27
Vårlista 2013 frå

Samlaget Våren 2013

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Boklista til Samlaget

Citation preview

Page 1: Samlaget Våren 2013

Vårlista 2013

frå

Page 2: Samlaget Våren 2013

1

Vårlista 2013 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR:

ERICA LÖFSTRÖM: SEX, MUSIKK OG VOLD Beatrice studerer journalistikk i Stockholm. Ho er rotlaus, einsam, utprøvande, seksuell og eteforstyrra. Og ho hatar alt. Mest hatar ho seg sjølv. Den unge kvinna ber på ei destruktiv kraft, men svart humor og eit skarpt blikk på både seg sjølv og verda har redda ho frå undergang til no. Beatrice flyktar inn i ein tilstand der grensene blir stadig meir perifere. Ei verd ho kan stå ut med. Ei verd der ho kan flykte frå skulda, frå seg sjølv. Ei verd av sex, musikk og vold. Sex, musikk og vold er ei sterk og uredd skildring av ei ung kvinne og hennar ferd gjennom helvete mot psykiatrien, med fokus på

forholdet hennar til eigen kropp og andre sine, med utslag i anoreksi og sjølvdestruktivitet. Erica Löfström (f. 1978) debuterer med romanen Sex, musikk og vold. Ho er frå Sverige, men bur og arbeider i Trondheim. ROMAN | ISBN: 9788252181586 | Pris ca. kr 369,- | Utg. mai

SIGRID MERETHE HANSSEN: SOFIA

Ein forfattar reiser til ein gresk kystby for å skrive ei ny bok. I byen møter ho den døvstumme Sofia, som arbeider på ein kafé i nabolaget. Ho blir tiltrekt av denne kvinna, som opptar stadig større plass i skrivinga hennar. Forfattaren skjønar at Sofia er illegal flykting, og mistenker etter kvart at ho er i stor fare. Då ho ein dag viser seg å vere sporlaust forsvunne, smuldrar verda til forfattaren opp. Er ho den einaste som kan hjelpe Sofia, og korleis skal ho klare dette? Og er hennar lengsel etter å beskytte Sofia helst eit uttrykk for hennar eiga hjelpeløyse? Sigrid Merethe Hanssens første roman handlar om flukt på ulike plan, om galskap og om grensene mellom fiksjon og verkelegheit.

Sigrid Merethe Hanssen (f. 1966) debuterte i 2007 med novellesamlinga Sprang, og har seinare gitt ut novellesamlinga Ingen heime og barneboka Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet.

Hanssen bur på Finnsnes i Troms. ROMAN | ISBN: 9788252180701 | Pris ca. kr 359,- | Utg. mars

Page 3: Samlaget Våren 2013

2

KARIN MOE: VIRKELIGHETEN Karin Moe er tilbake som skjønnlitterær forfattar, med ein todelt konseptroman, ein del på bokmål og ein på nynorsk. Vi følgjer først eit sprikande kjærastepar og ein hund. Det er hunden som fortel, og såleis lèt oss møte skapningar på randen av språk og i barbariets randsone. Privat, personleg og offentleg er stikkord her. Den andre delen, lagt til 2031, er eit notat over Norsk ordbok, og er ein ufrivillig humoristisk dystopi som skildrar verkelegheita etter den store språkreforma eller den globale språkavlæringa. Karin Moe (f. 1945) er forfattar og litteraturkritikar. Ho debuterte med tekstsamlinga Kjønnskrift (1980), og har i seinare bøker markert seg som ein av dei mest eksperimenterande forfattararane i landet. Her er impulsar både frå postmodernisme, feministisk litteraturkritikk og moderne psykoanalytisk teori.

ROMAN | ISBN: 9788252182804 | Pris ca. kr 349,- | Utg. mai

KRIM:

KROKEN & KOLDEN: DØDEN KJEM MED BUSSEN Ein buss med ein død passasjer ombord kjem til Vågå. I Lom stig ei mystisk kvinne av ein annan buss. Fleire i bygda døyr ein brutal, brå død. Lensmann Sylfest Seljestad og betjent Jørgen Vold må løyse ei vanskeleg sak som har djupe røter i fortida. Kroken & Kolden er Vigdis Kroken, journalist og Ragnhild Kolden, bokhandlar. Begge er frå Lom. Ragnhild Kolden debuterte hausten 2010 med romanen I krig og kjærleik. I 2011 kom første bok i serien med krimbøker frå Lom, Evig skal døden vera. Om Evig skal døden vera: Dette er vårens beste norske krim. Sjarmerende bygdekrim med gode karakterer. Torbjørn Lysebo Ekelund, Dagbladet

KRIM | ISBN: 9788252182798 | Pris ca. kr 259,- | Utg. mars

Page 4: Samlaget Våren 2013

3

LARS MÆHLE: DEN MØRKE PORTEN Ein mann blir drepen på brutalt vis i ein kyrkjeruin, same stad som psykologen Karsten Scheel blei funnen myrda fem år tilbake. Ina Grieg, Scheels kollega og hemmelege elskar, blir inkludert i etterforskingsteamet. Kjensla av at ho er med i teamet på nåde, gjer at Ina Grieg finn uortodokse metodar for å få etterforskinga framover. Hennar gamle venn og mentor, den pensjonerte psykologprofessoren Trygve Winther, viser seg å bli til stor hjelp. Snart blir det klart at dei står ovafor ein seriedrapsmann besett av hemn. Og Ina må kjempe mot fleire demonar i jakta på fienden, ikkje minst sine eigne. Lars Mæhle (f. 1971 på Sunndalsøra) debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia (2002), seinare filmatisert med stor suksess som Keeper’n til Liverpool. Mæhle har skrive ei rekkje bøker for barn og ungdom, m.a. den prislønte fantasyromanen Landet under isen (2009). Om Korea. Noveller om kjærleik (2011): Lars Mæhle er en varm skildrer av det gjenkjennelige.

Ellen Sofie Lauritzen, Dagsavisen

… ein framifrå observatør Sofie Braut, Stavanger Aftenblad

KRIM | ISBN: 9788252180824 | Pris ca. kr 369,- | I sal

Page 5: Samlaget Våren 2013

4

OMSETT:

MARTIN JOENSEN: FISKARMENN Færøysk klassikar Símun er ein hardtarbeidande fiskar om bord på sluppen Ørnen i mellomkrigstida. Forholda om bord er miserable, samhaldet dårleg og rivaliseringa sterk: ”Símun såg straks han sette foten om bord, at mellom denne mannen og han kom det til å bli harde tak. Dette var ein mann som ikkje gav seg før ein av dei låg der.” Joensen skildrar framveksten av den færøyske klassekampen; opprøret mot rike reiarar og kjøpmenn som ikkje berre eig dei materielle verdiane, men også sjølve arbeidskarane og -jentene på land.

Martin Joensens Fiskarmenn (1946) er ein klassikar i den færøyske litteraturen. Beskrivelserne af livet ombord på færøske fiskeskibe er fremragende, og giver en besk afsløring af samfundets hierakiske opbygning. Jógvan Isaksen, Færøsk litteratur (Kbh. 1993) Martin Joensen (1902–1966) debuterte med den første færøyske kollektivromanen, Fiskimenn (Fiskarmenn), i 1946. Martin Joensen har – saman med dei internasjonalt meir kjente forfattarane William Heinesen og Heðin Brú – ein sentral plass i færøysk litteratur. Lars Moa har omsett om lag 16 bøker frå færøysk til norsk, og har blant anna blitt heidra for dette arbeidet med Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris, for arbeidet med å styrke sambandet mellom Noreg og Færøyane. Frå færøysk ved Lars Moa.

ROMAN | ISBN: 9788252180909 | Pris ca. kr 279,- | Utg. april

Page 6: Samlaget Våren 2013

5

ESSAY, LYRIKK, DRAMA:

ODD ERIK FÆREVÅG: DAGANE GRÅ Debutboka til Odd Eirik Færevåg dreier seg om tapserfaringar, i barndom og vaksenliv. Om ein liten son som dør, og som bringar fram minna om ei syster som eingong forsvann. Den mørke tematikken blir boren fram av eit overskot, eit leikande språk, eit språk som jobbar seg ut av sorga. Samlinga blir ein hyllest til dei som står rundt: foreldre, kjærast, barn og venner. Odd Eirik Færevåg (f. 1976) kjem frå Røvær. Han bur i Haugesund og arbeider som lærar.

LYRIKK| ISBN: 9788252182835 | Pris ca. kr 259,- | Utg. juni

Page 7: Samlaget Våren 2013

6

JON FOSSE: STEIN TIL STEIN. 39 DIKT OG 1 SALME

Det er i år ti år sidan Fosse sist gav ut ei tradisjonell diktsamling. Fosse karakteriserer den nye samlinga som ei kravlaus lita samling. Boka inneheld dikt, men òg ei salme, Nattsalme, som har fått plass i den nye salmeboka. FARGAR AV GAMLE BÅTAR Fargar av gamle båtar og av ein diger torsk glinsande i sola på dekket over den blenkjande sjøen blandar seg med lyden av gitar og ei jente som dansar mørkret innover og innover til der det opnar seg viltert på ein kai ved fjorden der nokre vestlendingar står og preikar om byen på hi sida fjorden som berre forsvann slik berre ein by på Vestlandet vel kan forsvinna

(for Rolf Sagen)

Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste norske forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar både i inn- og utland, og er av kritikarar blitt omtalt som det 21. hundreårets Beckett. LYRIKK | ISBN: 9788252183412 | Pris ca. kr 239,- | I sal

Page 8: Samlaget Våren 2013

7

JUVENAL: SATIRAR Den romerske forfattaren Juvenal (ca.. 55–138 e. Kr) skreiv unike satiredikt som skulle få stor betydning for seinare europeiske satirikarar. Juvenal klarar på ein underhaldande måte å fange storheita, grumset og den levande energien i kvardagslivet til romarane. Satirane hans visar fram ei fascinerande og umiddelbart gjenkjenneleg verd av prostituerte, spåmenn, alkoholiserte politikarar og sleipe advokatar. Her er skildringar av forfengelegheita, nytesjuka og maktmisbruken blant dei rike og adelege, men Juvenal gjer òg narr av "oppkomlingane": frigjevne slavar som hadde vorte rike og prøvde å gjera det nye tilværet sitt så luksuriøst som mogleg.

Gjendiktinga er ved Torgeir Bygstad, som også har skrive eit forord og kommentarar til satirane. LYRIKK | ISBN: 9788252180718 | Pris ca. kr 269,- | Utg. februar

RAINER MARIA RILKE: SONETTANE TIL ORFEUS Sonettane til Orfeus er eit av hovudverka i moderne poesi. Syklusen blei skrive som gravmonument over venninna til Rilkes dotter, og går attende til Orfeus, den mytiske songaren frå Thrakia. Orfeus var lyrespelaren som kunne fortrylle både ville dyr, bekkar og steinar med songen sin. Han hadde også mulegheita til å bringe si elska Eurydike attende frå dødsriket. Vilkåret var at han ikkje såg seg attende før ho sette foten blant dei levande. Men Orfeus kunne ikkje la vere å sjå seg tilbake og mista dermed Eurydike for alltid. Rilke bruker den greske Orfeus-myten og gir samstundes ein moderne, eksistensiell tolking av

livet og døden. Åsmund Bjørnstad står for denne gjendiktinga, og har supplert den med kommentarar. Boka gjengir også den tyske teksten. LYRIKK | ISBN: 9788252182422 | Pris ca. kr 269,- | Utg. mai

Page 9: Samlaget Våren 2013

8

PATTI SMITH: SANKA ULL Sanka ull er ei intens lita perle av ei minnebok. Med glimt attende til barndommens mystiske og magiske verd – og til den tidlege ungdommens uskyld og usikkerheit. Boka rommar essensen av det Patti Smith kan som poet og skribent: gi ord til det for lengst gløymte, fange det flyktigaste tankespinn og mane fram hjartegripande scener. Ei lita bok, men berre av format og omfang. For den strevar høgt og veks i fylde for lesaren, som får sine eigne minnebilde oppvekt og fletta inn. Gjendikta av Ingrid Z. Aanestad. Patti Smith (fødd 1946) er ei legende i den amerikanske musikkhistoria. Ho er vokalist, låtskrivar, poet og artist og hadde

stor påverknad på pønkrock-rørsla gjennom debutalbumet sitt, Horses, frå 1975. LYRIKK | ISBN: 9788252181968 | Pris ca. kr 269,- | Utg. mai

TERJE TØRRISPLASS: GLENNE I Terje Tørrisplass' andre diktbok blir vi tatt med til djupe søkk og høge fjell i eit diktarsinn. Den livslange, tette relasjonen til naturen står sentralt, gjennom arbeid, jakt og vandring. Men også relasjonar til dei som gjekk tapt, ein bror, ein kamerat og ein kjærast. Kvart dikt er livsfragment som til saman skapar ein heilskap, dikta representerer skilsetjande hendingar og blir ståande som "glenner" for erkjenning og forståing. Terje Tørrisplass (f. 1957) bur på Bromma i Hallingdal og er skogsarbeidar. Han debuterte med diktsamlinga Eg bygger ikkje byar i 2010.

LYRIKK | ISBN: 9788252182828 | Pris ca. kr 269,- | Utg. mars

Page 10: Samlaget Våren 2013

9

POCKET:

FRODE GRYTTEN: ROM VED HAVET, ROM I BYEN Denne novellesamlinga er som ein ekskursjon inn i kjærleiken. Frode Grytten har spora opp ti rom ulike stader på kloden – rom der folk finn kvarandre eller går under, der dei øydelegg kvarandre eller elskar med stille kraft.

Når Grytten går inn i desse romma, er det for å finne ut meir om kva som gjer oss til menneske. Det handlar om å gå, om å bli og om å stanse rett framfor katastrofen. På vakkert vis skildrar Grytten det vi allereie hadde ein mistanke om: Hjartet er ein einsam jeger.

Dette er novellenes Rolls-Royce Ane Farsethås, Dagens Næringsliv

NOVELLER | ISBN: 9788252182842 | Pris ca. kr 149,- | Utg. mars

FRODE GRYTTEN: DANS SOM EN SOMMERFUGL, STIKK SOM EN BIE Denne boka inneheld tolv noveller om mannsrolla i alle fasettar, og vi møter for det meste unge gutar i overgangen mellom barn og vaksen, i deira ofte sterke møte med verkelegheita. Tittelen viser til boksaren Muhammad Alis motto, og i fleire av forteljingane er boksing tema. Med stor varheit viser Grytten gutesinnet som vil vere barskt, men som inst inne er ømt og sårbart.

NOVELLER | ISBN: 9788252182859 | Pris ca. kr 149,- | Utg. mars

Page 11: Samlaget Våren 2013

10

FRODE GRYTTEN: POPSONGAR 24 timar, 24 stader, 24 songar, 24 historier. Musikken dannar eit bakteppe for desse oftast triste, av og til tragikomiske, men alltid djupt menneskelege lagnadene. Her er jenta som er forbanna over kor opptatt mora er av Britney Spears, kona som med si "drømmekraft" er unormalt oppslukt av Tom Jones, mannen som vil drukne bikkja si fordi han meiner hunden har øydelagt samlivet med kona. Mange av tekstene handlar om kjærleik som er på veg - til å bli noko meir, eller til å bli borte, som ikkje blir noko av, og dei viser korleis kjærleiken også fører med seg hat, sorg, smerte og

melanokoli. Det er en håndfull bøker jeg skulle ønske jeg kunne blande ut i grunnvannet slik at absolutt alle er nødt til å få dem med seg. Popsongar er en av dem. Terje Thorsen, Dagbladet

Frode Grytten skiver lekende lett, de korte tekstene har i blant en hitlåts suggesjon og rytme i seg. Anne Ca.thrine Straume, NRK NOVELLER | ISBN: 9788252182866 | Pris ca. kr 149,- | Utg. mars

FRODE GRYTTEN: LANGDISTANSESVØMMAR Noveller om motorvegar, snarvegar, bygdevegar og dei magiske vegane som kan føre ein langt, langt vekk. Parallelt med dramatisk og hardkokt stil og mjukare taktar.

NOVELLER | ISBN: 9788252182873 | Pris ca. kr 149,- | Utg. mars

Page 12: Samlaget Våren 2013

11

JAN ROAR LEIKVOLL: BOVARA Eventyrleg roman frå klostermiljø Frrok er gartnar i klosteret ved landsbyen Bovara, men blir ståande einsam når vennen Flori forlet han for å arbeide med ei bok i tårnet. Samstundes kjem ei prostituert jente på flukt og bankar å døra til klosteret. Frrok gøymer henne i kjellaren, og oppdagar med eitt at han har makt over liv og død. Bovara er ein eventyrleg roman om makt, svik og kjærleik. Jan Roar Leikvoll har blitt samanlikna med internasjonale forfattarar som Cormac McCarthy, og hans kompromisslause og kritikarroste forfattarskap er blant dei mest spennande her til lands. Grusomt godt Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

Leikvoll fortsetter å bore i menneskenes mørke sider. Det gjør han godt ... Leikvoll skriver litteratur som river ... bøker du ikke glemmer med det første. Anne Ca.thrine Straume, NRK

Jan Roar Leikvoll (f. 1974) debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008, som blei følgt opp av Fiolinane (2010). Leikvoll er frå Frekhaug i Nordhordland og har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. ROMAN | ISBN: 9788252182903 | Pris ca. kr 149,- | I sal

Page 13: Samlaget Våren 2013

12

INGELIN RØSSLAND: KIRSEBÆRSNØ Under den storslagne førtiårsfesten Cathrine har laga for mannen sin, blir ho brått klar over at det finst ein ubalanse i forholdet. Og mens ho står på trappa utanfor festlokalet og frys, kjem det ein som ser henne. Ein viljefast, svensk dyrlege som seier det rett ut: Jag vill stjäla dig från din man. Handlinga i Kirsebærsnø utspeler seg i vakre Hardanger, med blømande frukttre, ei kjær bestemor som ligg for døden og eit gammalt hus som skaper strid i familien. Cathrine er midt i sitt livs største drama: Vil ho orka å stå imot freistinga, når det er så enkelt å gi etter? Selv om handlingen er nokså enkel gjør den solid gjennomførte teksten lesingen til en lek. Denne forfatteren leser jeg gjerne flere voksenbøker av. Maria Årolilja Rø, Adresseavisen

Dette er en herlig perle av en bok, den er lettlest og har et godt språk. Terningkast 5.

Beathe, Beathes bokhylle

Ingelin Røssland (f. 1976) har jobba som journalist i fleire aviser og i NRK. Ho har fått ei rekkje prisar for ungdomsbøkene sine og blitt omsett til fleire språk. Kirsebærsnø er den første romanen hennar for vaksne. ROMAN | ISBN: 9788252182910 | Pris ca. kr 149,- | I sal

Page 14: Samlaget Våren 2013

13

BARN OG UNGDOM:

PEIKEBØKER: ROTRAUT SUSANNE BERNER: ÅRET RUNDT I VRIMLEBY Dei fire årstidene i Vrimleby er no samla i ei bok! Ein sikker vinnar blant foreldre og barn som er glad i vrimlebilde og vrimlebøker. Vrimleby er store bøker i stiv papp som skildrar byen i kvardag og fest. Her er årstidene i alle sine fargar, krydra med spennande detaljar. Bli med til vedunderlege Vrimleby!

Rotraut Susanne Berner (fødd 1948 i Stuttgart) er kunstutdanna, og internasjonalt anerkjent

for bøkene sine, og har hatt ein formidabel suksess med Vrimlebøkene i både inn- og utland.

Ho bur i München.

PEIKEBOK | ISBN: 9788252182651 | Pris ca. kr 279,- | I sal BILETBØKER 2-6 ÅR:

ANNA R. FOLKESTAD: UNNI OG GUNNI GJER DET FINT Tredje bok i sjarmerande småbokserie Unni og Gunni ser på kvarandre - Det er på ein måte litt tomt her, seier Unni. - Einig, seier Gunni. - Me gjer det fint! ropar Unni. Pingvinane Unni og Gunni er to gode venner som likar forandring. Dei er ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt, og finn alltid ei løysing på utfordringane dei møter under vegs. Serien om Unni og Gunni inneheld tre enkeltbøker som også utgjer ei samanhengande historie. Frå 2-år. Anna R. Folkestad (f. 1983) debuterte i 2011 med biletboka Henrik And, som kom på russisk i 2012.

BILETBOK | ISBN: 9788252181623 | Pris ca. kr 149,- | I sal

Page 15: Samlaget Våren 2013

14

MARIT LAJORD OG LINE HALSNES (ill.): OLAVA OG BESTEFAR Varmt og vakkert om livet, døden og bestefar Olava er 7 år, bestefar Olav er 70. Dei gjer fine ting saman, og bestefar lærer Olava å ro. Men så blir han sjuk, så sjuk som berre gamle blir. Historia om Olava og bestefar fangar samspelet mellom barn og besteforeldre på ein varm og jordnær måte, og formidlar opplevinga av sorg og avskjed gjennom synsvinkelen til barnet. Med Line Halsnes’ vakre illustrasjonar inviterer boka til fine samtaler om liv og død og slekters gang. Marit Lajord (f. 1990) er debutant. Ho har gått på forfattarutdanninga i Bø, studerer jus og skriv for ungdom på nettstaden Framtida.no

6-9 år. BILETBOK | ISBN: 9788252180404 | Pris ca. kr 229,- | I sal

OLOF OG LENA LANDSTRÖM: POM OG PIM Nye venner frå skaparane av Bø og Bæ! Skaparane av bøkene om Benny og Bø og Bæ er tilbake med to nye barnebokfigurar: Pom og Pim. To gode venner som av og til har veldig uflaks. Men så blir det noko fint av det likevel! Ei enkel og klassisk historie om hell i uhell, ein ny klassikar som kom på svensk hausten 2012 og alt er omsett til fleire språk.

2-5 år. BILETBOK | ISBN: 9788252182712 | Pris ca. kr 179,- | I sal

Page 16: Samlaget Våren 2013

15

RUTH LILLEGRAVEN OG INGER LANDSEM: MARI OG MAGNUS FÅR KATT Tredje bok i sjarmerande småbarnsserie I den tredje boka om Mari og Magnus får dei oppfylt ein stor draum: Dei får ein kattunge! Tippi er den finaste pusen i verda, og dei lover å passe godt på ho. Men så ein dag – gløymer dei å lukke døra når dei går ut for å leike med Jonas! Den enkle historia rommar store kjensler og dramatikk, og ender heldigvis godt. Ei bok som vil sjarmere og engasjere små lesarar! Les også Mari og Magnus flyttar inn Mari og Magnus og smokketjuven Ruth Lillegraven (f. 1978) debuterte med den kritikarroste diktsamlinga Store stygge dikt i 2005. Bøkene om Mari og Magnus

er dei første barnebøkene hennar. Inger Landsem (f. 1950) har illustrert ei lang rekkje barnebøker og skulebøker. Ho jobbar òg som biletkunstnar og har mange utstillingar bak seg. BILETBOK | ISBN: 9788252182606 | Pris ca. kr 159,- | Utg. mars

Page 17: Samlaget Våren 2013

16

FRÅ 10 ÅR:

ROBERT MUCHAMORE: SLÅTT UT Bok nr. sju i den bestseljande agentserien CHERUB Då eit M15-oppdrag går katastofalt gale, treng James Adams alt han har lært for å komme seg levande ut av Russland. I mellomtida er søstera, Lauren, ute på sitt første solooppdrag. Ho skal prøve å gå undercover i en brutal operasjon knytt til menneskehandel. Og når James endeleg kjem heim, finn han ut at marerittet berre så vidt har begynt … Dette er den sjuande CHERUB-boka. Serien har både vunne litterære prisar og blitt ein internasjonal suksess. Les også Rekrutten, Kokainkongen, Flukta, Drapet, Heilag galskap og Mennesket og dyret. Rekrutten finst òg som grafisk roman. Robert Muchamore (f. 1972) jobba som privatetterforskar i mange år, men slutta då bøkene hans gjorde suksess. Han er no utgitt på over tjue språk, og har selt fleire millionar bøker.

10-16 ÅR | ISBN: 9788252175479 | Pris ca. kr 189,- | Utg. mars

Page 18: Samlaget Våren 2013

17

FANTASY:

LENE KAABERBØL: VILLHEKS. KIMÆRAS HEMN (nn) VILLHEKS. KIMÆRAS HEVN (bm) Bok tre i ny og spennande fantasyserie! "Er han død?" Clara tør nesten ikkje spørje, for det er hennar eigen villven Katt det gjeld. Livet hans heng i ein spindelvevtynn tråd, og viss Clara vil redde han, må ho følgje eit spor som fører henne rett i klørne på dødsfienden Kimæra ...

Kimæras hemn er tredje boka i serien om Clara, kjærleiken hennar til dyr og kampen for å overleve som villheks i ei verd der magi ikkje akkurat er barnemat. Les også dei to første bøkene i serien, Eldprøva (kåra til beste barnebok av danske barn i 2012) og Viridians blod. Bøkene i Villheks-serien kjem ut både på nynorsk og bokmål. Lene Kaaberbøl (f. 1960) starta karriera si som forfattar i ein alder av 15 år. Sidan den gong har ho skrive ei rekkje bøker, og er i dag forfattar på heiltid. Kaaberbøl har tidlegare utgitt serien om

Skammarens barn, og ho har blant anna vunne Disney-prisen for W.I.T.C.H-serien. Frå 8 år. FANTASY | ISBN: 9788252182255 (nn) 9788252182262 (bm) | Pris ca. kr 179,- | I sal

Page 19: Samlaget Våren 2013

18

UNGDOM: SUNNIVA RELLING BERG: BEINA I GITAREN Intens og mørk oppfølgjar til Bragenominerte Utfor

Bo er 17 og har gitt opp å passe inn. Men då ho møter Hans blir det ikkje lenger så lett å tenkje at ingenting betyr noko. Vi følgjer ho eit år frå sommar til sommar, gjennom tilbakeblikk til barndomen ho er på veg ut av, og intense, men famlande forsøk på å finne sin plass i verda og i forholdet til Hans. Beina i gitaren er ei sterk, kompleks og velskriven historie om identitet og sterke kjensler.

Sunniva Relling Berg (f. 1988) kjem frå Ålesund og bur i Bergen.

UNGDOM | ISBN: 9788252182927 | Pris ca. kr 249,- | Utg. april

TOR ARVE RØSSLAND: SVARTE-MATHILDA III Siste boka i lesaranes favorittgrøssar-serie

Elisabeth og Gry drar til Venezia for å finne ut kva som skjedde med bibliotekaren Viggo. Kva var han på sporet av då han døydde? Lesaren blir også tatt med til 1500-talets Venezia, der Gallo-brørne går i gang med spegelproduksjon. Dei blir både offer og reiskap for dei demoniske kreftene som seinare skal heimsøkje Hardanger på 1800-talet og notidas Bergen. Her får lesarane som har følgt Svarte-Mathilda frå spegel til spegel

endeleg vite den grufulle byrjinga på historia. Eller går den kanskje endå lenger bakover i tid? Den tredje boka om Svarte-Mathilda er mørkare og skumlare enn dei to første, som har blitt lesarfavorittar og nominert til Uprisen. Frå 11 år. UNGDOM | ISBN: 9788252183016| Pris ca. kr 249,- | Utg. april

Page 20: Samlaget Våren 2013

19

POCKET, BARN OG UNGDOM:

ANNE VIKEN: ELISE OG MYSTERIET MED DEI DØDE HESTANE Spennande om hestar og dyrlegedraumen

Då onkel Kalle får sommarjobb som veterinær i den bortgøymde Tordenbygda, reiser tretten år gamle Elise frå byen for å vere med som assistent. Der treffer ho den pensjonerte veterinæren Gamle-Mathias og verdas galnaste prest. Elise er forferdeleg glad i hestar, og finn fort ut at dei kvite hestane i Tordenbygda ikkje er som andre hestar. Ingen veit kvar dei kjem frå. Og livet som veterinær er mykje farlegare enn Elise hadde førestilt seg. Elise og mysteriet med dei døde hestane er ei spennande og energifylt historie som tar dyrlegedraumen på alvor. Anne Viken er sjølv utdanna veterinær, og kjennskapen og kjærleiken til både dyra og yrket er sterkt til stades i romanen. Denne historia er midt i blinken for hesteinteresserte og dyreglade frå 10 år og oppover.

Å lage spenning er ein krevjande sport som Viken kjem vel ifrå. Eg trur at boka vil fenge målgruppa, og eg innrømmer villig at eg let meg rive med i den spennande slutten. Hans Jakob Reite, NRK Sogn og fjordane

Boka er diggbar. Og viss du er ute etter ei spenningsbok og du i tillegg likar hestar - då trur eg at denne er perfekt! ... Anne Viken, bra forfattar! Bibliotekaren din, bokblogg 9-13 ÅR | ISBN: 9788252183511 | Pris ca. kr 149,- | I sal

Page 21: Samlaget Våren 2013

20

AINA BASSO: INN I ELDEN Historisk ungdomsroman med hekseprosessane i Finnmark som dramatisk bakteppe

I tiåra frå 1620 og utover blei i alt 80 ”trollkvinner” dømde til døden på bålet i Finnmark. I denne romanen møter vi to unge jenter som hamnar på kvar si side i denne utrulege og skremmande delen av norsk historie. Romanen har to parallelle forteljarar, den velståande Dorothe frå København og den fattige Elen, som er dotter av ei ”klok kone” i Finnmark. 16 år gammal blir Dorothe gifta bort til ein mykje eldre mann og drar med han til Vardø, der Dorothes og Elens liv kryssast på dramatisk vis. Gjennom dei to like gamle, men svært ulike jentene, får vi ei levande og poetisk skildring av å vere på veg inn i vaksenverda, og av ei fjern fortid med både parallellar og sterke

kontrastar til vår eiga tid.

Ingen andre norske forfattere mestrer de historiske tablåene som Aina Basso. Maria Årolilja Rø, Adresseavisen

Jeg tviler på om noen skriver bedre historiske romaner i norsk litteratur i dag. Jørn Roeim, Aroundbooks

UNGDOM | ISBN: 9788252183580 | Pris ca. kr 149,- | I sal

Page 22: Samlaget Våren 2013

21

LARS MÆHLE: FUCK OFF I LOVE YOU Spennande og tankjevekkande roman om val og vold Vemund er ein vanleg 16-åring. Likevel viklar han seg inn i eit usunt miljø rundt eit treningssenter. Kvifor? Leiaren i gruppa, Two-Face, er ein fascinerande, men skremmande skikkelse. Han avgjer alle viktige vegval med myntkast: På den eine sida av mynten står det «I Love You». Da blir valet godt. På den andre sida står det «Fuck Off». Da blir handlinga vond … Fuck Off I Love You er ei sterk og spennande forteljing som tar opp viktige spørsmål: Kor mykje kan vi styre livet vårt? Kva gjer vi ut frå fri vilje? Og kva blir bestemt ut frå faktorar vi ikkje kan rå over? Mæhle har skrevet en viktig ungdomsroman som kan anbefales på det varmeste. Endre Ruset, Romsdals Budstikke

Dette er spennende. Boken begynner rett på handling og slipper deg ikke før siste side er lest. Kort, konsist og det skjer noe hele tiden. Det

er sånne bøker ungdom vil ha … Og siste side kan gi deg tårer i øynene, så vakker var slutten. Bjørn Veen, bloggen Ungdomsboka, Gjesdal folkebibliotek Nominert til Uprisen 2013! UNGDOM | ISBN: 9788252183658| Pris ca. kr 149,- | I sal

Page 23: Samlaget Våren 2013

22

FAKTA OG DOKUMENTAR:

MAGNHILD FOLKVORD: FREDRIKKE MARIE QVAM. RABALDERMENNESKE OG STRATEG Fredrikke Marie Qvam (1843-1938) var ein av dei heilt sentrale strategane i kampen for full kvinneleg stemmerett. Som leiar for fleire kvinneorganisasjonar stod ho i spissen for kvinnestemmerettskampen på slutten av 1800-talet. Målet vart nådd i 1913, men det sette ikkje på nokon måte punktum for Qvam sitt politiske og organisatoriske engasjement. Qvam vart ikkje utan grunn kalla Korridorenes Dronning, og ho påverka gjerne landets leiande menn ved å gå gjennom konene deira. Sjølv var Fredrikke Marie Qvam gift med Ole Anton Qvam, ein sentral Venstre-politikar. Mykje sjukdom, to barn som døydde tidleg, ein son som døydde av tuberkulose 25 år gammal, og eit dødfødd barn sette eit sterkt preg på livet hennar. Magnhild Folkvord (f. 1945) er utdanna adjunkt. Ho har sidan 1999 arbeidd som journalist i Klassekampen. I 2008 gav ho ut boka

Sekstimarsdagen – den neste store velferdsreforma? i samarbeid med Ebba Wergeland. BIOGRAFI | ISBN: 9788252183009 | Pris ca. kr 399,- | Utg. april

Page 24: Samlaget Våren 2013

23

KRISTIN FRIDTUN: NYNORSK FOR DUMMIES

Nynorsk for dummies er skriven for dei som ikkje kan så mykje om nynorsk, men som vil lære litt. Eller: Ho er skriven for dei som ikkje vil lære nynorsk, men som må lære det. Kristin Fridtun var sjølv bokmålselev i tjukkaste bokmålsland. På ungdomsskulen hadde ho ein norsklærar som sa: «Nynorsk er ikkje vanskeleg.»

Fridtun trudde ikkje på henne. Seinare måtte Fridtun bite i graset og vedgå at læraren hadde rett. Den nynorske jungelen er ikkje så stor og skummel som mange trur! Fridtun syner veg på morosamt, enkelt og underhaldande vis. Ho stiller spørsmål som: Er Ivar Aasen rota til alt vondt? Ho knuser mytar om nynorsken og Aasen, og gir ei enkel og uvanleg god innføring i nynorsk språkføring og grammatikk. Kristin Fridtun (f. 1987) har master i norrøn filologi. Ho er oppvaksen med bokmål, men skifta til nynorsk i 2006. Fridtun er fast spaltist i Dag og Tid, og har vore bidragsytar i ymse tidsskrift og bøker. Ho kjem frå Elverum, men er busett i Bergen. Fridtun gav i 2011 ut boka Norsk etymologisk oppkok. SPRÅK | ISBN: 9788252183160 | Pris ca. kr 249,- | Utg. mai

Page 25: Samlaget Våren 2013

24

ARE KALVØ: NY GRUNNLOV Den norske grunnlova blei laga for nesten to hundre år sidan av ein gjeng ureinslige menn på seminar på Eidsvoll. Are Kalvø meinte han måtte kunne gjere ein betre jobb, og reiste ut i landet for å lage ei ny grunnlov, som bygger på det folk i dag meiner. Resultatet blei ei ny og sjølvsagt mykje betre grunnlov, men òg ein tv-serie som dokumenterer arbeidet, som blir vist på NRK i år med tittelen Riksforsamlinga. Boka inneheld den nye grunnlova, historia om korleis grunnlova blei til, men òg mange ulike slags forsøk - nokre av dei direkte tøvete - på å finne ut kva folk i dag eigentlig meiner om til dømes likskap, demokrati, monarki, religion og ytringsfridom. Boka inneheld fleire vitsar og søkte teoriar og er illustrert med ganske overraskande fotos. Are Kalvø (f. 1969) kjem frå Stranda og er ein av verdas største nynorsk-humoristar. Dette har han dokumentert gjennom ein

lang karriere som forfattar, radioprogramleiar, avisspaltist og stå-opp-komikar. HUMOR | ISBN: 9788252182934 | Pris ca. kr 299,- | I sal

Page 26: Samlaget Våren 2013

25

JANNE NYGÅRD OG VEBJØRN STURE: KVA SKAL VI MED SIDEMÅL?

Kvifor må elevar lære både nynorsk og bokmål? Denne pamfletten går rett inn i det vanskelege og viktige ordskiftet om sidemål. Dei unge forfattarane legg fram ein god og grundig argumentasjon for kvifor opplæring i begge dei norske språka er viktig, både for den enkelte og samfunnet. Er norskundervisninga god nok? Og korleis burde norskfaget eigentleg sjå ut? Les om fordelane med å lære både nynorsk og bokmål, og korleis vi kan lukkast med det. Med bidragsytarar som Øystein Vangsnes, Gunnar Skirbekk og Eli Bjørhusdal tek pamfletten føre seg både den faglege og den politiske sida ved spørsmålet. Denne boka er både for dei som berre vil ha svar på kvifor vi har sidemål i skulen og for dei som leitar etter harde fakta og gjennomtenkte resonnement.

Vebjørn Sture (1987) er møbelsnikkar og leiar i Norsk Målungdom. Janne Nygård (1989) er student, redaksjonssekretær i Syn og Segn og nestleiar i Noregs Mållag. SPRÅK | ISBN: 9788252183085 | Pris ca. kr 99,- | I sal

Page 27: Samlaget Våren 2013

26

SAKPROSA, POCKET:

ASTRID SVERRESDOTTER DYPVIK: DET VAR DDR. FORTELJINGAR OM EIT NEDLAGT LAND

Kamp om historia

3. oktober 1990 vart DDR lagt ned og Tyskland samla. Denne boka byr på forteljingar om det som vart att etter DDR. Her møter du folk med merkelege, opprørande og triste historier. Alt frå stasimedarbeidarar og leiande personar i kommunistpartiet, til menneske som vart offer for eit brutalt diktatur. Alle desse historiene har sin plass i den store forteljinga om DDR. Med nærgåande portrett teiknar Astrid S. Dypvik eit levande bilete av republikken og korleis han gjekk i oppløysing hausten 1989. Med Astrid Sverresdotter Dypviks Det var DDR har vi fått noe så sært som en norskskrevet bok av internasjonalt format — dette er en bok som garantert lar seg eksportere, og som er verdt det. Jon Rognlien, Dagbladet

Journalisten Astrid Sverresdotter skriver drivende godt om DDR-skjebner, og får det til å føles relevant også for et norsk publikum. Knut Hoem, NRK

Astrid Sverresdotter Dypvik (f. 1977) er journalist og historikar. I dag er ho tilsett i Nationen, men ho har tidlegare arbeidd i

både Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid. HISTORIE | ISBN: 9788252182996 | Pris ca. kr 149,- | Utg. mars