16
ÅRSPLAN FOR NEDSTRAND BARNEHAGE AKTIVITET OG TRIVSEL 2020/ våren 21

NEDSTRAND BARNEHAGE - Tysvær

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

ÅRSPLAN FOR

NEDSTRAND BARNEHAGE

AKTIVITET OG TRIVSEL – 2020/ våren 21

1. Visjon for Tysvær kommune

Tysvær kommune sine barnehager har ein felles visjon: ”aktivitet og trivsel”.

2. Medarbeiderverdiane.

Raus

Open

Modig

Ansvarlig

I eit tett nettverk som barnehagen er, står godt samarbeid og positivt klima sentralt. I møte

med barn, foreldre og kollegaer står desse medarbeidarverdiane sentrale. Me møter ulike

personar og kulturar i arbeidet vårt. Me møter ulike utfordringar som me må finna gode

løysingar på, både her og nå, og i meir planlagte møter. Barnehagelova og

barnekonvensjonen, etiske normer og lovbestemte grunnleggjande verdiar i kristen og

humanetisk arv og tradisjon speglar medarbeidarverdiane til Tysvær kommune, som

barnehagen er ein del av.

Som tilsett i ein barnehage i Tysvær kommune, skal me ha desse medarbeidarverdiane med

oss i arbeidet vårt. På denne måten vil også barna i Tysvær kommune bli påverka av våre

refleksjonar, og dagane i barnehagen vert prega av gode verdiar som er tjente dei minste

innbyggjarane i kommunen.

3. Rammefaktorar

Alle barnehagar er pålagt å ha eigen årsplan. Årsplanen skal blant anna vise korleis

barnehagen arbeider med omsorg, leik, danning og læring. Det skal komma fram korleis

barnehagen arbeider med tilvenning av nye barn og ivareta samarbeid og sammenheng med

skule (rammeplanen 2017, s. 25)

Barnehageloven

http://www.lovdata.no/all/hl-20050617-064.html

Barnehagens formålsparagraf: Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet

ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for

allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk

arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet,

nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike

religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene.

Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg

selv, hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De

skal ha rett til medvirkning tilpasset alder og forutsetninger.

Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi.

Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for

fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle

former for diskriminering (Lov om barnehager (barnehageloven).

Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver

https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeplan

Barnehagen er ei pedagogisk verksemd og eit velferdstilbod for småbarnsforeldre der

barn under 6 år skal få eit omsorg- og læringsmiljø som har fokus på barns beste.

Rammeplanen

Rammeplanen gir tilsette føringar for innhald og oppgåver i barnehagen. Planen er eit

forpliktande arbeidsredskap som personalet skal bruka i sitt arbeid.

Innholdet i barnehagen skal byggjast på eit heilhetlig læringssyn der omsorg, leik og læring

er sentrale deler. Korleis personalet er i møte med barn blir særleg vektlagt i rammeplanen.

I tillegg viser rammeplanen til sju fagområde som barnehagen skal arbeide med. Dei vert

omtala seinare i planen.

Me har nå fått ein ny rammeplan som me skal bli kjent med framover. Det er viktig at heile

personalet blir kjent med oppgåvene, og korleis me skal utføre dei.

Møter og kurs me har, inneheld områder i rammeplanen, slik at me får dette godt under

huden på alle. For å få implementert rammeplanen på best mogleg måte, vil me bruka god tid

på dette arbeidet.

Barnehagens verdigrunnlag skal formidlast, praktiserast og opplevast i alle deler av det

pedagogiske arbeidet.

Me har frå hausten 2018 hatt mykje fokus på barnets gode psykiske helse, og kva som må til

for å ha det. Dett fortsetter me å ha fokus på i 2019.

Livsmestring og helse:

Barnehagen skal ha ei helsefremjande og førebyggande funksjon ,og den skal bidra til barnas

trivsel, livsglede, mestring og følelse av egenverd og forebygge krenkelsar og mobbing. Barna

skal oppleve støtte i å mestre motgang, håndtere utfordringar og bli kjent med egne og andre

sine følelsar.

Me har fokus på dette bl.a ved å:

*Bli kjent med oss sjølv, og kvarandre – kjenne på gruppetilhørighet

*Anerkjenne barns følelsar, og stå i følelsane til barnet (for eksempel grønne tanker, glade

barn)

*Mykje fysisk aktivitet og sunn mat

*Gi barna tillit, oppgåver og ansvar

*Lage gode leikemiljø som fremjer kreativitet, inkludering og mindre konflikter.

Barnehageplan for Tysvær kommune /Kvalitetsplan

Tysvær kommune har utarbeida ein eigen plan for barnehage der ein har sett felles mål for

barnehagar i kommunen. Planen er forpliktande og inneheld fokusområder som barnehagane

skal arbeida med.

Kvalitetsplan for barnehagene i Tysvær kommune er nå ferdig. Planen har fokus på kvalitet

og innhold, og skal sikre at barnehagane i kommunen har høy kvalitet på tilbudet til

brukerane.. Arbeidet er satt i sammenheng med ny rammeplan 2017, og har desse områda

som fokus:

Relasjonskompetanse

Organisasjonskompetanse

Utviklingsstøttende barnehage – leik og læringsmiljø

Tverrfaglig kompetanse + tidlig innsats

Matematisk kompetanse(realfagskompetanse)

Digitalkompetanse

Bærekraftig utvikling og kulturelt mangfold.

Planen er lagt opp som eit godt verktøy for oss som jobbar i barnehagen, med mål,

kjernekomponenter (hovudinnhold) og kjennetegn på god praksis.

Me har laga ein handlingsplan for korleis me skal sikre at desse områda i kvalitetsplanen vert

kontinuerlig jobba med. Planen fylgjer månadane, og er sett opp som eit årshjul. Dette vert

sendt ut på Vigilo når den er ferdigstillt.

https://www.tysver.kommune.no/images/filer/barnehage/Kvalitetsplan%20for%20barnehagen

e%20i%20Tysvær%20kommune%202018-2022.pdf

Strategiplan for kompetanseheving for resultatområdet barnehage i Tysvær kommune

2014 -2020

Tysvær kommune har ein klar strategi for utvikling av dei tilsette sin kompetanse. Planen er i

tråd med regjeringa sitt mål for kompetanse, i tillegg til at den følger intensjonen for

barnehageplanen i kommunen.

Hovedmålet i planen er å styrke dei tilsette sine ferdighetar og arbeidsglede, for dermed å

auke kvaliteten på tilbodet som vert gitt til barn i Tysvær kommune..

https://www.tysver.kommune.no/images/filer/barnehage/Strategi%20for%20kompetanse%20

2018-2022.pdf

4. Mål

Mål: GLADE BARN I EIT RIKT MILJØ

I Nedstrand barnehage får barna gjennom medverknad og aktivitetar i nærmiljøet og

lokalkulturen, tileigna seg kompetanse innanfor dei sju fagområda.

Me ønsker å skapa eit godt miljø for tryggleik, trivsel og ein stad barna kan få utfalda seg i sitt

tempo saman med andre. Her kan dei òg få læra seg respekt og forståing for kvarandre, og ta

del i og forme sin eigen kvardag. I denne kvardagen skal dei få læra meir om lokalkulturen og

nærmiljøet som dei er ein del av, gjennom ulike aktiviteter utifrå dei sju fagområda.

For å nå målet jobbar personalet i Nedstrand barnehage ut frå eit samla verdigrunnlag i tråd

med Barnehagelova og Rammeplanen.

Gjennom omsorg, leik, læring og danning skal vårt verdisyn vera synlig gjennom

aktivitetar, handlingar og kommunikasjon med barna kvar dag. Verdiane me set høgast er

trivsel, inkluderande og kunnskapsrik.

Nedstrand barnehage ligg på Hinderåvåg i bygda Nedstrand i Tysvær kommune. Det

er ein avdelingsbarnehage med 3 avdelingar. Me ligg sentralt til i nærleiken av både butikk,

post, bibliotek, skule, aldersheim og ulike fornminne. Me har flotte naturområde og jobbar

periodevis i prosjekt med fokus på lokalkultur og nærmiljø. Me kan sjå rett opp til Himakånå,

og veit godt kva segnet seier om henne. Me har andre segn knytta opp mot ulike stein og

fjellformasjonar, som me jevnleg nyttar i vårt arbeid med barna. Kvart år friskar me opp

kulturstien vår, som har fokus på tre av dei mest kjente stadane for barna: Utsikt til Himakånå,

Kvilesteinen og Gapestokken.

Barnehagen fylgjer kommunen sine satsingsområde ellers, og knyttar gjerne vårt fokus med

lokalkultur og nærmiljø opp mot satsingsområda me har kommunalt.

Tradisjonar:

Nedstrand barnehage sine tradisjonar tar utgangspunkt i høgtidsdagar og fokusområda

barnehagen til ei kvar tid arbeider med. Høgtidsdager fra andre kulturar blir markert når me

har fleirkulturelle barn i barnehagen. Samefolkets dag 6. februar vert markert kvart år i

samband med at me gjev barna innblikk i samekulturen som er ein del av den norske kulturen.

HER KAN DET BLI ENDRINGAR PÅ DATOAR

JANUAR 20 FEBRUAR MARS APRIL MAI JUNI

SAME-

FOLKETS

DAG 6.

BARNEHAGE-

DAGEN 12.

PÅSKE

5.april

palmesøndag

FRILUFTS-

VEKER

v 18+19

KARNEVAL

13.

RUGE FRAM

KYLLINGAR I

RUGEMASKIN

oppstart 9.mars

klekkes 30.mars

NASJONAL-

DAGSVEKE

v 20

LUSESJEKK

V 10

(nasjonalfore-

ning for

folkehelse)

JULI AUGUST SEPTEMBER OKTOBER NOVEMBER DESEMBER

(Nasjonal)

BRANNVERN/

FØRSTEHJELP

v 38+39

REFLEKS-

DAGEN

17.

BAKEVEKE

V 48

ADVENTKOS

v 49

LUSESJEKK

V 42

(nasjonalforen

-ing for

folkehelse)

JULEBORD

v 50

TRAFIKK-

SIKKER

BARNE-

HAGE v 42

FØRJULFEST

v 51

JANUAR 21 FEBRUAR MARS APRIL MAI JUNI

SAME-

FOLKETS

DAG 6.

BARNEHAGE-

DAGEN

dato ikkje

bestemt

FRILUFTS-

VEKER

v 18+19

KARNEVAL

dato ikkje

bestemt

RUGE FRAM

KYLLINGAR

Oppstart ca

1.mars

NASJONAL-

DAGSVEKE

v 20

LUSESJEKK

V 10

(nasjonalfore-

ning for

folkehelse)

PÅSKE

28.mars

Palmesøndag

5. Dei sju fagområda i rammeplanen.

Handlingsplanen barnehagen har utarbeida, skildrar mål og metode for arbeidet med

intensjonane i rammeplanen 2017, og satsingsområda våre

Kommunikasjon

språk og tekst. Mål:

Barna skal få utforske og utvikle sin språkforståelse, språkkompetanse

og et mangfold av kommunikasjonsformer.

Kropp, rørsle,

mat og helse. Mål:

Alle barn skal oppleva rørsleglede, matglede og matkultur, mentalt og

sosialt velvære og fysisk og psykisk helse.

Kunst,

kultur og

kreativitet.

Mål:

Alle barn skal få estetiske erfaringar med kunst og kultur i ulike former,

og organisert på måtar som gir barna moglegheit til utforsking,

fordjupning og progresjon.

Natur, miljø og

teknologi.

Mål:

Alle barn skal få opplevingar og erfaringar i naturen som forståing for

naturens egenart og barnas vilje til å verna om naturressursane, bevara

biologisk mangfald og bidra til bærekraftig utvikling.

Antall, rom og

form. Mål:

Alle barn skal få utforska og oppdaga matematikk i dagliglivet, i

teknologi, natur, kunst og kultur og ved sjølv å vera kreative og

skapande.

Etikk, religion og

filosofi.

Mål:

Alle barna bør få kjennskap til forteljingar, tradisjonar, verdiar og

høgtider i ulike religionar og livssyn og erfaringer med at kulturelle

uttrykk har eigenverdi.

Nærmiljø og

samfunn.

Mål:

Barnehagen skal bidra til at barn kan få kunnskap om og erfaring med

lokale tradisjonar, samfunnsinstitusjonar og yrker slik at barna kan

oppleva tilhørighet til nærmiljøet.

6. Fokusområde

Alle barnehagane i Tysvær kommune, private og kommunale - er med i fleire felles

prosjekter/fokusområde. Fokuset er «tidlig innsats» som skal bidra til at barn/unge får bruke sine

ressursar og bli inkludert i det ordinære utdanningsløpet.

Fokusområder

i Kvalitets-

planen for

barnehagane

i Tysvær

Mål:

Sikre at kommunen har barnehagar med høg kvalitet på tilbudet til brukerane.

Barnehagane skal vera ein god læringsarena for alle barn.

Metode:

Fokusområda er felles for alle barnehagane i kommunen. Likevel om det er felles

fokusområde tar barnehagen vare på det å kunne utvikle og beholde særpreget sitt. For

vår del, er det særskild fokuset på lokalkultur og nærmiljø det som gjev oss eit særpreg.

Til kvart fokusområde i planen er det skildra kjenneteikn på god praksis og kva det betyr

for barnet. I tillegg er kjernekomponentane (hovedpunkta) til dei ulike områda vist fram..

Fokusområda i planen er :

Organiseringskompetanse

Utviklingsstøttande barnehage – lek og læringsmiljø

Relasjonskompetanse

Tverrfaglig arbeid

Realfag/Matematikk

Digitalkompetanse

Autoritativ

barnehage/

CLASS

Mål:

Betre relasjonen og samspelet mellom tilsette og barna, og å utvikla empati, forståing og

respekt for kvarandre.

Auke kvaliteten i samspelet og relasjonen.

Metode:

-Bruka være sammen verktøyet (regnbueløva, være sammen bøker)

-Å ha ein varm og grensesetjande tilnærming

-Auka kompetansen i forhold til kommunikasjonsteori og relasjonsteori.

-Kompetanseheving med hjelp av CLASS (Kvalitet på samspillet mellom barn og

voksne, og korleis ein i samspelet med barna kan støtte dei i si utvikling og læring) og e-

læringsprogrammet som dekker både CLASS og rammeplanen.

Class er eit program som gir oss ein retning for korleis vi skal jobbe for å få best mulig

kvalitet saman med barna. God kvalitet når det gjeld følelsesspekteret til barna, når det

gjeld organisering av dagen, og støtte til læring og utvikling.

Gjennom gode kurs, planleggingsdagar og personalmøter får personalet auka

kompetansen innan dette.I kvardagen øver me oss praktisk på det me har lært. Dette vil i

andre enden gi barna ei god psykisk helse, og få barna godt rusta til eit bra liv for seg

sjølv og dei rundt seg.

Eg e meg og

du e deg.

Mål: Hjelpe barn til å bli trygge og selvstendige individer som tør seie ifra for seg sjølv.og

andre, dersom dei opplever noko som er vanskelig

Metode: -Bruka progresjonsplanen som er laga i arbeidet med barna

-Auka kompetansen gjennom kursing og nettverk

«Eg er med og du er deg» vil bli fletta inn i classarbeidet nå i løpet av 2020. I dette

prosjektet er oppgava vår å forebygge mot alle former for krenkelser og vold, og dette

arbeidet set me i gang med på vårparten 2020 – Først med å auka kompetansen til

personalet. Oppstart ut til barnehagruppene vert hausten 2020.

Realfag

Realfag forts.

Mål:

Regjeringa skildrar at me må la barna oppleve realfag allerede i barnehagen gjennom

leik. Innsats mot matematikk og naturfag i barnehagen og grunnopplæringa må auka.

Kun på denne måten kan me bygga opp den realfagskompetansen me treng i framtida.

Norske barn har svake matematikkunnskaper, og gjennom denne satsinga ønsker me å

styrka barnas nysgjerrighet, matematikkglede og lyst til å utforske

matematiske samanhengar. Me vil kunne fremja heilhetlig læring hos barn gjennom

tverrfaglig arbeid mellom naturfag og fysisk fostring i barnehagen

Metode:

Systematisering av dei fire områda me har funne som kjernekomponenter i

matematikken: MØNSTER/RYTME, GEOMETRI/FORMER TALL/TELLING og

MÅLING/STATISTIKK

Begrepslæring ligg over alle komponentane som ein «paraply». Me har delt inn

kjernekomponentane slik at me held fokuset på ein komponent over tre månadar. Slik

kan me laga små prosjekter inni prosjektet, og barna får vera med å undra og utforska

saman med personalet. Me prøver å ha fokus på dei åpne spørsmåla, der undring,

utforsking, sammenligning osv. kjem meir fram.

Å bruka naturen rundt om på Hinderåvåg gjev mange muligheter innanfor naturfag og

fysisk fostring.

Me er framleis under opplæring og implementering av realfagsprosjektet, og vil

etterkvart få meir kompetanse innanfor områda.

Digital praksis

Mål:

La barna bli kjent med ulike digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet. Personalet skal

vera aktive saman med barna, og legge til rette for at barna utforskar, leikar, lærer, og

sjølv skaper noko gjennom digitale utrykksformer

Metode:

Me nyttar digitale verktøy i kvardagen, både i form av utforsking, leik og læring: Blue

Bot, Smartboard/prosjektor, pedagogiske spel på ipad, kamera, kopimaskin osv..

Trafikksikker

barnehage

Mål:

Barna får kunnskap om trafikk, og utviklar gode haldningar slik at dei kan ferdast i

trafikken på ein god måte.

Personalet og foreldre skal vera gode rollemodellar i trafikken.

Metode:

Me har samtalar om trafikk som tema med barna, lagt opp etter alder og utvikling både i

samlingar og på turar. Særleg fokus på dette ei veke i oktober då me har fokus på

trafikksikkerhet og bl.a refleksbruk

Me minner og om sikring i bil på haustens foreldremøte.

Rene hender

Mål:

Å redusere sjukdom og smitte blant barnefamiliar og tilsette.

Å innarbeida gode vanar til barn, foreldre og tilsette.

Metode:

Alle barn og tilsette (og foreldre) vaskar hendene når dei kjem inn utanifrå. Foreldra

gjennomfører dette på barnet sitt når dei leverer barnet om morgonen. Det er også lurt å

vaska hendene før ein går heim

7. Leik og danning

«Leken skal ha en sentral plass i barnehagen, og lekens egenverdi skal anerkjennes.

Barnehagen skal gi gode vilkår for lek, vennskap og barnas egen kultur. Leken skal være en

arena for barnas utvikling og læring, og for sosial og språklig samhandling. Barnehagen skal

inspirere til og gi rom for ulike typer lek både ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle

barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom lek - alene og sammen

med andre». Rammeplanen 2017.

Mange ulike aktiviteter og pedagogiske metodar konkurrerer om plass i barnehagekvardagen,

men framleis kan ingenting måle seg med leiken, som er barnets egen ibuande kraft. Leiken

kjennetegnes av at den er spontan, frivillig og styrt av barnets indre førestillingar, erfaringar

og fantasiar.

Leiken har ein framtredande plass i barns liv og derfor i barnehagen. Det er umulig for barn å

la vera å leika.. Nokre aktivitetar i barnehagen vert planlagt av personalet i forkant. Dette er

formell læring. Andre læringssituasjonar (uformell læring) er dei som berre oppstår her og

nå, fordi barna blir opptatt av noko. Begge situasjonene har ei pedagogisk hensikt og er

viktige for barns læring.

Kva lærer barna i leiken?

Turtaking - følge spillereglar - øve på sosiale koder

–timing -lærer å lesa det sosiale spelet - ta imot

beskjedar - gi beskjedar – lyttar - bli lytta til -

læra å løysa konfliktar – læra å forhandla og

fordela roller - læra om fleksibilitet - læra å

regulera atferd - ta initiativ – læra å ”hemma seg”

– læra eit rikt og variert språk - auka ordforrådet

- Bearbeide vanskelige følelsar - empati - setja

seg inn i andres situasjon - prøva ut roller- få

mulighet til å prøva og feila – mestring - bruka

fantasien – oppøve oppmerksomhet og

konsentrasjon - tilegna seg kunnskap….

Leik og læring går hand i hand for små barn. I leiken/ rolleleiken kan barna tilegne seg

kunnskap, sosiale ferdigheter, utvikla språket, bearbeida følelsar og læra seg normer og

verdiar. Leiken bidrar til livsglede, entusiasme, motivasjon og utvikling.

Barnet leiker med utgangspunkt i sin nysgjerrighet, sine evner og forutsetningar.

Det er derfor viktig at barnehagepersonalet utviklar høg kompetanse på leik. Forskning viser

at når barn og foreldre blir spurt om kva som er viktigast i barnehagen svarer dei entydig

vennskap og leik.

Barnehagen jobbar med danning som ein prosess. Danning er sjølve grunnlaget for omsorg,

leik og læring. I praksis vil dette sei at me jobbar med at barn skal danna gode relasjonar til

andre menneske. Den omsorg me gir, påverkar læring hos barn og erfaringane set seg som

minner i barnets hjerne.

Gjennom samspel får barn erfaring med kva som skaper tillit og trygghet, mistillit og

manglande trygghet. Dei tilsette er rollemodellar og vår væremåte påverkar barna og deira

erfaring. Me skal derfor arbeida med å gi barn positive samspillsopplevingar slik at barna

etablerer gode handlingsalternativ når dei samhandlar med andre.

Me skal fokusere på barnas positive sider og veilede barn ved å fortelja barn kva dei kan

gjera og støtta opp om barns egen tenkning om kva som er smart å gjera.

Grensesettingssituasjonar har derfor fleire aspekt. Me skal finna gode handlingsalternativ og

me skal synliggjera kva som er akseptabel atferd. Målet er at barna på eigenhand skal ha eit

sett med normer og verdiar innarbeida som gjer at dei kan ta gode valg for eigen og andre sin

del. I dette arbeidet nyttar me materiellet til Være Sammen. Alle barn i barnehagen skal

kjenne Løvelova.

Løvelova seier «Jeg skal være meg men gi plass til andre slik at de blir seg». Regnbueløva er

barnehagens verdibærar og vert regelmessig nytta saman med barna, med mål om å auka

refleksjon og læring.

Barnehagen nyttar også anna materiell i dette arbeidet - blant anna «Psykologisk førstehjelp»

for barn. Dette matriellet er knytta til tankar og følelsar, og omgrepet raude og grønne tankar

blir brukt mykje.

Leikemiljøet i barnehagen har endra seg i det siste. Me har fokus på matriell og miljø som

fremjer kreativiteten hjå barna. Mykje av leikematriale me hadde tidligare – slik som f.eks

fisherprice er bytta ut med matriell som kan brukast i leiken på fleire måtar. Betydningen av å

ha mykje av lite er viktig.

Me ser at dette nye leikemiljøet krev meir av personalet. Me må vera tilstade og utvida leiken

– å bidra inn slik at alle barn får eit leikemiljø som fremjer interesser og leikekompetanse.

Kunnsk apen om korleis barna leikar, då særskild etter modning og alder, er viktig å bruka

s om støttande vaksne.

8. Samarbeid heim/barnehage

Foreldremedvirkning:

Daglig kontakt.

Foreldrekontakt.

Samarbeidsutvalget (SU)

Foreldremøter.

Foreldresamtalar.

Foreldreveiledning.

Vigilo.

Håndtering av klager:

Dersom foreldre kjem med klager, på telefon eller ved henting/bringing, skal det skrivast ned

og informasjon må gjevast til styrar. Styrar eller stadfortreder vurderer kva klagen gjeld.

Dersom styrar eller stadfortreder kan svara, gir ein snarast mulig tilbakemelding til foreldra.

Dersom det må innhentast opplysningar frå andre tilsette gjev me foreldra ein frist for

tilbakemelding innan 3-5 dager.

Rutinen for håndtering av klager i internkontrollsystemet blir fulgt

Barnehagens kontaktinformasjon:

Kontor: tlf 52757890

Hedla: 90961059

Bjørkeli: 48891583

Nypedalen: 46911706

Vigilo: https://hinderavag-bhg.vigilo.no (brukernavn/passord får du av barnehagen)

Vigilo app: hinderavag-bhg.vigilo.no

mail: [email protected]

9. Overgang mellom barnehage og skule

Barnehagen skal i samarbeid med skulen, legga tilrette for barns overgang frå barnehage til

første klasse og eventuelt skulefritidsordning. Dette skal skje i nært samarbeid med barnets

heim. Det er blitt utarbeida en eigen strategiplan for overgang barnehage-skole ”Den gode

overgangen”.

Nedstrand barnehage og Nedstrand barne – og ungdomsskule har eigen plan for aktivitetar

med førskulegruppa og fadrar i 5.klasse. Me har mange treff på skulen i løpet av våren, og det

er også tilrettelagt for besøk til SFO for dei barna som skal gå der.

Me er heldige som har skulen så nærme barnehagen – det gjer samarbeidet svært godt.

10. Planlegging, dokumentasjon og vurdering

Å planlegga i barnehagen betyr at me skal bruke fagkunnskap om barns utvikling, leik og

læring, slik at innhaldet er tilpassa dei barna som vi til eikvar tid har. Planar i barnehagen

skal vera heilhetlige og systematiske. Barn skal kunne medvirke i planprosessar.

Planlegginga skal ta utgangspunkt i overordna mål for barnehagen, for å sikra at dei føringane

som er lagt for barnehagedrift vert fulgt. I planlegging skal me nytta menneskelige og

materielle ressursar i barnehagen, nærmiljøet og naturen rundt oss.

Å dokumentera er å gjera noko synlig, og dela det med andre. Me ynskjer at det innholdet

me legg til rette for i barnehagen skal vera synlig for foreldra. Dei bør få innsikt i barns

kvardag særlig for barn som ikkje kan fortelja kva dei har vært ein del av. Foreldra si

interesse og engasjement har også ei stor betydning for barnet. Dokumentasjonen gir derfor

foreldre sjanse til å samtala med barn om kva dei er opptatt av. Gjennom dokumentasjon kan

ein bli kjent med barnets kvardag. Dokumentasjon i barnehagen blir gjort kjent som bilder på

Vigilo, utstillingar eller at ein inviterer foreldre på møter der ein fortel om eit prosjekt.

Å vurdera er ein kontinuerlig prosess. Tilsette i barnehagen skal ha eit kritisk blikk på eigen

praksis med mål om å heva kvaliteten. Evaluering saman med barn er viktig del for å sjå om

dette samsvarer med det ein har forplikta seg til å arbeide med i barnehagen. Når tilsette

planlegger skal ein heile tida vurdera kva som fungerer, slik at ein kan bygga vidare på dette.

Gjennom dette eliminerer ein det som ikkje fungerer. Ein må analysera organisering og

arbeidsmåtar før ein tolker det ein finn i lys av teori samt dei føringer

som er lagt i lov om barnehage, rammeplanen og kommunale planverk.

11. Samarbeid til beste for barnet.

Tysvær kommune sine barnehagar arbeider for å få eit heilhetlig, kvalitativt godt

barnehagetilbud. Målet er å ha eit godt system innad i barnehagen for å avdekka og sette i

verk tiltak for barn tidligast mulig. I dette arbeidet har me ulike samarbeidspartnerar som me

knytter til oss for at barna skal få eit best mogeg tilbud. Dersom me oppdagar barn som av

ulike grunnar treng særlig oppfølging, følgjer vi Tysvær kommune sine prosedyrer.

I Tysvær kommune samarbeider me for å betra den tverrfaglige innsatsen rundt barn.

Målet er å sikra at alle barn får lik hjelp på likt bekymringsnivå slik at ein kjem tidlig i gong

med tiltak. Me loggfører tiltak som blir iverksatt rundt eit barn ved å nytta stafettloggen. Ved

at ein aktør som samordner innsatsen blir tiltakene bedre koordinert. Dette skapar ei oversikt

og eit eierforhold for foreldre, samt dei aktørar som er inne i saken.

Pedagogisk, psykologisk tjeneste (PPT) og Logoped

PPT er sakkyndig instans som foreldre og barnehagen kan ta kontakt med. Me har eigne

kontaktdagar med PPT og logoped, der me kan drøfta saker. PPT kan veileda eller gjera ei

vurdering av behovet for spesialpedagogisk hjelp.

Barnehagen kan også få veiledning på systemnivå. Dersom foreldre eller barnehagen ser det

som hensiktsmessig å be om ei vurdering av eit barn skal det sendast ei skriftlig tilmelding til

tjenesta. Barnehagen har ansvar for å visa til at tiltak er prøvd ut i barnehagen før tilmelding

vert sendt. Ei tilmelding vert utarbeida i samarbeid med foreldra. Det er rutinar i kommunen

for korleis ein melder opp barn, og kva som skal ligge ved av opplysningar. PPT eller

logopeden gjør ei utredning av barnet, og skriv ei sakkyndig vurdering. Det er tilsett

spesialpedagog i kvar barnehage i Tysvær kommune. Dei jobbar med barn som har fått vedtak

på spesialpedagogisk hjelp.

Psykisk helsetjeneste for barn og unge

Ei god psykisk helse er nødvendig for å ha det bra, og det er viktig at barn lærer å setja ord på

kjensler for å kunne fortelle korleis dei har det. I Tysvær kommune er psykisk helsetjeneste

eit tilbud som foreldre kan benytte seg av.Ein kan ta kontakt på eit tidlig tidspunkt då dei

ynskjer å vera eit lavterskeltilbud.

Tjenesten har blant anna foreldregrupper for engstelige barn; det er også mulig å ta kontakt

med tjenesten for å få råd dersom ein ser at ein har vansker enten dette angår barnet eller

samspillet ein har med barnet. Barnehagen kan vera behjelpelig med å formidla kontakt.

Fysioterapi/ helsestasjon

Barnehagen samarbeider med helsetjenesta og fysioterapeuter vedrørande enkeltbarn. Det er

foreldre som samtykker til eit slikt samarbeid og foreldra kan derfor informera eller be

barnehagen oppretta eit samarbeid.

Barnevernstjenesta:

Tilsette i barnehagen har ein plikt til melda frå om bekymring rundt eller for eit barn.

Barneverntjenesta har også ei rett til å kreva informasjon om barn som går i barnehagen når

dei er inne i ei sak. Det er viktig å kjenna til barnevernets forebyggande rolle. Barnehagen kan

be foreldra om samtykke til å sende ei melding. Dette skjer i saker kor ein har prøvd ut tiltak i

barnehagen og i heimen, og ein ikkje ser forbedring. Det kan i slike tilfelle vera

hensiktsmessig at foreldre og barn kan dra nytte av barnevernets kompetanse.