15

Nye røyster i nynorskforskinga

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Av Hjalmar Eiksund og Jan Olav Fretland (red.)

Citation preview

Hjalmar Eiksund og Jan Olav Fretland (red.)

Nye røyster i nynorskforskinga

Det Norske SamlagetOslo

Hjalmar Eiksund og Jan Olav Fretland (red.)

Nye røyster i nynorskforskinga

Det Norske SamlagetOslo

Jan Olav FrEtland Og HJalmar Eiksund:

Om å meine noko om nynorsk 9

stEpHEn WaltOn (Hit):

Kva er nynorsken? 16

del 1 – språkval og språkleg identitetHJalmar Eiksund (nynOrsksEntErEt):

Mellom borken og veden. Ungdom på jakt etter ein nynorsk identitet 36

ClaudE gOFFEnEy (Hin):

«Våres dialekt e jo nynorsk enten vi vil eller ikkje». Forholdet mellom tale og skrift på Ytre Helgeland 48

HEgE myklEbust (HsH):

«Nynorsk er jo heilt konge då, men […]» Identitetshandlingar i argumenterande tekstar på vidaregåande skule 62

gudrun kløvE JuuHl (nynOrsksEntErEt):

Språkval som situerte, retoriske handlingar 77

del 2 – nynorsk i opplæringaingvil brüggEr budal (nla):

Vil du ha unbrako-nøkkelen min? IKEA, Dewey og verdiaukande haldningsendringar 92

Eli bJørHusdal (HisF):

Nøytralitet eller nynorsk? Språkpolitiske hovudprinsipp i norsk opplæring 104

marit WadstEn (nynOrsksEntErEt):

Frå 0 til 15 på hundre år! Nynorsk i doktorgradsavhandlingar og akademisk skriving 120

innhald

6 Nye røyster i nynorskforskinga

del 3 – Å danne skriftspråkbJørg nEsJE nybø (sprÅkrÅdEt):

«… no mouth has the might to set a mearbound to the march of a landsmaul …» Eit blikk på irsk og nynorsk målreising 134

andrEas liska (HvO):

Samanlikning mellom moderne rettskriving i dei vestnordiske språka. Ein komparasjon av bøyingsmorfologien med vekt på normeringsprinsipp for språkplanlegging 146

stig J. HElsEt (HvO):

Tilhøvet mellom nynorsk normering og språkbruk. Ein statistisk studie av språkbruken i nynorske aviser 160

Jan Olav FrEtland (HisF):

«Vi analyserar økningen i isokvanter». Ein analyse av nynorskfeil i studentarbeid 176

margunn rausEt (uib):

Kvar ligg den nynorske hunden nedgraven? Om stilideal og norm i nynorsk fraseologi 188

sylvi dysvik (ud):

Nynorsk fagspråk 204

Forord

Denne boka er vorten til gjennom samarbeidet i UH-nett Vest, eit nettverk som omfattar dei fleste institusjonane i høgre utdanning på Vestlandet. På skipingsmøtet i Nettverk for nynorskforsking tok vi på oss å sjå om det var mogleg å få fram mange og gode nok artiklar til at det kunne lagast ein anto-logi om nyare forsking på nynorsk.

Vi har sett gjennom masteroppgåver som har fått god omtale, doktorav-handlingar og upublisert forsking frå stipendiatar og andre høgskuletilsette. Dei fleste som vart utfordra, har svara ja, og sikrar dermed at vi legg fram ei spennande og breispektra bok.

Det er naturleg å takka fagfellane, som samvitsfullt har gjeve kommentarar og utfordringar, og forfattarane, som like samvitsfullt har streva seg gjennom merknadene dei fekk til første- og andreutkastet sitt.

Takk til UH-nett Vest, og særleg sekretær Lene Bakke, for god støtte både økonomisk og med tilrettelegging elles. Utan den støtta hadde truleg ikkje boka vorte til.

Volda og Sogndal, 15.3.2015

Hjalmar Eiksund Jan Olav Fretland

Om å meine noko om nynorskHjalmar Eiksund og Jan Olav Fretland

Denne boka er skriven for dei som ønskjer å vite meir om aktuell forsking på og om nynorsk. Ho kan dermed seiast å kunne handle om alt. For nynorsk er i tillegg til å vere eit skriftspråk, ei målform, eit kommunikasjonssystem, òg eit identitetsmerke og ei kulturovring. Nynorsk er politikk, pedagogikk, meto-dikk og didaktikk. Nynorsk er resultatet av vilja og umedvitne val som har med kva som er norsk nasjonsbygging å gjere, men handlar også om makt og mot-makt, om kulturell arroganse og norskfagleg tvang. Ved å bruke nynorsk tek ein gjerne stilling, og markerer til lesaren at ein handlar mot eit fleirtal.

Nynorsk mobbeoffer?Det er derfor lett å meine noko om nynorsk i det offentlege ordskiftet. Og mange nyttar høvet til å meine mykje, men ikkje alt er like godt fundert. Ster-kast negative synspunkt møter ein gjerne når temaet er skriftleg sidemål i sku-len, og sjangeren er hissige lesarinnlegg på blogg og forum. Då Atle Hamar i ein kronikk i VG hevda at nynorskbrukarane er den einaste gruppa i det nor-ske samfunnet det er stovereint å mobbe (Hamar, 2012), kom det straks meir enn 100 innlegg på diskusjonsforumet etter teksten. Eit par døme illustrerer intensiteten i innlegga:– nynorsk er det største tullet jeg noensinne har vært borti– nynorsk er noe oppkonstruert sprøyt, som koster samfunnet millioner på

millioner og gjør offentlig administrasjon enda mer tungrodd enn den el-lers ville vært.

Sjølv om det langt ifrå er sikkert at skrivarane er interesserte i motargument, er det ikkje vanskeleg å imøtegå desse innlegga med rasjonelle motsvar. Fleire nyare forskingsresultat tyder på at det er ein føremon å lære begge dei norske målformene. Både internasjonalt og i vårt eige land ser vi at det å vere tospråk-leg i eit trygt oppvekstmiljø kan gje fordelar på fleire område (Bialystok, 2014;

10 Nye røyster i nynorskforskinga

Eiksund, 2014; Vangsnes, 2014; Vulchanova, Åfarli, Vulchanov, & Asbjørn-sen, 2014). Dette er eit døme på at rådande synspunkt om rolla til nynorsken i samfunnet kan bli både modererte og somme gonger avkrefta av forsking. Det gjeld synspunkt både på kva som er den reelle språksituasjonen i Noreg, og kva som er årsaka. Ein kunne til dømes tenkje seg at ein grunn til at mange elevar opplever nynorsk som vanskelegare enn bokmål, er at dei same elevane ikkje ser nynorsk andre stader enn i skulen, eller at dei er mot nynorsk og såleis umotiverte for å lære. Motivasjon er som kjent ein grunnpilar i all læring.

Kompetente nettroll?Mellom dei patostunge utskjellingane finn vi likevel synspunkt som krev at ein går djupare inn i materien. I ein analyse av argumentasjonen etter Hamar-inn-legget avdekkjer Jan Olav Fretland (2013) at det er ein del påstandar det kan vere grunn til å undersøkje nærare:– Nynorsk er eit språk som mest ingen brukar frivillig.– Det er betre å dyrke dialektane enn å drive og halde nynorsken kunstig i

live.– Sjølv personar som har nynorsknær dialekt, synest det er betre å skrive

bokmål.– Nynorsk tilhøyrer historia, som unionen med Sverige. – Ingen andre land med 5 millionar menneske har to så like skriftspråk.– Det er for dyrt å halde seg med to skriftspråk. (Bruk heller pengane på

helse …)– Skriftleg sidemål gjev mindre tid til å utvikle skriftleg hovudmål, dermed

blir ein dårlegare i å skrive. – Undervisning i nynorsk går ut over dei andre faga. Det er lurare å satse på

framandspråk. (Fretland, 2013)

Vi har spurt fjorten menneske om å meine noko om nynorsk, med utgangs-punkt i eiga forsking. Artikkelforfattarane tek kvar på sitt vis opp forsking på område som har mykje å seie for nynorskbrukaren: språkleg identitet, opplæ-ring og språkpolitikk, språkplanlegging og normering internt og samanlikna med andre språk og språksamfunn. Alle bidreg, med fagfellevurderte artiklar, til å skape betre forståing for kva stilling nynorsk har i Noreg, og kvifor.

Antologien er delt i tre bolkar. Første delen handlar om ulike identitets-handlingar knytte til dei språkvala kvar enkelt gjer, medan andre delen viser kva resultat ulike språkpolitiske vegval har hatt, og kva dei framleis har å seie

Om å meine noko om nynorsk 11

for dei ulike nynorskbrukarane. Siste delen av antologien viser med konkrete døme både ulike måtar eit skriftspråk blir til på, og korleis det blir utvikla normer og terminologi på ulike område og med ulike utgangspunkt.

Spissartikkel – Nynorsk i verdaStephen Walton har i mange år vore leiar for Ivar Aasen-instituttet ved Høg-skulen i Volda og fagleg ansvarleg for mastergraden i nynorsk skriftkultur. På den måten er han òg som fagleg fadder å rekne for ein god del av bidragsytara-ne i denne boka. I artikkelen Kva er nynorsk tek Walton på seg å plassere ny-norsken og den nynorske skriftkulturen i ei internasjonal ramme. Tre omgrep blir drøfta: nynorsken som språk, brukarane av nynorsken som samfunnsmes-sig minoritet og ideen om ein nynorsk identitet. Til slutt tek Walton til orde for at tida no er inne for eit meir radikalt syn på kva nynorsken er, og på kva vi kan bruke han til.

Del 1 – Språkval og språkleg identitetArtiklane i den første delen har alle noko med jakta etter ein språkleg identitet å gjere, anten det er som enkeltindivid eller som representant for ei gruppe. Hjalmar Eiksund slår fast at for å vite kven ein er, må ein først vite kvar ein står. I ein studie av kva syn femtenåringar har til skriving på Internett, finn han at dei vekslar skriftnorm etter kven mottakaren er (Eiksund, 2011). Ein kan velje å sjå på dette som manglande språkleg medvit, eller som språkval utførte av kompetente språkbrukarar. I artikkelen skil han mellom det å vere, det å ha og det å søkje ein eigen språkleg identitet, og viser kvifor han meiner desse femtenåringane er medvitne språkvekslarar, ikkje umedvitne språkdriftarar.

Claude Goffeney ser på forholdet mellom tale og skrift på Ytre Helgeland. Artikkelen hans peikar på nokre sentrale drag ved forholdet mellom tale og skrift i regionen, og freistar å avdekkje grunnar til at informantane skriv slik dei gjer, ut ifrå dei føresetnadene dei har. Materialet som ligg til grunn for studien, tek utgangspunkt i talemålet i det aktuelle området, i bruken av skrift-språket i lokalavisa Helgelands Blad og i ein analyse av haldningane deltakara-ne har til skriftspråket gjennom intervju og fokusgrupper, i perioden 2010–2012. Det var òg grunnlaget for masteroppgåva hans i nynorsk skriftkultur (Goffeney, 2013).

Hege Myklebust leitar i artikkelen «Nynorsk er jo heilt konge då, men […]» etter identitetshandlingar i argumenterande tekstar på vidaregåande skule.

12 Nye røyster i nynorskforskinga

Mange elevar med nynorsk som hovudmål vel å gå over til bokmål når dei skal skrive for eit ope publikum. Er dette medvitne språkhandlingar, eller «blir det berre slik»? Myklebust spør kva anna det er som påverkar språkvalet til elevane. Ho ønskjer å syne fram korleis nynorskelevar sjølve reflekterer over det å velje nynorsk, bokmål og/eller dialekt når dei skriv i diskusjonsforum på nettet, og drøftar dette som identitetshandlingar.

Gudrun Kløve Juuhl understrekar i artikkelen sin at også den retoriske dimensjonen må takast med når ein skal forske på ungdommars språkval. Ho har sett på språkval som situerte, retoriske handlingar (Juuhl, 2014). Når ungdom med nynorsk som hovudmål skriv på nynorsk eller bokmål eller dialekt, er det ikkje berre uttrykk for identitet og identitetsval, som er ein dominerande forståings-måte i sosiolingvistikk. Språkveksling og språkskifte har òg ein retorisk dimen-sjon. Ved å identifisere retoriske situasjonar som inviterer til den eine eller an-dre språklege praksisen, får me eit omgrepsapparat som kan brukast til å forstå samspelet mellom krefter som skaper språkvalssituasjonar.

Del 2 – Nynorsk i opplæringaAndre del av antologien startar i skulen, og tek føre seg sidemålsopplæring på  nynorsk. Ingvil Brügger Budal innleier artikkelen sin med eit retorisk spørsmål: «– vil du ha unbrako-nøkkelen min?» Ho lèt elevane gå på oppdagar-ferd i språkmangfaldet, og gjev dei verktøya dei treng for å byggje kunnskapen om norsk språk i dei mange variantane det opptrer i. I denne artikkelen knyter ho saman to læringsteoriar og viser korleis dei kan brukast i nynorskdidaktik-ken for å skape ei språkopplæring som elevane ser som meiningsfull og verdi-full.

Eli Bjørhusdal ser i artikkelen sin på språkpolitiske hovudprinsipp i norsk opplæring. Ho tek utgangspunkt i eige ph.d.-arbeid, som konkluderer med at språkpolitikken på det norske opplæringsfeltet har vore etablert for å sikre nøy-tralitet, ikkje nynorsk eller bokmål (Bjørhusdal, 2014). Den språkpolitiske nøytraliteten kan ha vore eit hinder for ordningar som særleg styrkjer elevar i utsett mindretalsposisjon – altså nynorskelevane. Eit viktig prinsipielt spørs-mål ut frå funna til Bjørhusdal blir: Korleis skal ein demokratisk stat med universelle politiske rettar takle kulturell variasjon?

Éi side av fagspråkutviklinga handlar om det å skrive doktoravhandlinga si på nynorsk. Marit Wadsten ser på situasjonen for vitskapsspråket nynorsk. I 2013 vart det skrive 18 doktorgradsavhandlingar på nynorsk her til lands, og ho spør om det er lite eller mykje. Det kjem sjølvsagt an på kva synsvinkel ein ser det frå, men det er faktisk det høgste talet som er registrert sidan den første

Om å meine noko om nynorsk 13

doktorgradsavhandlinga vart levert på landsmål i 1915. I artikkelen ser ho nærare på utviklinga i talet på nynorske doktorgradsavhandlingar, på kva som fremmar eller hemmar det å skrive slike avhandlingar på nynorsk. Ho kjem òg inn på kva konsekvensar det har for det nynorske språksamfunnet at det finst få tunge akademiske skrifter. Artikkelen byggjer på masteroppgåva i nynorsk skriftkultur (Wadsten, 2008), men trekkjer òg inn nyare materiale .

Etter Wadsten sin artikkel kjem det eit skifte i fokus i boka. Artiklane som kjem no, konsentrerer seg meir om sjølve nynorsken, om parallellar til andre språk og om korleis vi skriv nynorsk.

Del 3 – Å danne skriftspråkDet kan vere interessant å sjå på korleis målreisinga har oppstått og utvikla seg i andre land, og korleis styresmaktene har møtt utfordringane. Bjørg Nesje Nesbø har kasta eit blikk på irsk og nynorsk målreising og minner i artikkelen sin om at det i siste halvdelen av 1800-talet var sterke rørsler i gang både i Ir-land og i Noreg for å ta i bruk eit nasjonalt skriftspråk (Nybø, 2013). Oppha-vet til desse rørslene og måten dei arbeidde på var svært ulik, noko som førte til at kampen for det eigne skriftspråket, irsk i Irland og landsmål i Noreg, arta seg på ulikt vis. Dels kom dette av at den politiske stoda var ulik i dei to landa, men mykje ligg òg i kven det var som dreiv fram rørslene, og kva målet med dei var.

Andreas Liska sin artikkel tek føre seg ortografi i moderne nynorsk og is-landsk og legg fram ei samanlikning av desse språksystema i konkrete tekst-delar. Samanlikninga er først og fremst knytt til bøyingsmorfologien, men spørsmålet om bruk av ulike skriftteikn er òg teke med. Empirien byggjer på bibelske tekstdelar henta frå Salomos ordtøke, Forkynnaren og Høgsongen, som høyrer til den gamaltestamentlege visdomslitteraturen. Utvalet konsentre-rer seg berre om språklege kategoriar; han legg ikkje vekt på innhald eller mei-ning i dei utvalde tekstdelane. Den nynorske bibelomsetjinga kom ut i 2011, medan den islandske bibelomsetjinga er frå 2007.

Stig Helset har utført ein statistisk studie knytt til tilhøvet mellom nynorsk normering og språkbruk i nynorske aviser. Artikkelen gjev eit innsyn i tilhø-vet mellom den vide nynorske skriftspråksnorma og den faktiske bruken av dette skriftspråket. Han har sett søkjelys på nokre utvalde former som kan karakteriserast som høvesvis tradisjonelle, moderate og radikale, og det em-piriske grunnlaget er henta frå eit utval aviser med nynorske tekstar. Artik-kelen syner at det er ein klar tendens til opphoping kring moderate form-val.

14 Nye røyster i nynorskforskinga

Jan Olav Fretland har teke for seg skriftspråket til studentar som skriv nynorsk til bacheloreksamen. Artikkelen hans beskriv resultata frå ei under-søking av feiltypar i eksamensoppgåver på bachelornivå i faga pedagogikk og økonomi. Studentane tok eksamen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og dei har alle nynorsk hovudmål. Det er jamt over mykje feil i tekstane. Sitatet «Vi analyserar økningen i isokvanter» illustrerer det. Ei systematisering av materia-let syner likevel at tyngda av feila finst i nokre få kategoriar. Det gjer det letta-re å tenkje systematisk forbetringsarbeid.

Margunn Rauset har gått djupt inn i stilideal og normer i nynorsk fraseo-logi og spør «Kvar ligg den nynorske hunden nedgraven?». Eksempelvis spør ho om ein kan bli smidd i hymens lenkjer på nynorsk. Er det ein grunn til at ein ikkje kan finne uttrykket offentleg skittentøyvask i Nynorskordboka? Artikkelen tek føre seg frasar eller faste uttrykk med overført tyding og ser på kva som skal til for at ein frase blir rekna som god eller i det minste akseptabel nynorsk. Ho går gjennom og drøftar kva ein del sentrale målfolk har skrive om stilnivå og ordlegging, og målet er å få ei betre forståing av kvifor utvalet av frasar til dels er ulikt i bokmåls- og nynorskordbøker.

Sylvi Dysvik drøftar i sin artikkel, med eit historisk blikk, i kor stor grad det finst eit nynorsk fagspråk, og kven som i så fall har æra for at det finst. Det kan sjå ut til at det er to faktorar som særleg har medverka i utviklinga av eit nynorsk fagspråk: idealisme og dugnadsånd på den eine sida, og institusjonar og offentlege støtteordningar på den andre. Det ser ut til at desse to faktorane har utfylt kvarandre godt opp gjennom historia. I tillegg har dei nynorske avisene vore viktige i utbreiinga og utviklinga av ein nynorsk sakprosa. Dysvik byggjer artikkelen på masteroppgåva si (Dysvik, 2009).

Føremålet med utgjevinga er å synleggjere ein del av den breidda ny for-sking på nynorsk representerer. Vi i redaksjonen vil takke alle dei fjorten bi-dragsytarane som takka ja då vi spurde dei om å vere med på å definere kva som er nye røyster i nynorskforskinga i samtida.

Å meine noko på slump er éi sak, å meine noko med utgangspunkt i vit-skapleg samla empiri er noko heilt anna. Derfor forsvarar denne boka plassen sin i bokhausten 2015.

Referansar

Bialystok, E. (2014). Språkerfaring endrar språklege og kognitive evner. I E. Brunstad, A.-K. H. Gujord, & E. Bugge, Rom for språk. Nye innsikter i språkleg mangfald (E. Brunstad, Omset., s. 131–146). Oslo: Novus Forlag.

Bjørhusdal, E. (2014). Mellom nøytralitet og språksikring. Norsk offentleg språkpolitikk 1885–2005, eit arbeid om normer og strategiar i forvaltninga av nynorsk og bokmål. Oslo: Universitetet i Oslo.

Om å meine noko om nynorsk 15

Dysvik, S. (2009). Frå spongvegjer til høgfartsbanar: om nynorsk fagspråk og terminologi i lys av nynorsk fagleksikografi . Volda: Høgskulen i Volda.

Eiksund, H. (2011). Med nynorsk på leselista: Ein komparativ studie av lesevanar blant ungdommar på Sunnmøre og i Trøndelag . Volda: Høgskulen i Volda.

Eiksund, H. (2014). Eit fleirtalsspråk med mindretalsfordelar? Tospråkleg literacy på norsk. I E. Brunstad, A.-K. Gujord, & E. Bugge, Rom for språk. Nye innsikter i språkleg mangfald (s. 233–247). Oslo: Novus.

Fretland, J. O. (2013). «Nynorsk: Just constructed rubbish!» Rhetorical Analysis of an Internet Debate on the Status of New Norwegian in Norway. The Tromsø Interna-tional Conference on Language Diversity. Tromsø: Universitetet i Tromsø.

Goffeney, C. (2013). «Eg får ikkje til nynorsk, og e lika ikkje nynorsk, og e lika ikkje å les det, og før du sei det, e veit e prata det» – Forholdet mellom tale og skrift på Ytre Hel-geland: skriftspråkleg praksis, talemål og haldningar. Volda: Høgskolen i Volda.

Hamar, A. (2012, mars 5.). Nynorskfolket sin hovudstad. Henta frå vg.no: http://www.vg.no/nyheter/meninger/nynorskfolket-sin-hovudstad/a/10061276/

Hattie, J., & Yates, G. C. (2014). Visible learning and the science of how we learn. Abingdon Routledge.

Juuhl, G. K. (2014). I det mykje skrivne. Ei undersøking av ungdoms digitale tekstar i skule og fritid som situerte, retoriske handlingar. Oslo: Universitetet i Oslo.

Nybø, B. N. (2013). Skriftkulturen i ei språkleg revitalisering. Ei samanlikning av fram-veksten av irsk og nynorsk skriftkultur. Oslo: Universitetet i Oslo.

Vangsnes, Ø. (2014). Kva veit vi om tospråklegheit? Nynorskfylket Sogn og Fjordane. Førde: Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

Vulchanova, M. D., Åfarli, T. A., Vulchanov, V., & Asbjørnsen, M. (2014). Flerspråk-lighet i Norge: en eksperimentell språkprosesseringsstudie. I E. Brunstad, A.-K. H. Gujord, & E. Bugge, Rom for språk. Nye innsikter i språkleg mangfald (s. 145–170). Oslo: Novus Forlag.

Wadsten, M. (2008). Viljen til språk – Vilje til forsking. Volda: Høgskulen i Volda.