16
Øygarden Arbeidarparti VALGET 2019 Valgprogram 2019 - 2023

VALGET 2019 Valgprogram 2019 - 2023

  • Upload
    others

  • View
    14

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: VALGET 2019 Valgprogram 2019 - 2023

ØygardenArbeidarparti

VALGET 2019

Valgprogram 2019 - 2023

Page 2: VALGET 2019 Valgprogram 2019 - 2023

Kjære veljar!

Arbeidarpartiet er eit sosialdemokratisk parti og byggjer på verdiar som fridom, likskap og solidaritet.

Vi trur på sterke fellesskapsløysingar i eit velferdssamfunn som inkluderer alle.

Nye Øygarden kommune stiller krav til oss alle. Dette vil opne for nye løysingar og nye sjansar. Vi vil du skal merke at du bur i ein kommune som gjev deg dei tenestene som du har krav på og med god kvalitet. Vi meiner at offentleg tenesteyting vert best løyst av det offentlege sjølv og ikkje av private tilbydarar.

Vi veit at ikkje alle innbyggjarar har gode erfaringar etter møte med kommunen. Stundom høyrer vi forteljingar om folk som opplever kommunen som ein motpart som legg hindringar i vegen for gode idear og løysingar. Andre gonger høyrer vi at publikum er takksame for den hjelpa dei får. Det handlar ofte om god og dårleg kommunikasjon.

Vi vil at alle som vendar seg til kommunen, skal bli møtt med respekt og bli tekne på alvor. I Øygarden kommune skal vi difor sikra at innbyggjarane står i fokus.

9. september 2019 er det kommuneval. Vi skal velje nytt kommunestyre som skal styra den nye storkommunen. Dette valet blir ekstra spannande – denne gongen skal vi gjere eit historisk val – vi skal velje det fyrste kommunestyret i nye Øygarden kommune.

Det er difor viktig at nettopp du nyttar stemmeretten din og gje gjerne ein stemme til Øygarden Arbeidarparti!

Godt val!

Øygarden Arbeidarparti MARIANNE SANDAHL BJORØY Ordførerkandidat

Page 3: VALGET 2019 Valgprogram 2019 - 2023

Arbeid og næring Arbeidslivet er i rask endring og presset mot arbeidstakarane aukar. Bruk av innleigd arbeidskraft vert vanlegare og arbeidslivskriminalitet aukar. Dette skaper eit meir utrygt arbeidsliv.

Næringsutviklinga skal byggjast opp og styrkast. Dette gjeld alt frå petroleums- verksemd og maritim teknologi til havbruk. Det skal leggjast til rette for nye arbeidsplassar gjennom aktiv politikk lokalt. Vi skal byggje gode lokalsamfunn og stimulere til næringsutvikling og arbeidsplasser i den nye kommunen.

Kommunen har innkjøpsmakt. Arbeiderpartiet skal bruke denne makta ved å stille krav om seriøsitet og grøne innkjøp. Vi vil sørgje for at det vert vedteke reglar for innkjøp i kommunen frå seriøse aktørar som tek samfunnsansvar. På den måten vil Øygarden Arbeidarparti vere med å sikre arbeidstakarane sine rettar i anbodsprosessen og redusere risikoen for sosial dumping.

Arbeidarpartiet vil: • Bruke innkjøpsmakta ved å stille krav til seriøsitet og grøne innkjøp • Arbeide mot sosial dumping gjennom gode anbodsprosessar • I anbodsprosessar skal det leggjast vekt på at tilbydarar er lærebedrifter og har lærlingar i arbeid.

NÆRINGSLIV OG ARBEIDSPLASSAR Arbeidarpartiet vil opprette eit kontaktutval med næringslivet. Utvalet skal vere bindeledd mellom politisk leiing og næringslivet i kommunen. Gjennom strategisk samfunns- og næringsutvikling styrker vi det eksisterande næringslivet. Samstundes vil vi stimulere til innovasjon og nye arbeidsplassar. Vi vil arbeide for at Øygarden kommune vert eit føre- døme på god tilettelegging av næringsareal med vekt på både framtidig og eksisterande næringsliv.

Eit godt samarbeid mellom næringsutvikling og kystkultur vil skape ring- verknader innan kulturturisme. Ny næring i gamle naust vil vera ein slik næring. Vi vil få ei berekraftig utvikling gjennom å ta i bruk eksisterande ressursar i heile kommunen.

Page 4: VALGET 2019 Valgprogram 2019 - 2023

Etablerte næring- og industriparkar skal vidare utviklast. Til dømes gjennom etablering av CO2 fangst i Naturgassparken (Kollsnes). Ringverknader vil opne for nye arbeidsplassar i kommunen vår.

Arbeidarparti vil: • Opprette kontaktutval mellom næringslivet og politisk leiing • Satse på ny næring i gamle naust gjennom kulturturisme • Arbeide for at anlegget for CO2 -fangst vert plassert og utvikla på Naturgassparken (Kollsnes)

UNGESomme unge står utanfor skule og arbeidsliv. Arbeidarpartiet ønskjer å finne løysningar som inkluderer unge i skule eller arbeidsliv. Eitt grep vil vere å skape arenaer kor unge som slit, møter eldre. Slik skapar vi ei bru mellom dei yngste og de eldste. Verdifull kompetanse kan utvekslast mellom generasjonane. Dette vil vere inkluderande, lønnsamt og meiningsfullt både for unge og eldre.

Dei tilsette sin kompetanse er den viktigaste ressursen i ein kommune. Vi skal vise dei tilsette tillit. Vi vil ha minst 100 lærlingar i Øygarden kommune. Slik sikrar vi god kompetanse og dei unge vert sette i stand til å fullføre utdanninga si.

Øygarden skal være ein pådrivar for å utvikle nye lærefag. Det skal vere tett samarbeid mellom vidare-gåande skule og kommunen slik at dei som slit med å gjennomføre skuleløpet, vert tekne vare på. Ein ny samlokalisert vidaregåande skule sentralt på Straume er viktig for å gje god utdanning og redusere fråfall.

Forsking, utvikling og samarbeid mellom kommune og næringslivet har styrka utviklinga i regionen vest for Bergen. Øygarden skal bli leiande innan energi, teknologi og marine ressursar. Arbeidarpartiet går heilhjarta inn for Øygarden kommune sin visjon «Øygarden – eit fyrtårn i vest».

Arbeidarparti vil: • At det vert oppretta 100 lærlingeplassar i kommunen • Utvikle nye lærlingefag i kommunal sektor • Legge til rette for overføring av kompetanse mellom generasjonar • Legge til rette for forskingsbasert utvikling i kommunen

Page 5: VALGET 2019 Valgprogram 2019 - 2023

TRYGGE RAMMER Arbeidarparti vil arbeide for eit seriøst arbeidsliv. Eit arbeidsliv fritt for trakassering basert på seksuell legning, religion eller kjønn.

Arbeidsmarknadsbedrifter som Trigger er eit godt døme på bedrifter som tek vare på arbeidstakarar som treng trygge rammer rundt seg.

Arbeidarpartiet vil at regelen skal vere heile faste stillingar og der deltid er frivillig. Vi tek kampen for tryggleik i arbeidslivet.

Ei sterk fagrørsle gjev oss høgare produktivitet, kompetente arbeids- takarar og fleksibilitet i økonomiske nedgangstider. Trepartsamarbeidet (stat, arbeidstakar og arbeidsgjevar) er ein føresetnad for å lukkast i dette arbeidet.

Arbeidarpartiet vil: • Arbeide for eit seriøst og inkluderande arbeidsliv • Heiltid ein rett, deltid eit val • At arbeidslivet skal ha trygge rammer

Miljø, klima og eit berekraftig lokalsamfunn FNs berekraftsmål er ein felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.

Berekraftig utvikling handlar om å ta vare på behova til menneska som lever i dag, utan å øydelegge for neste generasjonar.

Arbeidarpartiet sitt mål er å legge til rette for kollektiv- trafikk og sykkel- og gangvegar. Innfartsparkering er nødvendig for at kollektivtransporten skal vere eit reelt alternativ for dei reisande.

Sotrasambandet har planlagt oppstart i 2020. Arbeidarpartiet vil framleis vere ein garantist for at Sotrasambandet vil følgje framdriftsplanen som har fullføring i 2024/2026.

Page 6: VALGET 2019 Valgprogram 2019 - 2023

Arbeidarpartiet vil: • At ny samfunns- og arealplan skal utformast i tråd med FN’s berekraftsmål • Sikre at innbyggjarane har reint vatn, kort veg til natur og turområde og eit bumiljø som er godt å leve i • At det i 4 års perioden vert utarbeidd eigen kommunedelplan for energi, klima og miljø • At kommunen skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050 • Sikre at Sotrasambandet følgjer framdriftsplanen • Arbeide for at vegtraséane nord/sør – Kolltveit/Vorland og Ågotnes/Kolltveit blir realiserte • Sjå til at midlar frå infrastrukturfondet vert nytta i samsvar med intensjonsavtalen • Legge til rette for låsbare sykkelhus ved kollektivknutepunkta • Legge til rette samanhengane gang- og sykkelvegar i samanheng med kollektivknutepunkta • Arbeide for betre kollektivtilbod til grendene • Alle kommunale bilar skal vere utsleppsfrie • Legge til rette for grøn forsking og innovasjon

AREAL OG FORVALTNING Øygarden kommune blir ein viktig del av Bergensregionen. Vi treng arealutvikling basert på kunnskap om forvaltning og med tydelege klimatiltak. Øygarden Arbeidarparti ønskjer at det også skal vere mogeleg med spreidd bustadbygging i grendene våre. Arbeidarpartiet vil: • Bruke kommunen si innkjøpsmakt for å nå miljø- og klimamål • Redusere lokale klimautslipp. Som til dømes utgraving og drenering av store myrområde • Vurdere dei bygga vi alt har, før vedtak om nybygg • Legge til rette for solenergi i planlegging av nye byggeområde • Arbeide for at det vert etablert fleire burettslag i kommunen

PLASTFORURENSING Plast er eit stort globalt og lokalt miljø-problem. Plasten skadar livet i sjø og på land og mikroplast i naturen vil bli eit helseproblem for menneska. Plastforureininga må nedkjempast både lokalt og globalt.

Arbeidarpartiet vil: • Bli medlem av KIMO (Kommunenes Internasjonal Miljøorganisasjon) • Arbeide for at Øygarden kommune skal vere mest mogeleg plastfri • Støtte opp om lag og organisasjoner som tar et tak for å rydde strandlina for plast

Page 7: VALGET 2019 Valgprogram 2019 - 2023

Oppvekst, barnehage og skule Vi vil ha sterke lag rundt det enkelte barn. Ein god barndom varer livet ut. Alle barn fortener og har rett på ein trygg barndom.

BARNEHAGE Barnehagen legg grunnlaget for all vidare utdanning. Barnehagen er ein avgjerande arena for læring og sosial trening. Godt kvalifiserte tilsette i barnehage og skule sikrar barna den tryggleik dei fortener.

Opphald i barnehage er bra for barna og trygt for foreldre i jobb. Barne- hagen er bra for likestilling og integrering. Alle barnehagar skal ha lærlingar innan barne- og ungdomsarbeiderfaget eller tilsvarande.

Arbeidarpartiet vil: • Tilby alle barn eit barnehagetilbod av høg kvalitet • Alle barn skal trivast, leike og lære i barnehagen • Sikre likeverdige vilkår for kommunale og private barnehagar • Sikre at det finst gode rutinar for overgang mellom barnehage og grunnskule

EIN SKULE SOM FREMJAR HELSE Alle barn, uavhengig av bakgrunn og funksjonsnivå, skal sikrast like vilkår for utdanning. Alle har same rett til å få utvikle evnene sine. Dette klarar vi best ved at alle går i ein god nasjonal fellesskule. Kvalitet i skulen oppnår vi med gode og mange nok lærarar, godt skulemateriell (gjerne digitalt), miljøterapeutar og skule- helseteneste.

Skulen fremjar god helse når dagen startar med frukost og elevane får ein ekstra time fysisk aktivitet kvar dag. Slik skapar vi eit betre skule- miljø og legg til rette for god læring.

Øygarden Arbeidarparti vil difor gjennomføre eit pilotprosjekt på 3 skular der mat og fysisk aktivitet er ein del av skulekvardagen. Vi trur at song i skulen er viktig for språkutvikling og styrkjer evna til samarbeid og inkludering.

Page 8: VALGET 2019 Valgprogram 2019 - 2023

Skulestrukturen må tilpassast utviklinga i kommunen. Arbeidarpartiet meiner at skulestrukturen slik den er i dag, er god og framtidsretta.

Skulefritidsordninga (SFO) skal gje eit tilbod til dei som treng det. Tilbodet må omfatte både tida før og tida etter skuletid. Vi vil ha eit innhald som stimulerer til aktivitet, men som også legg til rette for leksehjelp.

KULTURSKULENKulturskulen er viktig i utviklinga av barn og unge sin kunst- og musikk-interesse. Vi vil gje elevane eit godt og variert tilbod gjennom å styrke kulturskulen. Vi har eit mål om å avvikle ventelistene ved kulturskulen.

MOTØygarden kommune skal vere eit lokalsamfunn med MOT. MOT sine mål og grunnverdiar skal sikre trygge ungdomsmiljø og gje dei unge trua på eigne krefter og lære dei til å ta vare på seg sjølve og kvarandre. MOT hjelper med å ta val som gjer at dei meistrar livet betre.

Arbeidarpartiet vil: • Gjennomføre eit pilotprosjekt med frukostservering på 3 ulike skular. • Leggja til rette for ein time fysisk aktivitet kvar dag • Sikre god lærartettleik, godt digitalt skulemateriell, god skulehelseteneste og mange nok miljøterapeutar. • Etablere TRYGG i Øygarden, eit antimobbe- og trivselsprogram. • All aktivitet og alle læremiddel i skulen sin regi, skal vere gratis • Sikre at kulturskulen har eit godt tilbod i heile kommunen • MOT skal vere vår inngangsport mot ei trygg og sikker ungdomstid • Det skal vere tett samarbeid og koordinering mellom dei ulike tenestene for barn og unge

OPPVEKSTVILKÅRA FOR BARN OG UNGEBarna våre er det mest dyrebare vi har. Men nokre gonger møter dei vanskar og då er det viktig at hjelpa kjem tidleg. Vi vil ha eit samfunn som er ope i møte med psykiske lidingar. Arbeidarpartiet vil at førebygging skal styrkast og at samarbeidet mellom barnevern, politi, skule og Nav vert tett og godt.

UTANFORSKAP Utanforskap handlar om menneske eller grupper som står utanfor felles-skapet. Somme står utanfor skule eller arbeidsliv. Dei manglar sosialt nett-verk eller dei føler at dei ikkje høyrer til i samfunnet. Utanforskap har store konsekvensar og hindrar mennesket i å få eit godt liv.

Page 9: VALGET 2019 Valgprogram 2019 - 2023

Utanforskap kan ramme alle, men nokre grupper er spesielt sårbare. Barn som vert utsette for omsorgssvikt og overgrep i tidleg alder, har auka risiko for å få psykiske vanskar seinare i livet.

Arbeidarpartiet vil stå opp for dei som fell utanfor og vil sjå til at fellesskapet tek eit ekstra ansvar for desse.

BARNEFATTIGDOMBarn som lever i fattigdom, kjenner seg utanfor og bekymrar seg for si eiga framtid. Barnekonvensjonen sin artikkel 27 gjev barn rett til ein levestandard som er tilstrekkeleg på alle område.

Arbeidarpartiet vil: • Styrke helsetilbodet for unge som treng psykiatrisk oppfølging • Setje temaet utanforskap på dagsorden og skape system som tek vare på dei som fell utanfor • Redusere talet på barn som lever i fattigdom ved å finne ordningar som gjer at alle barn og unge kan delta i samfunnet

RUS/PSYKIATRIPersonar som slit med rus og tunge psykiatriske diagnosar, fell ofte utanfor og har eit strevsamt liv. Vi har ansvar for alle innbyggjarar, også dei som treng spesiell oppfølging.

Auka satsing på førebyggande og gode kurative tiltak vil hjelpe dei som slit. Ein trygg stad å bu er eit grunnleggande behov. Utsette grupper må få ta del i denne tryggleiken. Vi må ha nok bustader til å dekke behovet.

Vi må prioritere oppfølging av rusmisbrukarar. Mange er motiverte for å endre livsstil, men det skortar på straksløysingar.

Vi treng utvida opningstider som sikrar tilgjenge til kompetent personale innan rus/psykiatri. Dette vil gje betre oppfølging av brukarane.

Page 10: VALGET 2019 Valgprogram 2019 - 2023

Helse, omsorg og velferd Vi vil at du som bur i Øygarden skal få høve til å leve eit mest mogeleg sjølvstendig liv, også om du vert ramma av sjukdom og funksjonssvikt. Du skal oppleve at du får rask og fagleg hjelp frå omsorgstenestene.

DU ER SJEF I EIGE LIV Arbeidarpartiet skal vere ein garantist for gode omsorgstenester. Ein skal kunne bu heime i eigen heim så lenge ein ønskjer. Heimetenestene må ha nok tilsette med fagleg kompetanse. Einsemd og isolasjon er helsefarleg og tiltak som førebygger dette må prioriterast.

Pårørande til heimebuande eldre skal ikkje måtte ta på seg urimelege byrder. Vi vil utvikle gode tilbod om avlastning og omsorgsløn. Omsorgs- teknologi er på full fart inn i heimane og vil vere nyttige hjelpemiddel for den enkelte brukar.

FOLKEHELSEARBEIDET Folkehelsearbeidet med vekt på føre bygging må styrkast. Førebygging hjelper og gjennom tiltak som Aktiv+ skapar vi sosiale møteplasser. Fleire fritidstilbod, turvegar og kosthalds- opplæring styrker og folkehelse- arbeidet. Frisklivs - og meistrings- senteret må styrkast og tilbodet om kvardags-rehabilitering må utvidast.

Vi trur på kunnskapsbaserte omsorgstenester. Kjennskap til korleis brukarane opplever omsorgs- tenestene er viktig. Det same er kva buform dei ønskjer når behovet for hjelp melder seg. Alternative buformer kan vere bukollektiv. SJUKEHEIMAR Same kor mykje ny teknologi heimen vert utstyrt med, kan dette aldri erstatta sjukeheim og omsorgsbustader med heildøgns tilsyn. Vi treng fleire sjukeheimsplassar etter kvart som behovet aukar. Reduksjon av institusjonspreget på sjukeheimane må halda fram. Også der skal brukaren vere sjef i eige liv så langt det kan fungere. Målet er at brukarane får mat når dei er svoltne og legg seg når dei er trøytte.

Page 11: VALGET 2019 Valgprogram 2019 - 2023

Sjukeheimane må tilby varierte aktivitetar. Det må vere rom for frivillige som t.d. besøksvener og barnehage- og skulebesøk. Institusjonane må ha tilbod om musikkterapi og sansehagar.

Det må alltid være nok plassar for pasientar som ikkje kan returnere til eigen heim når dei vert skrivne ut frå sjukehusa.

Vi vil utgreie ei ordning der ungdom kan få jobb på sjukeheimane for å utføre rutinemessige arbeidsoppgåver som ikkje krev fagutdanning. Dette vil frigjere fagfolka slik at dei kan konsentrere seg om helse– og omsorgsarbeidet.

HELSESTASJON FOR ELDRE Vi er positiv til helsestasjon for eldre. Særleg menn har vanskar med å snakke om eigne problem og dei slit ofte når dei er åleine og einsame. Ein helsestasjon kan bli staden der små og store problem knytt til helse og kjensler, kan takast opp på meir uformelt vis.

TRANSPORTTILBOD TIL DEI SOM TRENG DET Mange kjem seg ikkje ut fordi transporttilbodet ikkje er godt nok. Dette vil vi gjera meir med. Investering i transport vil vera lønsamt fordi det får fleire ut av helsefarleg einsemd og såleis gjev dei auka livskvalitet.

Arbeidarpartiet vil: • Du skal være sjef i eige liv • Tenestene skal lokaliserast nær brukarane • Velferdsteknologi skal nyttast der det er behov • Satse på aktivitet og engasjement gjennom å styrke det frivillige arbeide • Etablere helsestasjon for eldre • Utvikle transporttilbodet for dei som treng det

Page 12: VALGET 2019 Valgprogram 2019 - 2023

Rause og inkluderande lokalsamfunn Inkludering handlar om korleis vi møter kvarandre. Vi kan ikkje oppnå inkludering i grendene våre gjennom politiske vedtak, men vi kan stimulere og støtte tiltak som fremjar god utvikling. Arbeidarpartiet vil honorere frivillige organisasjonar som arbeider for å skape god inkludering i lokal- samfunnet.

Intensjonsavtalen seier at vi skal ta heile kommunen i bruk. Arbeidarpartiet vil støtte tiltak som fremjar bulyst og styrker lokalmiljøet.

Integrering og inkludering er to sider ved same sak. Dette gjeld ikkje minst dei som vert busette i kommunen vår og som kjem frå land ulikt vårt. God inkludering rører ved Arbeidarpartiet sine grunnverdiar, solidaritet og fellesskap. Arbeidarpartiet vil ta i mot, busetje og integrere så mange flyktningar vi vert bedne om og maktar å ta i mot.

Arbeidarpartiet vil: • Ønskje våre nye innbyggjarar velkomne til Øygarden kommune • Setje av ein pott på 1,5 mill. som årleg skal fremje trivsel i bygdene våre • Ta imot, busetje og integrere så mange flyktningar vi vert bedne om og maktar å ta i mot

VÅRT FELLES NÆRMILJØ Gode nærmiljøanlegg stimulerer til samhold. Gode møteplassar i bu-områda auker trivsel og samhold på tvers av generasjonarar og kulturar. Vi vil, gjennom lag og organisasjonar, stimulere til etablering av møteplassar i byggefelt og i bygdene der dette manglar.

Bruk av kommunale idrettsanlegg skal vere gratis.

I ein kystkommune er tilgang til sjø viktig. Arbeidarpartiet vil legge til rette for etablering av småbåthamner og båtopptrekk der ein kan setje ut og ta opp båtar frå hengjar.

Menneske med nedsett funksjonsevne møter barrierar som hindrar samfunnsdeltaking på mange område. Universell utforming er nødvendig for nokon, bra for alle!

Page 13: VALGET 2019 Valgprogram 2019 - 2023

Arbeiderpartiet vil: • Stimulere til møteplassar som skapar trivsel og samhald • Arbeide for fleire parkeringsplassar i tilknyting til tur- og friluftsområda • Leggja til rette for småbåthamner og båtopptrekk • Styrkje grøn eining i kommunen slik at den nye kommunen vert velstelt og ryddig. • Støtte tiltak for unge som av ulike grunnar ikkje finn seg til rette i organiserte aktivitetar. • Støtte lag og organisasjonar som driv med frivillig arbeid.

KULTUR, IDRETT, BIBLIOTEK, MUSEUM, KYRKJE OG TRUSSAMFUNNDei frivillige organisasjonane driv det meste av kulturaktivitetar i kommunen. Verdien av det arbeidet dei frivillige organisasjonane legg ned, kan knapt overvurderast. Arbeidarpartiet vil støtte og stimulere mangfald innan kultur og idrett.

Biblioteket er ein viktig samlingsstad for alle. Biblioteka må ha ein sentral plassering i kommunesenteret og i kommunedelsentera. Biblioteket er viktig som møteplass for læring og gode opplevingar. Skuleelevar, studentar og pensjonistar har særleg god bruk for desse tilboda.

Nordsjøfartmuseet, Kystmuseet og Fjell festning er alle tilslutta Museum Vest. Musea er ikkje berre der for å minne det som var, men også ein stad der det kan skapast ny aktivitet. Musea kan også nyttast i under-visninga og på den måten byggje opp om vår felles identitet.

Kyrkja og andre trussamfunn skal få høve til å utøve tru og religion i samsvar med lovfesta religionsfridom.

Arbeiderpartiet vil: • Støtte og legge til rette for at det frivillige arbeidet vert styrka og verdsett • At biblioteket skal ha en sterk rolle i lokalsamfunnet • Støtte opp om dei tre musea i regionen vår, slik at dei står fram som attraktive kulturinstitusjonar • Støtte opp om etablering av Frihus, lik det på Ågotnes, både nord og sør i kommunen vår • Arbeide for livssyn-nøytrale seremonirom

Page 14: VALGET 2019 Valgprogram 2019 - 2023

KOMMUNEVALGSLISTE FOR KOMMUNEVALGSPERIODEN 2019 - 2023

Etternavn Fornavn Bosted

1 Bjorøy Marianne Sandahl Bjorøy

2 Harkestad Espen Hellesøy

3 Raaheim-Nordfonn Linn Telavåg

4 Jacobsen Espen Cornell Knappskog

5 Husebø Åse Gunn Alvheim

6 Håvik Ruben Forland

7 Skar Ingvild Foldnes

8 Fjeldstad Geir Knarvik Rong

9 Yndestad Maria Steinsland

10 Haaland Egil Brattholmen

11 Moldøen Rebekka Kolltveit

12 Nakken Mons Tore Blom

13 Hatland Siri Klokkarvik

14 Kvalvåg Ørjan Steinsland

15 Berentsen Ine Marie Sjursen Knarrevik

16 Algrøy Kjartan Alvheim

17 Alvheim Hanne Linn Isik Rong

18 Einarsen Ivar Foldnes

19 Eriksen Ann Kristin Kløvrud Knarrevik

20 Christensen Ketil Børnes

21 Oen Marita Harkestad Oen

22 Saffa Shafiq Skogsvåg

23 Solbakke Bente Brattholmen

24 Bertelsen Steinar Blomvåg

25 Thormodsen Pernille Klokkarvik

Page 15: VALGET 2019 Valgprogram 2019 - 2023

KOMMUNEVALGSLISTE FOR KOMMUNEVALGSPERIODEN 2019 - 2023

Etternavn Fornavn Bosted

26 Nagelsen Pål Martin Langøy

27 Alvheim Olaug Elise Alvheim

28 Fiki Kamal Tjeldstø

29 Stav Birgit Knappskog

30 Rustad Jon-Inge Oen

31 Fjell Linda Thomassen Fjell

32 Sangolt Sverre Skogsvåg

33 Oen Helene Langøen Rong

34 Algrøy Andreas Lie Ågotnes

35 Heggholmen May Britt Tjeldstø

36 Bungum Sverre Klokkarvik

37 Blidensol Randi Søvik Fjell

38 Førde Jan Erik Klokkarvik

39 Mikkelsen Liv Edel Blomvåg

40 Farestveit Dag Arne Straume

41 Helgesen Therese Oen

42 Krogsæther Per Hamre

43 Vethe Elisabeth Misje

44 Trellevik Henning Breivik

45 Solsvik Audhild Solsvik

46 Tveit Jan Kleppe

47 Reitan Grete Heidi Misje

48 Justad Atle Foldnes

49 Grynne Hilde Dordy Brattholmen

50 Fredheim Ole Foldnes

Page 16: VALGET 2019 Valgprogram 2019 - 2023