18

Når det regnar i Afrika

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Ei bok om vêr og klimaendringar. Av Erna Osland. Illustrert av Per Ragnar Møkleby.

Citation preview

Page 1: Når det regnar i Afrika
Page 2: Når det regnar i Afrika
Page 3: Når det regnar i Afrika

SamlagetOslo 2015

Når det regnar i Afrika

Erna OslandIllustrert av Per Ragnar Møkleby

Ei bok om vêr og klimaendringar

Page 4: Når det regnar i Afrika

Til Linus, vesle Finn og alle andre gutar og jenter som får den store oppgåva å passe på regnet.

Innhald

Page 5: Når det regnar i Afrika

Vêr!Forteljinga om Styrk og meteorologiske

utgreiingar om all verdas vêr

Regn 13 Skyer 29Vind 43Sol 59

Kven tok regnet til mormor?Vêret og vi 77Verda og vi 84

Stikkord 86Litteratur 87

Til Linus, vesle Finn og alle andre gutar og jenter som får den store oppgåva å passe på regnet.

Innhald

Page 6: Når det regnar i Afrika

10

Vêr!

Page 7: Når det regnar i Afrika

11

Denne boka er om vêret. Om kvar vindane kjem frå, om kvifor hagl får racerfart, og om korleis regnet blir til. I tillegg fortel boka om Styrk, som bur i Noreg, men tenkjer på Afrika. Når kjem regnet til dei tørre åkrane hos mormor? tenkjer han. For det kjem vel, om det ikkje er nokon som har stole det?

Her er det altså både ei forteljing og ei mengd meteorologiske småstykke. Du kan ta småstykka med inn i forteljinga. Men du kan også lese heile forteljinga først – eller sist – nett slik som du sjølv vil.

I slutten av boka kan du lese om korleis vêret held på å endre seg her på kloden. Og du skal få vite kvar regnet i Afrika er blitt av!

Vêr!

Page 8: Når det regnar i Afrika

REGN

Page 9: Når det regnar i Afrika

REGN

Page 10: Når det regnar i Afrika

14

Styrk drøymde om regn.

Page 11: Når det regnar i Afrika

15

Kva er regn?Regn er dropar av vatn. Som regel er dei runde.

Store dropar sig saman,dei liknar små hamburgarar.Veldig store dropar deler seg i to.

Korleis blir det regn?Regnet fell frå skyene.Men skyer kan vere så kaldeat dropane ofte frys til is. Til og med sommarregnetkan starte som is oppe i ei sky!

Først kan altså regnet vere krystallar av is eller snø.Men dei smeltar mens dei dalar.Berre når det er kulde nede på jorda, klarer snøen å vere snø heile vegen ned.

Kalde vinterdagar har snø.Varme sommardagar har mildt regn.

Nedbør er så mangt!Regn er vatn som fell nedover ossi små eller store dropar.Det kan regne svakt, moderat eller kraftig.

Yr er dropar som er så små og letteat dei liksom svever kring oss.

Sludd er snø som er så våtat han kjennest som regn idet han når oss.

Snø er vatn som har frose til krystallar.Dei kan sjå ut som sekskanta stjerner. Hagl er klumpar av is.Haglkorna er oftast som erter,men dei kan også bli store som appelsinar.

Page 12: Når det regnar i Afrika

16

Regnet fossa ned over Afrika.Det rann over gras og grønsaker.Det pipla og draup.

Page 13: Når det regnar i Afrika

17

Regn, yr, snø og hagl Om det ikkje kom nedbør,hadde jordkloden tørka ut.Brønnane hadde blitt tomme,og innsjøar og elvar hadde forsvunne.

Regn, yr, snø og hagl er nedbøren som sørgjer for at vi kan bruke vatnet på jordaom att og om att.

Regn, yr, snø og hagl går inn i ein evig rundgang:Vatnet sitt krinsløp.

KrinsløpetEit krinsløp har verken ende eller start.La oss likevel starte med regnet:Regn, yr, snø og hagl fell frå himmelenog lagar innsjøar, elvar og hav på jorda.Opp stig det damp! Og av dampen blir det skyer som igjen blir til regn, yr, snø og hagl.

Vatnet på jordaNesten alt vatnet på jorda er salt.Heile 97 % er sjø. Mange fiskar kan leve i sjøen, men dei fleste dyr må ha vatn utan salt.Og kvar kjem dette ferske vatnet frå?Jo, det kjem frå regnet!I vatnet sitt krinsløp blir saltetliggjande att i havet.

Kvar finn vi ferskvatn?Regnvatnet samlar seg på og under jorda.Vi menneske veit å ta vare på det. Vi byggjer demningar og brønnar,eller pumpar opp regn som ligg gøymt djupt nedi sanden og fjellsprekkene.Å finne slikt gøymt vatn, grunnvatn,er som å grave fram ein dyrebar skatt.

Page 14: Når det regnar i Afrika

18

Og det pipla og draup på Styrk.

Page 15: Når det regnar i Afrika

19

SkydroparRegnet kjem frå skyene.Men i skyene er dropane små,så små at dei svever.Skal dei falle, må dei bli tyngre og større.

Slik blir skydropar store Skydropar veks ved å dulte i kvarandre.Dultinga skjer helst i vind.Straks dropen blir større, fell han ørlite, sakte.Og mens han fell, dultar han i nye dropar.Han dultar og dultar,han blir større og større.Når han er stor og tung nok,får han falle som regn. Dropevekst kallar vi dette.

Skyer som er høgt oppe, er altså kalde.Her frys skydropane ofte til is.Is og vassdropar svever saman.Men mens dei svever, dreg isen deler av dropane til seg. Isen blir tung, han begynner å falle.Og mens han fell, veks han vidare, som ved dropevekst. Den siste og raskaste måten som små dropar kan vekse på, er slik: Små dropar festar seg på salt frå havet eller sand frå jorda som vinden har blåse opp.Og vips er dropen stor og tung nok til å falle som ein ”fullvaksen” regndrope.

Ein skydrope er 0,02 mm vid.Ein regndrope er 2 mm vid. Ein million skydropar må til i eìn einaste drope med regn!

Page 16: Når det regnar i Afrika

20

Men Styrk var jo ikkje i Afrika!Han var i Noreg i senga si.Regnet var ingen draum, det var verkeleg.

Page 17: Når det regnar i Afrika

21

Tyngd gir kraftTyngdekrafta gjer at det som har tyngd,blir trekt mot det som er enda tyngre.

Tyngdekrafta verkar støtt:Skydropar blir trekte mot salt eller sand.Regndropar blir trekte mot jorda.Regnet fell, seier vi.

FartNedbør fell i ulik fart.Det som er lite, fell sakte.Det som er stort, fell fort.

Raskt og roleg regn Små regndropar har nokså liten fart.Store regndropar har stor fart.Ein drope som er 5 mm, fell 5 gonger så fortsom ein drope som berre er 0,5 mm. Dropane vi kallar yr, fell så sakteat dei ser ut som dei svever.

Den langsame snøenSnøfnugg har liten fart.Forma som sekskanta stjernerkan dei sveve som små fuglar eller fly.

Hagl i racerfartHagl blir til når vinden piskar i kalde skyer.Iskuler fer opp og ned i ein veldig fart.Dei kolliderer og blir stadig større.Eit haglkorn så stort som ei ert kan få ein fart på 10 meter i sekundet.Eit haglkorn som ein appelsin kan fåein racerfart på 50 meter i sekundetog gjere stor skade på det som det treffer!

Page 18: Når det regnar i Afrika

22

Det plaska ute.Det dropla inne.