12
Valprogram 2011 Austrheim Venstre

Valprogram 2011 - VenstreLiv Ulvøy kjenner folk og forhold i kom-munen, gjennom arbeid, politikk og ein kjempeinnsats for ungdom. – Eg er glad i sambygdingane mine, eg er glad i

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Valprogram 2011 - VenstreLiv Ulvøy kjenner folk og forhold i kom-munen, gjennom arbeid, politikk og ein kjempeinnsats for ungdom. – Eg er glad i sambygdingane mine, eg er glad i

Valprogram 2011Austrheim Venstre

Page 2: Valprogram 2011 - VenstreLiv Ulvøy kjenner folk og forhold i kom-munen, gjennom arbeid, politikk og ein kjempeinnsats for ungdom. – Eg er glad i sambygdingane mine, eg er glad i

Liv Ulvøy kjenner folk og forhold i kom-munen, gjennom arbeid, politikk og ein kjempeinnsats for ungdom.

– Eg er glad i sambygdingane mine, eg er glad i kommunen vår og eg vil kjempe for at her skal vere godt å bu. Derfor vil eg gjere alt eg kan for å trygge dei arbeids-plassane vi har, og hjelpe fram dei som vil skape nye. God kommunal service og næringsareal er to konkrete saker.

– Miljøet vi lever i, lufta vi pustar i og mat en vi et er grunnlaget for helse og trivsel. Venstre er på parti med naturen og fram-tida. Våre barn og barnebarn skal vekse opp med rein luft og rein sjø. Her må vi vere vakne for miljøfarane i nærmiljøet vårt.

– Eg vil konkret kjempe for ei styrking av Austrheim vidare-

gåande skule, med musikk og havsport – liner. Eg meiner og at vi bør samle alle ungdomsskuleelevane på ein plass, men halde på to barneskular.

– Eg vil at kommunen skal legge forholda til rette slik at vi alle kan engasjere oss for å utvikle bygdelag og kommune. Ver med oss du og. Vi må ta vare på kvarandre!

Liv Ulvøy Født 1955

Vår ordførerkandidat:

Velkommen til Austrheim Venstre sitt valprogram. I programmet vårt vil du bli litt meir kjent med toppkandidatane våre. Utover i programheftet finn du og dei prioriterte og konkrete sakene vi vil

kjempe for i neste periode. Respekt for den enkelte, felles ansvar og tryggleik for arbeid, oppvekst og miljø er grunnleggande verdiar som all vår politikk er bygd på. Austrheim Venstre ynskjer deg eit riktig godt val.

Velkommen!

2

Page 3: Valprogram 2011 - VenstreLiv Ulvøy kjenner folk og forhold i kom-munen, gjennom arbeid, politikk og ein kjempeinnsats for ungdom. – Eg er glad i sambygdingane mine, eg er glad i

– Alle menneske skal møtast med respekt og verdigheit, uansett alder eller sosial status.

Torunn Helland Karlsen er født i 1946, og er utdanna sosionom, har mellom anna vore sosial/barnevernsleiar i kommunen i 10 år. NAV-tilsett sidan 2007.

– Politikarane i kommunen må sørge for at velferdsgoda kjem fram til dei som treng det mest. Dei som har oppgåver i det kom-munale systemet må møte alle menneske, barn, unge og eldre, med respekt, helst også med eit smil.

– Det er ikkje ein sjukdom å bli gammal, og eldre er like forskjel-lige som yngre årgangar. Dette må vi ta omsyn til når vi utformer helse- og sosialtenestene for eldre. Vi må heller ikkje gløyme at mange seniorar både kan og vil bidra i lokalsamfunnet. Men når vi blir hjelpetrengande, må kommunen ha eit trygt og godt tilbod med servicebustadar og nok sjukeheimsplassar.

Torunn Helland KarlsenVår 3. kandidat:

– Eg vil jobbe for at ungdom i Austrheim skal få masse spennande utfordringar under utdanning og i fritida si.

Joakim er født i 1986, og han jobber som operatør på Mongstad.

– Vi må utvikla skulane våre, både grunnskulen og Austrheim vidaregåande skule. Kommunen må og støtta alt arbeid som blir drive av frivillege organisasjonar. Vi må sette endå meir pris på alt dugnadsarbeidet som blir lagt ned av unge og eldre leiarar. Trivsel og tryggleik for arbeid er grunnlaget for vekst og utvikling i kom-munen vår. Eg vil inn i kommunestyret for å få til alt dette.

Joakim Norgard KjenesVår 2. kandidat:

3

Page 4: Valprogram 2011 - VenstreLiv Ulvøy kjenner folk og forhold i kom-munen, gjennom arbeid, politikk og ein kjempeinnsats for ungdom. – Eg er glad i sambygdingane mine, eg er glad i

Født 1952

4. kandidat:

Arne Kästel

Født 1947

5. kandidat:

Terje Dyrnes

Født 1990

6. kandidat:

Henriette Gallefoss

Født 1962

7. kandidat:

Jan Erik Espelid

Født 1966

11. kandidat:

John-Kåre Krokene

Født 1985

12. kandidat:

Øyvind Kvinge

Født 1945

13. kandidat:

Atle Lervåg

Født 1974

8. kandidat:

Renathe BøFødt 1941

14. kandidat:

Kjell Matre

Født 1987

9. kandidat:

Kristian EspelidFødt 1950

15. kandidat:

Rita Lerøy

Født 1945

10. kandidat:

Kirsten Bore Strømstad

4

Page 5: Valprogram 2011 - VenstreLiv Ulvøy kjenner folk og forhold i kom-munen, gjennom arbeid, politikk og ein kjempeinnsats for ungdom. – Eg er glad i sambygdingane mine, eg er glad i

Født 1959

16. kandidat:

Leif Sævrøy

Født 1957

17. kandidat:

Ingeborg Sætre

Født 1935

20. kandidat:

Nils Møvik

Født 1946

21. kandidat:

Margot Hop

Født 1962

18. kandidat:

Ingmund KvingeFødt 1946

22. kandidat:

Tore Lerøy

Født 1948

19. kandidat:

Målfrid Kvamme UlvøyFødt 1944

23. kandidat:

Arne Kjenes

Utover i programmet vil du kunne lese meir om Austrheim Venstre sine prioriterte saker. Austrheim Venstre takker kunstnaren og illu-stratøren Olaug Sætre for originale illustrasjonar som ho har laga til kvart tema. Arbeidet er gjort på dugnad. Tusen takk!

www.venstre.no/hordaland/austrheim

5

Page 6: Valprogram 2011 - VenstreLiv Ulvøy kjenner folk og forhold i kom-munen, gjennom arbeid, politikk og ein kjempeinnsats for ungdom. – Eg er glad i sambygdingane mine, eg er glad i

To barneskular – ein ungdomsskuleI kommunen vår finst to, små ungdoms-skular med til saman om lag 100 elevar. Austrheim Venstre meiner det er på tide å samle desse elevane i ein skule.

Elevane sjølv ynskjer det, mange forel-dre ynskjer det, og i tillegg er det både faglege og økonomiske gevinstar ved ei slik samling. Plan legginga for ein felles ungdomsskule bør starte straks.

Skule, kultur og oppvekst

Styrking av Austrheim Vidaregåande SkuleI Nordhordland finst eitt av verdas beste brass bandmiljø og eitt av landets finaste forhold for havsport.

Austrheim Venstre vil arbeide for at Austrheim vidaregåande skule kan ut-vikle to nye spesialliner.

Ei musikkline, der også korps musikken får plass, og der samarbeidet med dei kommunale kulturskulane blir tett. I till egg ei havsportline med godt utstyr og entusiastiske fagkrefter, som kan samle elevar frå heile landet, ja, kanskje lenger.

• Ta initiativ for å etablere eit frivillig, fagleg fundert foreldrevegleiings-opplegg som startar ved fødselen og fylgjer barn og foreldre ut ungdoms-skulen. Helsesøster og familiekon toret vil vere sentrale i eit slikt tilbod.

• Utfordre skulane, både grunnskulen og den vidaregåande skulen, til å ta inn meir praktisk arbeid og aktivitet i skulekvardagen.

• Ungdommen i kommunen treng gode stadar å samlast. Kommunen bør i løpet av neste fireårsperiode vurdere ulike alternativ for eit betre ”ungdom-mens hus”. Ungdommen vår fortener dette.

• I Austrheim Samfunnshus har komm unen hatt eit billeg, dugnadsdrive kulturhus i snart 50 år. Austrheim Venstre meiner at det kommunale bidraget bør aukast.

Vidare vil Austrheim Venstre:

”Utdanning er det mektigaste våpenet du kan bruke for å forandre verda”.

Nelson Mandela

6

Page 7: Valprogram 2011 - VenstreLiv Ulvøy kjenner folk og forhold i kom-munen, gjennom arbeid, politikk og ein kjempeinnsats for ungdom. – Eg er glad i sambygdingane mine, eg er glad i

Utvikling av eit trafikksikkert sentrum i AustrheimAustrheim Venstre ynskjer å bidra sterkt til ei god sentrumsutvikling i Austrheim. Trafikksikring for dei mjuke trafikantane er spesielt viktig. I dag har vi idrettshall

og barne- og ungdomsskole på den eine sida av vegen, og mellom anna kom-m unehus med offentlege kontor, lege, bibliotek og butikksenter på den andre

sida. Det må leggast til rette for ei sikker krys-sing av vegen før det skjer ei ulykke.

Mange foreldre opplever situasjonen som farleg for barn og unge som ferdast i dette området.

Austrheim Venstre garan terer at dette skal ha høg prioritet i arbei-det vårt for kommunen i kommande valperiode.

Trafikksikring

• Arbeide for fleire farts- og trafik k ontrollar og auka fokus på trafikk opp læring i skulane og i ungdomsklubben. Talet på trafikkulykker skal ned.

• Prioritere gang- og sykkelveg langs heile hovedvegen i kommunen, frå Fosnstraumen og til Mongstad.

• Bruke tilskuddsordninga som finst for kollektivtransport i distrikta (KID) for å etablere lokale oppsamlingsruter i kommunen.

• Arbeide for å få bygd midtdelar på riksvei 57 mellom Knarvik og Mongstad.

Vidare vil Austrheim Venstre:

” Dei fleste feila trafikkpolitiet finn i bilane, sit bak rattet”

Otto Ludwig

7

Page 8: Valprogram 2011 - VenstreLiv Ulvøy kjenner folk og forhold i kom-munen, gjennom arbeid, politikk og ein kjempeinnsats for ungdom. – Eg er glad i sambygdingane mine, eg er glad i

Fokus på helse, miljø og tryggleikVi bur i eit område der naturen er ein av dei viktigaste kvalitetane.

Derfor må vi verne om han, og vere føre var når det gjeld helsekonsekvensar som kan komme frå utslepp til luft og vatn.

Forureining kjenner ingen grenser, så her er det naudsynt å samarbeide med nabo komm-unane. Vi må ta vare på det reine miljøet for barna og barnebarna våre.

Miljø

• Ha Ubåten opp no! Igjen har den raudgrøne regjeringa sådd tvil om korleis problema rundt U-864 skal løysast. Austrheim Venstre kan ikkje aksept era anna enn at giftstoffa skal fjernast.

• Arbeide for at kraftlina frå Kollsnes til Mongstad må leggjast i kabel.

• Legge til rette for auka bruk av EL -bil i kommunen.

• Styrke oljevernberedskapen gjennom eit tettare samarbeid med nabo- kommunane våre. Det må og eta-blerast eit beredskapssenter i kommunen.

• Gi aktiv støtte til dei miljødugnadane som velforeningar/grendelag utfører, samt initiere nye miljøprosjekt.

Vidare vil Austrheim Venstre:

”Først når det siste treet er felt og den siste fisken er eten, vil vi forstå at vi ikkje kan ete pengar..”

Dansk ordtak

8

Page 9: Valprogram 2011 - VenstreLiv Ulvøy kjenner folk og forhold i kom-munen, gjennom arbeid, politikk og ein kjempeinnsats for ungdom. – Eg er glad i sambygdingane mine, eg er glad i

Styrka helsesøstertenestaAustrheim Venstre ynskjer å styrke helsesøstertenesta, spesielt i forhold til elevane på ungdomskulen og den vidare-gåande skulen. Helsesøster er eit lågterskeltilbod som er godt innarbeidd .

Gjennom ei betre utbygd helse-søstertenste kan ein forebygge til dømes rusproblem, uønska graviditetar, spiseforstyrrelsar og kjønnssjukdommar. Helse-søster er og ein viktig aktør i arbeidet med å sikre eit godt psykisk helsevern for ungdom.

• Fokusere meir på helsefremmande og forebyggande arbeid. Trivsel og tryggleik gir god helse.

• Gi hjelp til familiar og enkeltpersonar som slit med problem knytt til rus, bustad og økonomi.

• Det er viktig at kommunen ut - nytt ar låne- og tilskotsordningane til Husbanken.

• Støtte barnehagane si friluftssatsing.

• Styrke aktivitetane og miljøarbeidet som blir drive av Frivilligsentralen og Seniorsenteret.

• Fylgje opp “Eldremeldinga” når det gjeld sjukeheimsplassar og assistanse til eldre som vil bu i eigen heim så lenge som råd.

Vidare vil Austrheim Venstre:

Helse og ansvar for kvarandre

”Du kan ikkje endre på det som er omme, men derimot rette på det som kan komme”.

Nolo

9

Page 10: Valprogram 2011 - VenstreLiv Ulvøy kjenner folk og forhold i kom-munen, gjennom arbeid, politikk og ein kjempeinnsats for ungdom. – Eg er glad i sambygdingane mine, eg er glad i

Vi vil ha rein matDen globale matsituasjon er i krise. Vi blir fleire, og vi treng meir mat og sikker mat. Det er viktig at også Austrheim kommune, gjennom eit aktivt landbruk, kan sikre produksjon av rein og kortreist mat. Austr-heim Venstre vil derfor ha sterk fokus på at eksisterande jord blir tatt vare på og nytta mest mogleg til matjord/matproduk-sjon. Vi vil gjennom landbruks-kontoret stimulere til auka satsing på alternative produk-sjonsformer. Landbruksdagen er ein viktig møteplass både for

Landbruk

• Støtte bønder som ynskjer å drenere og grøfte jord som ikkje har vore i drift på mange år.

• Ha tilbake dei opne landskapa i Austrheim gjennom fjerning av krattskog og sitkagran.

• Ta vare på gamle kulturturminne knytt til landbruket. Døme på dette kan vere steingardar, potetkjellarar, gardflorar og andre gamle uthus.

• Vidareføre eigen landbruksvikar i Austrheim kommune.

Vidare vil Austrheim Venstre:

landbruket og for publikum. Austrheim Venstre ynskjer å vidareutvikle dette arrangementet og til eventuelt å etablere eit utsal av lokale land-bruksprodukt.

”Om du ikkje kan sjå maten i augo, skal du ikkje eta han heller.”

Linda Eide

10

Page 11: Valprogram 2011 - VenstreLiv Ulvøy kjenner folk og forhold i kom-munen, gjennom arbeid, politikk og ein kjempeinnsats for ungdom. – Eg er glad i sambygdingane mine, eg er glad i

Ta vare på det vi har – legge til rette for nye bedrifterHeile tida treng vi nye arbeids-plassar i kommunen. Det betyr at dei bedriftene vi har, må få utvikle seg vidare. I tillegg må kommunen stimulere til ny-etableringar.

Austrheim Venstre går inn for at kommunen, i samarbeid med Vidaregåande skule og Mongstad Næringshage, inviterer til ein kultur– og næringskonferanse der tema bør være miljø, turisme og havsport.

• Støtte opp under arbeidet som Røde Kors sentralt har starta for å etablere eit nasjonalt sjø og vassberedskaps-senter i Austrheim. Senteret skal ha ansvar og oppgåver innanfor sjøtrygg-leik og forebyggande arbeid, og i til-legg vere ein informasjonsavdeling for beredskapsarbeid for heile landet.

• At administrasjon og politikarar bør i større grad følge opp både eksis t - er ande og nyetablerte bedrifter. Kommunen må til ei kvar tid ha nok næringsareal til disposisjon.

• Som ei prøveordning, innføre ein ”langdag” i veka ved det kommunale servicekontoret, slik at folk kan få hjelp etter vanleg arbeidstid.

• Arbeide for å få etablert gode gjestehamner i kommunen.

• Støtte opp om Mongstad som ny godshamn for bergensregionen.

• Vidareføre planane for eit stort badeland i Mongstad – Kalandområdet. Spillvarme frå varmekraftverket på Mongstad vil kunne gi positive bidrag til drifta.

Vidare vil Austrheim Venstre:

Næring

”Når forandringens vind blåser, kryper noen i skjul, mens andre drar ut for å bygge vindmøller.”

Mao Zedong

11

Page 12: Valprogram 2011 - VenstreLiv Ulvøy kjenner folk og forhold i kom-munen, gjennom arbeid, politikk og ein kjempeinnsats for ungdom. – Eg er glad i sambygdingane mine, eg er glad i

Hendingane den 22. juli førde til livsvarige tap og lidingar i mange familiar. Dette kan ikkje endrast. Men terror og vald skal ikkje få endre verdiane samfunnet vårt er bygde på. Gjennom å delta i dei demokratiske prosessane, skaper vi eit ope samfunn der mange deler på ansvaret.

Blir du med i eit grendelag, ein organisasjon, ei foreining eller eit politisk parti, tar du eit aktivt ansvar for framtida. Du er med på å velge ein kurs. Deltar du ved valet, blir du og ein del av den demokratiske veven, ein del av den felles tryggleiken vi alle treng. Austrheim Venstre vil oppfordre alle til å bruke stemmeretten sin ved kommunevalet i 2011. Vis med det at du også møter meiningslaus terror mot land og folk med meir deltaking og meir ansvar.

Godt val til deg – uansett val!

Vær med i lokaldemokratiet! Stem Venstre!

Ordførarkandidat Liv Ulvøy: [email protected], mobil 900 77 875 Leiar John-Kåre Krokene: [email protected], mobil 474 00 440www.venstre.no/hordaland/austrheim

- Bli med i Austrheim Venstre! Ta kontakt

Layo

ut: w

ww

.altk

anen

dres

.no

© 2

011.

Illu

stra

sjon

ar: O

laug

tre

12