42
1 Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE ROMANAR: AINA BASSO: FINNE LY Historisk roman om fordommar og fridom Skogen syg meg inn i seg og lukkar seg rundt meg, slik han løynde meg då eg trong han, eit ly mot dei som jaga meg. Det kunne gått så gale, alt saman. Men det har gått godt i staden, og no er eg her. Finnskogen, 1849. Hanna søkjer teneste hos ein enkemann med to søner. Karfolket på garden har ikkje mykje til overs for dei som er av reisande slekt, og Hanna må halde tett om kven ho er. Den yngste sonen får eit godt auge til henne, men odelsguten står i vegen for hans forsøk på å nærme seg. Fordommar, frykt og sjalusi gjer seg etterkvart gjeldande, og Hanna må ta stilling til kva tryggleiken er verdt om han går på kostnad av hennar eigen fridom. Finne ly er ei forteljing frå romanifolkets nære forhistorie, som også speglar vår tid. Aina Basso (f. 1979) kjem frå Giske. Ho debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. I 2010 følgde ho opp med ein roman for vaksne, Fange 59. Taterpige. I 2012 kom ungdomsromanen Inn i elden, som vart nominert til Brageprisen og Nordisk Råds Pris for beste barne- og ungdomsbok 2013. Basso er utdanna historikar og bur i Oslo. ROMAN | ISBN: 9788252185348 | Pris kr 369,- | Utg. september

Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

1

Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE ROMANAR:

AINA BASSO: FINNE LY Historisk roman om fordommar og fridom Skogen syg meg inn i seg og lukkar seg rundt meg, slik han løynde

meg då eg trong han, eit ly mot dei som jaga meg. Det kunne gått så gale, alt saman. Men det har gått godt i staden, og no er eg her. Finnskogen, 1849. Hanna søkjer teneste hos ein enkemann med to søner. Karfolket på garden har ikkje mykje til overs for dei som er av reisande slekt, og Hanna må halde tett om kven ho er. Den yngste sonen får eit godt auge til henne, men odelsguten står i vegen for hans forsøk på å nærme seg. Fordommar, frykt og sjalusi gjer seg etterkvart gjeldande, og Hanna må ta stilling til kva tryggleiken er verdt om han går på kostnad av hennar eigen fridom.

Finne ly er ei forteljing frå romanifolkets nære forhistorie, som også speglar vår tid. Aina Basso (f. 1979) kjem frå Giske. Ho debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. I 2010 følgde ho opp med ein roman for vaksne, Fange 59. Taterpige. I 2012 kom ungdomsromanen Inn i elden, som vart nominert til Brageprisen og Nordisk Råds Pris for beste barne- og ungdomsbok 2013. Basso er utdanna historikar og bur i Oslo. ROMAN | ISBN: 9788252185348 | Pris kr 369,- | Utg. september

Page 2: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

2

BRIT BILDØEN: SJU DAGAR I AUGUST Gripande undergangsforteljing I løpet av ei veke i august opplever Sofie og Otto ei rekkje små ulykker. Kvar for seg er ikkje desse hendingane så alvorlege, men dei avslører små og store sprekkar både i ekteskapet, på jobben og i samfunnet rundt dei. Er alt i ferd med å falle frå kvarandre? Eller er desse ulykkene påminningar om ein større livskatastrofe? Romanen er lagt fram i tid. Sofie jobbar på Munch-museet i Bjørvika, Otto er leiar for FROM, Foreningen for romfolket. Dei har busett seg på Tøyen i Oslo. Valet av jobb og bustad er del av ein plan for overleving. Det er åtte år sidan terrorangrepet, der Sofie mista dotter si. Ekteparet har halde det gåande fram til denne veka i august. Men kor lenge kan sorgarbeid vere ein felles prosess? Medan regnstormar herjar og konfliktane tårnar seg opp, blir det klart for Sofie og Otto at dei ikkje kan la livet gå vidare som før. Brit Bildøen (f. 1962) debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn. Ho har fått strålande kritikkar for romanane Alt som er (2004), Mitt milde vesen (2006) og Adam Hiorths veg (2011). Ho har

også omsett fleire bøker, mellom anna Pia Juuls Mordet på Halland (2010) og Patti Smiths Just kids (2012). ROMAN | ISBN: 9788252182767 | Pris kr 369,- | Utg. august

Page 3: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

3

JON FOSSE: TRILOGIEN ANDVAKE. OLAVS DRAUMAR. KVELDSVÆVD Nydeleg om kjærleiken Endeleg er Jon Fosses kritikarroste og lysande kjærleikstrilogi om Asle og Alida samla i ei bok. Andvake (2007) er ei vakker og urovekkjande forteljing om spelemannen Asle og kjærasten Alida. Huslause og søvnlause vandrar dei i regnet i Bjørgvin. Dei drep for å skapa eit liv for seg sjølv og barnet dei ventar. I Olavs draumar (2012) møter vi Asle på veg for å skaffe ringar. Asle og Alida skal bli ektefolk. I staden endar Asle med å bøte med livet for gjerningane sine. I det siste bandet, Kveldsvævd (2014), får vi vite korleis det gjekk med paret som ofra samvitet for kjærleiken gjennom gamle Ales, dotter til Alida. Vi følgjer Alida og den vesle sonen Sigvald tilbake til Dylgja, staden Asle og Alida ein gong rømte frå. Trilogien er eit meisterverk om to elskande som prøver å finne sin stad i verda. Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela

blir sette opp over heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i både inn- og utland og er av kritikarar blitt omtalt som det 21. hundreårets Beckett. ROMAN | ISBN: 9788252186512 | Pris kr 369,- | Utg. august

Page 4: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

4

METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER ETTER MONSUN Mennesket i den store samanhengen Sikkimsdalen i Himalaya. NATO har erstatta det britiske imperiet. Med vid utsikt frå cockpiten reflekterer jagarpiloten Venor over si rolle i storpolitikken. Ikkje langt frå basen bur tebonden Pasi. Hans blikk er retta mot dei nære tinga, mot grønsaker og teplanter. Hans mål er å få dei til å vekse, trivast – og smake godt. Gjennom å skildre alt fra dei høgste, tynnaste luftlaga til dei minste minerala i jorda, utforskar Karlsvik personlege og nasjonale relasjonar. Ho let kvardagen til menneska i Sikkim spele seg ut mot ein global bakgrunn, og viser korleis politiske, økologiske og militære forhold er ein del av dette dagleglivet. Mette Karlsvik (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Ho har sidan skrive både for barn og vaksne, og til fulle vist at ho er ein av dei mest spennande unge forfattarane i

Noreg. I 2012 fekk ho både Bohandlarstipend, Stig Sæterbakkens minnepris og Skien kommunes kunstnerstipend. ROMAN | ISBN: 9788252182781 | Pris kr 329,- | Utg. august

RAGNHILD KOLDEN: FREDENS FROSNE HJARTE Tredje og avsluttande bok i sterk krigstrilogi Mai 1960. Krigen har vorte fjern og kan nesten synast gløymd. Krigsrøynslene har vorte til ein bleik, taus understraum i livet til Dagny Vik. Men då Hermod Austo finn restane av eit lik inne i fjellet og kunstmålaren Bentein kjem til bygda, er krigens påtrengjande nærver der att – fullt av løyndomar og uoppgjorde synder. Med Fredens frosne hjarte avsluttar Ragnhild Kolden sin kritikarroste krigstrilogi om søstrene Vik. Første og andre band i serien heiter I krig og kjærleik og Krigens skugge. Ragnhild Kolden (f. 1956) er frå Bøverdalen i Lom og bur i Oslo. Ho debuterte i 2010 med romanen I krig og kjærleik. Kolden har også skrive kriminalromanar saman med Vigdis Kroken.

ROMAN | ISBN: 9788252185331 | Pris kr 369,- | Utg. august

Page 5: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

5

MARKUS LANTTO (DEBUTANT): BRUKEN AV GJEDDE Overskot av kvardagsleg absurditet Markus Lantto kombinerer mytisk materiale, historiske personar, obskure vitskaplege fakta med det svært kvardagslege livet. Gjennom brev, kontaktannonsar, anekdotar, observasjonar og eit rikt persongalleri, som mellom andre inkluderer Lantto sjølv, kjem mange forteljingar til syne. Vi møter eit overskot av kvardagsleg absurditet når Lantto med eit leikent blikk losar oss gjennom variasjonar over det underlege og eventyrlege livet her på jorda. Markus Lantto (f. 1973) kjem frå Masugnsbyn i Sverige. Han arbeider i Trondheim som kunstnar og instrumentbyggar. Bruken av gjedde er hans første bok.

ROMAN | ISBN: 9788252184686 | Pris kr 329,- | Utg. august

MARITA LIABØ: PUSTEPROBLEM Lyst, skam og einsemd Hedda skal tilbake på jobb etter sommarferien. Det skal bli ein fin haust. Ho skal vere full av energi og pågangsmot. Ho skal glede seg over alt ho har. Ho har eit godt forhold til kollegaer, og eit godt familieliv. Ho er ennå ung. Ho ser bra ut. Og ho drikk vel ikkje meir enn folk flest? I Pusteproblem følgjer vi ei kvinne som er i ferd med å miste kontrollen over livet sitt, som svik seg sjølv og dei ho er glad i. Marita Liabø skriv overtydande og nådelaust om lyst, skam og sjølvbedrag.

Marita Liabø (f. 1971) debuterte med romanen Tempus fugit (Eide) i 1999, og har skrive ei rekkje bøker og antologibidrag for vaksne og barn. Ho arbeider som fjernsynstekstar for NRK, og var tidlegare spaltist i Dagbladet og Dag og Tid.

ROMAN | ISBN: 9788252186123 | Pris kr 369,- | Utg. august

Page 6: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

6

TERJE SANDER (DEBUTANT): DAUDMANNALAND Ambisiøs science fiction om eit rikes undergang Under ein svart himmel med eit endelaust giftig regn, ligg det ein by styrt av ein eldgammal Orden. Her er noko i ferd med å skje som skal endre verda for alltid. Byfolket kvesser knivar i holene sine, vondt blod kokar i Ordenen, og framande kjem vandrande frå austlanda. Og i skjula sine vonar Skuggesjåarane at dei gamle spådommane snart skal bli sanna – spådommar om det store Mørket. Terje Sanders ambisiøse science fiction-verk er ein kollasj av kolliderande skjebnar. På tre døgn ser vi nitten livsløp renne saman – frå den grublande borgherren som vakar einsam over riket sitt til den unge truande som leiter etter lagnaden. Unge og gamle, kvinner

og menn, herskarar og trellar, alle blir dei delar av ei historie som er større enn dei sjølve, ei historie om urett, hemn, opprør, død, undergang – og kjærleik. Terje Sander (f. 1982) kjem frå Fana i Bergen. Han arbeider som lærar i Odda. Daudmannaland er hans første bok. ROMAN | ISBN: 9788252185263 | Pris kr 389,- | Utg. oktober

Page 7: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

7

NILS HENRIK SMITH: SE ILDEN LYSE OVER JORD Om tap, einsemd og begjær Ein sekstieinårig mann vaknar opp på eit hotellrom. Han har drøymt om stafetten i langrenn for herrar under OL på Lillehammer i 1994, som har nær tilknyting til ei dramatisk hending i hans eige liv. Vinteren 1994, same dag som stafetten fann stad, mista han den eldste sonen sin. Seinare blir han skilt. Han er vegingeniør, lever åleine, og er fast bestemt på å halde fram med det. Men då dottera ein dag overtalar han til å opprette ein facebook-profil, hamnar han på ei datingside som formidlar kontakt med aust-europeiske kvinner. Han får kontakt med Kataryna frå Kviterussland. Eit begjær blir vekt i han. No er han i Minsk, fast bestemt på å forføre denne kvinna som han trur han elskar, men som han enno ikkje har møtt. Smith har skrive ein intens og stilsikker roman om tap, einsemd og begjær.

Nils Henrik Smith (f. 1980) fekk i 2007 Tarjei Vesaas´ Debutantpris for Manhattan Skyline, følgde opp med den kritiarroste romanen Austerrike i 2009, og gjer eit lenge etterlengta comeback med Se ilden lyse over jord. ROMAN | ISBN: 9788252183252 | Pris kr 349,- | Utg. september

Page 8: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

8

KRIM: LARS MÆHLE: LINNÉS DYSTRE LÆRDOM Ny bok i serien om den hardtslåande psykologen Ina Grieg Ein invitasjon til klassetreff gir nytt liv til eit av Ina Griegs fortrengde mareritt. Da ho vaks opp forsvann ei 14 år gammal jente, Sonja Lerdahl, på gåtefullt vis. Mistanken blei retta mot Tom Kaser, ein 19-åring kalla «botanikaren». Men noko lik blei aldri funne, og han blei aldri tiltalt. Kva skjedde med Sonja? Var det Tom Kaser som bortførte og drap henne? Eller nokon annan? Eller er Sonja framleis i live? Linnés dystre lærdom er ein nervepirrande krim om den eine, avgjerande augeblinken som brått snur opp ned på alt. Boka er den andre i serien om Ina Grieg, tobarnsmor, kickboksar og psykolog. Den første boka i serien, Den mørke porten, er selt til Italia og Tyskland. Lars Mæhle (f. 1971) debuterte med ungdomsromanen Keeperen til

Tunisia (2002) og har gitt ut ei rekkje prislønte barne- og ungdomsbøker sidan. I 2011 gav han ut si første bok for vaksne, Korea. Noveller om kjærleik.

KRIM | ISBN: 9788252186109 | Pris kr 369,- | Utg. august

Page 9: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

9

OMSETTE ROMANAR: ANNA GAVALDA: BILLIE

Berre den som har falle, kan lære å fly Billie og Franck er to utskot. Ho frå fattige og brutale kår, han er ein homofil rikmannsgut. På underleg vis finn deisaman. På ein fjelltur dett dei utfor ein skrent. Medan Billie strevar med å halde liv i Franck gjennom natta, fortel ho historia deira, frekk, humoristisk og rørande – akkurat slik vi likar Gavalda best. Billie er historia om to svært ulike menneske som ikkje let fordommar eller skakkøyrd barndom stå i vegen for livet og draumane sine. Frå fransk ved Tove Bakke.

Anna Gavalda (f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris,

og bur der også i dag. Ho debuterte med Eg vil at nokon skal vente på meg. Novellesamlinga vart ein kjempesuksess og selde raskt 200 000 eksemplar berre i Frankrike. Gavalda fekk Frankrikes viktigaste bokhandlarpris i 1999.

Hennar største suksess er Saman er ein mindre aleine, som har seld over 2 millionar og er omsett til 36 språk. ROMAN | ISBN: 9788252184662 | Pris kr 349,- | Utg. august

Page 10: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

10

PAVEL VILIKOVSKY: EVIG GRØNT ER Europeisk klassikar endeleg på norsk Pavel Vilikovsky (f. 1941) er ein av dei viktigaste forfattarane i slovakisk samtidslitteratur, og satiren Evig grønt er er hans mest vidgjetne roman. Det er ein monolog utan like i verdslitteraturen, skriven under kommunismens forhøyrsregime og først utgjeven etter kommunismens fall. Som i forhøyrssamfunnets ålmenne atmosfære, er det noko uklårt kven som snakkar til kven: ein oberst til ein elskar, ein far til ein son, eller begge delar? Eller er det den indre monologen til ein noko forvirra eldre mann? Og kor mykje har den stigande rusen å seia for kva den namnlause forteljaren seier? Romanen er omsett av Anna og Jon Fosse, og Anna Fosse har skrive etterordet.

Pavel Vilikovksy (f. 1941) er ein prislønt slovakisk forfattar. Han debuterte i 1965, og har utgitt både noveller og romanar. Vilikovsky har også arbeidd som forlagsredaktør, tidsskriftredaktør og omsetjar.

ROMAN | ISBN: 9788252185911 | Pris kr 359,- | Utg. august

Page 11: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

11

LYRIKK: OSKAR STEIN BJØRLYKKE: FOR DEG

Poetiske livsrefleksjonar

Oskar Stein Bjørlykkes nye diktsamling tematiserer både angst, trøyst, forsoning og kamp for rettferd. Bjørlykke gir oss enkle, varsame dikt, der til og med små utvidingar blir eksplosive. Han har mot til å formulere det store og kosmiske rett på, samstundes som det nesten alltid er kroppsleggjort eller bunde til det konkrete. Samlinga glir inn i eit relasjonelt rom og vekslar mellom eit jordisk og eit kosmisk «du», som ofte glir inn i eller speglar kvarandre. For deg er ein refleksjon over livet, og ei diktsamling vi kan gå til for å finne gjenkjenning og også for å lære noko om oss sjølv og dei som står oss nær.

Oskar Stein Bjørlykke (f. 1939) er frå Fitjar på Stord. Han er utdanna teolog og har skrive ei lang rekkje romanar, diktbøker og bøker for barn. Bjørlykkes produksjon er stor og mangfaldig. Han skriv tidsbundne bøker som stiller tidlause spørsmål. Bjørlykke tek for seg konfliktar mellom tru og tvil, kvinne og mann, tradisjon og modernitet, menneske og samfunnsmekanismar – og om konfliktane eit menneske kan ha med seg sjølv.

LYRIKK | ISBN: 9788252186628 | Pris kr 269,- | Utg. september

Page 12: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

12

OLAV H. HAUGE: OLAV H. HAUGES VAKRASTE DIKT Ny gåvebok med Hauges dikt Olav H. Hauge (1908-1994) er etterkrigstidas fremste norske lyrikar. Mange av dikta hans har blitt felleseige og har gått inn i norsk litteraturhistorie som klassikarar. No har Samlaget samla over 100 av dei vakraste dikta til Hauge i ei praktfull gåvebok. Hauges dikt har nådd langt ut i verda og er blitt gjendikta til nær 30 ulike språk. Hauge har ein eineståande appell på tvers av generasjonane, og dikta har gjort han til ein av våre kjæraste lyrikarar. Olav H. Hauge (1908–1994) er den fremste norske lyrikaren i etterkrigstida og var både klassisist og modernist. Han debuterte som forfattar i 1946. Den folkekjære diktaren er særleg kjent for kjærleiksdikta sine.

LYRIKK | ISBN: 9788252186956 | Pris kr 369,- | Utg. september

Page 13: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

13

JANNIS RITSOS: VITNEUTSEGNER Gresk klassikar for første gong på norsk Poesien til den greske Jannis Ritsos (1909–1990) går frå det politiske til det djupt personlege. Kommunistrørsla og poesien var dei drivande kreftene i livet hans, og fordi diktinga hans ofte hadde politisk karakter blei han forfølgd, internert og sett i husarrest. Først i 1974 blei Ritsos endeleg sett fri. Dikta i denne samlinga blei til i åra mellom 1957 og 1967 og er vitnesbyrd både om politiske og eksistensielle sanningar. Ritsos stansar ved ein observasjon eller ei hending og vrir på surrealistisk vis om på objektet slik at diktet får ei grenseoverskridande eller sprengande meining. Sjølv om vi kan spore den aktive politiske kampen i diktinga hans, er dikta hans så mykje meir. Dei målber ein kamp for livet vi alle lever. Det er første gong eit komplett verk av Ritsos blir gitt ut på norsk. Arve Brunvoll har gjendikta boka frå gresk, og har også skrive

etterordet. Jannis Ritsos (1909–1990) blir rekna som ein av dei fire store greske lyrikarane på 1900-talet. Med Vitneutsegner blir for første gong eit komplett verk av han utgitt på norsk. LYRIKK | ISBN: 9788252182248 | Pris kr 259,- | Utg. september

Page 14: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

14

DRAMATIKK: GEORG BÜCHNER: WOYZECK Samfunnskritikk og svart humor Georg Büchners Woyzeck er den største og viktigaste klassikaren i tyskspråkleg dramalitteratur. Stykket er eit marerittaktig fragment basert på ei sann historie om Woyzeck, ein soldat som drap kjærasten sin i Leipzig i 1821. Med innsikt og sosial harme portretterer Büchner soldatens desperasjon. Det er ei samfunnskritisk

historie med innslag av svart humor. Woyzeck sel seg for tvilsame medisinske eksperiment i den daglege kampen for å overleve. Fysisk og psykisk øydelagt blir han paranoid, og då han oppdagar at kjærasten hans er utru, lyttar han til stemmene i hovudet sitt og tek livet av henne. Verket blir stadig sett opp i ulike versjonar utan fastlagd rekkjefølgje på scenane, sidan Büchner døydde før han fekk fullenda verket. Rekonstruksjonen til Werner R. Lehmann er den som ligg til grunn for dei fleste oppsetjingar og omsetjingar, og den ligg også til grunn for Jon Fosse si omsetjing. Woyzeck blir spelt på Det Norske Teateret hausten 2014, i regi av regissøren Robert Wilson med musikk av Tom Waitz. Omsett av Jon Fosse. Utgitt i dramaserien, redigert av Jon Fosse. Georg Büchner blei berre 23 år gammal. Han vart fødd i Darmstadt i 1813 og døydde i Zürich i 1837. Han var då ferdig utdanna lækjar, og hadde skrive Woyzeck. Büchner rakk òg å skrive stykka Dantons død og forteljinga Lenz, som begge har sin plass i verdslitteraturen. DRAMA | ISBN: 9788252186666 | Pris kr 299,- | Utg. august

Page 15: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

15

POCKET, SKJØNNLITTERATUR:

RAGNHILD KOLDEN: KRIGENS SKUGGE Del to i sterk krigstrilogi På ein togperrong ein stad i Gudbrandsdalen står Dagny og ventar på søster si, Tea. Alle følgjer med dei, alle veit at det er tyskertøsa som kjem. Krigen kastar skugge over freden, både for dei som har vore på rett side og dei som var landssvikarar. Somme slepp unna straff, andre får svi i det uendelege. Det handlar om å gløyme og gå vidare, eller hugse og hemne. Og bygdedyret lever sitt eige infame liv, uavhengig av krig og fred. Krigens skugge er den andre boka i den kritikarroste krigstrilogien om søstrene Vik. Eit truverdig portrett av ein lobotomert person, observert frå innsida. Det er vågalt gjort, men eg tykkjer Ragnhild Kolden kjem frå det med ståkarakter og vel så det. Odd W. Surén, Dag og Tid

Eit oppgjer med den skammelege måten «tyskartøsene» blei behandla på gjennom heile etterkrigstida … utilgjort tradisjonell stil utan krusedullar, der den vitande tredjepersonforteljaren tar lesaren trygt gjennom den kronologiske handlingsgangen frå start til mål. Det kjennest godt, også fordi det er lett å vera med forfattaren i hennar humanistiske ærend. Jan Askelund, Stavanger Aftenblad Ragnhild Kolden (f. 1956) er frå Bøverdalen i Lom og bur i Oslo. Ho debuterte i 2010 med romanen I krig og kjærleik, ei klok og medrivande framstilling av dobbeltagentverksemd under den andre verdskrigen. Ho følgde opp med Krigens skugge i 2012, og med Fredens frosne hjarte avsluttar Kolden krigstrilogien om søstrene Vik. Kolden har også skrive kriminalromanar saman med Vigdis Kroken. ROMAN | ISBN: 9788252186963 | Pris kr 149,- | Utg. august

Page 16: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

16

LARS MÆHLE: DEN MØRKE PORTEN Første bok i krimserien om psykolog Ina Grieg Ein mann blir drepen på brutalt vis i ein kyrkjeruin, same type åstad som psykologen Karsten Scheel blei funnen myrda fem år tidlegare. Psykolog Ina Grieg, Scheels kollega og hemmelege elskar, blir inkludert i etterforskingsteamet. Kjensla av at ho er med i teamet på nåde, gjer at Ina Grieg finn uortodokse metodar for å få etterforskinga framover. Snart skjønar ho at dei står overfor ein iskald drapsmann. Og Ina må kjempe mot fleire demonar i den nervepirrande jakta, ikkje minst sine eigne. Romanen er allerede solgt til et tysk forlag, og la det være sagt med en gang: Dette kan bli et utmerket tilskudd til varemerket «Nordic noir» … en medrivende spenningsroman med en løsning som er akkurat passe vanskelig å gjette seg til, og en antiheltinne vi gjerne får på besøk igjen.

Ola A. Hegdal, Dagens Næringsliv Lars Mæhle har skrevet en suggererende thriller hvor mennesker med stor evne til det gode, drives gjennom den mørke porten – og ikke finner veien ut igjen. Sven Egil Omdal, Stavanger Aftenblad Lars Mæhle (f. 1971) debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia (2002) og har gitt ut ei rekkje prislønte barne- og ungdomsbøker sidan. I 2011 gav han ut si første bok for vaksne, Korea. Noveller om kjærleik. Den mørke porten (2013), den første boka i krimserien om den hardtslåande psykologen Ina Grieg, blei selt til Tyskland og Italia. I 2014 kjem den andre boka om Ina Grieg, Linnés dystre lærdom. KRIM | ISBN: 9788252186710 | Pris kr 149,- | Utg. August

Page 17: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

17

BARN OG UNGDOM: BILETBØKER:

KARI STAI: JAKOB OG NEIKOB OG DET TOMME ROMMET Endeleg er radarparet Jakob og Neikob tilbake! Jakob og Neikob er bestevenner og bur i lag i eit høgt hus. Jakob bur i første etasje, og Neikob bur i andre. Men på loftet er det heilt tomt. - Vi treng ein sambuar, seier Neikob.

Radarparet Jakob og Neikob er tilbake, og denne gongen skal dei fylle det tomme loftet sitt med ein sambuar. Men det som byrjar som eit felles prosjekt for to venner, ender i uvennskap. For første gong er bestevennene blitt verstevenner. Den tredje boka om Jakob og Neikob handlar om dei store tinga i livet: vennskap, forsoning og ikkje minst jul. Kari Stai (f. 1974) kjem frå Inderøy i Nord-Trøndelag. Ho er illustratør, forfattar og biletkunstnar. For dei to andre bøkene om Jakob og Neikob har ho mellom anna fått Kulturdepartementets

debutantpris, Brageprisen og Kritikarprisen. Bøkene er selde til fleire land, mellom anna India, Danmark og Frankrike. BILETBOK | ISBN: 9788252183641 | Pris kr 229,- | Utg. august

Page 18: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

18

6-9 ÅR: TONE NØRVÅG: POLITIHUNDEN FALK PÅ FARLEG OPPDRAG

Radarparet Hanne og Falk på leit etter sakna gut Ei ny lettlesen og spennande bok om politihunden Falk og politidama hans, Hanne. Denne gongen må dei ut på leiting etter 11-åringen Mathias. Han er forsvunnen i løpet av natta, og Falk og Hanne må leite etter spor i snøkavet. Kan Mathias vere kidnappa? Dette oppdraget kan bli farleg! Dette er den tredje boka i serien om etterforskarparet Falk og Hanne. Boka er illustrert av teikneserieskapar og illustratør Odd Henning Skyllingstad. Tone Nørvåg har vore politi på Sunnmøre i mange år og kjenner stoffet sitt godt. Ho skildrar både politiarbeidet og livet med hund med innsikt og humor, og det er tydeleg at ho elskar begge delar.

6-9 ÅR | ISBN: 9788252182552 | Pris kr 189,- | Utg. september

Page 19: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

19

9-12 ÅR: MAGNHILD BRUHEIM: MOTORSYKKELMYSTERIET Første bok i spenningsserien om Stian og Stine Stian og Stine er like gamle og bur i same huset, dei er stesøsken som nettopp har vorte del av ein ny familie. Men å få ein ny bror eller søster er ikkje alltid like lett! Då er det flaks at både Stian og Stine likar å løyse mysterium. Ein kveld skjer det noko mystisk i nabolaget, og jakta på svaret fører Stian og Stine opp i fleire skumle situasjonar. Magnhild Bruheim har skrive ein engasjerande spenningsroman for dei yngre lesarane, og heldigvis blir det fleire bøker om søskena Stian og Stine og alle mysteria dei rotar seg opp i!

Magnhild Bruheim (f. 1951) frå Skjåk i Gudbrandsdalen, debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan skrive fleire

bøker både for vaksne og ungdom. Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i Oslo og Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilansjournalist. Bruheim er busett på Lillehammer.

9-12 år | ISBN: 9788252184853 | Pris kr 199,- | Utg. september

Page 20: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

20

LAURA DJUPVIK: GOD DAG, HERR JUL! Moderne juleforteljing Malin og veslesøstera Molla har flytta inn i eit gammalt trekkfullt hus, i ein by dei så vidt kjenner og utan pappa. Alt er annleis, men jula kjem vel uansett. Eller gjer ho det? Ifølgje Onkel Thor kjem det heilt an på engelen Gabriel og ei rekkje andre ting om det i det heile blir jul. Og lenger ned i gata bur Henrik, den spesielle guten som kan alt om ord. Kvifor landar det heile tida nye juletre utanfor huset til naboen? Og kva er det naboen gøymer der inne? Englane kan umogleg ordne alt åleine. Så Malin må trå til, saman med Molla og Henrik og fleire til. Laura Djupvik har skrive ei vakker og moderne juleforteljing, fylt med varme og undring.

Laura Djupvik (f. 1970) er forlagsarbeidar, skribent og forfattar. Ho kjem frå Gurskøy på Sunnmøre, men bur no i Lier ved Drammen. Ho debuterte med romanen Båten er så liten i 2004. I 2008 fekk ho Guro Sandsdalens litteraturpris for barneboka Hundre appelsinar og ein fiolin. Djupvik kom med romanen Kvitt (Kolon forlag) i 2013. 9-12 år | ISBN: 9788252186826 | Pris kr 199,- | Utg. september

Page 21: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

21

ROBERT MUCHAMORE: SØVNGJENGAREN 9. boka i den spennande CHERUB-serien Eit passasjerfly eksploderer over Atlanteren og 345 menneske døyr. Etterforskinga kan tyde på terrorisme, men politiet står heilt fast. Ein fortvilt tolvåring ringjer til politiet og seier at han trur far hans står bak eksplosjonen. Det kan vere eit gjennombrot, men dei har ingen bevis, og guten har ein bakgrunn prega av vald og kjenslemessige problem. Lauren Adams og Jake Parker blir sende for å undersøkje saka, men dei kan ikkje fordra kvarandre. Imens har James problem heime på CHERUB … Dette er den niande CHERUB-boka. Serien har vunne fleire litterære prisar og blitt ein internasjonal suksess. Les også Rekrutten, Kokainkongen, Flukta, Drapet, Heilag galskap, Mennesket og dyret, Slått ut og Gjengkrigen. Rekrutten finst òg som grafisk roman. Omsett av Øystein Rosse.

Robert Muchamore (f. 1972) jobba som privatetterforskar i mange år, men slutta då bøkene hans gjorde suksess. Han er no utgitt på over tjue språk og har selt fleire millionar bøker. 9-12 år | ISBN: 9788252185171 | Pris kr 189,- | Utg. september

Page 22: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

22

INGUNN RØYSET: DEI ET IKKJE SJOKOLADEPÅLEGG I KRIGEN Spanande tidsreise til 2. verdskrig Dagny gruer seg til den første skuledagen på ny skule. Det blir verre enn venta. Ho vaknar opp til håplause klede, fæl skulemat, uleselege bokstavar på tavla, rampete gutar og jenter som mobbar. Å ønske seg tilbake til krigen var kanskje ikkje så lurt likevel, tenker Dagny, når tyske soldatar marsjerer utanfor skuleporten og bombene smell over hovudet. Heldigvis har ho mormor si venninne Belinda. Og ho Rikka. Ingunn Røyset har skrive ein gripande barneroman der ei jente frå vår tid blir sendt på ei spennande tidsreise tilbake til eit Noreg i krig i januar 1945. Ingunn Røyset (f. 1965) er utdanna sosionom, make-up-artist og landbruksavløysar og har jobba som sosialkurator, stylist og budeie. Den mangfaldige bakgrunnen har ho dei siste 15 åra brukt i jobben som journalist. Ingunn er opphavleg frå Hareid på Sunnmøre, men bur no på Flø i Ulstein kommune.

Ho debuterte med Prins Storm i 2012. 9-12 år | ISBN: 9788252184297 | Pris kr 199,- | Utg. august

Page 23: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

23

FANTASY:

ASBJØRN RYDLAND: KAMPEN OM KERVAD Den fjerde boka om Drakeguten! Det har gått to år sidan Tåka la seg over Kervad og landsbyfolket for første gong forstod kva for gåver Koll hadde fått frå Nordavinden. Koll treng alt han har av kløkt og krefter for å halda landsbyen trygg. Men er det nok? Kvifor vender ikkje landsbyen seg til han for hjelp? Og kven er eigentleg fienden? Berre Vinden veit. I bok fire om Drakeguten held den spennande forteljinga om Koll, Kervad og kampen om rikdom fram. Dei andre bøkene i serien: Drakeguten

Med eld i hjartet. Drakeguten II Mørkemanaren. Drakeguten III Asbjørn Rydland (f. 1976) er frå Seim i Hordaland og bur i Oslo. Han fekk Nynorsk barnebokpris for serien om Drakeguten i 2012. FANTASY | ISBN: 9788252184747 | Pris kr 279,- | Utg september

Page 24: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

24

UNGDOM: LINN T. SUNNE: ALT DU KAN ØNSKE DEG Tett på den vanskelege kjærleiken Siri kan berre ikkje la vere å møte Andreas som sender henne meldingar som får det til å krible i henne, sjølv om ho er kjærast med Jens. Har ein lov til å gjere det slutt med nokon som har det vanskeleg, sjølv om ein eigentleg vil? Dobbel brageprisvinnar Linn T. Sunne skriv lett og tett på om ung kjærleik og psykisk sjukdom. Linn T. Sunne (f. 1971) debuterte som barnebokforfattar i 2000, og har sidan fått mange begeistra lesarar. Ho har vunne Skolebibliotekarforeningens litteraturpris og Brageprisen to gonger.

UNGDOM | ISBN: 9788252182521 | Pris kr 229,- | Utg. august

TERJE TORKILDSEN: ARRFJES Forrykande sjøroman I april 1812 oppdagar førstereisguten Ejner Tevig og resten av mannskapet om bord på den norske skuta Haabet ein engelsk brigg i Nordsjøen. Kanonbåtkrigen med England er på sitt hardaste og fleire tusen norske sjømenn blir tekne til fange og sende i den engelske prisonen. Kapteinen på Haabet bestemmer likevel at dei skal kapre den engelske briggen. Det burde dei absolutt ikkje gjort. Arrfjes er ein forrykande historisk sjøroman for ungdom, skrive av den doble Upris-vinnaren Terje Torkildsen. Terje Torkildsen (f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco som han vann Uprisen for. I 2009 kom den første boka i firebokserien DYSTOPIA. Han vann Uprisen for andre gong med Dystopia III i 2012.

UNGDOM | ISBN: 9788252186611 | Pris kr 249,- | Utg. september

Page 25: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

25

SAKPROSA: ALFRED FIDJESTØL: FRÅ ASKER TIL EDEN. ASKERKRETSEN 1897-1924 Om dei som endra Noreg Den såkalla Askerkretsen rundt Arne og Hulda Garborg og Marta og Rasmus Steinsvik på Labråten i Hvalstad i Asker, var ein kulturpolitisk maktfaktor som har vore med å endre og påverke korleis Noreg ser ut den dag i dag. Eit lite og skiftande miljø bygde opp den riksdekkande landsmålsavisa Den 17de Mai, det alternative nasjonalteatret Det Norske Teatret, ein reetablert folkedans- og bunadstradisjon og sette i verk ei rad større omsetjingsprosjekt, frå Homer til Holberg. Dei arbeidde med å gjere det norske folket meir heime i sitt eige land, samstundes som dei etter opprivande oppvekstar og vaksenliv freista å etablere personlege heimar for seg sjølve og familiane sine. Berre kilometer unna den parallelle Lysakerkretsen, omkring mannsidolet og polfararen Fridtjof Nansen, putla ein sjukeleg og hypokondrisk gjeng landsmålspionerar i åkeren, og freista å

omskape ein konkret hage i Asker til ein Edens hage for det nye Noreg. Alfred Fidjestøl (f. 1973) er journalist og forfattar og har tidlegare gjeve ut bøkene Hans Jonas. Ein introduksjon (2004), Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle (2007) og jubileumssoga Trass alt. Det Norske Teatret 1913 – 2013. HISTORIE | ISBN: 9788252184594 | Pris kr 399,- | Utg. september

Page 26: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

26

GUNNAR GARFORS: 198 – MI REISE TIL ALLE VERDAS LAND Reisegalskap – impulsivitet sett i system Gunnar Garfors er den einaste nordmannen som har vore i alle land i verda. Utferdstrongen og eventyrlysta har resultert i sære opplevingar og ville påfunn, som Guinness-rekord etter besøk i fem verdsdelar på éin dag. Han reiser ofte på impuls og opplever verda i møte med dei han treffer undervegs. Då skjer det uventa og spennande ting, anten han er aleine eller saman med gode kompisar. Boka inneheld historier frå kvart einaste land i verda, og er meint som inspirasjon til alle som vil på noko anna enn pakketurar. Garfors har òg laga fleire lister, som dei 25 minst besøkte landa i verda, dei fem favorittlanda hans i kvar verdsdel, dei 10 favorittbyane, dei farlegaste landa og kva land som har dei flottaste kvinnene. Han gir gode råd om kvifor og korleis reise til stader du

knapt visste om. Gunnar Garfors (f. 1975) er opphaveleg journalist, som no jobbar med distribusjon av digitalradio i NRK. Han er kjend som quizmaster frå Nitimen på NRK P1, og skriv om reise i utanlandske aviser og magasin samt på sin eigen nettstad garfors.com REISEBOK | ISBN: 9788252184587 | Pris kr 299,- | Utg. september

Page 27: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

27

GUNNAR GRYTÅS: KVOTEBARONAR. PRIVAT RIKDOM – UTARMA KYST Brennaktuelt om kystopprøret Historiene frå kysten er ulike. Mange handlar om privat rikdom skapt på kort tid. Andre om forfall og avmakt i samfunn der kvotebaronar og konsesjonsadel har skaffa seg arvesølv på billigsal. Nye klasseskilje har oppstått i ei næring der solidariteten ein gong var så viktig. I dag spør folk korleis fisken, ein felles ressurs så kjapt er blitt spekulasjonsobjekt. Samtidig som vi no for alvor innser kor verdifulle kvotene og konsesjonane er, flyt verdiane bort frå kysten. Mange har utpeika Kjell Inge Røkke og tidlegare fiskeriminister Svein Ludvigsen som agentar for privatiseringa. Men også Arbeidarpartiet og Norges Fiskarlag har eit stort ansvar for ein politikk som har samla kvoter og konsesjonar på stadig færre hender. Havlandet har gått på børsen, kysten er utarma samstundes som eksporten frå fiskeri-

Noreg nærmar seg 100 milliardar i året. Noreg har som mål å vera «verdens fremste sjømatnasjon», men kva slags fiskeristormakt vil vi bli? Gunnar Grytås (f. 1943) er forskar ved Norges fiskerihøgskole, Universitetet i Tromsø. Han har arbeidd som forfattar og journalist, mellom anna i Nordlys, Dagens Næringsliv og Fiskeribladet. Han har skrive ei rekkje bøker om fiskeripolitikk og kystkultur, blant anna historia til Noregs Råfisklag frå 2013. Grytås er også ein av forfattarane av fembandsverket Norges fiskeri- og kysthistorie. SAMTID OG DEBATT | ISBN: 9788252184983 | Pris kr 329,- | Utg. oktober

Page 28: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

28

SIRI HELLE: HANDLE RETT. LURE VAL I EIN MATBRANSJE FULL AV JUKS For deg som tek maten på alvor På matbutikken tek me mange val. Berre ei heilt ordinær syltetøyhylle kan skapa hovudbry. Kva skal eg velja? Mat er næring, sosialisering, økonomi og arbeidsplassar, men mat òg ei rekke val: Kva er sunnast? Kva er mest berekraftig? Kva er rett pris å betale? Agronomen og matentusiasten Siri Helle gir lesaren møte med gjengangarar frå norske matbord og matbutikkar. Ho trekkjer fram vanlege produkt og diskuterer berekraft, dyrevelferd, marknadsføring og tilsetjingsstoff. Dette er ei bok som skal hjelpe lesaren til å bli ein bevisst forbrukar. Siri Helle er ei hjelp på handleturen. Etter å ha lese boka er det lettare å svare på spørsmålet: Kva er bra mat både for verda og meg?

Siri Helle (f. 1982) er utdanna agronom i økologisk landbruk frå Sogn jord- og hagebruksskule. Ho har arbeidd som avløysar og gardsarbeidar, og har fast matspalte i avisa Dag og Tid. SAMTID OG DEBATT | ISBN: 9788252186864 | Pris kr 299,- | Utg. september

Page 29: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

29

ELLEN KRISTVIK: I KREFT OG KJÆRLEIK. ETTERTANKAR Gripande og innsiktsfullt om alvorleg sjukdom To menneske har nyleg funne kvarandre, i godt vaksen alder. Jostein Nerbøvik og Ellen Kristvik står i startgropa til eit liv i lag då den inngripande meldinga slår inn i liva deira: Kreften hans har spreidd seg frå den mørke føflekken som for lengst er fjerna. Dette er ei bok om dei tre åra som følgde, ei tid prega av alvorleg sjukdom. Det er ei forteljing om det å få kreft og bli innskriven i det norske helsevesenet, å bli forelska og ta konsekvensane av det, og om alt som skjer på ein gong. Forteljinga om ei utfordrande sjukdomstid er fletta saman med forfattarens ettertankar, korleis det som skjedde fortonar seg ti år etterpå. Ellen Kristvik (f. 1955) er forskar på Avdeling for helsetenesteforskning (HØKH) på Akershus Universitetssjukehus. Ho

er antropolog og har òg bakgrunn som sjukepleiar. Det siste forskingsprosjektet hennar handla om helsetenesta sitt møte med alvorleg sjuke kreftpasientar, noko ho tidlegare også har jobba med som sjukepleiar. SAMTID | ISBN: 9788252184969 | Pris kr 349,- | Utg. september

Page 30: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

30

GUNNAR MYKLEBUST: ISHAVET. PELSDYRFANGST OG VÅGEMOT

Draumen om det store varpet Ishavet har hatt ei uimotståeleg dragning på nordmenn i fleire hundreår. Ei kald og mektig øydemark som med overveldande prakt og nådelaus natur har lokka generasjonar av eventyrarar og fangstfolk. Villige til å utfordre det ukjente for eit utkome. Eller berre for å oppleve det. I spinkle farkostar eller primitive vinterhytter sette norske fangstmenn livet på spel for draumen om det store varpet. Ishavssoga er full av dramatiske historier om dei som ville og våga, om nyfiken utferdstrong og ufatteleg vågemot. Om dei som lykkast og kom heim, nokre som berre kom heim – og mange som vart igjen der ute. I denne boka losar Gunnar Myklebust oss gjennom fleire hundre år med norsk fangsthistorie, frå veidemennene i mellomalderen til den internasjonale kampanjen som knekte norsk selfangst. Boka er utstyrt med mange flotte fotografi og illustrasjonar. Boka har ei liste over alle skutene som drog til ishavet.

Gunnar Myklebust (f. 1950) er journalist og forfattar. Han har vore utanriksmedarbeidar i NRK, og var i perioden 1993–1997 NRKs korrespondent i USA. Han har tidlegare skrive boka Tungtvannssabotøren om Joachim Rønneberg. HISTORIE | ISBN: 9788252184143 | Pris kr 399,- | Utg. september

Page 31: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

31

AGNES RAVATN: OPERASJON SJØLVDISIPLIN

Sjølvhjelpsbok for deg som ikkje kan fordra sjølvhjelpsbøker

Sjekkar du Facebook på mobilen mens du les godnatthistorier for ungane? Har du konsentrasjonsvanskar og manglande impulskontroll? Ikkje-eksisterande treningsvanar og eit kosthald lagt opp etter innfallsmetoden? Då er denne boka for deg! Mangel på sjølvdisiplin er eit problem stadig fleire merkar på kropp og sinn. Slik var det òg for forfattar Agnes Ravatn, som i mange år var ein kronisk utsetjande internettslave, med frynsete livsstil og altfor høg kvilepuls. Heilt til ho bestemte seg for å ta eit grep. Resultatet er ein vitskapleg fundert og praktisk guide til korleis du kan gjenvinne viljestyrke og sjølvkontroll. Operasjon sjølvdisiplin er ei gjenkjenneleg og underhaldande bok spekka med råd om korleis du kan bryte dårlege vanar, arbeide konsentrert, få gode rutinar, og meir fritid utan dårleg samvit. Boka passar like godt for studentar og folk i kontoryrke, som for deg

som har vondt for å knyte på deg joggeskoa, eller har ein hang til å småete. Agnes Ravatn (f. 1983) debuterte med romanen Veke 53 (2007). Ravatn har gitt ut fleire kritikarroste og prislønte bøker, og ho er kjend for si særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit. For Veke 53 (2007) fekk Ravatn Natt & Dags Bergenspris for beste bok i 2007. Ravatns andre roman Fugletribunalet (2013) hausta gode kritikkar og vann både P2-lyttaranes romanpris og Ungdommens kritikarpris. SJØLVHJELP | ISBN: 9788252186673 | Pris kr 259,- | Utg. september

Page 32: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

32

BÅRD VEGAR SOLHJELL: SJAKK – EI KJÆRLEIKSHISTORIE Sjakkens magi – fortalt av ein entusiast Heile livet har politikaren Bård Vegar Solhjell vore djupt fascinert av sjakk. I barndomen var han ein talentfull sjakkspelar, seinare vart sjakken meir som ein hemmeleg lidenskap. I denne boka forklarer Solhjell enkelt og underhaldande kvifor stadig fleire elskar sjakk. Han skriv om sjakkens historie og framtid. Om kvar sjakk kjem frå, dei store profilane og om sjakk i film, musikk og i politikk. Dette er ei bok for alle nysgjerrige som sit med ubesvarte spørsmål etter OL og VM. Ei bok for deg som vil forstå meir av eit av verdas eldste og mest utbreidde spel. Med føreord av Hans Olav Lahlum.

Bård Vegar Solhjell (f. 1971) frå Sunnfjord i Sogn og Fjordane, er utdanna statsvitar. Han har vore kunnskapsminister 2007–2009 og miljøvernminister 2011–2012. I dag er han stortingsrepresentant for SV frå Akershus og nestleiar i SV. Han er gift, har tre born og bur i Son i Akershus. Han har tidlegare gitt ut Solidaritet på ny (2011). SAMTID | ISBN: 9788252186604 | Pris kr 299,- | Utg. oktober

Page 33: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

33

HOBBY, MAT OG DRIKKE:

KATHRINE GREGERSEN: STRIKK MEIR TIL NØSTEBARN Flotte nye oppskrifter frå populære Nøstebarn Boka Strikk til nøstebarn kom i 2007 og vart ein formidabel suksess. No kjem oppfølgjaren! Kathrine Gregersen har utvikla nye oppskrifter og laga boka Strikk meir til nøstebarn. Ingen av oppskriftene er publiserte tidlegare. Plagga er også denne gongen prega av begeistringa for det enkle og praktiske. Gregersen likar fine og gode bruksplagg som er enkle og artige å strikke. Denne boka inneheld flest oppskrifter til barn og fleire til vaksne enn den første boka, men også gode babyoppskrifter. Dei fleste oppskriftene er lette å strikke, men på nokre er det litt meir å bryne seg på. Garnet er det same gode: merinoull, silkeull og angoraull frå Nøstebarn. Nøstebarn brukar rein ull som ikkje er kjemisk behandla. Det gjer det trygt både for miljøet og for oss som skal strikke og bruka plagget. Garnet er godt å strikke av og det er eit vell av fine fargar å velje i.

Kathrine Gregersen (f. 1975) er utdanna faglærar i kunst og handverk. Ho starta opp Nøstebarn-butikken i Oslo, og arbeidde i mange år med produktutvikling og marknadsføring for Nøstebarn. Kathrine Gregersen held kurs og inspirasjonsforedrag for ungdom og vaksne. Gregersen har tidlegare gitt ut boka Strikk til nøstebarn (2007) og Brukt på nytt (2008). HOBBY | ISBN: 9788252184914 | Pris kr 299,- | Utg. september

Page 34: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

34

ISLANDSK STRIKK Første strikkebok på norsk med islandske mønster Klassiske islandske strikkeplagg er trendy som aldri før. Den vakre islandsgensaren er eit eigna plagg i eit røft, nordisk klima. Islandsk strikk er ei bok med kring 60 tradisjonelle, men òg moderne oppskrifter for kvinner, menn og barn. Boka inneheld mange variantar av den klassiske islandske ullgensaren, men også mindre prosjekt som sokkar, vottar og skjerf.

Oppskriftene i boka er frå 1950-talet og fram til i dag og er laga i samarbeid med den einaste garnprodusenten på Island, Istex. I dag opplever garnprodusenten eit stort oppsving, noko den tradisjonelle mønstra ullgensaren skal ha mykje av æra for. Islandsk ullgarn er billig og enkelt å få tak i på nettet. HOBBY | ISBN: 9788252186871 |Pris kr 349,- | Utg. september

Page 35: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

35

POCKET, SAKPROSA:

OTTAR GREPSTAD: HISTORIA OM IVAR AASEN Tre opplag i 2013 – no i pocket! Historia om Ivar Aasen er standardverket som fortel mykje nytt og uventa om det du trudde du visste om Ivar Aasen. Ivar Aasen reiste lenger enn Marco Polo, hadde bøker på minst 20 språk og hugsa alt han hadde lese éin gong. Han var bondesonen og vegarbeidaren som moderniserte Noreg, grunnla den nynorske diktekunsten og blei ein internasjonalt respektert språkforskar. Berre 22 år gamal bestemte Ivar Aasen seg for å finne det språket som alt var på folkemunne, og gjere dette til det norske språket. Offentleg sa han det først 16 år seinare,

og laga seg ein grenselaust ambisiøst arbeidsplan. Lesaren blir med Aasen landet rundt og livet gjennom i arbeidet hans med å oppfylle planen. Rekk han det han må få gjort? Boka fekk strålande kritikkar då ho kom ut i 2013 og vart nominert til Kritikarprisen. Denne nye utgåva inneheld mange bonussider med ukjent stoff, tidstavle og komplette kjeldelister. Ottar Grepstad (f. 1953) er direktør i Nynorsk kultursentrum og forfattar. Han har gitt ut ei rekkje bøker om språk og litteratur, historie og samfunn, kultur og politikk. BIOGRAFI | ISBN: 9788252186659 | Pris kr 179,- | Utg. august

Page 36: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

36

HØGSKULE OG UNIVERSITET:

DAG SEIERSTAD: FOLKET SA NEI. NORSK EU-MOTSTAND FRÅ 1961 TIL I DAG Jubileumsbok frå Nei til EU i høve folkerøystinga i 1994 I november 2014 er det tjue år sidan folkefleirtalet sa nei til medlemskap i EU. Det vil Nei til EU feire med ei illustrert jubileumsbok om EU-kampen. Boka følgjer den norske EU-debatten frå det første demonstrasjonstoget rundt Stortinget i mars 1962 og fram til folkerøystinga i november 1994.

Her er alle milepælane og høgdepunkta med, båtstafetten, markeringa i Ullensvang, historia til alle fylkeslaga, markeringa i Tromsø, stjernemarsjen og sist men ikkje minst – gledestårene valnatta. Og som ein raud tråd gjennom framstillinga får forfattaren fram kva kampen eigentleg handla om. Kven sto mot kvarandre desse åra – og korleis blei EU-motstanden organisert? Kva sto debatten om og korleis blei det mobilisert dei siste vekene? Og sist men ikkje minst: Kvifor vann nei-sida til slutt? Boka er gjennomillustrert i fargar. Dag Seierstad (f. 1936) er forfattar, samfunnsdebattant og politisk rådgivar for SVs stortingsgruppe om EU/EØS. Seierstad har tidlegare vore utgreiingsleiar i Nei til EU, leiar i Oppland Nei til EU og landsstyremedlem i SV. HISTORIE | ISBN: 9788252178128 | Pris kr 349,- | Utg. oktober

Page 37: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

37

HEMING GUJORD OG PER ARNE MICHELSEN (RED.): NORSK LITTERÆR ÅRBOK 2014 Årboka består som vanleg av artiklar som oppsummerer det litterære fjoråret og litteraturvitskaplege artiklar om likt og ulikt. I årets utgåve skriv Nora Simonhjell, Kristoffer Juul-Larsen og Trond Haugen høvesvis om poesi-, prosa- og kritikkåret. Lars Handesten skriv om Kim Leine som vann Nordisk råds litteraturpris for romanen Profeterne i Evighedsfjorden. Elles kan ein finne artiklar om biletbøker, om litteraturen og

litteraturfaget, om vitneskildringar, om ishavslitteratur og om forfattarar som Henrik Wergeland, Olav Aukrust, Dag Solstad, Helle Helle og Karl Ove Knausgård. Heming Gujord er førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier, Universitetet i Bergen. Per Arne Michelsen er dekan ved Høgskolen i Bergen, avdeling for lærarutdanning og førsteamanuensis i norsk. LITTERATURVITSKAP | ISBN: 9788252184631 | Pris kr 329,- | Utg. september

JENS JOHAN HYVIK: TOKULTURLÆRA I NORSK HISTORIE I siste halvdelen av 1800-talet blei oppfatninga av at Noreg var delt i to kulturar sentral i den norske nasjonsbyggingsprosessen. På den eine sida stod ein elite kjenneteikna av klassisk danning, tilknyting til det danske skriftspråket og med familiære røter i utlandet, og på den andre ei bondebefolkning med folkeleg kultur, norsk talespråk og familiære røter i Noreg I denne boka viser Jens Johan Hyvik korleis denne tokulturlæra blei brukt i kulturell og politisk strid i Noreg på 1800-talet, og kva

innverknad ho hadde på nasjonsbyggingsprosessen. Jens Johan Hyvik (f. 1972) er førsteamanuensis i moderne historie ved Høgskulen i Telemark. HISTORIE |ISBN: 9788252184617 | Pris kr 229,- | Utg. november

Page 38: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

38

STEINAR IMSEN: FOLK OG LAND I DEN NORRØNE VERDA CA. 900

TIL 1450

I forskinga om vikingtidas rikssamling og mellomalderens statsutvikling har det lenge vore diskutert når nordmennene blei ein nasjon. Ytterpunkta i diskusjonen har på den eine sida vore tradisjonalistane som hevder at nordmennene er ein gammal nasjon. Dei er blitt skulda for essensialisme. På den andre sida står modernistane; dei hellar til at den norske nasjonen slik vi oppfattar han meir eller mindre vart konstruert av historikargenerasjonane etter 1814. Men korleis såg vikingtidas og mellomalderens

menneske på samtidas nordmenn? I denne boka utforskar Steinar Imsen kva førestillingar og omgrep som blei nytta om folk og landområde i skriftlege kjelder i denne perioden, og då ikkje berre i Noreg men i alle landområde innanfor den norrøne verda.

Steinar Imsen (f. 1944) er professor i eldre historie ved Institutt for historie og klassiske fag ved NTNU. Hans arbeidsfelt er seinmellomalderen og tidleg moderne tid (1536- ca. 1800).

HISTORIE | ISBN: 9788252187021 | Pris kr 229,- | Utg. november

Page 39: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

39

GUNNAR DANBOLT: FRÅ MODERNISME TIL DET KONTEMPORÆRE TENDENSAR I NORSK SAMTIDSKUNST ETTER 1990 Den internasjonale kunsten etter 1990 blir ikkje lenger kalla moderne eller post-moderne, men contemporary eller kontemporær. Men kva inneber dette omgrepet? Og gjeld det også for norsk kunst etter 1990? I denne boka ser Gunnar Danbolt på det som har skjedd i den norske kunstverda dei siste tjue åra, i lys av internasjonale tendensar. Det kontemporære rommar mange parallelle historier. Kunsten er prega

av globalisering, samtidig som det lokale og regionale framleis er til stades, men på ein måte som løftar den ut over det snevert nasjonale. Den kontemporære kunsten er såleis mangslungen, og har ingen klare retningar, ikkje noko manifest, men finst der likevel fellestrekk? I boka blir kontemporære trendar etter 1990 presenterte og drøfta gjennom kunstnarar og deira verk, og sett inn i ein kunstteoretisk kontekst. I dette inngår også ein diskusjon av kunstomgrepet og kunstinstitusjonen, dels i eit internasjonalt perspektiv, dels i forhold til politikk og samfunn. Boka er gjennomillustrert i fargar. Gunnar Danbolt (f. 1940) er professor emeritus i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen. Han har utgitt ei rekkje bøker og artiklar om kunst og kunsthistorie, og er ein ettertrakta formidlar i fleire fora. KUNST | ISBN: 9788252179446 | Pris kr 489,- | I sal

Page 40: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

40

KJETIL BØRHAUG, JONAS CHRISTOPHERSEN OG TONE AARRE: INTRODUKSJON TIL SAMFUNNSKUNNSKAP. FAGSTOFF OG DIDAKTIKK (3. UTGÅVE) Ny revidert utgåve av innføringsbok i samfunnskunnskap og samfunnskunnskapsdidaktikk I boka gir forfattarane ein brei introduksjon til sentrale emne i samfunnskunnskap for heile grunnskuleløpet. Boka tar opp emne som samfunnsvitskapleg metode, sosialisering, familie, fleirkulturelle tilhøve, globalisering, økonomi, demokrati og norsk og internasjonal

politikk. I den nye utgåva er demokrati, og menneskerettar omhandla i eigne, nyskrivne kapittel. Globaliseringsperspektivet er lagt vekt på gjennom heile framstillinga. Kjetil Børhaug er tilsett ved Universitetet i Bergen, Jonas Christophersen og Tone Aarre er tilsette ved Høgskulen i Bergen. Dei har alle tre lang erfaring i lærarutdanninga. LÆRARUTDANNINGA | ISBN: 9788252186543 | Pris kr 410,- | Utg. august

Page 41: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

41

NILS OLAV ØSTREM: NORSK UTVANDRINGSHISTORIE Opp gjennom historia har det vore fleire utvandringsbølgjer frå Noreg, mellom anna til Nederland og Amerika. I denne boka tar forfattaren for seg den norske utvandringa frå 1600-talet og framover, med særleg vekt på den store utvandringa til Amerika. Medan forskarar tidlegare la vekt på økonomiske årsaker til utvandring, legg ein i dag sterkare vekt på kulturelle årsaker til migrasjon. I boka viser forfattaren at kontakt med gamlelandet gjennom brev, slektsnettverk og kjedemigrasjon var med å skape ein sjølvforsterkande kultur for utvandring. Og i denne

utvandrarkulturen blei det å emigrere oppfatta som både akseptert og ønskjeleg for å oppnå betre kår. Den nye reviderte utgåva er oppdatert med ny migrasjonshistorisk forsking og med ny litteratur på feltet. Nils Olav Østrem (f. 1961) er professor i historie ved Universitetet i Stavanger. Østrem har tidlegare publisert ei rekkje artiklar og bøker, mellom anna avhandlinga Utvandrarkultur: ei migrasjonshistorisk undersøking av Skjold prestegjeld 1837–1914. HISTORIE | ISBN: 9788252184952 | Pris kr 229,- | I sal

Page 42: Haustlista 2014 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE …d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_attachment/... · 2014. 8. 14. · 4 METTE KARLSVIK: DEN BESTE HAUSTEN ER

42

NYE TANKAR. SKARPE PENNAR. MEIR Å LESE. SYN OG SEGN Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i dag, stifta av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1894. Syn og Segn er i dag eit av få tidsskrift på nynorsk, og er i dag ein aktiv premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet. Tidsskriftet er i dag både eit korrektiv og supplement til kulturdekninga i norske medium. Det gjer Syn og Segn til eit av dei viktigaste tidsskrifta i Noreg. Syn og vart kåra til Årets tidsskrift 2010, og Årets nordiske tidsskrift same året. I 2014 feirar Syn og Segn 120 år. Velkommen som ny lesar! Knut Aastad Bråten Redaktør Meir på www.synogsegn.no