9
26.–28. AUGUST 2016 «Storegut» av Harald Kihle

26.–28. AUGUST 2016 - Visit Vinjevisitvinje.info/content/download/42670/809149/version/1/... · Samlaget. Olav Vesaas har redigert fleire diktantologiar, laga ei bok om Telemark

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: 26.–28. AUGUST 2016 - Visit Vinjevisitvinje.info/content/download/42670/809149/version/1/... · Samlaget. Olav Vesaas har redigert fleire diktantologiar, laga ei bok om Telemark

26.–28. AUGUST 2016

«Sto

regu

t» a

v H

aral

d K

ihle

Page 2: 26.–28. AUGUST 2016 - Visit Vinjevisitvinje.info/content/download/42670/809149/version/1/... · Samlaget. Olav Vesaas har redigert fleire diktantologiar, laga ei bok om Telemark

Velkomen | 32 | Velkomen

I Inger Elisabeth Hansens dikt grip katastrofane inn. Når byrja albatrossen å døy på feil måte? Korleis skal sjøfarande, innelåst under dekk, navigere i eit veksande mørker utan stjerner? Dikta teiknar eit samfunnsbilete i faretrugande endring. Med brodd og engasjement flettar poeten kulturhistoria saman med notidas krigs- og klima-krise. Hansen er ein av fleire samtidsvende forfattarar under årets litteraturdagar. Espen Stueland, Brit Bildøen og Ingrid Storholmen handsamar klimaspørsmålet i ulike litterære former; essay, roman, dikt. I kva språk kan ein gripe og forstå dei store menneskeskapte endringane kloten gjennomgår? Og kva for ei rolle kan den som job-bar med ord ha oppi det heile? Vitne om avmakta til den einskilde eller bli talerøyr og tolk for si samtid?

Torgeir Schjerven er ein poet som blandar jubel og sorg, sjølvironi og sentimentalitet. Han blir å treffe i lag med Inger Elisabeth Hansen på Vinjar på fredagen. Dit kjem også Erlend Kaasa og Kjersti Rorgemoen, begge opphavleg frå Vinje, for å snakke med kvarandre om sine andreromanar. Same kveld blir det konsert med Tor Jonsson Orkester med Aasmund Nordstoga på Vinjehuset.

I Edland på laurdag held Stein Versto føredraget «Du mitt nebb imot stein. Motstand og overskriding hos Tarjei Vesaas». Tradisjonen tru blir også unge lovande lyfta fram. Kenneth Moe blir intervjua om Rastløs, som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for, ein kortroman om einsemd, depresjon, lengt og kjærleikssorg i ein ung manns innestengde liv. Kvelden blir garantert lystig når Ragnar Hovland held festtale og ikkje minst når Are Kalvø mottek Storegutprisen for sin levande og ledige bruk av nynorsk.

Ord kan gå til hovudet på ein, musikk kan gå beinvegen til kjenslene. Den beste litteraturen kan sameine driven i musikken med tankekrafta i eit presist formular eller skuvetaket i ein vindskeiv metafor. I tillegg til bøkene, byr Litteraturdagane som alltid på levande folkemusikk frå øvste hylle. I det særeige vakre Vinje Biletgalleri blir festivalen avslutta med poesikonsert med Marit Karlberg, Odd Nordstoga og Stein Versto, med utgangspunkt i sist-nemnde si seinaste diktsamling, så nær kan du sjå meg.

Vel møtt til engasjerte og stemningsfylte dagar!

SAMTID

Når sluttet albatrossenå kunne slikt som bare albatrosser kan?

Når begynte albatrossen å gå på kroken, å sprenge segi linene og bli et avfallsprodukt av lønnsomt linefiske? Spørsmålet er:

når forsvant albatrossen i albatrossen?

Page 3: 26.–28. AUGUST 2016 - Visit Vinjevisitvinje.info/content/download/42670/809149/version/1/... · Samlaget. Olav Vesaas har redigert fleire diktantologiar, laga ei bok om Telemark

4 | Program

FREDAG 26. AUGUST

Vinjarkl. 11.00 Registrering og mat

kl. 11.30 Opning ved ordførar Jon Rikard Kleven

kl. 11.45 Forfattarmøte Kjersti Rorgemoen og Erlend Kaasa les og samtalar

kl. 12.45 Poetar i par Inger Elisabeth Hansen og Torgeir Schjerven les og samtalar med Ingrid Storholmen

kl. 14.00 Graut og grautpinne

kl. 14.30 Diktarheimar i Vinje Omvising på Midtbø ved Guri og Olav Vesaas Vinjestoga ved fam. Nordstoga Høve til å vera med båe stader. Tilbodet gjeld for alle med festivalpass.

Småpauser og allsong. Programleiar: Arne Vinje

Vinjehusetkl. 18.00 Kaffi og kringle

kl. 19.00 «Tor Jonsson Orkester» med Aasmund Nordstoga

LAURDAG 27. AUGUST

Edland samfunnshuskl. 11.00 Kaffi, frukt og rundstykke

kl. 11.30 Litteratur og samtid Espen Stueland og Brit Bildøen les og samtalar med Anne Grosvold

kl. 13.00 Poesistund Ingrid Storholmen les eigne dikt

kl. 13.30 Vesaasføredraget Stein Versto: Du mitt nebb imot stein.

Motstand og overskriding hos Tarjei Vesaas

kl. 14.30 Matøkt

kl. 15.30 Tarjei Vesaas’ debutantpris Årets prisvinnar, Kenneth Moe, les og samtalar

med Olav Vesaas

Småpauser og allsong. Programleiar: Kjersti Rorgemoen

kl. 17.30 Avduking av Storegutmonumentet laga av Kjell Grette Christensen. Eige program

Festkveld kl 19.00 på EdlandFesttale ved Ragnar Hovland

Dikt av Tarjei Vesaas. Olav Vesaas les

Kveding ved Marit Karlberg og Unni Boksasp

Matøkt med kling og gomme

Storegutsongar ved Odd og Aasmund Nordstoga

Utdeling av Storegutprisen til Are Kalvø

Festleiar: Aasmund Nordstoga

SUNDAG 28. AUGUST

kl. 11.30 Vandring i Smørklepp med Olav Nordstoga Frammøte ved grendehuset/gamleskulen i Smørklepp

kl. 13.00 så nær kan du sjå meg Poesikonsert med Stein Versto, Odd Nordstoga og Marit Karlberg Programleiar: Aud Groven

PROGRAM

Program | 5

Page 4: 26.–28. AUGUST 2016 - Visit Vinjevisitvinje.info/content/download/42670/809149/version/1/... · Samlaget. Olav Vesaas har redigert fleire diktantologiar, laga ei bok om Telemark

6 | Bidragsyterar Bidragsyterar | 7

INGER ELISABETH HANSEN

(f. 1950) gav i 2015 ut boka Å resirkulere lengselen. Avrenning fore-går – ei kritikarhylla diktsamling som i eit særeige språk set ord på, og går inn i, vår planets økologiske situasjon. Den same viljen til med dikt å gå inn i si

samtid har ho òg vist i tidlegare bøker. Inger Elisabeth Hansen debuterte i 1976 med diktsamlinga Det er nå det er like før, og har i alt ni diktsamlingar bak seg. Ho har også gjendikta ei rekke poetar og gjeve ut noveller, essay og artiklar. Ho har blitt tildelt Doublougprisen, Den Norske Lyrikkprisen, Asche-hougprisen, Gyldendalprisen og Kritikerprisen. Diktboka Trask, forflytninger i tidas skitne fylde (2003) fekk Brageprisen og vart nominert til Nordisk Råds Litteraturpris, og i år mottok Hansen Triztan Vindtorns poesipris.

ERLEND KAASA

(f. 1976) er utdanna medievitar, og jobbar som avdelingsleiar på ein vidaregåande skule i Bergen. Han de-buterte med romanen Thunder Road i 2009, og kom ut med sin andre roman, Livius, i 2015. I 2016 er han aktuell

med Fantasiboka, ein antologi med godnattforteljingar for barn. I tillegg til skrivinga, har Kaasa arbeidd med film og musikk. Han blei tildelt Alfred Andersson-Ryssts fond for debutromanen i 2010, og fekk i år tildelt toårig statleg kunstnarstipend.

KJERSTI RORGEMOEN

(f. 1982) kjem frå Øyfjell i Vinje, og bur no på Tvigyva i Tokke. Ho skreiv mastergrad om essayistikken til A. O. Vinje, og debuterte som forfattar med Purkene snudde seg i 2009, som vann Bergensprisen. Ho har vore medredak-

tør for fanzinen Ikke til hjemlån, og i litteraturtidsskriftet Vagant, samt bokmeldar i Klassekampen. I 2015 kom romanen Håpet og festen.

ANNE GROSVOLD

(f. 1950) er journalist som i år avslutta ei sjeldan variert og vellykka 38 år lang karriere i NRK. Ho har mellom anna vore programleiar for Dagsnytt 18, Dagsrevyen og Redaksjon 21. Grosvold har vore korrespondent i

Asia, stasjonert i Bejing. Ho er også godt kjend frå fjernsyns-programma Bokbadet og Grosvold. Anne blei «Årets TV-namn» i 1996 og i 1998, medan ho var programleiar i Redaksjon 21, fekk ho den store Journalistprisen. I 2007 fekk ho Sjåar-prisen. Anne Grosvold arbeider no som frilansar, og mellom anna på Nationaltheatret, der ho har samtaler med kunst-narar og sentrale samfunnsaktørar.

BRIT BILDØEN

(f. 1962) vaks opp på Aukra i Møre og Romsdal, og er utdanna bibliotekar. I 1991 debuterte ho med diktsam-linga Bilde av menn, og har sidan gitt ut ei rekke romanar i tillegg til dikt, essays og bøker for born. For den siste

romanen, Sju dagar i august, fekk ho P2-lytternes romanpris. Bildøen jobbar som konsulent og omsetjar, og har mellom anna omsett dei to memoarbøkene til Patti Smith til norsk.

RAGNAR HOVLAND

(f. 1952) er ein av våre mest særmerkte forfattarar, og har gjeve ut meir enn 40 bøker i alle sjangrar sidan debuten med Alltid fleire dagar i 1979. Hovland har hausta mange prisar for sine bøker, m.a. Brageprisen for Ein

motorsykkel i natta (1992) og Kritikarprisen, Samlagsprisen og Nynorsk litteraturpris for romanen Ei vinterreise i 2001. Ofte er det den store humoren og dei popkulturelle refer-ansane som blir dregne fram, men forfattarskapen går mykje vidare enn dette. Ved sida av å vera forfattar har Hovland også ein karriere som musikar på ukulele og orgel, m.a. i band som Dei nye kapellanane og Vestlandsrevyen.

Page 5: 26.–28. AUGUST 2016 - Visit Vinjevisitvinje.info/content/download/42670/809149/version/1/... · Samlaget. Olav Vesaas har redigert fleire diktantologiar, laga ei bok om Telemark

8 | Bidragsyterar Bidragsyterar | 9

TORGEIR SCHJERVEN

(f. 1954) er utdanna biletkunstnar frå Vestlandske kunstakademi, men har frå debuten med boka Vekk i 1981 hovudsakeleg virka som forfattar og forlagskonsulent, bl.a. for Gyldendal, Aschehoug og Bokvennen forlag. Han

har i hovudsak gitt ut dikt, men òg to romanar. Schjerven har vore nominert til Nordisk Råds litteraturpris og bl.a. motteke Kritikerprisen og Det Norske Akademis Pris. Dei tre siste bøkene hans har titlane I anledning dagen, Den stødige tilstundelsen av jubel i virkelig trist musikk og Harrys lille tåre. Sistnemnde kom ut hausten 2015.

ESPEN STUELAND

(f. 1970) er forfattar og litteratur-kritikar. Han debuterte med diktsam-linga sakte dans ut av brennende hus i 1992, og har seinare gjeve ut prosa-bøker, så vel som essayistikk og poesi. I 2009 gav han ut Gjennom kjøttet.

Disseksjonen og kroppens kulturhistorie, som fekk strålande mottaking, og som han disputerte med. I år kom 700-års-flommen. 13 innlegg om klimaendringer, poesi og politikk. Stueland har motteke fleire prisar, blant anna Halldis Moren Vesaas-prisen og Årets kritiker. Han bur på Voss.

KENNETH MOE

(f. 1987) er oppvaksen utanfor Larvik, og bur no i Oslo. Han har gått forfattar-studium i Bø, Bergen og Lillehammer. Han debuterte i fjor med Rastløs, ein kortroman der ein ung mann skriv brev til kvinna som avviste han. For

denne vann Moe Tarjei Vesaas’ debutantpris, og frå juryen heiter det at han «imponerer med ein filosofisk, aforistisk og erkjennande prosa» og at «sameininga av det banale og det høgverdige, det nedrige og det lærde gjer Rastløs til eit underleg og motsetningsfylt verk, som til trass for sine knappe hundre sider opplevast som uvanleg innhaldsrik.»

INGRID STORHOLMEN

(f. 1976) kjem frå Verdal og debuterte i 2001 med diktsamlinga Krypskyt-tarloven. Både denne og oppfølgjarane Skamtalen, Graceland (2005) og Siri-boka (2007) fekk svært gode kritikkar, og i 2009 kom den fyrste prosaboka

hennar, den Bragepris-nominerte Tsjernobylfortellinger, der ho gjennom ulike stemmer gjev ei gripande skildring av kon-sekvensane av kjernekraftkatastrofen. Storholmen har vore litterær redaktør i Morgenbladet, og er ein framifrå kjennar av diktinga til Tarjei Vesaas. I 2014 kom romanen Her lå Tirpitz. I år markerer Aschehoug forfattarskapets femten år ved å gje ut dei fire diktsamlingane og dei to prosabøkene hennar i to pocketutgåver.

STEIN VERSTO

(f. 1957) debuterte i 1990 med nov-ellesamlinga Ho blei borte i trappene, som han fekk Tarjei Vesaas’ debutant-pris for. I 1995 kom den første diktboka hans, Innfalda tid. Minne, og i 2000 Snø i partituret. Romanen Nidaros kom i

2013, og år gav han ut si tredje diktsamling, med tittelen så nær kan du sjå meg. Stein Versto har også skrive dramatikk, essay og artiklar, og han har skrive songtekstar for ei rekke norske artistar, bl.a. Odd Nordstoga, og omsett og gjendikta bøker for born og vaksne.

OLAV VESAAS

(f. 1935) frå Vinje. Har vore kulturjourn-alist i NRK i nesten 30 år, bortsett frå to år som forlagssjef for Det Norske Samlaget. Olav Vesaas har redigert fleire diktantologiar, laga ei bok om Telemark saman med fotografen Johan Brun, og

skrive biografiar om Tarjei Vesaas, Aasmund Olavsson Vinje og Halldis Moren Vesaas.

Page 6: 26.–28. AUGUST 2016 - Visit Vinjevisitvinje.info/content/download/42670/809149/version/1/... · Samlaget. Olav Vesaas har redigert fleire diktantologiar, laga ei bok om Telemark

10 | Bidragsyterar Bidragsyterar | 11

UNNI BOKSASP

(f. 1972) er kvedar og kjem frå Ting-voll på Nordmøre, men er busett i Tinn i Telemark. Unni har studert mellom anna ved Folkemusikkstudiet på Rau-land og ved Kungliga Musikhøgskolan i Stockholm. Som solist har ho mellom

anna fleire sigerar på Landskappleiken. Som læremeister og inspirasjonskjelde kan særleg nemnast Magnhild Almhjell. I tillegg til å vera soloutøvar har Unni arbeidd med arrangert folkemusikk og nyskaping i si eiga gruppe Unni Boksasp Ensemble.

MARIT KARLBERG

(f. 1967) kjem frå Valdres og er ein sentral kvedar frå dette distriktet. Til dagleg arbeider Marit som bib-liotekar, men har vore svært aktiv i folkemusikalske samanhengar gjennom mange år. Ho er med i duoen

Sudan Dudan saman med Anders Erik Røyne, ho var med i Tryllefløyta – ein folkemusikkopera, og saman med mellom anna Øyonn Groven Myhren gav ho ut to plater med folkesongar kvartetten Dvergmål. I tillegg har Marit gjeve ut plater under eige namn.

ODD NORDSTOGA

(f. 1972) musikar og songskrivar frå Vinje. Har sidan debuten i 1997 gjeve ut tretten album, både som soloartist og i samarbeid med andre. Han slo for alvor gjennom med albumet Luring og songen Kveldssong for meg og deg i

2004. Nordstoga har fått ei rekke prisar, mellom anna Spele-mannsprisen for beste tekstforfattar for sitt seinaste album, Dette landet i 2015. I tillegg til plateproduksjon, har han samarbeidd med NRK som ansvarleg for musikken i mellom andre seriane om Linus i Svingen og Vafflehjarte.

AASMUND NORDSTOGA

(f. 1964) frå Vinje. Er til dagleg mjølkebonde i Vinje. Elles er han songar og underhaldar. Den fyrste soloplata hans vart nominert til Spele-mannsprisen 2009. Han kalla plata Ein visefugg. Elles har han vori med

på fleire plateutgjevingar og vori på turné for Rikskonser-tane fleire gonger med Storegutprogram og viser. Aasmund er no A-klassing i Landskappleiksamanheng og han var skodespelar i oppsetjinga Tryllefløyta.

Page 7: 26.–28. AUGUST 2016 - Visit Vinjevisitvinje.info/content/download/42670/809149/version/1/... · Samlaget. Olav Vesaas har redigert fleire diktantologiar, laga ei bok om Telemark

Konsert | 1312 | Konsert

TOR JONSSON ORKESTER med Aasmund Nordstoga

«Tor Jonsson – 100 år i kjærleik og død» er ein konsert med fokus på tekstane av diktaren frå Lom, Tor Jonsson (1916–1951). Endå han døde tidleg, har vi å gjera med eit ungt og vitalt diktarskap, med finurlege tankar om kjærleik ein ønskte seg, men aldri fekk, bygda ein vart fødd i, men aldri passa inn i, den store einsemda og lengselen etter døden. Dikta hans er både aktuelle og universelle. Han sette ord på kva det ville seie å kjenne seg utanfor, sosialt isolert og einsam, og på neste side kan han skrive dei mest fantastiske kjærleiksdikta.

Nærast er du når du er borte,noko blir borte når du er nær. Dette kallar eg kjærleik, eg veit ikkje kva det er.

Jonsson er kjend for enkel, ordsterk lyrikk, og rytmikken er musikalsk og syngjande, akkurat som om han hadde tenkt at dikta skulle vera songekster. Musikarane Aslak Brimi og Hildegunn Hovde har tonesett eit utval av dikta til denne produksjonen, som vart urframførd under opninga av jubileet den 21.mai i Lom.

VINJEHUSET FREDAG 26. AUGUST KL 19

Ny musikk til 100-årsjubilanten Tor Jonsson

«Tor Jonsson Orkester» er Hildegunn Hovde (song), Aslak Brimi (fele), Trond Bersu (trommer), Stein Magne Eggen (trekkspel), Aksel Jensen (bass) og Gudmund Bolstad Skjær (gitar). Med seg på laget har dei visesongaren Aasmund Nordstoga.

Page 8: 26.–28. AUGUST 2016 - Visit Vinjevisitvinje.info/content/download/42670/809149/version/1/... · Samlaget. Olav Vesaas har redigert fleire diktantologiar, laga ei bok om Telemark

14 | Storegutprisen

LITTERATURDAGANE I VINJE delar kvart år ut «Storegut-prisen». Det er ein pris som skal gå til ein person, eit lag eller ei verksemd som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege romet.

Det er ei glede å kunngjera at årets «Storegutpris» går til Are Kalvø. Ein meir aktuell vinnar er det vanskeleg å tenkje seg. Are Kalvø syner at nynorsk er eit språk for vår tid, like godt som noko anna til humor og satire, til skjemt med snert og uhøgtidleg alvor. Stilen hans styrkjer omdømet til nynorsk generelt, og ikkje minst lyfter Kalvø fram nynorsken i krinsar og på arenaer der den til vanleg ikkje rår grunnen. Kalvø er av dei beste, ja ein «Storegut» i underhaldningsverda – på sitt felt ein moderne Aa. O. Vinje.

Prisen har namnet sitt etter ein sentral figur i Vinjes dikting, og vinnaren får ein bronsestatuett laga av bilethoggaren Kjell Grette Christiansen. Laurdag 27. august kjem Are Kalvø til Edland for å ta i mot heideren i samband med festkvelden på Litteraturdagane i Vinje.

TIDLEGARE VINNARAR:2002: Ivar Eskeland

2003: Berge Furre

2004: Ragnhild Sælthun Fjørtoft

2005: Bjørn Bø

2006: Sigmund Groven

2007: Liv Signe Navarsete

2008: Audun Svartdal

2009: Nina og Øystein Rudi

2010: Odd Nordstoga

2011: Astrid Brekken

2012: Ingvild Bryn

2013: Herborg Kråkevik

2014: Sondre Bratland

2015: Lerum

Storegutprisen 2016:

ARE KALVØ

Storegutprisen | 15

Page 9: 26.–28. AUGUST 2016 - Visit Vinjevisitvinje.info/content/download/42670/809149/version/1/... · Samlaget. Olav Vesaas har redigert fleire diktantologiar, laga ei bok om Telemark

Haukeli hotell tlf. 350 70 214 www.haukelihotell.noMjonøy - hytter tlf. 911 48 580 [email protected] Camping tlf. 350 70 109 -Svalastog Gard tlf. 350 72 792 www.visitsvalastog.noUrdbø Fjellgard tlf. 909 97 987 www.urdboefjellgard.comArbutun Turisthytter tlf. 350 70 534 www.arbutun.noHaukeliseter Fjellstue tlf. 350 62 777 www.haukeliseter.noRaulandsakademiet tlf. 350 73 292 www.raulandsakademiet.noGroven camping tlf. 476 46 496 www.grovencamping.no

PRISAR

OVERNATTING

Festivalpass kr 1700,-Festivalpass for medlemmer kr 1400.-Studentpris på festivalpass kr 1000,-Fredag på Vinjar kr 500.-Fredag kl. 19.00 på Vinjehuset kr 300.-Laurdag på dagtid kr 500,-Festkvelden laurdag kr 400,-Sundag med vandring og konsert kr 300,-

PÅMELDINGwww.litteraturdaganeivinje.nowww.vinjekommune.noBetal inn til kontonr. 1594 52 98674

Informasjon og spørsmål til [email protected] / Tlf. 35 06 23 50

Totak

Åmot

Vinje

Haukeli Arabygdi

Rauland

E 134

Oslo

Bergen

Kristiansand

Mjonøy

Vinje Biletgalleri

Edland Samf.hus

Vinjar

Vinjehuset

www.litteraturdaganeivinje.no