49
TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 Vedtatt av Time kommunestyre 16.06.09

TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

TIME KOMMUNE

TRYGG OG FRAMTIDSRETTA

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

Vedtatt av Time kommunestyre 16.06.09

Page 2: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner
Page 3: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 3

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland er eit resultat av ein grundig planprosess som blei igangsett hausten 2006. Planen er bygd opp med bakgrunn i planprogram vedtatt av Plan- og økonomikomiteen.

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland skal vera eit verktøy for både kommunen og private interessentar i handteringa av framtidig utbygging og utvikling av tettstaden. Den vedtekne kommunedelplanen blir juridisk bindande for arealbruksforvaltinga innanfor planområdet.

Kommunedelplanen viser området meir detaljert enn kommuneplanen for Time, og har i tillegg utfyllande retningslinjer og føresegner som blir gjeldande innanfor planområdet. Planen vil når den er vedteken, virka foran gjeldande kommuneplan grunna prinsippet om at sist vedtatte plan er den gjeldande for eit område.

Planen skal vera ein reiskap for interesseavveging og samordning mellom ulike sektorin-teresser.

Bryne, 30.06.2009

Brit Nilsson EdlandRådmann

føreord

Page 4: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

4 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

Time kommunestyre gjorde den 16.06.09, følgjande vedtak:

KS-031/09 Vedtak:

Time kommunestyre godkjenner forslag til kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland med tilhøyrande plankart, føresegner og retningslinjer datert den 27.05.09 med endringar i rekkjefølgjekrav som omtalt i notat av 03.06.09 .

Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova § 20-5, 2. ledd.

Tekstdel side 28, Kollektivtrafi kk.Når det gjeld togstasjonen Øksnevadporten, bør denne bli et knutepunkt mellom buss og tog. I tillegg bør det leggast opp til betre innfartsparkering for bil og for syklar.Sykkelvegenettet til og frå stasjonen kan og utbetrast.

Page 5: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2009-2020 5

innhald

Føreord..........................................................................................................................

Kommunestyrets vedtak................................................................................................

Innhald............................................................................................................................

Kap. 1 Føremålet med planarbeidet Visjon, hovudtema og målsettingar.......................................................................

Kap. 2 Føresetnader for planen 2.1 Fakta om Frøyland/Kvernaland...................................................................... 2.2 Planavgrensing............................................................................................... 2.3 Overordna rammer og premissar....................................................................

Kap. 3 Problemstillingar og viktige hovudspørsmål ved utviklinga av området 3.1 Befolkningsutvikling/offentleg tenestetilbod.................................................. 3.2 Planlegging for folkehelse............................................................................. 3.3 Sentrumslokalisering..................................................................................... 3.4 Omsynet til staden sin identitet og historie.................................................... 3.5 Lokalisering av plasskrevjande næring......................................................... 3.6 Vegsystem – infrastruktur.............................................................................. 3.7 Kollektivtrafi kk............................................................................................... 3.8 Grønstruktur.................................................................................................. 3.9 Barn og unge................................................................................................ 3.10 Arealutnytting – fortetting............................................................................

Kap. 4 Rettsverknad av planen.....................................................................................

Kap. 5 Risiko og sårbarheit...........................................................................................

Oppsummering.............................................................................................................

Føresegner m/retningslinjer..........................................................................................

Vedlegg: Plankart til kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland Arbeidsdokument som ikkje følgjer godkjent plan: Gjeldande kommuneplan (2007-2018) Historia til tettstaden Frøyland/Kvernaland Befolkningsprognoser Kollektivutgreiing Risiko og sårbarheitsanalyse

side 3

side 4

side 5

side 6

side 7side 7side 8

side 11side 14side 15side 18side 21side 24side 28side 31side 34side 36

side 38

side 39

side 41

side 42

Page 6: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

6 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

Visjon:Frøyland/Kvernaland skal vera ein levande, triveleg tettstad, og ein god plass å bu.

I planprogrammet som blei fastsett 27.03.07, er det peikt ut fl eire aktuelle tema som skal takast opp i kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland. For kvart tema er det utarbeida ei målsetting som seier noko om kva kommunen ønskjer å fokusera på i utviklinga av tett-sta-den.

Hovudtema og målsettingar:

1. Befolkningsutvikling - Vekst i tettstaden skal ikkje vera større enn at innbyggjarane skal få eit tilstrekkeleg godt tenestetilbod frå kommunen.2. Helse i planlegging - Ein skal satse på tiltak som gjer at innbyggjarane meistrar eigne liv, samt leggja til rette for fysisk aktivitet og opphald utandørs.3. Sentrumslokalisering - Sentrumsområdet skal vera kompakt, men samtidig ha plass for framtidig utviding og nyetablering.4. Staden sin identitet og historie - Historiske og identitetsskapande element skal takast vare på og integrerast i om- gjevnadane.5. Lokalisering av plasskrevjande næringsverksemd - Det skal settast av plass til næring/industri der det er behov for dette.6. Vegsystem/infrastruktur - Trafi kktilhøva skal vera gode og ryddige for alle trafi kantgrupper.7. Kollektivtrafi kk - Framtidig utbygging skal leggja til rette for ei styrking av kollektivtilbodet.8. Grønstruktur - Innbyggjarane skal ha maksimum 500m avstand til næraste grøntdrag.9. Barn og unge - Barn og unge skal få eit bra oppvekstmiljø samt ha innverknad på omgjevnadane sine.10. Arealutnytting – Fortetting - Ei kontrollert fortetting skal gi høgare utnytting nær kollektivaksen.

kap. 1 - føremålet med planarbeidet

Page 7: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 7

2.1 Fakta om Frøyland/Kvernaland

Tettstaden er lokalisert nord i kommunen, på austsida av Frøylandsvatnet. Han går omtrent i eitt med tettstaden Orstad som ligg i Klepp, og det er bygd felles kyrkje for Frøyland/Ors-tad. Innbyggjartalet i Frøyland skulekrins var 2660 i år 2006.

Det har lenge vore strid om kva tettstaden heiter - er det Frøyland etter Frøylandsgarden som ligg mest sentralt i området og kor det meste av utbygginga er lokalisert? Eller er det Kverneland som er ein gard lenger sør, samt namnet på fabrikken som er sentral i bygda? Eller Kvernaland som er ein normalisert form av dialektforma ‘kvednaland’? Etter eit vedtak i Time kommunestyre, blei det bestemt at namnet på tettstaden skulle vera Kvernaland, og det er no det offi sielle namnet. Kommunedelplanen var føreslått å heita Kommunedelplan for Kvernaland, men etter eit vedtak i Plan- og økonomikomiteen i samband med varsel om oppstart og høyring av planprogram, blei planen omdøypt til Kommunedelplan for Frøy-land/Kvernaland.

Opprinneleg var området her dominert av gardsbruk, men dette har gradvis blitt endra. Kverneland fabrikker har vore eit sentralt element i bygda sidan 1879, og fabrikken står framleis som grunneigar av fl eire eigedommar innanfor planområdet. Dei første bustadfelta var arbeiderbustader for dei som jobba på fabrikken. Først på 1970- og 80-talet begynte det ei større utbygging av bustader i kommunal regi. Bustadområdene er hovudsakeleg lokalisert i dei vestvendte skråningane ned mot Frøylandsvatnet, mens dei austlege delane av planområdet er landbruksområde.

Utfordringar for kommunen dei neste åra blir å sørgja for ei balansert utbygging/fortet-ting i bustadområda, defi nera og styrka sentrumsområdet, skaffe tilstrekkeleg med skule-/barnehageplassar og eventuelt sjukeheimsplassar til innbyggjarane. I tillegg vil det vera behov for ei utbetring av vegnett og gang-/sykkelvegnett, å styrka kollektivtrafi kken, samt å vidareutvikla grønstrukturen med fl eire ”grøne lenker”.

2.2 Planavgrensing

Avgrensinga av planområdet er gjort med utgangspunkt i areal som er utbygd eller plan-lagt utbygd. Mot sør er langsiktig grense for kjerneområde landbruk nytta som avgrensing. Mot nord er det kommunegrensa mot Klepp som blir plangrense, sjølv om det i mange samanhengar vil vera naturleg å sjå på Orstad i Klepp som infl uensområde for Frøyland/Kvernaland. Ein mogleg ny Rv 505 aust for Kvernaland sentrum vil få stor innverknad på utviklinga av tett-staden, og traseen der omkøyringsvegen er føreslått er tatt med i planom-rådet for å synleggjera dette. På sikt kan det bli aktuelt å sjå den framtidige vegen som ei naturleg grense for utbygginga av tettstaden.

kap. 2 - føresetnader for planen

Page 8: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

8 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

2.3 Overordna rammer og premissar for planarbeidet

Ulike forvaltingsnivå og ulike planreiskapar skal samspela i ein heilskap. Dei utgjer og ram-mer og premisser for kommunen som lokal planstyremakt. Om kommunen ikkje følgjer opp overordna styringssignal i fysisk planlegging, kan dette føra til motsegner til planen.

Statlege føringarPlan- og bygningslova §§ 16 og 20 samt forskrift om konsekvensutgreiingar (T-1446) set rammer for innhaldet i ein kommunedelplan og prosessuelle krav til medverknad under utarbeidinga. Lova er endra frå og med 1. april 2005 gjennom nye reglar for konsekven-sutgreiing. Det skal nå utarbeidast planprogram og konsekvensutgreiingar for arealplanar med vesentlege verknader for miljø, naturressursar og samfunn.

Etter forskrift om konsekvensutgreiingar og kommunehelsetenestelova bør planlegginga vurdera verknaden planforslaget kan tenkjast å ha for folk si helse og trivsel i planområdet. Nasjonale mål om å styrkja folkehelsa gjennom å leggja tilhøva til rette for fysisk aktiv-itet i nærområda, er og ein viktig premiss for planlegginga (jf. St.meld.nr 16 (2002-2003): Resept for eit sunnare Noreg – folkehelsepolitikken). Tekstdelen av kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland vil saman med risiko- og sårbarheitsanalysen til planen vera å rekna som ei konsekvensutgreiing.

Ei ny planlov er planlagt innført frå 01.07.09, der det er sterkt fokus på bærekraftig planleg-ging og klima, samt på universell utforming.

Rikspolitiske retningslinjer (RPR) konkretiserer statlege forventningar til kommunal planleg-ging på viktige samfunnsområde. RPR om barn og unge sine interesser i planlegginga gir føringar på korleis kommunen skal følgja opp barn og unge sine interesser i fysisk planleg-ging. RPR for verna vassdrag og ny lov om vassdrag og grunnvatn gir føringar for korleis kommunen skal forvalta vassressursane. RPR for samordna areal- og transportplanlegging skal sikra at utbyggingsmønster og transportsystem blir samordna for å oppnå effektiv, trygg og miljøvennleg transport og auka bruk av kollektive transportmiddel, samt effektiv areal- og energiutnytting.

Årlege oppgåvebrev frå fylkesmannen i Rogaland blir sendt kommunane som ei sam-la påminning om at vedtak i Storting og regjering blir gjennomførde i kommunar og fylkeskommunar. Stortingsmeldingar og rettleiingsmateriell frå fagdepartement gir føringar for korleis arealplanlegging skal utførast lokalt i kommunane, t.d. fortetting og estetisk ut-forming.

Regionale føringarRegionale føringar kjem hovudsakleg som følgje av fylkeskommunale planar og fylkesdel-planar.

Fylkestinget har nyleg rullert Fylkesplanen for Rogaland 2006 – 2009. Fylkesplanen er det overordna strategiske og politiske dokument for fylkeskommunen og er førande for anna

kap. 2 - føresetnader for planen

Page 9: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 9

sektoriell og tverrsektoriell planlegging.

Fylkesdelplanen for friluftsliv, idrett, naturvern og kulturminnevern (Fdp-FINK) i Rogaland skal føljast opp i arealforvaltinga i kommunen. Denne har mål, strategiar og kartfesta førin-gar for bruk og vern av areal og betre samordning av naturverdiar, kulturverdiar og tilret-telegging til friluftsliv, idrett og reiseliv. Områdene rundt Frøylandsvatnet og langs Figgjo-vassdraget er vist som viktige regionale friluftsområde.

Fylkesdelplanen for langsiktig byutvikling på Jæren (FDP-J) set rammer for utbyggingsmål og utbyggingsretning for kommunen i eit 40-årsperspektiv. Langsiktig grense for landbruk og område for regional grønstruktur set klare premisser for arealforvaltinga i kommunen. Krav om at kommunane må ha ein avgrensa senterstruktur i Kvernaland som lokalsenter i kommunen, ligg nedfelt i FDP-J.

Fylkesdelplan for Universell utforming blei vedteken i mars 2007. Føringane i denne vil bli retningsgivande med tanke på tilrettelegging også på lokalt nivå. Det er i tillegg utarbeida ein handlingsplan for universell utforming som eit supplement til fylkesdelplanen.

Fylkesdelplan for byggeråstoff på Jæren blei vedtaken desember 2006. Planen tar føre seg aktuelle sand, grus- og steinførekomstar i regionen og vurderer desse ut frå nytteverdi og konfl iktnivå. Innanfor planområdet til kommunedelplanen ligg det eit aktuelt område for masseuttak som inngår i fylkesdelplanen.

Plan for Rv 505 Kverneland – Foss-Eikeland og tverrsamband E39, er under utarbeiding i regi av Statens Vegvesen og Rogaland Fylkeskommune. Time kommune er representert i både arbeidsgruppe og styringsgruppe for prosjektet. Planarbeidet med omkøyringsvegen vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast.

Kommunale føringarKommuneplanen i Time med føresegner og retningslinjer er det overordna planverktøyet som kommunedelplanen for Frøyland/Kvernaland vil ta omsyn til. Kommuneplanen for 2007-2018 blei vedteken av Time kommunestyre 13. februar 2007.

Konkrete føringar for Frøyland/Kvernaland som ligg inne i kommuneplanen, er nye busta-dområde på Frøyland – BK3, BK7 og BK8, eit 33 daa stort område for offentlege føremål ved Kalbergskogen og aust for dette eit langsiktig utbyggingsområde for bustader.Det er og vist mogleg framtidig masseuttak (A19) aust i planområdet, framtidig regional grønstruktur i tråd med fylkesdelplanen, samt mogleg ny vegtrasè for Rv505 utanom Kver-naland sentrum. Føresegnene til kommuneplanen §3 slår fast at ”På Kvernaland skal brua på riksveg 505 ved Frøyland stadion vera utvida før felt N/(B) og BK8 kan byggjast ut. For BK3 og BK8 på Frøyland er kravet om gjennomsnittleg arealutnytting på minst 3 bueiningar per dekar. Det skal liggja føre godkjend kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland før reguleringsplan for felta BK3, BK7 og BK8 kan godkjennast.”

kap. 2 - føresetnader for planen

Page 10: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

10 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

Som hovudregel vil nyare vedtekne planer gjelda føre eldre planer. Det vil seie at når kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland er vedteken, vil han avløysa kommuneplanen i planområdet fram til neste rullering av kommuneplanen. Deretter vil føresegnene til kom-munedelplanen vera utfyllande for kommuneplanen med unntak av eventuelle punkter kor det er motstrid mellom planane. Reguleringsplanar som ikkje er i strid med kommunedel-planen vil vera juridisk bindande sjølv om ny kommunedelplan er vedtatt. Reguleringspla-nar som blir vedtekne etter kommunedelplanen vil gjelda framfor denne.

kap. 2 - føresetnader for planen

Page 11: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 11

3.1 Befolkningsutvikling

Målsettingar:- Tettstaden skal ha ein jamn vekst i innbyggjartal i planperioden.- Kommunen skal kunna tilby gode offentlege tenester til innbyggjarane.

Det er føretatt ein vurdering av dagens befolkning og forventa framtidig befolkning. I gjeldande kommuneplan er det operert med ein vekst på ca. 300 personar i Frøyland skulekrins fram mot 2020. Nye reviderte prognosar basert på fri utbygging av dei nye bus-tadfelta som ligg inne i kommuneplanen tyder på at veksten kan bli langt høgare enn dette. Tabellane nedanfor viser framskriving i to alternativ.

Alternativ 1 viser ei moderat utbygging på Frøyland som inneber at ein set restriksjonar for kva tid nye bustadfelt får byggjast ut. Med desse restriksjonane kan ein halda befolknings-veksten på eit nivå som er nesten i samsvar med prognosane i kommuneplanen.Alternativ 2 viser ei maksimal utbygging innanfor dei areala som i kommuneplanen er av-sette til bustadføremål, utbygd i eit berekna marknadsstyrt tempo.

Fullstendige prognosar med bustadbyggjeprogram er å fi nna i vedlegg 3.

Bustadbygging i Frøyland skulekrins i 2 alternativSum 2007-12 Pr år 2013-20 Sum 2007-20

Alt. 1 Moderat utbygging 290 30 530Alt 2. Maksimal utbygging 380 40 700

Framskriving av folkemengde i Frøyland skulekrins (tal ved utgangen av året):2008 2012 2020

Alt. 1 Moderat utbygging I alt 2760 3200 3600 0-5 år 220 260 290 6-15 år 500 530 560Alt 2. Maksimal utbygging I alt 2760 3400 4000 0-5 år 220 270 330 6-15 år 500 560 640

For å synleggjera behovet for skular og barnehagar er tabellen inndelt i desse alderskate-goriane. Personar 6-15 år i tabellen inkluderer elevar i private skular. På Frøyland er det i dag rundt 40 elevar i private skular.

Dersom det blir bygd rundt 700 nye bustader på Frøyland fram til 2020, kan vi forventa ein auke i folkemengda frå ca. 2800 innbyggjarar i 2008 til ca. 4000 innbyggjarar i 2020. Barn i barnehagealder er forventa å auka frå 220 til 330 og barn i skulealder frå 500 til 640.

kap. 3 - problemstillingar/vikige hovudspørsmål

Page 12: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

12 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

Som vist i tabellen over er dette ein langt sterkare vekst enn kva som ligg til grunn for gjeldande kommuneplan. Her er det lagt opp til bygging av 380 bustader i perioden. Samla folkemengd er forventa å auka til 3100 i 2020. Barn under 6 år vil auka litt, mens talet på elevar i grunnskulen vil gå ned.

Utviklinga i folketalet vil i stor grad vera avhengig av kor mange bustader som er tilgjenge-lege i området. I allereie avsette framtidige bustadområde er det rom for 480 bustader, i tillegg er det ca. 200 bustader som er ferdig regulert og under utbygging. Kommunen har liten styring med kor tid desse bustadene vil bli bygd, i og med at utbygginga skjer i privat regi.

Desse rammene må sjåast i samanheng med tilbod og etterspørsel for tilstøytande bustad-felt i Klepp (Orstad). Det er i gjeldande kommuneplan for Klepp kommune (2006-2017) sett av 261 daa til nye bustadområde, med krav til mellom 2 og 3,5 bustader per daa. Det er mogleg at ledig kapasitet i Klepp kan avlasta byggjepresset på Time-sida.

Offentleg tenestetilbodSkulane på Frøyland blir utvida i 2007/2008, men det vil heller ikkje etter utvidinga vera nokon stor ledig kapasitet. Tidlegare berekningar har vist at elevtalet i skulekrinsen vil vera relativt stabilt framover, jf alternativ 1 over. Det vil difor ikkje vera økonomisk forsvarleg å byggja ut skulane meir enn det som er nødvendig pr. i dag.

Det samla arealet for barne- og ungdomsskulen, samt tomt mellom desse som kommunen eig, er 43,5 daa. Vanleg brukte normer utgår ifrå at det er behov for ca. 2 daa per 25 el-evar, med andre ord er det eit potensiale for nesten 550 elevar til saman på dei to skulane. I dag er det ca. 500 elevar på skulane til saman. Ved alternativ 2 i framskrivingane vil det i 2020 vera drygt 600 elevar. Dette kan gi problem med skulekapasiteten og føra til at sku-lane må utvidast ytterlegare.

Dette tyder på at den ledige tomta på 5,5 daa mellom skulane bør settast av til skuleareal. Denne tomta har til nå vore tenkt utbygd til barnehage. I tilfelle det blir bygd barnehage her, kan det vera aktuelt å planleggja eit bygg som kan omdisponerast frå barnehage til skule dersom skulane treng meir areal.

Det er i dag 2 barnehagar innanfor planområdet. Eit forslag om å regulera inn ein ny barnehage på gnr. 28/bnr. 6 blei i desember -06 avvist av PØK då dette var i strid med kommuneplanen. Ein annan grunn for vedtaket var at kommunen hadde ei mogleg barnehagetomt i tilknytning til skulane på Frøyland, og at det ikkje syntes å vera behov for ein ny barnehage enno. Tilbakemeldinga var at saka måtte få ei grundigare vurdering i samband med kommuneplanen eller kommunedelplan, sidan det aktuelle området var vist som lnf i gjeldande plan. Vurderingar som er gjort i samband med kommunedelplanen tyder på at det bør settast i gang byggjing av ein barnehage i løpet av 2009, samt at det bør vera areal til minimum ein

kap. 3.1 - befolkningsutvikling

Page 13: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 13

ny barnehage til i løpet av planperioden. Det er difor sett av areal til to barnehagar i plan-forslaget.

Det er i dag ingen offentlege helsetilbod i denne delen av kommunen. Heimehjelpstenesta har ein base på Kvernaland som ikkje er i bruk. Det har vore diskutert å leggja ein sjuke-heim i tettstaden for at dei eldre som bur her skal sleppa å fl ytta til Bryne. Hvis dette skjer kunne ein med fordel planlagt ei samlokalisering av sjukeheim og offentlege servicetilbod som lege, tannlege el.l.

Viss ein tillet maksimal utbyggjing vil det kunne medføra at det offentlege tenestetilbodet ikkje kan dekkja behovet om få år. Då blir det nødvendig med ytterlegare investeringar for å oppretthalde eit godt offentleg tenestetilbod.

Planforslaget foreslår følgjande: - Eit lite felt naturleg tilhøyrande BK8 blir lagt ut til framtidig bustadformål, og ei næringstomt i sentrum blir omdisponert til bustadtomt. Utover dette blir det ikkje lagt ut fl eire bustadområde enn dei som allereie er vist i kommuneplanen.- Det blir lagt restriksjonar på kva tid bustadfelta BK4, BK7 og BK8 får byggjast ut, og dette skal sjåast i samanheng med skulekapasitet (alt. 1 Moderat utbygging).- Det blir sett av tre nye område til offentleg føremål. To av desse (OK1 og OK2) er eigd av Time kommune, den siste (OK5) ligg som ein del av eit privat utbyggingsfelt. Det blir anbefalt at OK1 og OK5 blir nytta til barnehagar, OK5 i samband med utbyg- ging av BK8.- Framtidig offentleg område i Kalbergskogen (OK3) bli behaldt i planen, men dette området blir ikkje anbefalt utbygd før dei andre offentlege områda er utbygde.- Det blir anbefalt å ikkje byggje barnehage på tomta mellom Frøylandsskulane, men at denne blir behaldt til framtidig skuleutbygging.

kap. 3.1 - befolkningsutvikling

Page 14: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

14 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

Time kommune har saman med Klepp kommune vore pilotkommune i universell utforming sidan 2006. Universell utforming betyr enkelt forklart at fysiske element i samfunnet skal utformast slik at fl est mogleg kan bruka dei. Dette inneber at planleggjare mellom anna må tenka på å laga løysingar som skal fungere for svaksynte, rørsle- og hørselshemma, allergikarar og folk med nedsett orienteringsevne. Universell utforming gjer at desse per-sonane kan greia seg best mogleg på eiga hand, utan spesielle hjelpemidlar eller assist-anse. På eit eller anna tidspunkt i livet vil dei fl este av oss oppleva at mobiliteten eller ein av sansane våre blir svekka, anten det er som følgje av ein skade/sjukdom eller på grunn av alderdom. I denne samanheng passar det å visa til ”slagordet” for universell utforming – bra for alle, nødvendig for nokon.

Dårleg helse på grunn av for lite aktivitet er eit aukande problem i befolkninga, og det er kommunen sitt mål å leggja til rette for at folk skal kunne bevega seg meir i kvardagen. Dette har samanheng med utforming av grønstrukturen slik at alle skal ha tilgang på gode turområde nær bustaden sin. I tillegg vil gode føresetnader for kollektivtransport og gode gang- og sykkelvegar vera viktige føresetnader for å stimulera fl eire til å velja alternativ transport framfor bil. Dette vil bli tatt opp i planen med eigne målsettingar under følgjande tema: Grønstruktur, vegar og infrastruktur og kollektivtrafi kk.

Element i omgjevnadane som kan ha negativ innverknad på helse og trivsel er mellom anna støy og forureining. Miljøverndepartementet har utarbeida retningslinjer for kor my-kje støy som bør tillatast i og utanfor bustader, skular/barnehagar, på arbeidsplassar og i friområde. Når det gjeld friområde er det skilnad på område i tettbygde strøk, og område som ligg i meir urøyrd natur, kor det tillatast mindre støy i dei sistnemnde. Grønstruktur-planen for Bryne har vidareført desse retningslinjene til å gjelda for Bryne, og det same bør innførast på Frøyland/Kvernaland.Forureining i området blir sett nærare på i risiko- og sårbarheitsanalysen. Den største foru-reiningsproblematikken ein kjenner til er det som ligg i grunnen under Kverneland fabrikker. Det vil bli eit krav frå kommunen at når fabrikken avviklast og området skal nyttast til andre føremål, må forureininga fjernast eller sikrast forsvarleg.

Også desse elementa har samanheng med andre tema i planen. Tiltak som blir gjort for å minska biltrafi kken gjennom Kvernaland sentrum, vil og føra til mindre forureining og støy i sentrumsområdet.

Planforslaget foreslår følgjande: - Støykrav på 55 dB i grønstruktur og friområde, samt uteopphaldsareal- Universell utforming som tema ved all ny utbygging- Fjerning av forureining på N/(B) som krav ved nybygging - Utvikling av turvegnettet, sjå under grønstruktur

kap. 3.2 - planlegging for folkehelse

Målsettingar:- Det skal leggjast til rette for at fl est mogleg kan meistra sitt eige liv utan hjelp.- Forholda skal liggja til rette for at det er lett og triveleg å driva fysisk aktivitet, og å gå eller sykla framfor å køyre bil.

Page 15: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 15

kap 3.3 - sentrumslokalisering

Målsettingar:- Sentrum skal vera utforma slik at det er gåavstand til alle nærings- og tenestetilbod. - Lokalisering og utforming av sentrum skal vera optimal både for næringsdrivande og kundar.

På Kvernaland er det i dag to matbutikkar, frisør, tannlege, bakeri, ein pub og ein bankfi lial som utgjer næringsverksemda i sentrum. Samfunnshuset er og ein viktig sosial møteplass, med lokale som t.d. nyttast til fritidsklubb for ungdom og “Pensjonisten”.

Område kor det kan etablerast detaljhandel skal vera vist med sentrumsføremål i overord-na planar. Sentrumsføremål er og aktuelt for etablering av offentlege og private tenestetil-bod. I tidlegare og gjeldande kommuneplan har sentrumsområdet på Kvernaland vore noko utfl ytande og udefi nert.

Ei sentral problemstilling er korleis ein skal få ei god utnytting og eit kompakt sentrum i dag, men samtidig sikra at det er tilgjengeleg areal så ei framtidig næringsutbygging kan skje i tilknyting til dagens sentrum og ikkje føra til oppsplitting eller utfl yting. Retningslinjene for kjøpesenteretablering er delvis med på å hindra dette ved at større handlesenter ikkje får etablera seg utanfor område vist som sentrumsføremål. Men det er ikkje sikkert at det er ønskeleg å ha store areal i sentrum som står ubebygde i fl eire år i påvente av at nokon vil etablera næringsverksemd der seinare. Viss ein skal setta av arealreservar for framtida som går langt utover planperioden, bør desse areala enten vera i transformasjonsområde som kan nyttast til noko anna i mellomtida, eller dei bør fungera som for eksempel lnf eller grønt-/friområde fram til utbygging blir aktuelt. Store tomter som ligg ”brakk” er ikkje gun-stig for tettstadsutviklinga.

Nøyaktig arealbehov for sentrumsføremål på Kvernaland er vanskeleg å berekna, men med eit innbyggjartal på ca. 3000 vil det neppe vera grunnlag for nokon storstilt butikkutby-gging. Ein del av innbyggjarane på Orstad vil og inngå i handelsomlandet for Kvernaland, men samtidig planlegg Klepp kommune ei utviding av Orstad sentrum i området ved Ors-tad legesenter. Time kommune bør difor ikkje satsa på å få eit størst mogleg sentrumsom-råde i sin tettstad, men heller eit mindre men levedyktig sentrum, og ei god samlokalisering av offentlege og private tenestetilbod.

Ideelt sett bør sentrumsområdet ha fl est mogleg av desse funksjonane/kvalitetane:- Sentral lokalisering med god adkomst, både for bilistar og gåande/syklande - God kollektivdekning- Kompakt utforming- Moglegheit for utviding, evt. fortetting- Lite gjennomgangstrafi kk- Kort veg til andre servicefunksjonar- Gode offentleg tilgjengelege uteopphaldsareal- God parkeringsdekning- Blanding av bustader og næring (med næring på bakkeplan)

Page 16: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

16 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

Analyse av enkeltområde som er aktuelle som sentrum:

SK1NK

SK3 OK2

N/(B)

SK1: Ubebygd tomt på 17 daa. Grunneigar: Vibå eiendom AS og Coop Høyland og Jæren BA Lokalisering: Svært sentralt mellom eks. butikkar og samfunnshus Potensiale: Flat tomt, attraktiv for dei fl este føremål. Reguleringsmessig status: Regulert til forretning i plan 48 (frå 1976). Vist som sent- rumsføremål i gjeldande kommuneplan. Ny reguleringsplan for sørleg del av tomta er igangsett.

SK3: Samfunnshus og Røde kors-huset, samt parkeringsplass. 8,5 daa. Grunneigar: Samfunnshuset AL og Kverneland Røde kors Lokalisering: Mellom Frøylandsånå/Stemmen og Gamle Åslandsvegen. Relativt sen- tralt. Potensiale: Kunne med fordel hatt høgare utnytting. Litt skrånande terreng. Reguleringsmessig status: Regulert til forretning i plan 48. I gjeldande kommuneplan vist som offentleg føremål.

N/(B): Kverneland fabrikker, 25 daa. Grunneigar: Kverneland fabrikk A/S Lokalisering: Mellom for Rv505 og Frøylandsvatnet. Svært sentralt, men adskilt frå andre sentrumsområde pga. riksvegen. Potensiale: Attraktiv både for bustad og eventuell næring, samt offentlege føremål. Forureining i grunnen kan imidlertid fordyra utbygging. Enkelte av dei eksisterande bygningane bør bevarast som historiske/identitetsskapande element. Reguleringsmessig status: Regulert til industri i plan 48, i gjeldande kommuneplan vist som bymessig utbygging.

Område som er vurdert til sentrumsføremål

kap. 3.3 - sentrumslokalisering

Page 17: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 17

OK2: Ubebygd tomt på ca. 28 daa. Grunneigar: Time kommune Lokalisering: Nordaust for Stemmen, og for eksisterande butikkar etc. God lokaliser- ing, men mindre optimal enn dei resterande aktuelle områda. Potensiale: Dårlege grunnforhold, masseutskifting bør påreknast. Delar av området inngår i regional grønstruktur. Resterande areal bør byggjast med ei relativt høg utnyttingsgrad. Reguleringsmessig status: Regulert til offentleg område (skule) i plan 40. I gjeldande kommuneplan vist som sentrumsføremål.

NK: Bebygd med to butikkar, Rimi og Prix, samt lagerbygg. Ca. 5 daa. Grunneigar: Coop Høyland og Jæren BA, Reinert Kverneland og Agny Kverneland Lokalisering: Sentralt mellom Rv505 og Theodor Dahls veg. Potensiale: Er allereie utbygd. Kan vera aktuelt å byggja nytt på ein del av tomta når Prix fl yttar. Reguleringsmessig status: Regulert til forretning i plan 48. Vist som næring i gjeldande kommuneplan.

I forslag til planprogram låg eit område langs Åslandsvegen, SK4, inne som ei alternativ sentrumslokalisering (sjå vedlegg). Det har kome fl eire innspel frå innbyggjarar om at dei vil ha sentrum i det området kor butikkane og samfunnshuset ligg i dag. På bakgrunn av dette blei SK4 som tidlegare var vist i kommuneplanen som framtidig sentrumsføremål, tatt ut som sentrumsalternativ ved godkjenninga av planprogrammet

Planforslaget foreslår følgjande:- Områda SK1, SK3 og NK blir vist som sentrumsføremål. - OK2 blir omdisponert til offentleg føremål samt noko friområde. - N/(B) blir behaldt som bymessig utbygging. - I tillegg blir tomtene t.o.m. eksisterande bakeri nord for N/(B) vist som bymessig ut- bygging.- SK4 blir vist som framtidig bustadføremål, BK4.

kap. 3.3 - sentrumslokalisering

Page 18: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

18 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

For å kunne vurdera korleis tettstaden skal utvikla seg i framtida, er det vesentleg å kjen-na til korleis han har utvikla seg fram til nå. Det er ønskjeleg å ta vare på identiteten til lokalsamfunnet. Det gjer vi gjennom m.a. å ta vare på enkeltobjekt slik som kulturminne og fornminne og det samla bygnings- og naturmiljøet. Det ligg føre fl eire skriftlege kjelder som dokumenterer området si historie, men i tillegg til desse fi ns det fysiske element i nærmil-jøet som viser spor av historien og er viktige for staden sin eigenart. Ein egen kulturmin-neplan for Time er vedtatt i november 2008, og kommunedelplanen er samkøyrd med denne.

Sjå vedlegg 2 for ei skildring av historia til Frøyland/Kvernaland (av Sigbjørn Reime).

Etter som det har budd folk på Frøyland i fl eire tusen år, har området vore rikt på forn-minne. Men etter som tettstaden har blitt bygd ut, er fl eire av desse fjerna, seinast funn frå bronsealderen på gnr. 28 bnr. 1 mellom Frøylandsvegen og Stemmen. I den ubebygde de-len av planområdet er det framleis ein heil del kulturminne som er registrert, og antageleg fl eire som ikkje har blitt registrerte. Ved nybygging bør kulturminne som kan ha ein peda-gogisk verdi forsøkast integrert i bustadfelt for eksempel gjennom grønstrukturen.

Men det er ikkje berre automatisk freda kulturminne frå før reformasjonen som er verde å takast vare på for ettertida. Nyare bygningar og anlegg kan og ha ein historisk verdi. Mel-lom anna fi nn ein ved Stemmen ei bru som er bygd opp av ramen på gamle tyske tanks, som det kan vera interessant å ta vare på. Sjølve demninga ved Stemmen, som blei bygd ca. 1870, er og omtala i kulturminneplanen som eit prioritert objekt. Bygningane som til-høyrde Kverneland fabrikker er ikkje tatt med i SEFRAK (register over verneverdige gamle bygningar) då dei enno ikkje er tilstrekkeleg gamle, men fl eire av desse er interessante både arkitektonisk og kulturhistorisk sett.

Ein forenkla stadsanalyse av tettstaden viser at dei sentrale elementa i landskapet er Frøylandsvatnet, Stemmen, Håholen, høgdedraga ved Betuelsmarka og det åpne jord-brukslandskapet. I nord har vi restar av eit særeige daudislandskap, som markerar seg tydelegast i form av kjegleformasjonen Revholen. Av bygningsmasse er det einebustader som er dominerande, medan Frøylandsskulane, Kverneland fabrikker og idrettsanlegget skiljer seg ut som litt større bygningar. Industriby-gga ved Revholen er mindre markante med sin skjerma plassering. Eldre bygg som har ei historisk verdi, er sveitserhuset Dalheim, mest kjent som “Trikanten”, som ligg midt i sen-trum, ”Smiå” - den gamle smia til Kverneland, og nokre av dei eldste bygningane inne på dagens fabrikkområde (N/(B) i plankartet). Eit anna gammalt hus ved Frøylandsvegen er det einaste gjenværande jærhuset på Frøyland/Kvernaland. Dette er dessverre så fallefer-dig at det neppe vil vera lønsamt å forsøka å restaurera det, og bygget er regulert fjerna. Ein gammal låve frå same tidsperiode er allereie blitt riven.

kap. 3.4 - staden sin identitet og historie

Målsettingar:- Tettstaden sin historie skal haldast levande ved at viktige identitetsskapande element blir tatt vare på.- Fornminne og andre historiske element skal forsøkast integrert i omgjevnadane.

Page 19: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 19

Teiknforklaring:

R

R

RR

R

RR

R

R

R

R

R FornminneBygg som blir foreslått vernaGamalt jærhusDemningBrufundamentav tanks

R

kap. 3.4 - staden sin identitet og historie

Page 20: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

20 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

Planforslaget foreslår følgjande:Desse husa blir vist som spesialområde bevaring: - Dalheim (tidlegare Trikanten barnehage på SK1) - 1917-bygget på Kverneland fabrikker (N/(B)). - Den gamle smia ved Frøylandsbekken som Kverneland fabrikker eig.

To av bygga som har blitt vurdert regulerte til spesialområde bevaring på N/(B):Fabrikkhall frå 1895, denne blir ikkje bandlagt og 1917-bygget (t.h) som bandleggast.

Direktørbustad i Frøylandsvegen 1 blir ikkje regulert til bevaring

kap. 3.4 - staden sin identitet og historie

Smiå, der plogproduksjonen først blei starta.Sveitserhuset Dalheim blir foreslått bevart

Page 21: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 21

Det er i dag etablert to mindre industriområde ved Revholen og Smørpigen. I tillegg ligg Kverneland fabrikker A/S midt i Kvernaland sentrum. Dette arealet er avsett til bymessig utbygging av næring og bustad i kommuneplanen, og vil bli eit transformasjonsområde når verksemda ein gong blir avvikla. Utover dette er det lokalisert eit industriområde drygt 500 meter sør for tettstadsgrensa ved Rv 505, kor mellom anna T. Kverneland & Sønner A/S (TKS) ligg. I nordgåande retning har Klepp kommune store eksisterande og framtidige om-råde til industri/erverv vest for riksvegen frå Øksnavadporten til Orstad. Og i Sandnes kom-mune er det sett av store areal til næring på Foss-Eikeland og Vagle. Framtidig næring-sutvikling bør difor sjåast i samanheng med tilhøva i nabokommunane. Samtidig har Time kommune andre område i kommunen kor det er avsett areal til industri/næring.

Klepp kommune har i sin nyleg godkjente (2007) kommuneplan lagt inn totalt 83 daa nye næringsområde ved Orstad/Øksnavadporten, som ligg innanfor rimeleg avstand frå Kver-naland sentrum. På Lyefjell har Time kommune lagt inn 23 daa, og ikring Bryne ligg det til saman ca. 360 daa med framtidig næringsområde i Time og Klepp. Desse områda er avsett for å dekkje behovet for næringsutbygging fram mot 2018.

Ser me vidare utover denne perioden, vil langsiktig grense for landbruksområde etter kvart sette ein stoppar for utviklinga i desse områdene. Det gjenstår enno ein god del areal på Orstad, men rundt Bryne er det langt mindre å gå på. På Lyefjell ligg det eit potensiale for vidare utvikling sør-aust for bustadfelta. Nærmast Kvernaland har me Kalbergområdet som i dag blir nytta til landbruk og masseut-tak, som kan tenkast å bli aktuelt som utbygging til næringsområde når masseuttaksverk-semda avsluttast. Kalberg ligg regionalt sett sentralt plassert mellom Sandnes, Bryne og Ålgård, og med nytt vegsamband mellom Rv44 og E39 som eventuelt vil gå over Kalberg, er det nærliggande å tenka at dette kan bli ettertrakta som utbyggingsområde. Lokalisering av næringsområde er eit av temaa som vil bli vurdert i planarbeidet kalla “Bybåndet Sør”. Dette er eit interkommunalt samarbeid om ein samla plan for Ganddal, Orstad og Kverna-land, som startar opp i 2009.

Fylkesdelplan for langsiktig byutvikling stiller krav om ein høg utnyttingsgrad og i industri- og næringsområde. Dette gjer at arealkrevjande verksemder kan ha vanskeleg for å fi nna eigna lokaliseringar. Denne problemstillinga vil bli tatt opp i revisjonen av fylkesdelplanen.

Det er fl eire årsaker til at det ikkje er ønskeleg å lokalisera næringsområde for tett innpå bustadfelt. Dei mest opplagte er støy, forureining og trafi kkbelastning. Ser ein på planområdet for kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland, er det kun området SK4 som peikar seg ut som eit mogleg areal for denne type verksemder. SK4 ligg imidler-tid og såpass nære både eksisterande og planlagde bustadfelt, at det neppe vil vera gun-

kap. 3.5 - lokalisering av plasskrevjande næring

Målsettingar:- Det skal vera ein overordna strategi i kommunen å ha tilstrekkeleg areal til næring og industri.- Næring skal primært ikkje lokaliserast slik at det er til sjenanse for bustader.

Page 22: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

22 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

stig å tillata ei utbygging til næring her heller. Kontor og diverse publikumsretta verksemder bør lokaliserast i sentrum, og arealkrevjande næring får etablera seg i dei områda som fi ns tilgjengeleg i nærleiken.

Når ein eventuell omkøyringsveg rundt Frøyland/Kvernaland blir realisert, kan det igjen bli aktuelt å vurdera om det skal leggjast til rette for næringsverksemd i tilknyting til vegen.

Planforslaget foreslår:- Ingen nye industri/næringsområde innanfor planområdet.

Kart over næringsområde i Klepp og Time (gjeldande kommuneplanar)

Lyefjell

kap. 3.5 - lokalisering av plasskrevjande næring

Page 23: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 23

Tilleggsvurdering: masseuttak

I gjeldande kommuneplan er det vist eit mogleg framtidig masseuttak på Frøyland, kalla A19 (sjå vedlegg ). Dette er vist utan juridisk verknad. Det føreslåtte masseuttaket er så stort at det ved ein eventuell regulering vil utløysa krav om konsekvensutgreiing. Førekom-sten har i fylkesdelplan for byggjeråstoff på Jæren blitt plassert i kategori 2 – høg konfl ikt-grad, men kor avgrensande/avbøtande tiltak i planleggingsfasen kan minska konfl iktane.

Førekomsten er ein grusressurs av antatt bra kvalitet, som ligg i eit lnf-område. Med tida er det mogleg at tettstaden vil veksa i retning av dette området. Ressursmessig sett vil det då vera ein fordel å få tatt ut massane før området eventuelt blir utbygd. Derimot vil kval-itetane i eit mogleg framtidig bustadområde bli forringa av at landskapsdrag og vegetasjon blir fjerna.

Sidan planen ikkje legg opp til nokon omdisponering av A19 frå dagens bruk, vil det ikkje vera tilrådeleg å starta masseuttak innanfor denne planperioden.

Det har vore føreslått å leggja arealet tilbake som landbruksmark etter uttak av massar, men dette vil kunne medføra at området blir berørt av anleggsarbeid to gongar, først ved masseuttak og så ved ei eventuell utbygging. Lokalbefolkninga har uttrykt bekymring for støy og støv frå uttaket, og dette kan truleg avgrensast best ved at uttak og eventuell utby-gging blir samkøyrd.

Argumenta for å ta ut massane før det blir bygd bustader for nære området, er ikkje så rel-evante lenger når feltet ved Stemmen snart er utbygd, og det ikkje er lagt inn nye bustad-felt lenger aust. Mot BK7 og OK2 er det eit vegetasjonskledd høgdedrag som vil skjerma for støy og støv.

Planforslaget foreslår: - Masseuttak A19 tas ut av planen.

kap. 3.5 - lokalisering av plasskrevjande næring

Page 24: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

24 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

Overordna vegsystem - nye vegarRv 505 går i dag gjennom tettstaden, langs Frøylandsvatnet. Vegen er til dels underdimen-sjonert for dagens trafi kkmengder, og det bør gjerast tiltak med omsyn på trafi kktryggleik. Statens vegvesen arbeider, saman med m.a. Klepp og Time, med å planleggja ny trasé utanom tettstaden. Konsekvensutgreiinga for den nye traseen vil Statens vegvesen og Ro-galand fylkeskommune stå for, men kommunedelplanen må sjå på kva innverknad det nye vegsystemet vil få på tettstaden og på vegnettet elles. I planprogrammet for ny vegtrasé er det lagt fram to ulike alternativ for Rv 505 (A1 og A2), det eine er ei oppgradering av eksisterande veg med miljø- og trafi kksikringstiltak. Det andre alternativet er ein heilt ny vegforbinding frå Foss-Eikeland bru til Kverneland sør via Kalberg. Denne vil krevja tunnel eller kulvert i den sørlege delen.

Erfaringar frå andre tettstader tilseier at når ein hovudveg blir lagt utanom sentrumsom-rådet, kan det gjera tilhøva vanskelegare for dei næringsdrivande i sentrum. Det er viktig å sikra at sentrum blir attraktivt for både handlande og næringsdrivande, og at tilgjenge til sentrum blir god både for biltrafi kk, gåande og syklande.

Målsettingar:- Vegnettet skal vera tilrettelagt for alle trafi kantgrupper.- Faren for trafi kkulykker skal reduserast der det er mogleg.

kap. 3.6 - vegsystem og infrastruktur

Page 25: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 25

I samband med eventuell ny trasé for Rv 505 ligg det inne planar om ei tverrforbinding frå Rv 505 til E 39. Det vil bli utgreidd 4 ulike alternative trasear for denne tverrforbindinga, den nordlegaste ved Foss-Eikeland – Bogafjell, og den sørlegaste frå Kverneland/Fjermes-tad til Ålgård.

I kommuneplanen for Time ligg det inne eit vegsamband frå toppen av Lyefjell over Njåfjel-let og ut på Fjermestadvegen. Denne vegen har vore påtenkt sidan 1980-talet, men dei seinare åra har prosjektet blitt lagt litt ”på vent”. Dette skuldast i første rekkje at utbygginga på Lyefjell ikkje gjekk så fort eller blei så stor som planlagt. Dersom vegen skal realiserast no, må dette skje på bakgrunn av eit omfattande planarbeid med konsekvensutgreiing.

Hovudvegar/riks- og fylkesvegarDet eksisterande hovudvegnettet består i tillegg til Rv505 som går nord-sør, av Fv219 som går austover til Fjermestad og Fv220 som går til Figgjo. Innanfor planområdet har desse vegane ein ganske bra standard. Det som kan gjerast for å betra trafi kktryggleiken er først og fremst å rydda opp i avkøyrslar ut på fylkesvegane og å sørga for oversiktlege kryss. I Fjermestadvegen skal krysset mot Rv505 utbetrast i samband med utbygging av bustad-feltet BK3 som vil medføra ein auka trafi kk. I tillegg blir Ungdomsvegen, som i gjeldande plan er regulert til gang og sykkelveg, anbefalt stengt mot fylkesvegen. På Fv 220 blir det ikkje foreslått nokon særskilte tiltak, anna enn ei opprydning i avkjørsler kor vegar som tidlegare er regulert stengt blir vist som stengde.På riksveg 505 gjennom sentrum bør det gjerast tiltak for å fremja tilhøva for mjuke trafi kanter og markera sentrumsområdet. Dette kan vera redusert fartsgrense, fl eire fot-gjengarkryssingar og/eller andre “miljøgatetiltak”.

Lokale/kommunale vegar Vegvesenet har bedt kommunen om å defi nera eit meir differensiert gate- og vegsystem i tettstaden, og å vurdera standarden på dei einskilde vegane.

Dei mest sentrale av dei kommunale vegane er Gamle Åslandsvegen, Frøylandsvegen og Brekkevegen, samt nederste del av Kalbergvegen. Desse har eller bør ha funksjon som samlevegar. Gamle Åslandsveg har i tillegg ein profi l med preg av miljøgate, noko som bør byggast vidare på gjennom sentrumsområdet. Ved vidare utbygging langs eller i tilknyting til desse samlevegene må det bli eit krav at det skal opparbeidast fortau eller gang/sykkelveg der dette manglar i dag. Spesielt viktig blir det å få oppført fortau vidare langs Frøylandsvegen dersom det skal tillatast meir utbygging her.

Når det blir bygd vidare ut med bustader langs Brekkevegen, vil krysset Ungdomsvegen/Fv219 bli et kritisk punkt. Dette er eit X-kryss som vegvesenet ikkje vil godkjenna blir be-lasta med meir trafi kk. Gjeldande reguleringsplan viser dessutan at Ungdomsvegen skal vera stengd for biltrafi kk. I samband med kommunedelplanen og vidare utbygging kan det vera aktuelt å gjennomføra denne stenginga. Det er allereie bygd fortau langs Brekkeve-gen, men det kan bli aktuelt med fl eire trafi kksikringstiltak når trafi kken aukar.

Ved gjennomgang av eldre reguleringsplanar har det kome fram fl eire vegar som er

kap. 3.6 - vegsystem og infrastruktur

Page 26: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

26 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

Tegnforklaring:

Riks- og fylkesveg-nettSamlevegarAvkøyrsle som skalstengast

Fv 219

Rv 505

Fv 220

Frøylandsvegen

Gamle Åslandsvegen

Kalbergvegen

Brekkevegen

TheodorDahls veg

kap. 3.6 - vegsystem og infrastruktur

Page 27: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 27

regulert stengd, eller som er regulert men ikkje bygd. Eit eksempel er avkøyrsel frå Skif-erbakken ut på Fv. 220, kor det nå blir foreslått å gjennomføre stenging og opparbeida ny adkomstveg via Elvebakken. I tillegg må avkøyrsel til Blåberget tvers ovanfor Gamle Ås-landsveg stengast for biltrafi kk. Desse avkøyrslene er smale og eit stort antal avkøyrsler fører til eit uoversiktleg trafi kkbilete på fylkesvegen.

Gang/sykkelvegarTrygge skulevegar er gitt høg prioritet i planarbeidet, og kartlegging av eksisterande gang og sykkelstiar for å fastslå kor det er behov for nye lenkar har vore viktig. Eit lenge kjent problem blant lokalbefolkninga er den så kalla ”Sorpestien”, som går frå O.G. Kvernelands-veg aust for bensinstasjonen og ned til Skudebergvegen. Denne vegstubben blir nytta av ein del barn, men som namnet seier er ikkje standarden heilt tilfredsstillande. Det er dessu-tan eit uoversiktleg kryss mellom Sorpestien og ein avstikkar til Bergenevegen, kor det kan oppstå farlege situasjonar. Reguleringsplan for området viser at Sorpestien eigentleg er regulert til kommunal veg og skulle fungert som adkomstveg for fl eire einebustader. For å utbetra dagens situasjon bør Sorpestien opparbeidast med den vegstandard den er regul-ert, og avstikkaren frå Bergenevegen stengast før det farlege krysset.

Planforslaget foreslår følgjande: - Det blir lagt inn to aktuelle trasear for nytt overordna vegnett (utan juridisk verknad).- Reguleringsplanar som viser stenging av adkomstvegar ut på riks og fylkesvegnettet blir gjennomført, med unntak av Ungdomsvegen/Fv219.- Fotgjengarprioritert gjennomkjøring i sentrumsområdet (mellom Theodor Dals veg og Frøylandsvegen)- Oppgradering/bygging av Sorpestien.- Rekkefølgjekrav til fortau i samband med utbygging av nye felt.

kap. 3.6 - vegsystem og infrastruktur

Page 28: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

28 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

Målsettingar:- Leggja til rette for eit betre kollektivtilbod, m. a. ved auka utbygging langs bussaksar- Betre tilhøve for dei som nyttar sykkel + kollektiv- Universell utforming på alle busshaldeplassar

Kvernaland har eit velfungerande bussamband mot Sandnes med avgang kvar time frå kl. 6 - 23 måndag-fredag, mens det i retning Bryne bare er 4 avgangar dagleg (og 3 avgangar tilbake frå Bryne). Det er ca. 1,5 km frå sentrum til næraste togstasjon, som er Øksnavad-porten. Herfra går det tog til Stavanger kvar halvtime og til Egersund kvar heile time. For å få til ei bærekraftig tettstadsutvikling, må kollektivtilbodet styrkast. Tidlegare har det mellom anna vore vurdert å leggja opp til ringbuss rundt Frøylandsvatnet.

IRIS (International Research Institute of Stavanger) har på oppdrag frå kommunane Klepp og Time føretatt ei vurdering av kollektivbetjeninga i tettstaden Frøyland/Kvernaland og Or-stad, og foreslått løysingar for å auka kollektivandelen. (Dette notatet er lagt som vedlegg 4.) Hovudkonklusjonane er at bussrute 22 Sandnes sentrum – Ganddal – Kvernaland fungerar rimeleg bra, og at denne bør vidareutviklast med lengre opningstider og ein noko høgare frekvens. Når det gjeld eit eventuelt direktesamband Frøyland/Kvernaland – Bryne er det i dag ikkje tilstrekkeleg trafi kkgrunnlag for dette. Ein kan eventuelt forsøka med ei forlenging av rute 22 mot Bryne i rushperiodane, men det er truleg at eit slikt tilbod vil ha eit høgt tilskotsbehov. På lengre sikt vil ein eventuell framtidig veg frå Kvernaland til Lye over Njåfjellet opna for at rute 22 blir slått saman med ruta Lye-Bryne, noko som kan gi eit høgare trafi kkgrunnlag. Dette vil i følgje IRIS vera den beste løysinga for å få til eit høg-frekvent bussamband mellom Frøyland/Kvernaland og Bryne.

Når det gjeld togstasjonen Øksnevadporten, bør denne bli et knutepunkt mellom buss og tog. I tillegg bør det leggast opp til betre innfartsparkering for bil og for syklar. Sykkelveg-nettet til og frå stasjonen kan og utbetrast.

Spørsmålet om behov for bussterminal i Kvernaland sentrum har blitt vurdert av Time kom-mune, og sett i samanheng med kollektivvurderingane til IRIS. Konklusjonen her er at det er lite sannsynleg at det vil bli behov for ein bussterminal verken i denne eller neste plan-periode. Både slik busstraseen er i dag og slik den er foreslått vidareutvikla, er det ingen bussar som vil snu i sentrum, og heller ingen korresponderande bussar som skal møtast. Den beste løysinga synast å vera ein lett tilgjengeleg og sentralt plassert haldeplass ved Kvernaland sentrum. I tillegg er det behov for betre busshaldeplassar på begge sider av riksvegen ved Frøylandsskulane, og ei fotgjengarkryssing i tilknyting til desse.

Meir generelt bør arealbruken i tettstaden konsentrerast i eit 300 meter bredt belte langs dagens Rv 505 for å støtta opp under kollektivtraseen. Trafi kkskapande aktivitetar må loka-liserast nærast mogleg busstraseen. Det er vesentleg at kollektivtilbodet blir tilgjengeleg med omsyn til universell utforming.

kap. 3.7 - kollektivtrafi kk

Page 29: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 29

Teiknforklaring:

BusstraséBusshaldeplassBusstoppBehov for nybusshaldeplass

kap. 3.7 - kollektivtrafi kk

Page 30: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

30 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

Planforslaget foreslår:- Sentral ny busshaldeplass i sentrum når området N/(B) blir utvikla- Tettare utbygging langs busstraseen- Langsiktig satsing på kollektivakse mot Lye- Universell utforming på alle busstopp

kap. 3.7 - kollektivtrafi kk

Page 31: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 31

Målsettingar:- Intern grønstruktur i alle nye bustadområde- Mest mogleg lokal overvasshandtering- Forbinda Frøylandsvatnet – Stemmen – Kalbergskogen - Figgjoelva

Grønstruktur er veven av meir eller mindre samanhengande, store og små naturprega om-råde i ein by eller tettstad. Grønstrukturen på og rundt Frøyland/Kvernaland består av: - Overgangssona mellom tettstad og ”land”, dvs. dei næraste 1-2 km inn i dei kring- liggjande natur- og kulturlandskapsområda- Store og små naturområde, inkl. strandområde, vatn, tjern, elvar og bekkar. - Parkar, institusjonsområde, skulegardar, allear og andre opparbeida grøne område- Private hagar/fellesareal i bustadområda- Grøne ”restområde” som både kan ha kultur- og naturpreg, t. d. rivningstomter, in- dustritomter, fyllingar, ”løkker”, vegkantar og ulike kantsonar.

Desse områda er viktige både for rekreasjon, fysisk aktivitet, miljø/klima, pedagogisk bruk og det biologiske mangfaldet av planter og dyr. Kvernaland ligg sentralt i forhold til regional grønstruktur, som skal binda saman grøntdraget langs Figgjoelva med Kalbergskogen og Frøylandsvatnet. Grønstrukturen må kartleggjast, behovet for nye grøntareal må vurderast og ein framtidig struktur bør kartfestast i arealdelen av kommunedelplanen.

Fylkesdelplanen har som mål at alle skal ha tilgang på eit samanhengande turvegnett på minimum 3 km innan 500 meters avstand frå bustaden sin. Planen skisserer og 20 daa som rettleiande norm for minste storleik på nære friområde. Dette har og vore måla i arbei-det med kommunedelplanen. Omsynet til universell tilrettelegging vil vera sentralt her.

Alternative areal- og utviklingsløysingar:Med utgangspunkt i den overordna grønstrukturen, vil det bli utforma eit nettverk av lokale turvegar og mindre grøntområde som knyter seg opp mot det regionale nettet. Det vil vera aktuelt å inngå avtalar med bøndene i området om bruk av gardsvegar til turgåing. Somme plasser kan det og bli aktuelt med ei merking og oppgradering av eksisterande stiar i ut-mark, igjen i samarbeid med grunneigar.

Frøyland/Kvernaland ligg gunstig lokalisert med tanke på overordna grønstruktur. Tetts-taden grenser til Frøylandsvatnet, og har kort avstand til skog- og utmarksområde. Det kunstig oppdemma vatnet ”Stemmen” med kringliggande friområde (ca. 40 daa) og bade-plass ligg sentralt like ved Kvernaland sentrum. Bare dette friområdet vil dekkja godt og vel halvparten av dei eksisterande bustadane i området når det gjeld krav om eit større friom-råde innanfor ein avstand på maks 500 meter (målt i luftlinje ved kartlegginga). For nordre del av planområdet dekkjer Kalbergskogen behovet både for friområde og turvegnett. I sør bør det imidlertid etablerast ein betre grønstruktur og eit turvegnett. Fylkesdelplanen for langsiktig byutvikling synar ein samanhengande turveg langs heile Frøylandsvatnet, dette vil kommunen arbeida for å få på plass. Per i dag manglar det og ein god gangforbindelse i ”naturlege omgjevnader” mellom Stemmen og Kalbergskogen. Når dette er på plass, vil innbyggjarane ha eit svært godt rekreasjons- og turtilbod.

kap. 3.8 - grønstruktur

Page 32: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

32 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

Regional grønstruktur frå FDP-FINK (justert etter lokale forhold)

Bading er ein viktig friluftsaktivitet i sommarhalvåret, og på Frøyland er både Stemmen og Gåsevik attraktive badeplassar. Vasskvaliteten i Stemmen er relativt bra og her kan ein fi nt bade heile året. I Frøylandsvatnet har dårleg vasskvalitet vore eit problem i fl eire år, men det er betre vasskvalitet i Gåsevika enn ved Sandtangen. Målingar gjort sommaren 2007 visar at bakterieinnhaldet er såpass lågt at det er trygt å bada. Denne sommaren var imi-dlertid ikkje spesielt varm, og ved høgare temperaturar vil bakteriane voksa raskare. Time kommune vil difor halde fram med prøvetakinga som blir publisert på heimesidene.

Planforslaget foreslår følgjande:- Framtidig hovudturveg langs Frøylandsvatnet.- Eit samanhengande turvegnett langs Frøylandsånå/Stemmen.- Samanhengande grønstruktur nord-sør frå Kalbergskogen til Håholen mot Njåfjell

kap. 3.8 - grønstruktur

Page 33: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 33

Tegnforklaring:FriområdeFramtidig friomr.Viktige land-skaps-/turdragTurvegFramtidig turveg

Teiknforklaring:

kap. 3.8 - grønstruktur

Page 34: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

34 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

Befolkningsprognosane som ligg til grunn for kommunedelplanen, har vist at talet på barn på Frøyland/Kvernaland vil stiga svakt dei neste åra. Som omtalt under kapittelet om of-fentleg tenestetilbod, så er det behov for fl eire barnehageplassar på Kvernaland. Dette er ei av dei viktigaste oppgåvene for kommunedelplanen å sikra. Samtidig ønsker ein å ta vare på noko areal ved skulane til eventuell utviding av desse.

Det er viktig å sikra gode tilhøve for fotgjengarar og syklande, som nemnt i kapittelet om vegar, og dette vil spesielt koma barn og unge til gode. Ved å lokalisera skular og barnehagar nær grønstrukturen kan ein få trygge skulevegar og turvegar.

Idrett og aktivitetarFrøyland idrettslag har eit fi nt anlegg med fotballbanar, idrettshall og friidrettsstadion. Anlegget er dessverre heilt innebygd av bustadfelt, og det er ikkje plass til å utvida nær eksisterande tomt. Det synest likevel som om anlegget er bra nok til å dekka behovet i gjeldande planperiode. I denne omgang vil fokuset liggja på å få opparbeida eit samanhen-gande turvegnett, som vil gå frå idrettsanlegget via Stemmen og opp i Kalbergskogen. Her vil idrettslaget kunna søka om å få belysning slik at det kan bli ei lysløype.

Fritidsklubben har lokale i samfunnshuset på Kvernaland. Dette er ei sentral plassering, men klubben ønsker seg eigne lokale i framtida, i staden for å måtte leiga som i dag. Mel-lom samfunnshuset og Stemmen er det opparbeida eit nærmiljøanlegg med skaterampe og bocciabane. Lokaliseringa av anlegget er veldig bra, og den blir oppretthalden. Kom-munen vil i framtida samarbeide med frivillege om vedlikehaldet av anlegget.

Idrettslaget har ytra ønske om ein symjehall på Kvernaland. Dette ville vore eit godt tiltak, sidan kommunens einaste offentlege symjehall ligg på Bryne. Planen vil ikkje ta stilling til om dette skal etablerast, men det vil kunne gå an å nytta ei av dei kommunale tomtene til slikt føremål.

Det er og behov for eit båthus til å oppbevara kanoar som mellom anna skulane nyttar på Frøylandsvatnet. Dette kan søkast bygd til dømes på kommunen si tomt i Gåsevika. Nor-malt er det ikkje tillate å føre opp bygningar i friområde, men her er det eit unntak for bygg som kan fremje bruken av området.

Planforslaget foreslår:- Areal til 2 nye barnehagetomter- Skulane skal ha areal til å utvida seg på eksisterande tomt- Fotgjengerkryssing frå skulane til Gåsevika

kap. 3.9 - barn og unge

Målsettingar:- Kvernaland skal vera en god stad å veksa opp.- Barn og unge skal kunne vera med på å forma omgjevnadane sine.

Page 35: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 35

Teiknforklaring:FriområdeFramtidig friomr.Off. leikeplassFotballbaneBarnehageSkuleTurvegFramtidig turveg

kap. 3.9 - barn og unge

Page 36: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

36 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

Store deler av Kvernaland er utbygd med einebustader på store villatomter. I desse om-råda er det eit potensiale for fortetting. Fortetting i eksisterande tettstader er ei nasjonal føring for tettstadsutvikling. Dette m.a. fordi tett utbygging gir mindre energibruk og større arealeffektivitet med tanke på infrastruktur og lokalisering av ulike servicefunksjonar. Ved å byggja tett blir det i tillegg mindre miljøbelastingar og ein får dekt bustadbehovet utan å byggja ned for mykje jordbruksjord.

Kvernaland er i fylkesdelplan for langsiktig byutvikling peika ut som eit kommunedelsenter, noko som inneber at det bør byggjast med ein tettleik på tre bustader/daa innanfor gangav-stand frå sentrumskjernen. Fylkesdelplanen seier i tillegg at fortetting i eksisterande tetts-tad må tas inn som tema i kommuneplan. Dette inneber at kommunen må utarbeida ein strategi som sikrar at eventuell fortetting skjer på ein heilskapleg måte og ikkje øydelegg staden sine kvalitetar.

Alternative areal- og utviklingsløysingar:Det skal i første omgang vurderast tre ulike hovudprinsipp og tiltak i samband med desse.Ved å leggja inn klare føringar for fortetting i kommunedelplanen, kan saksbehandling av denne type saker effektiviserast:

Null-alternativet: Ingen fortetting i eksisterande bustadfelt. All utbygging skjer ved etabler-ing av nye bustadområde.Dette vil føra til at meir landbruksjord blir utbygd enn om det blir lagt opp til fortetting. Land-bruksområda på Frøyland er ikkje sett av til kjerneområde for landbruk i fylkesdelplanen, og vil difor lettare kunne frigis til utbygging. Men generelt sett ønskjer ein å minimera ned-bygging av dyrka mark i regionen. Dei aktuelle områda på Frøyland har heller ikkje særleg dårlegare jord enn mykje av det som ligg i kjerneområde for landbruk. Vidare vil ein fullstendig stans av fortetting gjera det vanskeleg å støtta opp under RPR for samordna areal og transport, med tettare utnytting langs kollektivaksar og nær bydelssen-tra. Ein vil heller ikkje få utnytta energi og arealressursar fullt ut.Dei positive sidene ved denne strategien er at ein får bevart tettstaden sin identitet og den historiske forankringa til kvart bustadfelt. Samstundes får ein behalda dei store vil-latomtene som har sine kvalitetar.

Maks fortetting: Inntil 3-3,5 bustader pr. dekar i heile Kvernaland. Aktuelt å erstatta eldre einebustader med lågblokker eller rekkehus i lågt utnytta felt. Fortetting vil kunna dekkja behovet for nye bustader i heile planperioden utan at det blir lagt inn nye område for bus-tadutbygging.

Styrt fortetting: Det blir opna for moderat fortetting i store delar av planområdet, men en-kelte heilskaplege og tidstypiske eldre felt blir tatt vare på med same utnyttingsgrad som i dag. Det blir i tillegg opna for etablering av enkelte nye bustadområde.

kap. 3.10 - arealutnytting og fortetting

Målsettingar:- Fortetting skal bidra til god arealutnytting og betre kollektivgrunnlag.- Ved fortetting skal kvalitetar i bustadområdet søkast tatt vare på.

Page 37: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 37

Etter vurdering av byggjemønsteret på Kvernaland, vil planen anbefala ein versjon av styrt fortetting. Det blir ikkje peika ut konkrete felt kor det ikkje kan tillatast fortetting, men i sta-den blir det stilt ein del krav i form av retningslinjer, som vil sikra at kvaliteter i bustadfeltet blir ivaretatt. Til dømes vil byggjing av lågblokker i einebustadfelt bryta med retningslinjene.

Retningslinjer for fortetting: - I eksisterande bustadområde skal det ikkje byggast meir enn ein einebustad pr. tomt.- Ved fortetting skal det tas hensyn til omliggande busetnad når det gjeld form og volum. Der eksisterande bustader danner ei jamn rekke mot veg, skal denne ikkje brytast. - Ved all fortetting skal gjeldande normer for parkering og leikeplassar i Time kom- mune overhaldast.- Einebustadtomt skal vera minimum 450 m² og %-BYA skal vera maks 35%.- Det skal vera minimum 50 m² uteopphaldsareal per bueining, med unntak av sen- trumsområdet kor det skal vera minimum 25 m². Einebustader og rekkjehus skal ha dette arealet på bakkenivå og med minimum 8 meters djupne. Uteopphaldsarealet skal ha sol ved vårjamndøgn kl. 15 på minimum 50% av arealet. - Nye bygningar skal ikkje ha høgare gesims/møne (kotehøgd) enn eksisterande, kringliggjande bygg.- Adkomst skal primært leggjast til interne vegar, sjå temakart for veghierarki. - Garasjer skal vera maks 50 m² og ha maks mønehøgde 4,5 meter. Det tillates ikkje ark, kvist, takopplett, veranda eller liknande på garasje.

Saker som gjeld planlegging av maks 3 nye bueiningar kan tas som byggjesak dersom alle krav i retningslinjene er oppfylt, og det ikkje er snakk om ei dispensasjonssak.

Krav til dokumentasjon ved fortettingssaker:- Sol- og skuggediagram som syner soltilhøve på tomta og på naboeigedomar. - Snitt og evt. fasadeoppriss som syner både nye og eksisterande bygg.- Utomhusplan i 1:500 som syner tiltak, vegar, parkering, område for leik og opphald, andre fellesområde som område for avfallshandtering, postkasser, etc.

kap. 3.10 - arealutnytting og fortetting

Page 38: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

38 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

Time kommune arbeider med å få alle reguleringsplanar digitalisert og sett saman i ein saumlaus database, så det blir enkelt for alle å fi nna ut kva som er gjeldande plan for eit område via internett. Dette vil truleg vera til stor hjelp for alle som har bruk for å få tak i ein eller fl eire reguleringsplanar. I dag kan det vera problematisk at gamle planar heilt eller delvis overlappar kvarandre, slik at ein risikerar å sjå på ein plan som ikkje lenger er ak-tuell.

Den grunnleggjande regelen som gjeld for både regulerings- og kommuneplanar, er at den plan som er vedteken sist er den gjeldande. Det kan imidlertid gjerast unntak frå dette som då må presiserast i føresegner eller vedtak. Når ein kommuneplan eller kommunedelp-lan blir vedteken der det fi nns gjeldande reguleringsplan, vil reguleringsplanen fortsetta å gjelda dersom denne ikkje er i strid med kommune(del)planen.

Pr. i dag fi nns det omkring 40 gjeldande reguleringsplanar innanfor planområdet. Dei eld-ste er frå 1960/70 - talet. Ein del av planane er ikkje lenger aktuelle. Difor er det blitt gjen-nomført ein gjennomgang av alle planar som er vedtekne før 2002. I plassen for å oppheva samtlege planar som ikkje stemmer overeins med kommunedel-planen, vil det bli vedtatt at kommunedelplanen sine føresegner og retningslinjer skal gjel-da foran eksisterande reguleringsplanar på punkt der det er motstrid.

Planar som er fullstendig erstatta av nye planar og difor ikkje lenger er juridisk gjeldande, blir oppheva. Dette gjeld følgjande planar: 49 A - Del av Frøyland – Kverneland Søndre del, busetnadsplan (vedtatt 1983) 134 - Reguleringsplan for Revholen industriområde m.m. (vedtatt 1991)151 - Reguleringsplan for del av Skudeberghagen, gnr. 28 bnr. 57, 484, 485 (vedtatt 1993)Sidan områdene allereie er regulerte på nytt, vil dette ikkje få nokon praktiske konsekven-sar. Fleire andre planar er delvis erstatta av nyare plan. Dette gjeld såpass mange område at det ikkje vil vera praktisk mogleg å lista dei opp. Her vil ein difor måtte visa til plan- og byggesaksavdelinga i kommunen fram til den digitale plandatabasen er på plass.

Når det gjeld utbygging i allereie etablerte bustadområde, vil retningslinjer for fortetting gjerast gjeldande, og der desse er i strid med reguleringsplanen vil retningslinjene vera gjeldande.

Planforslaget foreslår: - Fullstendig oppheving av plan 49A, 134 og 151- Planar som er delvis erstatta av nye planar er delvis oppheva- For planar eldre enn 15 år skal det vurderast i kvar enkelt sak om det blir krav om ny regulering.

kap. 4 - rettsverknad av planen

Page 39: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 39

Som ein del av konsekvensutgreiinga til kommunedelplanen, er det utført ein risiko og sår-barheitsanalyse (ROS) av planområdet på overordna nivå. Den baserar seg på ROS-ana-lysen som blei gjort for kommuneplanen, men er supplert med ein del nærmare undersøk-ingar for Kvernaland. Det er brukt ei standard risiko og sårbarheit-sjekkliste, som det er gitt utfyllande kommentarar og utgreiingar til i ein eigen tekst. Dei risikotema som er spesielt omtalt, er fl aumfare frå vatn og elvar, radonstråling, infrastuktur/trafi kksikkerheit, utslepps-fare og forureining, stråling frå høgspentlinjer og bortfall av straum og vassforsyning.

Med utgangspunkt i det som har kome fram i analysen, er det foreslått ein del konsekvens-reduserande tiltak som skal minska risikoen for uheldige hendingar, eller minska omfanget av desse. Dei fl este av desse tiltaka vil bli tatt inn i føresegnene til planen og/eller vist i plankartet. Det er og nemnt ein del tiltak som er utanfor kommunedelplanen sitt verkeom-råde, som difor ikkje blir følgt opp konkret i planen.

Heile ROS-analysen er lagt som eit vedlegg til kommunedelplanen.

kap. 5 - risiko og sårbarheit

Page 40: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

40 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

risiko og sårbarheit

Teiknforklaring:Høgspent, 50kVHøgspent, 20kVDemningFrøylandsånåForureining i grunnen

Page 41: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 41

Arbeidet med planen har sett fokus på utvikling i folketal og behov for offentlege tenester i tettstaden Frøyland/Kvernaland. Gjennom at det har blitt laga prognoser for utvikling blir det lettare å planleggja i forkant slik at ein får dekkja behov og etterspørsle. Dette gjeld særskilt for skule og barnehagetenester. Grunna stor privat bustadutbygging i den seinare tid, ser kommunen seg nødt til å bremsa utbyggingstakta litt for å unngå å sprenga skule-kapasiteten på Frøyland.

Andre viktige satsningsområde i tida framover vil vera å få etablert eit godt og levedyktig sentrumsområde, og å sikra ein god grønstruktur for innbyggjarane.

Dei verkemidlene kommunen kan nytta for å få gjennomført målsettingane i planen, er i tillegg til å setja av nok areal til dei ulike føremåla, først og fremst føresegner og ret-ningslinjer som vil vera styrande for utviklinga i planområdet. Kommunedelplanen er ein arealplan og det bør utarbeidast handlingsplanar og økonomiplanar for å sikra at intensjo-nane i kommunedelplanen blir følgt opp.

Føresegnene til planen er juridisk bindande, retningslinjene er bare rettleiande, men vil bli lagt vekt på i regulerings- og byggjesakshandsaminga. Difor vil det vera viktig at desse er politisk forankra i kommunen.

Kommunedelplanen skal dekkja utviklinga fram til år 2020, men det kan bli nødvendig med revideringar innan den tid. Sidan private aktørar og marknadskrefter i stor grad spelar inn på utbyggingstakt og -mønster, er det vanskeleg å forutsjå utvikling og behov lengre fram i tid. Kommunens overordna føringar og mål vil likevel gi ei rettesnor også utover planperi-oden.

oppsummering

Page 42: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

42 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

§ 1. VERKNAD AV PLANEN (pbl § 20-6)

Kommunedelplanen gjeld føre eldre overordna planar, reguleringsplanar og busetnadsplanar innan-for planområdet om anna ikkje er nemnt. Der det ikkje er motstrid mellom kommunedelplanen og eldre planar vil desse supplere og utfylle kommunedelplanen.Reguleringsplanar som blir vedtekne etter at kommunedelplanen er vedteken vil gjelda føre denne.

§ 2. PLANKRAV

2.1 Reguleringsplan Det blir stilt krav om utarbeiding av reguleringsplan for alle tiltak som ikkje kjem inn under §§ 2.2 eller 2.3.

2.2 BusetnadsplanDet kan stillast krav til utarbeiding av busetnadsplan i tillegg til eller i plassen for reguleringsplan i følgjande tilfelle:- området er regulert og reguleringsplan er i tråd med kommunedelplan, men gjeldande regul- eringsplan er eldre enn 15 år - tiltaket er vurdert under § 2.3, men oppfyller ikkje alle punkta.

2.3 ByggjesakTiltak kan gå direkte til byggjesak dersom samtlege krav nedanfor er oppfølgt:• tiltaket er ikkje i strid med kommunedelplanen for Frøyland/Kvernaland.• tiltaket er ikkje i strid med gjeldande reguleringsplan.• tiltaket bryt ikkje vesentleg med eksisterande bygningsstruktur eller volum og form på om- kringliggjande bygningar og landskap.• tiltaket krev ikkje dispensasjonshandsaming etter reglar i plan- og bygningslova• tiltaket kan sikrast infrastruktur som vassforsyning, avlaup og tilkomst til offentleg veg.

For saker som gjeld fortetting i eksisterande bustadområde fi nns eigne retningslinjer, sjå side 37.

§ 3. FØRESEGNER SOM GJELD FOR HEILE PLANOMRÅDET 3.1 Universell utformingAlle reguleringsplanar og busetnadsplanar skal ha eigne føresegner om tilgjenge for alle (universell utforming).Ved planlegging av 4 eller fl eire bueiningar skal minimum 50% av alle nye bustader ha livsløps-standard. Minimum 20% av dei resterande bueiningane skal ha besøksstandard.

Retningslinje:Alle nye bygg, ombyggingsprosjekt og nyetablerte uteområde skal i størst mogleg grad utformast i tråd med gjeldande kommunale rettleiarar for Universell Utforming.

føresegner og retningslinjer

Page 43: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 43

§ 4. BYGGJEOMRÅDE - FELLESFØRESEGNER

4.1 UtnyttingsgradI nye bustadområde bør utnyttingsgrad liggja mellom 3-3,5 bustader/daa. I sentrumsområde kan det tillatast opp til 5 bustader/daa.

4.2 ByggjehøgderVed fastsetjing av byggjehøgder skal det takast omsyn til nærliggjande eksisterande busetnad, sær-skilt bevaringsverdig busetnad, samt gatebiletet og eventuelt skrått terreng.

4.3 EstetikkNye bygningar skal utformast med omsyn til heilskapen i området. Utforming og plassering skal vera med på å skapa gode, veldefi nerte uterom, og klare tilkomst- og trafi kktilhøve.Gesimshøgd, målestokk og proporsjonar skal vera tilpassa nabobygningar.

Høge lukka sokkeletasjar ut mot offentlege gater eller plassar er ikkje tillate.

Anlegg for innsamling av avfall skal ha ei estetisk god utforming og ei underordna plassering.

Retningslinje:Offentlege bygg og bygg som inneheld viktige funksjonar bør ha ei utforming som signaliserer dette.

4.4 ParkeringFor område sentrumskjerne og bymessig utbygging gjeld følgjande krav:1 parkeringsplass per 100 m2 BRA og ikkje mindre enn 1,5 parkeringsplass per bustadeining.

For dei andre områda gjeld kommunen si vedtekt (parkeringsvedtekt) til Plan- og bygningslova § 69 nr.3.

4.5 StøyAlle bustader skal ha privat uteareal som ikkje har høgare ekvivalent støynivå enn 55 dBA.Leikeareal og felles uteområde skal ikkje ha ekvivalent støynivå over 55 dBA.Bustader skal ikkje ha eit høgare innandørs støynivå enn 30 dBA.

Retningslinjer:- Ved behov for støyreduserande tiltak bør desse primært gjerast nær støykilda.- Støyutsette bueiningar bør vera gjennomgåande for å sikra ei støysvak side.- For bustadbygging i støyutsette gater bør det, som ein del av støyskjerminga, vurderast å plassera sekundærrom mot gate.

4.6 Krav til bustaderAlle nye bustader skal ha trafi kksikker tilkomst til felles uteopphaldsareal.

føresegner og retningslinjer

Page 44: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

44 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

Retningslinje:Ved ombyggjing og bruksendring av eksisterande busetnad gjeld så langt som råd er dei same krava til uteopphaldsareal og leik som for ny busetnad.Større utbyggings- og ombyggingsprosjekt bør utviklast slik at storleiken på bustadene varierer.

4.7 Uteopphaldsareal og leikeareal til bustaderLeike- og opphaldsareal skal ha ei skjerma plassering, ikkje vera nordvende og ha sol ved jam-ndøger kl. 15.00 på minimum 50 % av arealet.

Minste uteopphaldsareal (MUA) per bustadeining skal vera 50 m², unntatt i sentrumsområdet kor det kan tillatast minimum 25 m2.Kvar bustad skal ha ein privat balkong, terrasse eller liknande på minimum 5 m2. Areal brattare enn 1:3 skal ikkje reknast inn som ein del av leikeareal eller uteopphaldsareal.

Kommunens leikeplassnorm skal nyttast i nye utbyggingsområde.

Retningslinje: For einebustader og rekkjehus skal hovuddelen av uteopphaldsareal vera på bakke-plan, og ha ei djupne på minimum 8 meter.

4.8 Riving av byggFør rivingsløyve kan bli gitt skal det føreliggja godkjent rammeløyve for ny busetnad.

4.9 MiljøDet skal etablerast anlegg for lokal handtering av overvatn i alle nye utbyggingsområde.

Retningslinjer: - Alle bygg med samla bruksareal over 1000m² skal ha lagt til rette for mottak av fjernvarme, og oppvarming av bygga med vassboren varme.- Gatelys bør ha funksjonen ”intelligent belysning”.

§ 5. BYGGJEOMRÅDE- SENTRUMSKJERNE

5.1 FormålI sentrumsføremålet inngår følgjande formål: Bybustad, detaljhandel, kontor, ålmennyttige formål, alle former for døgnovernattingsstader, restaurantar, serveringsstader og nattklubbar, samt offentlege formål.

5.2 FunksjonskravI første etasje skal det primært etablerast publikumsretta verksemder. Desse bør ha aktive fasadar ut mot gate, dvs at 70 % av fasaden skal vera vindauge eller inngang.

Retningslinjer:- Sentrumsbygg bør vera inviterande i sitt uttrykk og vera eit trivselmoment i gatemiljøet.

føresegner og retningslinjer

Page 45: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 45

- Tildekking av vindauge bør ikkje førekomma. - Nye bustader skal ikkje vera einsidig orienterte mot nord, nordvest eller nordaust.

5.3 ParkeringParkering bør i hovudsak skje i parkeringsanlegg. Store skjemmande rampar er ikkje tillate.Nye parkeringsplassar bør leggjast i bygg eller under bakkenivå på ein slik måte at karakteren til bygga blir oppretthalden.

5.4 LagerDet er ikkje tillate med nokon form for lagring utandørs.

§ 6. BYGGJEOMRÅDE – BYMESSIG UTBYGGJING

6.1 FormålInnanfor dette området kan det tillatast utbygging med dei føremåla som kjem inn under sentrums-føremål. Det kan og tillatast utbygging med bustader.

6.2 PlankravHeile området skal regulerast under eitt. Dei bygningane som er vist med spesialområde bevaring skal regulerast til dette føremålet. Planarbeidet skal gjera greie for for korleis dei verna bygga kan sikrast.

6.3 StrandlinjeDet tillates ikkje utfylling av massar i Frøylandsvatnet. Ålmenta skal sikrast ein god tilkomst til strandlinja.

6.4 ParkeringParkering bør i hovudsak skje i parkeringsanlegg. Store skjemmande rampar er ikkje tillate.Nye parkeringsplassar bør leggjast i bygg eller under bakkenivå på ein slik måte at karakteren til bygga blir oppretthalden.

6.5 ForureiningDet skal dokumenterast at forureining i grunnen blir forsvarleg fjerna eller sikra før utbygging/om-disponering av området.

6.6 LagerDet er ikkje tillate med nokon form for lagring utandørs.

§ 7 BYGGJEOMRÅDE – VERKSEMD

7.1 FormålOmråda kan nyttast til verksemd i tråd med gjeldande reguleringsplan.Det tillatast ikkje bruksendring til andre verksemder innanfor område vist som eksisterande

føresegner og retningslinjer

Page 46: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

46 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

næringsverksemd, med unntak av industriområda i Kalbergvegen.

7.2 LagerUtandørs lagring kan tillatast dersom plasseringa er skjerma frå innsyn og forsvarleg sikra.

§ 8 BYGGJEOMRÅDE – OFFENTLEG FORMÅL

8.1 FormålAlle formål som det etter § 25 nr. 1 i PBL er lov å regulera som offentleg formål.

8.2 PlankravByggjehøgder skal tilpassast omkringliggjande busetnad. Ved bruksendring som medfører ombygg-ing kan det stillast krav om busetnadsplan.

8.3 FunksjonskravVed utbygging skal det leggjast vekt på å få store uteareal med gode soltilhøve, og ei skjerma plas-sering i forhold til vind og støy. Uteareal skal ha ei estetisk utforming som er tilpassa bruken.

§ 9 BYGGJEOMRÅDE – FRIOMRÅDE

9.1 PlankravOmråde vist som byggjeområde – friområde skal sikrast gjennom regulering før eller samtidig med regulering av tilgrensande utbyggingsområde.

9.2 FunksjonskravRekreasjons- og parkareal innanfor planområdet skal ikkje reduserast. Det skal arbeidast for å etablera grøne gangsamband mellom eksisterande og nye grøntområde.

Dei ulike friareala skal ha ulik utforming med omsyn til føresetnadar og bruk, og det skal leggjast til rette for aktivitetar for barn og unge.

I byggjeområde – framtidig friområde skal det leggjast til rette for at ålmenta fritt kan ferdast og opphalda seg. Mindre byggverk som kan fremja bruken av området kan tillatast.

Retningslinjer: - Det bør ikkje godkjennast tiltak som medfører auka skuggelegging av friområde og rekreasjons-areal.- Turvegar bør ha eit fast grusdekke. - Tre og vegetasjon som på grunn av alder og/eller plassering har ein spesiell miljømessig verdi bør takast vare på.- Viktige siktlinjer som knyter visuell kontakt mellom markante landskapsdrag må ikkje øydeleggjast ved nybygging.

føresegner og retningslinjer

Page 47: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 47

§ 10. OFFENTLEGE TRAFIKKOMRÅDE

10.1 Tiltak i sentrumDet skal leggjast inn fartsdempande tiltak på Rv505 strekninga Frøylandsvegen – Theodor Dals veg, samt leggjast til rette for fl eire fotgjengarovergangar eller fotgjengarprioritert gjennomkøyring.

10.2 BusshaldeplassarAlle busstopp og busshaldeplassar skal få universell utforming ved nyanlegging eller opprusting av haldeplass/veg.

10.3 AdkomstvegFeltet BK7 skal ha adkomst via BK4.

Retningslinje:Det bør ikkje plasserast skilt, stativ, bord og stolar og liknande på fortau som kan vera til hinder for mjuke trafi kantar.

§ 12. SPESIALOMRÅDE – BEVARING AV BYGNINGAR

Det er ikkje tillate å rive bygningar som er vist bandlagt til spesialområde bevaring.

Bygningar som er bandlagt til spesialområde bevaring skal ikkje endrast vesentleg. Bygget si fa-sade, hovudform, grunnfl ate, møne- og gesimshøgder samt takform skal oppretthaldast. Ved reno-vering skal det tilstrebast å nytta same materialar som opphavleg var nytta.

Eventuelle tilbygg må tilpassast og vera underordna den verna busetnaden med omsyn til utforming.

Retningslinje:Ved bevaring av bygg bør det tilstrebast å samtidig ta vare på eller tilbakeføra miljøet rundt bygnin-gen/bygningane.

§ 13. SPESIALOMRÅDE - FAREOMRÅDE HØGSPENNINGSANLEGG

Det tillatast ikkje oppføring av nye bygg innanfor område vist til spesialområde høgspenningsan-legg.

§ 14 REKKEFØLGEKRAV

Før utbygging av bustader kan skje, skal det vera tilstrekkeleg skulekapasitet i området.

BK7 og BK4 skal byggjast ut tidlegast i 2020.

føresegner og retningslinjer

Page 48: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

48 Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020

BK8 skal byggjast ut tidlegast i 2015, og utbygginga skal gå over minimum 5 år.

OK5 skal planleggjast samtidig med BK8.

Det skal føreliggja ei avklaring av ny trase for Rv 505 før det kan tillatast utbygging av BK8 og OK5.

Før BK8 eller OK5 kan byggast ut skal det opparbeidast fortau langs Frøylandsvegen fram til planområdet.

I samband med regulering av N/(B) skal det settast av plass til universelt utforma busshaldeplassar på begge sider av RV 505.

Parkeringsplass i friområde sør for SK1 skal stengast og opparbeidast til friområde i samband med regulering av område N/(B).

Tiltak etter § 10.1 skal knyttast til utviklinga av område N/(B).

Ved planlegging og byggjetiltak i dei fl omutsette områda OK2, SK1, BK7, BK4 og N/(B) skal tryg-gleiks-nivået for nye bygningar vera tilsvarande høgda for 200-års fl om, jf. NVE si retningslinje 1/2008. Tryggleik mot fl om i tråd med NVE’s retningslinjer må avklarast konkret i reguleringsplan for dei aktuelle områda.

I samband med regulering av OK2, BK7 og/eller BK4 skal det gjerast ei vurdering av å fl ytta ei grein av Frøylandsånå til motsett side av BK7 for å få ei større vasstilførsle til Stemmen, og å senka deler av elvelaupet for å hindra fl aum.

føresegner og retningslinjer

Page 49: TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA · vil ha mykje å seia for Kvernaland, sjølv om det kan gå lang tid før vegen kan byggjast. Kommunale føringar Kommuneplanen i Time med føresegner

Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008-2020 49