4
NYTT FRÅ OLAV H. HAUGE-SENTERET 3. ÅRGANGEN 2/2013 Lyrikken har alltid hatt ein sentral plass i både store og små seremoniar og hendingar. Den samlar oss og fortel oss noko om det å vera menneske. Me vil arbeida for å styrkja bevisst- gjeringa omkring språk og identitet. ONEN FLEIRE ARRANGEMENT I SPRÅKÅRET Hardingen Ruth Lillegraven er i Ulvik med si nye kritikar- roste diktsamling «Urd» fredag 6. september. Det blir opp- lesing og litterær samtale med BT-journalist Kjersti Mjør. Arrangementet inngår i nynorskstafetten og er eit samar- beid med mållaget. Laurdag 26. oktober kan du høyra Bob Dylan, Leonard Cohen og Salomos høgsong på norsk på Hauge-senteret. Forfattar og gjendiktar Håvard Rem fører oss inn i munnleg poesi gjennom tre tusen år før konserten med duoen Rem & Rem der sonen Simen er med på song og gitar. Elevar ved Brakanes skule får i haust møte ung- domsbokforfattar Mahmona Kahn på Hauge-senteret. HAUGE-SENTERET FEIRA IVAR AASEN Den 5. august gjekk flagget til topps. Hauge-senteret feira 200-årsdagen til Ivar Aasen med fødselsdagskake og fint besøk frå m.a. ordførar og styret i Ulvik Mållag. Olav H. Hauge sette Aasen høgt som språkforskar, språkgrunnleg- gjar og diktar. INTERVJU FRÅ LANDRO SI HAND Hauge-senteret har gjennom eksklusiv avtale med Bergens Tidende rett til å publisera intervju med diktarar gjort av tidlegare kulturredaktør i BT Jan H. Landro. Desse finn du på nye haugesenteret.no, og kvar fredag vil me publisera eit nytt intervju fram til det ein fredag vil vera tid for det siste i bunken. Intervjua er gjorde mellom 1978 og 2006, og blant dei finst mange viktige røyster i norsk litteratur. SELJESTAD MED KOMP Foto: Mocca Design/Monica Hansen Merk deg datoen 29. september. Denne søndagen kjem Lars Ove Seljestad m/Storspringkameratane og litteraturkritikar Tom Egil Hverven til Hauge-senteret. Seljestad er frå Odda og har gjeve ut fleire romanar sidan han debuterte med klas- sereiseromanen «Blind» i 2005. «Storspring» er første dikt- boka hans. Ramma for dikta er industriprosessen på fabrik- ken. Forfattaren si opplesing er fletta saman med autentiske opptak frå det no nedlagde Odda Smelteverk, og musikalske uttrykk frå trommene til Bjørn Moe og elgitaren til Kjell Arne Bauge. Storspringkameratane improviserer fram eit rytmisk, melodisk, tekstbasert konsertuttrykk med eit snev av tungindustri og rock. Før konserten vert det litterær sam- tale mellom Seljestad og Hverven.

Onen 2/2013

Embed Size (px)

DESCRIPTION

http://www.festspela.no/filestore/Olav_H_Hauge-senteret/Meldingsbladet_Onen/Onen2013_2_tilnett.pdf

Citation preview

Page 1: Onen 2/2013

NYTT FRÅ OLAV H. HAUGE-SENTERET 3. ÅRGANGEN

2/2013Lyrikken har alltid hatt ein sentral plass i både store og små seremoniar og hendingar. Den samlar oss og fortel oss noko om det å vera menneske. Me vil arbeida for å styrkja bevisst- gjeringa omkring språk og identitet.

O N E NFLEIRE ARRANGEMENT I SPRÅKÅRETHardingen Ruth Lillegraven er i Ulvik med si nye kritikar-roste diktsamling «Urd» fredag 6. september. Det blir opp-lesing og litterær samtale med BT-journalist Kjersti Mjør. Arrangementet inngår i nynorskstafetten og er eit samar-beid med mållaget. Laurdag 26. oktober kan du høyra Bob Dylan, Leonard Cohen og Salomos høgsong på norsk på Hauge-senteret. Forfattar og gjendiktar Håvard Rem fører oss inn i munnleg poesi gjennom tre tusen år før konserten med duoen Rem & Rem der sonen Simen er med på song og gitar. Elevar ved Brakanes skule får i haust møte ung-domsbokforfattar Mahmona Kahn på Hauge-senteret.

HAUGE-SENTERET FEIRA IVAR AASENDen 5. august gjekk flagget til topps. Hauge-senteret feira 200-årsdagen til Ivar Aasen med fødselsdagskake og fint besøk frå m.a. ordførar og styret i Ulvik Mållag. Olav H. Hauge sette Aasen høgt som språkforskar, språkgrunnleg-gjar og diktar.

INTERVJU FRÅ LANDRO SI HANDHauge-senteret har gjennom eksklusiv avtale med Bergens Tidende rett til å publisera intervju med diktarar gjort av tidlegare kulturredaktør i BT Jan H. Landro. Desse finn du på nye haugesenteret.no, og kvar fredag vil me publisera eit nytt intervju fram til det ein fredag vil vera tid for det siste i bunken. Intervjua er gjorde mellom 1978 og 2006, og blant dei finst mange viktige røyster i norsk litteratur.

SELJESTAD MED KOMP

Foto

: Mo

cca

Des

ign/

Mo

nica

Han

sen

Merk deg datoen 29. september. Denne søndagen kjem Lars Ove Seljestad m/Storspringkameratane og litteraturkritikar Tom Egil Hverven til Hauge-senteret. Seljestad er frå Odda og har gjeve ut fleire romanar sidan han debuterte med klas-sereiseromanen «Blind» i 2005. «Storspring» er første dikt-boka hans. Ramma for dikta er industriprosessen på fabrik-ken. Forfattaren si opplesing er fletta saman med autentiske opptak frå det no nedlagde Odda Smelteverk, og musikalske uttrykk frå trommene til Bjørn Moe og elgitaren til Kjell Arne Bauge. Storspringkameratane improviserer fram eit rytmisk, melodisk, tekstbasert konsertuttrykk med eit snev av tungindustri og rock. Før konserten vert det litterær sam-tale mellom Seljestad og Hverven.

Page 2: Onen 2/2013

FREDAG 6. SEPTEMBER19.00 Den grøne kafé, Ulvik Møt Ruth Lillegraven

Ruth Lillegraven les eigne dikt og samtalar med journalist Kjersti Mjør

Innslag ved Ulvik kulturskule

Eit arrangement i Språkåret 2013. I samarbeid med Ulvik mållagKr 150

SØNDAG 29. SEPTEMBER19.00 Den grøne kafé, UlvikLars Ove Seljestad og Stor-springkameratane

Lars Ove Seljestad samtalar med litteraturkritikar Tom Egil Hverven. Deretter framfører Seljestad, Kjell Arne Bauge (gi-tar) og Bjørn Moe (trommer) tonesette dikt frå Seljestad si siste bok “Storspring. Fabrikk- dikt”Kr 200

LAURDAG 26. OKTOBER20.00 Den grøne kafé, Ulvik Håvard RemGjendikting – munnleg poesi gjennom tre tusen årMunnleg poesi frå Salomos høgsong til Leonard Cohens “Hallelujah”

Deretter konsert med duoenRem & Rem. Håvard (resitasjon og munnspel) og sonen Simen Rem (song og gitar) framfører

gjendiktingar av Bibelen, Cohen og DylanEit arrangement i Språkåret 2013. Med støtte frå Norsk kul-turrådKr 150

LAURDAG 9. NOVEMBERLitterært kulturprogramKva, kvar og klokkeslett vert an-nonsert seinare

I FØRJULSTIDANo er det jul igjenFørjulsarrangement. Program vert annonsert seinare

KONTAKT OSS:Olav H. Hauge-senteret,Promenaden 7, 5730 Ulvikwww.haugesenteret.noTlf. 56 52 70 70 [email protected]

OLAV H. HAUGE-SENTERET

GJESTENE HAR ORDETBerre regn til kvar dag. Surt å plukka eple. Trei har vakse. Eg slit meg ut med denne frukthagen. Han veks meg yver hovudet. Det var ingi sak so lenge trei var små, gå rundt med ei saks og klippa og d[r]essera dei, ein hadde dei under uppsyn og tukt. Men no – eg er makteslaus. Og dei andre diktar og dik-tar – parar seg og reiser hit

og dit... Det har aldri kome inn i ho-vudet på meg at eg er «poet»,som Mehren segjer han er. Ein arbeidsmann er ein ar-beidsmann, eg vert aldri anna.

Olav H. Hauge i dagboka 13. september 1974

Under utvikling: eit dokumentasjons- og formidlingssenter om Olav H. Hauge og lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser

Foto: Odd Nerbø

ARRANGEMENT HAUSTEN 2013

Takk for oss – etter å ha sett pris på dikta lenge, var det ei glede å oppleve utstillinga. Kjem gjerne att!Ingvild B. Myklebust, Oddhild Brandal og Jon Martin Sjøvold

Vakkert som fineste musikk. Takk!Helge Bøkenes

Foto

: Asc

heho

ug

Foto

: Sch

ibst

ed F

orl

ag

Foto

: Paa

l Aud

esta

d /

Tid

en

Page 3: Onen 2/2013

MITT HAUGE-DIKT

TILSKOTSGIVARAR

År ut og år inn har du site bøygd yver bøkene, du har samla deg meir kunnskapenn du treng til ni liv.Når det kjem til stykket, er detso lite som skal til, og det veslehar hjarta alltid visst.I Egypt hadde guden for lærdomhovud som ei ape.

Janglestrå, 1980

Mellom dei mange gode Hauge-dikta som eg er svært glade i, er dette vesle diktet eit av dei som betyr mest for meg. Og som eg sjølv har framført offentleg i mange ulike samanhengar.

Eg trur grunnen til at eg blitt så glad i dette vesle diktet, er at det uttrykker, på ein svært enkel og slagferdig måte, det vi alle innerst inne veit, at om det finst noko i oss som kan redda oss, så er det hjarta - og ikkje hovudet. Ikkje minst ber det i seg ei djupt følt erkjenning som eg som ein lesande, og skuleflink, arbeidarson har måtta bera på etter at eg vart vaksen: At eg gjennom å følgja kunnskapens vegar kom til å lesa meg bort frå min eigen familie og mitt eige oppvekstmiljø.

Når eg sjølv, til sist, valde å stiga av frå kunnskapens vegar og heller prøva meg på litteraturens og poesiens vegar, så var det eit val eg gjorde med hjarta. Fornuftig var det ikkje. Eg har tapt mye i form av økonomi, tryggleik og karrieremulegheiter. Men eg har funne noe eg ikkje fann i akademia. Eg har, for ei tid, funne heim, slik Hauge skriv i diktet om lauvhytter og snøhus; ”... vera der/i kalde kveldar.” Så no blir eg her ei stund til, i poesien i diktinga, i Hauges landskap.

Lars Ove Seljestad,forfattar

Under utvikling: eit dokumentasjons- og formidlingssenter om Olav H. Hauge og lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser

ULVIK HERAD

HAUGE PÅ HAVETDen 4. juni 1992 var Olav H. Hauge og Bodil Cap-pelen i Romsdal. Dei var inviterte av Edvard Hoem i høve Molde by sitt 250 års jubileum. Turen gjekk også til Vedøy der Hoem sitt historiske spel vart framført.

Hauge tykte vel om preste- garden på Vedøy og spesielt den gamle steinkyrkja frå 1100-talet. Om kvelden var det stor middag med ei rek-kje forfattarvener til stades. Mellom Olav og Bodil står dåverande leiar i forfattar-foreininga, Thorvald Steen.

andre fleire gonger og feira bursdag i lag i Telemark for 25 år sidan. Forfattaren Einar Økland kåserte og framheva spesielt Lie si evne til å for-midla både notid, fortid og framtid samstundes i dikta sine. Diktardagen blei avslutta med ein vakker og stem-ningsfull konsert med Lin-da Gytri for dei 50 fram-møtte på museet.

Når det kjem til stykket

DIKTARTAVLA 2013Diktardagen blei markert på Utne søndag 18. august. Årets prisvinnar, lyrikaren Arvid Torgeir Lie, las sjølv opp sitt utvalde dikt frå tavla:

Gje oss, ikkje desse ord for dei tilbakelente,gje oss poesien og dens slunkne proletar,dens eld og dens høgd!

Styrar Agnete Sivertsen ved Hardanger folkemuseum og dagleg leiar Geir S. Netland ved Olav H. Hauge-senteret, var spesielt glade for og stolte av å kunna dela ut prisen på diktarens 75-årsdag, som også var Olav H. Hauge sin 105-års- dag. Lie stod Hauge nær, dei brevveksla, besøkte kvar- Fo

to: a

rkiv

, Ola

v H

. Hau

ges

ente

ret

Page 4: Onen 2/2013

UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM ANSV. REDAKTØR: OTTAR GREPSTAD

FORMIDLAR PÅ PLASSMåndag 2. september hadde Guro Ljone sin første ar-beidsdag som formidlar ved Hauge-senteret. Ljone kjem frå stillinga som dagleg leiar for musikkorganisasjonen AKKS i Bergen.

–Ved tilsetjinga av Guro Ljo-ne får Hauge-senteret ein

dyktig, strukturert og kreativ medarbeidar som vil bidra til å skapa eit levande og inter-essant program for ulike pu-blikumsgrupper, seier dagleg leiar Geir S. Netland.

SENTERET I 2014Arbeidet med basisutstilling er i full gang. Planen er å opna 10. mai dersom finan-siering og framdrift går som planlagt. Dersom heradstyret i Ulvik fylgjer formannska-pet si samrøystes tilslutning til avtale, vil Hauge-senteret overta ansvaret for Ulvik po-

esifestival frå 2014. Mange er imponert over den innsatsen som frivillige, Olav H. Hau-ge-stiftinga, Venelag, Ulvik herad og kultursjef Espen Eide har lagt ned i festivalen sidan starten i 2000. Festiva-lane har hatt fagleg spanande program og populære kon-sertar og kulturinnslag for eit breitt publikum. Det forplik-tar å ta over eit slikt arrange-ment. Hauge-senteret vil ta med seg det beste og vidare-utvikla festivalen, som i 2014 er lagt til 4.–7. septem-ber.

ww

w.h

aug

esen

tere

t.no

Olav H. Hauge Dagbok 1924-1994. I Utval Kr 262

Til

bo

d f

ne

ttb

uti

kk

en

Olav H. Hauge og Bodil Cappelen: ABC Kr 229

Lars Ove Seljestad Storspring

Kr 262

GJEST NR. 1000!Svanhild Skeie Lothe vitja Hauge-senteret fredag 30. august og vart med det vår gjest nummer 1000. Som gåve fekk Svanhild ein «mat-pakke» frå Syse gard. Hauge-senteret gratulerer og vonar Svanhild hadde ein fin runde i utstillingane.