10
Studietur 1-5.september: Cairngorm National Park i Skottland Jostedalsbreen nasjonalparkstyre arbeider med revisjon av forvaltningsplanen for nasjonalparken. I den samanhengen ynskte dei å besøke ein annan nasjonalpark for å lære og hente inn kunnskap frå andre. Valet fall på Cairngorm National Park i Skottland. På turen var også besøkssentra kring Jostedalsbreen invitert i tillegg til nasjonalparkforvaltar, representant frå Fylkesmannen og lokalt SNO. Referatet er skrive av Anne Rudsengen, SNO med ein takk til nasjonalparkstyret for å bli invitert med og hyggelege folk å reise i lag med! Tusen takk til Maria-nasjonalparkforvaltar for eit godt opplegg, men som dessverre ikkje kunne vere med, og ein takk til Tom Dybwad som då tok reiseleiarjobben på strak arm! Og takk til Bill Taylor som med sin breie kunnskap om skotsk naturforvaltning og kjennskap til den norske forvaltninga guida oss engasjert gjennom turen!. Referatet tek ikkje mål av seg av å vere fullstendig, og er nok farga av kva som gjorde sterkast inntrykk.

Studietur 1-5.september: Cairngorm National Park i Skottland · (ekornfôring) og ein kan følgje trekket via gps-sporing. Ringverknadene av senteret i lokalmiljøet er rekna til

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Studietur 1-5.september: Cairngorm National Park i Skottland · (ekornfôring) og ein kan følgje trekket via gps-sporing. Ringverknadene av senteret i lokalmiljøet er rekna til

Studietur 1-5.september:

Cairngorm National Park i Skottland

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre arbeider med revisjon av forvaltningsplanen for

nasjonalparken. I den samanhengen ynskte dei å besøke ein annan nasjonalpark for å lære

og hente inn kunnskap frå andre. Valet fall på Cairngorm National Park i Skottland. På

turen var også besøkssentra kring Jostedalsbreen invitert i tillegg til nasjonalparkforvaltar,

representant frå Fylkesmannen og lokalt SNO.

Referatet er skrive av Anne Rudsengen, SNO med ein takk til nasjonalparkstyret for å bli

invitert med og hyggelege folk å reise i lag med! Tusen takk til Maria-nasjonalparkforvaltar

for eit godt opplegg, men som dessverre ikkje kunne vere med, og ein takk til Tom Dybwad

som då tok reiseleiarjobben på strak arm! Og takk til Bill Taylor som med sin breie kunnskap

om skotsk naturforvaltning og kjennskap til den norske forvaltninga guida oss engasjert

gjennom turen!.

Referatet tek ikkje mål av seg av å vere fullstendig, og er nok farga av kva som gjorde sterkast

inntrykk.

Page 2: Studietur 1-5.september: Cairngorm National Park i Skottland · (ekornfôring) og ein kan følgje trekket via gps-sporing. Ringverknadene av senteret i lokalmiljøet er rekna til

Måndagen:

Bill Taylor

Vår lokale reiseleiar og ein person som har hatt mange roller og jobbar knytt til

natur/forvaltning/reiseliv/bygdeutvikling.

Om Skottland og Noreg og nasjonalparkar

Skottland har få kommunar i forhold til Noreg (gjennomsnitt 166 000 innbyggarar pr

kommune i S. kontra 11 000 innb. i N.) Skottland har få og veldig store eigedomar med mykje

hjort og rype, noko som fører til overbeite mange stader. Verdien av eigedomen er knytt til

kor mange dyr som finst der (450 000 pr hjort, 100 000 pr rype og 250 000 pr laks). Mykje

«viltstell» i utmarka: slår graset i utmark for å tilpasse beiting av fugl og hjort.

Alle nasjonalparkar (NP) i Storbritannia er i kategori V (I den internasjonale lista, IUCN). (I

Noreg har vi berre såkalla villmarksnasjonalparkar, i kat. II.) Studie viser at folk kjem til

Skottland og til Highland (fjella) pga naturen/utsikta, ikkje så stor prosentdel golf- og

whiskyturisme som ein trudde. Den nye reiselivsstrategien er difor meir fokus på natur,

kultur(historie) og aktivitetar. Folk går langruter i NP og dei samlar på fjelltoppar. I 2003 vart

«Scottish Outdoor Access Code» vedtatt: Allemannsretten. Skottane må lære korleis dei skal

oppføre seg i naturen og forvaltninga bruker ein del tid på dette

Vår lokale reiseguide, Bill Taylor. Her ved varden på Mt. Cairngorm

Turfølgje saman med to styremedlem frå Cairngorm

I Cairngorm NP er 75% er privat eigd og dette måtte ein ta store omsyn til ved opprettinga.

Mange ynskte å kome med i nasjonalparken, og det bur 17 000 innbyggarar fordelt på fem

kommunar innafor grensene. I etableringsprosessen fekk ein «alle» til å sjå innover og

oppover og einast om fjellområdet i mellom seg. Fire breie føremålsparagarfar som alle tel

like mykje, om:

Naturvern, Berekraftig bruk av naturen, Rekreasjon (friluftsliv),

Berekraftig økonomi og sosiale aspekt for folket i NP

Page 3: Studietur 1-5.september: Cairngorm National Park i Skottland · (ekornfôring) og ein kan følgje trekket via gps-sporing. Ringverknadene av senteret i lokalmiljøet er rekna til

Nasjonalpark-styresmakta eig ikkje noko og tilsett ikkje folk til å drive med rangerarbeid eller

jobbe i felt. Dei lagar planar, utviklar og får til samarbeid.

Tysdagen:

Muir of Dinnet National Nature Reserve

Dette naturreservatet ligg inne i nasjonalparken. Her er ein tilrettelagt innfallsport med

parkering og eit lite besøkssenter og toalettbygg. Litt informasjon, men her mangla kart. Kort

universell sti fram mot og nesten inn til jettegryta. Men ikkje heilt inn for ikkje å øydelegge

naturformasjonen. Ca. 40 000 besøkande kvart år inn på den stien.

Innfallsport. Ingen felles merkevare for NP utover

logoen.

Rullestoltilgang nesten fram til jettegryta, men ikkje inni.

Gjerde laga av lokal kunstnar ved utsiktpunkt.

Informasjon på "gjerde".

Glentanar Estate (Privat eigedom)

Ranger Eric Baird (tilsett av eigedomen, non-profittjobb):

Eigedomen er ca 100 km2 stor. Glentanar tener pengar på diverse natur-aktivitetar som

Landroverguiding, kongeørnkikking, hjort- og rypejakt og overnatting, bespisning og guiding

i samband med dette. Eit lite besøksenter. Ranger Eric tok berre med grupper ut, ikkje

kommersielt. 100 – 150 grupper i løpet av sesongen. Han vil helst ikkje ta gruppene med inn i

hus/besøksenter, men heller ha «skulerom» og «leikar» ute for å lære om natur. Lærer opp

frivilllige tilm.a. stivedlikehald og å luke framande artar. Lærer korleis dei skal gå på steinar i

elva … Eric møter ca. 40 000 besøkande i dette område kvart år, som er der frå nokre timar

Page 4: Studietur 1-5.september: Cairngorm National Park i Skottland · (ekornfôring) og ein kan følgje trekket via gps-sporing. Ringverknadene av senteret i lokalmiljøet er rekna til

til nokre veker besøk. Mange bur i enkle hytter der dei legg fram fuglebok, kikkert og

notatbok for å auke kunnskapen og interessa for fugl og dyreliv. Det er stor interesse for dette.

Besøkssenter i ein gammal bygning

Eric forklarer nedgang i storfuglbestand pga m.a. hunder

som ikkje går i band.

To styremedlem frå nasjonalparkstyret i midten: Gregor Hutcheon og John Latham

Eit av bygga på den store Glentanar-eigedomen.

Utsikt mot fjellområda i NP der ein driv "viltstell" for rypejakta.

Hmm ... Skulptur ved utsiktspunkt.

Page 5: Studietur 1-5.september: Cairngorm National Park i Skottland · (ekornfôring) og ein kan følgje trekket via gps-sporing. Ringverknadene av senteret i lokalmiljøet er rekna til

Møte med to styremedlem

Gregor Hutcheon og John Latham sit i nasjonalparkstyret og orienterte om arbeidet. Styret er

samansett av 19 personar: 7 frå regjeringa, 7 frå regionale styresmakter og 5 valde lokalt.

Andre store aktørar som ein samarbeider med er m.a. statleg skogsforvaltning og den store

NGO-en (Non Govermental Organisation – frivillege lag og organisasjonar) RSPB (The

Royal Society for the Protection of Birds),

Styret lager parntnership-planar, og samarbeider med rangere, besøksentre og mange fleire.

Nasjonalparkstyret lager forvaltningsplan kvart 5.år.

Onsdagen

Hovudadministrasjonen til nasjonalparken

Hamish Trench, direktør for naturvern- og besøksoppleving-direktoratet for partnership-

planen.

Hovudarbeidet til nasjonalparkadministrasjonen er å sjå alle kommunane saman og då lage

denne planen som inneheld naturvern, korleis få berekraftig økonomi og ta seg av dei

besøkande. I tillegg til samarbeidsplanlegging også «Cairngorm Nature», a la « Venner av

nasjonalparken»

Planen har mål innan naturvern, økonomi og besøk (besøksforvaltning/turisme).

Døme i planen er å få til samanhengande skog i låglandet og høgare skoggrense, ein business-

partnership som står for marknadsføring og merkevarebygging, og innan besøk/turisme:

etablere «Active Cairngorm». I partnershipgruppa er dei 30 partnarar som møtast ein gong i

året.

Merkevarebygging: Logoen er einaste konkrete fellesbranding: Fiskeørn med fisk i nebbet i

solnedgang. Men, mykje arbeid bak i høve bruk, krav til brukarane av logoen og ein god del

dobbel-branding (klesplagg, skilt og bilar).

«Glenmore corridor»

Pete Crane, Programme Manager – Sustainable Tourism &Visitor Experience.

Fortalte om utfordringa ved «Glenmore corridor» (rekreasjonsområde, innsjø og

vintersportsstad) og freistnaden på å få nasjonalparken meir synleg i området eigd av Forestry

Commission (“Statskog”). Brian Duff frå skogforvaltninga tok oss med på tur og viste

tilrettelegginga for enkle turar som er etterspurt. Parkeringsutfordringar og utfordringar med

hundemøkk. Skogsforvaltinga sett bevisst ikkje ut søppelbøtter, for dei vil lære folk å ta med

søpla heim.

Reknar med 1,5 mill besøkande i nasjonalparken årleg, og mest om sommaren og flest i

Glenmore-området. Nasjonalparkstyret har ikkje nødvendigvis ønske om fleire besøkande,

men at dei som kjem skal legge at meir pengar.

Page 6: Studietur 1-5.september: Cairngorm National Park i Skottland · (ekornfôring) og ein kan følgje trekket via gps-sporing. Ringverknadene av senteret i lokalmiljøet er rekna til

Tre avdelingar og ein stab i NP-adm, med ca. 60 tilsette.

NP-styret er samansett av 19 valde medlem.

Informasjon som skogsforvaltninga har sett opp i nasjonalparken.

Detalj, informasjonstavle.

Pete Crane frå NP-adm fortel om arbeidet med å innføre NP-logoen fleire stader.

Loch Marlich i "Glenmore corridor".

Page 7: Studietur 1-5.september: Cairngorm National Park i Skottland · (ekornfôring) og ein kan følgje trekket via gps-sporing. Ringverknadene av senteret i lokalmiljøet er rekna til

Brian Duff ved ein etablert turveg der det òg er ferdselsteljar.

I mykje brukt turområde.

Tur i Cairngorm-fjella

Ca. 250 000 tek toget opp, ca. 400 høgdemeter og ca. 40 000 går opp årleg. Frå endestasjon

for toget/restauranten, er det ca. 200 høgdemeter til toppen. Dei som kjem med toget har ikkje

høve til å gå ut, med mindre dei er med på guida tur. Viss ein ynskjer å gå på toppen og vidare

innover, må ein gå frå parkeringsplassen, slik vi gjorde. Dette for å hindre slitasje på sårbar

natur. Regelen gjeld ikkje når det er snødekt. Bill fortalte om utsemje og utfordringa med

toget og store masser med folk i området. I fjellområdet vidare innover i nasjonalparken, er

det ingen skilt og ingen merkte stiar. Dette er for å bevare mest mogleg villmarksfølelse og at

turgåarane skal kunne lære kart og orientering. Det ser ut til å vere viktig for skottar og britar

generelt å ha eit område der dei kan oppleve villmark og lære å ferdast i urørt natur.

Bill viser kvar fjellturen går

Start på fjellturen frå p-plassen/startpunktet for toget

Page 8: Studietur 1-5.september: Cairngorm National Park i Skottland · (ekornfôring) og ein kan følgje trekket via gps-sporing. Ringverknadene av senteret i lokalmiljøet er rekna til

Starten på stien frå p-plassen/togstasjonen.

Stien frå øvste togstasjon i retning toppen.

Innover i fjellheimen. Cairngorm-toppen som vi kom opp til først ligg heilt bak.

Innover i fjellheimen av Cairngorm NP.

Tilrettelagt på stien tilbake mot startspunktet.

Opparbeida sti med veiter nær startpunktet på turen.

Page 9: Studietur 1-5.september: Cairngorm National Park i Skottland · (ekornfôring) og ein kan følgje trekket via gps-sporing. Ringverknadene av senteret i lokalmiljøet er rekna til

Torsdagen

Loch an Eilean

Sally Dowden, direktør i Speyside Wildlife

Vi fekk sjå «ein skjulestad» (hide) for å dyrekikking. Ei enkel og komfortabel (oppvarming og

stoler) og med rullestoltilgang. Plass til 12 personar som betaler 25 pund kvar for å vere med

å observere dyr. Fôrer dyra, men kan ikkje «knipse» dei fram. Dette er ikkje dyrehage, men

natur forklarte Sally. Guidane har mykje kunnskap om viltet og kan fortelje om kvar dei bur,

kva spor og merker dei set i naturen. Gruppa som har bestilt går inn på kvelden og er 2-3

timar i hytta. Det er eit tilbod kvar kveld i 6-8 mnd lang sesong, og dette er stort sett

fullbooka. Tilbod om ny tur gratis viss dei ikkje ser mår. 95% av kveldane ser dei mår, og

inniblant ser ein grevling. Også mogleg å leige ut heile hytta, då 250 pund for ein kveld/natt,

noko som er populært for fuglekikkarar.

Sally gav ei god orientering om firmaet, som opererer over heile verden. Har m.a.

vekesopphald med fuglekikking som hovudaktivitet med utgangspunkt i hytte/pensjonatet i

skogen (der vi fekk kaffe/te). Maks 12 personar og to guidar (folk med god kunnskap om fugl

og som kan å vere gaidar) og to minibussar. Sally var veldig klar på at ho selde ein ferietur og

at det skulle vere ei komfortabel oppleving, men ikkje posh.

Frå "private hide" for dyreobservasjon.

Døme på skilting på privat eigedom i nasjonalparken.

Abernethy Forest National Nature Reserve

Fiskeørnsenteret (Ospray) til RSPB (Royal Sosiety of Protection of Bird)

Ospraysenteret er ope frå 1.april til 31. august: då fuglane hekker der. Det er kring 300

fiskeørn i GB, dei fleste i Skottland, og til saman 9-10 observasjonssentre. Senteret har fleire

on line-kamera i og ved reiret. gjennom heile sesongen/hekkinga er det 24-timars vakt ved

reiret (dugnadsarbeid). Utanom hekkinga blir det sendt anna info på nett frå denne staden

(ekornfôring) og ein kan følgje trekket via gps-sporing. Ringverknadene av senteret i

lokalmiljøet er rekna til 14 mill pund årleg. 8 tilsett på senteret (gjennom sesongen), og 10 i

det lokale/regionale RSPB-kontoret (som også held på med andre saker). RSPB er den største

Page 10: Studietur 1-5.september: Cairngorm National Park i Skottland · (ekornfôring) og ein kan følgje trekket via gps-sporing. Ringverknadene av senteret i lokalmiljøet er rekna til

frivillige organisasjonen i Europa. No arbeider dei breidt innan naturvern, ikkje berre vern om

fugl.

Forest Lodge

Største trebygningen i Skottland, bygd i «norsk stil» i 1881. Her heldt Lingekompaniet til.

Forfattarane av boka «Tre i Norge ved to av dem» hadde utgangspunkt i dette området.

Dette verneområdet, som også fiskeørnsenteret ligg i, er på 140 km2, og RSPB eig heile. Her

er den største furuskogen i Storbritannia. I området var det i utgangspunktet lite menneskeleg

påverknad og over 4000 plante- og dyreartar er registeret. Ca. 20 nye artar blir registert i

området kvart år. Mykje sopp. For 26 år sidan skaut dei ned 80% av all hjorten for å hindre

overbeite. Dei har utfordringar med å ta vare på storfugl (tiur) fordi nasjonalparken er ein

«public park» og mange eigarar synast det er utfordrande med allemannsretten fordi det kan

bli for mykje folk, spesielt i fjellet der folk går over alt. I skogen held folk seg i større grad til

vegar og stiar. Utfordringar med å få folk til å respektere bandtvang.

Fiskeørnsenteret i Abernethy Forest NationalNature Reserve.

Ca. 40 000 besøkande til fiskeørnsenteret i løpet av sesongen ( 6 mnd).

Lingekompaniet heldt til her. No lokal base for RSPB.

Desmond Duggan, forvaltar i dette området, fortel

om at greiner som dett ned blir liggande for å auke det biologiske mangfaldet.