View
247
Download
0
Category
Preview:
Citation preview
Sway for undervisningPresentasjon om bruk av web 2.0 i undervisning
WEB 2.0 – bruk av verkty i undervisning
av Ole Johnny Devik, medielærar Hafstad vgs.
Kva er Sway?• Sway ligg på sway.com og er ein del av Office-
pakken. Også tilgjengeleg på andre plattformer.• Sway vert nytta til å sette saman tekst, bilete,
lyd og levande bilete i eit fleksibelt HTML5-miljø (rett i nettlesar)
• Ein kan lese presentasjonane på PC, mobil eller på nettbrett, etc.
• Samskriving er også mogleg. • Alt vert lagra i Sway-dokumentet på nettet• For å dele ein presentasjon, treng ein berre
nettadressa
WEB 2.0 – bruk av verkty i undervisning
av Ole Johnny Devik, medielærar Hafstad vgs.
Korleis virkar Sway?• Sway er eit Web 2.0 verkty som eksisterer i
nettlesare. Ein treng ikkje installere noko for å nytte det.
• Det er modulbasert, slik at ein kan hente inn bilete og video frå nettet, eller laste opp medieinnhald sjølv.
• Sway tar seg av design (kan endrast på ved å trykke på ein knapp).
• Brukaren styrer innhaldet.• Programmet er eit nettbasert alternativ til Power
Point, men minner meir om Prezi, ettersom det er nett-teknologi.
WEB 2.0 – bruk av verkty i undervisning
av Ole Johnny Devik, medielærar Hafstad vgs.
Slik vert Office Sway presentert på si eiga Facebook-side. Poenget er i slagordet: skap, samarbeid og del. (Skjermutklipp 01.01.15)
Læringsteori og Sway• Sosial konstruktivisme og Sway passer godt i lag. • Som læringsteori ser sosial konstruktivisme på læring som noko som skjer i
samhandling i eit samfunn. • Sjølv om Sway i hovudsak er digital samhandling – så er IKT-samhandling og
samskriving, til ein grad eit sosialt fenomen. • Elev og elev, eller lærar og elev, kan i lag skape ny lærdom i gjennom digitale
dokument (Sway-presentasjon).• Den russiske psykologen Vygotsky ville truleg testa samskiving i Sway med «sine
elevar», for ein lærar som samhandlar med elevane sine digitale dokument, vil kunne løfte dei til neste kunnskapsnivå (si næraste utviklingssone).
WEB 2.0 – bruk av verkty i undervisning
av Ole Johnny Devik, medielærar Hafstad vgs.
Sway som pedagogisk verkty• Eit av tinga som ein som lærar merkar seg med Sway,
er at det er tidseffektivt å lage presentasjonar.• Ettersom Sway står for design, fyller ein berre med tekst,
og tar enkel tekstformatering.• Bilete og video hentar ein frå nettsøk, YouTube eller
andre Web 2.0-kjelde.• Ein nyttig eigenskap er at elevane kan få opp
presentasjonane på mobil, slik at dei kan lese til prøver uavhengig av læreplattform.
• Korte tekstblokker og punktlister gir god lesbarheit. • Ein ulempe er at tekst kan bli liten på lyskanon • Ein har også lite kontroll over oppsett.
WEB 2.0 – bruk av verkty i undervisning
av Ole Johnny Devik, medielærar Hafstad vgs.
Sway kan hente tekst frå mange andre Web 2.0 verkty.Det er enkelt å bruke, sjølv for dei som ikkje har prøvd tidlegare.
Undervisningsopplegg med SwayNyleg testa eg dette undervisningsopplegget på mediefagelevar på Vg2-nivå. • Elevane fekk i oppgåve å skrive ein personleg
tekst frå 2. verdskrig som informerte om korleis mediekvardagen var for ein på sin alder – men ved å bruke dagens Web 2.0-teknologi.
• Elevane lagde sin eigen Sway-konto (ein pr. gruppe, 2-3 elevar). Nokon lagde også ein kvar – og brukte samskriving i Sway.
• Elevane fann filmar og bilete som dei sette saman i lag med tekst inne i Sway.
• Resultatet vart ein illustrert tekst med lyd og levande bilete som fortalte om tyskarane sine måtar å hindre kommunikasjon med omverda.
• Kvar av presentasjonane vart deretter vurdert av lærar, og kan delast med elevar til vurdering i klassen.
• Læringsutbyttet var godt på fleire måtar:• Elevane lærte seg digital verkty og samskriving• Dei sette seg inn i norsk mediehistorie• Lærte om forskjellane mellom personleg og
profesjonell tekst• Lærte om sensur og propaganda
WEB 2.0 – bruk av verkty i undervisning
av Ole Johnny Devik, medielærar Hafstad vgs.
Slik vert Office Sway presentert på si eiga Facebook-side. Poenget er i slagordet: skap, samarbeid og del. (Skjermutklipp 01.01.15)
www.facebook.com/OfficeSway
WEB 2.0 – bruk av verkty i undervisning
Sway for undervisning
av Ole Johnny Devik, medielærar Hafstad vgs.
Recommended