2
Galleriet 2018 Hillestad Galleri opna i 1985. Sidan den gong har mange av dei mest kjente kunstnarane i landet hatt separatutstilling her. Kvart år blir galleriet besøkt av ca 15 000 menneske. På dette spennande galleriet, med eit særmerkt, heilnorsk preg, kan ein nyte og kjøpe vakker kunst og handverk. Vi har godt utval av grafikk fra kjente kunstnarar. Heile sortementet av Hillestad-smykke er utstilt og til sals her. I Kramløa i underetasjen fører vi blant anna produkt frå Broste Copenhagen og Ekelund. I Gallerikafeen kan du mellom anna kjøpe den gode heimelaga kringla. Selskap kan vi også arrangere, frå bedriftsmøter til bryllup. Overnatting ordner vi på feriesenteret i flotte hytter med eige svømmebasseng. Kunststi og installasjonar Ved galleriet kan du ta deg ein tur i kunststien. Både tett ved galleriet og i dei nære omgivnadane er det små og store kunstverk installert ute i naturen. Leikepark og turstiar Utanfor galleriet er leikeparken for barn i alle aldrar. Her er nifse rutsjebanar, naturløype og bålplassar som alle kan bruke. Fiskeplassar langsmed elva. Det er 20 tilrettelagte sommerturløyper i Åmli kommune og seks av desse har utgangspunkt i Tovdal. Det er utleigehytter både nede i dalen og på Hillestadheia. På vinteren er det flotte oppkøyrde skiløyper bare få kilometer frå Galleriet. Tovdal og Åmli er dermed ein ypperleg stad for å kombinere kunst, kultur og natur. 5. mai – 29. juni onsdag til fredag 11-16 laurdag og søndag 12-17 mandag og tirsdag stengt 17. mai stengt 30. juni – 19. august mandag til fredag 11-17 laurdag og søndag 10-18 20. august – 5. november onsdag til fredag 11-16 laurdag og søndag 12-17 mandag og tirsdag stengt 6. november – 23. desember onsdag til søndag 12-16 mandag og tirsdag stengt Ring gjerne for avtale (både store og små grupper) ved besøk utanom opningsdagane. For meir informasjon og opningstider, sjå www.hillestad.no Hillestad Galleri Hillestad 200 Tovdal N-4869 Dølemo T +47 37 08 10 20 [email protected] Hillestad smykker Hillestad galleri Hillestadheia Hillestad feriesenter

Hillestadhillestad.no › media › 1338 › galleriprogram-2018.pdfGalleriet 2018 Hillestad Galleri opna i 1985.Sidan den gong har mange av dei mest kjente kunstnarane i landet hatt

  • Upload
    others

  • View
    5

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Hillestadhillestad.no › media › 1338 › galleriprogram-2018.pdfGalleriet 2018 Hillestad Galleri opna i 1985.Sidan den gong har mange av dei mest kjente kunstnarane i landet hatt

Galleriet 2018

Hillestad Galleri opna i 1985. Sidan den gong har mange av dei mest kjente kunstnarane i landet hatt separatutstilling her. Kvart år blir galleriet besøkt av ca 15 000 menneske. Pådette spennande galleriet, med eit særmerkt, heilnorsk preg, kan ein nyte og kjøpe vakkerkunst og handverk. Vi har godt utval av grafikk fra kjente kunstnarar. Heile sortementet av Hillestad-smykke er utstilt og til sals her. I Kramløa i underetasjen fører vi blant anna produktfrå Broste Copenhagen og Ekelund.I Gallerikafeen kan du mellom anna kjøpe den gode heimelaga kringla. Selskap kan vi også arrangere, frå bedriftsmøter til bryllup. Overnatting ordner vi på feriesenteret i flotte hytter med eige svømmebasseng.

Kunststi og installasjonarVed galleriet kan du ta deg ein tur i kunststien. Både tett ved galleriet og i dei nære omgivnadane er det små og store kunstverk installert ute i naturen.

Leikepark og turstiarUtanfor galleriet er leikeparken for barn i alle aldrar. Her er nifse rutsjebanar, naturløype ogbålplassar som alle kan bruke. Fiskeplassar langsmed elva.Det er 20 tilrettelagte sommerturløyper i Åmli kommune og seks av desse har utgangspunkt i Tovdal. Det er utleigehytter både nede i dalen og på Hillestadheia. På vinteren er det flotteoppkøyrde skiløyper bare få kilometer frå Galleriet. Tovdal og Åmli er dermed ein ypperlegstad for å kombinere kunst, kultur og natur.

5. mai – 29. junionsdag til fredag 11-16laurdag og søndag 12-17mandag og tirsdag stengt17. mai stengt

30. juni – 19. augustmandag til fredag 11-17laurdag og søndag 10-18

20. august – 5. novemberonsdag til fredag 11-16laurdag og søndag 12-17mandag og tirsdag stengt

6. november – 23. desemberonsdag til søndag 12-16mandag og tirsdag stengt

Ring gjerne for avtale (både store og små grupper)ved besøk utanom opningsdagane.For meir informasjon og opningstider, sjå www.hillestad.no

Hillestad GalleriHillestad 200TovdalN-4869 DølemoT +47 37 08 10 [email protected]

Hillestad smykkerHillestad galleriHillestadheiaHillestad feriesenter

Page 2: Hillestadhillestad.no › media › 1338 › galleriprogram-2018.pdfGalleriet 2018 Hillestad Galleri opna i 1985.Sidan den gong har mange av dei mest kjente kunstnarane i landet hatt

HillestadGalleri2018

vårutstilling frå 5. mai

ELLEN EDMINSONbilete (øverst)

Ellen Edminson er grafikermed djuptrykk som spesiali-teten si. Etter avslutta utdan-ning ved University of Wolver-hampton, UK, var hun tilknyttNorske Grafikeres Verksted,Oslo. Nå arbeider ho medeigne etsingar hos Estudi deGravit Ignasi Aguirre Ruiz iBarcelona. I tillegg arbeiderEdminson hos Trafo kunst-produksjon i Asker.www.edminson.no

sommerutstilling frå 30. juni

ANJA CECILIE SOLVIKbilete (nederst)

Anja Cecilie Solvik bur i Oslo.Hennar første utstilling var i1999 og sidan den gong harhun hatt mange utstillingar ogoppdrag i både inn og utland.Utdanninga si har ho frå este-tiske fag ved høgskolen i Oslo.Asker kunstfagskole og ei langlæretid hos mester Jan A. Kolstad. Hun er mest kjent forsine grafiske trykk der motivetofte er fugler.www.anjasolvik.no

ORION RICHARD bileteOrion Righard er svensk kunstnar som ernær knytt til Norge. I mange av Righards bilete møter vi ein sart konge med kronepå hovudet, som ser litt molefonken ut.Kombinasjonen tekst og teikning/maleri gir bileta ein filosofisk karakter som girgrunn til ettertanke.

INGRID FORFANG bileteIngrid Forfang er ein norsk kunstnar somhar vore busett i utlandet sidan 1992. Kunsten hennar skildrar som regel eigneopplevingar som ei slags dagbok, oftast i malt form, men også gjennom teikning,grafiske teknikkar eller installasjonar. Forfang og Righard har arbeidd med kunst saman og kvar for seg sidan 1992.www.askart.se

LIVIO VIGGO LILLI keramikkLivio Viggo Lilli er frisøren somblei keramikar. Studerte form-giving og produktutvikling med fordjuping i keramikk på Høgskolen i Akershus.

Etter vidare studiar i Frankrike starta han saman med KjerstiOlsen eige verkstad i Bergen i 1999, der dei framleis bur. Har delteke på utstillingar ma. i Sveits, Frankrike, Australia,Nederland, Slovenia og Norge. http://liviolilli.no

INGELIN HAUGLANDbilete

Ingelin Haugland kjem fråHisøy, Arendal. Ho har ut-danning frå Statens Hånd-verks- og Kunstindustri skole,Oslo – og statens lærarskule i forming, Notodden.Haugland har jobba som lærar bl.a. i vidaregåandeskule og undervist i medie- og kommunikasjonsfag ogkunstfag. Som kunstform driv ho med maleri, teikning og digitale bilete. Haugland har hatt fleire separatutstillingar, biletehennar har og vore stilt ut vedei rekkje kollektivutstillingar.www.ingelinhaugland.com

SCOTT AANBYbilete

Scott Aanby er pensjonertlektor frå vidaregåande skule. Han er sjølvlært somkunstnar og er medlem iNBK. Aanby har hatt fleire separatutstillingar, og har ma. stilt ut ved Kunst-senteret Agder, KORO, og har vore representert ved Sørlandsutstillinga fleire gonger. Han bur midt i skogen i Åmli, og innlandsnaturenmed mørk gran- og furu-skog gir inspirasjon til måleria og fargetresnittahans, der lys og mørke ogvekslande årstider er viktig.

haustutstilling frå 8. september

LARS LØKENbilete

Lars Løken (f. 1965) er oppvaksen i Vennesla, men bur og arbeider i dag i Moss. Løken har bakgrunnfrå musikkens verden, menhar sidan byrjinga av 2000-tallet arbeidd fulltid somkunstnar.”– Da jeg bestemte meg forat det var billedkunst jegville satse på og begyntepå kunstskolen, fant jeg utat de to kunstformene harmye av det samme språketi seg. De er bygget opp på samme måte, med samklanger og linjer.” www.larsloken.no

MARITA GRIMSØ CAPPELEN bilete

Marita Grimsø Cappelenhar utdanninga si fråHochschule für Musik und dartstellende Kunst,Wien, The School of the Art Institute of Chicago, i tillegg til kunsthistorie og webdesign. Arbeider i hovudsak med maleri, oger medlem av ma. Samiskekunstneres forbund, NBK(Norske billedkunstnere)og NIL (Norske interiør-arkitekters og møbel-designeres landsforening). Har hatt mange utstillingar i inn og utland. GrimsøCappelen bur og arbeider i Kristiansand

JEANNIE OZONHØYDAL bilete

Jeannie Ozon Høydal er født Canada, bur og arbeider i Kristiansand. Utdanna frå NSCAD Univer-sity i Canada. Ho arbeiderhovudsakleg med maleri,grafikk og skulptur i sitt atelier på Myren Gard. Ozon Høydals motivval spenner frå figurativt til nonfigurativt. Viktige tema er farge, mønster og humor.Ikkje minst er ho kjent forsine sjelefylte og humoris-tiske saueportrett. Ho boltrarseg i norske tradisjonar ogserverer eit skråblikk inn iden norske folkesjela.www.ozon-hoydal.com

juleutstilling frå 4. novemberKonsert i Tovdal kyrkje 4. november