4
kort klart & TORSDAG 04.05.2017 NYHENDE PÅ NYNORSK 9 KAMP: Folk kjempar blodige kampar i gatene. Venezuela er rikt på olje, men folk svelt. Dei protesterer i gatene til dei døyr. Demonstrantar er rasande på styresmaktene. Dei krev at presidenten sluttar. Minst 32 personar er døde etter gatekampar på éin månad. Dette er kort om krisa i Venezuela: Olja gjorde Venezuela rikt. Landet fekk alvorleg trøbbel då olja blei mindre verdt. Venezuela hadde også økonomiske problem frå før. Dei skuldar mykje pengar, men har lite å betale med. Folk svelt og får ikkje tak i medisinar. Vekttapet kallar dei for «Maduro-dietten» etter president Nicolás Maduro. Maduro øydelegg Venezuela med politikken sin. Det meiner motstandarar. Protestane i gatene starta etter ei avgjerd i høgsterett. Domstolen tok makt den ikkje skulle ha, meiner demonstrantar. Landet slit også med kriminalitet og arbeidsløyse. Kjelder: Store Norske Leksikon, globalis.no, NTB, NRK, Nettavisen Karin Flølo [email protected] Lever i krise Les meir på side 2 – Du kan ikkje berre seie «eg treng pengar». Du må skape noko folk vil ha. ANTARKTIS: Eit stort isell truar i Antarktis. Det kan bryte seg laust. Isellet er like stort som Akershus fylke. Forskarar er uroa for korleis det vil påverke nivået i havet. Isen kan smelte. Forskarane meiner dette skjer fordi det blir varmare på jorda, skriv kanalen NRK. KRIMINALITET: Det kan bli ei ny rettssak om dei tre drapa på Orderud gård. Dei skjedde 22. mai i 1999. Fire personar blei dømde for å ha vore med på drapa. To av dei dømde har søkt om at det blir ny sak, melder NTB. Stort isfjell truar Kan bli ny rettssak om tre drap Foto: Ronaldo Schemidt / AFP Photo / NTB scanpix

NYHENDE PÅ NYNORSK - klartale.no/menu/standard/file/Klart og... · TORSA 2 NOREG 04 .05 .2017 Gir litt pengar kvar Fleire og fleire samlar inn pengar via internett. Slik vil dei

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: NYHENDE PÅ NYNORSK - klartale.no/menu/standard/file/Klart og... · TORSA 2 NOREG 04 .05 .2017 Gir litt pengar kvar Fleire og fleire samlar inn pengar via internett. Slik vil dei

kortklart& TORSDAG

04.05.2017

NYHENDE PÅ NYNORSK

9

KAMP: Folk kjempar blodige kampar i gatene.

● Venezuela er rikt på olje, men folk svelt. Dei protesterer i gatene til dei døyr.

Demonstrantar er rasande på styresmaktene. Dei krev at presidenten sluttar. Minst 32 personar er døde etter gatekampar på éin månad.

Dette er kort om krisa i Venezuela:Olja gjorde Venezuela rikt. Landet fekk alvorleg trøbbel då olja blei mindre verdt. Venezuela hadde også økonomiske problem frå før. Dei skuldar mykje pengar, men har lite å betale med.

Folk svelt og får ikkje tak i medisinar. Vekttapet kallar dei for «Maduro-dietten» etter president Nicolás Maduro. Maduro øydelegg Venezuela med politikken sin. Det meiner motstandarar.

Protestane i gatene starta etter ei avgjerd i høgsterett. Domstolen tok makt den ikkje skulle ha, meiner demonstrantar. Landet slit også med kriminalitet og arbeidsløyse. Kjelder: Store Norske Leksikon, globalis.no, NTB, NRK, Nettavisen

Karin Flø[email protected]

Lever i kriseLes meir på side 2

– Du kan ikkje berre seie «eg treng pengar». Du må skape noko folk vil ha.

ANTARKTIS: Eit stort isfjell truar i Antarktis. Det kan bryte seg laust. Isfjellet er like stort som Akershus fylke. Forskarar er uroa for korleis det vil påverke nivået i havet. Isen kan smelte. Forskarane meiner dette skjer fordi det blir varmare på jorda, skriv kanalen NRK.

KRIMINALITET: Det kan bli ei ny rettssak om dei tre drapa på Orderud gård. Dei skjedde 22. mai i 1999. Fire personar blei dømde for å ha vore med på drapa. To av dei dømde har søkt om at det blir ny sak, melder NTB.

Stort isfjell truar

Kan bli ny rettssak om tre drap

Foto

: Ron

aldo

Sch

emid

t / A

FP P

hoto

/ N

TB

sca

npix

Page 2: NYHENDE PÅ NYNORSK - klartale.no/menu/standard/file/Klart og... · TORSA 2 NOREG 04 .05 .2017 Gir litt pengar kvar Fleire og fleire samlar inn pengar via internett. Slik vil dei

2 TORSDAG04.05.2017NOREG

Gir litt pengar kvar ● Fleire og fleire samlar

inn pengar via internett. Slik vil dei skape noko nytt.

Ei fotballbane. Eit danseshow. Ei bok. Eit nytt klesmerke. Eit museum. Ein ny brus. Dette er idéar som spør etter litt pengar frå mange givarar. Dei er på nettstader som Funde.no, Bidra.no, Startskudd.no og Spleis.no.

Dette har blitt ein vanleg måte å samle inn pengar på. Vanlege folk gir litt pengar kvar.

Kanskje 50 kroner, medan andre gir kanskje tusenvis av kroner. Til saman kan det bli nok til ei bok eller eit museum.

Innsamlinga blir kalla crowdfunding på engelsk.– Eg såg at dette kunne bli stort i Noreg, seier Christian Drabløs. Han er ekspert på crowdfunding.

Drabløs starta selskapet Funde. Dei hjelper folk med å samle inn pengar til prosjekt.– Crowdfunding er også ein måte å sjekke om idéen er god. Om mange vil gi pengar, ser du at den er verdt å satse på, seier han.

Det er noko unorsk over å be andre om pengar. Derfor var Drabløs litt skeptisk i starten.– Det er viktig å gi noko tilbake. Gi boka du skal lage,

eller billettar til framsyninga. Du kan ikkje berre seie «eg treng pengar». Du må skape noko som folk vil ha, seier Drabløs.

Prosjekta får 30 til 35 dagar til å samle inn pengane dei treng. Funde sjekkar alle som er med nøye. Folk får pengar tilbake om prosjekta ikkje blir noko av.

Omtrent 12 prosent har gitt penger via crowdfunding i Noreg. Det viser tal frå banken DNB.

Kristine Lindebø [email protected]

PENGAR: Folk samlar inn pengar til ulike ting. Dei får hjelp av sider på internett.

Foto

: Elr

oy S

erra

o, a

lyss

a.be

cker

, Mar

tin

Ber

glun

d, e

spen

sorv

ik /

Flic

kr.c

om

Page 3: NYHENDE PÅ NYNORSK - klartale.no/menu/standard/file/Klart og... · TORSA 2 NOREG 04 .05 .2017 Gir litt pengar kvar Fleire og fleire samlar inn pengar via internett. Slik vil dei

TORSDAG04.05.2017 3 VERDA

– Ingen sa nei til Saudi-ArabiaSAUDI-ARABIA: Saudi-Arabia får kjempe for kvinner og rettane deira. Ingen land røysta nei. Det seier utanriks-departementet (UD) i Sverige.

Landet får bli med i ei gruppe for kvinner i Dei sameinte nasjonane. Fleire reagerer på at Saudi-Arabia får bli med. Det er fordi landet har strenge

reglar for kvinner. Dei skal til dømes dekke seg til og dei får ikkje køyre bil.

Noreg og andre land nektar å seie kva dei røysta. 47 av 54 land røysta ja. Sju land valde å ikkje røyste den 19. april, skriv nyhendebyrået NTB. Det har svensk UD sagt til avisa Svenska Dagbladet.

Belgia vedgjekk at dei røysta ja.– Eg beklagar at vi sa ja, sa statsminister Charles Michel. Landet fekk for kort tid til å diskutere saka.

Karin Flø[email protected]

● Joseph Muscat, 43 år, statsminister i Malta.

● Muscat har jobba som journalist og i næringslivet. I 2013 blei han statsminister. No ber han om nytt val 3. juni. Kona blir skulda for å snike seg unna skatt. Muscat seier dette er tull, men vil sjå om folk framleis støttar han.

NAMN I NYHENDA

Foto

: NT

B s

canp

ix

Joseph Muscat

RUSSLAND: Aktivistar demonstrerte i St. Petersburg i Russland, skriv nyhendebyrået NTB. Politiet arresterte ti personar. Aktivistane protesterte mot overgrep mot homofile i Tsjetsjenia. Landet meiner at det ikkje finst homofile. Men rapportar fortel om vald mot homofile og at fleire er fengsla.

Støtta homofile i Tsjetsjenia

ARRESTERTE: Politiet arresterte fleire i Russland.

Foto

: NT

B s

canp

ix

President Rodrigo Duterte på Filippinane veit ikkje om han kan besøke Donald Trump i USA. Det er ikkje sikkert Duterte har tid.

700 kvinner i India fekk balltre i gåve frå ein politikar. Gåva kan brukast til å banke opp fulle ektemenn.

Eit fly på veg til Bangkok rista kraftig i lufta. 27 personar blei skadde på grunn av turbulensen.

Kråker blir sjeldan trefte av bilar, ifølgje danske forskarar. Kråker har større hjerne enn duer, som oftare blir påkøyrde.

Nord-Korea vil jobbe meir med å lage atomvåpen. Dei vil også teste fleire bomber.

Kjelde: NTB, NRK

Kranglar om retten til felles barnKYPROS: Ei jente blei bortført frå ein barnehage på Kypros i førre veke. Jenta er snart 4 år gammal. Faren hevdar at jenta ikkje blei kidnappa. Han sier han sjølv tok med jenta frå barnehagen. Mora til jenta seier at dette er tull. Foreldra kranglar om kven som har retten til jenta.

Kort fortalt

Foto

: NT

B s

canp

ix

Page 4: NYHENDE PÅ NYNORSK - klartale.no/menu/standard/file/Klart og... · TORSA 2 NOREG 04 .05 .2017 Gir litt pengar kvar Fleire og fleire samlar inn pengar via internett. Slik vil dei

4 KULTUR Redaktør: Gøril HuseKontakt oss: [email protected]

Nyhenda er skrivne av redaksjonen i avisa Klar Tale.

– Kven er du politikar for? – For dei som er opptekne av rettferd i verda, ein trygg økonomi og eit samfunn der vi tek betre vare på kvarandre.

– Kva blir den største utfordringa i valkampen?– Det blir å snakke om det som skjer i framtida. Verda og kloden endrar seg mykje. Det krev at vi tør å tenke langt og stort, med grøne løysingar.

– Kva er det folk flest ikkje veit om deg?– Eg elskar kroppsarbeid og å røre på meg. Eg jobbar også som instruktør i Krønsj. Det er ei ekstra god gruppetrening til musikk. Det gir masse energi til god politikk.

Kristine Lindebø [email protected]

Une Aina Bastholm er partileiar og talsperson for Miljøpartiet Dei Grøne.

MIN POLITIKK

– Vi må ta vare på kvarandre

Foto

: NT

B s

canp

ix

Mor styrer livet hans » Hedi er 25 år gammal, men mor bestemmer alt. No har mora

bestemt at han skal gifte seg med Khedija. Hedi er ikkje like begeistra. Han vel å jobbe mykje slik at han kan bu på hotell. Der møter han dansaren Rim. Filmen «Min arabiske vår» har premiere fredag. Han er tillaten for alle.

Foto

: art

haus

/ F

ilmw

eb.n

o

FILM

KONGEHUSET: Kong Harald og dronning Sonja fyller 80 år. Det skal feirast tysdag og onsdag, skriv nyhendebyrået NTB. Dei får besøk av kongelege frå heile Europa. Det blir også feiring på Slottsplassen i Oslo tysdag. Alle er velkomne, og gjestene skal vinke frå balkongen.

Kongen og dronninga feirar

BURSDAG: Kong Harald og dronning Sonja feirar bursdag.

Foto

: NT

B s

canp

ixFestival på Bahamas feilaFESTIVAL: Tusenvis av folk reiste til øygruppa Bahamas. Dei skulle delta på «Fyre Festival». Festivalen lova luksus, kjendisar, kule festar og bra artistar. Men alt gjekk gale og festivalen blei avlyst. Deltakarane krev over 800 millionar kroner frå festivalen.

Bok for barn om pornoLITTERATUR: Forfattar Gro Dahle lagar barnebok om porno, skriv kanalen NRK. Mange barn finn porno på internett og ser på den. Boka skal forklare at porno ikkje er farleg, men at den gir eit rart bilde av sex. – Vi må snakke med barna om det dei ser på internett, seier Dahle.