12
Strategi mot 2015

Strategi mot 2015

Embed Size (px)

DESCRIPTION

 

Citation preview

Page 1: Strategi mot 2015

Strategi mot 2015

Page 2: Strategi mot 2015

2 3

Page 3: Strategi mot 2015

2 3

Kva status har strategiplanen?Lotteri- og stiftelsestilsynet sin strategi er supplement til tildelingsbrev, lov

og forskrift som utgjer grunnlaget for oppgåvene våre. Strategien tek føre seg

prioriterte mål som vi set for oss sjølv som organisasjon. Den er noko vi skal ha

å strekkje oss etter. Greier vi å nå måla i strategiplanen så skal det gje oss og

brukarane våre betydeleg nytteverdi. Det krev langsiktig jobbing å nå måla i

strategien.

For å gjennomføre strategien skal verdiar og leiingsprinsipp følgjast for å skape

ein kultur i organisasjonen som fremjar arbeidsglede og utvikling av gode

tenester for brukarane.

Samfunnsoppdraget vårtVårt samfunnsoppdrag er å vere eit kompetent og objektiv tilsyn som effektivt

forvaltar, kontrollerer og fører tilsyn med stiftelsar, lotteri og pengespel og

mva. kompensasjon.

Vi skal utføre oppgåvene våre i tråd med føremålet i særlovgivinga på

våre område, og vi skal ha eit heilskapleg samfunnsperspektiv på vår

tilsynsfunksjon.

Mål

Page 4: Strategi mot 2015

4 5

Vår visjon: Vi vernar verdiar.

Våre verdiar:Truverdig, hjelpsam og samhandlande.

Vi vil bli oppfatta som truverdige gjennom …– å vere ryddige i alt vi kommuniserer

– å utøve mynde på ein måte som gir tiltru og legitimitet

– å byggje vedtak på gode kunnskapar og godt skjøn

– å ha mest mogleg lik og påliteleg sakshandsaming

Vi vil bli oppfatta som hjelpsame gjennom …– å ha gode servicemål som møter brukarane sine forventningar

– å gje korrekt og nok informasjon til rett mottakar så tidleg som råd

– å vere ei open forvaltning og praktisere meiroffentlegheit

– å utvikle ein hjelpsam kultur

Vi vil bli oppfatta som samhandlande gjennom …– gode nettverk, konferansar og møte

– gode løysingar på nettsidene våre

– aktiv kunnskapsdeling med andre offentlege etatar og private aktørar

– å utvikle ei god lagkjensle i team, avdeling og mellom avdelingar

Page 5: Strategi mot 2015

4 5

Page 6: Strategi mot 2015

6 7

Gjennomføring

av strategiplanen

Vi har tre strategiske grep som vi skal gjere innan 2015.

Strategi vert her tolka som vegval vi gjer for å nå måla.

Måla må vere forstått og akseptert i organisasjonen.

Page 7: Strategi mot 2015

6 7

Strategiske grep

mot 2015

Vi skal utvikle og vitalisere kunnskapsproduksjonen og gje brukarane ny kunnskap om ansvarsområda våre.

Vi skal utvikle IKT- og kommunikasjonsløysingar som gir god kvalitet og meir effektive arbeidsprosessar internt og for brukarane.

Vi skal legge vekt på kunnskapsheving og kunnskapsdeling for å sikre kompetente og engasjerte medarbeidarar.

1.

2.

3.

Page 8: Strategi mot 2015

8 9

Page 9: Strategi mot 2015

8 9

Område 1 – kunnskapDelmål her følgjer av arbeidet med kunnskapsprosjektet.

Område 2 – IKT og kommunikasjon- vi skal samarbeide tett med departement og andre aktørar for å utvikle

gode registerløysingar

- vi skal ha effektive kommunikasjonskanalar og gode interaktive verktøy for

brukaranevi skal ha oppdaterte og interaktive sakshandsamingsverktøy til

bruk for tilsynet, andre styresmakter og brukarane

- vi skal ha fullgode elektroniske kontrollsystem og vi skal kunne ta

utviklingsjobbane sjølv

Område 3 – kompetanse- vi skal halde oss fagleg oppdaterte

- vi skal delta aktivt i nasjonale og internasjonale nettverk

på våre fagområde

- vi skal vere aktive, kommuniserande og nettverksbyggande

på dei konferansar vi deltek på

- vi skal ha årleg kompetanseplanlegging der tiltak speglar

organisasjonen sine behov

- kompetanseutvikling skal vere ein motivasjonsfaktor, – alle skal

få høve til utvikling

- vi skal bli betre på å dele kunnskap med kvarandre gjennom å vere meir

samhandlande

Delmål

Page 10: Strategi mot 2015

10 11

Page 11: Strategi mot 2015

10 11

Leiarane er mål- og resultatorienterteFor å oppnå dette skal …

- visjon og strategiar synleggjerast, og leiarane må handle i

samsvar med desse

- nødvendige avgjerder takast til rett tid

- arbeidet organiserast effektivt og gi dei tilsette eigarskap til oppgåvene

- leiinga vere pådrivar til forbetring, fornying og omstilling

Leiarane motiverer og inspirerer medarbeidaraneFor å oppnå dette skal …

- det leggjast til rette for medarbeidarane si personlege og faglege utvikling

- det leggjast til rette for at medarbeidarane får realisere sitt potensiale

- leiarane halde god kontakt med sine tilsette

- leiarane vise respekt og gi tilbakemeldingar som inspirerer

- leiarane vere tydelege og konstruktive i kommunikasjonen

- leiarane utvikle seg i høve til leiarfaglige utfordringar

Leiarane legg til rette for samarbeid og godt arbeidsmiljøFor å oppnå dette skal …

- leiarane bidra til ein bedriftskultur tufta på lagånd, openheit og respekt

- det leggjast til rette for samarbeid og kunnskapsdeling

- det stimulerast til open kommunikasjon og meiningsutveksling også utover

eige ansvarsområde

- leiarane førebyggje og ta tak i konfliktar – om nødvendig ved hjelp av andre

Overordna leiingsprinsipp

Page 12: Strategi mot 2015

Storehagen 1B – Postboks 800, 6805 Førde

Tlf.: 57 82 80 00 – Fax: 57 82 80 80

[email protected]

lottstift.no

Februar 2012