Teori: Bloom sin kognitive taksonomi
• Denne teorien er grunnleggjande både for kompetansemåla i læreplanen og nasjonale prøvar.
• • Den er inndelt i 6 nivå.
• Viser ein systematisk progresjon frå faktakunnskap til stadig meir
komplisert måte å bruke kunnskapen på.
• I det lokale læreplanarbeidet ser vi kva verb som blir brukt i forhold til kompetansemålet.
• Desse verba kan vere ein innfallsvinkel til arbeidsmåtar og vurderingsform på kvart klassesteg.
Faktakunnskap
• Vil seie å gjenta og fortelje det ein har lese eller høyrt. Denne reproduksjonen av kunnskap er ein føresetnad for dei neste steg i pyramiden.
• Verb ein kan ta i bruk på dette nivået: gjengi, angi, definere, beskrive, namngje, kjenne igjen, gje eksempel på, gjere greie for.
• Eleven skal kunne
• Eksempel
- beskrive korleis folka i steinalderen levde
- gjenfortelje eventyr
- setje namn på dei norske pengane som krone, tiar, og tjuekroningen osv
Forståing
• På dette nivået skal elevane gjenta lærestoffet med eigne ord, trekkje samanhengande linjer mellom ulike delar av fagstoffet, forklare, påpeike likskap og forskjellar osv.
• Verb ein kan ta i bruk for å få fram denne kunnskapen: forklare, påpeike, karakterisere, plukke ut, formulerer, ha oversikt over, snakke om, sortere.
• Eksempel:
• Eleven skal kunne
- forklare korleis menneska gjer seg nytte av naturgrunnlaget
- snakke om forskjellar før og no
- peike på viktige delar av FN verdserkæring
Anvending
• På dette nivået handlar det om å ta i bruk innlært stoff til å løyse enkle oppgåver på ein standardisert måte.
• Verb ein kan ta i bruk for å få fram denne kunnskapen er: finne, bruke, diskutere, beregne, fortelje om, søkje etter, presentere, framføre, anvende, publisere, innhente.
• Eksempel på lokale mål: • Eleven skal kunne • beregne volum av ein sylinder • bruke ordbøker på eiga hand • presentere eige arbeid for andre • publisere resultat frå eiga undersøking
Analyse
• Her tek ein i bruk innlært stoff til å dele opp komplekse oppgåve i enklare delproblem, skilje desse frå kvarandre og løyse delproblema kvar for seg.
• Verb som kan brukast for å få fram denne måten å bruke kunnskapen på: analysere, identifisere, undersøkje, finne ut, tolke, utforske, overføre, vidareføre, skilje mellom, fortolke, gjere greie for.
• Eksempel på lokale mål: • Eleven skal kunne • samanlikne personar og handlingar i forskjellige bøker • undersøkje lokale samlingar og minnesmerke • gjere greie for kvifor det er tidsforskjellar • identifisere vesentlege språklege likskapar og forskjellar mellom engelsk og
eige morsmål • utforske kristendomen sin stilling og særpreg
Syntese
• På dette nivå handlar det om å kople saman innlært stoff frå ulike delar av faget til å løyse komplekse oppgåver på ein original og situasjonstilpassa måte.
• Verb som er hensiktsmessige å ta i brukl når ein skal bryte ned måla på dette nivået er : kombinere, føreslå, velje,konkludere, uttrykkje, vise evne til dialog, samtale om, samarbeide om, utveksle meiningar, reflektere.
• Eksempel • Eleven skal kunne • samtale om haldningar til rusmiddel • reflektere over etiske spørsmål knytt til heterofili og homofili • vise evne til dialog om relegions – og livssynsspørsmål.
Vurdering
• Her handlar det om å gje uttrykk for eigne refleksjonar omkring kunnskapen sin validitet og nytteverdi.
• Verb som er hensiktsmessige å bruke i denne samanhengen er: bedømme, vurdere, drøfte, diskutere, avgjere, grunngje, beregne sannsyn.
• Eksempel på lokale mål: • Eleven skal kunne • diskutere årsaka til og verknader av kriminalitet • drøfte forhold mellom kjærleik og seksualitet i lys av kulturelle normer. • Vurdere eigenskapa til grunnstoffa og forbindingar ved bruk av
periodesystemet • Bedømme korleis ulike metodar markedsføring kan påverke val av
matvarer
Kompetanse
• Kompetanse er å møte komplekse utfordringar • Det er dei krava som individet, verksemda eller samfunnet står
ovanfor som er avgjerande for kva kompetanse som blir kravd. • Kompetanse er evna til å tenkje kreativt og nytt. • Opplæringa skal fremme deltaking, aktivitet og samspel.
• Utvikle kompetanse, ikkje berre reprodusere, men legg vekt på å
drøfte, vurdere, analysere , diskutere, reflektere og så vidare.
Språkleg systematikk - taksonomi
• Kunnskapen må kategoriserast og klassifiserast i ein struktur slik at ein ser korleis ting heng saman.
• Systematisering – oppdage taksonomier/klassifisere (korleis ting høyrer saman).
• Å gjere elevane bevisst om taksonomien vil vere med på å lette lesinga slik at dei forstår samanhengen i ein tekst betre.
Vanskegraden i ein tekst avhenger av:
• Kor komplisert og omfattande strukturen er.
• Om strukturen er vist tydeleg, for eksempel i form av diagram, eller kursivering.
• I kor stor grad er kriteria for strukturen beskrive i teksten.
Kva for informasjon finn vi i analyseverktøyet?
• kva for leseaspekt kvar oppgåve måler (finne, tolke, reflektere)
• kva for teksttype oppgåva omhandlar (til dømes informerande, argumenterande eller instruerande)
• kva for fag kvar oppgåve kan knytast til (til dømes samfunnsfag og norsk)
• kva slags format oppgåvene har (open, fleirval eller samansett)
• kva for vanskegrad kvar oppgåve har
• elevgruppa sine resultat for dei ulike oppgåvene i prøva
• elevgruppa sine førebelse resultat fordelte på meistringsnivå sett i forhold til landsgjennomsnittet
Teksttype
• Oppgåver knytte til samanhengande tekstdelar er kategoriserte med utgangspunkt i kva slags framstillingsmåte som dominerer teksten som heilskap.
• Informerande tekstar informerer om verkelegheita og kan til dømes vere henta frå ulike typar fagbøker, tidsskrift eller aviser.
• Argumenterande tekstar har som formål å overtyde og påverke og kan til dømes vere eit lesarinnlegg, ein tale eller reklame.
• Instruerande tekstar forklårar ein prosess eller framgangsmåte og kan til dømes vere oppskrifter eller bruksrettleiingar.
• Forteljande tekstar ordnar hendingar etter ei tidslinje. Både skjønnlitterære tekstar og sakprosatekstar kan bruke ein forteljande framstillingsmåte.
• Oppgåver som er knytte til ikkje-samanhengande tekstdelar, er kategoriserte med utgangpunkt i strukturen, til dømes kart, illustrasjon, figur, graf, tabell, liste og ulike former for informasjonsgrafikk.
• Fagtilknyting
• I tråd med lesing som grunnleggjande ferdigheit inneheld prøva tekstar som er relevante for dei ulike faga på steget. Leseintensive fag vil vere oftare representerte i prøva, men over tid vil alle faga vere med. Grunnlaget for fagtilknytinga kan vere tematisk eller formell, og tekstane er ofte aktuelle i meir enn eitt fag.