11
”Me berre gjer det slik” ….Om kjønnsdanning i barnehagekvardagen…

Me Berre Gjer Det Slik

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Me Berre Gjer Det Slik

”Me berre gjer det slik”….Om kjønnsdanning i barnehagekvardagen…

Page 2: Me Berre Gjer Det Slik

Ulike perspektiv på praksis…

Mange måtar å sjå barnehagen på… Psykologiske, utviklingsperspektivet har vore

dominerande Om -å bli til- i lag med andre Samhandling mellom menneske

”Ein er ikkje fødd som kvinne, ein blir til det”Simone de Beauvoir

Page 3: Me Berre Gjer Det Slik

Diskurs Som eit sosiologisk eller sosialkritisk omgrep syner diskurs til ein

institusjonelt fundert måte å tenke på. Diskursomgrepet framhever at det er ein samanheng mellom kreftene i samfunnet slik de materialiserar seg i institusjonar, i språket, og i individets erkjenning. Diskurs i ei slik tyding er tett forbundet med ulike teoriar om makt, kor det å kunne definere diskursen ofte sidestilles med det å definere røynda sjølv. Det gjeng føre seg ein stadig kamp om orda som skal beskrive verda. Eit døme kan være forskjellen mellom å bli kalla terrorist eller fridomskjemper.

Her forstår me dei regulerande diskursane som menneskeleg og kollektivt konstruerte. Diskursane si makt opererar gjennom det einskilde subjektet ved å reproduserast i form av kollektive tanke og handlingsmønster, her og no.

Feministisk poststrukturalisme har ein tydeleg subjektsteori i motsetnad til det strengt strukturelle. Subjektet er skapt/ konstituert i ulike diskursar, men skaper også seg sjølv gjennom dei.

Page 4: Me Berre Gjer Det Slik

Diskursanalyse Diskursar er meiningssystem, ein måte for

menneske å skjøne verda på, ein konstruksjon av kva som oppfattast som rett å gjere i gjevne situasjonar. Med dette legg diskursane sterke føringar på handlingsalternativa i til dømes ein barnehage. Diskursanalyse inneber at ein søkjer å kartlegge og analysere dei prosessane individ og grupper inngår i når dei freistar å konstruere meining, og korleis den diskursive forståinga gjev sosiale konsekvensar.

Page 5: Me Berre Gjer Det Slik

Ulike teoretikarar gjev oss høve til å sjå barnehagekvardagen frå andre perspektiv Motstand, omformulering og endring høyrer alltid i hop

(Butler). Motstand vert forstått som ein pågåande prosess . Motstand kan også skje som eit resultat av menneske sin manglande evne til å gjentake diskursane heilt perfekt. I kvar kvardagsleg handling som me trur at me faktisk repeterer, fins moglegheita til å endre. Ved å gjere ting på ein noko annan måte ligg kime til ei endring( Lenz- Taguchi).

Page 6: Me Berre Gjer Det Slik

Dekonstruksjon Meininga og målet med dekonstruksjon er å vise at både tekstar, lovverk,

samfunn, tru og praksisar har fleire tydingar og mål som ikkje kan bestemmast ei gong for alle.

Det handlar om å take seg tid til å lokalisere og gjenkjenne dei politiske, sosiale og historiske konstruksjonane av diskursane som me sirkulerar i. Det handlar om å gjenkjenne det me kjenner oss tiltrekt av og kva som er forførande med nettopp desse diskursane medan me går i motstand eller stilnar andre diskursar…? Kva og kvifor…

Vilje og mot til å konfrontere etablerte sanningar..

Page 7: Me Berre Gjer Det Slik

Metode og praksis ved kollektivt minnearbeid (Davies 2006). Velje ei gruppe som skal arbeide med dette prosjektet Velje eit tema som skal drøftast og minnast Struktur – korleis skal ein gjere dette Minne – forteljing frå kvar deltakar, respons og spørsmål frå dei

andre Kvar deltakar skriv ned eit eller to minne Dele desse minna med resten av gruppa. Dei andre deltakarane

kjem med innspel og spørsmål, noko som kan føre til at minna blir supplerte eller endra noko.

Kva minne veljar me og kvifor… Sirkelprosjekt….

Page 8: Me Berre Gjer Det Slik

Med blikket på praksis

Merksemd, kven får mest, kven får ikkje?

Kva leiker tilbjodast jenter? – gutar?

Pedagogisk miljø Dette veit me at me gjer på

same vis som andre Leiter etter andre måtar

Page 9: Me Berre Gjer Det Slik

Døme på ulike sanningar som kan dekonstruerast:

Jenter kan berre leike saman to og to Bestevennen lyt vere av same kjønn Kva er god leik? (stille og roleg) Knytt er til

verdi/ fag/tankesett og førestillinga om kva ein god barnehage er. God førskulelærar og høveleg åtferd i forhold til kjønn.

Små barn lyt skånas/ skjermast. Jenter liker rosa blomeklistremerkar betre

enn bilar. Gutar er bråkete og treng mykje plass Jenter taklar betre å site roleg ….

Page 10: Me Berre Gjer Det Slik

På kva måte lærer barn å bli til jenter og gutar i vår barnehage? Praksisforteljingar til

refleksjon Synleggjering av

rådande diskursar Dekonstruksjon Kollektivt

minnesarbeid Andre måtar å gjere

det på? Gå i motstand Auke medvit Synleggjere praksis Skape endring….

Page 11: Me Berre Gjer Det Slik

Prosjektplan November 2008 :Pedagogmøte Oppstart og presentasjon av prosjektet.

Alle er kjent med og har lest temaheftet om likestilling. Gjennomgong av det metodiske arbeidet som står føre oss. Dagbok. Barns medverknad, korleis få barneperspektivet inn i arbeidet? Formulering av hovudspørsmål. Kjønn/ Identitetsskaping og materiell. Gruppeoppgåve : Du skal kjøpe inn leiker til ei fiktiv barnegruppe (storleik, kjønn og alder). Kva vel de og kvifor. Dagbok: To forteljingar pr. veke med refleksjonar. Stikkordsform, men mogleg å formidle til andre og gjere kollektivt minnesarbeid. Med eit kjønnsperspektiv. Kan vere eigne opplevingar eller andres.

Desember : Observasjonar gjort av styrarane Januar : Pedagogmøte med tema; Diskursar og identitetsskaping.

Kollektivt minnesarbeid kring forteljingane og dagboksnotane. Barnesamtalar.

Februar : Analyse av innkomen materiell, Kva har me sett? Har me fått nokre svar? Eller fleire spørsmål?

Mars : Presentasjon for personalet og evt. andre…? Mai : Evaluering/ vurdering og oppsummering på felles personalmøte Haust 09 : Intervju av foreldra. Felles foreldremøte