4
Brageprisvinnaren til Aasen-tunet Lars Amund Vaage har skrive ein modig og djupt per- sonleg roman om å leve med ei dotter med autisme. Vaage vann den prestisjetunge Brageprisen for roma- nen Syngja og forfattaren kjem til Aasen-tunet onsdag 27. februar. Trio Mediæval Få syng norske folketonar og middelalderballadar like vakkert som Anna Maria Friman, Linn Andrea Fuglseth og Berit Opheim. Trioen har vore nominert til både Spellemannprisen og Grammy Award, og søndag 10. februar kjem dei til Aasen-tunet. Romvesen med skattekart Ein skurk har stole den magiske musikkeliksiren romvesena på planeten Superiora dell’Aria treng for å syngje dei vakre songane sine. Søndag 3. mars lan- dar romvesenet i Aasen-tunet. Ho har med eit skat- tekart med gåter og treng hjelp frå borna. Utan son- gane kan dei ikkje leve, og all musikk vil døy ut! Høver for born i alderen 5–12 år. Livretten til Ivar Aasen skal ha vore raspeball i følgje dik- tarpresten Anders Hovden. Når Aasen-tunet og meisterkokk Morten Schakenda byd inn til gjestebod søndag 10. mars, får gjestene ein trerettars middag inspirert av Aasens livrett. Her er det avgrensa plass, så ver tidleg ute å tinge! Språkåret 2013 skal markerast på fleire måtar i Aasen-tunet. Allereie 27. januar er det premiére på jubileumsframsyninga Ervin- gen – Ivar Aasen. Vinjeproduksjonar har tatt utgangspunkt i songspelet Ervingen av Ivar Aasen, som blei framført første gongen på Det Norske eater i Kristiania i 1855. I framsy- ninga er det også tatt med nokre dikt av Ivar Aasen som passar i handlinga. NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 15. ÅRGANGEN Godt nytt språkår! 1/2013 Ingen har einerett på definisjonen av norsk kultur. Men det er meir enn kulturen her i landet som ville vore fattigare utan det nynorske perspek- tivet. Gaute Øvereng Foto: Lars Opstad Foto: Tina Stafrén

Symra 1/2013

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Meldingsbladet Symra 1/2013

Citation preview

Brageprisvinnaren til Aasen-tunetLars Amund Vaage har skrive ein modig og djupt per-sonleg roman om å leve med ei dotter med autisme. Vaage vann den prestisjetunge Brageprisen for roma-nen Syngja og forfattaren kjem til Aasen-tunet onsdag 27. februar.

Trio MediævalFå syng norske folketonar og middelalderballadar like vakkert som Anna Maria Friman, Linn Andrea Fuglseth og Berit Opheim. Trioen har vore nominert til både Spellemannprisen og Grammy Award, og søndag 10. februar kjem dei til Aasen-tunet.

Romvesen med skattekartEin skurk har stole den magiske musikkeliksiren romvesena på planeten Superiora dell’Aria treng for å syngje dei vakre songane sine. Søndag 3. mars lan-dar romvesenet i Aasen-tunet. Ho har med eit skat-tekart med gåter og treng hjelp frå borna. Utan son-gane kan dei ikkje leve, og all musikk vil døy ut! Høver for born i alderen 5–12 år.

Livretten til Ivar Aasen skal ha vore raspeball i følgje dik-tarpresten Anders Hovden. Når Aasen-tunet og meisterkokk Morten Schakenda byd inn til gjestebod søndag 10. mars, får gjestene ein trerettars middag inspirert av Aasens livrett. Her er det avgrensa plass, så ver tidleg ute å tinge! Språkåret 2013 skal markerast på fleire måtar i Aasen-tunet. Allereie 27. januar er det premiére på jubileumsframsyninga Ervin-gen – Ivar Aasen. Vinjeproduksjonar har tatt utgangspunkt i songspelet Ervingen av Ivar Aasen, som blei framført første gongen på Det Norske Theater i Kristiania i 1855. I framsy-ninga er det også tatt med nokre dikt av Ivar Aasen som passar i handlinga.

NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 15. ÅRGANGEN

Godt nytt språkår!

1/2013

Ingen har einerett på definisjonen av norsk kultur. Men det er meir enn

kulturen her i landet som ville vore fattigare utan det nynorske perspek-

tivet. Gaute Øvereng

Foto

: Lar

s Ops

tad

Foto

: Tin

a St

afré

n

SØNDAG 27. JANUAR 18.00

Premiere: Songspelet Ervingen – Ivar Aasen Jubileumsframsyning av og med Vinjeproduksjonar, basert på Ervingen av Ivar Aasen (1855) Kr 200 / student, honnør 150

MÅNDAG 28. JANUAR

Språkstafetten 2013Arrangør: Noregs Mållag, Sunn-møre Mållag og Ørsta Mållag

TYSDAG 5. FEBRUAR 20.00

Ingelin RøsslandI samtale med Marit Brekke om dameromanen KirsebærsnøKr 100 / student 50

SØNDAG 10. FEBRUAR 18.00

Trio MediævalKonsert Anna Maria Friman, Linn Andrea Fuglseth og Berit Opheim I samarbeid med Høgskulen i Volda Kr 200 / student 150

ONSDAG 13. FEBRUAR 20.00

Strikking og hekling på fleire språkForedrag og verkstad med Magni Hjertenes Flyum, presentasjon av omsette strikke- og heklebøkerSamarbeid med lokale husflidslag og garnbutikkarKr 50

ONSDAG 27. FEBRUAR 20.00

Lars Amund VaageBrageprisvinnaren om romanen SyngjaI samtale med Jan Inge SørbøKr 100 / student 50

SØNDAG 3. MARS 15.00

Familieframsyning SUPERIOPERA, mysteriet med den magiske musikk-eliksirenMusikkteater for born i alderen 5–12 årKnut Sævik, Hildegunn Hovde og Gro-Marie SvidalKr 100

UTSTILLING OM IVAR AASEN I SPRÅKÅRET 2013

IVAR AASEN-TUNET JANUAR – APRIL

Kven var Ivar Aasen? Kvifor gjorde han det han gjorde? Og kva blei konsekvensane? Sidan språkplanleggjaren, diktaren og mennesket Ivar Andreas Aa-sen døydde 23. september 1896, har det blitt skrive og sikkert sagt endå meir om denne mannen. Han var flogvitet som kom frå tronge kår, gjorde ei klassereise mot alle odds, og brukte livet sitt for at fedrelandet skulle få eit språk, står det ofte skrive. Men kva meir ligg der bak den-ne fasaden? Korleis var Aasen som person? Og korleis endra nynorsken Noreg, djupast sett? Ei ny temautstilling frå Aasen-tunet skal prøve å nærme seg desse spørsmåla. Det er jo trass alt 200-årsjubileet for Aasen.

Vinteren 1855 fullførte Ivar Aasen syngjespelet Ervingen som 60 år seinare blei det første stykket Det Norske Teatret framførte. I eit brev til venen Maurits Aarflot skreiv Aasen: Den Stævleikjin elde Kom-ediaa, so me snakka um, æ so fulle mæ Vise, ate d’æ ’kje mindre elde aatte Stykkje, (…) Aasen song sjølv melodiane til kapellmeisteren, somme av dei var truleg hans eig-ne. Då stykket hadde premiere 29.4.1855, skreiv han i dagboka: Ervingen gaaet i det norske Theater. Ingen Ulyd.

Foto: CF Wesenberg, kolonihaven.no

Foto

: Han

s Jør

gen

Brun

Foto

: Lar

s Myh

ren

Hol

and

Foto

: Jon

Sev

erud

Uts

nitt

frå

boka

Hek

la k

osed

yr

GRENSELAUST PÅ FESTSPELA

I Språkåret 2013 går vi utover dei faste grensene. Derfor er det naturleg at temaet for årets Festspel er Grenselaust. Grenselaust gir rom for nye og annleis programpostar, utøvarar og arenaer. I 2012 sette Kjartan Fløgstad lys på kor godt det gror blant unge, nynorske forfattarar. Vi har late han inspirere oss til å endre vår faste tradisjon med éin festspeldiktar, som vi har hatt heilt sidan 1994. Under Dei nynorske festpela 2013 blir det ikkje berre ein festspeldiktar, men tre: Søstrene Guri og Sigrid Sørumgård Bot-heim og Lars Petter Sveen. Alle tre har debutert etter 2008 i ulike sjangrar, og har merkt seg ut i det litterære landskapet. – Forfat-tarane vi har valt, er svært ulike, men har til felles at dei med sine tydelege stemmer har framtida føre seg, seier programansvarleg Karine Munch. Programmet til Dei nynorske festspela 27.–30. juni 2013 blir lansert onsdag 10. april. Set av datoen!

Festspeldiktarane 2013: Lars Petter Sveen og søstrene Sigrid og Guri Sørumgård Botheim

OR GJESTEBOKAI IVAR AASEN-TUNET

Muy interesante!Fanny (España), 9.8.2012

Livet uten ordtak hadde vært forferdelig kjedelig. Så takk Aa-sen for mye godt materiale.usign., 19.8.2012

Sykt fintKnut & Anett, 17.9.2012

IVAR AASEN-TUNET JANUAR – APRIL

SPRÅK MED HAUGE

Olav H. Hauge-senteret i Ul-vik utvidar publikumstilbodet sitt i Språkåret 2013 med ei rekkje arrangement om språk og poesi. Årsprogrammet op-nar laurdag 23. mars med ei stor markering av verdsdagen for poesi. Både då og seinare vil publikum få oppleve noko dei knapt har visst om.

HOVUDSPONSORAR

PROGRAM OG BILLETTAROppdatert informasjon:www.aasentunet.no

Billettar til arrangementbillettluka.no/aasentunet 70 04 75 84

Billettar kan hentast og kjøpast i alle Narvesen og 7-Eleven-butikkar

Med atterhald om endringar

FREDAG 8. MARS 20.00

Kvinnerøyster mellom rosablogg og opprørMarkering av stemmerettsjubileet 2013I samarbeid med Volda kommuneKr 100 / student 50

SØNDAG 10. MARS

Aasens gjestebod Morten Schakenda16.00 Foredrag 17.00 Trerettars middag inspirert av Ivar Aasens livrett

MÅNDAG 25. – ONSDAG 27. MARS 13.00

Lurivar og påskemysterietLeik med bokstavarHøver for born frå 4 år og oppoverKr 50 / familie 150

ONSDAG 10. APRIL

Lansering av programmet til Dei nynorske festspelaTid og stad blir annonsert

UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM REDAKTØR: GAUTE ØVERENG

Kulturministeren opna Språkåret 20132. januar opna Språkåret 2013 med ei festframsyning i Kristiansand. Framsyninga markerte også starten på jubileumsåret til Det Norske Teatret som er 100 år i år.

Verken dagen eller staden var tilfeldig, den 2. januar var det nem-leg nøyaktig 100 år sidan Det Nor-ske Teatret spelte si aller første

framsyning nettopp i Kristiansand. Kulturminister Hadia Tajik stod

for den offisielle opninga av Språk-året 2013. Ho oppmoda til å snakke så folk forstår, og seie det med eig-ne ord.

Leiar av Europarådets arbeid for region- og minoritetsspråk, Stefan Oeter, heldt ein tale der han såg på den norske språksituasjonen utan-frå. Han framheva Noreg som eit

føregangsland med vår særeigne skriftspråksituasjon.

Kulturinnslag frå Det Norske Teatret og frå musikarar og scene-kunstnarar frå ulike språkmiljø ramma inn framsyninga, som mar-kerte at er året er i gang. Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til å vere med vidare. Besøk nettstaden vår og sjå kva som skjer.

Gratis studentsceneAasen-tunet ønskjer å vere med og løfte fram dei unge kunstnarane i regionen. Ungdom som studerer musikk eller andre kunstformer, kan nytte salen i Ivar Aasen-tunet gratis til å arrangere konsertar for publikum her heime. Vi stiller salen vår til rådvelde for to slike arrange-ment kvart halvår. Ta kontakt på 70 04 75 70 for tinging!

ww

w.a

asen

tune

t.no

Til

bo

d f

ne

ttb

uti

kk

en

Ivar Aasen Skrifter i samling Kr 149

SPRÅKÅRSTILBOD!

Anders Hovden Ivar Aasen i kvardagslaget

Kr 29

Dvergmål

Visor og kvæde frå

Blåberglandet

Kr 180

Huldregåva

Ut på vegom

Kr 40

Kulturminister Hadia Tajik og skodespelar Gjertrud Jynge under opninga av Språkåret 2013