18
Føregangsfylke økologisk frukt og bær 09.03.2011 Det overordna målet til føregangsfylke for økologisk frukt- og bærproduksjon, er å bidra til auka produksjon og forbruk av norsk økologisk frukt og bær i Noreg. Oppsummering: Svak auke i tal dyrkarar og areal økologisk drift frå 2009, men tidlegare øko-satsingar har resultert i over ein tredobling av eplevolumet i Bama frå 2009-2010. Denne auken skuldast i hovudsak to produsentar ein i Hardanger og ein i Telemark. Men ikkje alle produsentar satsar så stort som desse to, så auken vil truleg ikkje vera med så store hopp i framtida. Samkøyring av tilskotspraksis til nyplanting gjorde at økonomien i prosjekta vart endra, og førte til at fleire sette planane om omlegging til øko-drift, på vent. Vanskeleg marknadssituasjon på bær (prøveproduksjon skal omsettast i 2011), medan Bama/NG melder om behov for meir økologisk frukt (eple, plomme, pære) og har dette som ein del av satsinga i Go Eco serien til hausten 2011. Informasjonssatsinga går over på nett og samkøyring av nettbasert informasjon om økologisk frukt og bær frå 2011 med LR. Behov for å vise bøndene at det er lønsemd i å dyrke økologisk og at marknaden vil ha økologisk frukt og bær. Få dyrkarar tvilar lenger på at det mogleg å dyrke økologisk. Ugras og næringsforsyning er tilbakevendande utfordringar, i tillegg til risikoen for angrep av sjukdom og skadegjerarar. Nytt øko-regelverk er venta vedtatt i 2011: God diskusjon og prosess rundt koparspørsmålet. Innstrammingar i tolking av regelverket knytt til parallellproduksjon har skapt nye utfordringar kring skilje på sortar: LR organiserer diskusjon kring temaet i 2011. 2011: Økologisk skulefrukt, statistikk (NILF), Kompost og nyetablering av øko-felt (kurs og demoar), demo av handheldne tynnarar i begge fylka, oppfyljing av fruktlagra, emballasje/merking av frukt/bær, studietur til Sverige, x-tra rådgjeving, OIKOS-samarbeid om demo i butikk av frukt i Bergensområdet (ev. bringebær i Oslo).

Føregangsfylke økologisk frukt og bær 09.03 · Informasjonssatsinga går over på nett og samkøyring av nettbasert informasjon om økologisk frukt og bær frå 2011 med LR. Behov

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Føregangsfylke økologisk frukt og bær 09.03 · Informasjonssatsinga går over på nett og samkøyring av nettbasert informasjon om økologisk frukt og bær frå 2011 med LR. Behov

Føregangsfylke økologisk frukt og bær 09.03.2011

”Det overordna målet til føregangsfylke for økologisk frukt- og bærproduksjon, er å bidra til auka

produksjon og forbruk av norsk økologisk frukt og bær i Noreg.”

Oppsummering:

Svak auke i tal dyrkarar og areal økologisk drift frå 2009, men tidlegare øko-satsingar har resultert i over ein tredobling av eplevolumet i Bama frå 2009-2010. Denne auken skuldast i hovudsak to produsentar – ein i Hardanger og ein i Telemark. Men ikkje alle produsentar satsar så stort som desse to, så auken vil truleg ikkje vera med så store hopp i framtida.

Samkøyring av tilskotspraksis til nyplanting gjorde at økonomien i prosjekta vart endra, og førte til at fleire sette planane om omlegging til øko-drift, på vent.

Vanskeleg marknadssituasjon på bær (prøveproduksjon skal omsettast i 2011), medan Bama/NG melder om behov for meir økologisk frukt (eple, plomme, pære) og har dette som ein del av satsinga i Go Eco – serien til hausten 2011.

Informasjonssatsinga går over på nett og samkøyring av nettbasert informasjon om økologisk frukt og bær frå 2011 med LR.

Behov for å vise bøndene at det er lønsemd i å dyrke økologisk og at marknaden vil ha økologisk frukt og bær. Få dyrkarar tvilar lenger på at det mogleg å dyrke økologisk.

Ugras og næringsforsyning er tilbakevendande utfordringar, i tillegg til risikoen for angrep av sjukdom og skadegjerarar.

Nytt øko-regelverk er venta vedtatt i 2011: God diskusjon og prosess rundt koparspørsmålet. Innstrammingar i tolking av regelverket knytt til parallellproduksjon har skapt nye utfordringar kring skilje på sortar: LR organiserer diskusjon kring temaet i 2011.

2011: Økologisk skulefrukt, statistikk (NILF), Kompost og nyetablering av øko-felt (kurs og demoar), demo av handheldne tynnarar i begge fylka, oppfyljing av fruktlagra, emballasje/merking av frukt/bær, studietur til Sverige, x-tra rådgjeving, OIKOS-samarbeid om demo i butikk av frukt i Bergensområdet (ev. bringebær i Oslo).

Page 2: Føregangsfylke økologisk frukt og bær 09.03 · Informasjonssatsinga går over på nett og samkøyring av nettbasert informasjon om økologisk frukt og bær frå 2011 med LR. Behov

Tiltak - prioriteringar Mål og Resultat for 2010 Mål og tiltak for 2011 2025-mål

1.Produksjon – få fleire til å produsera økologisk frukt og bær i Noreg.

DELMÅL: 1. Motivera til omlegging og halde på øko-dyrkarane 2. Auke kompetansen hjå dyrkarane og framheve dei gode eksempla

1. Oppretthalda investerings-tilskotet og samkøyra praksisen i dei to fylka: 50% til nyetablering og minimum 3 daa

Mål 2010: Tal søkjarar og nyinnmelde produsentar i Debio – daa nyplanta i 2010 eller planlagt i 2011 Resultat 2010: 3 nye produsentar i Kvam, Horaland, 1 i Sogn. Auka i Kvam skuldast i stort arbeidet til Liv Lyngstad i Øko-løftprosjektet. Totaltal på økologiske produsentar innan økologisk frukt og bær i 2010, over 1 daa: Hordaland: 8 bær (30 daa Ø) , 26 frukt (191 daa Ø, 110 daa K) Sogn og Fjordane: 16 bær (57daa Ø , 10daa K )daa, 43 frukt (352 daa Ø, 112 daa K) (areala er ikkje justert for areal under 1 daa)

FMSF: 90.000 kr i tilskot i 2010 til fornying av 9 da frukthage

som skal drivast økologisk. I tillegg har dei under arbeid ei litt

større konvensjonell sak (9 daa) i Gloppen der planen er å legge

om til økologsk i løpet av 2011/2012.

FMHO: Vi har innvilga 5 saker på tilsamen kr 220 700. Dette er fordelt på 11 da økologiske eple og 9,1 da økologiske plommer. Totalkostnadar inkl arbeid: kr 345 452. Forskrifta for BU-midlar set maks-grense for tilskot til nyplanting av fruktfelt til 30% – vurdert av juristane i LMD.

2011 Revurdering av kriteriar for rydde-og plantetilskot. Forslaga som er diskutert:

moderne tettplanting for planting til konsum, med justeringar for planting til industri.

Vatningskrav

Krav om deltaking på kurs eller medlem av lokal rådgjevings- teneste

I 2010 vart det sett av ekstrasum til rydde-og plantetilskot, men desse pengane vart istaden brukt til å støtte etablering av nye demonstrasjonsfelt (tettplanting og nye øko-sortar) på Njøs i Sogn og Ernes i Hardanger – sjå pkt 1.3.2. Tilskot til dette vart tildelt i 2010, men utbetaling vert gjort i 2011 – overført sum frå fjorårets budsjett.

Auka nyplanting: 15% areal med 1500kg/daa for eple og 1000kg/daa for plommer på nyplanta økologisk areal

Page 3: Føregangsfylke økologisk frukt og bær 09.03 · Informasjonssatsinga går over på nett og samkøyring av nettbasert informasjon om økologisk frukt og bær frå 2011 med LR. Behov

FMHO har i nokre år gitt 20% ekstra til nyetablering av øko-fruktfelt frå BU-midlane, altså 50% tilsaman, men denne praksisen vart avslutta i august 2010. Muntleg tilbakemelding frå rådgjevarar og dyrkarar seier at fleire hadde tenkt å melde seg inn, men med endra økonomisk grunnlag for nyplanting, har dei utsett avgjerda om å melde seg inn. Satsing på lik linje med danskane i 2011, ville monna, men forskriften set altså stoppar for dette.

2. Oppfølging av dyrkarar i karens eksisterande økologiske dyrkarar og gjennom å sikre dei ein god fagleg basis gjennom rågjevings-tenesta.

Mål 2010: Ingen utmeldingar i Debio frå ’09 til ’10. Spørjeundersøking om ordningane i etterkant . Resultat 2010: Ingen utmeldingar så langt, men ein dyrkar i Hordaland som har lagt tilbake til konvensjonelt. Ikkje utmeld enno. Rådgjevarane hadde ikkje tid til å gjennomføre ekstra besøk på øko-bruk i 2010, då tiltaket vart lyst ut til rådgjevarane 01.06.10. Det er mest naturleg å vitja bøndene med slike spørsmål utanom sesongen, helst om vinteren. Difor vart gjennomføring og budsjett utsett til 2011, og rådgjevarane byrja arbeidet seinhaustes 2010 i begge fylker. Øko-bøndene i Hardanger er stort sett med i LR, men i Sogn er varierande kor mange øko-dyrkarar som er med i LR.

Evaluering av tiltaket utsett våren 2011, då besøka vert gjennomført vinteren 2011. Målet er å fange problemstillingar bøndene slit med og tilpasse kurs og rådgjevingstilbod ut frå tilbakemeldingane. Økobønder bør ha høgt kunnskapsnivå for å lukkast. Mål for 2011 er difor å få fleire øko-fruktdyrkarar med i LR og på kurs arrangert av LR, enn i 2010. Eigen budsjettpost for dette tiltaket i 2011 budsjettet.

Dobling av aktive øko-produsentar innan frukt og bær i begge fylka innan 2025 i høve til 2009-nivå.

3. GFR kor ein aktivt oppsøkjer nye produsentar

Mål 2010: tal GFR-besøk til konv. bønder samanlikna med innmeldingar i Debio: 20 GFR besøk totalt i begge fylka i 2010. Resultat 2010: Jon Asbjørn Målsnes har rekruttert 10 nye GFR i Sogn og Fjordane, gjennom ringerunde til medlemmane av Sognefrukt, Innvik fruktlager og rådgjevingstenesta i Nordfjord.

Mål nådd i 2011, og vil bli målt med tal innmeldingar i 2011/2012

Page 4: Føregangsfylke økologisk frukt og bær 09.03 · Informasjonssatsinga går over på nett og samkøyring av nettbasert informasjon om økologisk frukt og bær frå 2011 med LR. Behov

Gjennomføring av GFR’ane rekruttert av Målsnes og ”Økofrukt i vekst” vert gjennomført vinteren 2011 i Sogn. Jan Ove Nes (LR Hardanger) har oppsøkt 10 konvensjonelle fruktdyrkarar, og gjennomfører GFR-besøka vinteren 2011.

4. Samkøyre kurs og aktivitetar i dei to fylka; dyrkings-grupper og markvandringarKurs: gjødsling/jord-økologi/miljø-perspektiv , øko-plantevernplan , studietur for produsentar osb.

Mål 2010: Tal samlingar planlagte og gjennomførte - tal oppmøtte på arrangement. Resultat 2010:

Samling for rådgjevarar i mars (12 deltakarar)

Støtta 2 informasjonsmøter om rognebærmøll i Hardanger, arr. LR (oppmøte: 15-20 i Kvam, 30 i Kinsarvik)

Studietur utsett til 2011.

Samla rådgjevarane i Sogn i midten av august for å sjå på rådgjevarsituasjonen for økobøndene når Marianne Bøthun gjekk over i ny stilling. Vart avgjort at Jon Asbjørn Målsnes kunne reise saman med Olav Sørum til GFR-oppdraga, og ta noko ekstra-rådgjeving for Føregangsfylke. 8 deltakarar, Njøs

Ny dyrkingsgruppe for økologiske plommeprodusentar i indre Hardanger: 3 samlingar og 5-10 deltakarar på kvart møte.

2011

Studietur 30.juni-3. juli: mål 30 deltakarar tilsaman frå aust-og vestlandet.

Kurs om økologisk plommedyrking i Nordfjord mars 2011 (Jon Asbjørn Målsnes)

Lansering av øko-plantevernplan i prosjektet ”Norsk Økologisk frukt til forbrukar”, dyrkarmøter (Eivind Vangdal, Bioforsk)

Samkøyringsmøte med øko-fruktprosjekta i januar 2011. Eitt til før året er omme.

Oppretthalda og auke aktiviteten og tal deltakarar for kvart år.

5. Vera pådrivar for å etablere modulbaserte kurs for unge bønder i fruktdyrking; øko-tilbod inkludert og tilbod i begge fylka

Mål 2010: Oppstart hausten 2011, og sikre at økologisk driftsform er ein del av kursmodulane. Resultat 2010: Anne Karin Hatling frå Sogn Jord-og hagebruksskule, stilte på møte på Hjeltnes Gartnarskule i Hordaland, for føregangsfylket. Mål å få like etterutdanningstilbod i begge fylka, og vurdera eigne kurs for unge etablerarar innan frukt-og bærnæringa. Fylkeskommunen er no ansvarleg for vidare utvikling av dette arbeidet.

2011: Føregangsfylket vil haldast informert om dette arbeidet og vurdere initiativ fortløpande.

10% av frukt og bærdyrkarane under 40 år driv heile eller delar av garden økologisk i 2025.

Page 5: Føregangsfylke økologisk frukt og bær 09.03 · Informasjonssatsinga går over på nett og samkøyring av nettbasert informasjon om økologisk frukt og bær frå 2011 med LR. Behov

Tiltak - prioriteringar Mål og Resultat for 2010 Mål og tiltak for 2011 2025-mål

Forts.

1.Produksjon – få fleire til å produksera økologisk frukt og bær i Noreg.

DELMÅL 3. Auke avling og kvalitet på økologisk frukt og bær

1. Regelverk: Økologiforskrif og vegleiar til den, skal ut på høyring i vår. Særunntaka skal reviderast, og inkluderar koparforbodet. Kort oppsummering av dei viktigaste reglane for økologiske frukt og bær produsentar.

Mål 2010; Cu-saken: fagleg grunngjeving + oversikt over praksis i Europeiske regelverk. Resultat 2010: Tok saman med RVU initiativ til arbeidsgruppe om bruk av kopar i økologisk frukt og-bærnæring, i samband med høyring av øko-regelverket. Koparsaken har tidlegare splitta fruktmiljøet grunna lite demokratisk diskusjon. I tillegg har det vore vanskeleg for bøndene å akseptera ulike konkurransevilkår mellom norske og EU sine økologiske fruktbønder. Føregangsfylke støtta utredning frå Bioforsk Økologisk (G. L. Serikstad). Eit arbeidsgruppemøte (5 medl) og eitt diskusjonsmøte arrangert av RVU (ca 35 deltakarar inkl RVU medlemmar). Oppmoding frå Føregangsfylke til faglaga om å vera aktive på vegne av sine medlemmar – sende inn høyringsuttale frå Føregangsfylke 1. juli. Innstillinga frå Mattilsynet er at ein legg seg på line med EU i tolking av regelverket, med med norske bruksgrenser (konv. praksis). LMD handsamar saka vinteren 2011. Juli 2010 : oppsummering av regelverkspunkt relevante for frukt-og bærdyrkarar sendt ut på høyring til nokre i styringsgruppa og Debio.

2011 Arbeidet med koparsaken er avslutta. Arbeidet med å gjera samandrag av økoregelverk er lagt på is grunna utsett avgjerd om nytt regelverk. I tillegg har LR planar om å lage samandrag av regelverk for ulike planteproduksjonar, i samband med Økoplan-arbeidet.

Lik praksisk som i europeiske land med omsyn til innsatsmiddel i økologisk produksjon.

Page 6: Føregangsfylke økologisk frukt og bær 09.03 · Informasjonssatsinga går over på nett og samkøyring av nettbasert informasjon om økologisk frukt og bær frå 2011 med LR. Behov

2. FoU; - rognebærmøll - ugrasregulering; innkjøp av utstyr ved behov.

Mål 2010: Rapportar frå prosjekt –delmål oppnådde. Kartlegging av nye flaskehalsar ut frå rapportar i 2010 Resultat 2010: Støtta FoU-aktivitet, nokre resultat er ikkje klare enno og kjem i Norsk frukt og bær i vår:

Kompostering av hageavfall frå fruktnæringa, drive av Njøs Næringsutvikling. Kursing og erfaringsutvikling på SJH. Samarbeid med Føregangsfylke Buskerud.

Støtta leige av teknisk utstyr til øko-eplehage på Vindane i Aurland, kor registreringar vert gjort. Hagen vart i sin tid planta med tanke på produksjon til industri (80% press, 20% konsum). SJH, Fritsvold

Forsøk på næringsforsyning og ugraskontroll, Bioforsk Ullensvang, Vangdal

Utprøving av mineralolje og olje mot rognebærmøll. Bioforsk-prosjekt

Kalsiumtilstand i frukthagar, dokumentasjonsråd og målingar (Bioforsk, Vangdal)

Bringebær: måling av haldbarheit under transport (CaCl-behandling), næringsforsyning (LR,Vereide)

Støtta etablering av øko-vindauge på Njøs Næringsutvikling i Sogn og Ernes Biforsk Ullensvang: fokus på nyetablering av øko-frukthagar med tettplantingssystem og nye øko-sortar, til inspirasjon for dyrkarane. Utplanting 2012/2013, med fokus på bruk av forkultur og kompost før utplanting/i kvileår. Prosjektstart 2011.

Støtta utprøving av handheldne tynnarar i begge fylker. Utprøvingar i 2011 i regi av Norsk fruktrådgjeving Hardanger, Jan Ove Nes, gjennomføring 2011.

2011 Generelt: samarbeidet med forskarar og rågjevingstenesta om å løyse flaskehalsar i næringa. Ikkje søknadsfrist i 2011, men Føregangsfylke vil oppmuntre til prosjekt i større grad enn i fjor. Forslag 2011, med avklaringar til 1. april:

støtte aktivt opp om planlegginga av nyplantingar på Njøs og Ernes/Lofthus

støtte arbeidet om utvikling av kvalitetskompost frå og til frukthagar, spesielt økologiske. Eigen søknad frå Njøs, etter samkøyrings-møte 17. februar

Dokumentasjon av effekt knytta til handheldne tynnarar?

Næringsforsyning bringebær?

Kontinuerlig fokus på å stimulere til relevante forskningsprosjekt: auke i øko-forskningsprosjekt innan frukt og bær kvart år.

Page 7: Føregangsfylke økologisk frukt og bær 09.03 · Informasjonssatsinga går over på nett og samkøyring av nettbasert informasjon om økologisk frukt og bær frå 2011 med LR. Behov

3. Undersøkje moglegheit for å få nye driftsmiddel godkjende i Noreg; kartleggje aktuelle produkt, forhandlarar og flaskehalsar.

Mål 2010: Eitt nytt godkjend preparat : Natriumbikarbonat Rapport ferdig i november – inkludert nye prioriteringar Resultat 2010: Ugras-problematikk hindrar mange i å legge om, spesielt i bratte hagar: Prøvd å koma i kontakt med firma som fører Bioweed (Australia) Natrium-bikarbonat er det same som bakepulver, som i kombinasjon med svovelsprøyting gir god effekt mot skurv ved rett sprøytetidspunkt (vaskast lett bort av regn). Utsett fokus på dette til nytt regelverk er vedtatt, då det framleis er uklart om ordlyden ”bakepulver ” eller handelsnamnet Kaliumbikarbonat vil vidareførast i ny regelverkstekst.

2011: LR må gjera den faglege vurderinga av kva for middel ein vil søka godkjenning for. Føregangsfylke kan støtte med vidare arbeid mot Mattilsynet for godkjenning. Ugrasmiddel: Edikk vil verte undersøkt frå Bioforsk/LR si side i 2011. Halde fram arbeidet med å undersøke godkjenning for Bioweed og Bakepulver/Kaliumbi-karbonat.

Arbeide for godkjenning av fleire preparat – kalibrering med europeisk regelverk og praksis.

4. Økonomi i norsk økologisk frukt og bærproduksjon – samla eksisterande tal frå registrerings-bruk, NILF og laga eksempel med hjelp av NILF-kalkulatoren

Mål 2010: Synleggjering av NILF kalkyle og mellombels tal frå NILF. Resultat 2010: NILF-kalkulator synleggjort gjennom bloggen i 2010. Innsamling av tal har vorte gjort gjennom prosjektet ”Norsk økologisk frukt til forbrukar” i samarbeid med NILF. Ikkje rapport i 2010.

2011: rapport bestilt av dette prosjektet frå NILF. Framleis usikkert om Føregangsfylket treng å støtte dette prosjektet med midlar.

-10% betre driftsinntekt i dei tre beste åra frå 2010-25, for å kompensera for usikker og lågare avling i enkeltår. - 80% av produsert vare levert til konsum

5. Kartlegga behovet for dyrkingsvegleiarar , småskrift og nettinfo.

Mål 2010: Oppsummering november 2010. Tidsskriftet Norsk frukt og bær gitt ut av LR, dekker stort sett siste nytt innan frukt-og bærproduksjon – også på økologisk. Gjorde ein oppsummering i bloggen over alle relevante øko-artiklar i dette tidsskriftet i 2010. Vurderer behovet for dyrkingsvegleiarar, småskrift etc. som minkande, dersom nettsider i tillegg vert oppdaterte.

2011 Samarbeide med LR og Bioforsk Økologisk om nettbasert informasjon til dyrkarar. Mål om å få til ein felles strategi korleis fagstoff om økologisk frukt og bær skal verte formidla på nettet.

Produsentretta informasjon – 1-2 utgjevingar kvart år

Page 8: Føregangsfylke økologisk frukt og bær 09.03 · Informasjonssatsinga går over på nett og samkøyring av nettbasert informasjon om økologisk frukt og bær frå 2011 med LR. Behov

Tiltak - prioriteringar Mål og Resultat for 2010 Mål og tiltak for 2011 2025-mål

2.Kunnskap og nettverk – samle og vidareformidla tilgjengeleg kunnskap og erfaring gjennom eksisterande prosjekt

DELMÅL 1. Etablering av kompetansenettverk kor føregangsfylke skal vere ein ressurs for utvikling av økologisk frukt-og bærdyrking i heile landet 2. Synleggjere flaskehalsar som må løysast på nasjonalt nivå

1. Etablere kontakt med eksisterande nettstad www.hagis.no/lr.no med eigen fane økologisk frukt og bær; mål å samle all informasjon og nettressursar for økologisk frukt og bær på ein plass.

Mål 2010: Blogg/øko-fane på hagis.no/lr.no etablert og samarbeid med nettstad; eitt innlegg for kvar veke frå etableringstidspunkt. Kommentarar på innlegg i blogg: 10%. Tal besøk på blogg: 1000 besøkande i 2010. Resultat 2010: Eitt, men ofte to nyheitsinnlegg kvar veke. Ein har kommentert på eit innlegg – og han var medlem av styringsgruppa(!). Dyrkarane er truleg ikkje vane med å bruke slike kommentarfunksjonar enno. Bloggen okofruktogbar.blogspot.com vart oppretta i midten av mai 2010, og 844 personar har frå byrjinga av juli til februar 2011 vitja nettstaden, med eit snitt på 4 besøk kvar dag dei siste månadane. Dei besøker i snitt ca. 2 sider kvar gong. Sjå elles figur 1. LR ved Sigrid Mogan som no er ansvarleg for domenet til hagis.no, og Agropub (Bioforsk) har vorte kontakta for å inngå samarbeid om nettbasert informasjonsarbeid om økologisk frukt og bær, men begge hadde ikkje som prioritet å arbeide med å oppdatere desse nettsidene knytta til øko-frukt og bær i 2010.

2011: Prosjektleiar meiner det er viktig ikkje å forvirra produsentane og forbrukarar med for mange nettstader, og har i 2011 fått aksept for å utsette etablering av eigen nettstad i staden for bloggen. Det er dyrt og tidkrevande å lage nye nettstader og gjera dei kjende. Samstundes unødvendig då eksisterande nettilbod burde kunne dekke behovet. LR og agropub.no har no gitt signalar om å satse på nytt med nettbasert frukt-og bærinfo. Difor vert blog’en halden i live inntil nytt tilbod i LR/hagis.no eller agropub.no er etablert. LR Hordaland får i 2011 midlar til å etablere eit nyheitsbrev til økologiske dyrkarar i og utanfor LR, og til heile landet. Regional informasjon vil framleis verte gjort av lokal rådgjevingsteneste. Liv Lyngstad i LR ansvarleg og tilbodet vil eventuelt kunne integrerast i ein ny drakt gjennom hagis.no/fagforum frukt og bær i LR. Nyheitsbrevet er viktig for å nå ut med informasjon kvar enkelt dyrkar om siste nytt og arrangementsinvitasjonar.

Eigen nettstad om økologisk produksjon som alle føregangsfylkene nyttar

Page 9: Føregangsfylke økologisk frukt og bær 09.03 · Informasjonssatsinga går over på nett og samkøyring av nettbasert informasjon om økologisk frukt og bær frå 2011 med LR. Behov

Blog’en vart oppretta i mai 2010 (veke 18) for å koma igong med dette arbeidet, då dyrkarane har hatt vanskar med å finne fram til økologisk frukt-og bærinfo på nett. Prosjektleiar har inkludert forbrukarinformasjon og nyhende om helseeffektar av økologisk frukt og bær, stort sett saksa frå OIKOS. Men hovudfokuset har vore på å sy saman eksisterande informasjon og legge ut nyhende relevante for økologiske frukt-og bær dyrkarar. Dyrkarane som driv økologisk, har som oftast og konvensjonell produksjon. Difor har det vore eit mål om å integrera øko-stoff på eksisterande nettsider for frukt-og bærdyrkarar. Bloggen har likevel vore viktig for å teste og synleggjera behovet for samla øko-informasjon for frukt-og bærdyrkarar.

Nettstaden vil du fungere som eit arkiv for fagstoff, og nokre nyheiter, medan nyheitsbrevet gjer at dei som ikkje jamnleg fyljer nettstaden, kan å få med seg siste nytt. Viktige fokus for nye øko-nettstader vil vera å avklare:

Målgrupper

Redaksjonsansvar (på rundgang?)

Kvalitetssikring av info

Formidlings-formar: skal det lagast fleire informasjonsvideoar og instruksjonsvideoar istaden for skriftleg informasjonsmateriale?

Synlegheit i sosiale nettsamfunn – informasjonsstrategi må leggast for 2011.

2. Laga ein oppsummering av noverande FoU-prosjekt og stake ut nye utfyllande prosjekt

Mål 2010: stake ut fokus for nye FoU områder . Resultat 2010: Generelle utfordringar innan næringsforsyning/kompost, ugrashandtering, auka sortsmateriale, økonomi-info, erfaring med tettplanting i økologisk drift, plantevern tilpassa øko-drift/førebyggande.

2011: sjå pkt 1.3.2 elles skjer dette kontinuerlig gjennom året og i samarbeid med forskarar og rådgjevarane i dei to fylka.

Aktiv pådrivar for å stake ut nye relevante prosjekt for næringa

Page 10: Føregangsfylke økologisk frukt og bær 09.03 · Informasjonssatsinga går over på nett og samkøyring av nettbasert informasjon om økologisk frukt og bær frå 2011 med LR. Behov

3. Økomiddelnettstad kor produsentane kan finne godkjende innsatsmiddel til produksjonen

Mål 2010: Innleie samtalar om dette i 2010 med føregangsfylkene, OIKOS og Debio Resultat 2010: Etter at dette punktet vart føreslege i mars 2010, har prosjektleiar hatt tett kontakt med OIKOS om nettstaden www.økofunn.no, som då allereie var utforma. Nettstaden dekker behovet. Møte med OIKOS 30. mai. Debio vil også utvikle ein nettbasert ordning for å erstatte positiv-lista til Debio.

2011: Prosjektleiar ser ikkje at Føregangsfylke skal ta meir ansvar for dette tiltaket då nettstaden vart lansert i november 2010, og Debio har starta arbeidet med sin nettstad. Føregangsfylke har og kan støtte informasjonsarbeidet med nettenestene.

Eigen nettstad kor tilbydarar og kjøparar kan leggje ut produkt

Figur 1: Tal sidevisingar frå bloggen okofruktogbar.blogspot.com frå mai 2010 til februar 2011. Stadig aukande tal besøk, og sida har jamleg vorte annonsert i e-postar og artiklar skrivne av Føregangsfylke. Sist gong den vart reklamert for var i februar-nummeret i Norsk Frukt og Bær. Høgast tal sidevisingar i januar, truleg fordi det er ein roleg periode for fruktdyrkarane.

Page 11: Føregangsfylke økologisk frukt og bær 09.03 · Informasjonssatsinga går over på nett og samkøyring av nettbasert informasjon om økologisk frukt og bær frå 2011 med LR. Behov

Tiltak - prioriteringar Mål og Resultat for 2010 Mål og tiltak for 2011 2025-mål

3. Distribusjon, produkt-utvikling og sal: vidareutvikla eksisterande kanalar for omsetting og sal

DELMÅL 1. Effektiv og sikker omsetting av eit auka volum av norskprodusert økologisk frukt og bær: 100% økologisk produsert – 100% omsett som økologisk 2. Vidareutvikle kanalar for omsetting

1. Pådrivar for å sikre at all norskprodusert økologisk frukt og bær blir vidare-foredla som økologisk råvare til økologiske produkt, gjennom gode planleggingsverkty og god merking og presentasjon i butikk.

Mål 2010: All økologisk konsumfrukt omsett som økologisk i 2010. 1% norsk økologisk frukt gjennom BAMA: 0,04% i 2009 Resultat 2010: 38 tonn økologisk eple omsett i Bama, 9 tonn plomme omsett som økologisk. Import av øko-eple til Bama var i 2010 386 tonn. Med 12 tonn eple omsett i 2009, er det er ein tredobling i høve til norsk øko-epele omsett i 2009. Skulefrukt ikkje prioritert i oppstartsåret. Prosjektleiar hadde møte med Hardanger Fjordfrukt og Sognefrukt i april 2010, for å høyre om planar for omsetnad og korleis dei ville arbeide med å få omsett alle økovarene som økologisk. Oppfyljings-samtalar utover i norsk sesong for frukt. Samtalar med fruktlager og programutviklar for dataprogrammet Fruktklient for å få betre registreringsrutinar for når og kor mykje øko-frukt er venta på marknaden til kvar salssesong. I 2010 kunne ein for eksempel ikkje lesa av hjå kvar dyrkar, kva for eit år areala går over frå karens til økologisk. Det vart funne ei løysing i 2010.

2011: framleis mål om 100% omsett økologisk frukt Økologisk skulefrukt vert prioritert inn i prosjektet. Arbeidsgruppe vert oppretta i mars 2011 saman med prosjektet til Liv Lyngstad, med fokus på :

merking av og informasjon om all økologisk skulefrukt.

Motivering av skuleleiinga for å gjera miljøvenleg innkjøp med økologisk skulefrukt.

Samarbeider med OIKOS sentralt om demo i butikk i Bergen, og derigjennom sette fokus på norsk økologisk frukt til forbrukar. Oppstartsmøte i februar 2011. Erfaringar frå tidlegare demo’ar i butikk, har vist at omsetninga har auka med 30 % enkelte plassar rett etter demo’ane (munnleg M. Bøthun). Mål for 2011 er 20% auka omsetnad av økologisk frukt i demo-butikkane i

-100 % kl 1. produksjon av økologisk frukt og bær omsett som økologisk. -50 tonn øko-epler og 100 tonn øko-plommer til konsum innan 2015.

Page 12: Føregangsfylke økologisk frukt og bær 09.03 · Informasjonssatsinga går over på nett og samkøyring av nettbasert informasjon om økologisk frukt og bær frå 2011 med LR. Behov

Bama ga signalar i sommar om å prøve ut 4-pakk, og prøvelansera det i haust. Lanseringa vart trekt tilbake og seld til Handball VM istaden . Små eple, under 68 mm, er naturleg å selja til skulefrukt eller hotell. Bama Storkjøkken prøvde ut øko-skulefrukt i Hordaland i 2010, men dyr øko- frukt, dårleg merking og informasjon inn til skulane, gjorde det til eit tapsprosjekt. Har ikkje satsa på produktutvikling i 2010, då det framleis er for lite frukt i marknaden til å kunne drive landsdekkande lansering av øko-eple i for eksempel Bama-systemet.

norsk salssesong, i høve til øko-salet tidlegare i den butikken. Motivera til produktutvikling, spesielt på plomme og bær i 2011. Føregangsfylke ser det som viktig å ha gode samarbeidspartnarar for levering til industri: Sending av økologisk frukt til Balholm frå Hardanger i 2010 viste at det var lønsemd i det, samanlikna med å sende det til lokal konvensjonell industri (eple-jus).

2. Sikre meirpris til produsentane for økologisk frukt og bær til konsum

Mål 2010: Oppretthalda 30% meirpris i høve til Økern-pris. Resultat 2010: Jan Ove Nes sit som kulturansvarleg for økologisk frukt i Gartnarhallen, og har arbeidd for meirpris der. Han sit og i styringsgruppa for Føregangsfylke. Meirprisen var i 2010 30% på all øko-frukt, men berre til det som vart seld som økologisk inn til Bama systemet, minus vanlege fråtrekk. Eksempel frå Hardanger: 10% meirpris på plomme, 5% meirpris på Discovery (øko-frukt får ikkje 3 kr/kg i tillegg slik som konv. dyrkarar får), 20% meirpris for Aroma. Bama tek ikkje imot tidleg øko-frukt. Norsk målpris for konvensjonelle eple var i 2010 12,95, og vart nesten nådd.

2011 Vil oppretthalde målet om 30% meirpris også for 2011, men NILF-rapport i 2011 vil vise kva for meirpris bøndene faktisk oppnår. Mars 2011: Brev til alle fruktlaga kor det oppmodast til å:

Hauste i rett tid i frukthagane – smak i høgsetet.

Like kvalitetskrav som konvensjonell frukt

Utvikle emballasje og merking slik at det vert tydeleg at forbrukaren får eit øko-produkt.

-Garantert meirpris til produsentane: mål 30% i høve til konvensjonell pris.

Page 13: Føregangsfylke økologisk frukt og bær 09.03 · Informasjonssatsinga går over på nett og samkøyring av nettbasert informasjon om økologisk frukt og bær frå 2011 med LR. Behov

Fruklagra i Føregangsfylke -Sognefrukt (Bama) har ein produsent som leverer økovarer, og alt omsett som økologisk. -Frittståande lager i Sogn og Hardanger har god omsetning av økofrukt til skulefrukt og abonnementordning, samt til industri (Balestrand). Nøgde med prisane. -Hardanger Fjorfrukt (Bama/Copp-leverandør): Usemje mellom produsentar og fruktlager om kvalitet på eple- sorteringane, slik at produsentane fekk mindre i 1. klasse og dermed mindre i øko-tillegg. I tillegg vart meir enn venta seld til industri som økologisk, då det ikkje var bestillingar på øko-frukta i nokre periodar av norsk sesong. Totalt vart 67% av eplene som kom inn på lager seld vidare til Bama/Coop. Her var det og utfordringar med plommekvaliteten; for tidleg haustetidspunkt i hagane gjorde at plommene måtte ettermodnast på lagret. Samanblanding av plommer for ettermodning gjorde at plommene vart selde som konvensjonelle, og produsentane fekk ikkje meirpris for desse partia. Smaken på desse plommene vart dårlegare, og dette ville ikkje ha vore positivt for øko-plommene i marknaden. Totalt vart 43% av plommene omsett som økologisk frå Hardanger Fjordfrukt. -Innvik Fruktlager hadde ikkje produksjonsplan for øko-bringebær i 2010, og fekk difor ikkje seld dei 2,5 tonna som vart produsert økologisk hos Atle Skaaden. Planen var å selje frukta i mindre korger (300g) enn for konvensjonelle bær (400g), men til same pris for konvensjonelle og soleis hente inn meirprisen.

Prioritera sal til øko-konsum, dinest til industri.

Føregangsfylke vil halde jamn kontakt med fruktlagra og Erling Lundby i Bama, ansvarleg for økosatsinga i NG/Bama. Mars 2011: Produksjonsplanen sendt inn til Gartnarhallen for bringebæra til Atle Skaaden, og vert truleg godkjend av Bama i 2011. Utfordringar med omsetnaden gjer at Bama nølar. Drøftingar med OIKOS og BAMA, samt med styringsgruppa i mars, om marknadsinitiativ for økologisk bringebær og demo i butikk med bringebær (OIKOS, Oslo).

Page 14: Føregangsfylke økologisk frukt og bær 09.03 · Informasjonssatsinga går over på nett og samkøyring av nettbasert informasjon om økologisk frukt og bær frå 2011 med LR. Behov

3. Sikrare økonomi gjennom levering av økologisk frukt og bær til industriell bearbeiding.

Mål 2010: Betre økonomi enn for levering som konv. råvare i 2010. Resultat 2010:Prøvesending av øko-eple og pærer til Balholm i Sogn-og Fjordane. Frakprisane var ikkje høgare enn sending av frukt til andre delar av landet. Oppgjeret var betre enn å sende til lokal konvensjonell saftproduksjon, grunna betre kiloprisar hos Balholm.

2011: NILF vil få tala frå prøve-prosjektet med å sende økofrukt frå Hardanger til Sogn, for industrielle bearbeiding, og inkludera dei i sin rapport over økonomien i norsk fruktproduksjon. 2011

Plomme og ev. bringebær:

pakningar med lokk/tydeleg

merking av emballasje.

Eple: 4-pakk og 6-pakk ut til

butikkane. Bama er ansvarleg,

med skeptiske til å introdusera

for mange produkt/pakningar i

marknaden.

Enkeltmerke øko-eple med Ø-

merke og geografisk opphav

(region) når det brettpakkast

og skal leverast som skulefrukt

eller til hotell.

Framleis oppmuntra sending

av øko-frukt til Sogn frå

Hardanger.

Vurdera produkt utvikling og

nye avtakarar for 2. sortering

plomme, og bringebær som

ikkje når ut til konsum.

All produsert økologisk frukt og bær vert omsett som økologisk.

4. Produkt-differensiering av frukt og bær for å sikre omsetting av økologisk produsert råvare som økologisk.

Sjå pkt 3.1/2.1 og 3.1/2.2 når det gjeld eple, plomme og bringebær for 2010

-20% økø-frukt på alle skular og offentlege arbeidsplassar i 2025. -%-kravet inkludert i alle forhandling-savtalar om offentlege innkjøp.

Page 15: Føregangsfylke økologisk frukt og bær 09.03 · Informasjonssatsinga går over på nett og samkøyring av nettbasert informasjon om økologisk frukt og bær frå 2011 med LR. Behov

5. Kartlegge relevante opplysningar for å måle produksjon og omsetting av norsk produsert økologisk frukt og bær.

Mål 2010: Gode måletal for norsk prod. og seld økologisk frukt/bær i kg (tonn), med skilje på import og innanlandsproduksjon Resultat 2010: Innleiande samtalar saman med Føregangsfylke grønt og SLF 1. oktober, for å drøfte statistikksituasjonen innan frukt og grønt: Manglar volumtal for norskprodusert økologisk vare, ikkje satistikk over importert økologisk vs norsk økologisk på frukt-og grøntsida. Det finst i dag berre tal for dyrkarar og daa dyrkar, og ikkje eit startpunkt for Føregangsfylkeprosjekt på kor mykje som vert produsert i kg.

Mogleg løysing for å få betre tal for produksjon av volum norskprodusert øko-frukt og bær: moglegheit for å innføre ”øko-kolonne” for søknad om distrikts-og kvalitetstilskot, og dermed få betre volum-tal gjennom søknad om produksjonstilskot.

2011: Spleiselag med ”økologisk frukt i vekst”-prosjektet om å lage ein oversikt over volum produsert og kor produksjonen vert omsett, gjennom ein spørjeundersøking utført og samanfatta av NILF. Det vil gi volumtal for ”startskotet” for Føregangsfylke-prosjektet. Det vil samstundes gje ein peikepinn på kor varene som ikkje vert seld gjennom Bama-fruktlagra går, og kor stor den private omsetnaden er. Vidareføre dialog frå 2010 om betre øko-registreringar i søknad om prod. tilskot. Dette vil gje sikrare og årlege oppdateringar, utan å måtte gjere eigne innsamlingar som i NILF-prosjektet over.

Vera pådrivar for å sikre relevante tal i SLF-rapportar, slik at det vert mogleg å fylje utviklinga av produsert og omsett mengde av økologisk frukt og bær i Noreg.

6. Ynskjeleg å få ICA og Coop i tale om øko-satsing i desse kjedene og innleie samtalar med fruktlagra og dyrkarane sine

Mål 2010: Offisiell uttale frå ICA og Coop om norsk øko-fruktsatsing Resultat 2010: Under marknadsaktøranes økodag i september vart situasjonen for norsk økologisk fruktomsetnad i ICA-butikkane drøfta med øko-ansvarleg i ICA. Uformelle samtaler vart også gjort med fruktlagerstyrar på Lofthus, som er hovudleverandør til ICA Norge. Det vart ikkje sett konkrete mål i samtalane, då det ikkje ligg klare mål om satsing på økologisk frukt frå Noreg i ICA-systemet i dag.

2011: Ikkje press på ICA då dei ikkje har vist interesse for satsing i 2010.

ICA, BAMA, Coop og andre grossistar har norsk økologisk frukt og bær i sitt sortiment, gjennom heile den norske sesongen.

Page 16: Føregangsfylke økologisk frukt og bær 09.03 · Informasjonssatsinga går over på nett og samkøyring av nettbasert informasjon om økologisk frukt og bær frå 2011 med LR. Behov

Synleggjering av Føregangsfylke økologisk frukt og bær lokalt, nasjonalt og i media/nettstader:

Målsetnad for 2010: Prosjektleiar deltek og informerar på møter: 10 stk

Gjennomført 2010:

Bli-kjent-runde i begge fylka i veke 3 2010. Deltok/kort innlegg på årsmøtet til NBS Hardanger.

27. januar: Fagdag frukt og bær; smak, sensorikk, og emballasjeavgifter

29.-30. januar: Norske fruktdagar, Bø. Kort presentasjon, men ikkje ein del av programmet.

17.-19. februar: deltok på Biofach organisert av FMHO og møtte dei andre føregangsfylkene og OIKOS. Undersøkte ein del kring koparsaken i

Europa, produkt – og informasjonsstrategiar for frukt og bær.

Samarbeide med Foregangsfylke Grønt for å lage bestilling på bedre statistikk fra SLF og krav om økologisk andel i offentlig innkjøp. Møte 3. mai,

Oslo. Sendte saman med Føregangsfylka brev til Møtearenamøte 07.06.

Innlegg på Trapman-møte på Utne (skurv-strategiar) og eit bærmøte med Liv Lyngstad og nye dyrkarar i Øystese: 19.-21. april

Deltok på kompostkurset i mai og demonstrasjon av tynningsmaskin i Leikanger 18. mai.

Koparsaken: Deltok på planleggingsmøtee 30. april og 15. juni : Utredning presentert og ope høyringsmøte i Drammen.

Økoplan: samarbeidet med Liv Lyngstad om eit førsteutkast. Siste møtet 02.06. Har hatt to møter og samtaler med David i Debio. LR v Kjersti

Berge driv arbeidet med Økoplanen vidare.

Deltok på stand 6. september på Matvareaktøranes økodag i Oslo med stand og eple-og plommesmaksprøver.

7.-8. september: Regjeringas Økokonferranse.

Innlegg på kontaktmøte mellom Debio og LR 9.-10. november.

Stand på matfesten i Bergen 10.-12. september, siderfestivalen i Øystese 8. oktober, Matsteif Oslo med Føregangsfylkene/SLF 1.-2. oktober.

Deltok på kompostkurs i Drammen: Føregangsfylke Levande Matjord, 18.-20.oktober.

Innlegg på oppsummeringsmøta til Gartnarhallen i Sogndal og på Utne i november.

Deltok på arbeidsgruppemøte i økologisk frukt-og bærgruppa som Handlingsplanmidlane prioriterar: 6. desember.

To møter med dei andre foregangsfylkene i Oslo: 10. mars og eitt i slutten av mai.

Deltok på årsmøte i prosjektet ”Norsk økologisk frukt til forbrukar”, Eivind Vangdal.

Innlegg på kommunesamling i Sogn-og Fjordane, Loen, 2. november.

Page 17: Føregangsfylke økologisk frukt og bær 09.03 · Informasjonssatsinga går over på nett og samkøyring av nettbasert informasjon om økologisk frukt og bær frå 2011 med LR. Behov

Målsetnad 2010: Avis/media-oppslag og artiklar om eit utval tema: 4 totalt ; 3 produsentretta og 1 konsumentretta

Eit portrettoppslag med epledyrkar i Ulvik , Rolf Tore Djønne

Prøvde å få oppslag om øko-plommer i Hardanger, men lukkast ikkje.

Har skrive 3 artiklar på FMHO sine sider, 1 i Vestlandsk Landbruk, 1 i Frukt og bær, 1 i Økologisk Landbruk i august, 1

artikkel til Fylkesnytt hausten 2010.

Målsetnad 2010: Facebookgruppe/Twitter: konsumentretta inn mot den norske fruktsesongen : august-desember, etablert i august

Satsa ikkje på desse kanalane då det er eit utval butikkar som får norsk økologisk frukt i butikkane. Det er betre å satse på

dette i samband med ein større lansering av norsk økologisk frukt, slik at ein kan garantera at forbrukaren finn produkta i

butikken. Vurderer og å utvikle ein ”apps” for mobiltelefon saman med OIKOS, kor ein kan etterspørja øko-varer ein ikkje finn

i butikken.

Samarbeidspartnere (andre foregangsfylker, andre prosjekter, rådgivingstjeneste osv ):

Prosjektleiar har og funne god støtte og prosjektpartnarar i prosjektleiarane i dei andre føregangsfylka, OIKOS, Norsk Landbruksrådgjeving, SJH

og miljøa på Njøs Næringsutvikling og Bioforsk Ullensvang.

Samarbeidsparnarar: Føregangsfylke Oslo og Akershus og Østfold, Føregangsfylke Buskerud, Føregangsfylke Grønt/Vestfold, Norsk Landbruksrådgjeving: frukt-og bærrådgjevarane (Vereide, Sørum, Bøthun,

Zurbuchen i Sogn, Lyngstad, J. O. Nes, Bjotveit i Hardanger, G. Myren i Lier, T. Gislerud i Telemark, Tellevik -Hordaland, J.K. Henriksen- Agder), fagkoordinator i LR (Mogan), Øko-ansvarleg i LR (K. Berge), OIKOS

(Holten, Alnes, festivalkontaktane, Andestad), Bama (E. Lundby, Toledo Sand, Dagestad), Norsk Økologisk frukt til forbrukar (Eivind Vangdal, Bioforsk), Økologisk frukt i vekst (Bøthun), Bondelaget Hardanger/Sogn,

NBS Hardanger, Bioforsk (Vangdal, M. Meland, Serikstad, Stensvand, Nes, A. Døving, Trandem, Kobro ), Njøs/Graminor (D. Røen, Hjeltnes, Hatleli), SJH (AK. Hatling, Fritsvold, Mead, Tyssen, Dalsryd), SLF-

økologiansvarlege, Debio (Nilssen, Bjørn-Larsen, Woodland), Mattilsynet Ås. Dyrkarar i Sogn og Fjordane og Hordaland, NILF (Milford, Haukås), ”Rettleiing og utvikling innan dyrking av økologisk jordbær og

bringebær” (Døving/Serikstad), Fruklagra på Vestlandet (Hammervoll, Lyngholm, Bøtun, Målsnes). Kunne sikkert nemd mange fleire…

Page 18: Føregangsfylke økologisk frukt og bær 09.03 · Informasjonssatsinga går over på nett og samkøyring av nettbasert informasjon om økologisk frukt og bær frå 2011 med LR. Behov

Kort om samarbeidsform (i referansegrupper, på arrangementer, osv.):

Godt samarbeid mellom dei to Føregangsfylka Hordaland og Sogn-og Fjordane, som samarbeider om frukt og bær. Engasjerte diskusjonar på

møtene og konstruktive tilbakemeldingar til prosjektleiar.

5 styringsgruppemøter i 2010. Medlemmane av styringsgruppa er: Åse Vaag (FMHO, leiar), Torbjørn Takle (FMSF), Jan Ove Nes (LR), Lars J. Naa

(GH), Jon Asbjørn Målsnes (Bondelaget Sogn), Ragnhild Sand Toledo erstatta av Øyvind Dagestad etter 3 møter (BAMA), Frøydis Lindén

(prosjektleiar)

Erfaringer med organiseringen av arbeidet i 2010:

Arbeid med forbrukar og marknad er viktig men krev mykje tid og lang erfaring for å lukkast. Vanskeleg å finne riktige strategiar, men lærerikt å

stå på stand på matfestivalar for å kunne skjøne kva for argument ein kan bruke i informasjonsarbeid.

Styringsgruppa er heilt nødvendig for å kunne forankre arbeidet saman med andre organisasjonar. Medlemmane har god fagleg bakgrunn ,

men få med erfaring frå marknaden. Dette vart sakna då det vart tydeleg gjennom prosjektåret at ein må fokusere like mykje på marknad som

på produksjon også dei to fyrste åra i prosjektet.

Det er framleis underdekning av norsk økologisk frukt og bær så det er viktig å få opp norsk produksjon for å hindre at importvarer overtek den

norske øko-marknaden. Samstundes er det vanskeleg å oppmuntra dyrkarane til vidare omlegging når generelle signalar om at forbrukarane

ikkje vil ha økologisk, kjem ut i media, som det gjorde vinteren 2010. Grossistane signaliserar at dei vil ha meir frukt (lagringsdyktig) og ikkje

bær(ferskvare).

Samarbeidspartnarane har ofte for mykje arbeid og ikkje alltid like lett å finne tid til eit føregangsfylke-prosjekt i tillegg. Det vart spurd etter ein

enklare måte å organisere aktivitetane i Føregangsfylke, enn å støtte prosjekt gjennom prosjektsøknadar. 2011 blir difor basert på at

føregangsfylke tek initiativ til å gjennomføre prosjekt, samstundes som det oppmodast til å kontakte Føregangsfylke-prosjektet for å

samarbeide om å gjennomføre prosjekt.