81
1 Kan kle vera berekraftige? Vil ei hue forsvinna i jord? Kva er det isåfall som gjer det? Kva bør me tenkja på når me skal kjøpa nye kle? Og, kva er det å vera berekraftig? NYSGJERRIGPERPROSJEKT 2020 5.-7.klasse ved Eksingedalen skule Gjennomført: August 2018 – februar 2020 Elevar: Vemund, Elias, Robert - og Silje (skuleåret 2018-19) Rettleiarar: Anna og Liv Anne

Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

1

Kan kle vera berekraftige? Vil ei hue forsvinna i jord? Kva er det isåfall som gjer det?

Kva bør me tenkja på når me skal kjøpa nye kle?

Og, kva er det å vera berekraftig?

NYSGJERRIGPERPROSJEKT 2020 5.-7.klasse ved Eksingedalen skule

Gjennomført: August 2018 – februar 2020

Elevar: Vemund, Elias, Robert - og Silje (skuleåret 2018-19) Rettleiarar: Anna og Liv Anne

Page 2: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

2

Eksingedalen er ein nesten 5 mil lang

dal, med ca. 160 folk som

bur. Me går på ein av

landet sine minste skular.

Det er Eksingedalen skule, i år med 8 elevar frå 1. -9. klasse.

Stort sett har me ein klasse for oss sjølve. Det er god plass

til fleire her! Me jobbar ofte med prosjekt der alle elevane

på skulen deltek. Slik er det med dette prosjektet også. I

januar var alle med på «ull-dagar» og på besøk hjå bedrifter,

og 1.-2.klasse jobba med sauerasar. Nysgjerrigperprosjektet

er det 5.- 7.klasse som har jobba med.

Slik vart prosjektet til:

Det starta heilt tilbake til august 2018. Det var nokon som hadde høyrt om at me er litt nysgjerrige

her på skulen i Eksingedalen, og me fekk eit spørsmål om me ville grava ned ei babyhue i ull for å

forska på kor lang tid det ville ta før denne hua ville brytast ned i jorda. Det ville me vera med på!

Me syns det høyrdest ut som eit spennande prosjekt. Me fann ut at me måtte grava ned fleire huer

også, for å ha noko å samanlikna ullhua med.

Me grov ned 5 huer.

Våren 2019 utvida me prosjektet: Me grov ned to ullhuer til, og i tillegg merinoull frå Australia og

pelssau-ull frå nabogarden her på Bergo.

Oktober 2019: Me avsluttar det praktiske forskingsprosjektet ute, og fortset med å finna forklaringar

på det me fann ut.

Avsluttar med ferdig rapport til 1.mars 2020.

I Eksingedalen er det meir dyr enn folk! Her er kyr, men aller flest sauar som beitar i fjella våre.

Sauane beitar også på bakkane rundt skulen om våren og om hausten. Me har tidlegare forska på

lam og livet til eit lam. No vil me sjå nærare på ulla. Ulla frå sauane vert det laga klede av, og det er

mykje bra ein kan laga av ull. Det vil me finna meir ut av.

Bileta er frå sauesanking me har vore med på, til venstre står ein

spelsau-flokk, i midten norsk kvit sau og til høgre er ein flokk pelssau på veg til Eksingedalen.

Page 3: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

3

Kan kle vera berekraftige?

Innhaldsliste:

1 Dette lurar me på side 4

2 Me trur side 5

3 Plan for arbeidet side 6

4 Me hentar opplysningar side 7

4.1 Registreringar ute side 7

4.2 Kva har skjedd i jorda side 27

4.3 Faktaark om kvar hue side 30

4.4 Me tenner på side 37

4.5 Me snakkar og les meir om berekraft og me tenkjer side 40

4.6 Fakta om bomullsgenseren side 41

4.7 Fakta om syntetisk genser side 43

4.8 Fakta om ulltrøya side 45

4.9 Me lyttar og les om ull side 46

4.10 Temaveke om ull for heile skulen side 49

4.11 Me spinn ull til garn og lagar produkt av ull side 58

4.12 Pernille besøkjer oss side 62

4.13 Me besøkjer Hillesvåg Ullvarefabrikk side 66

4.14 Me besøkjer Dale of Norway side 68

4.15 Meir om berekraft: Kva ser me no? side 71

5 Dette fann me ut side 74

6 Me fortel til andre side 77

Page 4: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

4

1 Dette lurar me på

På Eksingedalen skule går det 8 elevar. Tre av oss elevane går i 5.-7. klasse.

Me er nysgjerrige! Me blei spurt om å grava ned og følgja med ei babyhue av ull for å finna

ut kva som skjer med hua. Me fann ut at me måtte ha med andre ulike huer i forskinga for å

samanlikna ulike typar kle-materiale.

• Kan ei ullhue verkeleg bli til jord? For det trur dei som gav oss hua.

• Kan kle bli til jord?

• Vil huene forsvinna?

• I tilfelle, korleis skjer det og kor lang tid vil det ta?

• Blir det hol her og der?

• Går det fortare for nokon huer å bli brote ned, i så fall kvifor?

• Blir alle huene vekke?

Me lurar på om det er forskjell på produkt av ull og andre materiale. Me ville forska litt på

kva som skjer viss ei hue blir liggjande ute i naturen.

Me veit om den kvalen som var full av plastposar, og me har vore med på strandryddedagar

og sett kor mykje plast og ulikt søppel som ligg langs elva også her i Eksingedalen. Me er

opptekne av at det ikkje skal komma plast i naturen, og me vil ikkje at andre ting skal ligga å

slenga ute i naturen heller.

Mange snakkar om ordet berekraft og at det er viktig korleis me behandlar verda vår. Me

håpar me kan finna ut noko om dette også – og om korleis me kan vita kva som er bere-

kraftig når det handlar om kleda me brukar.

Kva hue er mest berekraftig?

Kan eit klesplagg gå tilbake til naturen?

Kva er kleda våre eigentleg laga av?

Korleis vert dei produserte?

Kva vert det av dei etter bruk?

Kva skjer naturleg med dei etter bruk?

Page 5: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

5

2 Kvifor er det slik?

Å finna forklaringar på kva me trur vil skje er ikkje så lett. Men å gjetta ut frå ting me veit frå

før- det går ganske lett. Me hadde mange forslag til mogelege forklaringar på kva som kan

skje med huene i jorda.

Desse forklaringane lagde me hypotesar av.

Våren 2019 utvida me prosjektet vårt. Då lagde me fleire hypotesar.

Hypotesar august 2018:

Eg trur ullhua vert vekke først, fordi eg har sett at ull blir ganske fort vekke i naturen

Eg trur at fleecehua blir borte til slutt sidan fleece har plast i seg

Eg trur bomullshua blir brote ned før fleecehua

Eg trur det første som skjer er at det blir hol i huene

Eg trur at ull og bomull blir omtrent likt brote ned fordi dei begge kjem frå naturen

Eg trur at det ikkje er så veldig stor forskjell på huene.

Viss nokon av huene forsvinn, så trur me at det kan vera ei av ullhuene. Fordi når ein sau dør

ute i naturen brukar den ikkje så lang tid på å mista ull.

Det kan vera bomullshua også, for bomull er ein plante – og den kan nok brytast ned,

kanskje eigentleg fortare enn ull som kjem frå dyr?

Hypotesar frå våren 2019:

Viss nokon av huene vert holete i sommar, trur eg det er den ullhua me først la nedi og ho då

har lege der lengst.

Eg trur eigenleg ikkje det skjer så mykje i sommar sidan det ikkje har skjedd så mykje i vinter.

Eg trur det vil ta mykje lengre tid enn ein sommarferie.

Eg trur det skjer meir i sommar, fordi vinteren er nesten som ein fryseboks. Og i ein

fryseboks så heldt alt seg godt lenge.

Page 6: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

6

3 Plan for arbeidet

Me grev ned huer og me skal følgja med dei

Me skal grava ned huer og så grava dei opp att og sjekka. Kvar gong vil me ta bilete og notera

i boka vår kva me ser. Me bestemmer oss for å gjera dette kvar onsdag, i den første av

naturfagstimane våre.

Me må finna ein bra plass ute til å ha hue-prosjektet vårt. Og me må laga til utstyr ute slik at

det er lett å gjennomføra registreringane. Me lagar ei treramme og i botnen legg me ei

metallrist. Oppå det skal huene liggja og oppå dei skal me ha rikeleg med jord.

Fakta om kvar hue

Me skal laga eit faktaark om kvar hue. Der må det stå viktige ting om hua, kva den er laga av,

korleis den er laga og kvar den er produsert.

Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me

lesa, søka informasjon på nettet eller prata med folk – for å finna ut mest mogeleg.

Fakta om ull

Sidan det heile starta med ei hue av ull, så må me finna ut litt ekstra om ull. Sidan det er to

ull-bedrifter ganske nær oss, har me plan om å besøka desse to. Det er Hillesvåg

Ullvarefabrikk og Dale of Norway. Der kan me kanskje finna meir ut om korleis ullklede blir

laga. Me har òg kontakt med ei bedrift i Oslo, Lillelam, dei vil me òg sjå nærare på.

Viss me skal finna ut om noko er berekraftig, så må me iallfall finna ut kva det er laga av,

korleis det vert laga og kvar det er laga. Så må me finna meir ut kva det er å vera berekraftig

og sjekka kle opp mot det.

Me vil sjå, spørja og læra – og finn kanskje ut andre ting enn me trur før me startar.

Viss me får eit resultat av forskinga vår, så må me òg finna ut om det finns fakta som støttar

resultatet vårt.

Page 7: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

7

4 Me hentar opplysningar

4.1 Registreringar ute

Me hadde i alt 14 registreringar ute, frå 22.august 2018 til 21.oktober 2019. Alle

observasjonar er gjort på onsdagar, med unnatak av den siste som var ein måndag.

Dei 5 huene som låg lengst i jord låg i jorda i 61 veker, eitt år og 2 månader.

Dei siste tre huene og ulla låg i jorda i 22 veker, ganske nøyaktig fem månader.

Dato OBSERVASJONAR: Kva hadde skjedd? 22.august 2018 Me grev ned 5 huer. Det er regn og vått. 5. september Me grev opp huene og ser på dei. Berre litt skitne. Regn. 12. september Me grev opp huene og ser på dei. Logoen på ullhua litt øydelagt. Regn. 19. september Me grev opp huene og ser på dei. Dusken på ullhua litt øydelagt. Regn. 26. september Me grev opp huene og ser på dei. Som før, men dusken var ramla av ullhua 3. oktober Me grev opp huene og ser på dei. Som før. Kaldare no. 24. oktober Me grev opp huene og ser på dei. Ikkje noko nytt, men det er kaldt ute. 31. oktober Me grev opp huene og ser på dei. Ikkje noko nytt å sjå. Frose nokon stader. VINTER 31.oktober 2018 til 3.april 2019: 22 veker

3. april 2019 Det er snø omkring oss, men kassa med huene er tint. Ikkje skjedd noko. 8. mai Litt planter veks gjennom den gule hua. Dusken er dotte av babyhua.

Me vil utvida forskinga vår og me spør om ei babyhue til. 22. mai Me grev opp huene og skyller av dei. Dusken som var ramla av legg me på plass

ved hua. Me har fått ei babyhue til og ei heimestrikka ullhue. Me legg ned 7 huer no. Me la også ned merinoull og pelssau-ull

12.juni Me grev huene opp. Det er ikkje noko som har endra seg, berre skitne. SOMMARFERIE 22.mai – 21. august: 13 veker

12.juni – 21.august: 10 veker 21.august 2019 Det var skjedd mykje! Babyhuene var nesten heilt vekke, men merkelappane

var like fine. Den heimestrikka hua var òg veldig øydelagt. Ulldottane av rein ull såg me berre litt av.

21. oktober 21.august 2019 – 21.oktober 2019: litt under 9 veker Det hadde skjedd meir! Nesten alt av dei to babyhuene var vekke. Merkelappane på babyhuene var like fine, saumen til babyhuene også. Strikkehua var meir øydelagt no enn sist, hang som filler. Den gule, tynne bomullshua var også meir øydelagt. Dei to ulldottane fann me ikkje att .

22.august 2018: 5 huer vert grave ned Frå 22.mai 2019: 7 huer og ull

Page 8: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

8

22.august 2018: Me lagar hypotesar, plan, tek bilete og me grev huene ned for første gong.

Dei fem huene:

Gul bomull

Mørkblå fleece (Galdhøpiggen)

Grå babyhue i ull

Blå akrylhue

John Deer-kaps

Me skriv ned kvar våre hypotesar og

me noterer i bøkene våre kva huene er

laga av.

Page 9: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

9

Det var litt arbeid med å laga til

forskingsplassen vår. Først måtte me grava

godt ned i jorda, før me la på treramma og til slutt metallrista oppi. Så la me huene oppi og

etter det grov me jord oppå. Huene har jord over og under seg. Rista er der slik at me lett

skal få tak i huene.

5.septemer 2018: Første gongen me grev opp huene

Me gjekk ut og tok på oss hanskar og fann spadane våre. Me grov forsiktig opp huene sånn

at me ikkje lagde hol i dei. Så sjekka me om det hadde skjedd noko, så grov me dei ned at.

Nett det same gjorde me kvar gong!

Det hadde ikkje skjedd noko med huene. Logoen på babyhua var litt vanskeleg å sjå, men det

var berre jord som hadde festa seg til logoen.

Page 10: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

10

12.september 2018

Me grov huene forsiktig opp. Lammet på logoen

til babyhua var nesten borte, men det var ingen

hol i hua.

Dei andre huene var berre skitne. Me grov dei

ned att.

19.september 2018

Me grov huene forsiktig opp, studerte dei og

grov dei ned at. Dusken på ullhua var litt

øydelagt no, men hang fast til hua.

Med dei andre var det ikkje noko nytt.

Page 11: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

11

26.september 2018

Me grov opp huene. Det var blautt og litt skittent. Dusken var ramla av babyhua og dusken

var gått litt i frå kvarandre. Det var kanskje nokon makkar som hadde gått gjennom den? For

det var nokre makkar i hue-bedet vårt. Me grov alt fint ned att, og hadde godt med jord på.

3.oktober 2018

No er det kaldt, snøen er på

fjella. Neste veke har me

haustferie.

Me grov opp huene og såg

på dei. Det er ikkje noko

nytt. Så grov me huene ned

att.

Page 12: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

12

Det er lauv og litt gras oppå jorda.

24.oktober 2018

Det er kaldt, vinterdressane er komme på oss. Me grev opp og sjekkar, ikkje noko nytt.

31.oktober 2018

No er det kaldt! Det har ikkje skjedd noko nytt. Me trur ikkje det går an å grava huene opp

fleire gonger, fordi det byrjar med frost. Så me passar på at alt ligg fint og skikkeleg oppå

rista. Me er nøye med at det kjem godt med jord over alt saman. Me ristar litt i jorda slik at

den fordeler seg bra og ligg tett på alle huene. Klart til at snøen kjem.

Page 13: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

13

3.april 2019

Det er snø hjå oss, men sola har varma slik att kassen med huene har komme fram. No er det

fem månader sidan sist me såg på huene. Me er litt spente, men trur ikkje det kan ha skjedd

så mykje. For me tenkte at vinteren er som ein fryseboks. Det har nok vore frost nesten

heile tida sidan sist.

Huene er veldig skitne, eigentleg heilt brune alle saman.

Det har vore vått i kassen, snøen har smelta vekk og

jorda hadde nok vore veldig våt. Det var komme nytt

lauv oppå sidan sist, og alt lauvet var grått og utan fargen

no.

Page 14: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

14

8.mai 2019

I dag grov me huene opp på nytt. Den

gule hua hadde det begynt å gro litt

planter gjennom. Huene var ikkje

øydelagde, berre skitne.

I dag kom me på noko lurt og nytt:

ME VIL UTVIDA FORSKINGA VÅR!

Me lurar nemleg på om det kan vera

forskjell på sommar og vinter – og kor

lang tid ei nedbryting tek. Me trur at

ullhua er den som det skjer noko med først, for eigenleg er det nesten berre den det har

skjedd noko med. Og for å sjekka det, så er det er lurt å grava ned ei hue til som me kan

samanlikna med. Det har jo skjedd litt med den første ullhua.

Difor prøver me å få tak i ei babyhue til av ull, som er akkurat lik på den me grov ned i

august. Og så skal læraren vår strikka ei ullhue også!

22.mai 2019

I dag har me fått ei ny babyhue. Den er veldig fin og kvit. Me fekk ull også, merinoull, den ulla

som dei brukar for å laga slike huer. Den ulla er veldig mjuk og god. Den luktar ikkje sau, for

ulla er vaska, og ulla var heilt glatt og i eit langt stykke. Liv Anne har strikka ei ny hue av

pelssau-ull. Den er fin, men litt «stikkete». Hua er litt tjukkare og kraftigare enn babyhua. Liv

Anne hadde med ull frå pelssau også. Ulla frå pelssauen var krøllete og lukta flor, men den

var mjuk.

No skal me grava opp dei andre huene, skylda/vaska av dei og så skal me grava ned igjen dei

og dei nye huene og ulla.

Frå logg, Silje

Page 15: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

15

Dei nye huene

og ulla dei er

laga av. Kvit

merinoull og

grå pelssau-ull.

I dag vart det

meir arbeid i

bøkene våre

også. Me skriv

ein kort logg

kvar gong me

grev opp

huene, men i

dag skreiv me

meir.

Me diskuterer og me lagar oss fleire hypotesar. Me er einige om nokon ting, men òg litt

ueinige. Det blei ulike hypotesar for oss. Me er spente på om det skjer noko i sommar!

Page 16: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

16

Slik vart det oppå rista den 22.mai. Dei huene som har lege her frå før vart skylda av i lunka

vatn. Då fekk dei att fargen sin og såg fine ut att.

Dusken til den første grå babyhua la me på plassen sin i toppen av hua. Fremst til venstre er

den heimestrikka hua, pelsulla ligg rett over den. I midten framme er merinoulla. Den nye,

kvite babyhua ligg heilt framme til høgre. Me tek godt med jord oppå.

Page 17: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

17

12.juni 2019

Det er tre veker sidan me la ned alle sju huene og

ulla. Me grev opp for å sjekka. Me tek opp alle

huene og ulla og ser nøye på alt saman. Det har

ikkje skjedd noko som me kan sjå, berre at dei er

litt skitne. Me såg makk og nokre svarte biller.

Dette er siste oppgraving før sommarferien.

21.august 2019: Første naturfagstime etter sommarferien

Det er tre månader sidan me grov ned dei sju huene. Me er faktisk veldig spente på om det

har skjedd noko. Det hadde komme litt gras i løpet av sommaren, men ikkje så mykje som på

bakken ved sida av.

Page 18: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

18

Her har det skjedd ting! Kvar er det blitt av babyhuene???? Og ulla?????

Me ser makk, to svarte store biller og ein edderkopp i jorda.

Ulla og ullhuene er nesten heilt vekke. Bomullshua har forandra seg, men kapsen og dei to

blå huene er som før. Me tek alle huene opp og studerer dei nøye.

Page 19: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

19

Fremst her ligg den heimestrikka hua, bak

babyhuene.

Begge babyhuene er nesten heilt borte, men

merkelappane er like fine. Av det som er att

av huene heng det meste fast til ein sytråd

som huene var sydd saman med.

Merinoulla fann me ikkje, og pelsulla som kom

rett frå fjøset er det berre litt att av.

Page 20: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

20

Den heimestrikka hua er òg veldig øydelagt. Den har mange hol og ser nesten litt mygla ut.

Den heimestrikka hua har

mykje kvitt på seg. Me

syns den er litt ekkel.

Page 21: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

21

Den gule bomullshua har mange hol og me kan sjå tynne kvite trådar i den. Det er kvite

trådar i hua som liknar på tynn strikk. Det gule mellom stoffet er det hol i fleire plassar, det

er der me ser strikken. Det veks litt planter gjennom hua.

Det har vore ein veldig varm sommar og det har regna i tillegg. Nedbrytinga har gått fort.

Dette hadde eg verkeleg ikkje trudd!! Logg Vemund

Me blei veldig overraska i dag! Det hadde skjedd mykje på kort tid i sommar. På ca tre månader vart

begge babyhuene nesten heilt vekke! Og det var rart, at det var begge to. Sidan den første hadde

vore nedgravd eit heilt år og den andre berre tre månader! Logg Elias

Page 22: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

22

Me måtte faktisk henta Silje, som går i ungdomskulen no. Dette måtte ho òg få sjå!

21.oktober 2019: Me avsluttar prosjektet ute.

Page 23: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

23

Frå 21. august til 21.oktober, det har gått nøyaktig to månader sidan sist. I dag skal me

avslutta prosjektet og grava opp det som er att. Sist haust skjedde det ikkje, så no er me

spente på om det er annleis i år.

Det er det! For det har skjedd meir sidan sist:

Nesten alt av

dei to

babyhuene

var vekke.

Lappane på

babyhuene

var der,

saumen også.

Strikkehua var

endå meir

øydelagt. Med

den har det

skjedd mykje

sidan sist

gong me såg

på den.

Page 24: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

24

Den gule, tynne bomullshua hadde det også skjedd mykje med sidan i august. Meir av det

gule stoffet er vekke og den kvite «strikken» endå meir tydeleg.

Me fann ikkje noko att av ulla.

Dei andre tre

huene såg heilt

fine ut.

Page 25: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

25

Huene vert skylt av og vaska.

Me skyl av det som er att av dei tre ullhuene og den gule, for å få vekk jord og skit. Me er

veldig forsiktige for ikkje å øydeleggja noko meir.

Babyhue grå Babyhue kvit

Heimestrikka hue

Gul hue

Page 26: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

26

Dei tre huene som ser like fine ut vaskar læraren i

vaskemaskina. Då skjer det noko med John Deer-

kapsen. Den blir holete og øydelagt, og me ser at det

er ein plastskjerm inni den. Både plastskjermen og

metallet på kapsen er framleis like

fint. Det er stoffet til kapsen det

har skjedd noko med i jorda.

Dei andre to huene er faktisk like fine, etter 1 år og to månader i jorda. Det einaste er at

logoen på den blå hua er nesten borte. Saumen er der, men lappen er borte. Logoen på

Galdhøpiggen-hua er like tydeleg. Huene kan brukast vidare!

Page 27: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

27

4.2 Kva har skjedd i jorda?

Sist haust fann Elias ein daud sau og ei daud ku i fjellet då han gjekk onsdagstur med idrettslaget.

Denne turen hugsar Elias ekstra godt fordi han fekk vita at onkelen og tanta hadde gifta seg. Kua og

sauen var nesten borte. Bonden som eigde kua visste om dette, og kua hadde vore daud sidan

sommaren før, altså meir enn eitt år. Det var berre bein att, og litt av skinnet. Sauen fann Elias

øyreklypa til, og denne klypa høyrte til eit lam frå denne sommaren. Dette lammet var også nesten

borte, Elias såg litt ull, men mest bein. Dette betyr at det rotnar fort om sommaren. Og at ulla og

kjøtet vart fort borte. Kjøtet hadde kanskje fuglar og andre dyr ete, men ulla har rotna av seg sjølv og

det som lever i jorda..

Tenkjer Elias

Det skjedde meir i haust enn sist haust. Eg trur det kanskje var varmare i haust, kanskje derfor. Og

meir biller og så var det meir makk der. Det virka som om det var mykje meir “liv” i heile hue-bedet

vårt i haust. Kanskje det skjedde meir fordi dei var begynt å gå i oppløysing før hausten starta?

Undrar Vemund

Den aller første dagen me jobba med huene hadde me om meitemarken. Meitemarken er ein viktig arbeidar i jorda. Han lagar gangar i jorda og hjelper til slik at det vert betre for planter og dyr i jorda med å eta, drikka og pusta. Og så et han og lagar maten sin om til jord.

Page 28: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

28

Ordforklaringar:

Organisme er eit levande vesen, som eit dyr, ein plante, ein sopp eller mikroorganisme

Mikroorganisme er så små levande vesen som ein ikkje kan sjå med augo F.eks. er bakterie ein mikroorganisme

Mikrobe også kalla mikroorganisme

Småkryp er små dyr som lever i jorda, som f.eks. insekt, makk, sniglar

Nedbrytar - er organismar som hjelper til med å bryta ned ting som kan bli til jord - lever av døde organismar og avfall og bryt dette ned til ny jord og nye

næringsstoff

Nedbryting er når ting forsvinn i naturen ved at småkryp et det opp og bæsjar det ut Det kan ta 6 månader for eit appelsinskal før det blir borte, 20-30 år med plast i naturen, 3 månader for ull å bli nedbrote og 1 million år med glas.

Organisk materiale

Organisk materiale stammar frå levande organismar og det gjev næring

Rotne - er når noko blir gammalt og blir borte - er at døde planter eller dyr brytas ned

Molekyl eit molekyl er to eller fleire atom som er sett saman. Det er det som byggjer opp alle slags stoff rundt oss. I nedbryting bryt stoffa ned att til molekyl og atom. Atom er mindre enn molekyl.

Næringskjede Er ei rekkje av organismar. Kvart ledd i næringskjeda livnærer seg på leddet under og så er dei mat til leddet over.

Næringsstoff i jord

Jorda har i seg næring slik at planter kan gro og veksa. Plantene har næringsstoff som dyr og menneske et og lever og veks av

Det har skjedd nedbryting i jorda. Nedbryting er når noko som er i jorda blir til jord. Korleis det skjer nedbryting handlar om kva stoff som ligg i jorda og korleis småkryp-livet er. Jord er full av småkryp, makk, insekt og mikroorganismar. Det blir jord fordi småkrypa et det dei finn og likar, så bæsjar dei og det blir jord. Dei bæsjar “nesten jord”, og så blir bæsjen deira heilt til jord i jorda. Billene og småkrypa har ikkje lyst på alle slags stoff. Dei likar gras, gamle lauv, røter, bæsj, døde dyr, ull og bomull. Dei likar det som er naturleg, det som er organisk materiale – det som kjem frå noko som har vore levande og naturleg.

Det som ligg oppå jorda rotnar og døyr, småkrypa hjelper til her også. Viktige småkryp i jorda er meitemakken, biller, skolopender og edderkoppar. Me såg biller, edderkopp og meitemark. Sopp er også nedbrytar. Sopp kan laga lange trådar og hjelper i nedbrytinga. Bakteriar er det aller siste leddet i næringskjeda, dei klarer å bryta ned molekyla i stoffa sånn som dei ander småkrypa ikkje klarer. Bakteriar kan me ikkje sjå, men dei gjer ein stor og viktig jobb. Det kan vera opptil 10 kg bakteriar pr

kvadratmeter jord. Så stort var hue-bedet vårt, sånn cirka.

Page 29: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

29

Nedbryting er viktig for at jorda skal få til seg næring til nye planter. I nedbrytinga leverer alle dei forskjellige nedbrytarane noko tilbake til jorda. Når nedbrytarane jobbar - og seinare når dei døyr, leverer dei jord og næringsstoff tilbake til heile økosystemet. Nye planter kan veksa, og nye dyr får mat. Småkrypa likte ikkje akryl eller fleece, fordi det er plast. Dei vel seg den maten dei kan fordøya i kroppen sin. Det som har plast i seg likar dei ikkje. Det er ikkje naturlege næringsstoff for dei og då et dei det ikkje. Alt som lever i jorda jobbar med nedbryting. Det skjedde mest i sommarferien. Når det er

varmt, rotnar ting. Når det er kaldt er jorda frosen. Når det er frose skjer det ikkje noko. Me

kan samanlikna det med ein frysar. Viss me puttar noko i frysaren vil det ikkje rotna eller

mygla. Det same er med huene. Om vinteren er bakken frosen, så då skjer det ikkje noko.

Det skjedde ikkje noko med huene i vinter. Det skjer ikkje noko i frysaren heller. Første

hausten var det kaldt, så kjøleg i jorda og i lufta at nedbrytinga ikkje kom i gang. Om

sommaren såg me meir levande småkryp i jorda.

Framover vil me sjå meir

på nedbryting i jord. På

skulen samlar me alt

matavfallet vårt i

bokashi-bøtter. Me har

samla sidan i haust. No

har me blanda dei første

bøttene i jord, og skal

følgja med på

nedbrytinga annakvar

veke framover.

Og, viss det vert jord

skal me planta i den til

sommaren.

Page 30: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

30

4.3 Faktaark om kvar hue:

GRÅ BABYHUE OG KVIT BABYHUE

Huene var fine, mjuke og gode. Dei hadde ein saum bak i nakken, og i den var det festa

merkelapp. Framme på huene var det ein logo med Lillelam. På toppen hadde huene dusk.

Bortsett frå fargen var huene heilt like, med ei stripe i ein annan farge framme.

Den grå hua låg i jorda heile tida, 1 år og 2 månader. Denne hua vart nesten heilt vekke etter

1 år. Den kvite hua låg i jorda i 5 månader. Denne hua vart nesten heilt vekke etter 3

månader. Dei vart vekke samtidig.

Saumen og lappane var att på begge huene, så dei må ha vore laga av noko anna enn huene.

Den grå babyhua datt dusken av i løpet av første hausten og logoen vart litt veke. Lite

skjedde om vinteren og tideleg på våren. Men så når me grov den opp i august var heile hua

nesten vekke. Lappen var like fin. Siste gong me grov opp huene var det nesten ingen ting att

av hua. Men merkelappen var like fin, og det var den tråden som sydde hua saman også.

Den kvite og den grå babyhua vart eigentleg til jord på same tid. For då me grov ned den

kvite i mai, var dei like. Bortsett frå at dusken var av på den grå hua, då. I august og i oktober

var det ikkje mogeleg å sjå forskjell på dei. Det var nesten ingenting att av dei i august, og i

oktober var det endå mindre att.

Huene er maskinstrikka og er av merinoull. Dei er strikka i Europa, i Polen eller Litauen, på

ein av fabrikkane som Lillelam har avtale med. Lillelam er opptatt av å ha berekraftig

produksjon. Dei veit korleis kleda blir produsert og at det er miljøvenleg produksjon og at

alle som jobbar på fabrikken har det bra og gode arbeidsforhold. Alt skal vera trygt for alle.

Lillelam lagar også andre kle av same materiale som denne hua, sokkar, dressar, jakker mm.

Merinoulla kjem frå australske sauer, og Lillelam garanterer at merinoulla er mulesingfri.

Page 31: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

31

Merinosauen er eigentleg ein spansk sauerase. Den er over 1000 år gammal og finns i heile

verden. Det er også nokre merinosau i Noreg. Dei fleste er i Australia og New Zealand. Dei

har merinosauen på grunn av ulla og ikkje kjøttet, sauen er liten med masse god mjuk ull.

Den kan ha mange fargar: kvit, grå, brun og svart. Ull frå merinosauen er spesielt fin og mjuk,

og blir brukt til produksjon av underkle, baby- og barnekle og andre spesielt mjuke

strikkeplagg. Mange av ullkleda som me brukar er av merinoull. Og mange strikkar av

merinoull.

«Eg trur det har gått like fort fordi det skjer mest nedbryting når det er varmt i lufta og i

jorda. Om vinteren er alt frose fast. Ting rotnar alltid meir når det er varmt. Eg veit at makk

og biller jobbar best om sommaren. Då jobbar dei så godt med jord at dei dreg ting frå huene

ned i jorda og det vert til god næring for jorda og det som lever i den.»

All ull har blitt til jord. Hua har gått tilbake i naturen, tilbake til økosystemet til verden.

Vel, det gjev eigentleg ikkje heilt meining, fordi i økosystemet i Eksingedalen er det ikkje

merino-sau. Her er det normale sauar. Hua har gått tilbake til verden sitt økosystem.

Dette er Vemund sine kloke ord.

Page 32: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

32

HEIMESTRIKKA GRÅ HUE

Læraren vår, Liv Anne, strikka denne hua til forskinga vår.

Ho strikka den av dobbelt garn. Garnet ho brukte heiter

Sølje, og er laga på Hillesvåg Ullvarefabrikk, som er mellom

oss og Bergen ein plass.

Kanskje ulla til garnet kjem frå fjøset til Liv Anne, for ho har

sånne sauar?

Denne hua var ikkje så mjuk som babyhuene. Men sauane i

Norge har nok ikkje så mjuk ull som merinosauen har.

Hua er laga heime i stova til Liv Anne, og den er heilt heimelaga og kortreist. Av dette garnet

kan ein strikka alle slags klede, genserar, teppe, hue, vottar mm.

Hua låg i jorda i fem

månader, men mykje var

skjedd med den etter tre

månader.

Hua vart fort nedbrote,

og berre ruskete filler var

att til slutt. Den var

veldig øydelagt etter tre

månader, og endå meir

etter fem månader.

«Denne hua har gått tilbake til økosystemet. Og den har gått til Norge sitt økosystem ,

kanskje Eksingedalen sitt også. Viss ulla kjem frå sauane som har beita her på Bergo, iallfall.»

Det er Vemund sikker på.

Page 33: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

33

GUL BOMULLSHUE

Dett er er ei gul bomullshue. Den er laga av 95% bomull

og 5% lycra. Lycra er eit kunststoff, eit syntetisk fiber.

Bomull kjem frå bomullsplanten, og det er den kvite

dusken på bomullsplanten som gjev fiber til kle. Bomull

er det mest etterspurde naturlege kle-fiberen i verda.

Bomull har vore dyrka og brukt til kle i mange tusen år.

Denne hua hadde nok lycra i seg for at den skulle halda

fasongen. Alle produkt av bomull inneheldt ikkje lycra.

Me såg at det gule stoffet i hua vart meir og meir vekke, så det er det som er brote ned.

Bomullsstoff vert brote ned i jorda.

Lycra er dei lange tynne strikkliknande trådane me ser i hua. Dei var ikkje synlege når hua var

heil og gul. Lycra er eit stoff som kan strekkast veldig langt og er slitesterkt. Tights og

strømpebukser har lycra i seg.

Denne hua låg i jorda heile tida, eitt år og to månader.

Den er laga i Kina, og har vore i bruk i Eksingedalen.

Det skjedde ingenting den

første hausten og vinteren,

men i vår starta det å

veksa litt planter i den.

Litt etter litt så blei den

meir og meir øydelagt.

Det var det gule stoffet,

som er bomull som vart

vekke i jorda,

ikkje lycraen.

Bomull forsvinn i jorda,

men ikkje så fort som ull.

Page 34: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

34

JOHN DEER – KAPS

Denne kapsen er laga av bomull, med delar av

metall og plast. Skjermen er av plast og det er

metall bakpå kapsen.

Kapsen er laga i Kina, så den har reist langt før

den kom hit til Eksingedalen. Kapsen var godt

brukt og litt falma då me fekk den.

Bomull er ein plante, det er 39-40 forskjellige

artar bomull. Bomull veks i varme og tempererte klima i Eurasia, Amerika og Australia. Når

ein ser på miljøkonsekvensar av produksjonar er bomull er ein av dei verste vekstane i

landbruket på verdsbasis. 25% av sprøytemidlar mot insektangrep og ca. 11% av

sprøytemidlar mot plantesjukdommar vert brukt i bomullsproduksjonen. I tillegg brukar dei

enorme mengder kunstgjødsel og vatn. Produksjonen av bomull skjer som oftast der det er

tørt, så dette er ikkje bra for folka som skal gjera jobben – og som får lite vatn.

Bomull er verdens mest populære naturlege materiale. Alle delar av bomullsplanten er

nyttig, men det er den kvite bomullsdotten som bidreg med sjølve fiberen til produksjon av

klede.

Bomull vart kalla kvitt gull fordi det var så

verdifullt.

Denne kapsen låg i jorda heile tida, eitt år og to

månader. Den såg heilt bra ut då me tok den

opp av jorda, men tolte ikkje vaskinga i

vaskemaskina så godt. Så bomulla skjedde det

noko med. Men den vart ikkje att ute i jorda,

men i vaskemaskina og delar forsvann ut i

vaskevatnet. Den var holete og øydelagt men eg

kunne fortsett ha kapsen på meg.

Dette bomullsstoffet var tjukkare og kraftigare

enn den tynne bomullshua. Det tolte å liggja ute heile tida, men hadde fått skader slik at den

vart øydelagt i vaskinga.

Page 35: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

35

BLÅ HUE, SUPPORTERHUE FOR KOLBOTN IL

Dette er ei fotballhue, og hua er laga av 100%

akryl. Akryl og akrylfibrar er syntetiske fibrar, det

vil sei at det kjem ikkje frå naturen slik ull og

bomull gjer. Syntetisk fiber er produsert i fabrikk.

Akrylfibrar toler sollys betre enn andre

tekstilfibrar og er motstandsdyktige mot

kjemikaliar.

Akryl er laga av plast. Bruken av syntetiske fiber har vokse raskt sidan 1980-åra og polyester

er i dag det mest brukte tekstilmaterialet.

Akryl, polyester og nylon er alle fiber som er laga av olje. Dei er rekna for å vera skadeleg kle-

fiber av olje. Dei er ikkje bra for miljøet vårt.

Me fann ikkje ut kvar denne hua er produsert, men me fann ut kva selskap som sel slike

sportshuer. Mest sannsynleg er denne hua laga i Kina. Det er ofte tilsett mange farlege

kjemikalie som dei som jobbar på fabrikkane pustar i seg, eller kjem i kontakt med.

Produksjonen er ofte dårleg for menneska som jobbar i fabrikkane. Det er faktisk viktig å vita

kvar produktet er laga for å vita korleis produksjonen har skjedd.

Eit problem er òg at alle tekstil mistar fiber i bruk og vask. Fordi syntetiske fiber er plast,

bidreg både bruk og vask av syntetiske fiber til spreiing av mikroplast i naturen. Vask av

klede er ein av dei større bidragsytarane til mikroplast i havet.

Hua låg i jorda heile tida,

eitt år og to månader.

Det einaste som skjedde med denne hua er at logoen forsvann. Dette skjedde i sommar.

Elles er ho fint brukeleg og utan hol. Den har ikkje falma fargen av heller. Og den var like fin

etter vaskinga.

Page 36: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

36

DEN MØRKEBLÅ FLEECEHUA: GALDHØPIGGEN-HUA

Dette er ei mjuk og varm hue av fleece.

Hua er god å ha på seg.

Hua er laga av polyester som er ein måte å

laga fleece på. Fleece kan også lagast av

akryl, bomull eller ull. Polyester er eit

kunststoff, slik som akryl.

På merkelappen står det

«Idé House of Brands».

Det er ei bedrift som heldt til i Bergen, og

mange andre plassar i Noreg som sel utstyr

og klede for profilering.

«Idé House of Brands» sine fabrikkar føljer grundige reglar og lovar, skriv dei på heimesida si.

Dei har til og med sertifikat på at dei er ei miljøvenleg bedrift. Dei skriv ikkje om kvar i verda

dei har fabrikkar, men bileta tyder på at det ikkje er produsert i Europa.

Hua låg i jorda heile tida, eitt år og to

månader. Den var like fin og kunne

brukast etter vaskinga også.

Page 37: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

37

4.4 Me tenner på!

Kva plagg er lurt å velja med tanke på branntryggleik?

Me bestemte oss for å

tenne på huene for å

sjekka kva som skjer om

det brenn. Me brann dei

tre huene om var att.

For å sjekka bomull utan

lycra i brann me også

sokkar av rein bomull.

Sidan det ikkje var

særleg att av ulla så

tente me på ullsokkar, ull

og ullgarn i staden for

ullhuer. Ullsokkane var

tynne «Ulvang-sokkar»,

med litt lycra i.

Dette skjedde:

Fleecehua: (Galdhøpiggen)

• Smelta fort

• Smelta fast, klistra seg til underlaget og det størkna

• Svart røyk med ekkel lukt

• Brann fort og med partiklar som flaksa i røyken

Page 38: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

38

Akrylhua (Kolbotn)

• Vart fort til oske og likna på ein klump

• Brann fort

• Svart røyk

Bomull:

• Brann utan svart røyk

• Røyken var lys

• Brann litt seinare enn polyester og akryl

• Den gule hua brann med ein gong, men sokkane av rein bomull tok litt lang tid

Så då tenkjer me at rein bomull er litt meir branntrygt enn når det er andre stoff blanda i.

Ull

• Fyrstikka rett på sokkane gjorde at sokkane «smelta» litt, me trur det er

fordi dei har litt meir enn ull i seg. Det er lycra som smeltar, som i den gule hua.

• Ullgarnet og ulla: Dette tok ikkje fyr. Blei brunt og litt røyk, men slokna fort.

Page 39: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

39

Me prøvde med

mange

fyrstikker.

Rein ull og

ullgarn brann

ikkje, berre

ulma

Me kasta ull

oppå noko som

brann, då

slokna det heilt.

Page 40: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

40

Dette gav oss noko nytt å tenkja på. Særleg var det ekkelt å tenkja på kva som hadde skjedd

viss nokon har syntetiske fleece-kle på kroppen i brann. Det kan smelta inn i kroppen, og gje

store skader. Fleece brann frykteleg fort opp. Me tenkte på babyhuene me grov ned, og me

tenkte på at tenk om ein baby hadde hue av fleece på seg, som han ikkje ville greia å ta av

seg. Babyar må ikkje ha på seg klede av fleece!

Fleece er lette plagg, og har liksom mykje luft i seg. For å få det til å brenna godt trengs det

luft, akkurat som i eit bål. Det er difor fleece brenn så lett.

Alt det andre, bortsett frå ull, brenn også men annleis enn fleece. Det skjedde ikkje så fort og

smelta ikkje heilt på same måten.

Ull er veldig ulikt dei andre stoffa. Det tek ikkje skikkeleg fyr og det sloknar ut. Ull kan også

sløkka brann viss me hiv det oppå noko som brenn. Ullteppe eller ullpledd kan brukast som

brannteppe, til å slenga over det som brenn.

Me har lese at på fly brukar dei ullstoff i flyseta fordi dei tenkjer på branntryggleik. Mykje av

den norske ulla vert det laga teppe av. Berre 25 % av norsk ull kjem attende til Noreg etter

vasking i England. Resten av denne ulla går mykje til teppeproduksjon – og me veit at

ullteppe ikkje brenn. Så vegg-til-vegg-teppe i ull i kan rett og slett vera branndempande.

Fyll opp heile huset med sau, så er du trygg! Sa Vemund.

4.5 Me snakkar og les meir om berekraft og me tenkjer

EI KRAFT TIL Å BERA VERDA UTAN Å ØYDELEGGJA FOR DEI

ETTER OSS

• Me må ta vare på jorda

vår, på heile planeten

• Korleis me brukar verda

har noko å seia for mange

andre i heile verda no

• Me må ta vare på verda

og ta vare på den til dei

som skal leva i landa etter

oss.

«Å verna om livet på jorda og ta vare på behova

til menneska som lever i dag utan å øydeleggja for

at framtidige generasjonar skal kunna dekka sine behov.»

Å bera

Ei kraft

Page 41: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

41

For å kunna seia noko om kva som er berekraftig må me tenkja på

miljøet, og me må tenkja på korleis folka har det. Og det som har

med pengar å gjera. Dette meiner FN noko om, og FN har laga

mange mål som landa skal prøva å følgja.

Robert illustrerte «Fotballen som ser heile verda før den ser

mål!» Det er eit eksempel på ei reise for fotballen som kan

vera veldig lang før forballen kjem til oss:

Materiala kjem får ein plass, logoen vert laga ein plass, den

får fargane ein plass – og blir sydd saman ein plass. Så blir

den sendt til butikkar over heile verda, me kjøper den og

den kjem i mål.

Verda toler ikkje alt lengre, for eksempel klimaet er i fare.

Det blir sleppt ut for mykje CO2. Og mange av naturlege økosystem er ikkje i balanse. Det

skjer mange ting, og alle må me tenkja meir på det. Ein ting er å vita meir om kva me kjøper

av kle og andre ting.

Livet sin sirkel – alt er eit stort økosystem: Jorda skal vera like bra til dei etter oss! Sa Vemund

Me må øva oss til å ta gode val og hugsa på å tenkja at «Dei vala eg tek har betydning»

4.6 Fakta om bomullsgenseren

Bomull blei kalla kvitt gull fordi det var så verdifullt. Årleg verdsproduksjon er om lag 25

millionar tonn bomull. Bomull er verdens mest populære naturlege materiale til å laga kle av.

Produksjon av bomull er

veldig krevjande for

miljøet på mange måtar.

1 kg bomull krev 10 000

liter vatn. Det er det

same som 15 badekar

med vatn. Bomull vert

ofte dyrka i tørre

område der det er lite

vatn. Difor er det ikkje

bra med alt vatnet.

Det er også enormt med

sprøytemiddel som vert

brukt for å produsera

bomull. Det går så mykje

som 1,6 dL med

sprøytemiddel for å

produsera ei T-skjorte

Page 42: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

42

av bomull. ¼ av alle sprøytemiddel mot insekt angrep i verda - og over 10 % av sprøytemidla

mot plantesjukdommar vert brukt i bomullsproduksjonen. Plantene vert sprøyta opp til 20

gonger i sesongen for å hindra skadelege insekt, sopp og virus. Det er farleg for menneska og

for dyra og alt rundt. Sprøytemidla tek livet av nyttige insekt også. I tillegg brukar dei

enorme mengder kunstgjødsel for å laga bomull. Dyrkinga er som oftast der det er tørt, så

derfor er det ikkje bra med alt dette vatnet.

Mange bomullsarbeidarar vert utsette for fare og mange får sjukdommar og døyr av all gifta.

Det er ikkje berre på åkrane, men i jobb på fabrikkar som lagar kle av bomull. Der òg har dei

mykje gift og farleg arbeid.

Økologisk bomull er ca. 1 % av total bomullsproduksjon i verda. Dei som produserer

økologisk bomull dyrkar meir på lag med naturen, og brukar ikkje kunstgjødsel og

sprøytemiddel. Dei må tenkja lurt når dei produserer. Dei må også tenkja på at dei skal

produsera utan å bruka så mykje vatn. Produksjon av økologisk bomull er ikkje så farleg for

dei som dyrkar den, fordi det er mindre giftstoff i produksjonen.

Her er eg med ein

bomullsgenser og

den veg 400 gram.

Det er brukt ca

4000L vatn for å

laga den.

Og 1 glas med gift.

Bomull er et naturprodukt som blir brote ned fort i naturen, så på den måten er det bra.

Problemet er sjølve produksjonen. Bomull er nesten mindre naturleg enn naturleg fordi det

er så mykje gift med i sjølve bomullsproduksjonen.

Og i produksjonen av klede kan det vera mange fargestoff som heller ikkje er bra, og det blir

brukt ulike kjemiske middel når dei lagar bomullsstoffet på fabrikken.

Page 43: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

43

Mange er meir opptatt no enn før av at klede ikkje skal ha så mykje gift i produksjonen.

For eksempel miljømerket GOTS (Global Organic Textile Standard) er

ei internasjonal merkeordning for økologiske tekstilar.

MINST 70% av det ferdige plagget må vera laga av økologiske fiber.

GOTS stiller miljø- og helsekrav under heile kle-produksjonen.

GOTS er veldig strengt, og set også krav til arbeidarane sine rettar

ØkoteX-merket er òg eit miljømerke. Det er ikkje eit økologisk

merke, men det betyr at plagget ikkje inneheldt restar av

helsefarlege kjemikaliar.

Me les at økologisk bomull er sterkare enn anna bomull. Men den kostar ofte meir. Så då

kjem det an på om dei som handlar vil betala meir for at den er giftfri og er produsert på en

betre måte for naturen og folka. Å laga bomull er veldig forureinande, så neste gong du skal

kjøpa bomull så bør du sjå etter økologisk bomull.

Bomull er ikkje så bra til å vera ute eller trena med fordi den lett blir våt og klam. Så det er

betre å bruka bomull når du er inne. Grunnen til at den blir våt og klam er fordi fibrane i

bomull blir trekt saman av vatn. Bomullsfibrane slepper ikkje fukt gjennom slik ull og

syntetisk gjer. Ein våt bomullsgenser er tung og den blir kald.

4.7 Fakta om syntetisk genser

Her har eg på meg ein fleece-genser. Den er laga

av fleece. Fleece kan vera laga av ull også, men

genseren min er syntetisk.

At den er av syntetisk stoff betyr at den ikkje er

naturleg, sjølv om den kjem fra olje. Men for å bli

til fiber som ein kan laga kle av må det tilsetjast

mange kjemikaliar. For å laga kle må desse fibrane

også spinnast og trekkast ut. Så kan maskiner laga

kle.

Plagg av fleece er populære fordi dei er gode og

varme og lette og fine å ha på seg. Fleece

transporterer fukt ut fra kroppen når ein sveittar,

og difor er fleeceplagg gode til trim og trening.

Mange brukar fleece i staden for ull, og mange

Page 44: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

44

treningskle er laga av syntetisk materiale. Med å transportera fukt ut frå kroppen verkar ull

og syntetiske kle likt.

Problemet begynner mest når dei skal vaskast, fordi syntetisk materiale er laga av plast. Når

plast vaskast blir det masse mikroplast, og det kjem frå sånne klede eigentleg litt heile tida.

Og mikroplasten endar opp i havet, som er ikkje bra for havlivet. Kvart år vert det sleppt ut

600 tonn mikroplast på grunn av vasking av syntetiske kle.

Men me treng fortsatt regnklede og støvlar og dei er også laga av plast. Men desse kleda

treng me ikkje å vaska like masse som fleecekleda. Og sånne klede kan me ikkje så lett

erstatta med andre typar kle.

Ikkje kast slike kle i naturen. Det blir ikkje brote ned av naturen sjølv. Olje kjem frå naturen,

men frå eit økosystem langt under havet, når det er oppe hos oss er det ikkje i sitt naturlege

økosystem.

Derfor blir dei ikkje brote ned på naturleg vis, det tar veldig, veldig lang tid å bryta ned plast

i naturen. Eg veit ikkje kor lang tid det tar å bryta ned ein fleece-genser, men eg tipper på det

tar lang, lang tid.

Når plast kjem i havet tek det endå lengre tid. Ein plastpose tek 10 – 20 år og ei plastflaske

tek 450 år å bli brote ned.

I staden for å ta på deg fleece-klede, ta på deg ullklede. Og viss me tenkjer på korleis fleece

brenn er det ikkje lurt å bruka fleece. Særleg ikkje på babyar og små ungar som ikkje passar

seg for bål og heller ikkje forstår at dei må ta fort av seg viss det brenn. Det kan lett smelta

inn i huda og laga frykteleg stygg skade.

Page 45: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

45

4.8 Fakta om ulltrøya

Her har eg på meg ei ullskjorte. Eg likar å ha på meg ull.

Ull er bra å ha på seg fordi:

− Det er eit lett klesplagg og godt å gå i

− Heldt godt på varmen

− Klør ikkje

− Isolerer godt

− Luktar ikkje sjølv om den er våt eller er sveitta i mange gonger

− Brenn ikkje

Eg brukar ulltrøye til vanleg, for då heldt eg meg varm. På tur brukar eg ull for ikkje å frysa.

Ull har spesielle fibrar som er spesielt gode for transport av fukt, og så er det plass til mykje

luft mellom fibrane slik at ull isolerer godt.

Sveitte finn vegen ut, slik at eg ikkje vert våt. Innimellom fibrane er det mykje luft, og denne

lufta isolerer slik at eg ikkje vert kald. Så om eg vert våt innerst på kroppen, transporterer

ullfibrane fukt ut og samtidig er eg varm. Det er spesielt for ull.

Page 46: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

46

Ull er heilt

naturleg. Det

kjem frå sauar

som går på

beite. Sauane

produserer ull

heile tida!

Ulla må berre

ordnast litt

før me kan få

klede av den,

men det må

bomull og

syntetisk fiber

også.

Produksjon av noko belastar alltid miljøet vår. Det er viktig at me brukar dei materiala me

har til å laga kle av på ein bra måte. Då er det lurt å velja ull der me kan bruka det. For det

kjem frå naturen og går tilbake til naturen. Av alle dei stoffa me har testa så blir ull lettast

brote ned.

Og ull er også best fordi det ikkje brenn. Det kan stoppa ein brann.

4.8 Me lyttar og les om ull

Så langt har me funne ut at ull er veldig bra! Søndag 12. januar snakka forskaren Ingunn

Grimstad Klepp i radioprogrammet «Opptur». Ingunn Grimstad Klepp er ekspert på tekstilar.

Dette radioprogrammet høyrde me på på skulen.

Ingunn Grimstad Klepp snakka om at ull har heilt spesielle eigenskapar. Ingunn forklarte at

det som gjer ull så bra er måten fibrane er for luft og vatn. Bra med luft og lite vatn gjer deg

varm.

Ull har masse luft, og ull leiar vekk vatn. Difor er ull bra! Det isolerer.

I det same radioprogrammet snakka dei med Cecilie Skog, som er kjent for å klatra og gå

lange og tøffe fjellturar. Ho sa mykje om kor bra ull er og om korleis ull har spesielt bra for

folk som er ute. Ho sa at dei ikkje snakka om kor kaldt det var ute, men kor mange lag med

ull dei hadde på seg.

Me søkte om ull på nettet, og fann mange sider som fortel om at ull er bra, og om kvifor det

er bra.

Page 47: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

47

Her er det me fann ut:

KVIFOR ER ULL BRA?

Ull passar heile året, også på sommaren

• Ull isolerer

• Ull hjelper oss med å halda ein stabil kroppstemperatur

• Ull regulerer både varme og kulde

• Ulla trekkjer til seg vatn raskt, slik at me heldt oss varme heile tida sjølv om me

sveittar

Ull er bra for born og vaksne

• Ulla bind kroppsvette og nøytraliserer den, noko som gjer ull perfekt for både kvile og

for fysisk aktivitet

• Dei anbefaler m.a. at babyar søv i ull fordi ulla bidreg til betre blodgjennomstrøyming

som gjev riktig og fin puls

• Ull er isolerande som gjer at babyar og små barn held på varmen også når dei er i

mindre aktivitet

• Merinoull er noko av det mjukaste du kan tenkje deg

• Ullplagga er mjuke og elastiske og perfekt til leik og bevegelse

• Ullplagga er slik at du kan veksa i dei

Ull gjer seg sjølv rein

• Ull har bakteriehemmande eigenskapar, og treng ikkje å vaskast så ofte

• Ull er sjølvreinsande og bør ikkje vaskast for ofte. Viss du er på tur og sveittar i ei

ulltrøye, kan du som oftast berre henga den opp for lufting, i staden for å vaska den.

Det er bra for miljøet også. For du treng ikkje vaska kleda sjølv om du sveittar i dei.

• Ull inneheldt lanolin, som er eit ullfeitt som er bakteriehemmande og sjølvreinsande

Ull er godt for huda

• Det finns mange forskjellige kvalitetar av ull og ullplagg, så alle kan finna noko som

ikkje klør

• Superfin merinoull kan hjelpa barn med eksem.

Ull er heilt naturleg

• Sauane går ute i naturen og beitar

• Sauane i Noreg har me mest på grunn av kjøtet, ulla er eit ekstra produkt.

• Ull eit fornybart produkt.

Page 48: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

48

Men, det som er viktig er at me må vita kvar ulla kjem frå og korleis kleda er laga viss me skal

kunna seia om det er berekraftig produsert.

Page 49: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

49

4.10 Me har temaveke om ULL for heile skulen

Ein vinterfôra sau

er ein mammasau som får

fòr inne om vinteren

og lam om våren. Så

beitar han ute om sommaren

og neste vinteren får

han fòr inne att….

og besøk av vèren i desember.

Sau i Eksingedalen:

9 gardar i Eksingedalen har sau, til saman ca. 600 vinterfôra sau som får ca. 1 000 lam.

1600 sau frå Eksingedalen beitar i fjella her, og like mange sauar frå andre plassar.

Til saman går det meir enn 3000 sauar i fjella her kvar sommar.

FAKTA OM NORSKE SAUAR OG ULL

• Sauane er det eldste husdyret i Noreg

• Sauen kom til Noreg for over 6 000 år sidan

• 14 000 norske gardsbruk har sau

• Det er ein million vinterfôra sau i Noreg

• Kvar sau får 1,5 lam i snitt

• Totalt er talet på sauar og lam 2,5 millionar på sommaren

• Sauane produserer til saman over 5 millionar kilo ull kvart år

• Nesten all ull vert samla inn til Norilia

• Sauen beitar i utmarka og på fjellet

og et mat som ikkje ville blitt ete av andre

• Det meste av maten som sauen et kunne ikkje folk ha ete, sauen

lagar kjøt og ull av gras og det andre den et på fjellet

• Norske sauar er friske sauar. Dei fleste sauane vert registrerte i

sauekontrollen, det er ein kontroll av dei

• Me veit korleis sauen har levd og at bonden steller sauane sine

godt,

det må bonden skriva ned og kryssa av på skjema i sauekontrollen.

Sauerasar: I sauekontrollen i Noreg er det 19 sauerasar. Dei fleste av desse er crossbred-

rasar. Det er ull som vert brukt til strikkegarn. Spel er ikkje crossbred fordi dei har 2 ulike

typar ull, det er tett botnull og lange dekkull. Spelulla høyrer til spel-rasen. Norsk ull er kjent

for god spenst, slitestyrke og glans.

Page 50: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

50

Ulla frå sauane er eigentleg eit tilleggsprodukt i saueproduksjonen,

for eigentleg produserer sauen mest av kjøt!

Ull er fornybar, den veks om att og om att på same sauen!

Ull er heilt naturleg!

Ull er lett nedbrytbar!

Ull har fin farge!

Ull er mjuk!

Ull er fint!

Ull er slitesterkt!

Ull treng lite vasking!

Sauerasar: Me har sett på dei mest vanlege sauerasane i Noreg, og lagde plakatar av dei på

norsk eller engelsk, og 1. og 2.klasse lagde digitale bøker om sauerasane.

I Eksingedalen har me Norsk kvit sau, spelsau og pelssau.

Merinosauen kjem eigentleg frå Spania, og det er

ein sau som er til for å produsera ull. Merinoull vert

importert frå Australia eller New Zealand.

Merinosauen finns i Noreg, men det er berre nokre

få.

Merinoulla er veldig mjuk, og mykje av ull-kle me

kjøper kjem frå merinosauen.

Mykje strikkegarn er merinogarn eller frå

alpakka. Det er mjukt garn. Alpakka er ikkje ein sau, men høyrer til kamelslekta.

Page 51: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

51

Dei mest eksklusive ullstoffa kjem frå Vikunja. Alpakka stammar frå Vikunja.

Page 52: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

52

Den mest vanlege sauen i Noreg er Norsk kvit sau, NKS. Den er kryssa fram frå 1970-talet og

har lang hale. Det er ikkje nokon gammal rase, men liknar på Dalasauen som var mykje av

før.

Ein gammal rase er gammalnorsk spelsau, ofte kalla for villsau.

Den kom til Noreg for 5000 år sidan.

Page 53: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

53

Miljømerking

«Dette er kva du burde sjå etter når du kjøper nye klede» er tittelen på ei digital bok me

laga. Den forklarer dei vanlegaste miljømerka som er brukt på klede i Noreg. Ullgarn har også

slike merke. Både dei som produserer klede og garn er opptekne av å ha miljømerke på

produkta sine, me kan for eksempel finna ut kva miljømerke Cubus og HM har.

Svanemerket er det offisielle nordiske miljømerket som føl heile

prosessen til eit produkt, frå råvare, produksjon, bruk og avfall

Svanemerket kan gjelda for mange ulike produkt, ikkje berre klede.

Det gjeld alle trinn i tekstilproduksjon • fiberframstilling • spinning • veving • strikking • bleiking • innfarging. • etterbehandling • kvalitet

Eu-blomsten er EU sitt offisielle miljømerke. Det føl heile prosessen

frå råvare, produksjon, bruk og avfall – og er som det nordiske

svanemerket.

Page 54: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

54

ØkoteX er ikkje eit økologisk merke, men set krav til at det

ikkje skal innehalde kreftframkallande fargestoff og at det ikkje

skal innehalde allergiframkallande fargestoff

Du finn merket på kle, tekstilar og for eksempel handdukar.

GOTS er merkeordning for økologiske tekstilar

• Minst 70 % av fibrane skal vera økologisk dyrka • Strenge miljø og helsekrav under heile produksjonen • Fargestoff skal vera biologisk nedbrytbare og giftfrie

Woolmark er eit svært kjent kvalitetsmerke for ullprodukt

• Knallbra kvalitet på produktet • Slitesterkt produkt • Held fasong ved vask

Mulesing-fri

Mulesing har vore vanleg, særleg i Australia, og det er merinosauen som vert utsett for det. Mulesing er når det vert skåre kjøt frå bakbeina på sauen, utan bedøving. Dei gjer det for at ikkje spesielle fluger set seg i ulla og på kroppen til sauen. Dette er dyreplageri. Når eit produkt er merka med mulesingfri er det garantert utan mulesing på sauen. Det er lurt å sjekka dette viss du kjøper noko av merinoull.

Page 55: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

55

Den berekraftige sauen? Verdikjede er alle ledda: Kva som skjer frå ull til garn, strikkeplagg eller vevd stoff

Sauen er klar for veren.

Eit lite lam blir fødd.

Lammet får mjølk av sauemora si.

Sauen og lammet går opp på fjellet. Der

kosar dei seg heile sommaren!

Veren må vera att på beite heime.

Sauen og lammet vert henta ned frå fjellet

og heim.

Så er det klyppinga. Lammet er litt spent, men det går bra.

Lammet si ull er pakka i ein sekk, og saman med andre ullsekkar er ulla klar for turen

sin.

Page 56: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

56

Lastebilen kjem og tar ulla med seg, til sortering for å finna ut kva den skal vidare.

Ulla reiser til England med båt.

Vaskemaskina “etler” og vaskar ulla.Ulla

frå det vesle lammet blir til garn på

ullvarefabrikken.

I Noreg er det oversikt over verdikjeda til

ulla:

75 % av norsk ull ver levert inn til Norilia,

3 000 tonn ull kvart år

Norsk ull blir sendt til England for å bli

vaska, men samanlikna med kor langt

mykje ull reiser for å komma til Norge, er

dette ein kort tur.

Ca 25 % av norsk ull kjem tilbake frå

England til Noreg til produksjon av garn,

strikka stoff eller vevde stoff. Resten av ulla

vert til teppe og stoff, laga andre stader.

Sandnes Garn og Rauma Ullvarefabrikk er

dei to største norske spinneria. Hillesvåg Ullvarefabrikk er det tredje største i Noreg, mykje

mindre enn dei andre to.

Page 57: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

57

Vemund skriv denne historia om sauen Dulla:

Dulla med gull-ulla

Dulla er eit lite lam, ho har gul ull som skin like masse som gull. Derfor kallar folk ho Dulla med gull-ulla.

Ho er ikkje som alle dei andre lamma. Ho er ikkje like sjølvopptatt som de andre jente-lamma er.

Når Dulla går ut om morgonen går ho til bonden sin solstol og sit i den. Ho er veldig smart, smartare

enn Elvis ulv, klokare enn Mugle ugle og raskare enn Robert rev.

Men ho er ikkje like smart som Øyvin ørn, den smartaste, klokaste og raskaste av dei tre dyra.

Ein god sommardag skulle ho til beite og etter det skulle ho på Dyre-fjellet. På Dyre-fjellet har alle dyra

sommarferie. Alle dyra har fred på fjellet, rovdyr angrip ikkje dei andre dyra. Det bonden ikkje viste om

denne sommarferien, var at det var solbriller, solstolar, god drikke og masse meir.

Etter sommarferien kom ho heim til den viktigaste tingen...KLYPPINGA! som var veldig skummelt for

ho, men til slutt var det ikkje so verst.

Etter dette er det å pakka ulla i sekkar, bilen kjem og hentar det på garden.

Ulla kjem til ull-mottaket, ulla hadde ikkje i det minste gøy der!

Ulla blei vaska, det var skummelt for ulla. Det var ikkje gøy ikkje litt en gang.

Når ulla kom til «plysen» vart det full fart og vindt i håret. Frå eit hol i bakken, gjennom ei stor maskin

og ned i ein sekk.

Karding, det var ikkje so verst syns ulla. Ganske irriterande, men ikkje verst!

Spinning til garn, det var ganske godt syns ulla, det var berre gøy å bli surra rundt og rundt og rundt.

Farging, var veldig bra. På ein måte, den mista jo fargen, men fargen vart jo lyseblå og fin.

Strikkinga var også bra!

Og sist men ikkje minst, produkt! Det var det beste som ulla har opplevd.

Å bli til ei hua var rart men også fint.

Dulla blei på ein måte FØDD med “gull-ulla” si.

Kvifor blei Dulla fødd med gul ull som ser ut som gull? Me seier at ull er gull. Dette er kanskje fordi ulla

er berekraftig, det er eit naturleg produkt og du kan lett vaska det. Ulla brenn ikkje like mykje som

bomull og fleece.

No fortset me med ulla, som kom frå Dulla.

Ulla ser mykje på dette tidspunktet av livet sitt. Og den som kjøper ulla til slutt, er bonden som kvar

dag passar på Dulla. Dulla såg ikkje at ulla var hennar, men var veldig glad og stolt når bonden ein dag

fortalde henne det.

Etter langt om lenge blei ulla endeleg ei hua. Dulla si gull-ull blei til ei hua,

bonden syns hua var heilt gull!

Page 58: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

58

Sau som beitar lagar gras, lyng og lauv om til kjøt og ull og er bra for klimaet

• Sauen utnyttar masse ressursar i utmarka som elles ikkje hadde blitt utnytta, og utan

sau som beitar ville mykje gras grodd opp og mange buskar og tre også

• Dyra beitar og plantene veks på nytt. Beiting bind CO₂ fordi plantane som veks fortset

å veksa gjennom sesongen. Beiting gjer at det heile tida veks nytt gras som bind CO₂

• CO₂ som er bunde i grønt gras fyk ikkje opp i atmosfæren og det er bra for klimaet og

verden

Ulla frå Norske sauebønder får Svanemerket

• Dyra har hatt fått godt stell og har hatt det bra

• Det er krav om at sau skal gå på beite minst 16 veker i sommarsesongen

• Det er høge krav til dyrevelferd og helsa til sauen i Noreg

• Me veit kva som har skjedd med ulla frå den vart klipt av sauen, me veit korleis ulla

for eksempel er blitt til garn

• Det er oversikt over kvar ulla kjem frå og har reist

• Det vert brukt lite kjemikaliar ved vasking og reinsking av ulla

Det er mykje av garnet me kan kjøpa som ikkje er laga av norsk ull. Før tenkte dei at norsk ull

ikkje var så veldig bra til garn, men no er det fleire som lagar garn av norsk ull. Fordi det er

kaldt og mykje regn og vind får den norske ulla litt stivare og grovare fibrar. Det gjer ulla

sterkare. Og den er faktisk ganske mjuk likevel, syns eg.

Merinoull og alpakka er ikkje norsk ull, bortsett frå at det er litt av både alpakka og

merinosau i Noreg. Både merinoull og alpakka vert importert. Det er mange som likar denne

ulla fordi den er ekstra mjuk.

4.11 Me spinn garn og lagar produkt av ull

I januar lærte me korleis ull vart til garn i gamle dagar. Det er akkurat det same som skjer i

dag på fabrikkane, men no er det maskiner som gjer jobben.

Klasserommet vårt lukta ull og sau. For ulla me skulle

spinna av var ikkje vaska. Den har stått i papirsekkar

sidan sauane vart klypte i november.

Det første me måtte gjera var å karda ulla, så prøvde

me spinna den med både handtein og med rokk. Ulla

har lange fibrar, og viss me strekkjer dei så ryk dei fort.

Men, viss fibrane får tvinn på seg blir dei sterke.

Me hadde ull frå ulike sauar og sauerasar,

slik biletet frå tavla viser:

Page 59: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

59

Me hadde besøk av «Spinnedama»

Bente Siv, ho var veldig flink til både å

forklara og hjelpa oss.

Me kardar ulla. Alle fibrane må liggja same

vegen. Når me har karda nok, rullar me det

saman til «tullar» eller «krullar».

Dei skal me bruka til å spinna av.

Her er det spinning med handtein.

Page 60: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

60

Det var ikkje så lett å få til. Tråden blei

tjukk og ujamn. Tullen måtte trekkast ut

før det kom snurr i han, men då slitna den

også fort.

Ivrig

jobbing av

alle elevar

og lærarar

på skulen!

Page 61: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

61

Så fekk alle prøva å spinna på rokk. Her må også «tullen» strekkast godt og jamt ut før det

kjem snurr i han.

Samstundes må me trø slik

at hjulet på rokken sviv

rundt i jamn fart og i rett

fart så det går bra.

«Tenk kor bra det var den gongen dei fann ut at ull

som fekk tvinn på seg vert sterk. Då kunne dei

bruka ulla til å laga tråd og veva og seinare lærte

dei seg å strikka» sa Bente Siv.

Page 62: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

62

Bente Siv hadde spunne før. Her er garn ho

har laga av ulla til Bertina, eit spelsaulam frå

Bergo. Bertina si ull har ulike fargar. Når

Bente Siv karda dei ulike fargane saman vart

garnet grått.

Garn frå pelssauen Mona, også det har Bente

Siv laga. Under garnet ligg ull frå Mona.

Dette garnet laga me! Litt tjukt, litt tynt, ulike fargar frå ulike sauar. Det er karda, spunne og

tvinna til to-tråda strikkegarn her i klasserommet.

Page 63: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

63

Me lagde fleire ting av ull også. Alle laga

kvar sitt vevde stykke av vaska ull. Det skal

me sy saman til ei pute.

Me har òg nålefilta og tova figurar og nokon

har laga fargerike sauar av ullgarn.

4.12 Pernille besøkjer oss

Pernille jobbar i Lillelam, ho er sjefen og designaren.

Pernille ville besøkja oss fordi me har forska på ullhuer

frå bedrifta hennar. Ho kom på besøk til oss i januar.

Pernille fekk ei gåve av oss. Inni den var alt som var att

av babyhuene, det var merkelappane og sytråden og litt

til.

Pernille fortalde at på grunn av det me har funne ut så

er Lillelam i gang med å laga nye merkelappar til plagga

sine. Det skal vera merkelappar av ull, slik at også dei

vert brote ned.

Pernille veit alt som skjer i Lillelam, det er viktig for

henne. Ho fortalde at idéen om Lillelam kom då ho sjølv blei mamma og ville ha gode

ullplagg til ungane sine. Etter kvart er det blitt ei større bedrift, og dei er no ni tilsette i

Noreg. Alle kleda er produserte av merinoull frå Australia eller New Zealand, og kleda vert

strikka og sydde på fabrikkar i Polen og Latvia. Dei veit at dei som jobbar på fabrikkane har

det bra, og at det ikkje vert brukt gift i produksjonen.

Page 64: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

64

Pernille hadde med seg merinoull og ei lupe. Det var gøy å sjå på ull i lupe. Fibrane vart

nesten gjennomsiktige, blanke og likna på ein mellomting av glas og snø.

Pernille hadde med vareprøvar av vaska og karda merinoull og ukarda merinoull. Me

samanlikna det med den krøllete pelssau-ulla og den andre ulla me hadde. Merinoulla var

veldig mjuk, og i mikroskopet såg me at fibrane frå merinoulla var tynnare og meir

«glasaktige» å sjå på enn vår ull.

Page 65: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

65

Det var spennande å

studera fibrane sånn!

Då me såg på fibrane frå

ulike ullsortar i

mikroskopet forstod me

kvifor merinoulla vart

vekke først i hue-

prosjektet vårt.

Den har tynnare fibrar

og toler mindre.

Merinoull, som er vaska. Til venstre er den ikkje karda, og me ser dei små krøllane.

Ulike kvalitetar karda merinoull: mjuk – mjukare – mjukast.

Ull frå Eksingedals-sau:

Bak er pelssau-ull med

ulike fargar.

Framme til venstre er

Norsk kvit ull, og til høgre

ull frå spelsau. Spelsau-ulla

er to ulike typar ull, innerst

er mjuk botn-ull og så har

den lang dekk-ull.

Page 66: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

66

Lillelam er oppteken av kontroll over alle ledda. Pernille fortalde at til ein genser kan det

vera opptil 20 ulike leverandørar av alt frå merkelapp, trykk på merkelapp, knappar, tråd, ull

osv. Målet til Pernille er å ein gong laga eit heilt norsk teppe, av norsk ull i Noreg.

Elias og Pernille snakka om berekraft, Pernille fekk sjå alle ull-plakatane som me har laga.

Lillelam arbeider for å få til å kjøpa all merinoulla si frå ei gruppe bønder i New Zealand for å

kunna spora ull frå gard til ferdige kle. Dei er

opptekne av berekraft og etiske verdiar. Med

etikk meiner dei at alt skal vera rettferdig,

det skal vera miljøvenleg og at ein må tenkja

på både folk og natur. Pernille seier at å laga

kle slik Lillelam gjer, det tek litt lengre tid å

laga, det krev meir arbeid og det kostar meir.

Til dei som syns de er dyrt seier ho at kleda

varer lenge, dei kan arvast og dei kan seljast

og kjøpast brukt – og at det er mange brukte

Lillelam-kle på finn.no.

4.13 Me besøkjer Hillesvåg Ullvarefabrikk

Hillesvåg Ullvarefabrikk er ein veldig gammal fabrikk som vart bygd i 1898. Dei har mange

gamle maskiner som framleis er i bruk, og også nyare maskiner. Ulla som kjem dit har blitt

vaska i Storbritannia, før det kjem til Hillesvåg og blir farga i fargeriet. Dei spinn 20 000 kilo

ull i året. På ei veke spinn Hillesvåg like mykje ull som ein stor ull fabrikk spinn på ein time.

Hillesvåg har prøvd å spinne hår frå hund, moskus og hest. Hillesvåg er veldig flinke til å

tenke på miljøet og at produksjonen ikkje skader jorda. Tradisjonen til Hillesvåg er at etter

ein har eigd den så er det sonen hans som overtar. Tradisjon betyr at noko skjer år etter år.

Kvaliteten på det dei lagar er bra. Kvalitet betyr at noko er bra. Dei tenker på klimaet når dei

lagar nye ting. Miljøvennleg betyr at det ikkje skader jorda. Hillesvåg er flinke til å tenke på

dei neste som kjem etter oss, det er berekraftig.

Berekraftig betyr at det er miljøvenleg og ikkje øydelegg neste generasjon i verda.

Gammal tid på Hillesvåg – og oss på Hillesvåg i ny tid.

Page 67: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

67

Me starta omvisinga ute. Videre gjekk me inn på fargeriet, der blir ulla farga. Så gjekk me til

«Plysen», der såg me ulla bli større, den blei blåst luft igjennom og så karda. Etter det gjekk

me til nokre gamle maskiner som er frå 1890, etter det gjekk me til spinninga der ulla ble

spunne. Videre gjekk me for å sjå på tvinninga der ulla vart tvinna, så gjekk me til hesping der

ulla vart hespa. Då me var ferdig med det, gjekk me til tørkeloftet der garnet fekk kvila og

tørka. Me gjekk til ei dame som sette merkelappar på produkta.

HILLESVÅG

Me var på Hillesvåg ullvarefabrikk fredag 10. Januar. Eg lærte mykje om fabrikken sin historie

og korleis produksjonen skjer. Dette er ein liten faktatekst om Hillesvåg ullvarefabrikk.

Historie/Tradisjon

Fabrikken blei bygd i 1898 av Mikkel Myhr, han bygde huset sitt av alle kassane som

maskinene kom i. Han hadde 11 ungar og ei kone. Ungane og kona hans hjelpte mykje til på

fabrikken. Den yngste guten til Mikkel tok over fabrikken då Mikkel var ferdig, han heitte

Birger Myhr. Han fekk barn også. Den eine guten hans heit Gunnar Myhr. Han har 2 gutar

som no driv fabrikken. Tradisjonen til Hillesvåg er at det er ei familiebedrift og at dei lagar av

norsk ull.

Berekraft

Hillesvåg har eit stort fokus på at alt skal vera berekraftig og miljøvennleg. Å være

miljøvennleg vil sei at ein prøver å forhindra CO2 utslepp og å tenka at ein skal gjera

produksjonen enklast mogleg. Berekraftig vil sei at ein ikkje forureinar verda til neste

generasjon. Det er strenge krav på fargestoffa dei bruker. Dei marker er dette med å gå over

til å bruka meir av GOTS- godkjente fargestoff. GOTS stiller krav til at fargestoff er biologisk

nedbrytbare og giftfrie, at det ferdige produktet ikkje inneheld allergen eller restar av farlege

kjemikaliar. GOTS (Global Organic Textile Standard) er ei internasjonal merkeordning for

økologiske tekstilar. Mykje av arbeidet på fabrikken er gjort for hand. Alt dei lagar på

Hillesvåg er laga miljøvennleg.

Produksjonen

Ulla går gjennom mange steg før den blir til eit ferdig produkt. Hillesvåg legg mykje handverk

i produkta sine. Dei kjøper ull ifrå Norge, men den blir vaska i Storbritannia. Dei vaskar

villsauull sjølv på fabrikken og ull frå private kundar. Alt startar i fargeriet, deretter skal det

tørka i 24 timar. Når det har tørka så går ulla gjennom “Plysen”. I Plysen så går ulla gjennom

eit rør med luft, deretter går ulla gjennom ei maskin som riv opp fibrane i ulla. Dette skjer 2

gongar, så kjem det inn i ein sekk. I 2 etasje blir ulla karda og spunne, Dei kan spinna ca 70

spolar på kvar side av “Spinnemaskina”. Dei spinn ca. 60 kg på ei veke. På ei veke spinn

Hillesvåg like mykje som andre fabrikkar spinn på 1 time. Vidare reiser garnet opp på

spinneloftet for tvinning. Etter dette skal det kvila i 48 timar. Etter denne prosessen så skal

Page 68: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

68

hespene knytast. I fjerde etasje er det tørkeloft og eit arbeidsrom for å legga på etikett og

strek-kode på “hespene”.

Kvalitet

Produkta til Hillesvåg har god kvalitet. Det er slitesterkt og heldt godt på fargen. Ulla klør

lite. Kvaliteten er god fordi dei brukar norsk ull og tenkjer på fargestoffa.

4.14 Me besøkjer Dale of Norway

Dale of Norway heitte før Dale Fabrikker. Peder Jebsen kjøpte elva og grunnla Dale fabrikker på Dale i 1879. No heiter fabrikken Dale of Norway. Den første produksjonen var bomullsvareproduksjon, seinare gjekk dei over til ullvarer.

Peder Jebsen hadde over 20 born, men ingen av dei hadde til lyst å overta. Dale fabrikker har hatt veldig mange eigarar, og det er kort tid sidan sist eigarskifte. I 1892 kom det ei nasjonal lov om at ein måtte vera over 12 år for å få lov til å jobba i fabrikken. Før det hadde ganske små born jobba der, saman med foreldra sine. I 1894 starta fabrikken opp skule for arbeidarane sine born – og i 1949 starta dei barnehage for born som hadde mødrer som jobba på fabrikken. I 1956 vert Dale Fabrikker offisiell utstyrsleverandør til Norges Ski Forbund. Frå no leverer dei klede til alle OL og VM. Det vart eit stort gjennombrot med OL på Lillehammer 1994, etter det ville alle ha Dale-genserar. Etter dette har Dale satsa meir og meir på sal i utlandet.

Gard fortalde mykje spennande om Dale, her viser han oss utstillinga med alle OL- og VM-genserane.

Page 69: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

69

Sidan 2009 har Dale retta seg meir mot mote- og luksusmarknad. Dei sel mykje til turistar og folk som har mykje pengar. Dei sel også til folk som er bevisste på at dei vil ha klede som er laga av ekte ull og har god kvalitet. Dei er opptekne av at produkta dei lagar skal vera unike i sin stil. Gamle tradisjonsrike mønster vert brukt på tynne merinogensarar. Strikkagensrane som vart suksess i OL og VM er inspirasjon for designaren som designar dei tynne merinogensarane i dag.

Genseren Gard har på seg er inspirert av OL.-genseren frå OL på Lillehammer i 1994. Mønsterborder er strikka med tynn, tynn tråd på maskin. No av merinoull, før av tjukt strikkegarn.

Før i tida jobba det masse folk på fabrikken, i 1963 er Dale fabrikker på sitt aller største med 1250 tilsette. No i 2020 jobbar det 88 folk på fabrikken. På grunn av at klede av ull er meir og meir populært har talet på tilsette på Dale auka siste åra.

Page 70: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

70

Før laga Dale garn, så laga dei garn og strikka klede. No lagar dei berre klede. Garnproduksjonen til Dale er kjøpt opp, og no har ikkje Dale-garnet noko å gjera med denne fabrikken og Dale lengre. Berre namnet høyrer til Dale, garnet blir laga mange stader, men iallfall ikkje på Dale. På Dale of Norway planlegg dei alt om produkta sine. Dei designar og dei strikkar. Berre litt syr dei saman sjølv. Det kan ta mellom 20 minutt og 1 time å strikka ein genser, det kjem an på kor mykje mønster det er og korleis mønsteret er. Alle plagga vert stikka i delar som skal syast saman. Det kan ta mellom 20 minutt og 1 time “å samla saman ein genser”. Å samla saman ein grensar er det ein seier når ein syr saman heile genseren og syr i for eksempel glidelås. Glidelåsen dei bruker er av merke “YKK", som er god kvalitet. Dei er opptatt av at det skal vera kvalitet i alle ledd, frå ulla til glidelåsen.

Før fekk dei ull i frå bonden, vaska ulla og laga garnet sjølv. Då gjorde dei heile prosessen på Dale. No kjøper dei ferdig spunne garn. Alt garnet er spunne og farga i Europa.

I produksjon av kleda sine brukar Dale of Norway anten merinogarn eller norsk garn. Merinoulla er frå New Zealand, og er garantert mulesingfri. Merinogarnet er veldig tynt, nesten meir som sytråd. Av dette lagar dei tynne ullgensarar. Garnet av norsk ull er litt tjukkare, og kleda ver tjukkare. Desse kleda er meir slitesterke enn dei tynne av merino.

Page 71: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

71

4.15 Meir om berekraft: Kva ser me no?

Etter å ha jobba så lenge med ull og produkt snakka me meir om berekraft. Me gjorde ferdig

ein plakat som me starta på i haust. Elias skreiv opp dei tinga me snakka om som er viktig og

han laga figurar. Figurane er modell av noko Elias fann, men han har laga dei heilt sjølv og

orda er våre. Det er eit diagram som er sett saman av tre delar: miljø, sosial og økonomi.

Desse tre delane er det me må tenkja på for å vita om noko er berekraftig.

Midten av sirkelen viser

berekraft. Då er alle tre punkta

bra. Når det er sånn er alt sånn

som det skal vera. Men det er

det ikkje alltid så lett å få til for

dei som skal laga noko.

Me kan tenka på det når me skal

kjøpa noko, og me må øva oss til

å bli flinkare til å tenkja på det.

Me må på ein måte ha tre tankar

i hovudet på ein gong:

Er det bra for folka som produserer?

Er det bra for økonomien?

Er det bra for miljøet?

Her viser kva me har funne ut at er viktig i dei tre sirklane for produksjon av kle:

Dei bedriftene me har snakka med er alle opptekne av å ha sertifikat for god miljømerking.

Page 72: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

72

Hillesvåg er oppteken av å produsera garn av norsk ull. Det meste dei lagar er garn av norsk

ull. Dei produserer litt merinogarn og bomullsgarn også, og då er dei oppteken av kvar ulla

vert kjøpt inn, garantert mulesingfri. Når dei går tom for ein farge og må bytte ut fargestoff,

handlar dei fargar som er GOTS-godkjente. Hillesvåg gjer alle tinga på fabrikken sin, ulla er

for det meste veldig kortreist – men den har vore ein tur til England og vaska seg. Dei som

jobbar på fabrikken var blide og syns dei jobba på ein bra plass. Eigarane jobba der og alle

kjente kvarandre. Garnet frå Hillesvåg kan me seia er berekraftig, dei heldt seg innafor

sirklane.

Lillelam er veldig opptatt av heile verdikjeda, alle sirklane i figuren. Pernille såg på sirklane

saman med Elias – og dei snakka om korleis alt måtte henga saman for å vera berekraftig.

Dei importerer merino som garantert er mulesingfri, og Pernille jobbar med avtale om å

kjøpa merinoull direkte frå ei gruppe bønder slik at ulla kan sporast frå garden sauen kjem

frå til klesplagget. Lillelam veit nøyaktig korleis produksjonen skjer og korleis arbeidarane har

det. Pernille var oppteken av at kleda skulle vara lenge, dei kan arvast eller seljast. Og etter

dei er ferdig brukte går dei tilbake til jorda: «Ull er helt naturlig. Ull kommer frå naturen og

går tilbake til naturen», sa Pernille. Det fann me ut i dette Nysgjerrigperprosjektet vårt. Ulla

som Lillelam brukar har reist langt, men på ein måte under Lillelam sin kontroll.

Forskinga vår har gjort at Lillelam jobbar med ny merkelapp til plagga sine, som gjer dei endå

meir berekraftige. Me anbefaler at dei lagar meir klede av norsk ull.

Dale of Norway strikkar klede av norsk ull eller av merinoull frå New Zealand. Dei kjøper

ferdig spunne ullgarn frå Europa. Kleda vert designa og strikka på Dale. Dei ferdig strikka

delane vert pakka og sendt til fabrikkar i Europa, som syr det saman til plagg. Så kjem plagga

attende til Dale, og vert seld til heile verda. Dale er oppteken av miljømerking, og har nok

kontroll over prosessen. Alt skjer i Europa, og då veit ein korleis produksjonen skjer og

korleis arbeidarane har det. Men, det er mykje transport her. Faktisk veldig mykje fram og

tilbake. Dei er opptekne av at det er sin stil, kvalitet og at det er ekte.

Syntetiske kle er ikkje så berekraftige. Problemet er både mikroplast som kjem på feil plass i

naturen - og at dei er laga kunstig. Dessutan har slike kle ofte reist veldig langt.

Bomull er naturleg, men produksjonen er ikkje så miljøvenleg. Fibrane til bomull er annleis

enn fibrane til ull og syntetisk, dei leier ikkje vatn på same måten. Bomull er ikkje berekraftig

med tanke på bruk av vatn, kjemikalie og arbeidarane, og bomull har reist langt. Dei brukar

opp meir enn det vatnet dei har til å dyrka bomull.

Me har funne ut at ull er mykje meir berekraftig enn bomull og syntetiske kle. Ull treng

heller ikkje vaskast så mykje. Og viss det går av partiklar frå ull, så vert dei lett brotne ned.

Babyhuene av merinoull vart raskast og mest vekke i jorda. Det kjem av at merinoulla har

tynnare og finare fibrar, slik me såg i mikroskop. Tynne ullkle av merinoull heldt seg godt

lenge. Men, litt tjukkare plagg av norsk ull heldt seg aller lengst. Norsk ull er meir slitesterk

på grunn av sterkare fibrar. Og det er nok meir berekraftig, kortreist og varer lenge.

Norsk ull er berekraftig fordi det er eit heilt naturleg stoff og lett å bryta ned. Me veit mykje

om produksjonen og heile verdikjeda til ulla, og norsk ull har fått svanemerket.

Page 73: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

73

Verdikjeda til ulla, til garnet og til kleda er det faktisk viktig å vita noko om. Viss me skal få

vita om dyra som har laga ulla har hatt det bra, må me vita kva land dei lever i og korleis

kontrollen er der. Og me må vita korleis og kvar kleda er laga, for det er tryggare i

berekraftig retning viss kleda er produserte på fabrikkar i Europa. Aller best er det om heile

prosessen skjer i Noreg.

Først når me veit om alle dei tre sirklane, veit me om det er berekraftig.

Gjenbruk: Uansett er det lurt å bruka kle lenge, arva av kvarande eller gje dei vidare. Det er

meir berekraftig enn å kjøpa mykje nytt.

Og me er einige om at det er meir berekraftig å eta eple frå Hardanger enn frå Italia, Polen

eller Australia.

Berekraft er ei kraft til å bera verda utan å øydeleggja for dei etter oss

Korleis me brukar verda

har noko å seia for

mange andre i heile verda. Og

det vil ha noko å seia for

framtida til verda.

Page 74: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

74

5 Dette fann me ut

Stemte hypotesane?

Eg trur ullhua vert vekke først, fordi eg har sett at ull blir ganske fort vekke i naturen

SANN

Eg trur at fleecehua blir borte til slutt sidan fleece har plast i seg SANN Eg trur bomullshua blir brote ned før fleecehua SANN Eg trur det første som skjer er at det blir hol i huene SANN Eg trur at ull og bomull blir omtrent likt brote ned fordi dei begge kjem frå naturen

USANN

Eg trur at det ikkje er så veldig stor forskjell på huene. USANN Viss nokon av huene forsvinn, så trur me at det kan vera ei av ullhuene. Fordi når ein sau dør ute i naturen brukar den ikkje så lang tid på å mista ull.

SANN

Det kan vera bomullshua også, for bomull er ein plante – og den kan nok brytast ned, kanskje eigentleg fortare enn ull som kjem frå dyr?

USANN

Viss nokon av huene vert holete i sommar, trur eg det er den ullhua me først la nedi og ho då har lege der lengst.

USIKKER

Eg trur eigenleg ikkje det skjer så mykje i sommar sidan det ikkje har skjedd så mykje i vinter. Eg trur det vil ta mykje lengre tid enn ein sommarferie.

USANN

Eg trur det skjer meir i sommar, fordi vinteren er nesten som ein fryseboks. Og i ein fryseboks så heldt alt seg godt lenge.

SANN

Alt starta med huene, og det var den store forskinga vår. Me fekk eit resultat, der ull og

ullhuer skilte seg ut frå dei andre huene. Denne oppdaginga gjorde at me ville finna endå

meir ut om kle og om ull.

Ull kjem frå naturen, frå sau, alpakka eller vikunja. Det er mange ulike raser som produserer

ull. Merinoull er den aller mjukaste ulla. Fibrane til ulla avgjer om ulla klør eller ikkje. Ulike

sauerasar har ulike fibrar. Lamma har mjukare fiber enn dei vaksne sauane. Norske sauar har

grovare fiber fordi dei går ute i mykje vêr og vind. Merinosau har mjuke fibrar. Dersom

merinosauen går på beite i Noreg får også den grovare fiber. Me har sett på fibrane til ull i

mikroskop, og me har sett at fibrar er ulike. Dei ser heilt blanke og litt gjennomsiktige ut i

mikroskopet, men er ulikt tjukke. Den mjuke og tynne merinoulla hadde tynnast fibrar.

Ull vart fort brote ned til jord, den går tilbake til verda sitt økosystem.

Ull er svært lite brennbart.

Bomull er også heilt naturleg, og kjem frå ein plante. Når ein produserer bomull så brukar ein

frykteleg mykje vatn og gift. Bomull gjekk også til jorda men det tok litt lengre tid enn med

ulla. Bomull brenn berre litt, men meir enn ull. Produksjonen av bomull er problemet.

Økologisk bomull er meir berekraftig.

Akryl og polyester er stoff om vert kalla syntetiske. Det er fordi dei er laga. Dei kjem av olje,

men det skjer veldig mykje før det vert til fibrar til å laga kle av. Dei syntetiske huene (akryl-

og fleecehua) var like fine etter 1 år og to månader i jorda, økosystemet vårt greier ikkje

bryta dei ned. Det er fordi dei ikkje er naturlege stoff her. Slike kle har plast i seg. Vasking av

Page 75: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

75

syntetiske kle gjer at seg masse mikroplast forsvinn til havet. Det er ikkje bra for

økosystemet.

Me fann ut at nokre av huene var som «fotballen som har reist hele verden før den kom i

mål». Slik er det med kleda våre også. Den mest kortreiste hua var den som var heimestrikka

i Eksingedalen, av norsk ullgarn som var laga på næraste ullvarefabrikk. Kanskje kom ulla frå

Eksingedalen også?

Nedbrytinga skjedde fort i sommar. Me blei kjempeoverraska over at det skjedde så fort. Det

meste skjedde mellom mai og august. Det var varmt og godt i jorda og mykje liv i jorda.

Hausten og vinteren verkar som ein fryseboks, det skjer ikkje noko. Det såg me av forskinga

vår. Om våren vaknar naturen etter vinteren og alle småkrypa og mikroorganismane et,

formeirar seg, bæsjar og gjer organisk materiale om til jord. Så difor går nedbrytinga fort om

sommaren.

Me har lært at fibrane i stoffa er viktige for korleis dei verkar på kroppen vår. For å halda seg

varm er det viktig med luft og å unngå å bli våt. Bomullsfibrane trekkjer seg saman av vatn

og kjennest fort kalde ut. Både syntetisk fiber og ull verkar bra, dei har luft i seg og dei

transporterer vatn vekk frå kroppen.

I forskinga vår fekk me fram at ull og huene av ull var annleis enn dei andre huene me såg

på. Me har lese og snakka med folk og funne ut masse meir om ull. Ull er faktisk kjempebra

med mange gode eigenskapar. Ull er heilt naturleg og ull passar heile året.

Me har jobba praktisk med ull. Me har tova, nålefilta, karda, spunne og vevd. Me har kjent

på uvaska ull og på vaska ull. Me har kjent på ulik lukt og kjent at uvaska ull kan vera seig

eller feit å ta på. Me har laga vårt eige garn og me har sett korleis garn vert spunne på

ullvarefabrikk. Den aller mest naturlege ulla var den me sjølv karda og spann og laga garn

av. Den kom frå sau som har beita i fjella her i Eksingedalen.

Me har lært om sauerasar og om miljømerking. Me har lært om kva verdikjede er, og først

når me veit heile verdikjeda så veit me om produktet er berekraftig. Norsk ull har

svanemerket, som er eit veldig bra miljømerke å ha. Norske sauar har det bra og ein kjenner

verdikjeda til den norske ulla. Sauen beitar og lagar gras og lyng om til kjøt og ull. Det at

sauen beitar i fjella gjer sauen bra for miljøet også.

Me har lært mykje om berekraft. Og me har lært at

det billegaste og enklaste valet ikkje alltid er det

rette. For det gjeld å sjå alle sirklane. Dei tre

bedriftene me har vore i kontakt med har alle vore

opptekne av berekraft. Dei to bedriftene som lagar

klede er opptekne av berekraft, og forklarer ut frå

det at produkta deira er litt dyrare.

Alle bør vita meir om korleis kle vert laga. Det er lurt å sjekka om kle har miljømerke.

Page 76: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

76

Ull må brukast mykje, mykje meir!

For ull har gode eigenskapar, varer lenge og går lettast

tilbake til naturen.

Ull går inn i den evige sirkelen – det store økosystemet.

Det er naturen – og det er heile verda vår.

Viss me kan seia at me kan gjera nok

om og om att

og for evig og alltid,

så er det berekraftig.

Page 77: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

77

6 Me fortel til andre

Film om prosjektet: Kan kle vera berekraftige?

Det dukka opp eit filmtilbod! Det kom ein kar ifrå Voss då me skulle grava opp huene for

siste gong. Så denne dagen vart ekstra spennande.

Dette vart til ein film som fekk tittelen: «Kan kle vera berekraftige?» og undertittel «Vil ei

hue brytast ned til rein jord?» I filmen får alle sjå at det er ulla og ullhuene som vert brote

ned og vekke i jorda. Denne filmen viser me på temakveld på skulen 12.mars, og den vert

Page 78: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

78

sendt inn saman med Nysgjerrigper-rapporten vår.

Dei som skal endra merkelappen sin

Forskinga vår gjorde at Pernille og bedrifta jobbar

med ny merkelapp. Dei vil no laga merkelapp av

ull slik at den også vert brote ned. Det bestemte

Pernille seg for i august.

Me anbefaler merkelapp av norsk ull, det er aller

mest miljøvenleg, men ein merkelapp som klør er

ikkje bra. Så då må det i tilfelle vera mjuk, norsk

lammeull.

Tips til lærar Anna Anbefaling til lærar Anna som skal ha baby:

10 gode grunnar til å bruka ull

• Ull gjev betre blod-gjennomstrøyming i kroppen. • Ull brenn ikkje, det berre smuldrar opp. • Det er bra å leika i ull. • Ull er varmt sjølv om den er våt, så då kan barn leike i regnet utan å bli så kald. • Ull pustar, dette betyr at den raskt tilpassar seg endring i temperatur

• Dei fleste ullkleda som vert produsert til barn i dag kan maskinvaskast • Ull er elastisk, og den heldt godt på fasongen • Merinoull er veldig mjuk og behageleg mot sensitiv barnehud • 93 % av alle norske mødrer brukar ull på babyen sin (2012) • Ullklede er lett å halda reine

Page 79: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

79

Me fortel til lokalavisa

På den første av ull-dagane kom avisa Hordaland på besøk. Dei lagde fire sider om ull i

vintermagasinet sitt, og dei skreiv om Nysgjerrigperprosjektet vårt også.

Page 80: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

80

Temakveld for bygda:

Dette hadde me gledd oss til!

Borda var dekka,

maten var laga.

Plakatar var hengt opp

på veggane i gymsalen.

Me hadde rigga opp

projektor for å visa filmen

«Kan kle vera

berekraftige?»

Me hadde laga PowerPoint-

presentasjon der me skulle

fortelja om alt etter filmen.

Me hadde klar «Kahoot!»

med spørsmål frå prosjektet

– og med spørsmål om ting

me har funne ut.

Page 81: Kan kle vera berekraftige? - Nysgjerrigper · Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me lesa, søka informasjon på nettet eller

81

Så skjedde det: Kl. 12 denne dagen, 11.mars 2020, fekk me beskjed om at Vaksdal Kommune

har sett inn nye retningslinjer for å førebyggja korona. Det skal ikkje vera fleire enn 25 -30 i

same rommet.

Temakvelden måtte avlysast, og me var veldig, veldig

lei oss. Me var frykteleg leie oss.

Og så snakka me om at det var frykteleg dumt at dette

med korona som spreier seg skjer – og at det faktisk er

mykje me ikkje veit no om korleis våren blir.

Me rigga ned at utstillinga og rydda opp

alle borda. Så åt me kaker og tok

skulebussen heim.

Nysgjerrigper har vore veldig kjekt!

Me har lært masse, berre synd at me kjem til å hugsa avslutninga slik.

Me håpar at ikkje nokon blir sjuke – og me håpar at me kan visa fram alt me har gjort og lært

på ein temakveld seinare, til våren ein gong!