6
60 Oppgåve planprogram Vurdering av trafikktryggleik må ha særleg fokus på tryggleik for mjuke trafikantar. Ein bør særleg arbeide for å lage løysingar som betre fangar den faktiske fotgjengartrafikken slik den er frå skulen og ned til, og gjennom sentrumskjerna. Andre kjende risikomoment er uryddig tilhøve mellom parkering, køyreveg og gang/sykkelveg. Registrerte trafikkulykker innafor planområde: 2 med alvorleg skade, 11 lettare skadde og 1 drept. Kjelde: Trafikksikringsplan 2003 (Osterøy) Nasjonal vegdatabank Fareidentifikasjon i områdeplan Valestrand, 15.08.2011, Statens vegvesen Generell kjelde for Samfunnstryggleik og Beredskap: NS 5814: 2008. Krav til risikovurderinger Rausland og Utne: Risikoanalyse - teori og metode 2009 Rikspolitiske retningslinjer FylkesROS Hordaland 2009 ROS analyse kommuneplan Osterøy kommune 2011-2023 http://www.ngu.no/kart/ Arealplanar i fareområde (NVE) Oppsummering KU del 1: I høve ulykker knytt til trafikk, er det store utfordringar i dagens situasjon ( ikkje ivareteke ). Planen skal legge til rette for auka trafikktryggleik. Vurdering: ikkje ivareteke, potensiale ROS: 4.4 SAMFUNNSTRYGGLEIK OG BEREDSKAP Kap 4 Utgreiingar i planarbeidet 4.4.1 Trafikktryggleik 50 Ulykker med farleg gods: transportert gjennom Valestrand med tungtransport via ferje. Moderate meng- der. Ingenting unormalt, regulert gjennom transportregelverk. (meir med ferje eller over bru). 52 4.3 Ulykker i avkøyringar: Vegsystemet skal rustast opp. Menneskeleg svikt kan alltid førekomme. Problematikk i område Våge- nessvingen, samt ut/inn Coop butikk i dag; planlagt utbetra. 53 4.3 Ulykke med gåande / syklande: Særleg vanskeleg i situasjon før/etter bru. Planframlegget må legge til rette for mjuke trafikkantar. 54 4.3 Andre ulykkespunkt: Bakken opp over fergekai. Krysset med Bullabrekko. Illustrasonane viser skulevegen til elevar i 5-7 klasse. Registrart av elevane i mars 2011.

Valestrandplan arbeidsdok240912_KAPtrygg-beredskap

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Utkast

Citation preview

Page 1: Valestrandplan arbeidsdok240912_KAPtrygg-beredskap

60

Oppgåve planprogram Vurdering av trafikktryggleik må ha særleg fokus på tryggleik for mjuke trafikantar. Ein bør særleg arbeide for å lage løysingar som betre fangar den faktiske fotgjengartrafikken slik den er frå skulen og ned til, og gjennom sentrumskjerna. Andre kjende risikomoment er uryddig tilhøve mellom parkering, køyreveg og gang/sykkelveg. Registrerte trafikkulykker innafor planområde: 2 med alvorleg skade, 11 lettare skadde og 1 drept. Kjelde: Trafikksikringsplan 2003 (Osterøy) Nasjonal vegdatabank Fareidentifikasjon i områdeplan Valestrand, 15.08.2011, Statens vegvesen

Generell kjelde for Samfunnstryggleik og Beredskap: NS 5814: 2008. Krav til risikovurderinger Rausland og Utne: Risikoanalyse - teori og metode 2009 Rikspolitiske retningslinjer FylkesROS Hordaland 2009 ROS analyse kommuneplan Osterøy kommune 2011-2023 http://www.ngu.no/kart/ Arealplanar i fareområde (NVE)

Oppsummering KU del 1: I høve ulykker knytt til trafikk, er det store utfordringar i dagens situasjon ( ikkje ivareteke ). Planen skal legge til rette for auka trafikktryggleik. Vurdering: ikkje ivareteke, potensiale ROS:

4.4 SAMFUNNSTRYGGLEIK OG BEREDSKAP Kap 4 Utgreiingar i planarbeidet

4.4.1 Trafikktryggleik

50 Ulykker med farleg gods: transportert gjennom Valestrand med tungtransport via ferje. Moderate meng-der. Ingenting unormalt, regulert gjennom transportregelverk. (meir med ferje eller over bru).

52 4.3 Ulykker i avkøyringar: Vegsystemet skal rustast opp. Menneskeleg svikt kan alltid førekomme. Problematikk i område Våge-nessvingen, samt ut/inn Coop butikk i dag; planlagt utbetra.

53 4.3 Ulykke med gåande / syklande: Særleg vanskeleg i situasjon før/etter bru. Planframlegget må legge til rette for mjuke trafikkantar.

54 4.3 Andre ulykkespunkt: Bakken opp over fergekai. Krysset med Bullabrekko.

Illustrasonane viser skulevegen til elevar i 5-7 klasse. Registrart av elevane i mars 2011.

Page 2: Valestrandplan arbeidsdok240912_KAPtrygg-beredskap

61

nr

fv sted Skildring av problem konsekvens

fv567

Oppstillingsplass ferjekai

Dårleg separering av mjuke trafi-kantar i høve til kjørande langs oppstillingsplass mot fjellskjering.

Fare for at fotgjengarar langs veg kan bli skada.

Kryss fv365 Dårleg sikt ved gangfelt og kryss. Dårleg utforming av fortau.

Fare for at fotgjengarar langs og på kryss av veg kan bli påkjørt. Fare for at bilistar kan bli skada i kryssulukker.

Kryss Kv til Reigstad

Parkering på fortau i kryssområdet. Smalt fortau. Dårleg sikt og kryssut-forming.

Fare for at fotgjengarar langs og på kryss av veg kan bli påkjørt. Fare for at bilistar blir skada i kryssulukker.

Coop/Prix Usamanhengand3e fortau. Delvis langsgåande og delvis skråpla-nering med dårleg sikt.

Fare for at fotgjengarar langs og på kryss av veg kan bli påkjørt. Fare for at bilistar blir skada i samband med parkering.

Bru over elv ved Coop

Dårlege rekkverksløysingar og siktproblem både for mjuke trafikan-tar og bilistar.

Fare for at fotgjengarar langs og på kryss av veg kan bli påkjørd. fare for at bilistar blir skada i kryssulukker.

Kryss med kom-munal veg ved pub.

Ope kryss med parkering i frisiktso-ne.

Fare for at bilistar kan bli skada i kryssulukker.

Frå skulen og til Kringastemma.

Mange avkjørsler med dårleg sikt og teknisk utforming.

Fare for at bilistar kan bli skada i kryssulukker.

Ved skulen Dårleg sikt i tilkomst til skulen frå gang- og sykkelveg. Kryssings-punkt ved gangtilkomsten over hovudvegen har dårleg sikt.

Fare for at fotgjengarar kan bli påkjørt og skada.

Frå skulen opp til Kringastemma

Manglande separering av gåande og syklande frå biltrafikk.

Fare for at fotgjengarar kan bli påkjørt og skada.

Kringastemma Dårleg horisontalkurvatur og dårleg sikt.

Fare for at fotgjengarar kan bli påkjørt og skada.

Fv365

Kryssområde fv567 og Kv.

Eit hus i krysset gir dårleg sikt. Skarp sving og dårleg sikt til tilstøy-tande vegar.

Fare for at både bilistar og mjuke trafikantar blir skada i kryssulukke.

Topp mur mot ferjekai.

For svakt rekkverk, spesielt med tanke på tunge køyrety.

Fare for at bilistar kan bli skada i utforkjøringsulukker.

Heile strekninga Alle avkjørsler og kryss har for dårleg sikt og teknisk utforming.

Fare for at bilistar kan bli skada i kryssulukker.

Frå "slyng" (Vågenessvingen) til enden av planområdet

Manglande separering av gåande og syklande frå biltrafikk.

Fare for at mjuke trafikantar kan bli påkjørt og skada.

Fv366

Kryss fv567 Dårleg sikt og for sterk stigning. Fare for at bilistar kan bli skada i kryssulukker.

Sett i samanheng med at det manglar tydeleg skilje mellom gåande og køyrande, og parkering og køyrebane, gir dette eit kaotisk og lite oversiktleg trafikkbilete og skaper i mange samanhengar farlege si-tuasjonar i sær for skule elevar og andre mjuke trafikantar. Det er manglande fortau på strekk som dagleg er i bruk som skuleveg. Alle tilførsels vegar inn mot skulen og idrettsanlegget frå dei ulike bu-stadfelta, går via fylkesvegen. I realiteten går ein snarvegar og dels stiar for å kome seg til og frå enkelte av bustadfelta og inn mot sku-le, idrettsbane og sentrumskjerna. Mange barn har i barnetråkkre-gistreringa markert farlege strekningar langs vegen. Fleire lokale krysspunkt er registrert spreidd. Ei anna viktig funksjon for ferge-kaien er at dette i dag er beredskapskai. Faktiske tall for ferjetrafik-ken: ca 800 personar pr. døgn. Ca. 550 personbilar pr. døgn. Ca. 5000 bussar i året (20 pr. dag). Ca. 5000 tyngre kjøretøy (over 12 meter, fordelt på vekedagar).

SAMFUNNSTRYGGLEIK OG BEREDSKAP 4.4.1 Trafikktryggleik Kap 4 Utgreiingar i planarbeidet

FAREIDENTIFIKASJON I OMRÅDEPLAN FOR VALESTRAND

Page 3: Valestrandplan arbeidsdok240912_KAPtrygg-beredskap

62

Flaum: Under haustflaumen i november 2005 fløymde store vassmengder innover land og inn i dei lågast liggjande bygningane kring Valestrandsvatnet. Noregs Vassdrags- og Energidirektorat har utarbeidd plan for tiltak i vassdrag – flaumsikring i Valestrandfossen, Osterøy kommune, dagsett 17.04.08. Jamfør TEK §7-2 skal bygningar plasserast trygt i høve 200 års flaum. Dette må leggast til grunn i Ros analyse. Dambrot: Det er utarbeida ein rapport om dambrotsbølgeberekning ved Kringastemma. Rapporten konkluderer med at delar av sentrumsområdet vil verte overfløymd ved eit dambrot. Rapport er utarbeida av Multiconsult, dagsett 10.01.11, på oppdrag frå Osterøy kommune. Rapport og vurdering av tiltak må leggast til grunn i ROS analysen. Sårbare naturverdiar: Det må utredast risiko og konsekvensar for biologisk mangfald, særleg i og ved Valestrandsvatnet. Havnivåstigning: Det må utredast risiko og konsekvensar for strandsona ved auka havnivå.

Grunntilhøve: Det vart påpeika av innbyggjarar at grunnen rundt vatnet, i området ved Halldorvika, sig pr i dag. Det må gjerast ei undersøking av grunntilhøva, og eventuelle risiko ved bruk eller fysiske inngrep. Skred: I grensa på planområdet mot nord er ei mindre sone som er avmerka som utløysings- og utløpsområde i aktsemdskart for steinsprang. Det er utarbeida ein geologisk rapport for området i samband med reguleringsplan for Rundhovde som er under arbeid pr i dag. Eit mindre område er avmerka som utløysings- og utløpsområde i aktsemdskart for snøskred. Det er ingen kjende skredhendingar i området. Det må lagast faresonekart for det aktuelle området.

Oppsummering KU del 1:

I planområdet er det registrerte aktsemdsområde for skred. Det er kjend fare for flaum og dambrot. Plan må sikre at utredning og tiltak vert fastlagd i planarbeidet. Det må settast rekkjefølgje krav slik at områder vert sikra før tiltak for varig opphald kan gjennomførast. I høve ulykker knytt til trafikk, er det store utfordringar i dagens situasjon . Planen skal legge til rette for auka trafikktryggleik. Vurdering: ikkje ivareteke, potensiale ROS: Havnivåstigning, sjå kap. XX Sårbare naturverdiar, sjå kap.XX Flaum, sjå kap XX

SAMFUNNSTRYGGLEIK OG BEREDSKAP 4.4.2 Naturrisiko Kap 4 Utgreiingar i planarbeidet

1

A) 4.4 B) 4.4

Masseras/ Skred; a: Rundhovde, b: Bullaåsen Sone sør-aust for Rundhovde og sone sør-vest om Bullaåsen. Ingen kjente hendingar. Må vurdere omsynsone i planen. Sannsyn og omfang må ytterlegare utredast/avklarast i rapport med avbøtande tiltak.

2 A) 4.4 B) 4.4

Snø/isras; a: Rundhovde, b: Bullaåsen Sone sør-aust for Rundhovde og sone sør-vest om Bullaåsen. Ingen kjente hendingar. Må vurdere omsynsone i planen. Sannsyn og omfang må ytterlegare utredast/avklarast i rapport med avbøtande tiltak.

6 5.4

Dambrot: Kringastemma, jf rapport/kart flaumbølge Va-lestr.vatnet ved brot (rapport av Multiconsult). Kommunen har utarbeida eigen beredskapsplan. Avbøtende tiltak i kommunen er igangsett men ikkje ferdigstillt.

39 4.2

Forureining i sjø: Ved langvarig straumbrot går kloakk ureinsa direkte i sjø. Vekting relatert til denne hendinga. Vurdert til å ha mindre betydning for miljøet i Valestrand. Kan forårsake skjenerande luft i ein kort periode.

Page 4: Valestrandplan arbeidsdok240912_KAPtrygg-beredskap

63

Området der det skal byggast ny terskel, strekker seg frå parkeringsareal på nedsida av Coop bygget til parkeringsareal mot Halldorvika. I samband med planlegging av konstruksjon for ny terskel, ynskjer ein å få vurdert om denne kan fungere som fundament for gangbru. Det må vere fri opning frå topp terskel til underkant bru på 1, 5 m.

SAMFUNNSTRYGGLEIK OG BEREDSKAP 4.4.2 Naturrisiko Kap 4 Utgreiingar i planarbeidet

Flaum: Noregs Vassdrags- og Energidirektorat har utarbeidd plan for tiltak i vassdrag – flaumsikring i Valestrandfossen, Osterøy kommune, dagsett 17.04.08

I fylgje NVE sine retningsliner for Planlegging og utbygging i fareområder langs vassdrag (NVE 1/2007), skal bustader og viktig infrastruktur sikrast i tryggleiksklasse F2. Det vil seie minst mot ein 200-årsflaum. Ut frå hydrauliske berekningar har ein 200-års flaum ei vassføring på 89 m3/s. ( jamfør kap.XX vil nedbør auka med 50 % innan… ) . Problemet er flaskehalsen under brua, der den naturlege fjellterskelen er lokalisert. Ved å bygge ny terskel nærare vatnet, der det er tilgang på meir areal , og senke elveløpet under brua får ein større overløp og kapasiteten vil auke i elveløpet. Illustrasjon ( henta frå nve sin rapport ) syner omfang akseptabel flaumnivå 4,9 m.o.h, fastesett av osterøy kommune. Ved ein 200 års flaum kan vasstanden stige til 8,2 m.o.h. mogleg høgare. Det bør difor takast høgde for vassnivå opp til 8,7 m-o.h. Illustrasjon kote 8 ( 9 ) : Det må settast rekkefølgjekrav i planen. Tiltak for varig opphald innan flaumutsett område, jamfør 200 års flaum, kan ikkje skje før tiltak for flaumsikring er utført.

Samandrag plan: Under haustflaumen 14 november 2005 fløymde det store vassmassar innover land og inn på legekontora, som seinare har flytta, og Coop sitt lager. Det tronge partiet under brua og ein kloakk-kulvert som går i luftspenn over elva gjer at det vert mindre kapasitet i elva. Kloakkkulverten fekk og skadar under flaumen slik at det kan vera fare for at den blir teken ved ei like stor eller større vassføring i framtida. Flytetorv i Valestrandsvatnet utgjer ein trussel om desse vert rive laus og flyt nedover elva og blokkerer for vatnet under brua. Tiltak ein bør utføre er å flytte terskelen lengre opp mot Valestrandsvatnet for å auke overløpet. Nedstraums terskelen skal ein senke elvebotnen ned til utløpet til fjorden. Dette vil auka kapasiteten i elva. Det vil vera ein fordel om kloakk-kulverten vert flytta. Dette vil hindre at den vert øydelagd ved ev. framtidige flaumar.

Page 5: Valestrandplan arbeidsdok240912_KAPtrygg-beredskap

64

SAMFUNNSTRYGGLEIK OG BEREDSKAP 4.4.2 Naturrisiko Kap 4 Utgreiingar i planarbeidet

Dambrot: samandrag rapport for dambrotsbølgeberekning, multiconsult 10.01.11: Det er utført dambruddsbølgeberegning for dam Kringastemma i Osterøy kommune. Dambruddet ved Kringastemma vil føre til en oversvømmelse av bygningene ved fjorden. Det vil utløse en bruddbølge som er maksimalt 3,7m høy. Bølgen vil bli noe dempet av brua som ligger ca 360 m nedstrømsdammen før den kommer ned i bebodde områder. Oversvømt område omfatter parkerings-anlegg ved Valestrandvatnet samt et hus på høyre bredd. På den andre elvebredden blir en gruppe av bygninger ved Valestrandvatnet også oversvømt. Ved brua ved Valestrandfossen vil vannstanden stige slik at bølgen ca 14 minutter etter dambrudd renner over veiene i området. Dvs, at vannet vil renne langs ferjekaien samt rundt Fossensenteret ned til fjorden. På veien ned mot fjorden berører den to hus til. Kommunen har pr sept.12 iverksatt prosess med sikringsarbeid. Det må settast rekkefølgekrav i planen. Tiltak for varig opphald innan bølgja si utstrekning kan ikkje skje før det er utført sikringsarbeid. Dammen er plassert i konsekvensklasse 2, jf. brev fra NVE av 24.02.2011. Dette inneber at når sikring er gjennomført dersom den blir utført etter gjeldande regelverk, vil fare for dambrot ikkje lenger vere tilstades eller redusert til eit akseptabelt minimum.

Illustrasjon som viser dambrotsbølge (raud skravur) opp til kote 9, og Vann stand ved flaumsituasjon etter brot ved kote 6 (blå skravur).

Page 6: Valestrandplan arbeidsdok240912_KAPtrygg-beredskap

65

SAMFUNNSTRYGGLEIK OG BEREDSKAP 4.4.2 Naturrisiko Kap 4 Utgreiingar i planarbeidet

Skred: avventar geologisk rapport Mogleg sig i grunn; avventar geoteknisk rapport Sårbare naturverdiar: Førebels; sjå kap 4.1.6 Naturmiljø. Vurdere omsynssone Havnivåstigning: Førebels, sjå kap4.3 Klima. Må fastette (kartfeste-illu) kotehøgde nivå—samanstille med funksjonell strandsone. Vurdere omssynssone