6
Dei kler kvarandre Når Per Vidar Ottesen får i oppdrag å kle på kona Kari, går han for det kortaste miniskjørtet i butikken. Tema mote, side 9 og 14

Tema mote Firdaposten

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Temasider i Firdaposten 24. april 2014

Citation preview

Page 1: Tema mote Firdaposten

Dei kler kvarandreNår Per Vidar Ottesen får i oppdrag å kle på kona Kari, gårhan for det kortaste miniskjørtet i butikken.

Tema mote, side 9 og 14

Page 2: Tema mote Firdaposten

TEMA MOTEFIRDAPOSTEN • TORSDAG 24. APRIL 201410

Page 3: Tema mote Firdaposten

TEMA MOTE FIRDAPOSTEN • TORSDAG 24. APRIL 2014 11

Page 4: Tema mote Firdaposten

TEMA MOTEFIRDAPOSTEN • TORSDAG 24. APRIL 201412

I løpet av 25 år har ekte-paret Kari og Per VidarOttesen aldri gjort det. HEIDI [email protected]

Ekteparet Ottesen er eit kjent syni bybildet. Ikkje minst gemalennår det er festleg lag og han duk-kar opp i den rastafarifarga dres-sen sin. Men dei har aldri kjøptkle til kvarandre.

Det vil lokalavisa gjere nokomed. Vi tar ekteparet med påjomfrueleg shoppingtur.

Dei får i oppdrag å kle seg slikdei vil sjå seg sjølve, og deretterslik dei vil sjå partnaren.

Tydelege meldingar– Eg har aldri kjøpt eit einasteklesplagg til Kari, seier Per Vidar.

Han står og plukkar forsiktigpå ein chiffonbluse som om han er

redd for at den kan gå sund nårsom helst.

– Men vi plar å kome med tyde-lege meldingar til kvarandre. Egfår høyre det, særleg viss eg kjøpernoko som eg har i klesskapet fråfør. Eg har vel ein tendens til åfinne ei «suksessoppskrift» og såfølge den. Kjøpe to stykke av samebuksemodellen for eksempel.

Heile palettenPer Vidar sel fisk i Norwell, Kari

Jomfrueleg shoKJÆRLEIKSGÅVE: Begge to er snare med å kjøpe det den andre har plukka ut. Etterpå sit dei på Lille Marked og diskuterer innkjøpa.

KARI KLER OPP KARI: Sjølv går ho for svart saggebukse,blomstrete topp og høge hælar.

PER VIDAR KLER OPP KARI: Åletrongt miniskjørt og skinnjak-ke. – Kari er rocka, seier han stolt.

Page 5: Tema mote Firdaposten

TEMA MOTE FIRDAPOSTEN • TORSDAG 24. APRIL 2014 13

oppingtur Vi handlar så godt som alle kleda våre i Florø. Det er kjekt å ha Førde i nærleiken, men koseshopping gjer vi helst her heime.

Alle foto: Heidi Hattestein

KARI KLER OPP PER VIDAR: Fargerike bukser med fargerikedetaljar på skoa. Men den kvite skjorta angra eg på, den er forvid, seier ho etterpå.

PER VIDAR KLER OPP PER VIDAR: Chinos, blazer og hatt.Han går for ein stilfull, men avslappa gentlemanlook.

er operasjonssjukepleiar. Han er iein skjortebransje, ho har jobbu-niform.

– Men eg går gjerne med raudesko til skjorta, seier Per Vidar.

– Eg vil trivast og føle meg fin,utan å skilje meg for mykje ut,seier Kari.

– Er han meir fargerik enndeg? – I grunn.

Bakdelen er fordelenKari er den effektive av dei to. Ho

har sett saman to antrekk medanhan framleis går seg vill i chiffo-nen.

Til seg sjølv har ho valt ei sag-gebukse med ein blomstretetopp.

– Menn plar ikkje å vere såbegeistra for plagg som ikkje gjerbakdelen om til ein fordel, inn-vender lokalpressa.

– Eg trur eg med handa påhjartet kan seie at Per Vidar blirmeir sjarmert av ein fin person-

legdom enn ei fin rumpe, seierKari.

– Men sjølv har han jammenfin rumpe, legg ho leande til.

Det er ikkje sikkert ho kjennerektemannen så godt som ho trur.Då det blir hans tur til å plukke uteit antrekk til henne, går han fordet minste og trongaste mini-skjørtet i heile Strandgata.

Page 6: Tema mote Firdaposten

TEMA MOTEFIRDAPOSTEN • TORSDAG 24. APRIL 201414

HENRIK SOLHEIM ØKLAND, 19,ALLMENN■ – Eg er glad i merkeklede somRalph Lauren, Tiger of Sweden,Morris og liknande. Det er littdyrare merkjer, men eg føler eg fårvaluta for pengane. Eg er glad ifargar, men eg følar det er einbalansegang og det bør ikkje blifor mykje. Marineblå er nok favo-rittfargen min. Tips til sommarenså er det kort shorts som går overknehøgd. Gjerne med ankelsok-kar, seglarsko og navyfargar. Detkan ikkje slå feil.

KJETIL GROTLE RUNDEREIM,18, ALLMENN■ – Det er kjekt å skilje seg litt ut,men eg er ikkje for glad i sterkefargar. Stilen min er ganske nøy-tral og stilrein. Eg liker slimfit-buk-ser. Kjøp gjerne ein fin klokke ognokon armband som tilbehøyr.Om eg skal komme med eit som-martips som til dømes eit festival-antrekk vil det vere conversesko,slimfit-bukse, knytt ei skjorterundt livet. Avslappande og her-leg stil.

HANNE KRISTINE NÆSSOLSEN,18, ALLMENN■ – Eg kler meg etter humøret ogvêret. Eg er veldig glad i klede ogmote, og les mange blad og følgerbrukbart med. Eg trur det er viktigat ein går med det ein liker og tørrå ta sjansar. Ein må ikkje vere flaufor å prøve noko nytt.

RUDI LUNDEKVAM SUNDAL,19, ALLMENN■ – Eg har ein ganske avslappastil. Eg kler meg lett og luftig, oger generelt glad i nøytrale fargar.Eg er glad i å prøve ut nye stilar ogkan vel fortelje at eg har ein for-kjærlighet sløyfer. Om eg skullekomme med eit råd for somma-ren, så må det vere å bruke mykjefargar. Så satsar eg på at eg klararå følge mitt eige råd.

RIKKE ELISABETH AADLAND,19, ALLMENN■ – Eg har ein litt avslappa stil. Eglikar å kle meg fint, men behage-leg. Eg er litt meir ei converse-jen-te. Eg likar ikkje å stresse rundtmed høge helar. Eg er glad i fargarog sommartipset mitt er at eingjerne kan blanda mykje fargar.Tilbehøyr kan gjerne vore blom-ster i håret.

Min stil