15
Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane Side 1 Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane 1. Bakgrunn 1.1 Geografisk avgrensing Samhandlingsprosjektet VRI 3 skal gjennomførast i heile Sogn og Fjordane fylke. Prosjektet byggjer på VRI 1 og 2 som hadde den same geografiske avgrensinga. Verksemdene i fylket opererer i ulike nettverk som kryssar fylkesgrenser og til dels er internasjonale, men prosjektet vil ha verksemder lokaliserte i Sogn og Fjordane som målgruppe. VRI skal leggje til rette for samarbeid mellom verksemder i Sogn og Fjordane og relevante kompetansemiljø utanfor fylket. 1.2 Status for regionen sitt innovasjonssystem Næringsforum i Sogn og Fjordane er ein partnarskapsarena der det regionale innovasjonssystemet er forankra på leiarnivå. Forumet er sett saman av leiarar frå NHO, LO, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, NAV, KS, Innovasjon Norge og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Vestlandsforsking deltek når FoU er tema. Leiar i Næringsforum er fylkeskommunen ved fylkesdirektør for næring. Med eit regionalt innovasjonssystem forstår vi regionale nettverk av interaksjon, innanfor eller på tvers av bransjar, offentlege og private, som har som formål å fremje aktivitetar knytte til FoU og innovasjon. Det er nettverket av institusjonar, offentlege og private, som med sin aktivitet tek initiativ til, hentar idear frå, modifiserer og spreier kunnskap om innovasjonar. Det er ein kollektiv og interaktiv prosess 1 . Teoriane om innovasjonssystem føreset at samarbeid mellom næringsliv, offentleg verkemiddelapparat og FoU-miljø skaper innovative og verdiskapande nettverk. Teoriane føreset også at samarbeid gir større verdiskaping enn om aktørane opererer kvar for seg. I litteraturen blir samarbeidet mellom desse tre gruppene av aktørar kalla «Trippel Heliks». Alle tre elementa i trippel heliks vil finnast også i rurale innovasjonssystem, men den rurale trippel heliksen i Sogn og Fjordane er annleis enn den vi finn i sentrale strøk. VRI 2-forskarprosjektet i Sogn og Fjordane har funne ein del særtrekk ved trippel heliks i Sogn og Fjordane 2 : Multipleksitet: Det er eit overlapp mellom dei ulike nettverka, og dette gir sterkare band og betre informasjonsflyt og læring mellom nettverka «Counter»-nettverk: Mobilisering av ressursar for å henge med, unngå å bli forbikøyrt av nasjonale eller internasjonale aktørar «Nærleik» til avgjerdstakarar: Som hovudregel er sentrale aktørar tilgjengelege. Koplar ein denne til multipleksitet så møtest mange aktørar i fleire samanhengar og det er muleg å gjennomføre raske prosessar Variasjon i balansen mellom elementa: Næringslivet er prega av små aktørar, knappheit på ressursar (tid). Vi har relativt små FoU-miljø med god kompetanse på enkelte område. Ein relativt sterk offentleg sektor samanlikna med dei andre aktørane 1 Asheim, B. T., & Isaksen, A. (1997): ”Regionale Innovasjonssystemer - en teoretisk diskusjon”. In Isaksen (Ed.), Innovasjoner, næringsutvikling og regionalpolitikk.: Edquist, C. (1997): “Systems of Innovation approaches - Their emergence and Characteristics.” In C. Edquist (Ed.), Systems of Innovation. Technologies, Institutions and Organisations (pp. 1-35). London, Washington: Pinter. Lundvall, B.-Å. (Ed.). (1992): “National Systems of Innovation”. London, England: Pinter, London. 2 Nesse, Jon Gunnar og Ingjerd Skogseid (red.): ”Innovasjon i Sogn og Fjordane – Vilkår og barrierar”. Vestlandsforsking-rapport 2/2014

Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og ... · Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane Side 1 Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping

  • Upload
    others

  • View
    4

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og ... · Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane Side 1 Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping

Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane

Side 1

Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane

1. Bakgrunn 1.1 Geografisk avgrensing Samhandlingsprosjektet VRI 3 skal gjennomførast i heile Sogn og Fjordane fylke. Prosjektet byggjer på VRI 1 og 2 som hadde den same geografiske avgrensinga. Verksemdene i fylket opererer i ulike nettverk som kryssar fylkesgrenser og til dels er internasjonale, men prosjektet vil ha verksemder lokaliserte i Sogn og Fjordane som målgruppe. VRI skal leggje til rette for samarbeid mellom verksemder i Sogn og Fjordane og relevante kompetansemiljø utanfor fylket. 1.2 Status for regionen sitt innovasjonssystem Næringsforum i Sogn og Fjordane er ein partnarskapsarena der det regionale innovasjonssystemet er forankra på leiarnivå. Forumet er sett saman av leiarar frå NHO, LO, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, NAV, KS, Innovasjon Norge og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Vestlandsforsking deltek når FoU er tema. Leiar i Næringsforum er fylkeskommunen ved fylkesdirektør for næring. Med eit regionalt innovasjonssystem forstår vi regionale nettverk av interaksjon, innanfor eller på tvers av bransjar, offentlege og private, som har som formål å fremje aktivitetar knytte til FoU og innovasjon. Det er nettverket av institusjonar, offentlege og private, som med sin aktivitet tek initiativ til, hentar idear frå, modifiserer og spreier kunnskap om innovasjonar. Det er ein kollektiv og interaktiv prosess1. Teoriane om innovasjonssystem føreset at samarbeid mellom næringsliv, offentleg verkemiddelapparat og FoU-miljø skaper innovative og verdiskapande nettverk. Teoriane føreset også at samarbeid gir større verdiskaping enn om aktørane opererer kvar for seg. I litteraturen blir samarbeidet mellom desse tre gruppene av aktørar kalla «Trippel Heliks». Alle tre elementa i trippel heliks vil finnast også i rurale innovasjonssystem, men den rurale trippel heliksen i Sogn og Fjordane er annleis enn den vi finn i sentrale strøk. VRI 2-forskarprosjektet i Sogn og Fjordane har funne ein del særtrekk ved trippel heliks i Sogn og Fjordane2:

Multipleksitet: Det er eit overlapp mellom dei ulike nettverka, og dette gir sterkare band og betre informasjonsflyt og læring mellom nettverka

«Counter»-nettverk: Mobilisering av ressursar for å henge med, unngå å bli forbikøyrt av nasjonale eller internasjonale aktørar

«Nærleik» til avgjerdstakarar: Som hovudregel er sentrale aktørar tilgjengelege. Koplar ein denne til multipleksitet så møtest mange aktørar i fleire samanhengar og det er muleg å gjennomføre raske prosessar

Variasjon i balansen mellom elementa: Næringslivet er prega av små aktørar, knappheit på ressursar (tid). Vi har relativt små FoU-miljø med god kompetanse på enkelte område. Ein relativt sterk offentleg sektor samanlikna med dei andre aktørane

1 Asheim, B. T., & Isaksen, A. (1997): ”Regionale Innovasjonssystemer - en teoretisk diskusjon”. In Isaksen (Ed.),

Innovasjoner, næringsutvikling og regionalpolitikk.: Edquist, C. (1997): “Systems of Innovation approaches - Their emergence and Characteristics.” In C. Edquist (Ed.), Systems of Innovation. Technologies, Institutions and Organisations (pp. 1-35). London, Washington: Pinter. Lundvall, B.-Å. (Ed.). (1992): “National Systems of Innovation”. London, England: Pinter, London. 2 Nesse, Jon Gunnar og Ingjerd Skogseid (red.): ”Innovasjon i Sogn og Fjordane – Vilkår og barrierar”.

Vestlandsforsking-rapport 2/2014

Page 2: Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og ... · Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane Side 1 Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping

Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane

Side 2

Figur 1: Særtrekk ved innovasjonssystemet i Sogn og Fjordane (frå Nesse og Skogseid (2014))

Dei viktigaste aktørane i innovasjonssystemet i Sogn og Fjordane er i denne samanhengen: FoU: Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), Vestlandsforsking (VF), Kunnskapsparken i Sogn og Fj. (inkl. næringshagar), Njøs næringsutvikling Næringsliv: Energibransjen inkl. avfallshandtering, mat- og reiselivsbedrifter (inkl. sjømatnæring), teknologi-/IKT-bedrifter Offentleg sektor: Fylkeskommunen, Fylkesmannen, Innovasjon Norge (IN), NHO, LO, KS, NAV Dei fleste av desse aktørane utgjer partnarskapsarenaen i Næringsforum. Ei vidareføring av VRI-prosjektet vil vera eit viktig instrument for partnerskapen i Næringsforum for å mobilisera til meir forskingsbasert innovasjon i bedriftene. Det vil også gi FoU-miljøet betre mulegheiter til å selja kunnskapen sin til næringslivet og ikkje minst gjera den meir relevant i høve dei behova næringslivet har. Vi trur også ei vidareutvikling av dei dokumenterte særtrekka ved innovasjonssystemet i Sogn og Fjordane vil vera verdifullt både for fylket og andre regionar. 1.3 Behov for VRI samhandlingsprosjekt Rapporten ”Regional analyse Sogn og Fjordane 2013 – Næringsutvikling, attraktivitet og innovasjon” frå Telemarkforsking slår fast at næringslivet i Sogn og Fjordane er innovativt ved at mange introduserer nye produkt, produksjonsmetodar eller måtar å marknadsføre bedriftene på. Verksemdene er også dyktige til å samarbeide om innovasjon; først og fremst saman med kundar, leverandørar og konsulentar. Næringslivet er internasjonalt orientert og har relativt sett stor eksport samanlikna med landet elles. Forskarprosjektet i VRI 2 viste at Sogn og Fjordane har mange samarbeidskonstellasjonar, og liten avstand til verkemiddelapparatet; dvs. IN, næringsavdelinga i fylkeskommunen, forskingsrådet sin regionale representant, Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vest), næringslivsaktørar og FoU-miljøa. Det gir rom for utveksling av idear og kunnskap som utgangspunkt for utviklingsprosjekt i bedrifter. Denne utvekslinga går også på tvers av nettverk og næringar av dei same grunnane. Likevel er det stor variasjon i næringane i tradisjonar for samarbeid om innovasjonsaktivitet. Det har vist seg å vere enklare å få til samarbeidskonstellasjonar i reiselivs- og delar av sjømatnæringane, medan det innanfor energibransjen er lettare å lukkast med å få på plass samarbeid med leverandørar og kundar.

Page 3: Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og ... · Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane Side 1 Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping

Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane

Side 3

Etter to fasar har VRI-satsinga så langt vist seg å ha eit eigna sett av verkemiddel for mobilisering til forskingsbasert innovasjon og utvikling. Neste fase i VRI-satsinga skal forsterke og vidareutvikle desse positive trendane og kapitalisere på grunnlagsarbeidet frå VRI 1 og 2. 1.4 Forankring av samhandlingsprosjektet i regionale utviklingsstrategiar og –planar Den nye Verdiskapingsplanen (VSP) i Sogn og Fjordane representerer partnarskapen si strategiske satsing fram mot 2025. Den legg vekt på å møte bedriftene sine utfordringar med forskarbasert innovasjon. Hovudstrategiane i planen er 1) nyskaping basert på dei naturgjevne fortrinna i fylket, 2) vere attraktive for folk som vil skape arbeidsplassar og 3) leggje til rette for kompetanseutvikling, basert på både tradisjonar, handverk, yrkesfag og akademisk kunnskap. VRI samhandlingsprosjektet har si forankring i VSP sitt satsingsområde «Kunnskap», men er relevant for alle satsingane i planen. Satsingsområdet «Kunnskap» vil omfatte samhandlinga mellom kunnskapstilbydarar, verkemiddelapparatet og næringslivet både innan forsking og opplæring. Hovudansvarleg for kunnskapsdelen i VSP, direktør Atle Hamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet, vil også sitje i styringsgruppa. Også RFF Vest har prioritert energi, reiseliv og berekraftig matproduksjon i handlingsplanen for 2014-2015 og har finansiert både forprosjekt og hovudprosjekt. Det er difor god samanheng mellom innsatsområde i VRI 3 og prioriterte forskingsområde i RFF Vest og det ligg godt til rette for eit utvida samarbeid på Vestlandsnivå (Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre). 1.5 Prioritering av midlane dersom regionen berre mottek grunnfinansiering Prioritering av midlane går fram av det vedlagde budsjettet. I hovudsak blir midlane brukte til bedriftsprosjekt (løyving frå Innovasjon Norge) og kompetansemekling, og i noko mindre grad til dialog og mobilitet. 1.6 Læring frå VRI 1 og 2 og grunngjeving for eventuelle større endringar i VRI 3 Det er gode erfaringar frå tidlegare VRI-prosjekt med verktøyet kompetansemekling. Det er ei teneste som er godt tilpassa bedriftsstrukturen i fylket, med små og mellomstore bedrifter i stort fleirtal. Verkemiddelet har ein utløysande effekt og mobiliserer til andre verkemiddel. I møte mellom KM og bedrifter blir FoU sett på dagsorden på ein konstruktiv måte. Dette blir vidareført som ein av hovudaktivitetane i VRI 3. Bruken av bedriftsprosjekt har vore ein suksess og er eit godt verkemiddel for bedriftene til å finne nødvendige avklaringar i potensielle prosjekt. Dette vert vidareført i VRI 3. Endringar frå VRI 2 til VRI 3: Innsatsområda i VRI 3 er tett kopla til satsingar i verdiskapingsplanen for fylket. I VRI 2 var det målretta satsing på fornybar energi, og med spesiell innsats på vindkraft generelt og offshore vindkraft spesielt. Men ikkje lenge etter at programmet var i gang, avlyste regjeringa Stoltenberg satsinga på offshore vind. Det viste seg også at dette var ein ny og umoden bransje med usikker økonomi og ressursar til FoU. I VRI 3 blir det framleis satsa på energi, men på eit breiare grunnlag. Landbruk og reiseliv er nytt innsatsområde i VRI 3. Reiseliv var inne som innsatsområde i VRI 1, men vart utelate i VRI 2 grunna redusert løyving til prosjektet i høve søknaden. Innsatsområdet er no prioritert i VRI 3 som følgje av satsinga i verdiskapingsplanen. Teknologi/IT er også eit nytt innsatsområde i VRI 3. Det er prioritert fordi prosjektet Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane peika på eit gap mellom behov og tilbod innan denne sektoren, og at det er ein sektor med store vekstmulegheiter. Kunnskapsbasert tenesteyting er prioritert i Verdiskapingsplanen.

Page 4: Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og ... · Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane Side 1 Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping

Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane

Side 4

Det vil ikkje bli gjort store endringar i høve til arbeidet i VRI 2 på bruk av verkemiddel, men prosjektet har mål om å auka aktiviteten innan personmobilitet noko i høve tidlegare prosjekt.

2. Prosjektmål og innsatsområde 2.1 Prosjektmål Ambisjonen for samhandlingsprosjektet i VRI 3 er å utvikle gode samarbeidsarenaer og varige verkemiddel for å bidra til realiseringa av Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane 2014 – 2025 og på den måten styrka arbeidet med forskingsbasert innovasjon i næringslivet. Hovudmålet med VRI 3 i Sogn og Fjordane er å stimulere til meir forskingsbasert innovasjon for større verdiskaping og konkurransekraft i bedriftene innanfor dei prioriterte innsatsområda energi, mat og reiseliv, og teknologi/IT. Hovudmålet skal realiserast gjennom følgjande delmål: 1. Vidareutvikle og styrke samhandlinga i det regionale innovasjonssystemet VRI SFj skal betre dialogen, kunnskapsoverføringa og læringa og stimulere til meir bruk av innovasjonsprosessar mellom næringsliv, FoU-miljø og offentlege aktørar. 2. Næringslivet skal i større grad ta i bruk forskingsbasert kunnskap Prosjektet skal redusere barrierar som hindrar næringslivet å ta i bruk forskingsbasert kunnskap. FoU-miljøa skal synleggjere relevant kunnskap. 3. Betre samsvaret mellom næringslivet sine behov og kunnskapsmiljøa sine tilbod Næringslivet i Sogn og Fjordane skal i større grad få tilgang til relevant og praksisnær kunnskap frå FoU-miljøa. Sluttmål VRI Sogn og Fjordane skal vere eit viktig verkemiddel i realiseringa av Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane 2014 - 2025. Prosjektet skal utvikle verkemiddelbruken i VRI til å bli ein varig arbeidsmetodikk i realiseringa av Verdiskapingsplanen fram til 2025. Resultatmål Tabellen gjev ei oversikt over samanhengen mellom delmål, tiltak og resultatmål og i tillegg budsjett

Delmål Tiltak Resultatmål

1. Vidareutvikle og styrke samhandlinga i det regionale innovasjons-systemet

T1.1 VRI skal styrke dialog og informasjonsflyt både i og mellom utvalde næringsnettverk, FoU-nettverk og trippel heliks-nettverk

R1.1 VRI skal delta på minimum 5 eksisterande arenaer/møteplassar pr. år, og formidle kunnskap og informasjon på tvers av arenaer og avgjerdsnivå. Total 12 samhandlingsmøte. Eksisterande møteplassar er t.d. Arena Frukt og bær, NCE Tourism, Møte i maritim forening, nettverk under IT-forum .

T1.2 VRI skal bidra til at det regionale innovasjonssystemet skal lære og bli betre til å nytte verkemiddel for næringsutvikling

R1.2 VRI skal ha god verkemiddelbruk som tema for internmøte/ erfaringsseminar minst ein gong årleg. Representantar frå Innovasjon Norge, Regionalt forskingsfond eller andre VRI-regionar blir inviterte. Feltarbeidarane i VRI innleiar om erfaringar.

Page 5: Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og ... · Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane Side 1 Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping

Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane

Side 5

T1.3 VRI skal undervegs utvikle strukturar og rutinar for å få til betre dialog med aktørane. VRI skal systematisk og regelmessig evaluere, reflektere og korrigere tiltak for å betre samhandlinga

R1.3 VRI skal ta opp samhandling som tema på kvart styringsgruppe- og konsortiemøte. VRI skal ta opp samhandling som tema på møta med dei utvalde nettverka i tiltak 1.1. VRI skal formidle innspel og kunnskap frå feltarbeidet til relevante politiske prosessar i fylket, som Verdiskapingsplanen, når dette vert spurt etter. VRI inviterer relevante kundeansvarlege frå

Innovasjon Norge og Forskingsrådet sin regionale representant til prosjektgruppemøte minst 4 ganger i året. Prosjektleiar vil også ha kontakt med relevante kundeansvarlege i samband med tildeling av bedriftsprosjekt.

T1.4 VRI skal formidle oppdatert kunnskap om VRI og VRI-verkemiddel

R1.4 VRI skal formidle god informasjon på møtearena og på internett, helst gjennom eksisterande informasjons- tenester.

2. Næringslivet skal i større grad ta i bruk forskingsbasert kunnskap

T2.1 VRI skal tilføre FoU-kompetanse til prioriterte næringar gjennom generell kompetansemekling

R2.1 Mål om 20 kompetanse- meklingstiltak per (heil-)år. Totalt 50 KM-tiltak

T2.2 VRI skal kompetansemekle gode prosjekt mellom næringsliv og relevante FoU-miljø

R2.2 Mål om 5 bedriftsprosjekt og 3 FoU-prosjekt pr. år. Totalt 12 bedriftsprosjekt og 7 FoU-prosjekt. Dette er alle andre FoU-prosjekt enn dei som går inn under ordninga ”Bedriftsprosjekt” og som blir finansierte av Innovasjon Norge.

T2.3 VRI skal kompetansemekle til internasjonale verkemiddel og nettverk

R2.3 Mål om 2 søknader i prosjektperioden til Horizon2020, Interreg, Enterprise Europe Network eller andre relevante internasjonale ordningar.

T2.4 VRI skal støtte oppstart av bedriftsprosjekt i prioriterte næringar

R2.4 Mål om 5 bedriftsprosjekt per (heil-)år, til saman 13-14 prosjekt i perioden. Dette er FoU-prosjekt undre ordninga finansiert av IN (sjå omtale R2.2)

3. Betre samsvaret mellom næringslivet sine behov og kunnskapsmiljøa sine tilbod

T3.1 VRI skal fremje mobilitet mellom lokalt næringsliv og relevante fou-miljø

R3.1 Minst 4 studentoppgåver årleg i lokalt næringsliv, til saman 10 i prosjektet. Minst 1 forskaropphald eller ein ny bedrifts-PhD (eiga ordning for SFj) i næringslivet årleg. VRI skal føre til oppstart av minst 1 nærings-PhD i prosjektperioden

T3.2 VRI skal arrangere møteplassar mellom FoU-miljø og næringsliv

R3.2 Arrangere minst 1 seminar /FoU-verkstadar pr. innsatsområde saman med utvalde næringsnettverk årleg. Til saman 10 seminar.

Page 6: Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og ... · Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane Side 1 Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping

Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane

Side 6

T3.3 VRI skal formidle identifiserte behov i lokalt næringsliv

R3.3 VRI skal formidle erfaringar frå feltarbeidet på møtearenaene med FoU-partnarane og med oppdragsgjevar (Fylkeskommunen og Forskingrådet)

Hovudmålet med VRI er ” å utvikle kunnskap om og evne til samhandlings- og innovasjonsprosesser i regionene og fremme forskningsbasert innovasjon i arbeidslivet.” Dette samsvarer med Sogn og Fjordane si målsetjing, og Verdiskapingsplanen for fylket har kunnskap som eit sentralt tverrgåande tiltak for å betre samhandlinga mellom kunnskapstilbydarar, verkemiddelapparatet og næringslivet både innan forsking og opplæring. 2.2 Presentasjon av innsatsområde og grunngjeving for val Ut frå tematiske val i Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane 2014 - 2025, og kunnskap og erfaringar frå arbeidet i VRI 1 og 2 er følgjande tre innsatsområde prioriterte i VRI 3 samhandlingsprosjektet: 1) Energi, 2) Mat og reiseliv og 3) Teknologi og IKT. 1. Energi Innan vasskraft og distribusjon er det høg verdiskaping i Sogn og Fjordane. Det er mange utbyggingsprosjekt i søknadsfase, og det er stort potensiale for lokale verksemder i samband med utbygging av vasskraftanlegg. Også innan solenergi skjer det verdiskaping med dei relativt store industriverksemdene Norsun i Årdal og Elkem i Bremanger. Andre område innan fornybar energi med identifisert stort potensial er; 1) Vindkraft, med store uutnytta ressursar; 2) Fjordvarme, leiande verksemder i Norge innan fjordvarme er lokaliserte i Sogn og Fjordane (Nordfjordeid); og 3) Bioenergi. Fylket har store biomassar tilgjengelege. Her krev det nye samarbeidsrelasjonar og pilotprosjekt for å komme vidare i verdiskapingsarbeidet. Alle område har potensielt stor regional effekt både i utbyggingsfasen (anlegg) og driftsfase. Verkemiddelapparatet, FoU-institusjonane HiSF og VF, dei største vasskraftprodusentane og regionale bankar har arbeidd for å etablere eit Arena-prosjekt, men ikkje lukkast så langt. Vidare er det etablert ein prosjektplan for eit strategisk høgskuleprosjekt RELEASE (Renewable Energy Project: Local Impact and Sustainability) med partnarar frå Oxford i England, Radboud University i Nijmegen i Nederland, Universitetet i Aalborg i Danmark, UiO og CenSES (Center for Sustainable Energy Research). Både eit eventuelt ARENA-prosjekt og RELEASE-prosjektet involverer produksjonsbedrifter og underleverandørbedrifter i tillegg til verkemiddelapparatet og FoU-miljø i fylket. VRI har spelt og vil spele ei aktiv rolle mot bedriftene i desse energisatsingane. I tillegg til HiSF og VF er også Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane aktive i dette arbeidet. Innovasjonsforskinga i VRI2 har følgt etableringa av eit delnettverk av underleverandørar innan fornybar energi, eit felt der verdiskapingspotensialet i fylket er stort. Dette er eit nytt nettverk som endå ikkje har etablert felles prosjekt, og medlemene har lite erfaring med å arbeide i nettverk. Her er det viktig med eit FoU-miljø som forstår kva som er innovasjonsutfordringane. Energi er valt som innsatsområde i VRI fordi det er eit område der mange arbeider for seg sjølve utan å realisere potensialet som ligg i betre samarbeid med andre. Bedriftene har mange like problemstillingar som dei ville hatt nytte av å løyse i fellesskap, på same tid som dei er konkurrentar seg i mellom. Det er eit potensial for å inkludere FoU-miljø i dette samarbeidet. VRI vil bidra med å få tilstrekkeleg kunnskapsdeling og samarbeid mellom bedrifter for å få fram nye satsingar. Bedriftene er motiverte og etterspør mindre utviklingsprosjekt for å få fram nytt samarbeid og satsingar. Bransjen har også stort potensial for internasjonalt samarbeid både innafor FoU- og bedriftssamarbeid. Etterspurnaden etter fornybar energi er aukande både nasjonalt og internasjonalt.

Page 7: Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og ... · Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane Side 1 Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping

Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane

Side 7

2. Mat og reiseliv Reiselivet har lange tradisjonar i Sogn og Fjordane. Turismen vart til dels starta og utvikla i dette fylket. Bransjen omfattar eit mangfald av bedrifter, frå små til store, og har samarbeid på fleire nivå; frå Fjord Norge AS, gjennom regionale og lokale destinasjonsselskap og ulike bedriftsnettverk. Dei største og økonomisk sterkaste verksemdene finst i overnatting og transportselskap. Desse er også bedriftene som ofte står for pakking og sal av større produkt frå fleire leverandørar. Ein ny trend i reiselivsutviklinga er framveksten av nye bedrifter som tilbyr aktivitet og opplevingar. Turistane vil ikkje berre ha ein stad å bu, dei vil også vere aktive i naturen. Og i tillegg er lokalt produsert og foredla mat ein viktig del av eit høgare betalbart reiselivsprodukt. Største utfordringa i næringa er dei mange og ulike typane bedrifter, til dels svak økonomi, mykje arbeidskraft med låg utdanning og mykje sesongarbeidskraft. Kundane er stadig meir krevjande, norsk kostnadsnivå krev produkt og tenester med god inntening og tilsvarande krav til kvalitet, kunnskapsinnhald og samarbeid på tvers av ulike produkttilbydarar. Ei anna viktig utfordring i næringa er utviding av sommarturistsesongen, auka vinterturisme og turistgrupper med høgare betalingsvilje. I dette er aktivitetsbedrifter og lokal mat vesentlege element. Lokal og regional mat er ikkje eit prioritert områdei dei etablerte klyngeaktivitetane i Arena og NCE. VRI-prosjektet har derfor identifisert koplinga reiseliv og lokal/regional mat som eit satsingsområde som representerer eit klart behov, men som ikkje blir dekka av andre satsingar Sogn og Fjordane har framleis ei forholdsvis stor landbruksnæring, og den er, som reiselivet, viktig i heile fylket. Næringa har vist stor omstillingsevene, både i forhold til å utvikle levedyktige små og store einingar med ein stor variasjon i produksjonar og tilknytte tenester. Sogn og Fjordane hatt ei svært vellykka satsing på frukt- og bærproduksjon, og fylket er no den klart største produsenten av frukt og bær i Norge verdimessig. Med Lerum lokalisert i Sogndal og Tine i Vik er der også store foredlingsbedrifter lokalt. Dette kraftsenteret innan frukt- og bær i Norge har utvikla ei rekkje nettverk og har også hatt Arena-prosjekt som no blir vidareført i varige samarbeidstrukturar. Ein annan innovativ del av denne næringa er framveksten av små bryggeri, såkalla mikrobryggeri. Det er eit globalt fenomen og i Norge har Sogn og Fjordane den største aktiviteten av alle fylke utanom Oslo. Vi har suksessbedrifter som Ægir i Aurland og Kinn i Flora, og Balder i Leikanger på veg opp. Eksempel på innovasjon som utnyttar lokale fortrinn er Ægir sitt samarbeid med Lærdal Grønt om morelløl og Balder sitt samarbeid med Sognefrukt om eit epleøl (!). Ein anna viktig del av matbransjen er sjømatnæringane. For kystfylket Sogn og Fjordane er kunnskapsbasert akvakulturforvaltning, vidareutvikling av oppdrettsnæringa samt å auke verdiskapinga basert på turistfisket viktig. Ein viktig aktør og samarbeidspart i sjømatnæringane er Salmon Group, som er verdas største nettverk av små familieeigde oppdrettsselskap. Salmon Group representerer oppdrettsselskapa i forhandlingar om fellesløysingar og er kontaktledd til FoU-institusjonar. Ut frå desse sterke separate satsingane innan reiseliv og mat, skal VRI samhandlingsprosjekt arbeide med å utvikle samarbeidet på tvers av næringar der det er mange potensielle synergiar og der eksisterande og nye bedrifter vil kunne utvikle nye produkt og tenester gjennom kunnskapbaserte innovasjonar. Verkemiddelsettet i VRI er veleigna til å stimulere og mobilisere til meir samarbeid og innovasjon på tvers av to potente næringar. 3. Teknologi og IKT Ein ny utvikling i næringsstrukturen i Sogn og Fjordane er framveksten av ei gruppe små teknologibedrifter, særleg knytte til IKT-baserte tenester og produkt. Bedriftene har vakse fram frå lokalmiljøa ut frå spesialkompetanse, lokalt entreprenørskap og eit livsstilsval i høve busetjing.

Page 8: Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og ... · Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane Side 1 Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping

Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane

Side 8

Bedriftene har utvikla og lansert produkt og tenester både for nasjonal og internasjonal marknad. Eit eksempel er Highsoft Solutions i Vik i Sogn som sel nettbaserte visualiseringsverktøy og har eit fleirtal av dei hundre største konserna i verda på kundelista. I Måløy har VideoNor utvikla videkonferanse-løysingar og katalogtenester for videokonferanse for ein nordisk marknad noko dei fekk Rosingprisen i 2012 for, med grunngjeving i særleg innovativ forretningsutvikling. I Gulen kommuneutvikla bedrifta Avoco strøymingstenesta Beat.no og i Sogndal utviklar bedrifta Rocketfarm robot-teknologi. 12 slike bedrifter har gått saman i eit nettverk under IT-forum Sogn og Fjordane. IT-forum er eit samarbeid for statlege etatar, fylkeskommunen, kommunane, næringsliv og utdannings- og forskingsmiljø i Sogn og Fjordane. I mandatet står det at organiseringa særleg skal arbeide for å styrke og utvikle samhandling og samordning mellom etatar, organisasjonar og bedrifter i fylket, og har fungert som eit ”trippel heliks”-samarbeid i snart 20 år. Mange av bedriftene i nettverket er høgt spesialiserte, og sjølv om dei fleste er forholdsvis små, har dei bygd seg opp eit kjent namn i relevante fagmiljø nasjonalt og internasjonalt. Men i Sogn og Fjordane er dei ofte mindre kjende, også blant bedrifter i same eller tilstøytande bransjar. Målet med nettverket er mellom anna å gjere bedriftene meir kjende for kvarandre for å utvikle samarbeid og kompetansedeling, og i neste omgang styrke innovasjon og kommersialiserings-aktivitetar. I dette ligg også utvikling og testing av nye forretningsmodellar. Bruk av verkemiddelsett i VRI vil kunne vere ei svært relevant vidareføring og forsterking av dette samarbeidet og kunne utløyse eit sett av nye innovative og kunnskapsbaserte produkt og tenester. IKT og teknologi er valt som innsatsområde i VRI fordi det er eit område med eit stort potensial i å kople små avanserte teknologibedrifter til meir tradisjonelle bedrifter og næringar. VRI Sogn og Fjordane vil samarbeide med dei små teknologimiljøa for å skape større synergieffektar.

3. Forankring og organisering for VRI 3 3.1 Forankring og organisering Den formelle strukturen for overordna FoU-, nyskapings- og innovasjonsarbeid i Sogn og Fjordane er partnarskapsarenaen Næringsforum. Næringsforum er sett saman av leiarar i Fylkeskommunen, Fylkesmannen, NAV, KS, Innovasjon Norge, LO, NHO og Høgskulen i Sogn og Fjordane. I tillegg er Vestlandsforsking inne når forumet tek opp FoU-saker. Næringsforum legg no siste hand på Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane 2014 – 2025, ein plan som skal vedtakast i fylkestinget i juni 2014. Det har vore brei medverknad frå næringsliv og offentlege institusjonar i utforming av planen. Hovudstrategiane i planen er 1) nyskaping basert på dei naturgjevne fortrinna i fylket, 2) vere attraktive for folk som vil skape arbeidsplassar og 3) leggje til rette for kompetanseutvikling, basert på både tradisjonar, handverk, yrkesfag og akademisk kunnskap. Hovudmålsettinga om arbeidsplassvekst skal nåast gjennom å legge til rette for nyskaping og gjennom hovudsatsingar som skissert i figuren under. Næringsforum skal ha fagleg leiarskap og koordinere innsatsen.

Page 9: Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og ... · Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane Side 1 Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping

Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane

Side 9

Figur 2: Partnarskapen og organiseringa av Verdiskapingsplanen

Samhandlingsprosjektet i VRI 3 vil vere forankra i satsingsområdet «Kunnskap», men vere relevant for alle satsingane i planen. Satsingsområdet «Kunnskap» omfattar samhandlinga mellom kunnskapstilbydarar, verkemiddelapparatet og næringslivet både innan forsking og opplæring. VRI-prosjektet er såleis politisk forankra gjennom planar og politiske avgjerder. Den regionale finansieringa om VRI prosjekt vert vedteken i Fylkestinget i juni 2014. Prosjektplanen er bygd på drøftingar i Næringsforum i 2013 og våren 2014. Sogn og Fjordane fylkeskommune er eigar av VRI samhandlingsprosjektet og leiar styringsgruppa. Aktørar og institusjonar som deltek i VRI-prosjektet vil inngå i eit avtalefesta konsortium. Konsortiet vil bestå av styret i tillegg til institusjonar med kompetansemeklarar (Kunnskapsparken, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Njøs Næringsutvikling, og eventuelle andre VRI-aktørar). Styringsgruppa vil ha åtte medlemmer, der tre er partnarar i Næringsforum (ein med observatørstatus) og fem er konsortiedeltakarar. Denne gruppa vil sikre eigarskap og påverknadsmoglegheiter for viktige utviklingaktørar i fylket. Kompetansemeklaren frå Njøs næringsutvikling har ein viktig funksjon i den velfungerande klyngja Frukt og bær i Sogn og Fjordane (tidlegare Arena-prosjekt), noko som vil styrke koordineringa mellom ulike FoU-program og VRI. Styringsgruppa Deltakar Institusjon Rolle Lars Hustveit, fagkoordinator for næring

Sogn og Fj. fylkeskommune, næringsavd. Leiar

Merete Lunde, direktør Vestlandsforsking, FoU Medlem Atle Hamar, direktør Lotteri- og stiftelsestilsynet, Medlem Erling Sande, konserndirektør for strategi og utvikling

Energi, næringsaktør Medlem

Solveig Willis, kvalitetsleiar Salmon Group, næringsaktør Medlem Grethe Hjetland, adm. dir. Highsoft Solutions (IT), næringsaktør Medlem Hjørdis Vik Innovasjon Norge Observatør Dag Lothe, Regionansvarleg Sogn og Fjordane

Forskingsrådet Observatør

Øyvind Heimset Larsen, prosjektleiar

VRI Sogn og Fjordane sekretær

VRI samhandlingsprosjekt vil vere tema i Næringsforum når satsingsområdet «Kunnskap» er oppe som tema, minst to gonger i året. Styringsstruktur og roller

Page 10: Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og ... · Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane Side 1 Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping

Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane

Side 10

Styringsgruppa har ansvaret for at VRI vert gjennomført i tråd med mål og tildelte rammer. Det vil bli gjennomført minst 2 styremøte i året. Prosjektleiar tek løpande administrative avgjerdsler saman med prosjektgruppa , eller prosjektleiar og styreleiar i fellesskap. Vestlandsforsking har prosjektleiarfunksjonen. VF har vore involvert i tidlegare VRI-prosjekt og har lang erfaring med prosjektleiing. Prosjektleiar rapporterer til styret og har ansvaret for rapportering til Forskingsrådet. Kompetansemeklarar er tilsett i Kunnskapsparken, Njøs næringsutvikling, VF og HiSF. KM innan sjømatnæringar vil bli rekruttert, og det kan også bli aktuelt å rekruttera andre KM på dei andre innsatsområda. HiSF vil ha ansvaret for studentmobilitet. For kvart av dei tre innsatsområda vil ein av kompetansemeklarane ha rolla som delprosjektleiar, og inngår i prosjektgruppa saman med prosjektleiar. Kompetansemeklarane rapporterer til prosjektleiar. Leiarane for innsatsområda har operativt, fagleg og økonomisk ansvar for sine respektive område. Dei skal utarbeide årlege handlingsplanar for sitt innsatsområde. Styret skal godkjenne desse planane. Konsortiet består av prosjektdeltakande institusjonar (styringsgruppa og institusjonar med kompetansemeklarar). Konsortiedeltakarane har eit felles ansvar for gjennomføring av VRI-prosjektet, og bidreg i samsvar med dei oppgåvene og pliktene som går fram av prosjektskissa og konsortieavtalen. Det vil bli gjennomført minst to konsortiemøte i året, og desse kan leggjast til ordinære styremøte. Konsortiemøta skal vere ein sentral arena for strategiske vurderingar og læring, kommunikasjon og formidling av resultat og erfaringar mellom deltakarane i prosjektet. 3.2 Kjønnsbalanse i prosjektet Samansetninga i styret fyller målet om minst 40 prosent kvinner. Av delprosjektleiarar er det ei kvinne som vil ha ei sentral rolle. Både innsatsområda energi, mat og reiseliv og teknologi og IKT mannsdominerte på leiarnivå og generelt i dei respektive bransjane. VRI vil prøve å oppnå ein jamn kjønnsbalanse i mobiliseringstiltaka. Sjå elles eigen handlingsplan for kjønnsbalanse utarbeidd for VRI 3 Sogn og Fjordane vedlagt søknaden.

4. Val av verkemiddel 4.1 Verkemiddel som realiserer utviklingspotensialet i innsatsområda Bedriftene innan innsatsområda har ulike utfordringar, muligheiter og behov. Verkemidla som skal nyttast i VRI 3 er kompetansemekling, bedriftsprosjekt, dialog og mobilitet. Vi vil prioritere kompetansemekling og bedriftsprosjekt for iverksetjing av konkret og målretta innovasjonsarbeid. Alle innsatsområda vil gjere bruk av alle dei fire verkemidla, men gjerne i ulike kombinasjonar. Tabellen under viser dei prioriterte innsatsområda og den prioriterte verkemiddelbruken innan kvart område. Status for innsatsområdet avgjer kva verkemiddel som er fornuftigast å bruke.

Innsatsområde Utfordring/mugligheit Dialog KM BP Mob

Energi Samhandlingssatsingar (x) (x) x x

Mat og reiseliv Samhandling på tvers av større satsingar

(x) x x (x)

Teknologi/IT Umoden bransje, mykje under oppstart

x x x x

KM = Kompetansemekling, BP = Bedriftsprosjekt, Mob = Mobilitet. Dialog: ulike type dialogverkemidler

Page 11: Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og ... · Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane Side 1 Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping

Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane

Side 11

4.2 Energi Sogn og Fjordane er storprodusent av fornybar energi, med lange tradisjonar og gode naturgitte tilhøve innafor produksjon av vasskraft. Sogn og Fjordane er det fylket i landet som har dei største reservane når det gjeld småkraftutbygging. Næringa er organisert gjennom bedrifter som stort sett er eigd av kommunar og fylkeskommunen og representerer både arbeidsplassar og store inntekter for lokalmiljøa og fylket. Den store og lønsame næringa har likevel ikkje ført til utstrekt samarbeid mellom verksemdene. Det har heller ikkje vore utprega satsing på innovasjon og etterspørsel frå bedriftene etter forskingsinnsats. Men i den seinare tida har det vakse fram eit anerkjent forskarmiljø HiSF og Vestlandsforsking. Høgskulen har tilbod om bachelorstudium, og det er planar om å utvide tilbodet til mastergradsstudium. Bacherlorstudiet har hatt gode søkjartal. Ei viktig grunngjeving for innsatsområde energi i VRI er at bedriftene i dei tilknytte næringane i stor grad jobbar for seg sjølv, utan samarbeid verken med andre bedrifter eller med FoU og som om dei fann saman kunne tene på å utvikle prosjekt i samarbeid med andre. Både det å møte dei med like problemstillingar utan å vere konkurrentar, og finn saman i nye tverrfaglige nettverk rundt utvikling av nye produkt. Sogn og Fjordane har eit stort potensial innan fleire energiforme. Fjordvarme, bioenergi og vasskraft er alle område der fylket er blant dei fremste, men der det er eit potensial som kan realiserast om ein finn nye samarbeidsrelasjonar, gjerne i tverrfaglege team. Energiregion Sogn og Fjordane arbeidde med dette området og satsa alle korta på å få etablert eit stort felles Arenda-prosjekt som over-bygning. Dette førte ikkje fram, og no etterspør medlemsbedriftene mindre samarbeidsprosjekt for å få eit nytt grunnlag for vidare samarbeid. Verkemiddel Innsatsområde energi vil kunne nytte alle verkemidla i VRI 3-prosjektet, men bedriftsprosjekt og mobilitet vil vere dei to prioriterte. Dialogverktøy og brei deltaking vil bli nytta i starten for å samle aktuelle bedrifter for å identifisere potensielle satsingar. Deltakarane i Energiregion Sogn og Fjordane vil vere eit utgangspunkt. I VRI 2 vart det identifisert potensielle satsingar som vil bli følgt opp i VRI 3 og arbeidd fram til bedriftsprosjekt ved hjelp av kompetansemekling. I VRI 3 ønskjer vi også å få til mobilitet knytt til studentprosjekt, der studentar vil vere plasserte i bedrifter og gjennomfører oppgåver i samarbeid og med rettleiing frå bedriftene. VRI 3 vil også stimulere til forskarutveksling i bedriftene, og til at tilsette i bedriftene får eit opphald i eit relevant FoU-miljø. Den forventa effekten av verkemidla er at VRI skal levere eit bidrag til å nå måla i Verdiskapings-planen, med særlig merksemd på 1) nye samarbeidskonstellasjonar som bidreg til fleire lokale leveransar knytt til utbygging av fornybar energi; 2) bedriftsprosjekt som bidreg til innovasjon for å betre nytting av eigne energiressursar og 3) gjennom bruk av mobilitet knytte FoU-miljøet tettare til innsatsområdet. 4.3 Mat og reiseliv Både VF og HiSF har godt etablerte forskingsmiljø innafor reiseliv. Njøs næringsutvikling (tidl. Bioforsk) har lang erfaring frå samarbeid i frukt- og bær-nettverket. Kunnskapsparken i Sogn og Fj. har også definert desse områda som satsing.

Reiselivsnæringa på Vestlandet er forholdsvis moden i klyngeaktivitet med både Arena-prosjekt og NCE-prosjekt knytt til Fjord Norge AS. NCE Tourism har utvikling av innovasjon og kompetanse i aktivitetsbedriftene som hovudområde. Arbeid i tidlegare VRI prosjekt har vist at det er krevjande for denne grupperinga å løfte nettverksarbeidet frå interessefellesskap til eit innovativt nettverks-samarbeid. For å få til dette løftet har aktiv medverknad frå verkemiddelapparatet vore vesentleg. For dei små bedriftene i næringa er det særleg viktig med eit målretta verkemiddelapparat.

Page 12: Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og ... · Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane Side 1 Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping

Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane

Side 12

Landbruk har tradisjonelt vore av dei største næringane i fylket, og er framleis viktig. I denne næringa har det vore, og er, utbreitt samhandling mellom næringsverksemder, styresmaktene, verkemiddelapparatet og FoU-institusjonar. Det er gjennomført eit Arena-prosjekt innafor frukt- og bær (2010 – 2013). Innovasjon Norge Sogn og Fjordane legg til rette for å vidareføre klyngeprosjektet i ytterlegare to år. Gjennom ei systematisk omstilling og innovasjonsarbeid dei siste 10 åra har Sogn og Fjordane opplevd stor vekst på frukt og bær-produksjon. Fylket er no størst i landet på frukt og bær, Sogn er størst på bringebær og Lærdal er blitt Norges største morellekommune etter oppstart i 2001. Næringa har evna å kombinere både FoU og erfaringsbasert kunnskap i sine innovasjons-prosessar og satsa på produksjonar med verdipotensial. Innovasjonsforskinga i VRI 2 har studert lokale nettverk, samansett av både små reiselivsbedrifter og små landbruksbedrifter. Arbeidet viser at det er krevjande for denne grupperinga å løfte nettverks-arbeidet frå interessefellesskap til eit innovativt samarbeid. For å få dette til har aktiv medverknad frå verkemiddelapparatet vore vesentleg. I arbeid med innovasjon er det avgjerande med samarbeid i «triple helixen». Eit aktivt og målretta FoU-miljø og verkemiddelapparat er viktig. Sjømatnæringane er viktige for kystfylket Sogn og Fjordane, og fylket har lange tradisjonar innan fiskeri og oppdrettsnæringar. Fylkeskommunen si næringsavdeling har gjennom fleire år hatt ein særleg innsats for næringsutvikling og kunnskapsutvikling i bransjen, og er ansvarleg for pågåande prosjekt innafor kunnskapsbasert akvakulturforvaltning, vidareutvikle oppdrettsnæringa samt auka verdiskapinga basert på turistfiske av vill-laks. Sogn og Fjordane har vore med i det avslutta Arena-prosjektet Marin Vest, eit samarbeid mellom Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Her har dei lukkast med å kople saman bedrifter og FoU-miljø på tvers av fylkesgrensene. Mange av oppdrettselskapa har hovudkontor utanfor fylket, og verdiskapinga er difor ikkje synleg i Sogn og Fjordane. Eventuelle utviklingsprosjekt krev ofte aktiv involvering av utviklingsavdelingane som er lokaliserte til hovudkontora. Vestlandsrådet har initiert samarbeid innafor temaet nye artar i oppdrett. Ein viktig aktør og samarbeidspart i sjømatnæringane er Salmon Group, som er verdas største nettverk av små familieeigde oppdrettsselskap, mange av dei lokalisert i Sogn og Fjordane. Salmon Group representerer oppdretts-selskapa i forhandlingar om fellesløysingar, følgjer opp kvalitet og marknad og er kontaktledd til FoU-institusjonar. Salmon Group er ein av initiativtakarane til det nyleg oppstarta Marint vekstforum. Det er eit tverrfagleg nettverk der både sjømatnæringa og leverandørar til denne næringa er med. Ut frå desse to sterke separate satsingane innan reiseliv og mat, skal samhandlingsprosjekt i VRI arbeide med å utvikle samarbeidet på tvers av to næringar som opplagd har mange synergiar og der eksisterande og nye bedrifter vil kunne utvikle nye produkt og tenester gjennom kunnskapsbaserte innovasjonar. Verkemiddelsettet i VRI er veleigna for å stimulere og mobilisere til meir samarbeid og innovasjon på tvers av to potente næringar, og også til å stimulere og mobilisere til meir samarbeid og innovasjon på tvers av grøn og blå sektor i Sogn og Fjordane. Verkemiddel Innsatsområdet mat og reiseliv vil i hovudsak nytte kompetansemekling og bedriftsprosjekt. Det er god erfaring med kompetansemekling innan marin næring og det vil bli vidareført. Frukt- og bær-næringa er moden for bedriftsprosjekt som vil bli eit viktig verkemiddel for å løfte denne næringa vidare. Dialog og mobilitet vil bli brukte til å knytte både mat og reiseliv og blå og grøn sektor tettare saman. Den forventa effekten er at VRI skal levere eit bidrag til å utvikle samarbeidet på tvers av dei to næringane mat og reiseliv. Det vil bli ei særleg vekt på å utvikle nye landbruks- og sjømatbaserte produkt som kan nyttast av reiselivsnæringa. På det viset vil ein bygge ein sterkare merkevare for regionen som eit reisemål. Dialogverktøyet vert brukt til å få aktørane til å snakke saman,

Page 13: Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og ... · Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane Side 1 Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping

Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane

Side 13

kompetansemekling og bedriftsprosjekt vert nytta til å utvikle nye produkt som bidreg til innovasjon og betre utnytting av lokale ressursar. 4.4 Teknologi og IKT I dei seinare åra har det vakse fram ei ny gruppe kunnskapsbaserte bedrifter i fylket. Eit døme er Fosshaugane Campus i Sogndal der det har utvikla seg eit innovativt næringsmiljø innafor IKT- og robot-teknologi, der vekstkrafta er basert på unge ressurssterke personar som søkjer ein friluftsbasert livsstil kombinert med interessante og utfordrande arbeidsplassar. Liknande miljø finst i kommunane Måløy, Gulen, Førde og Vik. Vidare har det grodd fram gode eksempel på interessante koplingar mellom kunnskapsbasert tenesteyting og industrielle miljø. På kysten er det eit godt samarbeid basert på båtbyggjartradisjon. Bedriftene har utvikla seg til teknologibedrifter og underleverandørar til vindkraftbransjen og til maritim- og offshorerelatert bransje. Samarbeidet er organisert gjennom Maritim forening Sogn og Fjordane. Industriområdet i Sløvåg i Gulen kommune har stor etablert aktivitet retta mot oljebransjen, og i tillegg gode miljø med felles mål om utvikling og vekst basert på akvakultur, oljerelatert industri og transport. Industrimiljøet i Gulen byggjer no opp ein næringshage. På gamle tomter etter Aker i Førde kommune byggjer det seg opp eit miljø innafor mekanisk og teknisk industri. Verksemdene har hovudtyngda som underleverandørar til oljebransjen, men er i utvikling mot andre bransjar, som t.d. avfallsbransjen. Dei tre tradisjonelle industrimiljø i Årdal, Høyanger og Bremanger er dominerte av kraftkrevjande industri i regi av Hydro og Elkem. Desse verksemdene har hovudkontor i Oslo, og er knytte til eigne forskings- og utviklingsavdelingar, men miljøa er viktige for teknologiske underleverandørbedrifter i fylket. Verkemiddel Innsatsområde Teknologi og IKT vil nytte alle verkemiddel, frå dialog og brei medverknad, via kompetansemekling og bedriftsprosjekt og mobilitet. Dialog og brei medverknad er nødvendig for å identifisere felles behov og lovande prosjektidéar. Idéar som kjem frå desse prosessane vil bli tekne vidaremed kompetansemekling for å kople bedriftene nærare og stimulere til utvikling av prosjekt. Målsetjinga er å få fram aktuelle og gjennomførbare bedriftsprosjekt. Mobilitet er relevant for kontakt med studentar frå andre universitets og høgskule miljø, men også knytt til HiSF si ingeniør-utdanninga. Men mobilitet kan og vere utplassering av fagpersonar frå ei bedrift inn i ei anna for å identifisere korleis samarbeide om å løyse spesifikke utfordringar. Den forventa effekten av verkemidla brukt på innsatsområdet at VRI skal levere bidrag til identifisering og utvikling av innovative bedriftsprosjekt som er med på å utvikle teknologibedriftene som underleverandørar til etablerte bedrifter og næringar. Det er også eit mål bidra til å etablere langsiktige samarbeidsarenaer. Kopling mellom eksisterande næringar og dei nye teknologibaserte bedriftene skal gi eit bidra til Verdiskapingsplanen sitt mål om at tal arbeidsplassar innanfor dei kunnskapsintensive næringane aukar. 4.4 Omfang av verkemidler innen for satsningsområdene Budsjett for ressursbruk kopla mot innsatsområde og verkemiddel går fram av det vedlagde detaljerte budsjettet. Finansieringskjelder er oppgitt i det elektroniske søknadsskjemaet.

5. Læring, samarbeid og formidling 5.1 Læring Læring og utvikling i VRI 3 skal stimulerast gjennom å utveksle erfaringar om arbeidsmåte (bruk av verkemiddel) og kunnskap frå innsatsområda både i internmøte og i erfaringsseminar i prosjektgruppa (prosjektleiar, delprosjektleiarar, kompetansemeklarar), men også gjennom erfaringsutveksling i den regionale parntarskapen. VRI Sogn og Fjordane har tidlegare delteke på

Page 14: Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og ... · Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane Side 1 Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping

Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane

Side 14

felles læringsarenaer med VRI Rogaland og VRI Hordaland, og det er eit mål å gjennomføre dette også for VRI 3. Dette er viktige samarbeidspartnarar, mellom anna i høve RFF Vest. Andre VRI-prosjekt med same satsingar og utfordringar som i Sogn og Fjordane vil vere aktuelle samarbeids-partnarar i VRI 3. Vi ønskjer spesielt å hente inn erfaring med bruk av verkemiddelet mobilitet frå andre regionar. Ny kunnskap skal vere grunnlaget for vidareutvikling og etablering av varig bruk av VRI-verkemidla i Sogn og Fjordane. 5.2 Samarbeid Samhandlingsprosjekt i VRI 3 vil samarbeide med miljø som forskar på innovasjon. Vi vil invitere forskarar og prosjektleiarar frå relevante forskingsprosjekt til prosjektgruppemøte for utveksling av resultat og informasjon som kan vere av nytte for begge prosjekta. Relevante kundeansvarlege frå Innovasjon Norge og Forskingsrådet sin regionale representant vil bli inviterte til minst fire prosjekt-gruppemøte i året. VRI Sogn og Fjordane har som delmål å “Vidareutvikle og styrke samhandlinga i det regionale innovasjonssystemet”. Konsortiedeltakarane skal bidra til å stimulere og vidareutvikle samarbeid mellom verkemiddel-, næringslivs- og FoU-aktørar. I konsortiemøte vil vi utveksle erfaringar, samle kunnskap og reflektere over korleis det regionale innovasjonssystemet kan bli betre. Dette omfattar korleis bedrifter tek i bruk FoU og korleis FoU-miljøa kan utvikle tilbodet sitt for å møte bedriftene sitt behov. Deling av resultat, erfaringar og kunnskap frå samarbeid og erfaringar med bruk av VRI-verkemiddel, skal skje i møte med Næringforum. Næringsforum har det strategiske ansvaret for å setje i verk eventuelle endringar i det regionale verkemidelapparatet. Her vil det også vere aktuelt med bidrag frå andre relevante innovasjonsforskingsprosjekt. VRI 3 vil ha koplingar til eit eventuelt forskarprosjekt i VRI 3 som Sogn og Fjordane vil delta i saman Østfold, Rogaland og Møre og Romsdal. Partnarar i Sogn og Fjordane er Vestlandsforsking (utførande) og fylkeskommunen (finansierande). Forskingsprosjektet skal bidra til større forståing av nettverksbasert innovasjon generelt og korleis byggje bru mellom ekstern og intern samhandling. Denne forståinga skal bidra til kunnskapsutvikling, innovasjon og verdiskaping for bedriftene. Dette vil kunne spele inn i forhold til gjennomføring av samhandlingsprosjektet, særleg på innsatsområde teknologi og IKT. Men resultat frå forskingsprosjektet vil også kunne påverke arbeidet med dei andre innsatsområda. VRI 3-prosjektet vil i større grad enn tidlegare arbeide for å knyte næringslivet i Sogn og Fjordane til internasjonale miljø gjennom større program som EU sitt nye FoU-program Horisont 2020 og andre aktuelle program for bedrifter. FoU-partnarane i VRI deltek i fleire internasjonale nettverk og prosjekt og vil aktivt kople læring og erfaringsutveksling mot desse, og samtidig vere aktive i å utvikle internasjonalt prosjektsamarbeid innan samme tema knytt til Horizon 2020 og dei nye Interreg-programmet som startar i slutten av 2014. 5.3 Formidling Hovudmålsetjinga med formidlingsarbeidet er å informere næringslivet i Sogn og Fjordane om verksemder som viser at det er nyttig å bruke forskingsbasert kunnskap i innovasjonsprosessane sine. Formidlingsarbeidet i VRI Sogn og Fjordane skal bidra til å gjere verkemiddel og innsatsområde i VRI kjende slik at ein når ut til potensielt nye deltakarar med behov og evne til å ta FoU i bruk. Prosjektet skal også formidle kunnskap og resultat til folk flest i fylket.

Resultat og aktivitetar i VRI vert formidla gjennom fleire kanalar: ● Møter i prosjektgruppa (kompetansemeklarsamlingar) ● Presentasjon av prosjekt, aktivitetar og verkemiddel på nettsida til VRI Sogn og Fj. ● Sosiale medium (Twitter, Facebook, blogg) ● Medieoppslag

Page 15: Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og ... · Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane Side 1 Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping

Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane

Side 15

● Interne nyheitsbrev til VRI-aktørar ● Presentasjonar i nettverksmøte, seminar, konferansar, dialogmøte, læringsarenaer + ● Presentasjonar i styringsgruppa og i Næringsforum ● Årsrapport til Forskingsrådet og politikarar

6. Samspel med andre program og verkemiddel 6.1 Rolle i høve andre verkemiddel Samhandlingsprosjektet i VRI 3 er i første rekkje ei mobiliseringsordning som skal identifisere behov og potensielle samarbeid om FoU-basert innovasjon og setje i verk dei første konkrete aktivitetane. Iverksetjing av FoU-aktivitetar kan skje ved å kople til ande verkemiddel og programsatsingar. VRI vil drive oppsøkjande verksemd og setje i gang prosessar som direkte eller indirekte utløyser ressursar frå andre. Prosjekt utvikla i samarbeid med kompetansemeklar har ofte som mål å utløyse SkatteFunn-prosjekt, forprosjektmidlar i RFF Vestlandet eller Innovasjon Norge. Ofte er det kombinasjonar av desse. FoU-miljøa har særleg hatt gode erfaringar med å bruka SkatteFunn-ordninga som eit fleksibelt og rettigheitsbasert verkemiddel for nye FoU-prosjekt. VRI Sogn og Fjordane vil særleg mobilisere:

● SkatteFunn ● Regionale forskingsfond – både forprosjekt og hovudprosjekt ● IFU/OFU-prosjekt ● Miljøteknologi-ordninga ● BIA ● Nærings-PhD ● Horisonton 2020 og særleg dei nye og enklare SMB-retta programma ● Forskingsdreven innovasjon i offentlig sektor

I kompetansemekling vil vi leggje opp til eit tett samarbeid mellom Innovasjon Norge og VRI 3 gjennom rolla som kompetansemeklar. VRI vil samarbeide tett med inkubatorsystemet som Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane har ansvaret for, og vil sjå særleg på utvikling av forretningsmodellar hjå nye kunnskapsdrivne og innovative bedrifter. 6.2 Forholdet til Regionalt forskingsfond Vestlandet Representanten for RFF Vest har kontorstad i Sogn og Fjordane fylkeskommune og har dagleg kontakt med næringsavdelinga og regional representant for Forskingsrådet i fylket. VRI Sogn og Fjordane har også sikra eit nært forhold til RFF Vest gjennom faste møte og samarbeid i konkrete prosjekt. VRI vil mobilisere til kvalifiseringsstøtte og hovudprosjekt knytte til dei næringsretta satsingsområda for RFF Vest 2014-2015:

Berekraftig matproduksjon – grøn og blå sektor

Energi

Reiseliv

Offentlege utviklingsoppgåver VRI vil samarbeida med RFF Vest på operativt nivå mellom kompetansemeklarane og sekretariatet.