1
4 LAURDAG NYHENDE HORDALAND 19. JANUAR 2019 – Dette må vera vossarekord! Eg trur ikkje nokon har signert lærling- kontrakt så tidleg i skuleåret før. b VOSS Yrkesfagleg koordinator Ole Jonny Opkvitne var minst like oppglødd som VG2-eleven Tor- kjel Dagestad Rolland. Torsdag 17. januar signerte 17-åringen lærlingkontrakt i betongarbeid med den rykande ferske lær- lingverksemda Bystøl Entre- prenør. – Dette er ein draumedag! sa den blide lærlingen. Lærlingkonferanse Idrettshallen på Voss vidaregå- ande skule var torsdag fylt opp med forventningsfulle VG2- elevar både frå Voss gymnas og Voss vidaregåande, lærarar, rektorar, skulebyråkratar, råd- gjevarar, fagansvarlege, repre- sentantar frå næringsliv og institusjonar, og ordførar Hans- Erik Ringkjøb. Grunnen til samlinga var lærlingkonferansen, ein kon- feranse der VG2-elevane både får generell informasjon om kva som ventar dei når mange av dei frå sommaren av skal ut i lære, om prosess og oppfylging fram mot læreplass, og møte med ulike bransjar og verk- semder. Eit heilt nytt innslag i så måte stod Tor Liland og For- svarets rekrutteringsteneste for. Det er fyrste gongen Forsvaret presenterer seg som eit mogleg karriereval, i alle fall på Voss vidaregåande skule. Til saman var ikkje mindre enn 33 større og mindre verk- semder og moglege læreinstitu- sjonar representerte på konfe- ransen. Elevane sin respons var svært god. På ein skala der 1 var botn og 6 topp, var snittsvaret frå elevane 5,3 på påstanden om at informasjonen på avdelinga var god, og 4,9 på at lærlingkon- feransen hadde vore nyttig. Dobbel glede Den lokale arrangøren Voss vidaregåande skule hadde ikkje mindre enn to gledelege overraskingar i ermet på tors- dag: Fyrst kunne yrkesfagleg koordinator Opkvitne kalla Knut Almeland Løne og Torkjel Bystøl, høvesvis dagleg leiar og fagleg leiar i verksemda Bystøl Entreprenør AS opp på scena for å ta mot diplom som ny god- kjend læreverksemd. Og når dei fyrst valde å søkja slik godkjen- ning, slo den lokale entrepre- nøren like godt til med tre fag. Bystøl Entreprenør er no god- kjend læreversemd i betongfa- get, i veg- og anleggsfaget, og i anleggsmaskinfaget. Reine kin- deregget, med andre ord. Same dagen kunne altså Tor- kjel Dagestad Rolland signera lærekontrakt med nettopp Rekordtidleg lærek KINDEREGG: Fagleg leiar Torkjel Bystøl (t.v.) og dagleg leiar Knut Almeland Løne kan stolte syna fram at Bystøl Entreprenør AS er godkjend som læreverksemd i betongfaget, veg- og anleggsfaget, og anleggs- maskinfaget. Bystøl Entreprenør, i betong- faget. – Dette er ein gledens dag. Det syner at arbeidet på skulen ber frukter, og skulen er vel- dig stolt over å ha ein elev som skriv lærekontrakt så tidleg, slo Opkvitne og Ivar Flatabø, avde- lingsleiar for bygg, teknikk, industriell produksjon og elek- tro fast. – Eg vil sitera Torkjel Bystøl. Eg møtte han på butikken her ein gong i haust, og då kom me i snakk om at dei ville søkja om godkjenning som læreverk- semd. Då sa Torkjel at dette for dei er ein måte å betala attende til lokalsamfunnet på. Slikt er som musikk i øyro, la Opkvitne til. Tidleg ute Elevane på VG2 er ute i såkalla yrkesfagleg fordjuping – prak- sis i verksemder – i to periodar à fire veker. Torkjel Dagestad Rolland har berre vore ute i den fyrste perioden så langt. Den hadde han hjå Bystøl Entre- prenør, og der gjorde han eit så solid inntrykk at verksemda utan å nøla no inngår lærekon- trakt. – Me var veldig godt nøgde med den jobben Torkjel gjorde. Det me ser etter er interesse for faget, vilje og evne til initiativ og at elevane er punktlege og til å stola på, seier Knut Almeland Løne. – Det er ikkje for lett å få tak i folk i bransjen, og når dei i til- legg syner seg å vera gode, er det ingen grunn til å nøla, legg Torkjel Bystøl til. Som fagleg leiar, vert han namnebror Tor- kjel sin næraste overordna i læretida. – Verksemda er ikkje så stor, så han kjem nok i kontakt med alle som arbeider hjå oss. Han får vera med på det aller meste av arbeid i faget, sjølvsagt under føresetnad av at alt som hand- lar om HMS er vareteke, seier Bystøl. Den framtidige lærlingen er overmåte godt nøgd med at han har skrive kontrakt med Bystøl. – Det er ei veldig god verk- semd å jobba i, seier Torkjel, og fortel at ein av grunnane til at han valde betongfaget er at bestefaren jobba i faget, og at han sjølv gjerne vil ha eit fysisk arbeid i framtida. Bystøl Entreprenør AS er ei verksemd innan faget grunn- og betongarbeid. Verksemda har kontor og lager på Palmafos- sen og har Voss og nabokom- munane som arbeidsområde. Verksemda har 10 tilsette, ni av dei med fagbrev. Viktig jobb Kim Botnevik er fagtekni- kar og opplæringskonsulent i Byggopp, opplæringskontoret for bygg- og anleggsteknikk i Hordaland. Også han var svært godt nøgd med at Torkjel Dage- stad Rolland kunne signera lærekontrakt på torsdag. – Min jobb er å kvalitetssikra at Torkjel får den opplæringa han skal ha, fylgja opp overfor lærling og arbeidsgjevar, og sjå til at alt vert dokumentert på rett måte. Det er viktig å vera klar over at når lærekontrak- ten er underskriven, så er det opplæringskontoret som «eig» kontrakten. Dermed sikrar opp- læringskontoret at eleven får gjennomført si læretid dersom ei verksemd går konkurs i lære- tida eller gjennomgår store end- ringar i form av nedskjeringar eller andre strukturendringar. Botnevik er glad for det gode arbeidet som vert gjort for å auka talet på læreverksemder og syta for at ein stadig høgare prosentdel av elevane får full- føra si læretid med fagbrev. Ivar Flatabø sluttar seg til: – Ole Jonny gjer ein heilt uvur- derleg jobb som yrkesfagleg koordinator, og me jobbar hardt for at den prosjektstillinga han tok til i i 2016 skal vidareførast som fast ordning. Før var det 5 LAURDAG NYHENDE Firmatur? showpakker.no/bedriftspakke FRA KR 995 Bestill full pakke! De beste billettene og hotellene til de rimeligste prisene bestiller du enkelt på Showpakker.no. Priseksempel gjelder pr person på Ausekarane. SHOW & HOTELL I BERGEN PHIL COLLINS HERODES FALSK LINDESNES TREKKSPILL LLOYD WEBER GALA KARDEMOMME BY FREDRIK STEEN SISTE SJANSE! 18. JAN. - 9. FEB. «Publikum hyler av latter!» BA VÅR BEATLES-HYLLEST VG AP BESTEFAR MED SVEN NORDIN Fer elaus o steik forbanna! HORDALAND 19. JANUAR 2019 Bygdagnist AS får løyve til å nytta inntil seks snøskuterar, i beredskap, under avviklinga av Hardinglaup Øystese – Voss 23. mars. b KVAM/VOSS Det er femte gongen Hardin- glaup Øystese Voss vert arrangert, med start på Sjusete i Kvam og målgang på Preste- gardslandet på Voss. Løpet er av typen «dagslanglaup på fjellski i umerka løyper i høgfjellet med strenge krav til deltakarar». Hjelpekorpsa i Øystese og på Voss har vakthald og beredskap under løpet, og arrangøren Byg- dagnist AS har søkt om løyve til å nytta to snøskuterar for kvart hjelpekorps – tre dersom vêr og føre vert vurdert som særleg krevjande – på renndagen. Øys- tese (ØRKH) har sitt ansvars- område frå start på Sjusete til Kvålsdalen i Voss kommune. Voss (VRKH) sitt ansvarsom- råde går frå Kvålsdalen over Gråsida og til Hindartveit. All bruk av snøskuter vil vera i regi av dei to hjelpekorpsa, med to godkjende hjelpekorpsmedle- mer på kvar skuter. All ferdsle vil gå føre seg langs traseen. Utval for miljø og kultur i Voss kommune handsama søk- naden på møte i sist veke, og slutta seg til administrasjonen si tilråding. Den inneber også at arrangøren får løyve til å nytta inntil to skuterar ein dag i veke 11 eller 12 for å gjera vurderin- gar av føre og terreng i førekant av løpet. Løyvet vart gjeve for køyring frå grensa mot Kvam kommune og fram til Hindartveit. Det er sett som vilkår at all køyring avgrensast til naudsynt transport/beredskap, at reins- dyr i området ikkje må uroast, og at løyve frå grunneigar må liggja føre før rennet finn stad. b Nils Kvamsdal [email protected] Får bruka snøskuterar på Hardinglaup B GRANVIN: Norconsult er tildelt oppdraget med å gjera geotek- niske undersøkingar på Tueteigen i Granvin. Heradet ynskjer betre kunnskap om grunntilhøva i om- rådet der dei planlegg å byggja ny barnehage. Det var i alt tre firma som kom med tilbod på grunnun- dersøkingar. Fyrst når fullsten- dige undersøkingar er gjort, kan prosjektet med ny barnehage leg- gjast ut på anbod, har rådmannen signalisert. KVA LIGG UNDER: Før det kan byggjast ny barnehage i Granvin, må heradet vita korleis grunntil- høva er. ARKIVFOTO SIGRID SEIM Norconsult undersøkjer ontrakt SIGNERT: 17 år gamle Torkjel Dagestad Rolland sette vossarekord då han torsdag 17. januar signerte lærekontrakt. Rundt han frå venstre: Kim Botnevik, Ivar Flatabø, Ole Jonny Opkvitne, Knut Almeland Løne og Torkjel Bystøl. BEGGE FOTO: NILS KVAMSDAL b BERGSDALEN: Fylkesveg 314 gjennom dalen er svært viktig for Bergsdalstunet. – Det er tilkomst- vegen for gjestane våre, for vare- levering og for gardsdrifta, heiter det i eit innspel til kommunen sin arealplan, frå Olaug Fagerbakke og Helge Terje Fosse, som driv Bergs- dalstunet. Fylkesvegen held ikkje mål til dagens køyretøy, det avgren- sar tilkomsten for bussgjestar, og fordyrar vareleveringa, heiter det vidare. Kommuneplanen viser til ut- fordringane og dei er mange. – Her må kommunen verta flinkare, og my- kje meir aktiv for å få til utbetringar av vegen. Ikkje skriva at det blir «så kostbart at det realistisk sett truleg må ei stor endring i reiseetterspur- nad til for å forsvara slike investerin- gar». Skal ein få til ei positiv utvikling av veg, må kommunen kanskje en- dra innstillinga si, heiter det mellom anna i innspelet frå Bergsdalstunet. – Kommunen må endra inn- stillinga si b DALE: Bane Nor skal innføra eit nytt signalsystem på alle banestrek- ningar i Noreg. – For å tilpassa Dale stasjon til dette signalsystemet må den planlagde plattforma i nord flyttast 38 meter mot aust, skriv Multiconsult i eit notat til Vaksdal kommune. Dette vil føra til ei mindre omprosjektering av tiltaka på Dale, heiter det. Flytting av plattforma vil gjera at andre planlagde endringar på Dale, som under- eller overgang på jernbanespora, vil verta utsett noko. Men, Multiconsult vil ha klart eit endeleg planforslag i løpet av februar, skriv verksemda til kommunen. Framdrifta for Dale stasjon litt utsett ofte slik at lærarane kjende folk i ulike bransjar og hadde sine kontaktnett som dei let elevane nytta seg av for å få læreplass. Når læraren så gjekk av eller slutta, forsvann kontaktnettet. No arbeider me fram eit mykje meir gjennomført og ryddig sys- tem. Voss vidaregåande og Voss gymnas har for tida signerte samarbeidsavtalar med 100 verksemder om yrkesfaglege fordjupingsplassar. Dette er eit tal i stadig vekst, og nesten alle verksemdene er godkjende læreverksemder. Verksemdene held til i Voss/Hardanger-regi- onen, i Bergensområdet, Austlandet, og ein avtale med Forsvaret i Troms/Finnmark. b Nils Kvamsdal [email protected]

HORDALAND 19. JANUAR 2019 Rekordtidleg lærekontraktpå … · 2019-01-22 · 4 LAURDAG NYHENDE HORDALAND 19. JANUAR 2019 – Dette må vera vossarekord! Eg trur ikkje nokon har signert

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: HORDALAND 19. JANUAR 2019 Rekordtidleg lærekontraktpå … · 2019-01-22 · 4 LAURDAG NYHENDE HORDALAND 19. JANUAR 2019 – Dette må vera vossarekord! Eg trur ikkje nokon har signert

4 LAURDAG NYHENDEHORDALAND 19. JANUAR 2019

– Dette må vera vossarekord! Eg trur ikkje nokon har signert lærling­kontrakt så tidleg i skuleåret før.

b VOSS

Yrkesfagleg koordinator Ole Jonny Opkvitne var minst like oppglødd som VG2­eleven Tor­kjel Dagestad Rolland. Torsdag 17. januar signerte 17­åringen lærlingkontrakt i betongarbeid med den rykande ferske lær­lingverksemda Bystøl Entre­prenør.

– Dette er ein draumedag! sa den blide lærlingen.

LærlingkonferanseIdrettshallen på Voss vidaregå­ande skule var torsdag fylt opp med forventningsfulle VG2­elevar både frå Voss gymnas og Voss vidaregåande, lærarar, rektorar, skulebyråkratar, råd­gjevarar, fagansvarlege, repre­sentantar frå næringsliv og institusjonar, og ordførar Hans­Erik Ringkjøb.

Grunnen til samlinga var lærlingkonferansen, ein kon­feranse der VG2­elevane både får generell informasjon om kva som ventar dei når mange av dei frå sommaren av skal ut i lære, om prosess og oppfylging fram mot læreplass, og møte med ulike bransjar og verk­semder. Eit heilt nytt innslag i så måte stod Tor Liland og For­svarets rekrutteringsteneste for. Det er fyrste gongen Forsvaret presenterer seg som eit mogleg karriereval, i alle fall på Voss vidaregåande skule.

Til saman var ikkje mindre enn 33 større og mindre verk­semder og moglege læreinstitu­sjonar representerte på konfe­ransen. Elevane sin respons var svært god. På ein skala der 1 var botn og 6 topp, var snittsvaret frå elevane 5,3 på påstanden om at informasjonen på avdelinga var god, og 4,9 på at lærlingkon­feransen hadde vore nyttig.

Dobbel gledeDen lokale arrangøren Voss vidaregåande skule hadde ikkje mindre enn to gledelege overraskingar i ermet på tors­dag: Fyrst kunne yrkesfagleg koordinator Opkvitne kalla Knut Almeland Løne og Torkjel Bystøl, høvesvis dagleg leiar og fagleg leiar i verksemda Bystøl Entreprenør AS opp på scena for å ta mot diplom som ny god­kjend læreverksemd. Og når dei fyrst valde å søkja slik godkjen­ning, slo den lokale entrepre­nøren like godt til med tre fag. Bystøl Entreprenør er no god­kjend læreversemd i betongfa­get, i veg­ og anleggsfaget, og i anleggsmaskinfaget. Reine kin­deregget, med andre ord.

Same dagen kunne altså Tor­kjel Dagestad Rolland signera lærekontrakt med nettopp

Rekordtidleg lærekontrakt

KINDEREGG: Fagleg leiar Torkjel Bystøl (t.v.) og dagleg leiar Knut Almeland Løne kan stolte syna fram at Bystøl Entreprenør AS er godkjend som læreverksemd i betongfaget, veg- og anleggsfaget, og anleggs-maskinfaget.

Bystøl Entreprenør, i betong­faget.

– Dette er ein gledens dag. Det syner at arbeidet på skulen ber frukter, og skulen er vel­dig stolt over å ha ein elev som skriv lærekontrakt så tidleg, slo Opkvitne og Ivar Flatabø, avde­lingsleiar for bygg, teknikk, industriell produksjon og elek­tro fast.

– Eg vil sitera Torkjel Bystøl. Eg møtte han på butikken her ein gong i haust, og då kom me i snakk om at dei ville søkja om godkjenning som læreverk­semd. Då sa Torkjel at dette for dei er ein måte å betala attende til lokalsamfunnet på. Slikt er som musikk i øyro, la Opkvitne til.

Tidleg uteElevane på VG2 er ute i såkalla yrkesfagleg fordjuping – prak­sis i verksemder – i to periodar à fire veker. Torkjel Dagestad Rolland har berre vore ute i den fyrste perioden så langt. Den hadde han hjå Bystøl Entre­prenør, og der gjorde han eit så solid inntrykk at verksemda utan å nøla no inngår lærekon­trakt.

– Me var veldig godt nøgde med den jobben Torkjel gjorde. Det me ser etter er interesse for faget, vilje og evne til initiativ og at elevane er punktlege og til å stola på, seier Knut Almeland Løne.

– Det er ikkje for lett å få tak i folk i bransjen, og når dei i til­legg syner seg å vera gode, er det ingen grunn til å nøla, legg Torkjel Bystøl til. Som fagleg leiar, vert han namnebror Tor­kjel sin næraste overordna i læretida.

– Verksemda er ikkje så stor, så han kjem nok i kontakt med alle som arbeider hjå oss. Han får vera med på det aller meste av arbeid i faget, sjølvsagt under føresetnad av at alt som hand­lar om HMS er vareteke, seier Bystøl.

Den framtidige lærlingen er overmåte godt nøgd med at han har skrive kontrakt med Bystøl.

– Det er ei veldig god verk­semd å jobba i, seier Torkjel, og fortel at ein av grunnane til at han valde betongfaget er at bestefaren jobba i faget, og at han sjølv gjerne vil ha eit fysisk arbeid i framtida.

Bystøl Entreprenør AS er ei verksemd innan faget grunn­ og betongarbeid. Verksemda har kontor og lager på Palmafos­sen og har Voss og nabokom­munane som arbeidsområde. Verksemda har 10 tilsette, ni av dei med fagbrev.

Viktig jobbKim Botnevik er fagtekni­kar og opplæringskonsulent i Byggopp, opplæringskontoret for bygg­ og anleggsteknikk i Hordaland. Også han var svært godt nøgd med at Torkjel Dage­stad Rolland kunne signera lærekontrakt på torsdag.

– Min jobb er å kvalitetssikra at Torkjel får den opplæringa han skal ha, fylgja opp overfor lærling og arbeidsgjevar, og sjå

til at alt vert dokumentert på rett måte. Det er viktig å vera klar over at når lærekontrak­ten er underskriven, så er det opplæringskontoret som «eig» kontrakten. Dermed sikrar opp­læringskontoret at eleven får gjennomført si læretid dersom ei verksemd går konkurs i lære­tida eller gjennomgår store end­ringar i form av nedskjeringar eller andre strukturendringar.

Botnevik er glad for det gode arbeidet som vert gjort for å auka talet på læreverksemder og syta for at ein stadig høgare prosentdel av elevane får full­føra si læretid med fagbrev. Ivar Flatabø sluttar seg til: – Ole Jonny gjer ein heilt uvur­derleg jobb som yrkesfagleg koordinator, og me jobbar hardt for at den prosjektstillinga han tok til i i 2016 skal vidareførast som fast ordning. Før var det

5LAURDAG NYHENDE

Firmatur? showpakker.no/bedriftspakke

FRA KR 995Bestill full pakke! De beste billettene og hotellene til derimeligste prisene bestiller du enkelt på Showpakker.no.Priseksempel gjelder pr person på Ausekarane.

SHOW & HOTELL I BERGEN

PHIL COLLINS

HERODES FALSK

LINDESNES TREKKSPILL

LLOYD WEBER GALA

KARDEMOMME BY

FREDRIK STEEN

SISTE SJANSE!18.JAN. - 9.FEB.

«Publikumhyler av latter!»

BA

VÅR BEATLES-HYLLEST

VGAP

BESTEFARMED SVEN NORDIN

Ferjjelaus ogg steik forbanna!

HORDALAND 19. JANUAR 2019

Bygdagnist AS får løyve til å nytta inntil seks snøskuterar, i beredskap, under avviklinga av Hardinglaup Øystese – Voss 23. mars.

b KVAM/VOSS

Det er femte gongen Hardin-glaup Øystese – Voss vert arrangert, med start på Sjusete i Kvam og målgang på Preste-gardslandet på Voss. Løpet er av typen «dagslanglaup på fjellski i umerka løyper i høgfjellet med strenge krav til deltakarar».

Hjelpekorpsa i Øystese og på Voss har vakthald og beredskap under løpet, og arrangøren Byg-dagnist AS har søkt om løyve til å nytta to snøskuterar for kvart hjelpekorps – tre dersom vêr og føre vert vurdert som særleg krevjande – på renndagen. Øys-tese (ØRKH) har sitt ansvars-område frå start på Sjusete til Kvålsdalen i Voss kommune. Voss (VRKH) sitt ansvarsom-

råde går frå Kvålsdalen over Gråsida og til Hindartveit. All bruk av snøskuter vil vera i regi av dei to hjelpekorpsa, med to godkjende hjelpekorpsmedle-mer på kvar skuter. All ferdsle vil gå føre seg langs traseen.

Utval for miljø og kultur i Voss kommune handsama søk-naden på møte i sist veke, og slutta seg til administrasjonen si tilråding. Den inneber også at arrangøren får løyve til å nytta inntil to skuterar ein dag i veke 11 eller 12 for å gjera vurderin-gar av føre og terreng i førekant av løpet.

Løyvet vart gjeve for køyring frå grensa mot Kvam kommune og fram til Hindartveit. Det er sett som vilkår at all køyring må avgrensast til naudsynt transport/beredskap, at reins-dyr i området ikkje må uroast, og at løyve frå grunneigar må liggja føre før rennet finn stad.

b Nils [email protected]

Får bruka snøskuterar på Hardinglaup

B GRANVIN: Norconsult er tildelt oppdraget med å gjera geotek-niske undersøkingar på Tueteigen i Granvin. Heradet ynskjer betre kunnskap om grunntilhøva i om-rådet der dei planlegg å byggja ny barnehage. Det var i alt tre firma som kom med tilbod på grunnun-dersøkingar. Fyrst når fullsten-dige undersøkingar er gjort, kan prosjektet med ny barnehage leg-gjast ut på anbod, har rådmannen signalisert.

KVA LIGG UNDER: Før det kan byggjast ny barnehage i Granvin, må heradet vita korleis grunntil-høva er. ARKIVFOTO SIGRID SEIM

Norconsult undersøkjer

Rekordtidleg lærekontrakt

SIGNERT: 17 år gamle Torkjel Dagestad Rolland sette vossarekord då han torsdag 17. januar signerte lærekontrakt. Rundt han frå venstre: Kim Botnevik, Ivar Flatabø, Ole Jonny Opkvitne, Knut Almeland Løne og Torkjel Bystøl. BEGGE FOTO: NILS KVAMSDAL

b BERGSDALEN: Fylkesveg 314 gjennom dalen er svært viktig for Bergsdalstunet. – Det er tilkomst-vegen for gjestane våre, for vare-levering og for gardsdrifta, heiter det i eit innspel til kommunen sin arealplan, frå Olaug Fagerbakke og Helge Terje Fosse, som driv Bergs-dalstunet. Fylkes vegen held ikkje mål til dagens køyretøy, det avgren-sar tilkomsten for bussgjestar, og fordyrar vareleveringa, heiter det vidare. Kommuneplanen viser til ut-fordringane og dei er mange. – Her må kommunen verta flinkare, og my-kje meir aktiv for å få til utbetringar av vegen. Ikkje skriva at det blir «så kostbart at det realistisk sett truleg må ei stor endring i reiseetterspur-nad til for å forsvara slike investerin-gar». Skal ein få til ei positiv utvikling av veg, må kommunen kanskje en-dra innstillinga si, heiter det mellom anna i innspelet frå Bergsdalstunet.

– Kommunen må endra inn-stillinga si

b DALE: Bane Nor skal innføra eit nytt signalsystem på alle banestrek-ningar i Noreg. – For å tilpassa Dale stasjon til dette signalsystemet må den planlagde plattforma i nord flyttast 38 meter mot aust, skriv Multiconsult i eit notat til Vaksdal kommune. Dette vil føra til ei mindre omprosjektering av tiltaka på Dale, heiter det. Flytting av plattforma vil gjera at andre planlagde endringar på Dale, som under- eller overgang på jernbanespora, vil verta utsett noko. Men, Multiconsult vil ha klart eit endeleg planforslag i løpet av februar, skriv verksemda til kommunen.

Framdrifta for Dale stasjon litt utsett

ofte slik at lærarane kjende folk i ulike bransjar og hadde sine kontaktnett som dei let elevane nytta seg av for å få læreplass. Når læraren så gjekk av eller slutta, forsvann kontaktnettet. No arbeider me fram eit mykje meir gjennomført og ryddig sys-tem.

Voss vidaregåande og Voss gymnas har for tida signerte samarbeidsavtalar med 100 verksemder om yrkesfaglege fordjupingsplassar. Dette er eit tal i stadig vekst, og nesten alle verksemdene er godkjende læreverksemder. Verksemdene held til i Voss/Hardanger-regi-onen, i Bergensområdet, på Austlandet, og ein avtale med Forsvaret i Troms/Finnmark.

b Nils [email protected]