmweb, IMDBAv: Henrik Faustino Vatnebakk

-FILM - FILM - FILM - FILM - FILM - FILM-