24
02 / DESEMBER 2013 MAGASIN FRÅ SKL NY GENERALPLAN TVERRFAGLEG TILNÆRMING KUNST SOM INSPIRASJONSKJELDE

Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

Embed Size (px)

DESCRIPTION

 

Citation preview

Page 1: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

02 /desember 2013

magasin frå skl

ny generalplan

tverrfagleg tilnærmingkunst som inspirasjonskjelde

Page 2: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

innhald

02 Endring i rammevilkåra04 Vi og vanndirektivet06 Nettfusjon på Sunnmøre09 Med kunst som

inspirasjonskjelde11 Frå kloster til kantine12 Foredling av Blådalsvassdraget15 Kompetanse og samarbeid er

avgjerande16 Styrkjer infrastrukturen16 IKT divisjon til Sysco18 Den grønne megatrenden20 Bygd på tillit22 Smånytt

Endring i rammEvilkåra – mUligHET EllEr

TrUssEl?

konsernsjefen

Energibransjen er kanskje den mest regulerte bransjen i landet. Vi er godt vane med endringar i rammevilkåra. Vi får mykje merksemd, og det er forståeleg når vi veit kva bransjen betyr for verdiskaping og for at eit moderne samfunn skal fungere. Det vi kunne tenkt oss er ei meir langsiktig og forutsigbar utvikling av rammevilkåra.

I desse dagar er det fokus på framtidig nettstruktur. Dette ligg i mandatet til Reiten-utvalet som den førre regjeringa oppnemnte og som den nye regjeringa har følgt opp gjennom si regjeringserklæring. Det er med andre ord politisk semje om dette temaet. I tillegg vert det arbeidd med å innføra endringar i Energilova som følgje av direktiv frå EU. Alt dette går i retning av færre og meir robuste nettselskap og klarare skilje mellom monopoloppgåver og kraftproduksjon/omsetning.

Eit spørsmål vi kan stilla oss er om det er bransjen si manglande evne og vilje til omstilling som tvingar fram desse endringane i rammevilkåra? Har vi gjort jobben vår og tilpassa oss krav og forventingar frå styresmakter, kundar og eigarar? Søkjer vi effektive, rasjonelle og framtidsretta løysningar eller går vi med ryggen først inn i framtida?

Det er ikkje gitt å sei kva nettstruktur vi får, men at det blir endringar er eg viss på. All erfaring tilseier at det vil bli brukt både pisk og gulrot for å få noko til å skje. Då er det viktig at vi dannar oss eit best mogeleg bilete av kva vi trur vil koma og tar våre val ut frå det.

kraftlinjer 02/2013

UtgjevarSKLAdresse: Postboks 24, 5401 StordTelefon: 53 49 60 00 E-post: [email protected]

Ansvarleg redaktør Jan Petter Myhre

RedaksjonAnne- Gro FivelandMagne HeimvikDagfinn Vatne

Foto Tom Haga, Øyvind Sætre og Thinkstock

Grafisk utforming Oktan Stord

TrykkScanner Grafisk

Kraftlinjer vert trykt på miljøvennleg papir

MILJØMERKET

241 Trykksak 707

2

Page 3: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

Endring i rammevilkåra vil og føra til endringar for SKL. Med det utgangspunktet SKL har er eg viss på at vi skal koma styrka ut av slike prosessar. Men det krev at vi har ei positiv og offensiv tilnærming til dei endringar vi ser vil koma, og sørgja for at vi har «ei hand på rattet» og kan vera med å forma framtida for konsernet. Endringar er langt frå berre eit trusselbilete, det gjev og muligheter.

Magne Heimvik, konsernsjef i SKL.

3

Page 4: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

Reint vatn er ein føresetnad for alt liv. Fleire stader i Europa er reint vatn ein knapp ressurs. Det er store flate område med vassdrag som strekk seg gjennom fleire land. Utslepp frå byar, industri og jordbruk i eit land renn vidare inn i neste land. For å få ei heilskapleg forvaltning av vatn på tvers av landegrensene, vedtok EU i år 2000 nye rammer for felles vasspolitikk i EU, «Vanndirektivet». Dette var nødvendig for å sikre Europas befolkning reint vatn og levedyktige vassområde for planter og dyr.

Som EØS-medlem er også Noreg omfatta av direktivet, sjølv om situasjonen her er annleis. Med nokre unntak har vi korte vassdrag der vatnet går raskt frå fjell til sjø, og det

er få vassdrag som kryssar landegrensene. Mengda reint vatn verker utømmeleg, spesielt i vår region. Vi har ikkje i same grad problemstillingane som vanndirektivet er skapt for å løyse på kontinentet.

Menneskeleg aktivitet påverkar og endrar dei naturlege vassførekomstane. SKL har bygd ut Blådalsvassdraget i meir enn 60 år. Med fagkompetanse og kreativitet har vi tamt kreftene i vatnet og gjort vatnet til ein viktig føresetnad også for det moderne liv. Alle inngrep har konsekvensar, også i våre vassdrag. Men nokre inngrep har større innverknad for samfunnet enn andre. SKL er stolt av å levere rein fornybar kraft. Kraft produsert utan utslepp.

vi og vanndirEkTivETnatur og miljø

tekst: magne andresen

4

Page 5: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

Kraft produsert slik at vatnet som kjem ut i sjøen er like reint som vatnet vi lånte ved foten av Folgefonna.

Vi er stadig meir fokuserte på at konsekvensane for natur og miljø skal bli så små som mogleg. Vanndirektivet innfører prosessar som skal gi kunnskapsbasert og heilskapleg vassforvaltning. Direktivet seier at alle vassførekomstar skal kartleggast og miljøtilstand skal vurderast kvart sjette år. Der tilstanden er for dårleg skal det vurderast tiltak. SKL har gått aktivt inn i arbeidet og er i tett og god dialog med styresmaktene. Fleire tiltak er gjennomført og nye blir vurdert. Effekten av tiltak som gir reduksjon i kraftproduksjon må vurderast

opp mot konsekvensen av å få kraftmengda produsert på annan måte. SKL har tilsette med høg kompetanse som kan sjå heilskapen i desse prosessane. Mellom anna er dyktige sivilingeniørar innanfor elkraft, og tilsette med doktorgrad i biologi og spisskompetanse innan vassdrags-juss med på å sikre god vassforvaltning.

Vanndirektivet er eit prosessdirektiv som seier at forvaltninga av vassressursane skal være eit resultat av bevisste val. Produksjon av rein fornybar energi er god ressursforvaltning, og Noreg bør også i framtida kunne være stolte av å vere sjølvforsynte med kraftproduksjon utan utslepp.

«The Mother» av Raphael Neal. Biletet er henta frå Kunstprosjektet AiR («artist in residens»). Les meir s.11.

5

Page 6: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

nETTfUsjon på sUnnmørEnett

erik espesetkonsernsjef, tafjord

TAFJORD er det leiande energikonsernet på Nordvestlandet. Vi har 1,6 TWh kraftproduksjon, regional- og distribusjons-nett på Nordre Sunnmøre og forbrenning og gjenvinning av avfall til fjernvarme i Ålesund. Vi sel også kraft og fiber med innhald til private og bedrifter.

Eg kom inn som leiar av konsernet i januar i år og vart kasta rett inn i ein prosess med Tussa på Søre Sunnmøre. Diskusjonen om etablering av eit felles nettselskap for dei to konserna våre var så vidt starta. Spørsmålet var om vi var klare for

dette, og om ein fusjon ville gje dei resultata vi ønskte.

Både Tafjord Kraftnett og Tussa Nett er mellomstore samanlikna med andre norske nettselskap. Vi ser likevel at vi er for små til å ha eit effektivt og sterkt miljø, spesielt for utvikling av regionalnettet. Men ville ein nettfusjon vil gje store fordelar for eigarane slik at dei kunne få høgare avkastning på nettkapitalen? Ville den gje fordelar for tilsette slik at dei kunne få ein arbeidsplass med fleire utfordrande arbeidsoppgåver? Og ikkje minst viktig; ville vi

6

Page 7: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

greie å legge forholda til rette slik at vi kunne få eit selskap som ville gje kundane våre ei meir påliteleg og også rimelegare kraftforsyning over tid?

Som leiar er eg svært oppteken av å få til positive endringsprosessar. Men sjølv om det er logisk rett å gjere endringar, så er det ikkje like lett å få til i praksis. Fusjonsforsøk i vår bransje strandar ofte på usemje om eigarfordeling og kontroll, posisjonar og kor dei ulike funksjonane skal vere lokaliserte. Når Tussa og vi gjekk i dialog om nettfusjon var det difor viktig at begge partar

fakTanett

TAFJORD: Energikonsern med hovudkontor i Ålesund. Har både kraftproduksjon og nettdrift. Konsernet har omlag 250 tilsette.

TUSSA: Energikonsern med hovudkontor i Ørsta kommune, driv med både kraftproduksjon og nettverksemd. Omlag 350 tilsette.

7

Page 8: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

var einige om å dele både smerte og glede. Like viktig var det å ha med dei tilsette og tillitsvalde frå første dag. Gjennom heile den prosessen vi no nærmar oss slutten på, har det vore høgt under taket. Open dialog har ført til at vi fekk opp mange problemstillingar tidleg i forhandlingane. Gode diskusjonar undervegs og vilje til å finne løysingar alle kunne leve med gjer at eg med handa på hjartet kan seie at vi har gjennomført ein god prosess. Resultatet kan ende i at vi ved årsskiftet får etablert eit av dei ti største nettselskapa i landet.

Vi lever i ein bransje med stolte tradisjonar og det er vår oppgåve å forvalte og utvikle samfunnsnyttige investeringar i eit svært langt tidsperspektiv. Vi må likevel passe oss vel for dette langsiktige perspektivet ikkje blir brukt som argument for at vi ikkje skal endre måten vi driv på. Samfunnet rundt oss er i endring, og vi bør endre oss i takt med dette.

Debatten om effektive strukturar på kraftnett har blitt meir intens dette året. I dag har vi nærare 150 nettselskap her i landet. Eg trur at dei fleste lesarane av «Kraftlinjer» er einige om at dette er ein struktur som ikkje er effektiv for samfunnet. Når det er sagt, så har ikkje eg svaret på kva som er den rette strukturen og storleiken på kvart enkelt nettselskap for at dei skal vere effektive. Svaret på dette endrar seg også over tid i takt

med at vi får stadig betre kommunikasjonsvegar både fysisk og elektronisk.

Det vi veit er at hjartet i et effektivt nettselskap er den døgnbemanna driftsentralen. Dess fleire kundar ein slik sentral kan handsame effektivt, dess betre. Ideelt sett meiner eg at vi i alle høve ikkje bør ha nettselskap som er mindre enn det som er ansvarsområdet for driftssentralen. Det nye fusjonerte nettselskapet vil ha ein driftssentral. I dag har Tussa og Tafjord ein kvar.

Den viktigaste oppgåva til eit nettselskap er å sjå til at kraftnettet i konsesjonsområdet er driftssikkert og kan levere kraft til alle kundane våre på ein kostnadseffektiv måte. Vi skal drifte godt, og vi skal gjennomføre naudsynt fornying og nyinvestering i anlegg. Vi må vere over ein kritisk storleik for at vi heile tida skal fylle arbeidsdagen til ingeniørane og montørane våre med produktive og skarpe arbeidsoppdrag. Samstundes må dei same personane utgjere ein god beredskapsstyrke.

Så gjenstår det enno å sjå om vi lykkast her på Sunnmøre. Men vi har god tru.

nett

Erik Espesetkonsernsjef

TAFJORD.

Page 9: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

SKL er eit solid selskap med godt omdøme. Med kunst kan ein inspirere og vekke kjensler hjå tilsette, og gje gjester ei god oppleving når dei besøker SKL.

Gjennom kjøp av kunst og gåver har SKL etterkvart fått ei fin samling av kunst.

– For at tilsette skal arbeide målretta er det viktig å sjå mennesket i ein heilskap og erkjenne at det er ulike faktorar som motiverer den einskilde. Sidan me byrja å kjøpe kunst har vi hatt ein målsetnad om at den skal være til inspirasjon og motivasjon i det daglege arbeidet, seier konsernsjef Magne Heimvik.

mEd kUnsT som inspirasjonskjEldEkunst som inspirerer

Gerhard Stoltz ”Narcissus” olje på lerret.

9

Page 10: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

kunst som inspirerer

– Ja, i nokre nokre tilfelle har kunsten også skapt irritasjon. Men eg synes det er flott at folk ikkje stiller seg likegyldege. Kunst skal engasjere! legg han til.

Målretta og nøkternI starten var vi ikkje så bevisste på kva vi kjøpte. Dette har endra seg dei siste åra.

– Vi arbeider no meir målretta, men med nøktern haldning for å ta vare på samlinga. Målet med kunsten er å vekkje kjensler og stimulere dei tilsette. Vi vil også gje dei besøkjande ei god oppleving når dei besøkjer SKL, seier administrasjonskonsulent Marit Sævig Stockmann.

Ho har saman med kurator Oddrun Helvik ansvar for å utvikle og ta vare på kunstsamlinga.

Unge lovande Kunstsamlinga inneheld verk av både regionale og nasjonale kunstnarar. Gullvåg, Sitter og Torvund er kjende for mange. Men SKL er også

bevisst sin verdi som samfunnsbyggjar.

– Difor ynskjer me gjennom kunstsamlinga også å fremje unge lovande talent i regionen. Me har stor tru på at me vil få sjå nye spennande regionale kunstnarar her i regionen dei næraste åra. Kan me vera ein støttespelar for desse er det ein bonus for både dei og oss, avsluttar Heimvik.

– Sjølv om mange ikkje måler det, visar det seg at miljø med kunst gjev stimuli på det intellektuelle plan. At kunsten som SKL eig er ulik, er bra. Ei homogen samling stettar behovet hos nokre få, breidde i kunstsamlinga gjer at fleire kan oppleve kunsten og finne sin favoritt. Det ligg og ei kime til at kunst også vert mislikt og diskutert! seier den røynde og engasjerte kuratoren.

med kuratoren sine auge

Eigar av Galleri Giga på Stord, Oddrun Helvik, er SKL sin kurator. Ho formidlar, remonterer og presenterer kunsten med eit bevisst og heilskapleg innhald.

Oddrun Helvik, kunstkurator for SKL. Maleri Jan Terje Rafdal, veggskulptur Turid Vikene.

10

Page 11: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

frå klosTEr Til kanTinEnternasjonal kunstutstilling i «galleri skl»

SKL støttar fotokunst i 2013 fotokunst-prosjektet AiR ved Halsnøy kloster. I haust vart SKL si kantine omgjort til eit spennande galleri og den internasjonale kunsten vist til publikum.

Kunstprosjektet AiR («artist in residens») er eit prosjekt kor utvalde internasjonale kunstnarar vert innlosjerte og får arbeida med fotokunst i klosteret. Kunstnarane får inspirasjon og arbeidsro i rustikke omgivnader, og høve til å augustinsterklosteret frå 1163.

Del av menyenI haust kuliminerte prosjektet i ei separatutstilling i kantina.

– Ja, vår eigen kantine vart i haust omgjort til galleri. Dei tilsette har vore heldige og fått fotokunst av internasjonalt format som ein del av menyen i kantina. Unikt og spennande, meiner SKL sin kontaktperson mot AiR-prosjektet, Anne-Gro Fiveland.

Den kjende og lokale fotokunstnaren

Øyvind Hjelmen er kunstnarleg prosjektleiar for AiR. Han er svært nøgd med at SKL både støtta prosjektet og gjorde den internasjonale fotokunstutstillinga open for alle då «Galleri SKL» hadde open kafé.

– Dette viser at kunst ikkje treng vera komplisert, at ein ikkje alltid treng forstå det ein ser. Ofte er det nok å oppleve. Eg er glad for at SKL har gjeve dei tilsette og «Storabuen» ein sjanse til det gjennom vårt samarbeid. Vi ser fram til å kunne presentere nye og spennande prosjekt for SKL også i framtida, påpeikar Hjelmen.

Skapte engasjementBåde Hjelmen og Fiveland er glade for at utstillinga skapte debatt blant tilsette og publikum elles.

– Meiningar og ytringar om fotografia var sjølvsagt alt frå jubel til kritikk. Men slik skal det også vere. Meiningar skal brytast og ulike erfaringar skal høyrast. Dette gav meirsmak, avsluttar Anne-Gro Fiveland.

SKL-tilsette diskuterer eit av kunstverka. Anne-Gro Fiveland t.v har vore SKL sin kontaktperson mot AiR-prosjektet.

Maleri Jan Terje Rafdal, veggskulptur Turid Vikene.

11

Page 12: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

forEdling av BlådalsvassdragETny generalplan

Gjennom det siste året er det arbeidd intenst med ny generalplan og fleire nye store kraftprosjekt i Blådalsvassdraget. Målet er å utnytte ressursane på ein endå betre måte.

Blådalsvassdraget har vore SKL sin viktigaste kraftressurs i mange tiår.

– Mange har kanskje trudd at bygginga av Blåfalli Vik var det siste prosjektet der ein «pressa dei siste dråpane ut av sitrona». Men kraftmarknaden har endra seg dei siste åra. Behovet for regulerbar kraft er stigande, og det tek me konsekvensen av med å laga ein ny generalplan, seier Kjetil Harestad, administrerande direktør i SKL Produksjon AS.

Påverka av den europeiske marknadenKenneth Teigenes, leiar for forretningsutvikling og forvaltning i SKL Produksjon AS, meiner at nedlegging av kjernekraftproduksjonen i Tyskland og den kolossale utbygginga av vind- og solkraftverk, er viktige element ein må ta omsyn til i den nye kvardagen for kraftindustrien.

– Karakteristisk for all denne nye krafta er at ho ikkje er regulerbar. Krafta må produserast når sola skin, og det blæs. Men det gjer det ikkje heile tida. Ein annan faktor er at klimaframskrivingane, med auka nedbør og avsmelting, vil leggja nye premissar for framtidig kraftproduksjon, påpeikar han.

Kjetil Harestad, administrerande direktør i SKL produksjon.

12

Page 13: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

Hydrologi og klimaRetningsgjevande for arbeidet med ny generalplan i Blådalsvassdraget har vore den noverande og den framtidig hydrologien, kraftprisar over døgeret og året, behov for regulerbar kraft, samt brukstida for kraftverka.

– Ser ein på desse elementa teiknar det seg eit bilete som kan by på nye og kanskje overraskande løysingar, meiner Teigenes.

Han peikar på at ein viktig del av forprosjektet har vore å vurdera hydrologien i vassdraget.

– Kunnskapane våre om nedbørsfelt og avrenning har vore usikre, ikkje minst fordi store deler av felta ligg under Folgefonna. Men ved å samanlikna produksjonstal for kraftverka med tidlegare vurderingar av dei ulike nedbørfelta, har vi no kome fram til ei hydrologisk beskriving av vassdraget som vi har tillit til.

Generalplanen er utvikla gjennom tverrfagleg samarbeid. Den skal no vurderast av styret i SKL Produksjon AS og SKL konsernstyret.

Biletet av Folgefonna, på framsida av FNs klimarapport i år. Biletet er frå hausten 2006, eit år med med mykje smelting. Foto: BCCR / Yann Arthus-Bertrand.

føresetnad for berekningane

Det er lagt to klimascenario til grunn for den nye generalplanen. I 2013-scenariet har ein vurdert samla meirproduksjon til å bli om lag 110 GWh. I 2040-scenariet antyder ein så stor auke som 240 GWh. Her er det teke omsyn til forventningar om ei varmare og våtare framtid. Dette er i tråd med konklusjonane frå den siste rapporten frå klimapanelet til FN.

13

Page 14: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

Frå venstre: Erling Otterlei (Biolog, SKL), Knud N. Dahl (Konsernkontroller, SKL), Magne Heimvik (Konsernsjef, SKL), Kjetil Harestad (Adm. dir. SKL produksjon), Sture Karlsen (vassdragsteknisk ansvarleg, SKL), har vore delaktige i prosjekt og leiing.

- ny generalplan blådalsvassdraget

Generalplanen omfattar store og små prosjekt. Her er harde fakta om nokre av desse:

Fjellhaugen kraftverkKraftverket vil bli plassert mellom Midtbotn og Fjellhaugvatnet. Ved å byggja Fjellhaugen får vi to parallelle kraftverk mellom Folgefonna og Fjellhaugvatnet.

Kraftverket vil bli plassert i fjell nær Staffi kraftverk.

MidtbotnI den framtidige kraftmarknaden vert magasinkapasitet viktig. I SKL er det Midtbotn som peikar seg ut som ein høveleg stad å auka magasinkapasiteten.

SvelgenSvelgen-alternativet består i å bruka eksisterande overføringstunell frå Svelgen ned til Midtbotnvatnet.

Vetrhus kraftverkDet er mogleg å installere eit lite kraftverk i overføringstunnelen frå Nedre Vetrhusvatn til Blådalsvatnet.

Bekkeinntak og overføringarI Generalplanen frå 1998 er det foreslått å overføre nokre mindre vassførekomstar inn i eksisterande produksjonsanlegg. Dette arbeidet vil bli vidareutvikla og vurdert i den nye planen.

14

Page 15: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

kompETansE og samarBEid Er avgjErandEtverrfagleg tilnærming

silje rullestad, hr-ansvarleg sklerling otterlei, biolog skl

I global samanheng er Noreg ein stor energinasjon. Sjølv om energiproduksjonen er dominert av olje og gass, er vasskraft vår fremste nasjonaljuvel i eit langsiktig og berekraftig perspektiv.

SKL er ein solid forvaltar av desse naturressursane, og me har som målsetnad å væra best innanfor kjerneområda som er produksjon og overføring av kraft.

Blådalvassdraget eit godt dømeFleire faktorar er avgjerande for å lukkast med å nå målsetnaden. Me er ein mellomstor organisasjon som har effektiv og «kortreist» avgjerdstruktur. Dette er ein viktig føresetnad for etablering av ei tett og integrert arbeidsplattform på tvers av fagfelt. Eit naturleg døme på korleis dette fungerer i praksis er arbeidet med ny generalplan for Blåfallsvassdraget. Dette er er eit stort prosjekt og det krev meir enn høg ingeniørkompetanse. Det krev også høg kunnskap om økonomi, miljøkonsekvensar, og juridiske forhold som til dømes vassdragsrettar.

Klarar ein å utfylle kvarandre og trekke relevant fagkunnskap og spisskompetanse tidleg inn i arbeidsprosessane, vil ein oppnå betre sluttresultat. Resultatet vert ei heilskapleg tilnærming som er ein integrert og naturleg del av kvardagen.

Handlingskraft vil styrka posisjonenEit anna døme på kor ein kan dra nytte av dette er i arbeidet med konsesjonar. Heile kraftbransjen er regulert gjennom konsesjonar. Men krav og forventningar til gjennomføringskraft har aldri vore større enn i dag. For å oppfylle dei lover, forskrifter og andre vilkår som ligg til grunn, er ei brei og fagleg tilnærming avgjerande for å lukkast også på dette feltet.

Betre grunnlag for å nå målaI SKL har me høg kompetanse. Utnyttar me den enno betre tryggjer det arbeidsplassane våre. Og SKL styrkjer posisjonen som truverdig og framtidsretta kraftprodusent. Men ingenting kjem gratis. Difor må me samarbeide endå tettare i tida som kjem, og spele kvarandre gode kvar einaste dag. Me har alle foutsetningar for å lukkast!

15

Page 16: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

Magne Hatlevik, avdelingsleiar i Sysco i IKT.

Eit år etter at det vart innleia samtalar, er IKT divisjonen i SKL overdregen til Sysco. Samtidig er det inngått ein samarbeidsavtale mellom selskapa.

Det var ein klar målsetnad om å inngå avtalar kor alle partar, deriblant dei tilsette, var nøgde med vilkåra. Denne grundige prosessen er også årsaka til at det tok lang tid frå samtalane vart starta til det formelle var på plass.

– Det framtidige samarbeidet er avhengig av nøgde tilsette og formålstenelege driftsavtalar for begge selskapa. Difor har me arbeidd målretta

ikt divisjon til sysco

Dei siste åra har det vore ei rekkje større prosjekt på distribusjonsnettet i Stord kommune. Byggeaktiviteten er høg, og mange nye område både for bustadbygging og næring er realisert.

– På Heiane Vest er det etablert fleire større næringsbygg siste året, og seks nye nettstasjonar er bygd i tillegg til Wärtsilä sitt testanlegg. Me ser også at det er liknande vekst på industriområdet på Eldøyane, fortel divisjonsleiar Ragnar Almås.

– Nye bustadprosjekt treng også sikker straumforsyning. I Åstunet er det ferdigstilt 32 husvære og ein barnehage, og i Prestegardslio er ei stor utbygging i full gang. Det er også ferdigstilt over 100 bustader andre plassar i kommunen.

Men eksisterande bustadfelt krev også betre infrastruktur på straumnettet. SKL har hatt fleire store reinvesteringsprosjekt siste året. To av dei aktuelle prosjekta er i Jensanesvegen i Sagvåg og på Skotaberg på Leirvik.

Energimontør Vegard Vatna Selvåg og Thomas Slettemark i arbeid på Bjelland transformatorstasjon.

sTyrkjEr infrasTrUkTUrEnnett

– Både i Jensanesvegen og på Skotaberg er høgspentliner i luft fjerna og erstatta med kabel i bakken. I tillegg er lågspentnettet i områda oppgradert. Me har årlege investeringar i distribusjonsnettet på om lag 15 millionar kroner, avsluttar Almås.

16

Page 17: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

Det nye bustadfeltet som er under oppføring i Nordbygdo på Stord, skal i første omgang byggjast ut med 105 bustader. Feltet er tilrettelagd for at det på sikt kan byggjast 225 bustader. SKL har til no sett opp to nye nettstasjonar, i tillegg til ein som også forsyner eit eldre felt på 230V. Det er også tatt høgde for og klargjort tomt for neste nettstasjon. SKL vil ha to til tre montørar i arbeid i feltet fram til februar. Det er også prosjektert ein tursti med lys i området, seier prosjektleiar Kristin Alvsvåg

nye nettstasjonar i prestegardslio

med dette i denne prosessen og me er svært nøgde med resultatet, påpeikar økonomisjef i SKL, John Martin Mjånes. Han har leia arbeidet med overdraginga av IKT divisjonen i tett samarbeid med adm. dir i SKL Marked, Svein Hvidevoll

Rosar tilsetteTilsette vart formelt overført til Sysco 1. juli i år. Prosessen var prega av god dialog med dei tilsette, som framleis vil ha sin arbeidsstad i SKL-bygget på Leirvik. – Eg vil gjerne rosa dei tilsette for måten dei har vist omstillingsevne på, seier leiar for avdelinga på Stord, Magne Hatlevik.

Avdelinga på Stord har ansvar for Sysco si nye driftsplattform, som også skal ha drift på alle Sysco sine system og tenester.

LeveringssikkerhetFor SKL er det viktig med gode og sikre IKT løysingar. Overdraginga gjer at fagmiljøet vert styrkt. Kompetansen vert både høgare og breiare.

– Med eit større og sterkare fagmiljø styrkjer me vår leveringssikkerhet og beredskapsevne. Det var også ein klar målsetnad ved overdraginga av IKT divisjonen til Sysco, avsluttar Mjånes.

Energimontør Vegard Vatna Selvåg og Thomas Slettemark i arbeid på Bjelland transformatorstasjon. Prosjektleiar Kristin Alvsvåg.

17

Page 18: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

dEn grønnE mEgaTrEndEnmiljø

tekst av: anders bjartnes, daglig leder i norsk klimastiftelse/ansvarlig redaktør i nettmagasinet energi og klima

Klima er kommet for å bli. Det er vår tids viktigste spørsmål. Det grønne skiftet er også en megatrend. Det er nødvendig med en omstilling der hensynet til klima og bærekraft settes først.

Klima er på vei opp igjen på den politiske agendaen, både i Norge og globalt. Rapporten fra FNs klimapanel som kom i høst etterlater ingen tvil om vitenskapens budskap. Det haster med handling. Verdens ledere skal gi sitt svar på et toppmøte i Paris i 2015, der målet er å etablere et nytt globalt klimaregime. I de neste to årene vil mye kretse rundt denne prosessen. Landene posisjonerer seg, mens næringslivets og sivilsamfunnets representanter spør hvordan man best kan bidra.

I Europa er oppmerksomheten knyttet til hvordan politikken best bør utformes frem mot 2030. Sterke interesser står mot hverandre. Det grønne skiftet vil kreve sine ofre. Når den fossile energibruken skal kraftig ned, finnes det både vinnere og tapere. Politikkens utforming avgjør i stor grad hvor kapitalen flyter; bygges det nye kullkraftverk eller går alle pengene til vind og sol? Beslutninger som i det storpolitiske bildet synes ganske små, kan bety liv eller død for prosjekter av stor betydning for enkeltaktører. Et eksempel på dette er spørsmålet om de såkalte kapasitetsmarkedene i Tyskland og Storbritannia skal åpne for norsk vannkraft, og dermed bidra til at kabelprosjektene får en fornuftig forretningsmodell.

18

Page 19: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

miljø

Det er liten tvil om at de aller fleste aktører i energisektoren opplever at usikkerheten er økende. Det gjelder i petroleum, der stadig flere investorer stiller spørsmål ved om investeringsnivået er for høyt. Det gjelder i kraftbransjen, der prisforventningene er mye lavere fremover enn man så for seg for noen år siden. Politikerne skal på sin side manøvrere i et landskap der teknologiske og økonomiske endringer skjer svært raskt, og der en meget viktig del av jobben er å skape tryggest mulig rammer for næringslivets aktører. Energisektorenes tidshorisont er lang. Bildet er komplekst. Hvor går verden rundt oss? Hvor skal vi gå?

Megatrendene gir en pekepinn. Klima er kommet for å bli. Det er vår tids viktigste spørsmål. De kommende tiårene vil etter alt og dømme bli sterkt preget av hvordan man best bekjemper klimatrusselen og hvordan man best tilpasser seg klimaendringene man allerede ser at kommer.

Det grønne skiftet har også kommet for å bli. Det er nødvendig med en omstilling der hensynet til klima og bærekraft settes først, og der aktører i økonomi og næringsliv utvikler og utnytter forretningsmulighetene som ligger i en fremtid der ressurseffektivitet og fornybar energi overtar for ressurssløsing og fossile brensler.

Overgangen til fornybar energi er en megatrend. Den følges av en annen megatrend

som er mindre påaktet i Norge, trolig fordi vi er så godt skodd på grunn av vannkraften: desentralisering. Når sol, vind og lokalt produserte biomasse, kombinert med smart styring av forbruket, etter hvert blir fundamentet i energiforsyningen i store deler av Europa, så skjer verdiskapingen også lokalt. Arbeidsplassene og den økonomiske aktiviteten flyttes fra store sentraliserte enheter – typisk kullkraftverket – til en lang rekke lokalt baserte virksomheter med spredt eierskap og lokal forankring. En slik utvikling er kjernen i Tysklands energiomstilling. Den har paralleller i mange land, og den har mange «drivere» i ryggen.

Den norske energisektoren må altså forholde seg til en fremtid som både er fornybar og desentral. Når den norske vannkraftsektoren søker mot Europa blir spørsmålet dermed hvordan man best kan ta strategiske posisjoner ut fra en erkjennelse om at det grønne skiftet vil gi store forandringer. Vannkraften har uansett store komparative fortrinn fordi den er regulerbar, men det er sannsynlig at tyskere, nederlendere og briter i økende grad vil løse behovene for regulering selv, lokalt og regionalt. Tror man på en slik fremtid, haster det med bygging av mellomlandsforbindelser. Venter man for lenge, kan toget være gått.

Klimatrusselen blir ikke borte med det første. Men forretningsmulighetene det grønne skiftet representerer er det mange som vil være med å kjempe om.

Kabelprosjektene knyt Noreg og Danmark saman:Skagerrak 4 skal tas i bruk i 2014 (foto: Statnett).

Anders Bjartnes, daglig leder i Norsk Klimastiftelse/ansvarlig redaktør i nettmagasinet Energi og Klima.

19

Page 20: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

Bygd på TilliTsmåkraftverk

SKL har i samarbeid med fleire grunneigarar og kraftselskap sett i drift fire småkraftverk i haust. Utbyggingane vil kunne gje kraft til omlag 2000 husstandar.

– Det var fleire «friarar» som var i kontakt med grunneigarane her og ville byggja ut vassresursane. Grunnen til at me valde SKL handlar først og fremst om tillit, sa grunneigar Terje Øverland då kraftverket i Åkraelva vart sett i drift.

Åkraelva Kraftverk er eit av dei fire kraftverka som no produserer fleire GWh for SKL.

– Det er gledeleg å høyra at grunneigarane valde SKL på grunn av tillit. Me er opptekne av å halda fram med å byggja ut vassresursar i regionen på ein skånsam måte, både små og store kraftverk, seier konsernsjef Magne Heimvik i ein kommentar til Kraftlinjer.

Rosar samspelet I samband med opninga av Åkraelva og Liarelva kraftverk, heldt ordførar i Kvinnherad kommune, Synnøve Solbakken, ein helsingstale. Ho framheva i talen at SKL er ein viktig medspelar som gjev mykje tilbake til lokalsamfunnet og Kvinnherad kommune. Ho la også vekt på det gode samarbeidet mellom grunneigarar, SKL og kommunen.

– Lokale arbeidsplassar, viktig infrastruktur og samspelet mellom store og små aktørar innan kraftbransjen gjev vekst, sa ordføraren.

Bygd på TilliT

20

Page 21: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

FaktaKraftverK

2000 husstandar

Åkraelva kraftverk• Eigarskap: heileigd sKL aksjeselskap som

leiger fallrettar frå 7 grunneigarar.• Årleg middelproduksjon: 16 GWh• straum til: Omlag 800 husstandar.

liarelva kraftverk• Eigarskap: sKL• Årleg middelproduksjon: 6 GWh• straum til: Omlag 300 husstandar

akslandselva kraftverk• Eigarskap: sKL, grunneigar alf-Werner

hjelmervik og skånevik Ølen Kraftlag.• Årleg middelproduksjon: 6 GWh• straum til: Omlag 300 husstandar

eitro kraftverk• Eigarskap: Fusa Kraftlag og sKL.• Årleg middelproduksjon: 13 GWh• straum til: Omlag 650 husstandar

21

Page 22: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

lUfTig oppdragsmånytt

Merking av luftspenn er ei svært viktig oppgåve for å unngå uforutsette hendingar i luftfarten. God merking er difor heilt naudsynt for å tryggje flyging med rutefly, privatfly og helikopter på rednings- og ambulanseoppdrag. I spennet over Karmsundet har SKL Noregs høgaste mast, og i haust vart det montert nye lys i toppen av mastene.

– Lysa vart montert på toppen av traversen på same måte som Statnett har valt å gjera det på sine master. Årsaka til at me no valde å byta lys er å betra flytryggleiken og imøtekoma skjerpa krav frå styresmaktene, fortel Otto Holm, divisjonsleiar i SKL Nett.

Med arbeidsoppgåver 143,5 meter over bakken, var nok ikkje dette eit vanleg oppdrag.

– Eg skal innrømma at det var ei nokså luftig oppleving. Men me har trening i å arbeide i høgda, så oppdraget gjekk heilt etter planen, fortel energimontør Vegard Vatna Selvåg.

Med på oppdraget var også Jakob Fredrik Jæger og Thomas Slettemark.

målrETTa Hms-arBEid fUngErEr

God planlegging er avgjerande for å lukkast med HMS ute i felten. Eit godt døme er arbeidet ved Aksland Kraftverk der ein nådde målsetnaden om 0 personskadar.

I samband med arbeidet ved småkraftverket vart det utarbeidd plan for sikkerhet, helse og arbeidsmiljø (SHA-plan). I tillegg vart det utarbeidd HMS-rutinar knytt til særskilte oppgåver.

– Me hadde nokre aktivitetar som peika seg ut som risikofylte operasjonar. Blant desse var opp- og nedrigging av taubane og arbeid med gravemaskin i bratt og sidebratt terreng.

Med god planlegging og gode sikringstiltak klarte me å utføra arbeidet utan ulukker og med 0 personskadar, fortel ein nøgd prosjektleiar for Aksland Kraftverk, Thorleif Olsen.

Til saman vart det registrert 130 uønskte hendingar i prosjektet. Dette er rapportar om forhold som utgjer ei fare, men dei inneheld og forslag til forbetringar og gode løysingar. Desse blir no nytta som dokumentasjon for å kunne gjere ytterlegare forbetringar på tilsvarande prosjekt i framtida.

22

Page 23: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

framTidsrETTa TransformaTorByTE

Nyleg vart det sett i drift ny transformator på Karmøy. Dette betrar forsyningssikkerheten i Haugesundsregionen betydeleg i åra som kjem.

Eit halvt år etter at hovudtransformatoren på Karmøy vart teken ut av drift, er ny transformator med dobla kapasitet montert og teken i bruk. Transformatorbytet aukar kapasiteten i straumnettet til Karmøy og er avgjerande for reserveforsyninga i Haugesundsregionen.

– Me er svært tilfredse med at forsynings sikkerheten til regionen no er auka, seier John Harald Jakobsen, divisjonssjef Nett i Haugaland Kraft.

Fagkunnskap og samarbeid gjev resultatByte av transformator og koplingsanlegg er tufta på nært samarbeid mellom SKL og HK. Det inkluderer også Hydro Aluminium Karmøy, der anlegget er lokalisert. SKL har hovudansvaret for 300 kV koplingsanlegg og transformator, medan HK har ansvaret for 66 kV anlegget.

– Transformatoren vart sett i drift berre ei veke etter tidsskjema, men i god tid før vinteren set inn for fullt. Vinter og kuldeperiodar aukar straumforbruket som igjen aukar straumlast og risiko for feil i nettet. Ein risiko vi gjennom trafobyte har redusert betydeleg, seier ein nøgd prosjektleiar, Tom Eide i SKL Nett.

Tom Eide, prosjektleiar, SKL.

forhandlingane førte ikkje fram

I januar i år vart det inngått ein intensjonsavtale mellom Bergenhalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK), Haugaland Kraft (HK), Sunnhordland Kraftlag (SKL), Sognekraft (SK) og Statkraft. Hovudmålsetnaden var å gjennomføra endringar i eigarskapet i BKK og i kraftverk på Vestlandet, og på den måten oppnå positive synergieffektar for alle dei involverte selskapa. Etter ein lang og krevjande prosess stranda forhandlingane i haust. I november var det semje mellom partane om å avslutta forhandlingane mellom selskapa, då det viste seg at det ikkje var mogleg å komma fram til semje om verdien på aktiva.

23

Page 24: Skl kraftlinjer 02 2013 issuu

OktanSKL

Postboks 24, 5401 StordTelefon: 53 49 60 00E-post: [email protected]

www.skl.as

Returadresse: SKL, Postboks 24, 5401 Stord

I SKL sine lokale skal kunst inspirere og vekkje kjensler hjå tilsette og gje gjester ei god oppleving. Les meir s. 9.