4
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix OL: Blir det OL i Oslo i 2022? Her stemmer Framstegspartiet (Frp) om saka. Dei sa nei. Oslo vil ha vinter- OL i 2022. Det kan bli siste gong eit så stort arrangement haldast, meiner forskar. Oslo søkjer om å få arrangere De olympiske leikar (OL) i 2022. Men OL som eit så stort arrangement kan snart ta slutt. Det meiner fyrstelektor Karl- Fredrik Tangen ved Markedshøyskolen. – Det er dyrt og folk er mindre interessert. Land må tole å tape milliardar av kroner på å arrangere OL, seier Tangen til Klar Tale. Kanskje kan vi like godt berre ha verds-mesterskapane (VM) i dei ulike idrettane. – Fotball-VM er jo veldig populært, seier Tangen. Gruppa i Oslo som jobbar med OL-søknaden, meiner at fleire i verda er interesserte i OL no. Stortinget må seie ja til å gi ein garanti på 35 milliardar kroner. Det offentlege må betale 22 milliardar kroner. Partiet Høgre har ikkje bestemt seg. Framstegspartiet (Frp) seier nei. Cecilie Bakken Høstmark [email protected] – Kan bli siste OL i 2022 Les meir på side 2 Ein ny app skal gjere det lett å skjønne kva som er sunt. » Magnus Carlsen skal igjen kjempe om å bli verdsmeister i sjakk mot Vishy Anand. Carlsen vil ikkje spele i Sotsji i Russland. Derfor har han ikkje skrive under på ein kontrakt om kampen. Han må bestemme seg innan 7. september, melder TV 2. » Fredrik Wilmann vann Birkebeiner-rittet på sykkel laurdag. Fleire syklistar i rittet fredagsBirken måtte på legevakta. Syklistane fekk ei lita reklame-flaske med flytande vaskemiddel. Seks trudde det var sportsdrikk, og drakk det. Det skriv nyhendebyrået NTB. Ny frist for Carlsen Drakk vaskemiddel SJAKK SYKLING kort klart & TORSDAG 04.09.2014 NYHENDE PÅ NYNORSK 14

NYHENDE PÅ NYNORSK/files/14_2014.pdf · Les meir på side 2 Ein ny app skal gjere det lett å skjønne kva som er sunt. » Magnus Carlsen skal igjen kjempe om å bli verdsmeister

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: NYHENDE PÅ NYNORSK/files/14_2014.pdf · Les meir på side 2 Ein ny app skal gjere det lett å skjønne kva som er sunt. » Magnus Carlsen skal igjen kjempe om å bli verdsmeister

Foto

: Håk

on M

osvo

ld L

arse

n /

NT

B s

canp

ix

OL: Blir det OL i Oslo i 2022? Her stemmer Framstegspartiet (Frp) om saka. Dei sa nei.

● Oslo vil ha vinter-OL i 2022. Det kan bli siste gong eit så stort arrangement haldast, meiner forskar.

Oslo søkjer om å få arrangere De olympiske leikar (OL) i 2022. Men OL som eit så stort arrangement kan snart ta slutt. Det meiner fyrstelektor Karl-Fredrik Tangen ved Markedshøyskolen.– Det er dyrt og folk er mindre interessert. Land må tole å tape milliardar av kroner på å arrangere OL, seier Tangen til Klar Tale.

Kanskje kan vi like godt berre ha verds-mesterskapane (VM) i dei ulike idrettane. – Fotball-VM er jo veldig populært, seier Tangen.

Gruppa i Oslo som jobbar med OL-søknaden, meiner at fleire i verda er interesserte i OL no. Stortinget må seie ja til å gi ein garanti på 35 milliardar kroner. Det offentlege må betale 22 milliardar kroner. Partiet Høgre har ikkje bestemt seg. Framstegspartiet (Frp) seier nei.

Cecilie Bakken Hø[email protected]

– Kan bli siste OL i 2022

Les meir på side 2

Ein ny app skal gjere det lett å skjønne kva som er sunt.

» Magnus Carlsen skal igjen kjempe om å bli verdsmeister i sjakk mot Vishy Anand. Carlsen vil ikkje spele i Sotsji i Russland. Derfor har han ikkje skrive under på ein kontrakt om kampen. Han må bestemme seg innan 7. september, melder TV 2.

» Fredrik Wilmann vann Birkebeiner-rittet på sykkel laurdag. Fleire syklistar i rittet fredagsBirken måtte på legevakta. Syklistane fekk ei lita reklame-flaske med flytande vaskemiddel. Seks trudde det var sportsdrikk, og drakk det. Det skriv nyhendebyrået NTB.

Ny frist for Carlsen

Drakk vaskemiddel

SJAKK

SYKLING

kortklart& TORSDAG

04.09.2014

NYHENDE PÅ NYNORSK

14

Page 2: NYHENDE PÅ NYNORSK/files/14_2014.pdf · Les meir på side 2 Ein ny app skal gjere det lett å skjønne kva som er sunt. » Magnus Carlsen skal igjen kjempe om å bli verdsmeister

TORSDAG04.09.2014NOREG

Viser sunn mat med app ● Ein ny app viser sunn og

usunn mat med bilete.

– Dei ber deg ete «fem om dagen» av frukt og grønt. Men eg visste ikkje at dei berre meinte to frukt og tre grønsaker, seier Florence Peter Mamu frå Tanzania.

Ho ser på bilete av grønsaker og ei hand som viser tre fingrar. Det tyder at ho bør ete tre grønsaker per dag. Saman med Adnan Aslam frå Pakistan og Magnus Macpherson frå Skottland ser ho ivrig på appen Somah på eit nettbrett.

Dei ser vidare på bilete av sjokolademjølk og juice. Ved

sida av kvar kartong er det stablar med sukkerbitar. – Det er bra at du ser kor mykje sukker det er i det du drikk, seier Aslam.

Forskarar ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HIOA) har laga appen Somah. Den er

gratis. Det er få ord i appen. I staden blir bilete brukt.

Anne Marie Lilleengen er prosjektleiar for Somah. Ho seier at

det kan vere vanskeleg å forstå kva som er sunt når du kjem til Noreg. – Bileta i appen gjer det lettare å peike og vise dersom

innvandraren ikkje snakkar så godt norsk, seier ho.Vesleenga seier at fleire innvandrarar veg for mykje. Fleire slit med sjukdomen diabetes. Det skuldast for mykje sukker i mat og drikke.– Mange innvandrarar veit ikkje kor mykje sukker det er i juicen, seier Lilleengen.

I appen blir også merket nøkkelhol brukt. Det skal vise matvarer som har mindre sukker, salt og feitt. Vesleenga og dei andre i prosjektet skal no diskutere om appen kan utviklast vidare. No fungerer den berre på Ipad.

Cecilie Bakken Hø[email protected]

APP: Florence Peter Mamu (til høgre) ser på appen Somah saman med Adnan Aslam (i midten) og Magnus Macpherson (til venstre). Appen viser med bilete kva som er sunnast å ete.

Foto: Cecilie Bakken Høstmark / Klar Tale

OPPGÅVA

Page 3: NYHENDE PÅ NYNORSK/files/14_2014.pdf · Les meir på side 2 Ein ny app skal gjere det lett å skjønne kva som er sunt. » Magnus Carlsen skal igjen kjempe om å bli verdsmeister

TORSDAG04.09.2014VERDA

FLOM: Regn skapte store vansker for folk i Danmark og Sverige. Biletet er frå Malmø i Sverige.

Foto: Stig-Åke Jönsson / TT / NTB scanpix

● 57 år gammal, ny president i Den europeiske union (EU). Tusk er statsminister i Polen. Laurdag blei han vald som ny president i EU. Fleire har kritisert Tusk fordi han berre snakkar polsk. Tusk seier han skal lære seg engelsk før desember i år.

NAMN I NYHENDADONALD TUSK

Truslar frå Putin og Russland » Russland sin president

Vladimir Putin skal ha truga med å ta makta over Kiev. Det er Ukrainas hovudstad. Det skal ha skjedd då han snakka i telefonen med José Manuel Barroso. Barroso er president for kommisjonen til Den europeiske union (EU). Barroso snakka med Putin om

at russiske soldatar har gått inn i Ukraina. Då skal Putin ha svart at «dersom eg vil, kan eg ta Kiev på to veker». Det skriv den italienske avisa La Repubblica.

Mellom 10.000 og 15.000 russiske soldatar er sende til Ukraina. Det seier den russiske støttegruppa

Soldatmødrene. Dei fyrste soldatane kom for to månader sidan. Fleire hundre av dei er truleg blitt drepe i kampar, ifølgje Soldatmødrene. Russiske styresmakter nektar for at dei har sendt soldatar til Ukraina.

Cathrine Kahrs [email protected]

UKRAINA

» Sist helg kom det store mengder regn i Danmark og Sverige. Ei kvinne heldt på å drukne. Det kom masse vatn inn i heisen der ho budde. Vatnet kom opp til brystet hennar før ho klarte å kome seg ut. Det skjedde i Malmö i Sverige. Nokon blei sperra inne i bilen sin av vatnet. Måndag var fleire vegar og toglinjer framleis stengde, skriv nyhendebyrået NTB.

Kjempa for livetSVERIGE

» Over 20.000 menneske kan bli smitta av viruset ebola i Vest-Afrika. Det seier Verdens helse-organisasjon (WHO). For fyrste gong er smitten oppdaga i Senegal.

Ebola spreier segAFRIKA

» Terrorgruppa Den islamske staten (IS) har halshogt ein ny journalist. Ein video skal vise drapet på Steven Sotloff, melder nyhendebyrået Reuters. I august halshogde IS journalisten James Foley. IS truar også med å drepe ein hjelpearbeidar frå Storbritannia.

Halshogde ny journalistIRAK

» Over 100.000 flyktningar har kome med båt til Italia i år. Minst 1.800 har drukna på vegen. Mange kjem frå land i Nord-Afrika og i Midtøsten. Norske skip i Middelhavet har redda minst 1.000 flyktningar i år. Det melder kanalen NRK.

Redda av norske skipITALIA

DRAP: Ein ny video skal

vise drapet på Steven Sotloff

Foto: NTB scanpix

Foto: Reuters / NTB scanpix

Page 4: NYHENDE PÅ NYNORSK/files/14_2014.pdf · Les meir på side 2 Ein ny app skal gjere det lett å skjønne kva som er sunt. » Magnus Carlsen skal igjen kjempe om å bli verdsmeister

Ansvarleg redaktør: Kristin S. BratlieKontakt oss: [email protected]

Nyhenda er omsette frå lettlest-avisa Klar Tale.

– Kva er ditt favorittord?– «Frost».

– Kvifor liker du dette ordet så godt?– Det kilar litt i magen både når eg seier og skriv det.

– Kva ord liker du ikkje? – «Blasert». Det er noko eg håper eg aldri blir. Eg vil alltid kjempe for å behalde gleda, mystikken og til og med nervøsiteten eg kjenner.

– Kva er eit typisk musikarord?– Eg har aldri studert musikk. Men eitt ord kan eg og bruker mykje: «jamme». Det er gøy å spele fritt og jamme fram tema og melodiar.

– Kva ord bruker du for å skildre deg sjølv?– «Vimsete», «følsam», «melankolsk», «tullete» og «ærleg».

Anders Killerud, 24 år, vokalist i bandet Ludvig Moon. Dei slepp debutplata si 12. september. I haust skal dei også turnere med bandet Team Me.

Foto: Kam

illa Kvam

me

Kiler i magen

MITT ORD

Tilbake til den syndige byen » Endeleg får vi sjå kva som skjer vidare i «Sin City». Den førre

filmen kom i 2005. Igjen blir vi tekne med til fantasibyen Basin City. Der er alt mørkt, syndig og kriminelt. Filmane om Sin City er laga etter ein populær teikneserie av Frank Miller. Han er også regissør for filmen, saman med Robert Rodriguez. «Sin City: A Dame to Kill for» passar for dei over 15 år. Filmen har premiere fredag. Foto: SF Norge

‘‘

KRITIKK: Kringkastingsrådet snakkar om saker som gjeld NRK. I førre veke var Gaza-krigen tema.

Foto: NTB scanpix

KULTUR

» Kronprinsesse Mette-Marit har opna konto på bilete-tenesta Instagram. Ho la ut eit bilete ho hadde teke av seg sjølv. Kronprinsessa skrytar av den varme genseren sin, og ber andre leggje ut bilete av klede dei elskar. Det skriv avisa VG.

Mette-Marit på InstagramKONGELEGE

» Kringkastingsrådet snakka i førre veke om korleis kanalen NRK hadde dekt Gaza-krigen. I starten prøvde partane å påverke med meiningane sine. Då klarte ikkje kanalen å skilje godt nok på kva som var faktum. Men det blei betre etter kvart, meiner rådet. Dei meiner at NRK ikkje var kritisk nok til rolla den palestinske gruppa Hamas hadde i konflikten.

NRK fekk kritikkTV

» Filminga av «Star Wars Episode VII» er i gong igjen. Den måtte stansast då skodespelar Harrison Ford braut foten tidlegare i sommar. Filmen kjem på kino i desember neste år.

«Star Wars» i gong igjenFILM