24

BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare
Page 2: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

Med ei historie som strekkjer seg attende til 1972, kan Bømlo vidaregåande skule i dag tilby fem allsidige studieførebuande og yrkesfaglege studieretningar, med gode valmoglegheiter i mange fag. Kombinasjonen av dette mangfaldige og gode utdanningstilbodet, og det flotte miljøet som elevar og lærarar skaper i fellesskap, har gjort oss til ein populær skule for ungdomar frå Bømlo og resten av Sunnhordland.

Utdannar du deg hos oss, gjev du deg sjølv mange moglegheiter. Er du usikker på kva du kan tenkja deg å jobba med, gir studie-spesialisering deg kunnskapen og modninga du treng på veg mot høgare studiar. Har du allereie sikta deg inn mot ei yrkesretning, legg du grunnlaget for fagbrev hos oss med ein av våre yrkesfaglege studieretningar. Og med høve til å få studiekompetanse gjennom eit påbyggingsår, ligg moglegheitene til høgare utdanning framleis vidopne også etter fagbrevet!

Visjonen vår er at Bømlo vidaregåande skal vera ein skule for læring, meistring og utvikling i samspel med andre. Det lukkast me med gjennom dyktige tilsette som engasjerer seg i kvar einskild elev, eit godt elevmiljø, og ikkje minst undervisningsopplegg og skulebygg som i stor grad legg opp til sosialt samspel.

Hjarteleg velkomen til Bømlo vidaregåande skule!

Asbjørn MælandRektor

VELKOMEN TIL BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE!

2

Page 3: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

OM SKULEN OG DINE VAL ......................................................................... 2

Velkomen til Bømlo vidaregåande skule ..................................................................... 2Studiekompetanse eller yrkesutdanning? .................................................................. 5

UTDANNINGSPROGRAM/STUDIERETNINGAR ....................................... 6

Studiespesialisering ............................................................................................................. 6Helse- og oppverkstfag ...................................................................................................... 8Service og samferdsel ..................................................................................................... 10Påbygg til generell studiekompetanse ...................................................................... 12

ANNA OM STUDIERETING ....................................................................... 14

Programfag ........................................................................................................................... 15Utanlandstur og internasjonalisering ......................................................................... 16

TIDLEGARE ELEVAR VED BØMLO VGS .................................................. 18

FASILITETAR OG TILBOD ......................................................................... 22

INNHALD

3

Page 4: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

4

Page 5: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

Studieførebuande utdanningsprogram:Skuletida er tre år, og faga er i hovudsak teoretisk retta. Du bør kunna arbeida sjølvstendig med oppgåver som krev mykje lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare studiar på høgskular og universitet. For å oppnå dette på Bømlo vgs har du tre valmoglegheiter: Studiespesialisering, Helse- og oppvekstfag og Service og samferdsel, der dei to sistnemde er med påbygg til generell studiekompetanse tredje året.

Yrkesfaglege utdanningsprogram:Skuletida er to år og deretter er det to års læretid for å ta fagbrev. Skuletida består av ein kombinasjon av fellesfag, programfag og faget prosjekt til fordjuping. I programfaga har elevar opplæring innan fleire yrke. I prosjekt til fordjuping har elevane praksis i ei eller fleire bedrifter. Etter endt fagutdanning kan du i nokre fag gå vidare og ta fagskuleutdanning.

Etter to år på eit yrkesfagleg utdannings-program kan elevar ta påbygging tilgenerell studiekompetanse. Også elevarsom har tatt fagutdanning, med to år iskule og to år i bedrift, har rett til å tapåbygging til generell studiekompetanse.Dette gir elevar moglegheit til å velja vidarestudiar på høgskular og universitet.Enkelte utdanningsprogram har treårigeløp på skule som gir yrkeskompetanse.

STUDIEKOMPETANSEELLER YRKESUTDANNING?

5

Page 6: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

STUDIESPESIALISERING

Ønskjer du å studera ved universitet eller høgskule? Då kan studiespesialisering vera rette valet for deg. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velja fag som gir spesiell studiekompetanse – for opptak på høgare studium med krav om dette.

Kva kan du bli? Det meste! Eit utal yrke ligg opne etter høgskule- og universitetsstudium, mellom anna lækjar, sjukepleiar, advokat, arkeolog, lærar, ingeniør, leiar, økonom, sosionom, aksjemeklar, journalist, politi, skipsdesignar og veterinær. Kvifor velja studiespesialisering?Om du har bestemt deg for høgare studium, eller ikkje har blinka deg ut ei yrkesretning enno og vil halda flest moglegheiter opne, er studiespesialisering eit godt val for deg. Her sikrar du deg først og fremst kompetansen og modninga du treng for å studera vidare. Kanskje gjer dei tre åra det også meir tydeleg for deg kva du kan tenkja deg å jobba med i framtida?

Me tilbyr:• Vg1 Studiespesialisering

• Vg2 Studiespesialisering – Realfag

• Vg2 Studiespesialisering – Språk, samfunnsfag og økonomi

• Vg3 Studiespesialisering – Realfag

• Vg3 Studiespesialisering – Språk, samfunnsfag og økonomi

• spennande og «praktiske» programfag, til dømes Entreprenørskap & bedriftsutvikling, Kunst & visuelle verkemiddel og IT.

• utanlandstur

Vegen vidareMed studiekompetanse kan du søka opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du òg informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studia. Usikker på kva høgare studium du kan tenkja deg å ta? På utdanning.no får du gode tips.

Kontakt: Er det noko du ønskjer å spørja om,er du velkomen til å ta kontakt medavdelingsleiar for studiespesialisering,Rebecca Hildebrandt-Paulin. 57 30 75 14/00 [email protected]

ST

UD

IER

ET

NIN

G

6

Page 7: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

7

Page 8: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

HELSE- OG OPPVEKSTFAG

Ønskjer du å jobba med folk, og vil yta omsorg og hjelp til menneske i alle aldrar? Då kan Helse- og oppvekstfag vera rette valet for deg. Denne yrkesfaglege utdanninga kan føra fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel.

Kva kan du bli? Tar du helse- og oppvekstfag kan du velja mellom mange yrke og arbeidsplassar innan helse- og oppvekstsektorane, både i private og offentlege verksemder. Ambulansesjåfør, apotekteknikar, barne- og ungdomsarbeidar, hudpleiar, helsefagarbeidar og tannhelsesekretær er nokre av yrka som opnar seg.

Kvifor velje helse- og oppvekstfag?Her får du utløp for omsorgsgenet ditt! Med denne utdanninga kan du jobba med alt frå barn til pensjonistar med ulike hjelpebehov, og får både varierte og givande arbeidsdagar.

Me tilbyr:• Vg1 Helse- og oppvekstfag (HO)

• Vg2 Barne- og ungdomsarbeidar

• Vg2 Helsefagarbeidar

• yrkespraksis ein dag i veka

• tett samarbeid med offentlege og private verksemder

• utanlandstur

Vegen vidare:Etter to år på skule kan du søka læreplass i godkjende lærebedrifter og få deg fagbrev i eitt av helse- og oppvekstyrka. Det gir deg ei god fagutdanning som opnar døra til mange engasjerande og interessante jobbar. Ønskjer du å studera vidare på høgskule eller universitet, kan du også ta påbygging til generell studiekompetanse. Dette ekstra skuleåret kan du anten gi deg i kast med rett etter dei to åra på helse- og oppvekstfag, eller etter at du har teke fagbrev.

Kontakt: Er det noko du ønskjer å spørja om,er du velkomen til å ta kontakt medavdelingsleiar for yrkesfag,Wencke Nordbø Størksen. 57 30 75 13 [email protected]

ST

UD

IER

ET

NIN

G

8

Page 9: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

9

Page 10: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

SERVICE OG SAMFERDSEL

Serviceinnstilt og likar å hjelpa folk? Alltid ønskt å jobba med sal? Eller bur det kanskje ein gründer i deg? Då kan Service og samferdsel vera rett val for deg. Bømlo vidaregåande er einaste skulen i vestre Sunnhordland som tilbyr Service og samferdsel. Den yrkesfaglege utdanning kan føra fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel.

Kva kan du bli? Moglegheitene er mange i både offentleg og privat sektor, til dømes IKT-servicemedarbeidar, kontor- og administrasjonsmedarbeidar, logistikkoperatør, reiselivsmedarbeidar, resepsjonist, salsmedarbeidar, vektar og yrkessjåfør.

Kvifor velja service og samferdsel?Er du glad i å yta service, anten det er kundar, samarbeidspartnarar eller kollegaer? Gira på å lukkast med sal av produkt eller tenester? Eller går du med tankar om å etablera di eiga bedrift ein gong? Service og samferdsel gir deg verdifull kunnskap, erfaring og ein god start på ferda inn i servicenæringane.

Me tilbyr:• Vg1 Service og samferdsel

• Vg2 Salg, service og sikkerhet

• praksisveker ute i bedrift både haust- og vårsemesteret

• tett og godt samarbeid med private og offentlege verksemder

• utanlandstur

Vegen vidareEtter to år på skule kan du halda fram som lærling i bedrift eller offentleg verksemd i to år, og så ta fagbrev i eitt av dei mange sals-, service og samferdslefaga. Då har du sikra deg ei solid fagutdanning og eit godt grunnlag for mange spennande jobbar. Ønskjer du å studera vidare på høgskule eller universitet, kan du ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kontakt: Er det noko du ønskjer å spørja om,er du velkomen til å ta kontakt medavdelingsleiar for yrkesfag,Wencke Nordbø Størksen. 57 30 75 13 [email protected]

ST

UD

IER

ET

NIN

G

10

Page 11: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

11

Page 12: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse, både før og etter læretida! Som namnet tilseier fører utdanninga fram til generell studiekompetanse. Eit 4. år krevst for å få spesiell studiekompetanse – som er eit kriterium for å koma inn på visse høgare studium.

PÅBYGGING TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE

Kva kan du bli? På same måte som Studiespesialisering, kvalifiserer Påbygging til generell studiekompetanse deg til å søkja opptak på universitet og høgskular. Med høgare utdanning opnar det seg endå fleire moglegheiter til spennande yrkesval, som til dømes lærar, jurist, sjukepleiar, barnevernspedagog, havforskar, interiørarkitekt, politi, journalist, økonom. Kvifor velja Påbygging til generell studiekompetanse?Har du ei fagutdanning, men går med tankar om å ta høgare studium – anten no eller seinare i livet? Då treng du studiekompetanse for å kunna søkja høgskular og universitet. Denne studiekompetansen sikrar du deg med påbyggingsåret.

Me tilbyr:• Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse.• ein hektisk, aktiv og interessant skulekvardag• spennande valfrie programfag, til dømes Entreprenørskap & bedriftsutvikling, Kunst & visuelle verkemiddel, informasjonsteknologi og internasjonal engelsk

Vegen vidare:Etter påbyggingsåret kan du søkja opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom Samordna opptak. Her får du òg informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studia. På utdanning.no finn du gode tips om dei mange yrka du har å velja i – og kva du må studera for å koma i mål.

Kontakt: Er det noko du ønskjer å spørja om,er du velkomen til å ta kontakt medavdelingsleiar for studiespesialisering:Rebecca Hildebrandt-Paulin. 57 30 75 14/00 [email protected]

ST

UD

IER

ET

NIN

G

12

Page 13: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

13

Page 14: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

14

Page 15: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

Som elev på studiespesialisering Vg2 og Vg3, anten du fordjupar deg i realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi, vil du ha eit knippe faste fag som du må igjennom. To av desse er såkalla programfag, som du har over to år.

Samstundes har du ein viss grad av valfridom til å skreddarsy eit utdanningsløp som passar deg og dine interesser, gjennom det me valfrie programfag. Både på Vg2 og Vg3 kan du nemleg fritt velja eit programfag blant alle programfaga skulen tilbyr – uavhengig av kva programområde dette faget høyrer til. Det betyr til dømes at realfagselevar kan setja både elevbedrift, språkfag og kunstfag på timeplanen, og at språkelevar kan krydra vekene sine med IKT, kunst eller eitt av realfaga.

PÅ BØMLO VIDAREGÅANDE TILBYR ME FØLGJANDE PROGRAMFAG:

Programområde for realfag:• Matematikk R1 og R2• Fysikk 1 og Fysikk 2• Kjemi 1 og Kjemi 2• Biologi 1 og Biologi 2• Informasjonsteknologi 1 og informasjonsteknologi 2

Programområde for språk, samfunnsfag og økonomi:• Internasjonal engelsk og samfunnsfaglig engelsk• Kommunikasjon og Kultur 1 og Kommunikasjon og Kultur 3• Sosialkunnskap og Sosiologi & sosialantropologi• Bedriftsutvikling og entreprenørskap 1 og Bedriftsutvikling og entreprenørskap 2 (elevbedrift)

Programområde for studiespesialisering med formgivingsfag*:• Kunst og visuelle uttrykk 1

* Skulen tilbyr berre programfaget Kunst og visuelle uttrykk 1, ikkje heile programområdet for studiespesialisering med formgivingsfag.

SETT DITT PREG PÅ STUDIESPESIALISERINGA

15

Page 16: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

UtanlandsturPå Bømlo vidaregåande skule får alle elevar tilbod om ein tur til utlandet i løpet av utdanningsprogrammet.

Tek du studiespesialisering, kan du dra på fem dagars språkreise i haustsemesteret på Vg2. Turen går då til Berlin om du har tysk som eitt av dei felles programfaga, og til Malaga om du har spansk. Vel framme, brukar me halve dagen på språkskule – før resten av dagen går med til aktivitetar knytt til kulturen og historia i byen og landet me er i.

Ei spennande studiereise ventar også deg som tek yrkesfag hos oss. Dei siste åra har Malta vore destinasjon for Service og samferdsel, medan Helse- og oppvekstfag har reist til London. Me jobbar no med å finna andre reisemål for yrkesfagelevane. Kor turen går, veit me ikkje i skrivande stund, men tur blir det!

InternasjonaliseringGira på eit år i utlandet som del av den vidaregåande utdanninga di? Alle våre elever kan velja å ta eit utanlandsår. I seinare tid har i snitt tre til fem elevar i året valt å realisera denne draumen i alt frå Spania til USA, Storbritannia, Den Dominikanske Rep, Canada, og Nederland.

Du kan velja å reisa med ein utvekslingsorganisasjon, slik dei fleste gjer, men det er også mogleg å søkja eit utvekslingsår i regi av Hordaland fylkeskommune, til dømes i Wales, Tyskland og USA.

Nysgjerrig på moglegheiter og utfordringar knytt til det å vera utvekslingselev? Ta kontakt med Rebecca Hildebrandt-Paulin. 57 30 75 14/00 [email protected]

UTANLANDSTUR OG INTERNASJONALISERING

16

Page 17: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

17

Page 18: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

TIDLEGARE ELEVAR VED BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE

«Dei to åra på Bømlo vidaregåande var utruleg kjekke. Skulen er ikkje for stor, og eg opplevde at dei flinke lærarane hadde betre tid til tett og god oppfølging av kvar enkelt enn det eg var van med frå ein stor ungdomsskule. I tillegg var miljøet på skulen supert, og er eg veldig nøgd med den lærerike og gode erfaringa eg fekk frå to elevbedrifter – som var ein sentral og integrert del av undervisninga begge skuleåra.»

For Marie var satsinga på Service og samferdsel ein impuls like før søknadsfristen gjekk ut, men på skulebenken på Bømlo vart ho verkeleg trygg på at det er sal og service ho vil jobba med. I dag blømer ho i rolla som kontorlærling i Wärtsilä, med fagbrevet nært føreståande. Og skulle ho få lyst å studera vidare, er studiekompetansen allereie sikra med eitt år påbygging.

Marie Langeland Elev på Bømlo vidaregåande:

2011-2013 (Service og samferdsel) Bur på Stord Jobbar som kontorlærling i Wärtsilä

18

Page 19: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

«Dei tre åra med studiespesialisering og realfag på Bømlo vidaregåande var dei beste åra i livet mitt, så langt. Det sosiale miljøet var fantastisk. Me knytte venskapsband og hadde veldig gode dagar – både i og utanom undervisninga. Lærarane var folk eg såg opp til og respekterte, for dei var både kunnskapsrike, inspirerande og dyktige til å formidla. I tillegg til den faglege tyngda deira, var lærarane også gode menneskekjennarar, som på ein fin og subtil måte hjelpte oss ungdomane med å finna ei retning i livet.»

Geir sin teft for naturfag viste seg i ung alder, så eit løp med studiespesialisering og høgare utdanning var tidleg meisla ut. Planen vart følgd, og etter mellomfag i matematikk og doktorgrad i fysikk er jobben hans i dag å forska på og undervisa nye generasjonar i oljerelatert fysikk på Universitetet i Bergen.

Geir Ersland Elev på Bømlo vidaregåande: 1994-1997 (Studiespesialisering) Bur på Bømlo Jobbar som Førsteamenuensis på institutt for fysikk og teknologi, UiB.

«Bømlo vidaregåande er ein flott skule, med skikkelege fasilitetar både for undervisning og sosiale aktivitetar. Her vart eg undervist av inspirerande, dyktige og trivelege lærarar, som ofte let oss få prøva oss på praktiske oppgåver. Gjennom praksisperiodane ute i arbeidslivet fekk eg ikkje berre viktig øving i faget. Eg vart også sikker på at det er helse og omsorg eg vil jobba med, og praksisen gav dessutan flotte høve til å presentera seg for potensielle arbeidsgjevarar.»

Therese trudde helse- og omsorgsfag kunne vera vegen å gå etter ungdomsskulen. Etter å ha sikra seg fagbrev som helsefagarbeidar, har ho funne si hylle i livet – med givande arbeidsdagar der ho får hjelpa andre.

Therese Røksund Elev på Bømlo vidaregåande: 2010-2012 (Helse- og oppvekstfag) Bur på Bømlo Jobbar som Helsefagarbeidar i Bømlo kommune

19

Page 20: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

«Tida på Bømlo vidaregåande gav meg kunnskapen og modninga eg trengte til vidare studiar. Her hadde eg tre fine år, prega av trivelege og dyktige lærarar og eit flott miljø – både i klasserommet og elles på skulen. At eg dessutan kunne bu heime, var nok prikken over i-en for meg.»

På ungdomsskulen var Elisabeth usikker på kva yrke ho kunne tenkja seg. Tankane krinsa rundt både sjukepleiar og elektroingeniør. Det einaste ho visste sikkert, var at ho ville studera på høgskule eller universitet. Studiespesialisering gav ho grunnlaget og valmoglegheitene. Etter fleire års studiar og jobb som sjukepleiar, er Elisabeth i 2017 ferdig med jordmorstudiet og klar til å ta imot nye verdsborgarar.

Elisabeth Sortland Elev på Bømlo vidaregåande: 2005-2008 (Studiespesialisering) Bur på Bømlo Jobbar som Sjukepleiar/jordmorstudent

«Eg likte meg veldig godt blant gamle og nye vener på Bømlo vidaregåande. To år på omsorg- og oppvekstfag gav meg kunnskap, modning og auka sjølvtillit, noko som betydde mykje då eg gjekk i gang med læretida. Lærarane var flinke og motiverande, og eg blei til dømes svært interessert i norsk – eit fag eg ikkje likte noko særleg på ungdomsskulen. Frå meg får skulen dessutan eit ekstra pluss for dei flotte kroppsøvingsfasilitetane i og rundt Bømlohallen.»

Sånn passe skulelei, utan dei heilt store planane, var det litt tilfeldig at Martin valde helse- og oppvekstfag. Han visste at han ville gå på «nærskulen» Bømlo vgs. og at han likte å hjelpa folk. Men eigentleg hadde han tenkt at studiespesialisering var det tryggaste valet for han. Så tok han sjansen og satsa på ei fagutdanning som barne- og ungdomsarbeidar. Det er han glad for i dag. No ønskjer han å jobba nokre år etter fagbrevet, helst i skuleverket, før han eventuelt fyller på med meir utdanning.

Martin Bø Hallaråker Elev på Bømlo vgs: 2012-2014 (Helse- og oppvekstfag) Bur på Bømlo Lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget

TIDLEGARE ELEVAR VED BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE

20

Page 21: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

«Bømlo vidaregåande er ein kjekk skule, med flotte fasilitetar, gode lærarar og topp miljø. På påbygging er det mykje pensum som skal lærast på kort tid, men lærarane er hjelpsame og dyktige pedagogar, og viser stor forståing for dei ulike utgangspunkta og behova me elevar har. Skulen har også vore svært hjelpsam med å leggja til rette eit opplegg som gjer at eg kan følgja undervisninga to dagar i veka og jobba resten.»

Etter to år på Service og samferdsel og fagbrev i kontoradministrasjon, stortrivst Tina som kunde- og turistvert på rådhuset i Bømlo. Ho valde likevel å investera i eit påbyggingsår, for å sikra seg studiekompetanse og endå fleire moglegheiter seinare i livet.

Tina Aga Elev på Bømlo vidaregåande:

2007-2009 (Service og samferdsel) Bur på Bømlo Jobbar som Kundevert/turistvert i

Bømlo kommune

21

Page 22: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

FASILITETAR OG TILBOD

BømlohallenBømlo vidaregåande brukar Bømlohallen til kroppsøving og andre større arrangement. Sentralidrettsanlegget inneheld mellom anna stor innandørshall, gode garderobar, fleire fotballbanar og moderne friidrettsanlegg med seks løpebanar.

FuglabergetFulgaberget er sjølve storstova vår. I dette luftige amfiet har me plass til heile skulen samtidig, og Fuglaberget er dermed ein naturleg arena for fellesaktivitetar som konsertar, føredrag og andre sosiale arrangement. I kombinasjon med den tilhøyrande kantina er dette også den mest populære møteplassen for sosialt samvær på skulen vår.

KantinaI kantina ved Fuglaberget kan du gi kroppen påfyll. Her finn du mellom anna salatbar, påsmurte rundstykke og baguettar, yoghurt, frukt og litt snop. Kantinepersonellet byr også på ein til to varmrettar i løpet av veka, med fredagsgraut som fast innslag! Opningstid for kantina er ca 09 til ca 1230.

Parkering og bussBåde lærarar og elevar har parkerings-plassar med god kapasitet like utanfor hovudinngangen. Avhengig av buss? Ingen problem! Bussane slepp deg av og plukkar deg opp like attmed skulen.

BiblioteketPå skulebiblioteket kan du låna både lærebøker og andre type bøker, og her finn du også ei rekke ulike tidsskrift og fagblad. På jakt etter ein stille stad der du kan sitja og jobba i fred? Då er biblioteket rette plassen! Biblioteket er plassert inst i A-fløyen i første etasje, og er ope kvar skuledag frå morgon til kveld.

SkulehelsetenestaSkulehelsetenesta er til vanleg å treffa kvar onsdag i 3. etasje, like ved personalrommet, frå 08.00 til 12.00. Elevane våre kan òg nytta seg av Bømlo kommune sin helsestasjon for ungdom.

RådgjevingHos dei dyktige rådgjevarane våre får du personleg rettleiing som kan bidra til å gjera skulegangen enklare. Dei kan mellom anna hjelpa deg med:• Kor du skal utdanna deg• Kva du skal utdanna deg i• Informasjon om tilbod og krav frå skular• Korleis du kan studera utanlands• Korleis du kan skriva ein søknad• Tilrettelegging om kvardagen er tung

22

Page 23: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

23

Page 24: BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE! - Hordaland · Service og samferdsel ... lesing, skriving og rekning. Med eit vitnemål etter tre år, får du studiekompetanse som grunnlag for vidare

bov.hfk.no [email protected] 57 30 75 00