29
2018 - 2022 ÅRSPLAN

ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

  • Upload
    others

  • View
    4

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

2018 - 2022

ÅRSPLAN

Page 2: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

2

Forord

I følgje ein artikkel i Fyrste steg s. 34 står det at «årsplanbegrepet kom inn i det

barnehagefaglege språket i forbindelse med endringane i lov om barnehagar i 1984.». I dag er

det ikkje lenger nok å gi ein presentasjon av barnehagen med oversikt over aktivitetane og den

pedagogiske verksemda gjennom året. Barnehagen må inkludere heile personalet og drøfte,

reflektere og vurdere både sjølve teksten og innhaldet. «Ein årsplan skal innehalde

informasjon om korleis barnehagen vil arbeide med omsorg, oppseding, leik og læring»

(Kunnskapsdepartementet 2006a, p.49)

Fjordly barnehage blir drive i samsvar med nasjonale lover og retningslinjer:

• Lov om barnehagar

• Rammeplan for barnehagen og andre offentlege forskrifter

• Årsplanen vår

Page 3: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

3

Innhaldliste

Presentasjon av Fjordly barnehage ……………………………………………… S. 4

• Spurven

• Sjøstjerna

Kristen formålsparagraf …………………………………………………………. S. 6

Formålet med og innhald i barnehagen ……………………………………......... S. 8

• Omsorg i barnehagen

• Danning i barnehagen

• Leik

• Sosial kompetanse

• Barns medverknad

Tilknyting ……………………………………………………………………. S. 12

Språk …………………………………………………………………............ S. 14

• Satsingsområde for perioden 2018 – 2022

• Resultatleiing

Fagområda ……………………………………………………….................. S. 17

Måltid og bursdag …………………………………………………………... S. 20

Overgang barnehage – skule …………………………………………........... S. 21

Dokumentasjon og vurdering ……………………………………………….. S. 22

Progresjonsplan ……………………………………………………………... S. 23

Planar ………………………………………………………………………... S. 27

• Periodeplan

• Årshjul

Litteraturliste ……………………………………………………………….. S. 29

Page 4: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

4

Fjordly barnehage

Vi er ein tradisjonsrik barnehage som har vært ein viktig del av lokalmiljøet i over 30 år.

Barnehagen blei utvida i 2008 og er no godkjent for inntil 40 barn i alderen 1 – 6år.

Barnehagen si opningstid er 07:30 – 16:30. Opphaldstida til barna er 8,5 t/d. Barnehagen har

eit fantastisk uteområde med variert natur. Skog, fjell og fjære i nærområdet vert flittig brukt

av barnehagebarna. Vi nyttar ressursane rundt omkring og uteliv står sentralt hos oss. Vi har

samarbeid med gardane og dei som driv med fiske i nærmiljøet.

Vi er ein barnehage som har delt oss i to grupper, Sjøstjerna (dei eldste) og Spurven

(dei yngste)i frå kl. 09.00 – 15.00. Vi samarbeidar tett og har ein felles månadsplan. Frukosten

et vi saman på Spurven frå kl 08.00 – 08.45.

Spurven held til i hovudetasjen, her finn vi rom som er basert på småbarnsleik. Vi

delar oss kvar dag kl. 9.30, da går dei som søv middagslur ut og resten er inne og jobbar med

ulike ting som bl.a. forming, språkstimulering, eventyr/bøker, gym og leik. Barna møtast igjen

ca. kl. 11 for ei felles samling der vi har fokus på språkutvikling, glede, meistring og læring.

Sjøstjerna held til i kjellaren. Vi har samlingar og bruker dag-tavle slik at barna best

muleg blir førebudd på kva som skal skje den dagen. Her held vi på med tema og aktiviteter.

Vi har ein fast turdag i veka og tar gjerne små turar innimellom. Vi har jamleg eigen førskule-

gruppe som eit ledd i overgangen til skulen. (les meir om det på s. 16)

Page 5: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

5

Dagsrytme:

7.30: bhg. opnar

08.00 – 08-45: frukost

09.00: gruppedeling

11.30: lunsj

12.00: sovetid/uteleik

14.15: matboks og fruktmåltid

15.00 felles ute/inne

16.30: bhg. stenger

Barnehagen er privat og er eigd av Normisjon region Sogn og Fjordane og har ein utvida

kristen formålsparagraf (lov om barnehagar § 1) Den har eit tett samarbeid med Vågsøy

kommune og dei andre barnehagane i kommunen.

• Sjumilssteget (foreldrerettleiing med fokus på dialog og fellesskap)

https://vagsoy.kommune.no/tenester/sjumilssteget-snakke-saman-vere-

saman.32084.aspx.

• Språksatsing gjennom at vi er med i språkkommunen.

• Felles mobbeplan

https://vagsoy.kommune.no/Handlers/fh.ashx?MId1=978&FilId=5026

Kontaktinformasjon:

Telefon: 57853395

E-post adresse til styrar: [email protected]

Besøksadresse: Totland

Postadresse: 6711 Bryggja

Barnehagen si heimeside: www.fjordly-barnehage.no

Page 6: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

6

Fjordly barnehage er ein barnehage med utvida

kristen formålsparagraf.

I den kristne trua står den gylne regelen sentralt. «Det du vil at andre skal gjere mot deg, skal

du og gjere mot dei.» Denne regelen finn vi og i andre religionar og trussamfunn. Han peikar

inn på samspelet mellom menneska. Ut frå eigne ynskje, kan ein også tenkje seg korleis andre

ynskjer å ha det. «Du skal elske nesten din som deg sjølv», er ein annan måte å seie det same

på. Her er vi ved kjernen i eit godt samspel mellom menneske. For å elske andre, må ein elske

seg sjølv. I barnehagen ynskjer vi å gje barna tiltru til seg sjølve, utvikle eit godt sjølvbilete,

og gje dei tru på eigne evner og utrustning. Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre

og ta vare på kvarandre.

Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse, vil vi lære barna korleis dei skal

vere mot kvarandre. Her kjem tilgjeving inn som ein viktig del. Både vaksne og barn gjer feil.

Då er det viktig både å kunne tilgje og be om tilgjeving. Barna lærer meir av det vi gjer enn

det vi seier. Dei vaksne sin måte å vere på i samspel med barna og kvarandre, påverkar barna

mest.

I barnehagen vil ein naturleg del av kvardagen vere å formidle den kristne trua gjennom

aktivitetar som til dømes lesing, samtale, samling, plansjar, bilete, teikning, forming, og ved

hjelp av song og musikk. På neste side viser årshjulet kva for bibelforteljingar vi nyttar.

Vidare følgjer bordvers vi syng til kvart måltid og bøna vi brukar i kvardagen. Vi har eit nært

samarbeid med kyrkja ( sjå under tradisjonar) og formidlar også innhaldet i dei kristne

høgtidene.

Bønn

Kjære far ta handa mi

Slepp ho aldri ut av di

Lei meg på din veg i dag

Gjer meg trygg og god og glad

Den gylne regel Omsorg

Anerkjenning

Nærleik

Tilgjeving

Nestekjærleik

Page 7: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

7

Bordvers vi syng

VINTER VÅR

HAUST SOMMAR

Paulus vert kalla til apostel

Peter i fengsel

Skapinga

Syndefallet

Josef og brørne hans

Josef i Egypt

Moses i sivkorga

Moses fører israelsfolket ut

av Egypt

Jesus og barna

Påskeforteljinga

Emmaus -vandrarane

Peters fiskefangst

Jesus himmelfart

Pinseforteljinga

Maria får besøk av ein engel

Reisa til Betlehem

Jesus blir fødd i Betlehem

Jesusbarnet i tempelet

Dei tre vise menn, og flykta til Egypt

Jesus som barn, og Jesus som tolvåring i

tempelet

Jesus lækjer ein lam mann

Takk vår Gud for maten vi får

Takk vår Gud for maten vi får

Takk vår Gud for maten vi får

Akkurat her vi er.

Halleluja pris vår Gud

Halleluja pris vår Gud

Halleluja pris vår Gud

Akkurat her vi er

Amen

(På denne songen kan barna også velje

å syngje den på « Emil-tonen»)

O, du som metter liten fugl, velsign

Vår mat O Gud.

Amen.

Herre,

Din jord bærer mat nok for alle,

Takk for den delen du vil vi skal

ha.

Lær oss å dekke eit langbord i

verda

som alle kan reise seg mette frå

Amen.

Page 8: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

8

Formålet med og innhald i barnehagen

Barnehagelova kap.1 §1seier noko om at omsorg, oppseding og læring i barnehagen skal fremje menneskeleg likeverd, likestilling, åndsfridom, toleranse, helse og forståing for berekraftig utvikling.

I Fjordly barnehage har vi desse verdiane i botn. Vårt pedagogiske grunnsyn kjem ut i frå den gylne regelen om at ein skal behandle alle slik som ein ynskjer å verte behandla sjølv.

Barnehagen har ein utvida kristen formålsparagraf og verdiane våre er i tråd med korleis vi ynskjer å formidle den kristne trua. (les meir om dette på s. 6)

Omsorg i barnehagen. Det er viktig at barn opplever kjærleik og omsorg. Ein omsorgsfull relasjon er prega

av at ein er lydhøyr, av nærleik, innleving, samt evne og vilje til samspel. I barnehagen legg vi vekt på at omsorg skal kome til utrykk i alle situasjonar, i leik, stellesituasjonar og elles. Vi legg vekt på den psykiske omsorga, så vel som den fysiske- og etiske omsorga. Barna skal bli

sett og høyrde, få trøyst, oppmuntring og ros. Dei vaksne skal vere tilstade for barna.

I Fjordly barnehage er vi alle profesjonelle omsorgsgivarar. Vi skal syne omsorg for kvarandre og dyr. Barnehagen skal bygge opp om relasjonar mellom barna, sånn at ein bidreg til å styrke eit barn sin rolle saman med dei andre.

Page 9: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

9

Likestilling mellom kjønna.

Dette freistar vi å skape i barnehagen ved å gje gutar og jenter like høve og val. Vi oppmuntrar dei til å ta del i alle aktivitetane i barnehagen utan omsyn til kjønn. Vi legg vekt

på å formidle likeverd gjennom haldningar og gjeremål, og gje alle barna same høvet til utvikling innanfor eigne føresetnadar.

Oppseding er foreldra sitt hovudansvar. Barnehagen skal vere ei støtte for heimen og delta aktivt i barna si oppseding gjennom barnehagedagen.

Danning i barnehagen. Barnehagen skal oppmuntre barna til å vere prøvande og nysgjerrige

på omverda, vi skal fremje samhald og solidaritet, og sørgje for at barna kan forstå felles

verdiar og normer som er viktige for fellesskapet.

Rammeplanen (s.21) seier vidare at barnehagen skal bl.a:

• «Leggje til rette for meiningsfulle aktivitetar og støtte identitetsutviklinga og den

positive sjølvforståinga til barna»

• «Leggje merke til, anerkjenne og følgje opp barna sine perspektiv og handlingar»

• «Utfordre barns tankegang»

Rammeplanen er tydeleg på at arbeidet med omsorg, danning, leik, læring, sosial kompetanse

og kommunikasjon om språk i samanheng og samla, bidreg til den allsidige utviklinga til

barnet.

Leik.

Barn lærer best gjennom leik. Leiken skal være ein stor del av kvardagen til barna. Leiken

skal vere lystbetont og på barna sine premiss, slik at det skapar eit inkluderande miljø. Humor

er med på å påvirke og styrkje leiken. Leiken handlar om relasjonsbygging slik at ein kan

skape tillit og tryggleik. Når vi leikar med barna er vi der for dei og vi utøver yrket på ein

profesjonell måte.

«Personalet skal organisere rom, tid og leikemateriale for å inspirere til ulike typar leik»

(Rammeplanen s.20) Vi omtalar rommet som den tredje pedagog. Både inne og uteområdet

skal inspirere barna sin leik. Det skal vere rom for ulike typar leik som bidreg til at barna

opplever glede, humor, spenning og engasjement.

Det er viktig å ha eit variert utval av leikemateriale, stimulere den taktile sansen. Mykje av

læringa gjennom leiken er med på å førebu dei til å møte kvardagslivet.

Rammeplanen s.20 seiar at personalet skal:

• «Observere, analysere, støtte, delta i og gjere leiken meir verdifull på barna sine

premissar.»

Page 10: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

10

Sosial kompetanse.

I omgrepet sosial kompetanse ligg evna til å kunne samarbeide med andre, å ha sjølvkontroll i

situasjonar der det trengst, å kunne ha rimeleg grad av sjølvhevding, å ha empati for andre

menneske og levande vesen, og det å vise ansvar.

I barnehagen vert sosial kompetanse stimulert bl.a. i leiken. Dei vaksne si rolle er her blant anna å rettleie gjennom t.d. tur-taking, i dialog, lære korleis man delar, kva som er rettferdig, og bidra med ulik leikekompetanse etter kva og korleis behovet er.

Barn som manglar sosial kompetanse kan ofte falle utanfor i leik og sosial samhandling med

andre. Det medfører at dei kan få mindre erfaring og læring på ulike områder som t.d. den språklege utviklinga. Sosial kompetanse med eigenskaper som empati og omsorg for andre, er viktige element for læring og utvikling.

Kari Lamer seier fylgjande:

«Å fremme sosial kompetanse fra barna er små, er kjernen i arbeidet med mobbing, problematferd og utestenging»

Fjordly barnehage nyttar m.a. rettleiingsmateriell frå Kari Lamer som støtte i arbeidet med sosial kompetanse.

I Fjordly barnehage skal vi vere ein

leikekamerat. Dei vaksne skal observere og

skjerme etablert leik. Vi skal ta omsyn til

barnet sin individuelle ståstad, lese

situasjonen og være proaktive.

Det er viktig å skape nye miljø ute og inne.

Her er det tilrettelagt for «familie leik» på

Spurven. Her er bord, stolar, kjøkkenutstyr

og seng. Og kven kjenner ikkje igjen eit sånt

kjøkkenbord ;)

Vi tek leiken på alvor!

Page 11: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

11

Barns medverknad.

Barnehagelova § 1 og 3, Grunnlova § 104 og FNs barnekonvensjon art 12 nr. 1. sikrar at

barna får høve til å gi uttrykk for kva dei synast om den daglege verksemda i barnehagen.

I fylgje rammeplanen skal barnehagen vere ein kulturarena der barna er medskaparar av sin

egen kultur i ein atmosfære prega av humor og glede. (rammeplanen s. 27)

Rammeplanen er lagt opp med punkter som personalet skal fylgje:

• «Nytte arbeidsmåtar som skal ivareta barna sine behov og høve til å medverke. Vi

skal ta utgangspunkt i barna sine erfaringar, interesser, synspunkt og initiativ i det

daglege arbeidet i barnehagen og ved val og gjennomføring av tema og prosjekt.» (s.

43)

• Barn får medverke tilpassa alder og modningsnivå, sånn at dei ikkje får kjensla av å

måtte ta meir ansvar enn dei er klare for.

I barnehagen får barn høve til å velje song og kvar man skal gå på tur eller valfridom i

frileiken. I fylgje Bae, Eide, Winger og Kristoffersen 2006 s.8 som påpeikar at dette er meir

ein medbestemming enn medverknad. Medbestemming handlar om bevisste val barna tar,

medverknad handlar om at vi vaksne er lydhøyre for barna sin verbale og non verbale

kommunikasjon og spelar vidare på deira sine innspel.

«OWL»

«Observe – Wait and Listen» (Weitzman 1992)

Page 12: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

12

Tilknytning

NÅR BARNET BEGYNNER I BARNEHAGEN:

Barnehagen skal i samarbeid med foreldra legge til rette og sørge for at alle barn får ein trygg

og god start i barnehagen. Det er viktig at barnehagen har individuell tilpassing for kvart

einskild barn og skapar tid og rom slik at barnet får etablere relasjonar og knytte seg til

personalet og andre barn.

John Bowlby (1968) var en britisk barnepsykiater kjent for sin tilknytingsteori om at

kjenslesmessig tilknyting til omsorgsgivar har fundamental betydning for barnet sin

psykologiske utvikling. Med andre ord handlar dette om at det å oppleve kjærleik, godt

samspel, god kommunikasjon og god omsorg har ein betydning for barnet sine kjensler no og

i framtida. Eit av dei viktigaste hovudtrekka ved teorien er at slik barnet opplever verda dei

fyrste åra påverkar både barnet sin emosjonelle og sosiale utvikling, den framtidige psykiske

helse og evne til relasjonsdanning.

I barnehagen nyttar vi cos sirkelen (tryggleiksirkelen) i vårt arbeid med barna.

Page 13: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

13

Når barnet skal begynne i Fjordly barnehage vil foreldra/føresette i forkant få tilsendt

informasjon som t.d. velkomstbrev, årsplan, vedtekter m.m. Barn med foreldre/føresette vil

så få tilbod om ein besøksdag der dei kan få høve til eit kortare besøk for å bli litt kjend.

På oppstartdagen vert de møtt av ei primærkontakt som tek seg særleg av barnet og

foreldra/føresette den fyrste tida i barnehagen. Det er særs viktig med ei individuell tilpassing

som skjer på barna sine premiss og i tett samarbeid og dialog med foreldra. I Fjordly

barnehage har vi fylgjande generelle anbefalingar ved oppstart:

- Dag 1: Ein kortare dag for barnet der foreldra/føresette er til stades heile tida.

- Dag 2: Ein noko lengre dag og foreldra/føresette kan trekke seg vekk ei kort tid

(tilpasse barnet)

- Dag 3: Ein prøver at foreldra/føresette er noko lengre vekke, men likevel ein kortare

dag for barnet enn ordinært (tilpasse barnet.)

- Dette er kun generelle anbefalingar, vi legg alltid opp til at barnet kan trenge noko

lenger tilpassingsperiode.

I Fjordly barnehage ynskjer vi å ha ein tett dialog med foreldra, og då spesielt den fyrste tida.

Vi nyttar hyppig sms/telefon for tilbakemeldingar om korleis det går med barnet, og ber

gjerne foreldra ringe oss så ofte dei ynskjer.

Etter ei tid (4-5 veker) vil foreldra alltid bli kalla inn til ein oppstart-samtale der det er rom for

avklaringar/spørsmål eller det foreldra måtte ynskje å snakke om. Vi opnar også opp for at det

er tid til samtale etter ynskje og behov gjennom heile året.

Page 14: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

14

Språk

Barnehagen skal ha språk og kommunikasjon i fokus og vere bevisst på at dette påverkar alle

sider ved barnet sin utvikling. Vi ynskjer å gje barna eit rikt og allsidig språk slik at dei kan

utrykkje kjensler, meiningar og ynskjer. Kommunikasjon er også eit viktig reiskap i leiken der

barna kan løyse konfliktar og skape positive relasjonar. Barna sitt språk er ein del av

sosialiseringsprosessen og har stor betydning for trivsel og ei kjensle av meistring i

kvardagen.

Barn lærer språk best gjennom å vere språkleg aktive og delta i eit språkmiljø, personalet har

ansvar for å invitere alle barna med på språklege aktivitetar. I Fjordly barnehage har vi nokre

verktøy som snakkepakken, språkkoffert, leikegrupper og ulike spel som er nyttige reiskap

når vi jobbar i språkgrupper med barna. I tillegg til dette er det viktig at dei vaksne er bevisste

si rolle som språkmodellar. Det er viktig at vi snakkar tydeleg, utviklar vokabularet, repeterar,

lyttar og set ord på det vi møter/ser og har ei positiv haldning til språkleg mangfald.

Rammeplanen (s. 19 og 30) seier blant anna at personalet skal:

• Anerkjenne og respondere på barna sine ulike uttrykk

• Stimulere barna sin verbale og non-verbale kommunikasjon

• Legge til rette for at alle barn vert inkludert i samtaler og samspel

• Vere seg bevisst sin rolle som språkleg forbilde

• Støtte barna sine ulike kulturelle utrykk og identitetar, synleggjere språkleg mangfald

• Utvikle og vidareutvikle omgrepsforståinga og nytte eit variert ordforråd

«Et av Vygotskys utsagn er at barn kan klare å gjøre ting alene i morgon det de i dag kan gjøre i samarbeid med andre.»

(Læring gjennom å mestre, Nordahal & Misund s 32)

Page 15: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

15

Minoritetsspråklege.

Det er viktig at vi oppmuntrar/hjelper barn med to eller fleirspråkleg bakgrunn til å vere

språkleg aktive og gje dei erfaringar som skapar begrepsforståing og som kan styrke barnet

sin norskspråklege kompetanse. Vi må danne eit trygt, inkluderande og stimulerande

språkmiljø i barnehagen der vi har fokus på glede og meistring. Vi må støtte det ulike

kulturelle og språklege mangfaldet og synleggjere det i barnehagen.

Satsingsområde for perioden 2018 – 2022 er:

Språk og språkutvikling Dette er den raude tråden som skal gjennomsyre alle aktivitetane våre og vere eit fokus i

kvardagen. «Vygotsky (1974)mente at hverdagsspråket er den viktigste kanalen for overføring

av språk og kunnskap (Liv Gjems(2009), Å samtale seg til kunnskap side 39). Dette syner og

kor viktig det er at dei vaksne har kunnskap, og brukar språket bevisst i interaksjon med

barna. I språk ligg all metakommunikasjon som til dømes stemmeleie, kroppsspråk,

blikkontakt og liknande. Eit viktig arbeidsreiskap for utvikling hos personalet er refleksjon i

tillegg til å tileigne fagleg kompetanse. Konkrete dømer på språkutvikling i kvardagen er

dialogisk lesing, bevisst utviding av vokabularet i dialog, repetisjon, samtale med ein

gjensidig trygg og god relasjon i interaksjonen, som forutsetning.

Vi brukar mellom anna metodar frå:

Språkløyper er ein nasjonal strategi for språk, lesing og skriving iverksatt av

kunnskapsdepartementet. Målet er å utvikle skrive, lese og språk-kompetansen til

barnehagelærarane, fagarbeidarar, andre ansatte og lærarar. Alle barnehagar kan vere ein del

av dette og målet er og nå alle bhg. innan 2019.

Kvifor bruke metodar frå språkløyper:

• Norske 15 åringar har eit lavt lesenivå (16% under kritisk grense)

• Gutar scorar lågare enn jenter i lesing

• Det er ikkje alltid at ein oppdagar lese/skrive vanskar tidleg nok

Eg høyrer og gløymer

Eg ser og hugsar

Eg gjer og forstår

Eit Kinesisk ordspråk. (Roeim, 1994)

Page 16: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

16

• For å styrke språket i det daglege arbeidet med barna

Resultatleiing.

Formålet med resultatleiing er å arbeide systematisk med kvalitet, vi skal styrke rolla som

leiarar, styrarar og pedagogiske leiarar, samt styrke faglegheit og fagleg identitet i

personalgruppa.

Vi har gjennom fleire år hatt årlege fokusområder felles med alle bhg. i Vågsøy kommune,

der vi går systematisk inn i arbeidet med å finne gode arbeidsmåtar, såkalla beste praksis.

Hausten 17 starta vi opp med fokusområdet : Språkutvikling gjennom musikk der målet er å

løfte språket og språkbevisstheten hos både barn og vaksne.

Barna har her fått

velje ting som laga

lyd og laga si eiga

rytmisk julekule,

som vart brukt i

julesamlingane.

Page 17: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

17

Fagområda

Rammeplan for barnehagar inneheld sju fagområder som «speglar område som har interesse

og eigenverdi for barn i barnehagealder, og skal bidra til å fremje trivsel, allsidig utvikling og

helse. Barnehagen skal sjå fagområda i samanheng, og alle fagområda skal vere ein

gjennomgåande del av innhaldet i barnhagen»

Eit bilde seier meir enn 1000 ord. Vi har valt å synleggjere vårt innhald gjennom tekst og

bilde.

Etikk, religion og filosofi

Vi skal gi barna tid og høve

til å stille spørsmål,

reflektere.

Naturen er til å bruke både

fysisk og psykisk.

Her ser dykk ein gjeng

som nyte naturen og alt den

romme. Kanskje blei eit

verds problem løyst der. og

da…

Kropp, rørsle, mat og helse

Barns medverknad i kvardagen.

Her har vi fyrst vært på tur og

plukka blåbær. Etter å ha

reinska dei fekk barna være

med å lage pannekakerøre og si

eiga blåbærsylte som dei kunne

ha opp på pannekaka.

Personalet skal leggje til rette

for at måltid og matlaging

bidreg til måltidsglede.

Page 18: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

18

Natur, miljø og teknologi

Barnehagen vår har sjøen som

nærmaste nabo. Vi tar ofte turen

innom fjæra og får kjennskap

og kunnskap om sjøvett

gjennom Elias opplegget til

redningsselskapet. Det er også

kort veg til fjell og jordbruk

som vi nyttar slik at barna får

kjennskap til naturen. Dei

utviklar respekt og en gryande

forståing for korleis dei kan ta

vare på naturen.

Nærmiljø og samfunn

I fjordly barnehage har vi eit

tett samarbeid med gårdane

rundt.

Kunst, kultur og kreativitet

Hurra! Endelig er eg i syden !!

Barnehagen skal bidra til at barna

bruker fantasi, kreativ tenking og

skaparglede. Her er ei gut som

verkeleg nyter «liksom ferien» frå

ein vanleg barnehage kvardag

Page 19: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

19

«Leiken dannar eit viktig grunnlag for arbeidet med

fagområda». (Rammeplanen s.47)

Her har to barn funne ut at dei skal lage ein snømann.

Gjennom arbeidet med snømannen må barna

kommunisere og samarbeide, Dei har rulla og forma

snøballane, dei har synt gode grovmotoriske ferdigheiter

for å klare dette. Det er mykje god leik i dette bilde men

også mykje god læring - Dei må kommunisere langs

med for å løyse utfordringar som dukkar opp, vere

kreative saman, få utvikla kunnskap og ferdigheiter i eit

lystbetont miljø der leiken står sentralt.

Mengde, rom og form

Matematikk er bl.a

samanlikning, sortering,

plassering, orientering,

visualisering, former,

mønster, tal, teljing og

måling. Det å kunne utforske

og oppdage matematikk i

dagleglivet.

Eit barn har her samanlikna,

sortert og plassert gaflar,

knivar og skeide i

bestikkskuffa. Ei sånn skuffe

finn ein i dei fleste kjøkken

ein møte på.

Kommunikasjon, språk og tekst.

Barnehagen skal bidra til at barna

får utforske og utvikle

språkforståinga,

språkkompetansen og eit mangfald

av kommunikasjonsformer. Barna

lærer gjennom å delta aktivt. Bruk

av konkretar og gjentaking er

sentralt i vår kvardag.

Her søv bjørnane i eventyret om

Gullhår og de tre bjørnane. Klart

barna må få sove også då.

Page 20: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

20

Måltid og bursdag

Mat og drikke i barnehagen utgjer ein betydeleg del av barna sitt totale kosthald, maten i

barnehagen (både den vi lagar og den som er medbrakt) er derfor av stor betyding for barna

sin utvikling og helse. Gode rammer rundt måltider er viktig for å gi barna gode opplevingar

og kan vere avgjerande for kor mykje mat barna får i seg. Vi må legge til rette for ein god

matkultur der matglede som skapar tid og rom for ei god oppleving av kvart måltid står

sentralt. Dette er gode vanar som kan vare livet ut.

I fylgje rammeplanen (s.31) skal barnehagen bidra til at barna tileignar seg gode vaner,

haldningar og kunnskap når det gjeld kosthald, hygiene, aktivitet og kvile. Vidare skal vi gi

barna innsikt i maten sin opprinnelse produksjon av mat og vegen frå mat til måltid.

I Fjordly barnehage har vi tre måltid pr. dag der vi har fokus på eit sunt og allsidig kosthald

og oppmuntrar foreldra til det same.

Ved bursdagar får barna sjølv velje mellom tre ulike varmrettar, desse vil variere frå periode

til periode.

Vi anbefaler sunne og varierte matpakkar som gjenspeilar det kosthaldet barna møter i

barnehagen.

Frukt og grønsaker

Grove brød

Egg

Pålegg:

Makrell i tomat

Kaviar

Kjøttpålegg

Lever/kylling postei

ost

Page 21: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

21

Overgang barnehage – barneskule

Overgangar og spesielt overgangen til når barnet begynner på skulen er lagt særskilt vekt på i

den nye rammeplanen. Det er viktig med ein trygg overgang for barnet, slik at det kan glede

seg til å begynne på skulen og få ei oppleving av at det er samanheng mellom barnehagen og

skulen.

I starten av det året barna skal begynne på skulen skal barnehagen ha ein overgangssamtale

med foreldra om skulestart. I den samtala skal foreldra få høve til å gi samtykke slik at

barnehagen kan dele opplysningar om det einskilde barnet til skulen. Vidare heiter det at

« Barnehagen og skulen bør utveksle kunnskap og informasjon som utgangspunkt for

samarbeid om tilbodet til dei eldste barna i barnehagen, overgangen til skulen og

skulestarten.» (rammeplanen s. 33)

Fjordly barnehage ligg på Totland som skal inn i eit ny kommune. Samfunnet er i ein

endringsprosess, derfor er vegen vidare i forhold til kommune og skuleplass noko som

kanskje vil endre seg.

Pr. dags dato er vi tilknytta Vågsøy kommune og vi fylgjer den overgangsplana til den

kommunen, ved ein evt. endring tek vi kontakt med den aktuelle skulen og kommunen for å

få til eit samarbeid i tråd med det som rammeplanen viser til.

https://vagsoy.kommune.no/Handlers/fh.ashx?MId1=978&FilId=3364

Page 22: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

22

Dokumentasjon og vurdering

Satsingsområdet og årsplanen vert vurdert undervegs. Dette gjer vi på personalmøta og på

planleggingsdagar. Tilbakemeldingar frå foreldre, både munnlege og tilbakemeldingar i form av spørjeundersøkingar er med i vurderingsarbeidet vårt. Barna sitt medvirke i kvardagen, personalarbeid, barna og barnegruppa vert også vurdert i høve til målsetjing, og for eventuelt

å gjere ting betre.

I arbeidet vert det lagt vekt på å vurdere trivselen og utviklinga til barna og barnegruppa, og

det daglege samspelet mellom alle i barnehagen, det vil seie barn seg i mellom, barn - vaksne,

og dei vaksne seg i mellom. Alle i personalgruppa tek direkte del i vurderingsarbeidet.

Resultat av vurderingane vert og lagt til grunn for seinare årsplanarbeid.

Samarbeid mellom heim og barnehagen:

Barnehagelova §1 seier « Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barna

sitt behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig

utvikling»

Eit godt samarbeid mellom barnehagen og heimen er veldig viktig. Vi må legge til rette for

ein god dialog prega av tillit og respekt der vi kan utveksle observasjonar, meiningar og

bekymringar knytt til kvart einskild barn sin helse, trivsel, utvikling og læring.

Samarbeidsutvalet skal vere eit rådgivande, kontaktskapande og samlande organ som skal ta

hand om saker som er viktige for barnehagen sitt innhald og virke, samt forholdet til foreldra.

I Fjordly barnehage deltar to valgte foreldre i dette organet (SABU), samt styrar, to valgte rep.

frå personalet, rep. frå kommunen og rep. frå eigar

• Møteplan blir delt ut kvart halvår og står på nettsida

• Viser til årshjulet

• kontaktinfo

Rutiner:

• Oppstartsamtalen

• Foreldresamtaler

• Overgang bhg – skule

o Foreldresamtale før skulestart

Foreldremøter:

Vi har foreldremøte i august kvart år

Å være foreldre/føresatt i

Fjordly barnehage vil sei:

• Sjå barnet når du

leverar og hentar

• Open dialog basert

på gjensidig respekt

kan føre til eit godt

samarbeid

• Gje beskjed dersom

barnet kjem seinare

enn kl 09.30

Page 23: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

23

Progresjonsplan

Kommunikasjon,

språk og tekst

Kropp, rørsle,

mat og helse

Kunst, kultur

og kreativitet

Natur, miljø

og teknologi

Mengd, rom og

form

Etikk,

religion og

filosofi.

Nærmiljø og

samfunn

Bruke

språket aktivt

gjennom

heile dagen både i

formelle

og uformelle

situasjonar.

Vi har

korte og lengre

samlingar

med song , rørsle og

musikk.

Vi brukar

peikebøker og

billedbøker

tilpassa for ein 1 åring.

Vi nyttar

metoden dialogisk

lesing.

Vi vaksne

skal være lyttande til

kva barna

vil formidle

Gj. lyd,

kroppsspråk, mimikk og

einskildord. Vi sette ord på alt

det barna møter

i kvardagen.

Vi legg vekt på allsidig rørslemønster som t.d. åle, rulle, krype og gå. Vi vektlegg individuelle tilrettelegging.

Nytte

utområdet vårt

allsidig.

Sandkassa,

grave i

sanden, ause

opp sand.

Barna må få

mykje tid til

allsidig leik,

og hjelp til å

leike om det

trengs.

God Hygiene:

Vi gjer ein

tidleg innsats

på eigen

handvask og

munnvask.

Barna møter

eit sunt og

variert

kosthold.

Male med

vassfargar, fingermåling,

teikne, lage

figurar i sandkassa,

bygge med

klossar og naturmateriale.

Sjå i bøker og

på bilete.

Song og

musikk.

Rørsle til musikk.

Vere mykje

ute i all slag veir og bruke

naturen som

ein arena for leik og

opplevingar

Vere med til

nabogardar for å sjå/

høyre ulike

dyr.

Bruke

naturmateriale til å bygge og

leike med

La barna bli kjende med talrekkja. Nytte naturlege situasjonar til teljing (t.d telje fingrar og tær i stellesituasjonar). Lære/ kjenne på ulike former gjennom bruk av putteboks. Øve seg på rydding/sortere leikar Få kjennskap til ulike fargar

Påverke

dei til å ta omsyn til

kvarandre.

Empati

Nærleik og

tryggleik Den

gylne regel

Få kjennskap

til verdiar i kristen tradisjon

bordvers

Bli kjend

med barnehagens

nærmiljø

gjennom turar og

samtaler

1 åringen

Page 24: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

24

2 – 3 åringane

Kommunika-

sjon, språk og

tekst

Kropp, rørsle, mat

og helse

Kunst, kultur og

kreativitet

Natur, miljø

og teknologi

Mengd, rom og

form

Etikk,

religion og

filosofi.

Nærmiljø

og samfunn

Hjelpe barna til

å løyse

konfliktar ved

hjelp av språk.

Få hjelp ti l å

uttrykke eigne

meiningar/

kjensler

Vidareutvikle

ordforrådet

gjennom

samtale, lesing,

song, ulike spel,

setje ord på det

ein ser.

Leike og

eksperi-

mentere med

ord, rytme, rim

og regler og

andre språksti -

mulerande akt.

Leikeskrive

Synleggjere

kulturellt

mangfold ved å

synge songar på

ulike språk.

Reflektere,

undre og

fabulere i lag

med barna, la

dei få høve til å

fortelje

Tid til leik

Vere med på

lengre turar, få

utfordringar i

ulendt terreng og

kjenne

meistringsglede.

Øve opp

balansen, sykle, gå på

ski, få bruke

ulike reiskap.

Gode vaner for

hygiene

Sunt og variert

kosthold

Bli trygg på eigen

kropp

Vidareutvikle

gode motoriske

ferdigheiter

Oppleve

skaparglede

gjennom å

Klippe, forme, male, skrive,

teikne osv.

Få høve til å bli

kjend med ulike

typar musikk, dans, drama,

kunst/bilet-

kunst og språk.

Få ta i bruk

fantasien

Oppleve glede

og stolthet over

eigen kulturell tilhørigheit

Nytte

naturens

mangfald og

la barna få

høve til å bli

glad i

naturen

rundt oss og

vilje til å

verne om

den.

Skape gode

opplevingar i

all slags veir

året rundt å

la dei få

oppleve

naturens

utvikling gj.

året

Gi kunnskap

om dyr og

dyreliv ved å

besøke

nabogardar

Vidareutvikle

talrekkja: la

barna få

eksperimentere

og leike med tal,

mengd og

teljing

Fargelære

Lære

matematiske

begrep (sirkel,

kvadrat,

trekant, firkant)

La barna få

hjelpe til med

kvardagslege

aktivitetar som

å dekke bord,

rydde, sortere

Skape små og

store rom, gi

erfaringar med

stor/liten,

lang/brei

Få kjennskap til

digitale verktøy

Styrke barnas

nysgjerrighet og

interesse for

matematiske

samanhengar

Problemløysing

Den gylne

regel , alle

er like

mykje

verdt

Utvikle

grunn-

leggande

verdiar i

Kristen

tradisjon

Synge

bordværs

Avslutte

samlingar

med bøn

Bibel-

forteljingar

frå nye

testamentet

med m.a.

bilete,

figurar,

flanello-

grafar

Lengre

turar i

nærmiljøet,

bli kjend og

trygg i eige

nærmiljø.

kunnskap

og

erfaringar

kring lokale

tradisjonar

Bli kjend

med at

samane er

Norges

urfolk og

samisk

kultur

Trafikk-

reglar: lære

desse og

bruke dei

aktivt når vi

er på tur

Lære

sjøvett:

gjennom

turar i båt/

ved

sjøen/fjæra

nytte

materiell

som skjell

og tang

Page 25: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

25

4 – 5 åringene

Kommuni-

kasjon, språk

og tekst

Kropp,

rørsle, mat

og helse

Kunst,

kultur og

kreativitet

Natur,

miljø og

teknologi

Mengd,

rom og

form

Etikk,

religion og

filosofi.

Nærmiljø og

samfunn

Barna kan

bruke

spørjeord og

stille

spørsmål

dersom det

er noko dei

lure på.

Dei har

kjennskap til

sortering og

har tatt i

bruk over-

begrep som

dyr, mat og

leikar.

Barna er

kjend med

setnings –

produk-sjon

og brukar 4

ords –

setningar.

Barnet kan

leike og

tøyse med

ordspråket.

Vi vaksne

skal ta i bruk

ped. verktøy

som

metodar frå

språkløypa

Viser

uthaldning i

grovmotoriske

aktivitetar.

Mykje ute på

tur i

ulendt terreng

og ulikt

underlag.

Barna får bli

kjent med

ulike reiskap

som sykkel,

årer og ski.

Dette ti lpassar

vi årstida og

brukar aktivt i

kvardagen

ute.

Finmotoriske

øvingar, som å

lære å kle seg

sjølv. Finne ut

kva klede som

høver ti l veret.

Lære om

kroppen og

helsa.

Dei deltar i

matlaging og

får kjennskap

til sunn og

ulik mat.

Teater,

film, bilete,

sjå bilete av

lokale

biletkunst-

narar.

Kanskje

barna

kjenner att

motiva i

bileta.

Barna lagar

sin eigen

kunst,

forming i

ymse

materiale,

også natur-

materiale.

Lære

songar og

rim.

Forteljingar

henta frå

nærmiljøet.

Meir

merksemd

på å rydde

etter seg i

nærom-

rådet og

når ein er

på tur.

Fremje

læring i

korleis ta

vare på

naturen og

miljøet.

Få bruke

ulik

teknologi

og forske

på korleis

ting er. Til

dømes: Ta

bilde med

kamera og

være med

på heile

prosessen

til bilde blir

skrive ut.

Korleis

lage vulkan

ute eller

kan eit egg

dette ned

utan å

knuse?

Dekke

bord: Kva

trengst ti l

måltidet.

Barna finn

fram sjølv

eller vi

fortel kva

dei treng.

På tur:

Barna får

sjølve telje

kor mange

dei er. Gå

på rekke.

Lære

rekketal.

Kven er

fyrst osv.

Lære reglar

for spel og

spele spel

som ludo

og stige-

spel m.m.

vente på

tur.

Ta

utgangspunk

t i den gylne

regelen, og

Jesu ord:

«Du skal

elske nesten

din som deg

sjølv».

Hjelpe barna

til å forstå at

vi alle er

avhengige

av

kvarandre.

Vise omsorg,

tilgje og be

om

tilgjeving.

Hjelpe barna

til å forstå

andre utifrå

korleis dei

sjølve

opplever

ting. Setje

seg inni

korleis

andre har

det.

Bibel-

forteljingar,

bøner og

songar.

Kyrkjebesøk.

Lære om bygda og næringslivet.

Fiskebåtane

Simba og Sjøfuglen el ler andre

båtar frå barna sitt heimemiljø..

Fortel jingar frå tida på

gardane då både barn og vaksne tok

del i arbeidet. Samanlikne før og no. Barna få vere med å bestemme.

Ta omsyn til aktivitetar dei ynskjer at vi ska l gjere. Jenter og

gutar skal få prøve det same. Lære

l i tt om Samane og

markere Nas jona-ldagen til

samane 6. februar.

Page 26: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

26

Førskulegruppa

Kommuni-

kasjon,

språk og

tekst

Kropp,

rørsle, mat

og helse

Kunst,

kultur og

kreativitet

Natur, miljø

og

teknologi

Mengd, rom

og form

Etikk,

religion og

filosofi.

Nærmiljø og

samfunn

Jobbe med

skuleføre-

buande aktivitetar:

Alfabetet

synleg i

rommet,

opp-muntre til å skrive

namnet sitt,

lære rim og

reglar, rime

på eiga hand, klappe

stavingar.

La born få

kjennskap til

at språket har ei form.

Leike med

språket.

Begynnande

skriving, øve

skrivelyst

Finne

like ord som

har ulik tyding.

Vitsar. T.d.

«To gutar

pissa i ein

kom og vart kompisar.»

Eller norsk,

dansk og

svenskvitsar

. Lage for-teljingar

sjølve,

fortelje for

dei andre.

Høyre etter når andre

snakkar og

fylgje med.

Setje saman grunnlegg- ande rørs ler til samansette

rørs ler. Gå på ski , hoppe tau, hoppe s trikk, hoppe lengde, lengre turar,

Finmotorikk:

kl ippe etter

ein strek,

bruke blyantgrep,

bruke mindre klossar,

konstruksjonar som l iknar det dei finn i den verkelege verda. Bli s jølv-stendige i av og

påkledning. Avgjere kva s lag kle dei

ska l ha på. Kor mykje kle dei

treng. Lære meir om kroppen og

helse. snikre, bruke

hammar og sag.

Gå på kino.

Teater, Lage eigne

forteljingar.

Besøke

kultur-minner i

bygda.

«Heime-

kino»

Drama-tisere

eventyr og

andre for-teljingar.

Jobbe med

teknikk. Lage eige

kraftverk

ved hjelp

av sykkel- dynamo og

vasshjul.

Snikre, bygge

hytte. Gå

lengre

turar. Fiske i fjellvatn.

«Miljø-detektivar»

«kjelde-

sortering»

Dei fire årstidene:

Såtid, åker

(vår).

hauste

(haust),

handverk (vinter).

Lage mat

på bål. Vårteikn:

Blomster,

fuglar og

tre.

Besøke

kraftverk

og lage

kvernkall

Lære reglar

for spel og regelleikar

som til

dømes:

Yatzy, sjakk,

dam, mil og

problem-

løysings-

spel. «bola

mi», «gje eit

lite vink»,

«tampen

brenn»,

hoppe strikk,

hoppe tau,

klappereglar.

Arbeide

vidare med

tall, mengde,

mønster,

fargar og

ulike former,

Sykkeldag

Lære om

korleis ein tradisjonelt

er knytt til

kyrkja

gjennom heile livet,

dåp,

konfirma-sjon

bryllaup og

gravferd.

Lær nokre kristne

songar

som er mykje

brukte.

Bruke

forskjellige bordvers.

Lære «kjære

far».

Arbeide

vidare med

korleis vi

skal vere

mot

kvarandre.

Kome på

eldresenteret i samband

med

Luciafeiring.

Bibliotek-

besøk

Skuledagar. Sjå film frå

havet der

rednings-

skøyta er med. Jobbe

vidare med

sjøvettreglar gjennom

«Lillevik».

«Elias»

Livet i fjæra

Page 27: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

27

I Fjordly barnehage jobbar vi med:

Språk og språkutvikling

Vi skal være:

• Innovative

• språkaktive

• naturvenlege

Planar

Årsplanen omfattar ein femårsperiode. Aktivitetar som årsplanen gir innblikk i, treng ikkje

skje kvart år, men sånn at alle barna får oppleve det i løpet av den tida dei er i barnehagen.

Dette gjeld sjølvsagt dei barna som er der frå 1 år og til dei startar på skulen. Dei som er der i

kortare periodar får vere med på det som skjer på deira årstrinn den tida dei er i barnehagen.

2022

Langtidstemaet frå jord til

bord er synleg både ute og

inne. Vi har ein grønsak-hage

der vi haustar sjølv. Barna får

delta i fiske og dra

krabbeteine. Vi har eit tett

samarbeid med nærmiljøet,

foreldra og naboar er

inkludert.

2018

Vi har fått ny årsplan og

rammeplan. Personalet jobbar

med dei nye planane og bind

dei saman med kvardagslivet i

barnehagen.

Vi er ein del av

språkkommunen og har eit

språkleg fokus i kvardagen

2019

Vi fordjupar oss i fagområdet

kropp, rørsle, mat og helse.

Vi legg til rette for rørsle -

aktivitetar både inne og ute, i

tillegg til ukentlige turar. Barna

får kjennskap til ulike typar

mat og vi har eit fokus på sunt

kosthald. Barna skal også få

kunnskap om

menneskekroppen.

2020

Vi fordjupar oss i fagområdet

kommunikasjon, språk og

tekst.

Her ynskjer vi å synleggjere

språkleg og kulturelt

mangfald.

2021

Vi har eit synleg fokus på

kor maten kjem frå

gjennom å ha eit tett

samarbeid med gardane

rundt og dei som driv fiske.

Periodeplan

Page 28: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

28

Årshjul

Fjordly barnehage har årlege faste aktivitetar tilpassa årstid og tema. Dette er gode rammer og

det er rom for å tilpasse alt etter som kva barn og foreldre ynskjer. Påskehøgtida er variabel,

dermed kan den førekome i mars nokre år.

Page 29: ÅRSPLAN - MinBarnehage hjemmeside...Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre. Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse,

29

Litteraturliste

Gjems, Å samtale seg til kunnskap Bergen: Fagbokforlaget 2009

Nordahl & Misund, Læring gjennom mestring, Skoggruppemetoden. Oslo: Sebu forlag 2009

Rammeplan: https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeplan/

Barnehageloven: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2005-06-17-64