4
TO KRITIKARROSTE FORFATTARAR Frode Grytten og Marit Eikemo kjem til Aasen-tunet i vinter med dei siste bøkene sine. Grytten er først ute. Torsdag 9. februar får publikum oppleve han lese frå og samtale om boka Saganatt, som kom ut i 2011. På kvinnedagen, 8. mars, vil Marit Eikemo lese frå og samtale om boka Samtale ventar. Med ein særeigen, mørk humor skriv ho om einsemd og lengt etter fellesskapet. KVA HAR TUNKATTEN GØYMT? I år vil Lurivar feire påske i Aasen-tunet. Han har planar om å setje dei minste i arbeid rundt omkring i tunet. Nøyaktig kva han pønskar på, vil han ikkje røpe enno, men den som tek turen til tunet denne dagen, kan gle seg til å leite. PROGRAMSLEPP DEI NYNORSKE FESTSPELA Tysdag 27. mars er den store dagen! Då blir programmet for Dei nynorske festspela avduka i Ivar Aasen-tunet. Årets tema er ”Songen” og festspeldiktar Arne Moslåtten vil vere til stades heile dagen. I år feirar Festspela 20 år, og dette skal sjølvsagt markerast. Programansvarleg Åshild Widerøe lover fleire godbitar. Sett av datoane 28. juni – 1. juli! Beate Slettevoll Lech frå Volda har fått tre kvinnelege nynorske lyrikarar til å skrive nye tekstar til kjende og kjære religiøse folketonar. På CD-en Min song og hjarteskatt syng ho desse tekstane i arrangement in- spirert av klassikaren Jazz på svenska. Slik blir det Spellemannprisnominasjon av. No legg ho også ut på turné med denne songskatten, og den første konser- ten blir i Ivar Aasen-tunet 1. februar. Marius Reksjø, Erlend Slettevoll, David Wallumrød og Helge Norbakken gir solid musikalsk tonefølgje til tekstane frå Marit Kaldhol, Hilde Myklebust og Bente Bratlund. NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 14. ÅRGANGEN TURNÉOPNING 1/2012 Forlag og e-bokentusiastar kranglar om kva som er den beste strategien for å gjere norske e-bøker lett tilgjengelege. Sam- tidig forsyner dei amerikanske distributørane seg av den vek- sande marknaden. Skal tru om dei tek språkpolitiske omsyn? Gaute Øvereng Foto: Jørgen Norby Henriksen Søndag 12. februar: Operabarnetimen - eit superfamilieshow.

Symra 1/2012

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Meldingsbladet Symra 1/2012

Citation preview

Page 1: Symra 1/2012

TO KRITIKARROSTE FORFATTARARFrode Grytten og Marit Eikemo kjem til Aasen-tunet i vinter med dei siste bøkene sine. Grytten er først ute. Torsdag 9. februar får publikum oppleve han lese frå og samtale om boka Saganatt, som kom ut i 2011. På kvinnedagen, 8. mars, vil Marit Eikemo lese frå og samtale om boka Samtale ventar. Med ein særeigen, mørk humor skriv ho om einsemd og lengt etter fellesskapet.

KVA HAR TUNKATTEN GØYMT?I år vil Lurivar feire påske i Aasen-tunet. Han har planar om å setje dei minste i arbeid rundt omkring

i tunet. Nøyaktig kva han pønskar på, vil han ikkje røpe enno, men den som tek turen til tunet denne dagen, kan gle seg til å leite.

PROGRAMSLEPP DEI NYNORSKE FESTSPELATysdag 27. mars er den store dagen! Då blir programmet for Dei nynorske festspela avduka i Ivar Aasen-tunet. Årets tema er ”Songen” og festspeldiktar Arne Moslåtten vil vere til stades heile dagen. I år feirar Festspela 20 år, og dette skal sjølvsagt markerast. Programansvarleg Åshild Widerøe lover fleire godbitar. Sett av datoane 28. juni – 1. juli!

Beate Slettevoll Lech frå Volda har fått tre kvinnelege nynorske lyrikarar til å skrive nye tekstar til kjende og kjære religiøse folketonar. På CD-en Min song og hjarteskatt syng ho desse tekstane i arrangement in-spirert av klassikaren Jazz på svenska. Slik blir det Spellemannprisnominasjon av. No legg ho også ut på turné med denne songskatten, og den første konser-ten blir i Ivar Aasen-tunet 1. februar. Marius Reksjø, Erlend Slettevoll, David Wallumrød og Helge Norbakken gir solid musikalsk tonefølgje til tekstane frå Marit Kaldhol, Hilde Myklebust og Bente Bratlund.

NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 14. ÅRGANGEN

TURNÉOPNING

1/2012

Forlag og e-bokentusiastar kranglar om kva som er den beste

strategien for å gjere norske e-bøker lett tilgjengelege. Sam-

tidig forsyner dei amerikanske distributørane seg av den vek-

sande marknaden. Skal tru om dei tek språkpolitiske omsyn?

Gaute Øvereng

Foto

: Jør

gen

Nor

by H

enrik

sen

Søndag 12. februar: Operabarnetimen - eit superfamilieshow.

Page 2: Symra 1/2012

ONSDAG 25. JANUAR19.00 Salen, Ivar Aasen-tunetSANS og samlingEigne og omsette songar. Andreas Bjåstad, Ronald Øvrelid, Odd Goksøyr, Ingfrid Grimstad, Einfrid Grindheim, Tormod Engen og Svein HunnesKr 150

ONSDAG 1. FEBRUAR20.00 Salen, Ivar Aasen-tunetBeate Slettevoll Lech ”Min song og hjarteskatt”Marius Reksjø, Erlend Slettevoll, David Wallumrød og Helge NorbakkenKr 300 / student og barn 200

TORSDAG 9. FEBRUAR21.00 Salen, Ivar Aasen-tunetFrode GryttenForfattaren Frode Grytten om boka Saganatt. Opplesing og samtaleKr 100 /student 50

SØNDAG 12. FEBRUAR 14.00Salen, Ivar Aasen-tunetOperabarnetimen – eit superfamilieshowEi humoristisk og energisk operafram-syning av og med Ensemble Fanfaronner for heile familien. Nyskrivne tekstar med utgangspunkt i både kjend og mindre kjend operalit-teratur. Charlotte Lund Sager, sopran, Ingvild Storhaug, alt, og Marita Vårdal Igelkjøn, piano.Høver for barn frå 3 år og oppoverKr 50 / Familie 150

SØNDAG 19. FEBRUAR16.00 Salen, Ivar Aasen-tunetFiskarkona og døtrene hennar– eit 100-årig kvinneminnealbumForteljeframsyning med Guri Aasen og Andrine Longva KopperstadKr 200 / honnør, student 150 / barn 100

ONSDAG 29. FEBRUAR20.00 Salen, Ivar Aasen-tunetOrdnytt frå Norsk Ordbok Prosjektdirektør Åse Wetås og redaktør Toril OpsahlGratis

TORSDAG 8. MARS20.00 Salen, Ivar Aasen-tunetMarit Eikemo

Forfattaren Marit Eikemo om boka Samtale ventar. Opplesing og samtale med Margunn VikingstadKr 100 / student 50

TORSDAG 22. MARS20.00Salen, Ivar Aasen-tunetDylan til nynorskTom Roger Aadland om arbeidet med å gjendikte Bob Dylan sine tekstar til nynorskKr 50 / studentar gratis

21.00 Salen, Ivar Aasen-tunetTom Roger AadlandKonsert Olav Christer Rossebø (strengeinstrument)Dylan på nynorsk og eit knippe nye

IVAR AASEN-TUNET JANUAR – APRIL

NYTT FRÅ HAUGE-SENTERET

I Ulvik har eit fagråd og ei ut-stillingsgruppe no hatt sine før-ste møte. Begge utvala er breitt samansette med medlemer frå heile landet. Dei skal vere med og forme dei beste ideane til innhald i Olav H. Hauge-sente-ret. Huset på kaia i Ulvik viser fleire temautstillingar frå Ivar Aasen-tunet og er ope for om-visingar etter avtale.

Ivar Aasen hadde øyre for mu-sikk. Særleg høgt sette han dei årlege pasjonskonsertane ved påsketider. For han var véret og landskapet vakkert eller meget vakkert. Kunst var helst morsom eller herlig. Under pasjonskon-serten våren 1849 stod Nathalie Dahm saman med orkesteret for røysta frå himmelen. “Overmaade vakkert”, skreiv Ivar Aasen. Dei orda skreiv han berre denne eine gongen mel-lom 1830 og 1896.

Foto

: Rob

ert M

eyer

Foto

: Run

e Sæ

vig,

BT

Foto

: Odd

E. N

erbø

Page 3: Symra 1/2012

VIL DU VERE FRIVILLEG UNDER FESTSPELA? Kvart år er om lag femti personar med på å gjere Dei nynorske fest-spela til ei god oppleving for både utøvarar og publikum. – Innsatsen dei frivillige gjer, er avgjerande for at vi skal kunne ha fest og spel fire flotte dagar kvar sommar, seier Widerøe. I år blir Festspela arran-gert 28. juni - 1. juli og har du lyst å vere med, så ta kontakt med oss. Dei som er frivillige får fribillettar til festspelarrangement, t-skjorte og avslutningsfest med mat og drikke.

Fredag 6. januar var 200-årsdagen for bokmålets far, Knud Knudsen. Styringsgruppa for Språkåret 2013 brukte dagen til sitt siste møte. Den 12. januar leverte prosjektleiar Jens Kihl frå seg framlegget til prosjekt-plan og prosjektbudsjett for det nasjonale språkåret. Etter drøfting og vedtak i styret i Nynorsk kultursentrum får Kulturdepartementet planen 1. februar. Både Ivar Aasen-tunet og Hauge-senteret har eigne store planar for året. Difor kom det godt med at Nynorsk kultursentrum like før jul fekk 578 000 kr ekstra frå Kulturdepartementet til arbeidet med Språkåret.

låtar med sterke, nynorske tekstar og vakre melodiar.Kr 200 / student 150

MÅNDAG 26. MARS20.00Salen, Ivar Aasen-tunetEin time med filosofen Gunnar SkirbekkKr 100 / student 50

TYSDAG 27. MARS19.00 Salen og kafeen, Ivar Aasen-tunetFestspel på forskot

Programslepp for Dei nynorske fest-spela 28. juni – 1. juli 2012 Årets tema er “Songen”, festspeldiktar Arne Moslåtten er tilstades og nokre

av Moslåtten sine songtekstar blir ein del av eit spennande program.Enkel servering Gratis

PåskevekaMÅNDAG 2. –ONSDAG 4. APRIL13.00 kvar dagIvar Aasen-tunetKva har Tunkatten gøymt? Marit Lid Bjerkvik som LurivarKr 50 / familie 150

ONSDAG 18. APRILBergen (tid og stad blir kunngjort seinare)Språkfakta 2012Ottar Grepstad presenterer siste nytt om språk i verda og Noreg.Gratis

HØGT OG LÅGT I AASEN-TUNET OR GJESTEBOKAI IVAR AASEN-TUNET

Ein smedlande go’e middag! Sverre Volle, 18.9.2011

Takk til Ivar Aasen for det nydelege nynorske språket og for alle dei nynorske teikneseriane! Helsing han Marius Hestness

HOVUDSPONSORAR

PROGRAM OG BILLETTAROppdatert informasjon:www.aasentunet.no

Billettar til arrangementbillettluka.no/aasentunet 70 04 75 84

Billettar kan hentast og kjøpast i alle Narvesen og 7-Eleven-butikkar

Med atterhald om endringar

Ideane flyg både høgt og lågt i Aasen-tunet for tida i arbeidet med å fornye basisutstillinga. Som arbeidstittelen «Høgt og lågt» indikerer skal utstillinga innehalde mykje for både liten og stor. Språk frå heile verda skal få sin vel fortente plass sa-man med leikne perspektiv på ord og litteratur. Og vonleg er fleire av verkemidla av det uventa slaget.

Foto

: Erik

Bur

ås/k

olon

ihav

en.n

o

STOR PLAN FOR SPRÅKÅRET

Page 4: Symra 1/2012

UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM REDAKTØR: GAUTE ØVERENG

FEDRAHEIMEN DIGITALISERT

Alle årgangane av Fedraheimen, frå 1877 til 1891, er no digitalisert og tilgjengeleg i Aasen-tunet. Arbeidet er gjort ved Senter for digitalisering av kulturarv. Med tid og stunder kjem alle årgangane også på nett-staden. Fedraheimen blei gradvis viktigare i samfunnsdebatten, sam-stundes som det var ein arena for nynorske skribentar, også skjønn-litterære. Fleire forfattarar debu-terte her, og einaste gongen Per Sivle publiserte diktet ”Dan fyrste songen” var i Fedraheimen.

LURIVAR-LANSERINGStraks lanserer Aasen-tunet heilt nye barnesider på tunkatten.no. Eit grundig arbeid har vore lagt ned og forteljingar, spel, og ikkje minst songboka kjem i ny og meir brukar-venleg utgåve. Utover våren vil nok også Lurivar spe på med over- raskingar for nettvenene sine.

NYE MEDARBEIDARAR I Aasen-tunet byrja Sigbjørn Mork som driftsansvarleg og Laila Walseth Lid som kommuni-kasjonsrådgivar i desember. Marita Bett Jensen tok til på nyåret og skal vikarere som formidlar til august.

KURS OG KONFERANSER Stadig fleire legg kurs og konferan-ser til Aasen-tunet. Med ein konfe-ransesal til 110 og kafé som kan dekkast til store og små grupper, har Aasen-tunet stor fleksibilitet.

VIDEOKONFERANSE Nytt i år er utstyr til videokonfe-ranser i møterommet, som høver for grupper opp til 10 personar. Kontakt oss gjerne for tinging: e-post [email protected] eller tlf. 70 04 75 70.

FORNYA PROFILVåren 2012 tek Nynorsk kultur-sentrum i bruk nye logoar og ein fornya profil. Med omorganisering og fleire tiltak i porteføljen var det ønskjeleg å knyte tette band gjen-nom ein samla grafisk profil. Inn i det nye har vi teke med oss det beste vi hadde frå før. Styret godkjende logoane i desember og vedtek heile profilprogrammet om få veker.

www.aasentunet.no/butikk

BEATE S. LECH

Min song og hjarteskatt

KR 180

Gode tilbod frå butikken i Aasen-tunet

NYNORSK LYRIKK Høgdepunkt frå nynorsk dikting gjennom over hundre år

NO KR 149 (FØR KR 398)

PAKKETILBOD CD OG BOK:

Odd Nordstoga Bestevenn og Maria Parr Vaffelhjarte

NO KR 258 (FØR KR 308)