Kapittel 21. Kommunisme og nazisme

Preview:

DESCRIPTION

Kapittel 21. Kommunisme og nazisme. NYNORSK. Elevane skal kunne – vurdere kva ulike ideologier har hatt å seie for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900-talet. Påbygging. Kommunisme i Russland. Revolusjon i Russland - PowerPoint PPT Presentation

Citation preview

Kapittel 21. Kommunisme og nazisme

Elevane skal kunne

– vurdere kva ulike ideologier har hatt å seie for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900-talet

Påbygging

NYNORSK

Kommunisme i Russland

Revolusjon i Russland

– Februarrevolusjonen i 1917 førte til at tsaren gav avkall på tronen og overlét makta til ei provisorisk regjering utgått frå nasjonalforsamlinga. – Arbeidarar og soldatar begynte å velje sovjet (rådsforsamlingar) som skulle styre kvar fabrikk og kvar militærforlegning.  – Gjennom eit kupp i hovudstaden St. Petersburg i november 1917, kjent som oktoberrevolusjonen, tok Lenin og bolsjevikane makta.

Påbygging

Årsaker til at tsarregimet fall

– Tap i krigen mot Japan i 1905. – Den første verdskrigen. – Økonomiske og sosiale problem i Russland.  – Det fantest ikkje eit liberalt borgarskap som kunne drive fram økonomiske og politiske reformer.  – Brutal undertrykking av all politisk opposisjon.

Påbygging

Borgarkrig og krigskommunisme

– Hovudstadskuppet i 1917 blei etterfølgt av ein blodig borgarkrig (1918–1922).  – Terror blei ein reiskap for omdanninga av det russiske samfunnet. – Krigskommunismen – beslaglegging av avlingar, konfiskering av industribedrifter og nasjonalisering av bankar - blei avgjerande for utfallet av borgarkrigen.

Påbygging

Revolusjonen og borgarkrigen raserte økonomien i Russland  – 1921: Lenin sleppte marknadskreftene fri gjennom ein ny økonomisk politikk (NEP) for å få hjula i gang igjen.

– 1922: Den nye kommuniststaten blei formelt organisert som eit laust statsforbund og fekk namnet Unionen av sosialistiske sovjetrepublikkar (Sovjetunionen).

Påbygging

Sovjetunionen under Stalin

– Sovjetunionens første femårsplan blei iverksett i 1928. – Jordbruket blei tvangskollektivisert.  – Fleire millionar bønder mista livet. – Stalin brukte tvang for å få arbeidarane i Sovjetunionen til å produsere meir.  – Frå midten av 1930-årene blei terroren retta mot folk i kommunistpartiet, statsapparatet, hæren og tryggingspolitiet.  – Nesten 1 million menneske blei avretta.

Påbygging

Nazisme og fascisme

– Det italienske fascistpartiet, Fasci di combattimento, (Kampforbundene), blei stifta i Milano i mars 1919.  – Det tyske nazistpartiet blei stifta i München i januar 1919, og tok året etter namnet Det nasjonale sosialistiske tyske arbeidarpartiet (NSDAP).

Påbygging

Fellestrekk mellom fascisme og nazisme

– Begge partia kravde absolutt lydnad mot føraren. – Begge såg på vald og terror som akseptable politiske verkemiddel. – Begge var svært opptekne av rituale og av ytre effektar som uniformer, faner, songar og marsjering.  – I den tyske nazismen var rasisme og særlig antisemittisme eit berande element. Rasismen var også til stades i den italienske fascismen, men ikkje i samme ekstreme grad.

Påbygging

– 1919–1920: Kamp mot sosialistane gav fascistane brei oppslutning i Nord-Italia. – 1922: Om lag 25 000 fascistar marsjerte mot Roma og kravde at Mussolini skulle bli regjeringssjef.  – Mussolini blei leiar for ei samlingsregjering. Men terroren heldt fram, og etter ei tid avskaffa fascistane demokratiet. 

Påbygging

Hitler blei diktator

– I 1932 blei NSDAP det største partiet i Riksdagen.  – President Hindenburg bad leiaren for NSDAP, Adolf Hitler, om å bli kanslar for ei koalisjonsregjering.  – Hitler skreiv straks ut nyvalg og da riksdagsbygningen brann midt under valkampen, nytta Hitler høvet til å oppheve presse- og trykkjefridomen og alminnelege borgarrettar. – Ved valet i 1933 oppnådde nazistane 44 % av røystene.  – Den nyvalde Riksdagen vedtok fullmaktslover som gav Hitler uinnskrenka makt. Han blei president og øvstkommanderande for hæren.

Påbygging

Kvifor fekk nazistene makta?– Den økonomiske krisa førte til at både arbeidarar, borgarskap og storindustrielle kretsar såg redninga si i NSDAP. – Fredsavtalen etter første verdenskrigen var ei årsak til det økonomiske uføret i Tyskland. – Kjensle av nasjonal audmjukinge som Hitler kunne spele på. – Nazistane forstod, beherska og utnytta propagandakunsten. – Antinazistiske parti, særleg innan arbeidarrørsla, hadde vanskeleg for å samarbeide på grunn av Sovjetunionens politikk. – Tradisjonar i tysk kulturliv: Mange historikarar har lagt vekt på at dei ideal som stod sterkt i nazismen – nasjonalisme, autoritetstro og antisemittisme – også blei forfekta i det før-nazistiske tyske samfunnet.

Påbygging

Den nazistiske staten

– Lik fascistane i Italia, overtok nazistane all makt i samfunnet der dei kunne.  – NSDAP blei det einaste lovlege partiet. – I statsapparatet blei det sett inn nazistar som overvåka og kontrollerte at funksjonærane følgde nazistisk politikk. – Eit propagandaministerium blei oppretta for å indoktrinere befolkninga.  – Nazistane oppretta eit hemmeleg politi og anla konsentrasjonsleirar der politiske motstandarar blei internerte. 

Påbygging

– Ved hjelp av storstilte byggeprosjekt (jernbane og motorvegsanlegg, fireårsplanar for industriproduksjon og rask militær opprusting) fekk nazistene hjula i gang igjen.  – Sigøynarar og homofile blei forfølgde.  – Nazistane dreiv systematisk avliving av menneske med fysiske og psykiske handikap. – Antisemittismen, det vil seie forfølging av jødar, blei sett øvst på dagsordenen.

Påbygging