4
Midt-Telemark Venstre 2019 - 2023

Midt-Telemark Venstre 2019 - 2023 · effektiv og trygg. Alle offentlege politiske møte må kunne streamast slik at dei som ønsker det kan følgje med frå andre stader. Venstre

  • Upload
    others

  • View
    2

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Midt-Telemark Venstre 2019 - 2023 · effektiv og trygg. Alle offentlege politiske møte må kunne streamast slik at dei som ønsker det kan følgje med frå andre stader. Venstre

Midt-Telemark Venstre2019 - 2023

Page 2: Midt-Telemark Venstre 2019 - 2023 · effektiv og trygg. Alle offentlege politiske møte må kunne streamast slik at dei som ønsker det kan følgje med frå andre stader. Venstre

Venstre er på lag med framtida!Venstre er eit sosialliberalt parti som trur på innovasjon, frivillig innsats og dugnad for å skape eit godt samfunn. Fridomen til å forme eige liv blir skapt ved at alle har reell valfridom, uavhengig av bakgrunn, ressursar eller identitet. Det er òg slik me tek ansvar for kvarandre.

Midt-Telemark skal vere ein grøn, moderne og framtidsretta kommune, og på den måten vera ein god stad å bu for folk i alle grender. Det vil me sørge for ved å satse på skulen, ta vare på naturen og legge til rette for nyskaping og framleis vekst i næringslivet vårt.

Me skal vidare – saman skal me bygge den nye kommunen vår og ta han inn i framtida.

Arealplanlegging – det er kult!Arealplanlegging høyrest kanskje ikkje så spennande ut, men det er her me bestemmer korleis nærmiljøet vårt skal sjå ut i framtida. Bø har hatt stor vekst i handelsnæringa, og me trur at ei tydeleg sentrumsavgrensing har vore viktig i så måte. Den må ikkje endrast! Me vil ha eit levande sentrum med små butikkar og levande kafear. Midt-Telemark Venstre vil derfor halde på sentrumsgrensa. Me vil også ha ei tilsvarande sentrumsgrense på Gvarv for å fortette og styrke sentrum der.

Sjølv om me gjerne vil at mange skal sykle, må me også legge til rette for dei som må komme med bil, så me vil si nei til parkeringsavgift på alle kommunale tomter i sentrum.

Midt-Telemark skal vere ein grøn, moderne og framtidsretta kommune, og vera ein god stad å bu for folk i alle grender.

Det er i Bø og Sauherad det skjer.

Page 3: Midt-Telemark Venstre 2019 - 2023 · effektiv og trygg. Alle offentlege politiske møte må kunne streamast slik at dei som ønsker det kan følgje med frå andre stader. Venstre

Økonomiske prioriteringarMed ein stram kommuneøkonomi må ein gjere prioriteringar. Venstre satsar på born og unge, så ny grunnskule på Gvarv og ny ungdomsskule i Bø må prioriterast.

Å ha gode bygg til ungane våre er bra, men innhaldet er også viktig. Andre investeringar kan ikkje gå ut over kvaliteten, verken lærartettleik, tilgang på helsesøster eller tidleg innsats for borna våre.

Dysleksivenlege skularDet er ikkje alle som går på skulen som lærer å lese å skrive like fort som dei andre i klassa. Venstre ønsker at skulane våre skal vere dysleksivenlege, det vil si at skulane skal bli kursa og sertifiserte som bevis på at dei har system og kompetanse til å fange opp og hjelpe dei som slit med lese- og skrivevanskar. Å jobbe for å løfte dei som treng det mest, vil gje ein betre skule for alle!

Frukt til elevaneMidt-Telemark blir ein fruktkommune, og kva er vel betre enn at elevane nyt godt av det. Me i Venstre ønsker at elevane skal få lokal frukt på skulen i fruktsesongen.

DigitaliseringVenstre er eit parti som likar å tenke nytt og framtidsretta. Me ønsker at kommunen skal jobbe aktivt og målretta for digitalisering av tenester og saksbehandling, slik at drifta vert effektiv og trygg. Alle offentlege politiske møte må kunne streamast slik at dei som ønsker det kan følgje med frå andre stader. Venstre vil også at kommunen skal vere best på å oppfylle rettane våre etter Personopplysingslova. Alle

innbyggarane skal ha gode høve til innsyn i saker som gjeld dei.

Miljø og naturressursarVenstre driv ein aktiv miljøpolitikk som sikrar komande generasjonar moglegheit for gode liv. Me vil sikre det biologiske mangfaldet. Midt-Telemark skal spele ei aktiv rolle i å redusere klimagassutsleppa. Dette skal me gjere ved å stille miljøkrav til oss sjølve og utbyggarane. Det må bli enklare å velje grøne alternativ og leggast til rette for innovative løysingar for grøn vekst.

KulturKultur står sterkt i regionen vår, og i samarbeid med lag og foreningar må kommunen legge til rette for at folk i alle aldrar skal møte kultur i ulike former. Kultur er meir enn underhaldning. Det er ein måte å uttrykke seg på og vere seg sjølv. Det er identitet! Når det er høve til det, ønsker Venstre at kulturinnslag i Gullbring blir streama til sjukeheimane våre, slik at førestillingane også kjem dei til gode som ikkje kan komme sjølve.

Midt-Telemark Venstre vil arbeide for etableringa av eit regionalt kompetansesenter for folkemusikk og -dans i Bø.

Folk i alle aldrar skal møte kultur i ulike former.

Page 4: Midt-Telemark Venstre 2019 - 2023 · effektiv og trygg. Alle offentlege politiske møte må kunne streamast slik at dei som ønsker det kan følgje med frå andre stader. Venstre

Venstres kandidatar i Midt-Telemark kommune

Foto

:

1. Evy Beate Stykket (f.1975)varaordførar, Bø kommuneEg likar dei grunnleggjande sosial-liberale verdiane der ein har både fridom for den enkelte og eit system som hjelper dei som treng det.

2. Steinar Sæland (f. 1959)Næringsutvikling, bustadut-bygging, arealplanarbeid og jordvern er blant dei tinga som opptek meg.

3. Frid Berge (f. 1976)Av politiske saker er det særskilt trygging av naturmangfald, berekraftig utnytting av frilufts-områder og miljø som opptek meg.

4. Tone B. Fremgård (f. 1970)Eg er spesielt opptatt av arbeidsliv, næringsutvikling og folkehelse.

5. Kim Bjørn Jensen (f. 1962)Eg er opptatt av at lokalsam-funnet skal vere ein stad å trivast og utvikle seg, derfor er kultur og friluftsliv viktige verdiar.

7. Kristin Ødegård Vestgarden (f. 1960), Valen

8. Arne Kristoffer Mosfjeld (f. 1986), Nordbøåsen

9. Dagne Sæland (f. 2000), Gunheim

10. Marita Kristina Valkeinen(f. 1986), Nordbøåsen

11. Olav Norheim-Langkaas(f. 1971), Hørte

12. Kari Anne Kolstad (f. 1974), Breisås

13. Eh Ler Hplodoh (f. 1980), Gvarv

14. Liv Gjerde Kasland (f. 2001), Nordbøåsen

15. Jon Kvisli (f. 1961), Breisås

16. Knut Eirik Hult (f. 1973), Breisås

17. Aslak Gunnheim (f. 1944), Gunheim

18. Halvor Gåra(f. 1946), Sandvin

19. Aase Haukaas Gjerde(f. 1967), Nordbøåsen

20. Pål Kleffelgård (f. 1971), Årnes

21. Øystein Heggelid Rugaas(f. 1991), Akkerhaugen

22. Anne Aavik (f. 1951), Hørte

23. Peter Sevatdal (f. 1938), Hørte

24. Kjell Stundal (f. 1945), Breisås

6. Aslaug Norendal (f. 1971)Eg er oppteken av stadutvikling, gode lokalsamfunn og godt barne- og ungdomsmiljø. Eg vil også arbeide for gode vilkår for små og mellomstore bedrifter og for eit levande og framoverlent landbruk.