8
80 Rus i kunsten – kunst i rusen Bjarne Isaksen Kan det tenkjast at kunstnarar kjenner seg roligare og tør tenkje friare under påverknad av rus enn i edru tilstand? Er tilstanden naudsynt i utarbeidinga av dei store kunstverka? Kan ein skape den store kunsten i påverka tilstand? D et å skulle prestera innan kunst- verda kan for mange vere særs krevjande fysisk og psykisk. Som kunstnar er ein gjerne på jakt etter nye uttrykk og nye idear som ein kan nytte i arbeida sine. Jakta på dei nye ideane og den grenseoverskridande kreativiteten, kan ha bidrege til at mange kunstnarar opp gjennom historia har nytta ulike narkotiske stoff i sitt verke. Også i dag er det dei som meiner at den ekte kreativiteten kjem til ein mykje lettare gjennom sentralstimulerande middel og alkohol, fordi stoffa aukar medvita og hjelper ein med å nå dei djupare laga av kjensler. I mange biografiar om kjende kunst- narar er rus og rusmiddel sentralt, både som tema i kunsten og i livet deira, som hjå Oscar Wilde, Charles-Pierre Baudelaire, Vincent van Gogh, Hector Berlioz og Jean Cocteau. I nokre tilfelle er ikkje bruken av narkotika og alkohol berre eit bitema, men knytt direkte til suksessen deira, slik som hjå Ernest Hemingway (alkohol), Edgar Allan Poe (opium) og Andy Warhol (alkohol), underforstått at utan denne ytre påverknaden kunne ikkje kunsten deira ha oppstått. Det er mange stoff som litteraturen omtalar i samband med skaping og utøving av kunstnarleg verksemd, som til dømes heroin, betablokk, valium og alkohol. I denne artikkelen vil eg derimot fokusera på absint, opium og LSD/syre, og sjå på korleis dei har vore nytta som tema i kunstverk og som middel i kunstnarliv. Eg vil mot slutten av artikkelen drøfte om bruken av rusmiddel er til hjelp for å nå den ekte kreativiteten eller om det er andre grunnar som ligg bak bruken av rus. Absinten – den grøne feen Absint er eit sveitsisk, sterkt urte- brennevin med anissmak som inneheld malurt (Artemisia absinthium) og tujon. Brennevinet blir ofte omtala som la fée verte (den grøne fe) på grunn av fargen og dei psykoaktive effektane det har. Brennevinet er nok mest kjend fordi det

Rus i kunsten – kunst i rusen - UiT kunsten.pdf · 2016. 4. 7. · omhandlar rusen sin verknad på mennesket si psyke. LSD er kanskje eit av dei stoffa som hadde størst på-verknad

  • Upload
    others

  • View
    4

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

  • 80

    Rus i kunsten – kunst i rusenBjarne Isaksen

    Kan det tenkjast at kunstnarar kjenner seg roligare og tør tenkje friare under påverknad av rus enn i edru tilstand? Er tilstanden naudsynt i utarbeidinga av dei store kunstverka? Kan ein

    skape den store kunsten i påverka tilstand?

    Det å skulle prestera innan kunst-verda kan for mange vere særskrevjande fysisk og psykisk. Somkunstnar er ein gjerne på jakt etter nyeuttrykk og nye idear som ein kan nytte iarbeida sine. Jakta på dei nye ideane ogden grenseoverskridande kreativiteten,kan ha bidrege til at mange kunstnararopp gjennom historia har nytta ulikenarkotiske stoff i sitt verke. Også i dager det dei som meiner at den ektekreativiteten kjem til ein mykje lettaregjennom sentralstimulerande middel ogalkohol, fordi stoffa aukar medvita oghjelper ein med å nå dei djupare laga avkjensler.

    I mange biografiar om kjende kunst-narar er rus og rusmiddel sentralt, bådesom tema i kunsten og i livet deira, somhjå Oscar Wilde, Charles-PierreBaudelaire, Vincent van Gogh, HectorBerlioz og Jean Cocteau. I nokre tilfelleer ikkje bruken av narkotika og alkoholberre eit bitema, men knytt direkte tilsuksessen deira, slik som hjå ErnestHemingway (alkohol), Edgar Allan Poe(opium) og Andy Warhol (alkohol),underforstått at utan denne ytre

    påverknaden kunne ikkje kunsten deiraha oppstått.

    Det er mange stoff som litteraturenomtalar i samband med skaping ogutøving av kunstnarleg verksemd, somtil dømes heroin, betablokk, valium ogalkohol. I denne artikkelen vil egderimot fokusera på absint, opium ogLSD/syre, og sjå på korleis dei har vorenytta som tema i kunstverk og sommiddel i kunstnarliv. Eg vil mot sluttenav artikkelen drøfte om bruken avrusmiddel er til hjelp for å nå den ektekreativiteten eller om det er andregrunnar som ligg bak bruken av rus.

    Absinten – den grøne feen

    Absint er eit sveitsisk, sterkt urte-brennevin med anissmak som inneheldmalurt (Artemisia absinthium) og tujon.Brennevinet blir ofte omtala som la féeverte (den grøne fe) på grunn av fargenog dei psykoaktive effektane det har.Brennevinet er nok mest kjend fordi det

  • 81

    kom til å ha høg status blant kunst-narar, bohemar og intellektuelle iFrankrike seint på 1800-talet og ibyrjinga på 1900-talet. Mytane rundtabsinten og verknadene har vorepåtakeleg i moderne litteratur, bilet-kunst, musikk og film, slik som EdgarDegas’ bilete L’Absinthe (1876), PabloPicassos Kvinne som drikker absinth(1901), filmen Moulin Rouge (2001), forikkje å snakke om Marilyn Manson sombåde har lovprist drikken i musikken sinog har utvikla sitt eige absintmerke,Mansinthe.

    Mange kunstnarar i Frankrike påslutten av 1800-talet er kjende for ådrikke absint og dei nytta òg absint somtema i kunsten sin, til dømes Emile Zola,Vincent van Gogh og Paul Verlaine.Vincent van Gogh er ein av dei sommålbar synet om absint som ei sterkpsykoaktiv kraft som fremja kunst-skapinga, noko som kan ha inspirertseinare kunstnarar som Pablo Picassoog August Strindberg. Den populæredrikken bland kunstnarane var ikkjeufarleg, men ein kan spørje seg om deter drikken i seg sjølv som var skadeleg,eller om det var det enorme forbruket.Det kan kanskje vere grunn til å tru atdet er kombinasjonen av stoff ogmengde som er problemet.

    Pablo Picassos Kvinne som drikkerabsinth (1901).

  • 82

    Opium – God’smedicine«Alt vi gjer i livet, til og med kjærleiken,skjer i eit hurtigtog som rasar motdøden. Å røyke opium er å trø av toget ifart. Det handlar om å tenkje på andreting enn liv og død.»(Jean Cocteau; oversatt til norsk avartikkelforfattaren).

    Bruken av opium blant kunstnarar på1800-talet må ein sjå i kontekst bådemed oppdaginga av mennesket siumedvetne side, utviklinga avpsykiatrisk medisin og kunsten elles.Det umedvetne har vore eit sentraltelement i mange kunstretningar, sliksom i romantikken og surrealismen.Opium blei av mange sett på somdøropnaren til si eiga umedvetne ogunderliggjande verd. Ideen var atrøynda er filtrert gjennom kunstnarensitt intellekt, og for å utvida intellektetog perspektiva, kan opium bidra tilfuelling (eller oil-ing) av kunstnaren sinkreativitet.

    Ein av dei mest kjende opiumsbrukandekunstnarane var den engelske poeten ogfilosofen Samuel Taylor Coleridge(1772–1834). Ifølgje kjeldene nytta hanopium til ulike føremål, som roande, somantidepressiva og som generelt helse-fremjande.

    Eit kjend døme frå musikken si verd erHector Berlioz og SymphonieFantastique frå 1830 med undertittelen

    Épisode de la vie d’un artiste (Episodarfrå eit kunstnarliv). Ryktet vil ha det tilat det òg er skapt i opiumsrus av einung, forelska komponist. Den ungeBerlioz opplevde den britiske skode-spelarinna Harriet Smithson somOphelia i Hamlet, og blei fullstendigbergteken. Ho blei hans romantiske idealog i si fortvilte kjærleik skal han, fordiho ikkje ville ha han, ha teke einoverdose opium for endeleg å forlate detmiserable, jordiske livet. Medan hanjaktar på Harriet, komponerer hanSymphonie Fantastique, ein program-matisk symfoni som beskriv ein ung,forelska kunstnar, jeune musicien, somblir svikta av sin elskar og difor taropium for å døy. Gjennom symfoniensine fem satsar blir vi med på scenersom beskriv det forelska paret sinelykkelege møte, hennar avvising, hanstunge kjærleiksorg, hans opiumoverdoseog hans eigen eksekusjon for å ha tekelivet av henne. Det heile endar med einheksesabbat.

    «Berlioz, it seems, was suffering fromthe same affliction he ascribed to hissymphonic protagonist – a malignantidée fixe triggering convulsive musculartremors and precipitating a state ofnervous malfunction» (Brittan, 2006).

    Verket er ikkje ei lovprising av opiumsom «kreativitetsopnar», men er heller eibeskriving av ein persons opiumsrus.Når ein høyrer verket i dag, og lesprogramteksten, er det framfor alt eitbilete på den romantiske kulturen sinkunstnaridé som ein tek til seg.

    LSD – Syre«When the men on the chessboard, Getup and tell you where to go,And you've just had some kind ofmushroom, And your mind is movinglow,Go ask Alice, I think she'll know» (Jefferson Airplane: White Rabbit)

    LSD er ei forkorting avLysergsäurediethylamid, eit syntestisk,luktfritt, smaklaust, kjemisk framstiltpsykedelisk stoff. Kjemisk liknar stoffetlysergsyreamid (LSA), eit naturleg stoffmed liknande effekt på medviten, kjendfrå eldgamal sjamanistisk bruk. LSDeller syre blei framstilt første gong i1938 i Sveits av Albert Hofmann, og detmoglege psykoaktive potensialet bleioppdaga ved eit reint tilfelle dåHofmann fekk i seg litt av stoffet.Stoffet blei populært blant kunstnararog bohemar i USA frå 1960-talet, ogartistar som The Beatles, The Doors,Jimi Hendrix og Jefferson Airplane varalle påverka av den psykedeliskekunsten og mogleg også av LSD.

    Opp gjennom pop- og rockehistoria finnvi mange døme på artistar og band somlovpriser rusen eller beskriv han ipositive (og somme tider negative)ordelag. The Velvet Underground:Heroin (1964), Jefferson Airplane: WhiteRabbit (1967), Marianne Faithfull: SisterMorphine (1969) og JJ Cale: Cocaine(1974) er alle døme på kjende låtar som

    Bilde side 83: Kunne det vere at hit’enfrå denne plata, L[ucy in the] S[kywith] D[iamonds], eigentleg tyddeLSD?

  • 83

  • 84

    omhandlar rusen sin verknad påmennesket si psyke. LSD er kanskje eitav dei stoffa som hadde størst på-verknad på kunsten. Bruken av LSDskapte til og med ei ny kunstretning –Psychedelic Art.

    På The Beatles si plate Sgt. Pepper’sLonely Hearts Club Band frå 1967 finn vihit’en Lucy in the Sky with Diamondssom blei skriven av John Lennon ogPaul McCartney. Ifølgje Lennon var låtainspirert av ei teikning sonen Julianhadde laga, med tittelen Lucy in the sky

    with diamonds, men ikkje lenge etterutgivinga starta spekulasjonane om kvasongen med den merkelege teksteneigentleg handla om. Kunne det vere atL[ucy in a] S[ky with] D[iamonds],eigentleg tydde LSD?

    Picture yourself in a boat on a river,With tangerine trees and marmaladeskies. Somebody calls you, you answerquite slowly, A girl with kaleidoscopeeyes.

    Cellophane flowers of yellow and green,Towering over your head.Look for the girl with the sun in her eyes,And she's gone.

    Sjølv om Lennon nekta for saman-hengen mellom tekst og LSD, har detvore mange diskusjonar om saka, og i2004 vedgjekk Paul McCartney, i eitintervju med Uncut Magazine, atmistankane likevel stemde, at låtaeigentleg handla om LSD. Han sa òg atfleire andre av songane deira frå dentida handla om rus, slik som Got To Get

    You Into My Life og DayTripper, men at folk ikkjeforstod det. Om McCartneyverkeleg snakka sant iintervjuet eller berre villestoppe spekulasjonane er ikkjelett å seie, men det å sjå føreseg merkelege figurar, sterkefargar og kaleidoskopiskefigurar blir ofte beskrivne sompsykologiske effektar avmisbruket. Det kan vere pågrunn av dette at LSD har fåttei stor rolle i kunstariske ogkreative samanhengar. Å setteseg i ein tilstand kor verda kanopplevast som annleis ogrettare, kan vere einmotivasjon for å skape sinheilt eigne kunst, som eit bodfrå den andre sida.

    Bruken av LSD skapte til ogmed ei ny kunstretning –Psychedelic Art.

  • 85

    «After the first glass of absinthe yousee things as you wish they were.After the second you see them as theyare not. Finally you see things as they

    really are, and that is the mosthorrible thing in the world.» (Oscar Wilde).

    Edgar Degas: L’Absinthe (1893).

  • 86

  • 87

    LSD sin psykologiske effekt (gjernekalla ein trip) varierer frå person tilperson, og gong til gong. Ein trip kan halangvarige effektar som påverkar bådepersonlegdom og livsperspektiv. Denamerikanske psykologen Timothy Learynytta omgrepet set and setting for å seienoko om variasjonane i effekt ogutbytte. Set handlar om den einskildebrukaren sitt tankesett, dagsform ogforventningar, medan «setting» handlarom det fysiske og sosiale miljøet korprøvinga og utprøvinga gjeng føre seg.Det ligg i set and setting at det sosialesamspelet er minst like viktig for denpsykedeliske effekten som den einskildebrukar.

    Om kreativitet og rusDet kan sjå ut som at både HectorBerlioz, The Beatles og Jimi Hendrixtruleg var brukarar av narkotiske stoffbåde i og utanfor kunsten. Om brukenvar ei naudsynt flukt frå verkelegheita,ein måte å bli genuint kreativ eller ombruken kom av tendensane i tida, erikkje godt å seie heilt sikkert. Men detvar ei sterk kopling mellom rus ogkunst. Men er det slik at kreativitetenaukar av rus? Og er rusmidla eigentlegtil hjelp i formidlinga av dei ekte, djupekjenslene?

    Psykiateren Oscar Janiger, kjend for siLSD-forsking på 1960 og 1970-talet,

    Forfattaren:

    Bjarne Isaksen erførstelektor imusikkpedagogikkog musikkestetikkved Det kunstfaglegefakultet ved UiT.Hans forskings-interesser er dels

    knytt til lærarrolla i kunstfag og delskunstens plass i samfunn og menneske.E-post: [email protected]

    gjorde ulike eksperiment om kreativitetog rus. I ein studie fekk 72 kunstnarar ioppgåve å teikne to teikningar av detsame objektet, først utan LSD og såmed. Målet var å undersøkje om LSDgjer at ein blir meir kreativ. I studienfann han at verka laga i LSD-rus varverken dårlegare eller betre enn dei somvar laga utan rus, men at verka ofte varklårare, meir abstrakt og at kunstnaranei større grad brukte heile lerretet.Kvaliteten blei altså ikkje betre, menuttrykket noko annleis.

    Sjølv kjenner eg til mange kunstnararsom seier at dei beste ideane kjem nårein er rusa på noko, til dømes alkohol,fordi ein kanskje er roligare og tør tenkjefriare, men at ideane berre kanvidareutviklast til kunst når ein er edruog klar i hovudet.

    «While many artists and writers werewell known for their use of intoxicatingsubstances, most produced their greatestworks when they were sober» (Dr Iain Smith, Glasgow)

    Bilde side 86: When bachelor denscast over waking hours a loneliness sodeep.

    Litteratur:F. Brittan: Berlioz and the PathologicalFantastic: Melancholy, Monomania, andRomantic Autobiography. 19th-CenturyMusic, 29 (3), 2006.

    R. Holmes. Coleridge: Darker Reflections.London: HarperCollins, 1997.

    A.Williamon: Musical Excellence.Strategies and techniques to enhanceperformance. Oxford: University Press.2008.

    Forfattarfoto: Privat.