4
Jordmorstova i Eidsdal Denne vesle stova ligg tett attmed vegen nede ved fjorden i Eidsdal. Det var denne stova jordmor Jensine Rødal Grønningsæter, og mannen hennar, skulemeisteren Nils Petter Olson Grønningsæter, bygde i slutten av 1800-talet. På eigedomen er det og løe, der dei hadde nokre dyr, mest sauer. Heimen til desse to var ein gjestfri heim, og i farne tider var her og bibliotek for bygda. Etter at etterkomarane av Jensine og Nils Grønningsæter døydde, vart heimen og området rundt seldt i 2001. Hausten same året kjøpte familien Tysnes eigedomen, som dei i dag brukar til fritidsbolig. Familien Tysnes har restaurert både huset og løa, og lagt ned eit stort arbeid for å bevare eigedomen, som dei meinar er ein kultureigedom i Eidsdal og Norddal kommune. Samstundes med at både huset og løa er blitt restaurert, er fam. Tysnes sterkt opptekne av å bevare det gamle, i kombinasjon med det meir tenlege og det moderne. Restaureringa er på langt nær fullført, men arbeidet vil halde fram med å ta vare på denne perla av ein kultureigedom, midt i Eidsdal sentrum. EIDSDAL KALLSKARET 960 m.o.h. STORÅS 450 m.o.h. NORDDAL TAFJORD MULDAL 490 m.o.h Eidsdal - Norddal - Taord - Muldal LAURDAG 15. AUG. 2009 Jordmormarsj Dagdrøymde om å verte jordmor Historia om Jensine Rødal Grønningsæter er både spanande og dramatisk. Ho vart fødd 17. september i 1853, yngst i ein syskjenflokk på seks. Faren døydde samme året som Jensine vart fødd, og familien måtte flytte frå fjellgarden Øvste Rødal i Tafjord til Valldal. Då broren til Jensine, Lars, tok over Tore-garden i Eidsdal, fylgde ho med som tenestehjelp på garden. Her dagdrøymde ho om å bli jordmor. Sjansen til å kunne praktisere kom då gamlejordmora, Margrete Relling, slutta. Bygdene langs fjorden trengde ein fødselshjelpar, og Jensine flytta til Dalsbygda der gamlejordmora heldt til. Her fekk Jensine den første kunnskapen om jordmoryrket. Etter skulegang og eksamen som jordmor i Bergen i 1877, vart draumen endelig oppfylt. I 1879 stod ho brud, men lukka skulle ikkje vare lenge. Både ho sjølv og mannen vart råka av tyfus vinteren 1880, og etter veker i sengeleie svevande mellom liv og død, kom Jensine seg på føtene att, no sterkt prega av sjukdomen. Mannen hennar, som ho då hadde vore gift med i eit halvt år, måtte bøte med livet. Det ho då ikkje visste var at ho var gravid, og våren 1880 fødde ho sitt første barn, men diverre var ikkje guten sterk nok til å leve opp. Han døydde berre 10 dagar gamal. Jensine vart ikkje den same etter denne hendinga, verken fysisk eller psykisk. I 1883 freista ho lykka på nytt, då ho gifta seg med Nils Petter Grønningsæter. Dei to fekk etter kvart to søner, født i 1884 og 1888. 31. januar 1886 la Jensine ut på eit oppdrag som i ettertid skulle vise seg å bli historisk. I bitande kulde la ho i veg på den 3 mil lange turen over bratte fjell og tronge dalar, frå Eidsdal til Muldal. Ho var nær ved å gi seg over både ein og to gonger, men med viljestyrkje større enn nokon annan, kom ho seg fram til Muldal. Ho fekk forløyst barnet, en gut, som seinare fekk namnet Jakob. Alt gjekk vel med både mor og barn. Jensine var jordmor heilt til 1904. Ho døydde 1. august 1952, snart 99 år gammel. Minna etter Jordmor Jensine lever vidare, mellom anna gjennom denne marsjen. Ved å gå i fotspora vil ein enda bedre forstå kva for ein bragd denne kvinna utførde ein kald vinterdag i 1886. VEGEN MOT MULDAL Det er ein vinterdag sist i januar 1886. Jordmor Jensine skal ut på ei historisk ferd for å redde ei mor og hennar ufødde barn. For ein som har vandra i fjellheimen her inne, er det vanskeleg å skjøne at ho greidde seg denne dagen på veg til Muldal. Enno var ho svekt av sjukdom- men som nære på sende henne i grava, og framfor seg hadde ho ein endelaus veg å gå, over høge fjell, gjennom lange, tronge dalar, oppetter bratte lier der fonnene styrtar, i snø og sno og bitande kulde. Men om kroppen var veik, var viljen dess sterkare. På rein trass sleit ho seg fram, meter for meter, kilometer for kilometer. Storåsen, den breie 500 meter høge åsryggen mellom Eidsdal og Dals- bygda, gjekk rimeleg bra. Men dei lange, seige bakkane fram gjennom Herdalen saug kreftene ut av kroppen. Og då ho stod oppe på Kallskaret, meir enn 1000 meter over havet, var ho ferdig. Men der stod Kallen framfor henne. Denne merkeleg gullbrune steinsøyla bygd i olivin, stod like staut og strak som alltid og vitna om at ho hadde nådd toppen. Lenger framme reiste barndomsfjella seg mot henne. Der inn i dalane ein stad låg hennar eige føderom, dit ei anna jordmor ein gong sleit seg fram for å berge liv. Og langt borte i skaret på andre sida av fjorden skimta ho den vesle stova, der ei låg og venta på henne, om det ikkje var altfor seint. Så beit ho tennene saman og sette unna bakke, den stupbratte fjellsida ned mot Onilsavatnet. Korleis ein liten, veik og utmatta skapning kunne kome seg uskadd nedover desse isdekte hamrane og floga, er beint fram ufatteleg. Men ho gjorde det. Så store hjelpa hadde ho neppe av mennene som følgde heller. Det var med nauda dei tok seg ned til Tafjord og fekk byte med friske folk framfor siste strekninga, den halve mila ut gjennom liene mot Muldal. Under oppstigninga mot Skjegghammaren stod Jensine fast. Bakken var for bratt til at visne bein greidde bere kroppen vidare oppover. Så prøvde dei lyfte henne. Sterke menn fekk henne opp på ryggen, men det hjelpte lite. Lia var bratt og ulendt og børa for tung og vanskeleg til at dei kom lenger. Frå ein eller annan stad hentar ho den siste vesle kraft som må til for at ho skal greie kravle opp på Skjegghammaren. Og så, i skumrings-timen, står ho på hammaren og speidar utover mot husa på stupkanten. Ho ser ikkje klårt, fjella står ikkje stille, men ho synest ho anar eit lite, bleikt lys frå eit stoveglas, eit ørlite håp som er tent for desse menneska. Og ho vaklar vidare på ustøe bein bortetter den stygge, smale råsa oppunder svartaste fjellveggen. No ser ho enden. Tre mil har ho lagt bak seg, tre fjell har ho klive, 1000 meter rett opp har vegen gått, og snøen ligg djup. Muldalsfossen heng stivfrosen nedover stupet, det storkna isberget ruver i tussmørket. Jensine kulsar der ho sveittevåt kavar seg fram mot huset på hylla. Då høyrer ho rop. Ho stoggar, lyder. Jau, dei redselsfulle skrika kjem frå ei kvinne, ei kvinne pint av den verste angst og smerte. Jensine frys. Men så går sanninga opp for henne – kvinna lever. Ho kjem ikkje for seint. Den vesle, veike kvinna veks, motet vender tilbake. Ho grip hardare om skrinet, dreg pusten. Eit nytt basketak står føre. Utgangen er uviss. Men når det ein gong måtte vere over, til glede eller sorg, veit ho at nye plager ventar. Då skal dei fælaste krampetrekningar rive den skrøpeleg skrotten i filler. Kvinna knyter neven og bankar på. Ho berga to menneskeliv, Jensine, denne kvelden. Vesleguten kom til verda i live, og Torine Muldal fekk lov å leve vidare. Ferda over fjella ga Jensine ein kroppsleg knekk som ho aldri kom over. Krampetaka vart endå hardare enn før, og dei kom oftare og oftare. I ein alder av berre 33 år var Jensine langt på veg ufør, målt med dagens målestokk. Ho vart verande i Muldal ei tid framover. Ho trong å samle krefter, ho ville ha tilsyn med den hardt medtekne mora, og ho venta på at fjorden skulle bli roande. Vegen over fjella ville ho ikkje gjere om att. Kilde: “Lagnader langs orden”, Oddgeir Bruaset. Marked Eidsdal HERDALSOSEN 500 m.o.h. PRESTEGARDEN 120 m.o.h. * * Hovudsponsorar: Arr.: Eidsdal IL • Valldal IL • Norddal IL • Eidsdal/Norddal Røde Kors • Eidsdal Helselag • Eigarane av Jordmorstova Jordmor Jensine Rødal Grønningsæter 1853–1952. Vi spanderer frukt 6210 Valldal Tlf. 70 25 75 27 E-post: [email protected] ALT I SNIKKARARBEID Tømrar GEORG INDREEIDE 6215 Eidsdal - Tlf. 70 25 91 70 - Mob. 918 20 177 VALLDAL FOTKLINIKK 6210 Valldal Mob. 951 10 997 VIKEN GJESTEHAMN Vika, 6210 Valldal - Tlf. 70 25 77 77 - 906 11 208 EIDE CAMPING 6215 Eidsdal - Tlf. 70 25 97 44 GÅVE- PREMIAR: Ein marsj i

VEGEN MOT MULDAL STORÅS KALLSKARET 960 m.o.h ... -09.pdfHovudsponsorar: Arr.: Eidsdal IL • Valldal IL • Norddal IL • Eidsdal/Norddal Røde Kors • Eidsdal Helselag • Eigarane

  • Upload
    others

  • View
    2

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: VEGEN MOT MULDAL STORÅS KALLSKARET 960 m.o.h ... -09.pdfHovudsponsorar: Arr.: Eidsdal IL • Valldal IL • Norddal IL • Eidsdal/Norddal Røde Kors • Eidsdal Helselag • Eigarane

Jordmorstova i EidsdalDenne vesle stova ligg tett attmed vegen nede ved fjorden i Eidsdal. Det var denne stova jordmor Jensine Rødal Grønningsæter, og mannen hennar, skulemeisteren Nils Petter Olson Grønningsæter, bygde i slutten av 1800-talet. På eigedomen er det og løe, der dei hadde nokre dyr, mest sauer. Heimen til desse to var ein gjestfri heim, og i farne tider var her og bibliotek for bygda. Etter at etterkomarane av Jensine og Nils Grønningsæter døydde, vart heimen og området rundt seldt i 2001. Hausten same året kjøpte familien Tysnes eigedomen, som dei i dag brukar til fritidsbolig. Familien Tysnes har

restaurert både huset og løa, og lagt ned eit stort arbeid for å bevare eigedomen, som dei meinar er ein kultureigedom i Eidsdal og Norddal kommune. Samstundes med at både huset og løa er blitt restaurert, er fam. Tysnes sterkt opptekne av å bevare det gamle, i kombinasjon med det meir

tenlege og det moderne. Restaureringa er på langt nær fullført, men arbeidet vil halde fram med å ta vare på denne perla av ein kultureigedom, midt i Eidsdal sentrum.

EIDSDAL

KALLSKARET960 m.o.h.

STORÅS450 m.o.h.

NORDDAL TAFJORD

MULDAL490 m.o.h

Eidsdal - Norddal - Tafjord - MuldalLAURDAG 15. AUG. 2009

JordmormarsjDagdrøymde om å verte jordmorHistoria om Jensine Rødal Grønningsæter er både spanande og dramatisk. Ho vart fødd 17. september i 1853, yngst i ein syskjenflokk på seks. Faren døydde samme året som Jensine vart fødd, og familien måtte flytte frå fjellgarden Øvste Rødal i Tafjord til Valldal. Då broren til Jensine, Lars, tok over Tore-garden i Eidsdal, fylgde ho med som tenestehjelp på garden. Her dagdrøymde ho om å bli jordmor. Sjansen til å kunne praktisere kom då gamlejordmora, Margrete Relling, slutta. Bygdene langs fjorden trengde ein fødselshjelpar, og Jensine flytta til Dalsbygda der gamlejordmora heldt til. Her fekk Jensine den første kunnskapen om jordmoryrket. Etter skulegang og eksamen som jordmor i Bergen i 1877, vart draumen endelig oppfylt. I 1879 stod ho brud, men lukka skulle ikkje vare lenge. Både ho sjølv og mannen vart råka av tyfus vinteren 1880, og etter veker i sengeleie svevande mellom liv og død, kom Jensine seg på føtene att, no sterkt prega av sjukdomen. Mannen hennar, som ho då hadde vore gift med i eit halvt år, måtte bøte med livet. Det ho då ikkje visste var at ho var gravid, og våren 1880 fødde ho sitt første barn, men diverre var ikkje guten sterk nok til å leve opp. Han døydde berre 10 dagar gamal. Jensine vart ikkje den same etter denne hendinga, verken fysisk eller psykisk. I 1883 freista ho lykka på nytt, då ho gifta seg med Nils Petter Grønningsæter. Dei to fekk etter kvart to søner, født i 1884 og 1888. 31. januar 1886 la Jensine ut på eit oppdrag som i ettertid skulle vise seg å bli historisk. I bitande kulde la ho i veg på den 3 mil lange turen over bratte fjell og tronge dalar, frå Eidsdal til Muldal. Ho var nær ved å gi seg over både ein og to gonger, men med viljestyrkje større enn nokon annan, kom ho seg fram til Muldal. Ho fekk forløyst barnet, en gut, som seinare fekk namnet Jakob. Alt gjekk vel med både mor og barn. Jensine var jordmor heilt til 1904. Ho døydde 1. august 1952, snart 99 år gammel. Minna etter Jordmor Jensine lever vidare, mellom anna gjennom denne marsjen. Ved å gå i fotspora vil ein enda bedre forstå kva for ein bragd denne kvinna utførde ein kald vinterdag i 1886.

VEGEN MOT MULDALDet er ein vinterdag sist i januar 1886. Jordmor Jensine skal ut på ei historisk ferd for å redde ei mor og hennar ufødde barn. For ein som har vandra i fjellheimen her inne, er det vanskeleg å skjøne at ho greidde seg dennedagen på veg til Muldal. Enno var ho svekt av sjukdom-men som nære på sende henne i grava, og framfor seg hadde ho ein endelaus veg å gå, over høge fjell, gjennom lange, tronge dalar, oppetter bratte lier der fonnene styrtar, i snø og sno og bitande kulde. Men om kroppen var veik, var viljen dess sterkare. På rein trass sleit ho seg fram,meter for meter, kilometer for kilometer. Storåsen, den breie 500 meter høge åsryggen mellom Eidsdal og Dals-bygda, gjekk rimeleg bra. Men dei lange, seige bakkane fram gjennom Herdalen saug kreftene ut av kroppen. Og då ho stod oppe på Kallskaret, meir enn 1000 meter over havet, var ho ferdig. Men der stod Kallen framfor henne. Denne merkeleg gullbrune steinsøyla bygd i olivin, stod like staut og strak som alltid og vitna om at ho hadde nådd toppen. Lenger framme reiste barndomsfjella seg mot henne. Der inn i dalane ein stad låg hennar eige føderom, dit ei anna jordmor ein gong sleit seg fram for å berge liv. Og langt borte i skaret på andre sida av fjorden skimta ho den vesle stova, der ei låg og venta på henne, om det ikkje var altfor seint. Så beit ho tennene saman og sette unna bakke, den stupbratte fjellsida ned mot Onilsavatnet. Korleis ein liten, veik og utmatta skapning kunne kome seg uskadd nedover desse isdekte hamrane og floga, er beint fram ufatteleg. Men ho gjorde det. Så store hjelpa hadde ho neppe av mennene som følgde heller. Det var med nauda dei tok seg ned til Tafjord og fekk byte med friske folk framfor siste strekninga, den halve mila ut gjennom liene mot Muldal. Under oppstigninga mot Skjegghammaren stod Jensine fast. Bakken var for bratt til at visne bein greidde bere kroppen vidare oppover. Så prøvde dei lyfte henne. Sterke menn fekk henne opp på ryggen, men det hjelpte lite. Lia var bratt og ulendt og børa for tung og vanskeleg til at dei kom lenger. Frå ein eller annan stad hentar ho den siste vesle kraft som må til for at ho skal greie kravle opp på Skjegghammaren. Og så, i skumrings-timen, står ho på hammaren og speidar utover mot husa på stupkanten. Ho ser ikkje klårt, fjella står ikkje stille, men ho synest ho anar eit lite, bleikt lys frå eit stoveglas, eit ørlite håp som er tent for desse menneska. Og ho vaklar vidare på ustøe bein bortetter den stygge, smale råsa oppunder svartaste fjellveggen. No ser ho enden. Tre mil har ho lagt bak seg, tre fjell har ho klive, 1000 meter rett opp har vegen gått, og snøen ligg djup.

Muldalsfossen heng stivfrosen nedover stupet, det storkna isberget ruver i tussmørket. Jensine kulsar der hosveittevåt kavar seg fram mot huset på hylla. Då høyrer ho rop. Ho stoggar, lyder. Jau, dei redselsfulle skrika kjem frå ei kvinne, ei kvinne pint av den verste angst og smerte. Jensine frys. Men så går sanninga opp for henne – kvinna lever. Ho kjem ikkje for seint. Den vesle, veike kvinna veks, motet vender tilbake. Ho grip hardare om skrinet, dreg pusten. Eit nytt basketak står føre. Utgangen er uviss. Men når det ein gong måtte vere over, til glede eller sorg, veit ho at nye plager ventar. Då skal dei fælaste krampetrekningar rive den skrøpeleg skrotten i filler. Kvinna knyter neven og bankar på.Ho berga to menneskeliv, Jensine, denne kvelden. Vesleguten kom til verda i live, og Torine Muldal fekk lov å leve vidare. Ferda over fjella ga Jensine ein kroppsleg knekk som ho aldri kom over. Krampetaka vart endå hardare enn før, og dei kom oftare og oftare. I ein alder av berre 33 år var Jensine langt på veg ufør, målt med dagens målestokk. Ho vart verande i Muldal ei tid framover. Ho trong å samle krefter, ho ville ha tilsyn med den hardt medtekne mora, og ho venta på at fjorden skulle bli roande. Vegen over fjella ville ho ikkje gjere om att.

Kilde: “Lagnader langs fjorden”, Oddgeir Bruaset.

MarkedEidsdal

HERDALSOSEN500 m.o.h.

PRESTEGARDEN120 m.o.h.

*

*

Hovudsponsorar:Arr.: Eidsdal IL • Valldal IL

• Norddal IL • Eidsdal/Norddal Røde Kors

• Eidsdal Helselag • Eigarane av Jordmorstova

Jordmor Jensine Rødal Grønningsæter 1853–1952.

Vi spandererfrukt

6210 ValldalTlf. 70 25 75 27

E-post: [email protected]

ALT I SNIKKARARBEIDTømrar GEORG INDREEIDE

6215 Eidsdal - Tlf. 70 25 91 70 - Mob. 918 20 177

VALLDAL FOTKLINIKK6210 Valldal

Mob. 951 10 997

VIKEN GJESTEHAMNVika, 6210 Valldal - Tlf. 70 25 77 77 - 906 11 208

EIDE CAMPING6215 Eidsdal - Tlf. 70 25 97 44

GÅV

E-PR

EMIA

R:

Ein marsj i

Page 2: VEGEN MOT MULDAL STORÅS KALLSKARET 960 m.o.h ... -09.pdfHovudsponsorar: Arr.: Eidsdal IL • Valldal IL • Norddal IL • Eidsdal/Norddal Røde Kors • Eidsdal Helselag • Eigarane

InformasjonLøypetrase frå Eidsdal til MuldalDersom nokon ønskjer å gå frå Eidsdal til Muldal, bør ein merke seg at løypetraseen ikkje er merka før ein kjem til Storås. Der vert det å følgje hovudvegen ned til Prestegarden i Norddal. For godt trente personar er det fullt mogleg å gå frå Eidsdal til Muldal på om lag 10 timar. For å gå heile marsjen må ein vere på Prestegarden i Norddal kl. 09.45, då startar dei som kjem med buss frå Eidsdal herifrå, saman med Røde Kors. Anbefalt tidspunkt for start frå Eidsdal over Storås, er kl. 08.00.

Løypetrase frå Prestegarden i Norddal til MuldalBussen frå Eidsdal stoppar ved Prestegarden i Norddal. For å starte marsjen frå Prestegarden bør ein vere godt trent. Vegen framover mot Herdalsosen har ei jamn stigning. Marsjen frå Prestegarden til Muldal tek om lag 8 timar. Røde Kors startar frå Prestegarden kl. 09.45.

Løypetrase frå Herdalsosen til MuldalBussen frå Eidsdal stoppar ved Herdalsosen.

Frå dette punktet er løypetraseen merka og rydda fram til Muldalsvika / Sødalsvika. Nedstigninga frå Kallskaret mot Tafjord er løypa noko bratt og steinete. Røde Kors startar frå Herdalsosen kl. 10.00. Marsjtid frå Herdalsosen til Muldal er om lag 7 timar.

Løypetrase frå Muldalsvika / Sødalsvik til MuldalDette er den kortaste løypa, som går frå Muldalsvika / Sødalsvika til Muldal. Denne turen tek omlag 45 minutt. Starttid frå Muldalsvika/Sødalsvika er mellom kl. 12.30–14.00.

Busstransport - Røde Kors - Utstyr - MerkingNår marsjdeltakarne kjem til Linge ferjekai, kan ein parkere bilen her, og ta ferje over fjorden, då er det om lag 150 meter fram til Jordmorstova, for registrering og opning. Etter opninga går det buss kl. 09.30 til Prestegarden i Norddal og vidare til Herdalsosen. Etter marsjen går det buss frå Muldalsvika / Sødalsvika til Linge kl. 16.30 - 17.30 - 18.30. All busstransport er medrekna i startkontingenten. Eidsdal / Norddal Røde Kors startar frå Prestegarden i Norddal kl. 09.45, frå

Herdalsosen kl. 10.00, og dei vert med heilt til Muldal. Det vert anbefalt at marsjdeltakarane har gode sko, gjerne fjellsko, og ellers vanleg godt marsj- og turutstyr. Ein gjer og merksam på at frå Onilsavatnet i Tafjord og utover til Sødalsvika / Muldalsvika er løypa lagt på asfalt, slik at det kan vere fornuftig å ha skoskifte. vegen opptil Muldal er grusveg / sti. Løypetraseen er merka med Turistforeninga sine merkeband (T), og delvis skilting. Det vert servert drikke på Kallskaret, og frukt og drikke ved Onilsavatnet, Tafjord Friluftsbad og i Sødalsvika / Muldalsvika.

Aktivitetar i MuldalÅlesund og Sunnmøre Turistforening og Norske Redningshunder har informasjonsstand.Tafjord-Naustet har sal av rømmegraut samt pølser og brød.

Sal av T-skjorter – Pins – DrikkeDet vert sal av T-skjorter med Jordmormotiv til kr. 70,- pr. stk. Sal av Jordmorpins kr. 10,- pr. stk. Sal av brus og vatnflasker kr. 20,- pr- flaske.

Jordmormarsjen si heimeside:www.jordmormarsjen.no

Program for JORDMORMARSJEN 2009EIDSDALKl. 08.00–09.00: Registrering ved Jordmorstova.Kl. 09.00: Opning av Jordmormarsjen 2009 ved jordmor ved Volda sjukehus, Bernt Narve Skurtveit .Kl. 09.30: Bussavgang til Prestegarden i Norddal og vidare til Herdalsosen.NorDDALKl. 09.45: Start frå Prestegarden i Norddal.Kl. 10.00: Start frå Herdalsosen.SøDALSvIkA / MuLDALSvIkAKl. 12.30–14.00: Registrering og start av marsjdeltakarar for den korte løypa.Kl. 14.00: Trekning av gåvepremiar på startnummer.Kl. 16.30 - 17.30 - 18.30: Bussavgang til Linge fergekai.

AktIvItEtAr I MuLDALÅlesund og Sunnmøre Turistforening og Norske Redningshunder har informasjonsstand.Tafjord-Naustet står for sal og servering av rømmegraut samt pølser med brød.Startkontingent frå EidsdalStartkontingent er kr. 200,- pr. person.For familie på 2 vaksne og 2 born t.o.m. 15 år er startkontingenten kr. 400,-. I startkontingenten er medrekna all busstransport, samt deltakarpremie.Startkontingent frå Sødalsvika / MuldalsvikaStartkontingent er kr. 100,- pr. personFor familie på 2 vaksne og 2 born t.o.m. 15 år er startkontingenten kr. 200,-

I startkontingenten er inkludert deltakarpremie.opEN JorDMorStovEDagens eigarar av Jordmorstova, vil også dette året halde ope hus fram til kl. 12.00. Her kan ein få sjå ein del av utstyret som Jordmor Jensine hadde å hjelpe seg med i sitt arbeid som jordmor. Ein får og sjå Jensine sitt Jordmorskrin.INforMASJoNProsjektleiar Paul Birger Tysnes, tlf. 412 35 188, epost: [email protected] i distriktet.Ålesund og Sunnmøre Turistforening.Du kan ellers halde deg oppdatert på Jordmormarsjen si heimeside:www.jordmormarsjen.no

HerdalssetraTlf. 70 25 91 08 - 97 01 20 35 -

45 27 93 60Fax 70 25 91 57

E-post: [email protected]

6210 ValldalTlf. 41 61 33 72 - 97 67 00 34

6200 Stranda – Tlf. 70 26 92 50

Alf Tafjord Landhandel6213 Tafjord - Tlf. 70 25 81 22

BasisblokkForskalingsblokk

Trønderblokk

Heimatt til julAv Johan Weiberg Gulliksen

Gutten som jordmora Jensine Rødal Grønningsæter forløste 31. januar 1886 fikk navnet Jakob. Han vokste seg til en robust og kraftig kar.

For ca. 100 år siden dro han til Ålesund og fikk seg arbeid hos morbroren, Børre Berli, som forlengst hadde etablert seg som en betydelig tilvirker og eksportør av klippfisk og sild. Han drev i tillegg guanofabrikk, og fra folk på øyene kjøpte han tareaske som han eksporterte til vinbøndene i Frankrike. Etter bybrannen bygde han i Apotekergata både kontorbygg og sjøbudene som i dag huser henholdsvis Brosundet Hotell og Bryggen Hotell.

Anerkjent klippfiskvraker

I dette handelshuset gikk Jakob i lære. Etter hvert ble han arbeidsformann og en meget anerkjent klippfiskvraker. Jeg ble kjent med Jakob Muldal da han i 1945 ble for-mann på sjøbuda til Klippfisktilvirkernes Exportlag på Steinvågneset i Ålesund. Jeg vokste opp like ved, og jobbet der i skoleferier, hvor Jakob lærte meg å røyte klippfisk, og hvordan man sorterte og vraket fisk for de forskjellige markedene. Min mor var blitt enke og bodde i høy alder på Ålesund Alders- og Sykehjem. Et par rom bortenfor henne bodde Jakob Muldal. Når vi besøkte min mor, ble det gjerne også en prat med Jakob. Det må ha vært like før jul i 1971 eller -72. Våre gutter på 10-12 år var med, og som vanlig satt vi oss ned og pratet med Jakob, som fortalte fra sin barndom og ungdom, også om sin dramatiske fødsel.

Hjem til Muldal til jul

Etter at han flyttet til Ålesund brukte han å reise hjem til jul. Han tok fjordabåten og det var en dagsreise den gang. Et år var isen på Tafjorden så tykk at båten ikke kunne forsere den. Han var kommet til Valldal. Det var julaften og han ville hjem. For det var bare en løsning. Han fulgte båten videre til Norddal. Der

fikk han låne et par ski og startet den strabasiøse turen alene opp i Herdalen, over fjellet til Kallskaret, ned i Tafjord og videre opp til Muldal. Det var et vågestykke å gå der alene, men hadde jordmora greid det, måtte han også greie det. Klokka fire natt til første juledag sto han på dørhella, sliten, trøtt og sulten. Han var kommet hjem. Våre gutter satt der med tårevåte øyne og hørte på hans dramatiske beskrivelse. Jeg spurte om det ikke var vanskelig å gå, og om han ikke var redd alene oppe i fjellet i den mørke julenatta. Nei, sa han, jeg var i god form, jeg hadde ett mål, tenkte på de som ventet på meg, og som jeg ville hjem til. Det var kaldt, godt føre, stjerneklart, måneskinn, og jeg var vandt til å ferdes i fjellet. ”Da jeg sto på dørhella, følte jeg at jeg hadde gjort bot for jordmora”, la han stille til.

Jakob Muldal.Bildet er velvillig utlånt av Bjarne Muldal.

Velkomen tilMat og drikke i sentrum av Valldal

Tlf. 70 25 84 10 MURITUNET

Din totalleverandørav el.-tjenester

6210 Valldal - Tlf. 70 25 85 40 - E-post: [email protected]

Brødr. Tafjord 6215 Eidsdal - Tlf. 70 25 91 71

Mobil 916 20 970 - Faks 70 25 92 95Rørleggarfirma - Mekanisk verkstad

EIDSDAL HELSELAG

Mobil 971 82 711

NYBYGG - RESTAURERING

DALEBØ - HØGHJELLEMob. 915 83 230 - Mob. 976 69 985

6022 ÅLESUNDTelefon 70 14 30 30 - Fax 70 14 30 31

E-post: [email protected]

Då jordmor Jensine Rødal Grøn-ningsæter stod oppe på Kallskaret, nesten 1000 meter over havet, var ho heilt utslitt. Men der stod Kallen framfor henne. Denne merkelege gullbrune steinsøyla, bygd i olivin, stod like staut og strak som alltid og vitna om at ho hadde nådd toppen. Lenger framme reiste barndomsfjella seg

mot henne. Der inne i dalane ein stad låg hennar eige føderom, dit ei anna jordmor ein gong sleit seg fram for å berge liv. Og langt borte i skaret på andre sida av fjorden skimta ho den vesle stova i Muldal, der ei fødande mor låg og venta på henne om det ikkje var for seint. Så beit ho tennene saman og nådde fram i tide.

Bygging av stanseverktøy og spesialmaskiner

VERKTØYMAKERIET6210 Valldal - Tlf. 70 25 86 48 - 951 33 087

Ein underleg monolitt i olivenstein har blitt ståande att som vaktaren av Kallskaret i Tafjord etter at enorme mengder olivin raste ut for rundt 3000 år sidan. I bakgrunnen kan vi sjå munningen av Muldalen, der Muldalsfossen kastar seg utfor i nesten 200 m fritt fall.

Kallskaret og Kallen

ALMSTAD MINIMASKINER6210 Valldal - Tlf. 70 25 77 44 - 952 42 110

Page 3: VEGEN MOT MULDAL STORÅS KALLSKARET 960 m.o.h ... -09.pdfHovudsponsorar: Arr.: Eidsdal IL • Valldal IL • Norddal IL • Eidsdal/Norddal Røde Kors • Eidsdal Helselag • Eigarane

Jordmormarsjen er eit flott arrangement. Eit arrange-ment som ærar jordmora Jensine Grønningsæter sin ekstraordinære innsats for fødande kvinner. Løypa vil og gje marsjdeltakarene eit flott innføring i Norddal sin vakre og ville natur. Ein natur som gjer at vi både er nasjonalparkkommune (Reinheimen Nasjonalpark) og verdsarvkommune (Vestnorsk fjordlandskap). For dei som går heile marsjen får ein høve til å vitje alle bygdene. For dei sprekaste som startar i Eidsdal går turen over Storås, Lilleås og Hatlestad ned mot prestegarden i Norddal. På siste del av denne etap-pen kan ein skimte vakre Norddal kyrkje nede ved

fjorden. Deretter går ferda vidare framover mot Herdalsvatnet før ein bryt av mot Kallskaret og går gjennom Kallskaret natur-reservat.

Nede i Tafjord vert det i dag produsert enorme meng-der energi som kjem heile regionen til gode. Når de går gjennom bygda kan de og legge dykk på minnet Tafjordulykka som hende for 75 år sidan. Då rasa Langhammaren ned i Storfjorden. Den påfølgande flodbølgja knuste alt i sin veg og til saman 40 men-neske omkom i Tafjord og Fjørå. I dag er det etablert døgnkontinuerleg overvaking av ustabile fjellmassar i Storfjorden, noko som gjer dette til den tryggaste fjorden i Noreg.Til sist skal de opp den freda Muldalslia til Muldal. Dei fleste skal så heim, og vil på si ferd passere først den sørvende bygda Fjørå for deretter å ende opp i Valldal som er kommunesenteret. Jordmormarsjen blir soleis Norddal i eit nøtteskal som viser mykje av det vakre og ville som vi som kommune kan by på.God tur!

VALLDALHYTTESERVICE6210 Valldal - Tlf. 97 66 99 76

Myrabakken Næringssenter 6010 ÅlesundTlf. 70 17 24 70 [email protected] 70 17 24 71 www.christie.no

Graving - Transport - Sprenging - Knuseverk

Tlf: 917 32 313 - Faks: 70 25 76 29

Busstransporten av årets

masjdeltakarar tek vi oss av

Buss Møre

ODDVIN WESTERÅSMÅLARMEISTER

6216 Geiranger - Tlf./Fax 70 26 31 81

VALLDALNATUROPPLEVINGAR

6210 Valldal - Tlf. 900 14 035

Produksjon av fiberarmertekomposittprofiler

6210 Valldal - Tlf. 70 25 75 08

FerdigbetongBetongpumping

SandSingel

6210 Valldal - Tlf. 70 25 77 11 - Faks 70 25 78 01Mobil 450 01 405

TH. YTTERDAL6215 Eidsdal - Tlf. 70 25 91 78

EIDSDAL CAMPING6215 Eidsdal - Tlf. 70 25 90 29

Tømrar

JAN KÅRE EIDE6215 Eidsdal - Tlf. 70 25 70 67 - 951 46 088

TAFJORD CAMPING6213 Tafjord

Tlf. 70 25 80 79 - 70 25 80 37

SOLVANG CAMPINGv/ Eidsvatnet

6215 Eidsdal - Tlf. 901 18 302HYTTER - CAMPING

STORÅS HANDEL6214 Norddal - Tlf. 70 25 90 60

H. L. MURI AS6210 Valldal - Tlf. 480 82 100

VALLDAL BILSENTER AS6210 Valldal - Tlf. 70 25 77 07 - 70 25 77 06

BUSENGDAL TRANSPORT AS6250 Stordal - Tlf. 70 27 93 00

J. WEIBERG GULLIKSEN ASMagdevågvn. 1 - 6021 Ålesund - Tlf. 70 11 85 00

INDREEIDE MEK. VERKSTAD AS6215 Eidsdal - Tlf. 70 25 96 90 - Mob. 913 47 620

GJÆRDE MASKIN AS6210 Valldal

Tlf. 976 69 982 - 950 32 687

FJELLRO TURISTHOTELL6210 Valldal - Tlf. 70 25 75 13

HÅRSTUA6210 Valldal - Tlf. 70 25 78 98

TURSKREDDARENMobil 40 29 60 01

www.turskreddaren.no

ICA – nær6210 Valldal - Tlf. 70 25 79 40

Rekneskapsføring - RådgjevingNorddal Rekneskapskontor As

Aut. rekneskapsførar

6210 Valldal - Tlf. 70 25 96 60

RELLING CAMPINGNorddal - 6215 Eidsdal - Tlf. 70 25 92 13

- knutepunktet for næringsutvikling i Indre-Storfjord

Fjordhagen AS, 6210 Valldal - 70 25 72 [email protected]/www.fjordhagen.com

Starte ny bedrift eller fornye verksemda di?

Ta kontakt og vi vil hjelpe deg– samfunnet treng slike som deg!

STORFJORD SNIKKARSERVICE6210 Valldal

Tlf. 959 27 416 - 901 73 265

GJERDELØNESET HYTTE6215 Eidsdal - Tlf. 702 59 740

[email protected]

AARØNES6210 Valldal

Tlf. 702 58 700

Geiranger FjordsenterVindauge mot verdsarven

Ope kvar dag frå mai til september

Velkomen til ei unik og fengslandeoppleving av historia og natur- og kultur-

landskapet i området.Bli med på ei vandring mellom autentiske

gamle tun, dramatiske tablå og eitfengslande biletspel – alt som om du reiser

100 år attende i tid.Butikk og kafé

Info og bestillingTlf. 70 26 38 10

[email protected]

geiranger

Fjordsenter

GeiRanGeR FjoRdseRviceGeiRanGeR skysslaG

Tlf. 70 26 30 07Fax 70 26 31 41

www.geirangerfjord.noE-post: [email protected]

geiranger

Fjordservice

geiranger

skysslag

Fleksibel rørleggarbedrift på indre Sunnmøre!

Gunnar Arntsen, 6215 Eidsdal, tlf. 70 25 90 98 mobil 911 05 034

[email protected]

Fleire aktivitetar i MuldalÅlesund og Sunnmøre Turistforening, og Norske Redningshunder vil begge ha informasjonstander i Muldal under årets Jordmormarsj.

ÅLESUND OG SUNNMØRE TURISTFORENING (ÅST)er medlem i Den Norske Turist-forening, og har fjellturisme og friluftsliv på Sunnmøre som sitt viktigaste arbeidsområde. Her kan du få tips og råd for din tur, og du kan kjøpe kart, fjell-lit-

teratur og nødvendig utstyr til fjellets gleder. Foreninga vart skipa i 1889, og har i dag over 5000 medlemmar. ÅST har mange frivillige medarbeidarar, som til saman brukar tusenvis av dugnadstimar kvart år på alt som må gjerast for å halde Turistforeninga i drift. Dette arbeidet inkluderer merking av løyper, vardebygging, drift og vedlikehald av hytter, organisering av turar og ei rekkje andre tiltak.

NORSKE REDNINGSHUNDEREr ein landsomfattande, humanitær organisasjon som har som formål å utdanne hunder og hundeførarar til bruk i redningstenesta. Organ-

isasjonen stiller spesialtrente ekvipasjer til disposisjon for søk etter sakna og redning heile året; på bar mark, på vinterføre, i skred og i ruiner og nedraste bygnin-ger. Norske Redningshunder deltek årleg på om lag 200 aksjonar. Det vert stilt høge krav til mannskapa innan dei ulike disiplinane. Hundeførarane er utdanna i førstehjelp, i taktisk opplegg av søket og å kunne utnytte hundens evner i forhold til innlærte søks-former. Utdanning av en hundeekvipasje krev fleire år med innsats og store delar av utdanninga må hunde-førar sjølv bekoste. I Møre og Romsdal har Norske Redningshunder 46 medlemmer, med 9 godkjente ekvipasjer for ettersøkning, 7 ekvipasjer for lavine og 1 for ruin.

TAFJORD-NAUSTETNår årets marsjdeltakarar kjem til Muldal vert det høve til å få kjøpe seg både rømmegraut og pølser med brød. I år er det den lokale kafeen Tafjord-naustet som står føre dette opplegget.

Nord-Vest Revisjon ASStatsautorisert revisor Vegard LødøenRegistrert revisor Sverre Hungnes

Avd. Valldal, tlf. 70 25 85 70 - Avd. Sjøholt, tlf. 70 27 31 90

Mobil 976 70 075

Velkomne til EidsdalÅrets konsert i høve Jordmormarsjen er i Norddal kyrkje, fre-dag 14. aug. kl. 20.00. Her vil ein få høyre trekkspelmusikk på sitt aller beste. Både Norgesmester, Fylkes-mester og Internasjonalt kjend trekkspelviritous-er vert med under kon-serten. Her får vi høyre både solistspeling, duettar og samspel av høg klasse.inGRid joHanne FyllinG nUPen kjem frå Vestre i Ørskog kommune. Ingrid Johanne vart Norgesmester på trekkspel i 2008 i klasse 10 -12 år. Ho vann og solistklassa i Fylkesmesterskap for trekkspel i Ulsteinvik i 2009. Ingrid Johanne var 5 år då ho starta med å spele trekkspel, og ho er i dag medlem i Ørskog og Omegn trekkspelklubb, der ho ofte vert brukt som solist til klubben. Ho er og ofte rundt til lag og foreningar og spelar til underhald-ning. Utanom musikken, er det skulegang og fotball som opptek tida til 12 år gamle Ingrid Johanne Fyl-ling Nupen.oda kvalsvik sTenBeRG kjem frå Vestnes, og er 16 år. Oda vann solistprisen i klasse 15-18 år ved Fylkesmesterskapet i trekkspel i Ulstenvik i 2009. Ho har og hederlige plasseringer i Norges-mesterskap for trekkspel. Eit anna instrument som Oda spelar er klarinett, og dette får vi høyre meir av i Norddal kyrkje. Ho trakterer og elektrisk bassgitar, og til hausten skal ho ta til på studier på Musikklinja ved ein vidaregåande skule. Oda er medlem av Ør-skog og Omegn Trekkspelklubb, og er elev av Knut Ivar Bøe ved Kulturskulen i Vestnes.HÅvaRd svendsRUd kjem frå Buskerud og er ein international kjend trekkspelar, og ein av Norges fremste trekkspelarar. Han er profesjonell utøver innen klassisk og folklorisk musikk. Håvard har sin utdannelse frå Barratt Dues Musikkinstitutt i Oslo med trekkpel som hovedinstrument. Han er Norges-mester på trekkspel både i 1992, 1993 og 1994, og han vann den nordiske finalen i Frosini Grand Prix i 1993. I 2004 vann Håvard den første Vivian Vivo Stolaruk Entertainment Competition for Accoridion-ists i Boston i USA. Håvard Svensrud har motteke fleire prisar for sitt spill, bl. a. Belgprisen, Ticon-prisen, Henschiens ærespris og Buskerud fylkeskom-munes kulturstipend. Håvard har representret Norge som kulturambassadør for Det Norske utenriksde-partementet med et langtidsengasjement i Venezuela i 1995. Han har og turnert med eige konsertprogram både i USA, Island, Finland, Italia, England, Tsjek-kia og i heile Skandinavia.

Laurdag kl. 09.00 opnar Jordmor ved Volda sjukehus, Bernt Narve Skurtveit årets Jordmormarsj. Årets Jordmormarsj er den 7. i rekka, og styret i Jordmormarsjen vil med dette ønskje alle marsjdeltakarar velkomne til å gå i fotspora til den legendariske Jordmor

Jensine Rødal Grønningsæter. Styret i Jordmormarsjen består av eldsjeler både frå Eidsdal, Norddal og Valldal I.L., Eidsdal/Norddal Røde Kors og Eidsdal helselag, samt eigarane av Jord-morstova i Eidsdal. Saman med seg har dei fleire friviljuge som står på både før og under sjølve marsjen. Interessa for Jord-mormarsjen har vore stadig au-kande, og i 2008 deltok om lag 160 personar. Styret i Jordmor-

marsjen håper at årets marsj vert ein minnerik tur for alle deltakarane, der ein går gjennom vill og vakker natur i deler av Verdsarvområdet. Når marsjdelta-karane kjem fram til Muldal vert det servering av bl.a. rømmegraut frå Tafjord-Naustet, og her vert det informasjonstand ved Ålesund og Sunnmøre Turistforening og Norske Redningshunder. Styret vil rette stor takk til alle som på ein aller annan måte har bidrege til at Jordmormarsjen skal bli vellukka. Takk til våre sponsorar som støttar oss både økonomisk, med gåver og gevinstar. Takk til Valldal Grønt som har spandert frukt på marsjdeltakarane. Takk og til grunneigarane i Muldal som let oss bruke området her oppe. Til slutt takk til kvar einskild marsjdelta-kar, utan deltakarar – ingen marsj. GOD TUR.

Denne vert halden på Røde Kors Huset i Eidsdal, søndag ettermiddag. Søndagskafeen er lagt opp med underhaldning, og det vert høve til å kjøpe seg gode heimelaga kaker og kaffe. Loddsal vil det og med flotte gevinstar gitt av næringslivet. På søndagskaf-een skal det bli god tid til prat rundt borda, med både naboer, slekt og ellers andre kjende og kjære rundt om i kommunen. Arrangørane freistar med gratis inngang, men håper til gjengjeld at publikum tek mykje lodd og kjøper seg mat og kaffe.MaRie lovise Widnes vert ein av gjestane til søndagskafeen. Den av oss som har levd ein del år hugsar godt då songen om ”Gang-døra heime” kom på radioen i 1949. Marie Lovise Widnes har gjeve ut ei diktsamling som ho kalla ”Kvardagsdikt”, og i 1987 kom boka om ”Kunstnaren og kvardags-menneske”, ei bok om Marie Lovise, skreve av Liv Marit Idsø. Marie Lovise Widnes har med åra vorte ein kjend og kjær kåsør, forfattar og songar. Ho er og ein kjend politikar og har Kongens fortenestemedalje i gull, Fylkeskulturprisen, Kulturprisen i Hareid og Noregs Mållag sin kulturpris. Ho har ei rik kjelde å ause av på sin humoristiske måte. Vi gled oss til ho kjem til Eidsdal, både med song, kåseri og dikt-lesing.valldal sPeleMannslaG er ein tradi-sjonsberar av folkemusikken, og i den seinare tid har Spelemannslaget fått fleire nye medlemmar. Valldal Spelemannslag har opp gjennom åra delteke på ei rekkje kappleikar, både Fylkeskappleik og Landskappleik og ved fleire høve har dei kome langt opp på resultatlista. Ved Fylkeskappleiken i Surna-dal i 2008 delte Spelemannslaget førsteplassen i si klasse. I Fylkeskappleiken i Fosnavåg i 2009 gjorde og Spelemannslaget ein flott innsats og kom her på ein flott 2 plass i si klasse. I Fosnavåg spelte og Spelemannslaget til dans, laurdagskvelden og deltok i folkemusikkgudsteneste i Herøy kyrkje søndag føremiddag. Vi gler oss til å høyre Valldal Spele-mannslag under søndagskafeen på Røde Kors Huset.

Av Paul Birger Tysnes, prosjektleiar i Jordmormarsjen.Foto: Kjell Opsal, Bygdebladet

Helsing til jordmormarsjen Bjørn Inge Ruset,ordførar.

kyrkjekonsert

jordmormarsj

søndagskafe

Page 4: VEGEN MOT MULDAL STORÅS KALLSKARET 960 m.o.h ... -09.pdfHovudsponsorar: Arr.: Eidsdal IL • Valldal IL • Norddal IL • Eidsdal/Norddal Røde Kors • Eidsdal Helselag • Eigarane

valldalValldal er kommunesenter for Norddal kommune og bygdesenter for Valldal. Her finn ein kommunead-ministrasjon. Våren 1967 vart vegen frå Valldal

ført fram til ny fergestad på Linge, og det kom ei innkorta ferjerute mellom Linge og Eidsdal. Sommaren 1975 kom ny riksveg mellom Overå i Liabygda og Linge. Om sommaren er det stor aktivitet i Valldal med husflidsmesse, utstillingar, idrettsarrangement og konsertar. Olsokfeiringa i Valldal har framleis sterke band til Olav den Heilage. Ved fjorden og i dalbotnen ligg velstelte gardar, som mellom anna driv med frukt, jordbær, sau, gris og storfe. Her er fleire store gartneri, og på Linge finn vi Europa sin nordlegaste kommersielle fruktproduksjon. Folket i Valldal lever av jor-dbruk, turisme, handel, industri og servicenæringar. Naturen og klimaet har gjort Valldal til eit attraktivt rekreasjonsom-råde. I helgane, særleg i sommarhalvåret, er dei ”innfødde” i mindretal. Her er eit yrande liv både i campinghytter og –vogner, og overnattingstilboda er mange. I Valldal finns det både fleire campingplassar, velutstyrte campinghytter, van-drarheim og hotell. Elva Valldøla er den blanke tråden gjen-nom den 3 mil lange dalen frå Storfjorden til Trollstigen på grensa til Romsdal. I den store elva finn vi laksen, ørreten, raftarane og padlarane. Fjorden, elvane og fjella dominerer landskapet som er stort, vilt og vakkert. Dei fleste og største naturopplevingane i Valldal er sjølvbetjente, men båtut-leige, rafting, guida turar til fjell, blåbrear eller fjellgardar er tilrettelagt. Om sommaren går det turistferge frå Valldal til Geiranger. I Valldal sentrum finn ein og MURITUNET, som er eit senter for meistring og rehabilitering. Her får ein medisinsk behandling, opptrening og opplysning som del av det totale helsetilbodet i landsdelen.

FjØRÅFrå Valldal kan ein køyre vidare gjennom tunnelen til Fjørå. Fjørå er ei bygd med om lag 160 mennesker som tradisjonelt sett er opptekne av fellestiltak og samarbeid. Fjørå er ei grøderik

bygd med mellom anna dyrking av aprikoser. Her er det lett adkomst til både fjord og fjell med fiske og turterreng. I Fjørå har det budd folk gjennom lange tider. Køyrer ein opp til gardane øvst oppe i Fjørå, kan ein nyte ei nokså unik ut-sikt. Her har ein og godt utgangspunkt for kortare og lengre fjellturar. Vika (Fjøra), er eit ynda mål for båtfolket. I Vika finnst og eit gartneri og gravferdsbyrå, og her er gjestehamn for båtfolket. Fjørå har eit aktivt ungdomslag som er i drift.

TaFjoRdKøyrer du vidare innover, kjem vi til bygda Tafjord som fekk veisamband i 1982. Før veisambandet kom var dette ei svært isol-ert bygd, særleg om vinteren då fjordisen la seg, ofte heilt

ut til kommunesentert Valldal. Men lenge før bygda fekk veisamband hadde ho vorte oppdaga av omverda. På 1800-talet vart fjellturar meir og meir populært, og i Tafjordfjella fann fotturistane eit eldorado. Ikkje minst har Ålesund og Sunnmøre Turistforening gjort mykje for å ”opne” Tafjordfjella for friluftsfolk, ved å merke stigar, og byggje overnattingshytter. Bygda som ligg inst i Storfjorden og lengst aust på Sunnmøre er omgitt av vill og vakker natur. I bygda er det om lag 160 innbyggjarar og levegrunnlaget er mellom anna hjørnesteinsbedrifta Tafjord Kraftproduksjon, landbruk og turisme. I sommarhalvåret er det stor valfart av turistar som ofte tek ein tur i Tafjordfjella. Då følgjer dei gjerne turistforeninga sine ruter frå hytte til hytte. Andre vil kanskje kose seg i utandørs svømmebasseng ved Tafjord Frikluftsbad eller vitje Kraftverksmuseet. To store

hendingar på 1900 talet har sett store merker etter seg i bygda. Den første var anleggstida. Elvane, fossefalla og alle vatna i Tafjordfjella gav grunnlag for elektrisitetsprodusjon. 12 kommunar gjekk saman for å utnytte dette då dei i 1917 skipa Tafjord Kraftselskap. Gjennom åra har det vore fleire store utbyggingar, og mykje av anlegga er usynleg inne i fjellet. Mest synleg og ruvande er Zakkariasdammen på 95 meter, som er ei av Europas høgste betongdemningar. Tafjord er kanskje mest kjend for ”Tafjordulukka”, ei av Norges største naturkatastrofer, som ramma bygda natt til 7. april 1934. Då rasa Langhammaren ut frå 730 meters høgd, tok med seg Heggurda under, og 3 millionar kbm masse traff fjorden og laga ei flodbølge opp til 64 meter høg. I alt 23 personar i Tafjord og 17 i Fjørå miste livet, samt store materielle skadar ved at alle hus, vegar, bruer, båter og kaier vart vaska vekk. ”Fundergata” er eit anna særpreg i Tafjord, og eldste delen har ein ”landsbystruktur” over seg. Her står det att mange kyrkjebuer, som før i tida vart brukt av folk som budde i fjelldalane. Her skifta dei til kyrkjeklede og åt nista si før dei rodde den lange vegen til og frå Dale (Nord-dal) kyrkje. Tafjord Kraftselskap har omdanna sin første kraftstasjon til kraftmuseum som i dag er ope for besøk. Tusenvis er innom denne gamle stasjonen kvart år. Langt oppe i høgfjellet finn ein og Anleggsmuseet i Veltdalen, der det i 1925 var ein stor leir av bustadbrakker, smie og dyna-mittlager. Her oppe finn ein og Fleidfarehytta, eit krypinn som vart nytta av Kompani Linge til sabotasjeaksjonar un-der krigen. Reindalen og Daurmålshaugane vert av fagfolk nesten sett på som Noregs største botaniske skattkammer. Av sjeldne plantar kan vi nevne: Reinrose, blåmjelt, rab-bestar og flekkmure. I Muldalsvika er det uvanleg frodige edellauvskogen truleg av den mest verneverdige i fylket. Sjeldan er og planten Lerkespore som veks i Tafjord, noko som er årsak til at Tafjord er ein av dei to stadane i heile Noreg der ein kan observere den truga sommerfuglen Mne-mosyne. Fjellgrunnen i Tafjord ber elles andre forvitnelege trekk med seg, og er eit eventyrrike for steininteresserte. Det vakraste berget finns nok ved Kallskaret. Her er eit stort eklogittfelt freda som Kallskaret Naturreservat. Dette er ein grøn eller okerfarga steinslag, med skjeldsynt fine, raude granatkrystallar i. Det er blitt gjort funn av lokale edelmin-eraler, til dømes peridot, tullit og barytt. At fjella her ber rikdom i seg er ingen ny tanke. Det har vore bergverksdrift fleire stader. Dei store forkomstane av olivin har ført til prøveuttak, og i olivinfeltet mellom Kallskaret og Onilas-vatnet i Tafjord har det vore verksemd ei stund i 1970 åra. Eit stort styrtfangsanlegg finn ein oppe i fjellet mellom Kallskaret og Herdalsvatnet. Her kunne fangstfolk i gamal tid drive reinflokkar utfor fjellet. Her har fangsmennene bygd ein 300 meter lang mur som enda på kanten av eit stup. Dette er eit eineståande byggverk, og må vere særs gammalt fordi det kan ikkje forklarast på annan måte enn at dalen den gong delvis var fylt med is, noko som tyder på ein alder på 13000 år eller eldre. Marianne Heske, ein av dei mest kjende kunstnarane i Noreg, budde lenge i Tafjord. Ein stor del av hennar kunst ber preg av fjella og skredhend-ingane her inne. Tafjord er kjend for sitt milde klima og er ofte nemnd som varmaste staden i landet på vermeldinga. Fleire frivillige organisasjonar finn ein og i bygda, som t.d. Idrettslag, Ungdomslag, Helselag og Skytterlag. I Tafjord finn ein og campingplassar, kafe, butikk og båthamn.

MUldalMuldal ligg mellom Fjørå og Tafjord, og har sikkert fått navnet sitt av fjell- og dalformasjonen: ein kjeft eller ein mule som opnar seg mot stupet. Garden ligg på ca. 360 m.o.h., ikkje

langt frå kanten av eit stup. Vegen, hit opp, som ei tid var kommunal, går i 13 svingar opp frå sjøen. Sætra ligg nesten 3 km. lenger framme i Muldalen. Før tunnellen kom til Tafjord, var her ei rås over Skjegghammeren. Tafjord ligg om lag 4,5 km. frå Muldal. Elles vart det Nerhus i Fjørå som vart næraste garden. Funn som er gjort i marka tyder på at husa i eldre tider har stått lenger inne, ca. 300-400 m. frå husa i dag. Eit hardare klima med fonn- og rasfare har sikkert fått muldalsfolka til å flytte husa dit dei no står. Flaumar var heller ikkje uvanlege i eldre tider. Den kjende Muldalsfossen (Keiser Wilhelms foss) stuper utfor kanten ikkje langt frå husa. Det vart slutt på heilårsdrift i Muldalen i 1956. Det var to bruk i Muldal, no er begge fråflytta. I 1983 starta Margit og Sander Korsnes servering i eit av stovehusa på gamlegarden i Muldal. Eit lite smålåtent skilt på eit naust nede ved fjorden fortel farande at 2 km. til fjells er det råd å få seg ein kopp kaffe og svele. Sander Korsnes fortel til Sunnmørsposten i 2006 at han var lei av alle båla som vart laga til på gardsplassen rundt husa av fjellfarande, og eingong telde Sander 7 bål. Det var hit til Muldal, Jord-mor Jensine Rødal Grønningsæter kom 31. Januar 1886 for å berge livet til Torine Muldal som låg og skulle føde.

eidsdalEidsdal ligg på sørsida av Norddalsfjorden i Norddal kommune. Hit kan du kome deg med ferge frå Linge, eller du kan kome austfrå med bil over Geiranger. 15. September 1955 opna

fylkesmann Olav Oksvik, Ørnevegen, og det vart etablert ferge mellom Eidsdal og Valldal, og ei ferje gjekk frå Eidsdal til Stranda, Stordal og Dyrkorn. Eidsdal er ei lang-strakt bygd med om lag 400 innbyggjarar. Dalen høyrer til Sunnmøres mest særeigna dalstrøk, og særleg storslått natur rundt Eidsvatnet, ca. 10 km. oppe i bygda mot Geiranger. Gjennom heile dalen går den berømte ”The Golden Route”, som knyter Eidsdal og Geiranger samen med Romsdal og Trollstigen, gjennom ferjesambandet over Norddalsfjorden til Linge. Eidsdal byr på dei vakraste og mest overraskande natursceneri: Fjell med formasjonar som neppe har side-stykke. Gardar som ligg så høgt at sætrane til dels har funne sin plass under dei, som til dømes Kilsti, Løvoll, Kleiva og Storås. Frå Kilsti og Storås er det ein fantastisk flott utsikt. Eidsdal er eit veleigna utgangspunkt for fjellturar både sommar- og vinterstid i variert terreng. Gjennom dalen renn Eidsdalselva, ei god og velbrukt lakseelv. Eidsvatnet, som ligg ved riksvegen, er kjendt som eit av dei beste ørrettvatna i landet. Eidsdal er vinterstid ei stille og roleg bygd, men om sommaren er det stor turisttrafikk, og aktivitetsnivået auker enormt, med mange ulike arrangement, bl. a. Jord-mormarsjen. Eidsdal er i hovudsak ei landbruksbygd med stor spennvidde i både produksjonsformer og bruksstorleik.

Framleis er det mjølkeproduksjon som dominerer i dalen med både ku- og geitemjølk. Ein annan stor næringsveg er turisme, her finn ein fleire campingplassar, hytte- og romutleige, samt suvernirbutikk og landhandel. Fleire store hyttefelt er lagt ut, mellom anna Eidsvatnet Hyttegrend, og hyttebygging er eit satsningsområde i Norddal kommune. I bygda har det tidlegare vore fleire store fabrikkar, bl. a. Storås Skjortefabrikk, alle desse fabrikkane er no nedlagt eller flytta ut av bygda. Næringslivet i Eidsdal er variert, vi nevner bl.a.: Rørleggerfirma, Kafe, Bensinstasjon, Bil-verkstader, Mek. Verkstad, Fleire sjølvstendige byggefirma, Bank, Post i butikk, Daglegvarebutikkar, Suvernirbutikk, Bibliotek, Campingplassar og Romutleige. Her er skule, barnehage, aldersbustader, fysioterapi og fotpleie. Eidsdal har eit aktivt lags- og organisasjonsmiljø, med tilbod for alle i alle aldersgrupper. Vi nevner Idrettslag, Ungdomslag, Skytterlag,Ungdomsklubb, Røde Kors, Bondelag, Helse-lag, Elveeigarlag, Småbåtlag, 4H, Fjellrosa barneforening, Musikkorps, Pensjonistlag og Søndagssskule.

noRddalFor å kome til bygda Norddal køyrer du den 4 km. lange

vegen langs fjorden frå Eidsdal. Bygda har 200 fastbuande, og er ei perle der ho ligg i naturskjønne om-gjevnader med kort veg til både fjord og fjell. Jordbruk er ei viktig næring her inne.

Bygda er delt i to av Storelva, som er ei flott lakseelv. Nord-dal har ny småbåthavn med gjesteplassar, og er omgitt av høge og flotte fjell. Desse er flittig i bruk både sommar og vinter av fastbuande og tilreisande. I bygda finn ein eigen daglegvarebutikk, kyrkje, gjestgiveri, bibliotek, barneskule og barnehage, bilverkstad og aldersbustader. Bygdekinoen er på plass ein gong i månaden. Norddal har eige Idrettslag, med skianlegg og skitrekk, varmestove, oppkøyrde løyper og fint terreng. Elles har Norddal både barne-, herre- og dametrim, fotballag saman med Eidsdal. Her finn vi og ungdomslag, bondekvinnelag, helselag og husflidslag. Kvart år vert det arrangert Midtsommerdagar med kjende aktørar, handtverksmarknad, barneteater og låvedans. Organisasjo-nen The Happy End Norddal vart skipa i 2004. Føremålet med organisasjonen er å skape aktivitet og arbeidsplassar i bygda. Dette vert gjort gjennom aktiv marknadsføring, produkutvikling og samarbeid med andre. The Happy End er ein næringsorganisasjon, men ikkje berre det, det er eit lag, ei bygd og også ein marknadsføringseining. The Happy End vil nytte dei moglegheitene som ligg i bygda og om-rådet og folket i den. Organisasjonen har 12 medlemsbed-rifter.

HeRdalssÆTRaHerdalssætra ligg i Norddal, om lag 14 km. frå ferjekaia i Eidsdal og kring 45 minutts køyring frå Geiranger. I tusen år var vegen til Herdalssætra berre ein sti der krøtera gjekk og transport

av budrått og tilfang måtte skje på ryggen til folk eller hest. Før 1870 var vegen frå bygda til vatnet berre køyrande med

slede. Etter 1870 vart vegen utbetra, slik at sterke hestevogner kunne brukast. I krigsåra vart vegen bygd vidare for traktor og tilhen-gar. Det å skulle bringe mjølka frå sætra og til ned til bygda var tungvint. Først måtte ein ha hestetransport heim til vatnet, så i robåt over vatnet før traktoren kunne overta. I 1953 tok ein til med organisert vegarbeid langs vatnet, og i 1959 tok arbeidet til for fullt med moderande utstyr som bulldosar og traktor. Mykje av finarbeidet måtte utførast med han-demakt, og dette skjedde i form av dugnader og arbeidslag. Hausten 1960 vart vegen langs Herdalsvatnet ferdig, kostnadssummen var

på kr. 80.000,-, og det vart gjeve eit offentleg tilskot på kr. 25.000,-. På ei vid slette, 520 m.o.h. ligg den tradisjon-srike seterstølen. Over 30 små og store hus i tett klynge, dei eldste over 200 år gamle. I snart 300 år har det vore seterdrift her, og før den tid var det fast busetnad – truleg allereie i vikingtida. Eit par hundre meter frå seterhusa finns 10-12 hustufter frå det eldgamle gardsanlegget, og i fjella kring dalen er det spor etter fleire fangstanlegg, det største – på fjellet Litlejorda – er eit av dei mest særmerkte på Vestlandet. Vassdraget Herdøla byr på mange flotte fossar og fiskerike vatn. Og her leikar vatnet fritt frå bre til fjord – og slik får det halde fram sidan vassdraget er varig verna. Frå stølen førar stigar opp i fjellet. T-merka rute over Nøre-Herdalen til Kalshussætra og gode råser til andre dalar og fjelltoppar. Dyre- og plantelivet er rikt og spanande, det same gjeld geologien – og i Kallskardalen (1000 m.o.h.) – om lag to timars tur frå Herdalsvatnet, er det eit geologisk naturreservat. Rellingsætra og Innsetsætra er mindre kjende sætrar, men ikkje mindre vakre av den grunn.

NORDDAL KYRKJEVart bygd i 1782, og er den fyrste 8-kanta kyrkja på Sunnmøre. Kyrkja vart bygd opp på same staden der den gamle stavkyrkja stod. Denne kyrkja vart reist i Valldal og på 1620-talet flytta til Norddal.

Delar av den gamle stavkyrkja vart nytta då dei reiste den nye. Innvendig er kyrkja uvanleg lys og romsleg, med heile 400 sitjeplassar. Kring 1900 vart veggar og tak, stolpar og benkar måla i triste fargar. Men i 1981 vart det meste luta vekk, og kyrkjerommet står no fram i opphavelege skapnad. Det første orgelet kom i 1921, med ein orgelfasade teikna av Domenica Erdmann, som var ein kjend norsk målar og dekoratør. Sakeristiet er av nyare dato, påbygd i 1958. På veggen attmed preikestolen heng det eit stort målarstykke. Dette er ei minnetavle for Arne Eivindsøn, som var prest på den tida stavkyrkja vart flytta over fjorden. Han døydde i 1634. Det var enkja som gav biletet. På galleriveggen heng det seks gamle portrett av prestar og prestekoner. Desse målarstykkja i olje på lerret, er laga kring 1673-1740. Alter-tavla er utstyrt med figurar, relieff og fløydører, alt praktfullt måla. Tavla er frå seinmiddelalderen, (kring 1510-20). Truleg kom ho frå Tyskland. Innsidene av fløydørene viser St. Matemus og Heilag Olav. Altertavla er kransa med ei stasleg barokk-ramme som er laga etter at altertavla kom til Norddal. Tavla er gitt som ei gåve frå Elisabeth Christo-phersdotter etter at mannen hennar, Norddaslpresten Hagen Kirkebrecht døydde. Kyrkjetårnet er bygd i klassisk barokk-stil, det smukkaste og høgaste i hele Sunnmøre, og måtte utan tvil bu på store tekniske problem. Bygdehandverkarar valde sjølve forma og måten det skulle gjerast på. Norddal kyrkje ligg vakkert til ved foten av Kyrkjefjellet nede ved sjøen. På kyrkjegarden er det og reist eit monument over dei omkomne i Tafjordulukka.

SYLTE KYRKJEi Valldal vart bygd i 1863, og er ei såkalla angkyrkje med heile 600 sitjeplassar. Gjert Lien frå Nordfjord var bygg-meister.

Norddal kommune:Frodig – Vilt – Vakkert